Arnafjord kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk

Anne Marta Hoff


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.

Arnafjord kyrkje
FylkeSogn og Fjordane
KommuneVik
ProstiYtre Sogn
BispedømmeBjørgvin
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater61.022358072921,6.3846025963842
FellesrådVik kyrkjelege fellesråd
Kirke-id141700301
Soknekatalognr7100201
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Innhold

Bakgrunn

Den første kyrkja ein kjenner i Arnafjord var ei trekyrkje som låg på garden Flæte. I 1645 vart kyrkjestaden flytta til garden Nese der det vart sett opp ei tømmerkyrkje. Etter Bendixen vart dagens kyrkje «udvidet og ombygget» i 1880. Kyrkja vart i røynda nybygd, men mykje av den gamle materialen vart oppattbrukt. Eigen prest er nemnd i Bjørgvin kalvskinn i første halvdel av 1300-talet.[1] I 1411 er soknet nemnt i diplomatariet.[2]

Kyrkja på Flæte

Kyrkja som stod på ein voll på garden, må ha vore ei stavkyrkje, i alle fall var det ei trekyrkje frå mellomalderen, og denne vart ståande fram til den nye kyrkja var oppført. Frå kyrkjestaden på Flæte går det ei bratt skråning ned mot elva. Kyrkjegarden følgde kanten av vollen på tre sider.

Bendixen, som dokumenterte kyrkjene i heile Bergenhus Amt kring 1900, omtalar ei innskrift over altaret i tømmerkyrkja på Nese som han kjenner frå eit manuskript frå Neumann og Dahl. Innskrifta fortel at kyrkja vart flytta frå Flæte til Nese i 1645. At det var kyrkjestaden og ikkje sjølve bygningen som vart flytta, går fram av det korte tidsrommet frå siste gudsteneste i gamlekyrkja til første i den nye. Det var berre om lag ei veke mellom.[3]

Bendixen gjev att innskrifta slik etter Neumann og Dahl:

En innskripsjon malt over altertavlen viste at den var flyttet fra gården Flete, hvor gudstjenesten siste gang var holdt Domini oculi i 1645 og første gang holdt messe her på Maria bebudelsesdag samme år da Ludvig Munthe var biskop, Erik Leganger prost og Knud Christophersen Glad sogneprest i Vik.[4]

Altarplata frå stavkyrkja var etter Bendixen av gråstein, 1,17 m lang og 0,81 m brei, med relikviegøyme, 14 x 12cm, i 23 cm avstand frå den fremste langsida. Steinen var 7 til 7,5 cm tjukk. Nedsenkinga for relikviet hadde avsats for lok, og var gjennombora.[5] Denne er no på Sogn Folkemuseum – De Heibergske samlinger.

Det er ikkje bevart rekneskapar for den tida kyrkja stod på Flæte.


Kyrkje på Nese 1645 – 1880

Bygningen

Den kyrkja som vart oppført på Nese i 1645 var ein tømmerbygning med rektangulært skip og lægre og smalare kor som var rett avslutta. Framfor inngangen i vest var det eit tårn med skriftekammer på ei side, truleg på sørsida, og materialhus eller reiskapsbu på hi sida. Framfor tårnet var det eit lite vindfang. Som ved mange andre kyrkjer var det bygt ein sval på nordsida av kyrkja til oppbevaring av stegane.

Kyrkja var etter synfaringa i 1686 ein tømmerbygning. Koret var ni alner langt og like breitt, skipet var 15 alner langt og 13,5 alner breitt og veggene gjekk inn under tårnet.

I synfaring 1709 vert det meldt at kyrkja er ein god tømmerbygning, nett pannetekt. Ho har ein lang svale til stegehus, og tårnet er bygt opp frå grunnen, med eit materialhus på den eine sida og skriftekammer på den andre. Innvendes er kyrkja pryda med kvelving og måling.[6]

Ved synfaringa i 1721 er Arnafjord kyrkje framleis ei god tømmerkyrkje, med støpultårn bygt opp frå grunnen. Under tårnet er eit skriftekammer på eine sida, og eit materialhus på den andre. Kyrkja er pannetekt. Inni er ho kvelva og «smuch mahlet». Det trengst litt vedlikehald på kjølar og vindskier. Måla skil seg som vanleg litt frå måla frå 1686. Koret er ni alner langt og ti alner breitt, skipet 17 alner langt og 15 breitt, og materialhuset, står det, er fem alner i kvadrat (?).[7]

Det skjedde ein del endringar med kyrkja i det tidsrommet som er dekt av kyrkjerekneskapane 1667 – 1723.

Det har vore problem med vasstilsig kring kyrkja, og rekneskapane har fleire meldingar om at det er greve veiter kring bygningen. Dei siste rekneskapsåra vart dette gjort årleg. Muren under kyrkja vart utpinna i 1667-69. I 1702-1704 vart det i samband med utgraving av veita mura under svillen rundt kyrkja med stein. Neste rekneskapsperiode fortel at veita er kledd med tynne steinheller, svalen på nordsida er heva («opweyet») og det er laga ny sole under, sameleis er golvet i koret heva og muren under koret er utbetra.

Ved synfaringa i 1661-65 vart det peikt på einskilde ting som burde gjerast i kyrkja. Det vart bestemt at det skulle setjast inn to nye vindauge på nordsida i kyrkja, eitt i koret og eitt i skipet, og eit tredje i det vestre brystet. Framfor kordøra skulle det lagast eit lite vindfang. Døra til våpenhuset skulle utstyrast med lås for at ingen «vden forloff Schall ringe Klocherne, eller Aabne Kirchens gulff».

Kyrkja hadde frå først av tak av bord som vart tjørebredd. Rekneskapane fortel om tjørebreing av taket frå tid til annan. I 1678-79 vart det sett opp to fløyar «paa huer ende af kirchens tag». Kyrkja fekk pannetak i 1699-1701.

Då kyrkja vart bygd, hadde ho flat lem over kor og skip. 45 år seinare hadde borda sege frå einannan og det fall skit og rusk ned på kyrkjelyden. Når ein då først skulle ta att lemen, vart det vedteke at ein like gjerne kunne laga tønnekvelv både over koret og skipet. Ein valde ut tjukke, breie bord til bøylar over koret og hogne krumme tre til bøylar over skipet, og himlingane vart laga av 13 ½ tylft gode bord (rekneskap 1690 – 92).

Ein koparhane til tårnspissen vart kjøpt i 1678-79, men like etter, i 1680-81, tok stormen tårnhjelmen. Det vart, i 1682, løyvt pengar «paa høye Øffrigheds behag», saman med det kyrkja hadde samla saman, til ombudsmannen som fekk ansvar for å byggja opp att tårnet. Vindfanget framfor den vestre kyrkjedøra var til nedfalls og var bygt opp at med to nye kne i 1717-1719.

Skriftekammeret som låg under tårnet, truleg på sørsida, var opphavleg ope mot resten av tårnfoten. I 1673 vart det panelt inn og det vart lagt nye bjelkar og lem over. Rekneskapsbolken etter er det også utgiftsført nytt golv i kammeret med bjelkar under. Det ser også ut for at ein del av golvet vart fornya i 1687-89. I 1673 vart det betalt for to små, nye vindauge. Kammeret fekk samstundes nytt inventar med «sakristiestoll» (skriftestol?) og fotskammel.

Over inngangen «nederst udi kirchen» vart det laga ein lem til ungdommen i 1690-92. Under den nybygde lemen, vart det i 1693-95 laga ein ny innebygd stad for dåpen, ein «fundt», og ei ny vindaugsopning vart teken ut her. Samstundes vart det laga panelverk på lemen.

I tillegg til stegesvalen på nordsida av kyrkja nemner rekneskapane «det nederste braadhus», venteleg til utstyret til tjørebreing.

Interiør

Etter at det vart laga tønnekvelvar i kor og skip og ein lem for ungdommen nedst i kyrkja, vart alt dette nye måla i 1690-92. Innvendes vart det i 1686 meldt at kyrkja var måla og «vel ornerit».

Bendixen gjev att to innskrifter i skriftekammeret etter Neumann og Dahl:

En innskrift fortalte at den [kirken] i stattholder Gyldenløves, Biskop Randulfs og prost Iver Eriksen Legangers tid, var blitt hvelvet og malt. En tredje innskrift i skriftekammeret viste at kirken var malt på prost Iver Eriksen Legangers bekostning i 1678 i kansler Jens Bjelkes, Fredrik Marschalks og biskopp Randulfs tid.[8]

Inventar

Kjeldene gjev også ulike opplysningar om inventaret i kyrkja. Rekneskapane har ei interessant opplysning i 1696-98 der det heiter at ein har skaffa ei jarnlekkje som krona over altaret heng i. Dersom dette ikkje er feilskrive for preikestolen, er det uvanleg. I 1687-89 vart altartavla vølt. I staden for «de forslidne bogstaffwer» vart det måla to små «støcker». Også i rekneskapsbolken etter, i 1690-92, er det det nemnt at den gamle altartavla «som aff lysenes røg og daglig støff» var svart og øydelagd, hadde vorte forbetra med to måla «støcher». Altarringen fekk rekkverk av dreia balustrar i same perioden.

I veggen bak preikestolen skulle ein etter synfaringa i 1661 – 65 hogga litt større opning slik at det kunne bli ein skikkeleg oppgang.

Det har vore benker i kyrkja før rekneskapane tek til, men det kan sjå ut som dette ikkje var faste, like benker slik som no, men at sitjeplassane kom og vart endra etter kvart. Ordet ‘stol’ vert brukt om ein innebygd benk. Tre av kvinnestolane fekk nye benker og det vart laga ein ny stol i 1684-86. I 1705-1707 vart seks mannfolkstolar panelte og det vart laga fem nye stolar med hengsler til. Samstundes vart det laga ein ny stol på kvinnfolksida med dør og hengsler til og ein stol i koret vart vølt. I 1708-1710 vart det laga tre nye stolar i kyrkja, og i 1711-13 vart fire mannfolkstolar vølte. Klokkarstolen fekk nytt golv og ny dør samstundes.

I synfaringa 1661 – 65 er det nemnt eit pulpitur «offuer Prædichestoelen», kanskje skal det lesast som «ovenfor». Her skal det lagast nye sete og luker med to hasper slik at lukene kan opnast og latast att ved behov.[9]

Kalken og disken vart gylte i 1671. Til kalken høyrde eit tørkle som er nemnt i fleire av inventarlistene.

Bekkenet i døypefonten var banka djupare av ein koparslagar i 1667-69. I 1696-98 vart det laga ein fot under bekkenet, det som no vert kalla døypefont.

Ein av massinglysestakane i kyrkja vart vølt av rotgytaren og fekk to nye armar i 1670. I 1696-98 laga rotgytaren to altarstakar. Han brukte den malmen som var i tidlegare lysestakar samen med ny malm. I den første inventarlista frå 1678 er det nemnt ei massing lysekrone med seks armar og to doble massinglysestakar, det er også nemnt ei lyssaks. Ei ny, lita massing lysekrone med fire armar er kommen til i inventarlista frå 1711.

Ulike parament er nemnde i rekneskapar og inventarlister. I tillegg til kalkduken som er nemnt ovafor, var det ein messehakel og to messeserkar i inventarlista frå 1678. Messehakelen hadde då etter rekneskapane nett fått ei fornying med 18 alner gullsnorer. Lista nemner også ein handduk som høyrde til dåpsfatet, eit altarklede, seinare er det presisert at altarkledet er av blått lin, og ein liten og ein stor lerrets altarduk. Ein ny altarduk med kniplingar kring vart laga i 1722 og er innført i lista frå 1723. Sameleis har kyrkja då fått ein ny, påkosta messehakel av raud fløyel med kross av blått fløyel og kanta med gullposement. Denne er mest sannsynleg framleis i kyrkja (messehakel a). Materialane til messehakelen er gjort detaljert greie for i rekneskapen: det er vel sju alner raud fløyel, ein alen blått fløyel, 21 alner gullposement som vog 11 lodd. Til fôr vart brukt sju alner raud dreiel, litt raud og litt brandgul silke var kjøpt inn, og hakelen hadde mellomfôr av fire alner svart lerret. Også den nye altarduken finst det rekneskap for.

Etter inventarlista frå 1678 hadde kyrkja to klokker i tårnet og ei lita handklokke ved skriftekammeret, i 1702 er denne klokka kalla ‘tintunabulum’.

Til innsamling av pengar var det i 1678 ei fattig-tavle og ei fattig-bøsse som var festa til kordøra.

Eit kråskap vart laga i koret i 1693-95 til å ha messekleda i, dette vart sida måla. Inventarlista frå 1711 nemner også ei kiste til ornamenternes forvaring.

Inventar på museum

På Universitetsmuseet i Bergen finst to rikt forma, firkanta dørbeslag. Desse har opphavleg vore i kyrkja på Flæte, men har vore flytta over til kyrkja på Nese.

Etter Bendixen fann Neumann ei tavle, truleg eit frontale, på loftet i Arnafjord kyrkje som i si tid skulle vera kommen frå mellomalderkyrkja. Han beskriv tavla slik:

I 4 felter fremstilte den mirakelscener efter legender, i hvilke Marias underkraft viste sig på syke. Tavlen blev av kirkeeieren, presten Hans Daae (i Bergen) i 1826 skjenket til museet, men på grunn av slett innpakning så godt som ødelagt av vann underveis.[10]

Det er bevart ein prosesjonsstav på museet, med ein forgylt engel. Denne vart også sendt inn i 1826.


Kyrkja frå 1880

Kyrkja på Nese som vart vigsla 21. oktober 1880, er ei einskipa langkyrkje av tre. Framfor vestveggen står eit tårn med ein breiare inngangsdel i dei to nedre høgdene, og kyrkja har eit rett avslutta kor i aust. På sørsida i hjørnet mellom kor og skip står det opphavlege sakristiet. Aust for koret er det i ettertid sett til eit nytt sakristi med bårerom i kjellaren.

Over fleire år vart det drøfta korleis ein skulle møta kravet om ein større kyrkjebygning. Eitt av spørsmåla som var oppe, var om kyrkjebygningen skulle stå på same tufta som den gamle. Det andre, som hang saman med dette, var om ein skulle byggja nytt eller utvida den gamle kyrkja. Dersom ein hadde valt det siste, var planen å gjera bygningen høgre enn han hadde vore tidlegare, å innlemma forhallen eller våpenhuset i skipet og å byggja eit nytt tårn framfor bygningen i vest. Ein hadde heile tida hatt problem med fukt under den gamle kyrkja, og dette vart truleg avgjerande for at ein valde å flytta kyrkja noko mot sør og aust. Arnafjord fekk såleis ei ny kyrkje der ein gjorde seg bruk av mykje av materialen frå den gamle.

I jubileumsheftet som vart laga i samband med 100-årsjubileet i 1980, vert det fortalt at veggene i kyrkja, opp til underkant av vindauga, vart lafta opp av tømmer frå gamlekyrkja. Ein vende stokkane slik at innsida med dekorativ måling vart ståande ut. Andre stader der ein kan sjå material frå den førre kyrkja, er i kjellaren under koret der takbjelkar er nytta opp att som golvbjelkar, i tårnet og i taket.

Kyrkja vart oppført etter teikningar av Johannes Gjertsen frå Sogndal med Korsvoll som byggjeleiar.[11]

Bygningen

Vegger

Veggene i skip og kor er lafta, til dels med materiale frå den førre kyrkja. Langveggene i skipet er inndelte i fem felt ved hjelp av ytre og indre opplengjer som er festa til veggen med skruar og mutrar. Gavlveggene i skipet er lafta opp til himlingshøgd. Veggene frå koret er lafta gjennom austveggen i skipet.

Dei tre faga i midten i skipet har store vindauge, galleriet går nesten fram til andre opplengjepar frå vest. I vestveggen er det døropningar sentralt i to høgder.

Veggene i koret er utan opplengjer. Det er døropning i sør til det opphavlege sakristiet og i aust til tilbygget. Nordveggen i koret har eit stort vindauge og sørveggen eit lite, høgtstilt vindauge.

Veggene er avslutta med fotlist mot golvet og med list med holkil under ei list med naglehovudornament oppe under himlingane.

Veggen i det opphavlege sakristiet er kledd med liggjande faspanel og er truleg av bindingsverk. Det har vindauge mot sør og dør mot aust.

Utvendes er veggene i kyrkja kledde med liggjande, glattkanta panel og kvitmåla.

Dører

Dørene i kyrkja er mest opphavlege fyllingsdører med fire fyllingar. I vest er det tre fløydører, vest i våpenhuset, vest i skipet og vest på galleriet. Ei enkel dør fører frå koret til det opphavlege sakristiet og ei vidare ut på kyrkjegarden i aust. Døra i austveggen i koret er kopi av dei opphavlege. Dørene har opphavlege dørvridarar, nøkkelskilt og hengsler. Geriktene er flate med fas på begge sider. Sidegeriktene går opp over ramma og endar i urneforma profil.

Korskiljet

Koret opnar seg i full breidde og mest full høgde mot skipet. Ein korboge av profilert listverk i slak kløverbladform avgrensar opninga. Korgolvet ligg tre steg høgre enn golvet i skipet, ei trapp fører frå midtgangen opp i koret og denne er flankert av brystningar med tre kløverbladforma felt på kvar side.

Vindauge

Vindauga har rektangulær form og er inndelte med tre postar i fire i breidda og med sprosser i to (sør i koret) tre (på gallerigangen) og sju (dei store vindauga) i høgda. Den øvste rekkja med ruter er sette inn i utforma trerammer som dannar kløverbladbogar med knuppar nede og i bladhjørna. Innvendes er geriktene som på dørene, flate med fas og med oppstikkande, sveifa sidegerikter. Utvendes har dei ei stram utforming med rett øvre avslutting, flate, fasa gerikter og under undergerikten har sidegeriktene eit framhald i sveifa, spissa ornament.

Ved restaureringa i 1962-63 vart det sett inn vareglas i kyrkjerommet. Desse er inndelte i små ruter av farga katedralglas lagt i bly. Fire ruter tilsvarar ei rute i dei opphavlege vindauga. Vareglasa er feste til karmen med ei list innafrå, noko som gjer vedlikehald vanskeleg.

Golv og fundament

På det gamle bordgolvet vart det i 1962-63 lagt eit belegg, Tapiflex, som skulle vera isolerande, vedlikehaldsfritt og lett å halda reint. Bjørn Kaland, som var konsulent for restaureringa, rådde frå dette og meinte ein burde isolera golvet frå undersida, slipa det og lakka med matt lakk.[12] Den lokale restaureringsnemnda valde likevel denne løysinga.

Fundamentet er av stein.

Tak

Kyrkja hadde svart eller «blått» pannetak fram til 1915-16, då vart det tekt med skifer.[13]

Saltaket over skipet har fire sperreband med sperrer, saksesperrer og hengebjelke som grip som tang omkring bindbjelkar på tvers av rommet. På sperrene ligg åsar som ber ståande bord, over- og underliggjande, mykje av det er oppattbrukt materiale frå den førre kyrkja. Bordtaket ber rekter og lekter som feste for lappskifer. Borda i taket har tjørerestar. Eit bord i vest har dekorativ måling. Sperrebanda korresponderer ikkje med opplengjene i veggene.

Himlingar

Himlingane i skip og kor er gavlforma og følgjer saksesperrene opp til krysset. Koret har ein bindbjelke og hengebjelke i vest. Himlingane har ståande panel og er isolerte med eit tynt lag mineralull på oppsida.

Tårn

Tårnet har ein nedre inngangsdel over to høgder. Over andre og nedste del av tredje høgd er inngangsdelen dekt av saltak som held fram som pulttak på sidene. I inngangsdelen står dei to vestre tårnstavane fritt i rommet, medan dei austre står inntil tømmerveggen vest i kyrkja. Dei tre andre veggene i inngangsdelen er bindingsverksvegger. Frå tredje høgd står dei fire stolpane i hjørna på tårnet frå det nivået der pultaka over sidene på inngangsdelen er knytte til tårnet. Her er det eit lagerrom, og øvst, i fjerde høgd, er det klokkerom. Stolpane er avstiva med kryssband, og losholtar som dels utgjer rammer i etasjeskilja. Utafor desse ligg det opplengjer og kryssband, dels som avstiving, dels som feste for ytre panel. Under den øvre ramma i tårnet ligg ei mindre ramme som oppheng for klokkene. Skjørt, lanternin og inntrekt åttekanta hjelm kviler på den øvste ramma i tårnet.

I klokkerommet er det hengsla luker, to mot vest, ei mot nord og ei mot sør. I aust er det to mindre luker som kan hektast av, ei på kvar side av mønet over skipet. Det er også ei luke i aust til loftet over skipet. I lanterninen er det også luker i veggene.

I våpenhuset i første høgd og på orgelgangen i andre høgd er romma innreidde med brei, ståande staffpanel. Oppgang til andre høgd via trapp på sørsida, frå aust.

Veggene i dei to første høgdene i tårnet har brei staffpanel.

Våpenhuset har fløydør mot vest, i vestveggen i skipet er det fløydører i første og andre høgd. Over inngangen i vest er det eit overbygg i form av eit lite saltak støtta med fire stolpar. Vest i inngangsdelen er det vindauge på orgelgangen og eit mindre i mønet over. Det er også eit vindauge sør i våpenhuset.

Tilbygg

I 1968 vart det oppført eit tilbygg aust for koret med nytt sakristi kombinert med rom for dåpsfølgje, gang og toalett. I kjellaren under tilbygget vart det laga toalett og bårerom. Arkitektar for tilbygget var Olav og Jon Vikøren, Vik.[14]

Veggene i tilbygget er av bindingsverk, kledd med plater innvendes, utvendes med liggjande panel som kyrkja elles. Saltak tekt med lappheller som kyrkja elles. Innvendige dører er glatte, ut mot sør er det ei dør, truleg av teak, med smale, runda ståande panel. Nedre del på begge sider er dekt av metallplate. Vinyl på golvet. Støypt kjellar.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Arnafjord kyrkje har eit tradisjonelt interiør med altar med altartavle sentralt aust i koret og med altarring framfor. Døypefonten står nord i koropninga og preikestolen på sørhjørnet mellom kor og skip. Ved langveggene i koret står enkle benker. Mot korveggen står eit harmonium på nordsida, på sørsida heng eit skåp og to maleri. Skipet har benkeparti på begge sider av ein brei midtgang. Benkene går inn til langveggene og fyller lengda i skipet. Vest i skipet er det eit breitt tverrgalleri med orgel.

Det vart sett inn ein omn i kyrkja i 1899, på nordsida av midtgangen. Den femte benken framafrå vart då avsaga på midten.[15]

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Kyrkja vart restaurert i 1962-63, etter plan av Bjørn Kaland. Det vart sett inn katedralglass som indre vareglas i vindauga, interiøret vart måla, preikestolen gjort lægre. Benkene vart vølte og måla, galleriet vart vølt, det kom lampettar på galleriet og i skipet. Omnen i skipet vart teken vekk og det vart lagt inn elektrisk oppvarmingsanlegg, på golvet vart det lagt golvpapp med plater ovanpå og eit vinylgolv, Tapifleks, øvst.[16] Vatn vart lagt inn i 1968.[17]

Fargar

Interiørmåling frå 1600-talskyrkja finst på fleire stader. [...]

Då Bendixen var i kyrkja kring 1900, skreiv han at det var kvitt tak, lys fiolette vegger med mørkare brei rand, gule veggstøtter, mørkt gult bjelkeverk, medan stolane var lyse i same farge, etter nedkanten av taket og i alle hjørne var det måla ein rankefrise. På eldre fotografi kan ein også sjå denne rankefrisen over korbogen. Preikestolen var gul med brune mellomstykke og kvite felt.

Kyrkjerommet har no lyst varmgrå vegger. Det av takkonstruksjonen som er synleg er noko mørkare grått og himlingane er måla i broten kvitfarge. I kordelen har altarring, korskilje, altartavle og preikestol okergule rammer med innslag av blått, kvitt, gull, olivengrønt og grønbrunt. Brystninga på galleriet er lyst grøn med raudbrune staffar og listverk og varmgrå fyllingar. Golvet er dekt med ein grågrøn vinyl og i midtgangen fram til altarringen ligg eit lyst grått teppe. Benkene er lyst grøne med grøne benkeputer.

Restaurering 1962

I kyrkja er det oppbevart ein del arkivmateriale knytt til restaureringa. Målet vart fastsett i eit møte i den nyoppnemnde nemnda 5.9.1962. Ein ville få lagt inn lys og varme, isolert himlingane ovanpå, golvet i skip og kor skulle dekkast med Tapifleks. Det skulle vidare setjast inn varevindauge med katedralglas og under galleriet skulle det kledast. Kyrkja vart måla innvendes etter ein plan utarbeidd Bjørn Kaland, Bergen. Kaland kommenterte restaureringsplanane slik i brev dagsett 25.021963: Han gjer framlegg om at ein i staden for katedralglas nyttar klårt glas i ei ekstra ramme så tett inntil den gamle som råd og at ein fører det nye glaset berre opp til den øvste ruterada. Hans framlegg til fargar inneber olja og lakka golv og luta vegger.

Også Riksantikvaren ved St. Tschudi Madsen gjekk i brev 28.0263 inn for Kaland sitt syn på golvet.

Inventar

[...]

Altar

Kassealtar med dør til skåp på baksida. Framsida og kortsidene har ramme med opningar i slak kløverbladboge, to framme og ein på kvar side, kledde med liggjande bord innvendes. Bordplata er profilert under kanten.

Altartavle

a) Altarkross, heng no over korbogen mot skipet. Då altartavla vart skaffa, vart krossen plassert på galleriet. I 1972 vart han hengd opp over korbogen.[18]

b) Den nye altartavla vart kjøpt i 1907. Måleriet er måla i oljemåling av Eivind Nielsen. Det er ein kopi etter A. Tidemands altarbilete i Trefoldighetskyrkja i Oslo. Eivind Nielsen laga også teikningar til ramme for måleriet som vart laga av byggmeister John Hove i Vik.[19]

Altarring

Altarringen vart endra noko i 1964.[20] No har han fem sider og er open på begge sider av altaret. Golvet ligg eit steg høgre enn korgolvet. Knefallet er stoppa og trekt med skinn. Balustrade med tynne pillarar som ber kløverforma bogar. Flat handlist og indre hylle for særkalkar.

Døypefont

Døypefonten har flat, sekssida kum med profilerte sider og med opning på oversida for dåpsfatet. Skaftet er forma som ein liten balustrade med tre sider og ei kløverbladopning til kvar side, skilde med pillarar. Pilarane kviler på ein tredelt sokkel/fot bygd opp av kraftig listverk med holkil og vulst.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fem sider av ei sekssida grunnform. Kvart fag har ein kløverboge utvendes kledd innvendes med ståande bord. Hjørna er markerte med sveifa, tverrstilte bord. Flat handlist. Nede er felta avslutta mot profilert list over hengebord med små gjennomskjeringar i krossmønster. Stolen står på ein fot av seks radiært stilte, sveifa bord. Handlista og lesebrettet er trekte med raud fløyel og gullfrynser. Oppgangen går frå koret opp via ei trapp med fire steg der det frå det tredje steget er gelender med spissboga opning på begge sider.

Lesepult

Lesepult av smijarn. Krossforma fot og skrått lesebrett bore av ei stang med høgderegulering. Framme på stanga er det festa eit kristusmonogram (chi og jota).

Benker

Kyrkja har opphavlege benker som går frå midtgangen inn til tømmerveggen. Dei har vange mot midtgangen. Vangane svingar opp over benkeryggane der og endar i kløverbladform. Nede har vangane ei gjennomskoren firpassform. Ryggen har eitt ryggbord i overkant, til denne er festa ei salmebokhylle på baksida. Setefjølene er understøtta av sarg. Eit støttebord er sett inn mellom nedre del av vangen og veggen.

Galleri

Det breie tverrgalleriet vest i kyrkja kviler på ein galleribjelke som er lagt opp i langeveggene og støtta av to stolpar ved midtgangen. Elles kviler det på opplengjer og vegger. Gallerifronten har slakt kløverbladforma felt som er dekte på baksida med ståande panelbord. Flat handlist over profil. Golvet på galleriet er avtrappa i fem steg på siden og her er det plassert benker av same slag som i skipet. I midtpartiet er dei fire nedre stega avflata i høgde med midtsteget og gjev plass for orgel. Golvborda er lagde i breidderetning. Baksida av fronten har brei staffpanel og flat handlist.

Måleri

To eldre måleri i ei ramme. Det har vore vist til opplysning i rekneskapane som fortel at målinga på altartavla i førre kyrkje var sleten og vart overmåla med to bilete i … Dette kan vera dei måleria som finst i kyrkja i dal

a) Måla med olje på lerret. Motivet er Kristi himmelfart. I den øvre halvdelen av biletet er Kristus vist ståande i ein gyllen himmel med øvre del løynt av ei mørk sky. Nedre del er mørkare, og viser åtte menn, truleg læresveinar, som ser og peikar opp mot Kristus, samstundes som nokre av hendene viser til det opne feltet på bakken mellom dei der fotspora til den himmelfarne står att. Det kan liggja eit anna måleri under det noverande.

b) Olje på lerret. Motiv: Oppstoda. Kristus er vist i lysande mandorla mot mørk bakgrunn oppe til venstre for midten av biletet. Under han tre romerske vaktmenn. Til høgre i biletet kjem tre kvinner med kalkforma beger for å salva den døde. Bak dei viser Jerusalem og Golgata med tre tomme krossar.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

a) Altarduk i tynt linlerret med 14 cm brei brodert rankebord av naturfarga snor festa til tøyet med knappholssting i raudt. Bendixen skreiv om denne duken då han var i kyrkja kring 1900.

b) Duk av bomullslerret, skøytt etter midten, med kjøpt bomullsblonde festa til tre sider. Kanskje ein eldre vareduk.

c) Altarduk av aida-stoff med hardangersaumbord med krossar og kalkar, merkt 1920.

d) Altarduk av lin med 16 cm brei bord i svartsaum og austmannarenning på tre av sidene. Motivet i svartsaumborda er druer og aks og små krossar. Sentralt framme har borda to duer som flankerer ein større kross. Over svartsaumen er det brodert små stjerner. Duken er merkt 1959 på den fjerde sida. På bordplata ligg ein dreiels linduk som vareduk.

Altarklede

Bendixen omtalar eit enkelt raudt altarklede ca. 1900.

Messehaklar

a) Messehakel, truleg frå 1722. Brei skjoldforma av raud fløyel, kanta med gullband. Det same bandet rammar inn ein heildekkande applikert kross av silke på ryggsida. Silkestoffet er no kvitt, men kan ha vore lyst blått. Framme har hakelen splitt frå halsen, kanta med eit smalare gullband. Halsen er kanta med fløyel. Fôret er eit raudleg toskafts linstoff, og kan ikkje vera den raude dreielen som rekneskapen for 1722 nemner. Framsida er 95 cm høg, ryggsida 115 cm. Hakelen er 68 cm brei ved skuldrene.

b) Messehakel, skjoldforma, truleg frå kring 1900, i djup, vinraud fløyel med kanting av 2,8 cm breitt gullband. Det er truleg denne hakelen som vert omtalt som ny i Bendixens manus. På framsida er det ein kross i brysthøgd, 23 cm høg, av det same bandet. Ryggsida har større kross av bandet lagt dobbelt. Fôret er av lyst gyllenrauleg bomullssateng, falma mot gyllent på sidene. Hakelen er festa med tre hekter på venstre skulder. Høgde 87 og 100 cm, breidde ved skuldrene 64 cm. I 1902 vart det løyvt 100 kr til my messehakel.[21] Det gjeld truleg denne messehakelen.

c) Grøn messehakel, vid, rettsida med runda hjørne. 1981. Hovudstoffet er grønt klede, fôret er eit grønt, toskafts kunstfiberstoff. Begge sider har ein applikert y-kross i grøn villsilke kanta med smalt gullband, og stolpen har broderi med vinranke. I krossmidten på framsida er eit brodert kristogram (chi-rho) i gulltråd, på ryggsida er krossmidten utvida og har ei brodert lutherrose på applikert, kvit botn. Glidelås på venstre skulder. Hakelen er merkt innvendes: Arnafjord kyrkje. Grønn messehagel 1981, tegnet, brodert, montert av Esther B. Eide. Bergen. Høgde 104 og 114 cm, breidde ved skuldrene 113.

d) Kvit messehakel med innskrådd form, 2000. Hovudstoffet er eit lett ullstoff i kypertvariant, hakelen har enkelt fôr av fôrsilke. Framsida er dekorert med ein stolpe i øvre del, sett saman av små, applikerte silkekvadratar i ulike fargetonar, vinraudt, fiolett, grønt og gyllent. Ryggsida har også applikasjon med silkekvadratar, her i form av ein kross i dei same fargane og med einskilde kvadratar i kvitt kring krossen. Glidelås på venstre skulder. Hakelen er merkt på fôret: MV -00. Han er 100 og 108 cm høg, breidda er 88 cm ved skuldrene.

Messeskjorte

Kyrkja har teke vare på to messeskjorter av bomull. Dei har begge heile vidda rynka saman ved halslinninga. Ei messeskjorte vart kjøpt i 1956.[22]

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to likeforma klokker, begge frå oppføringstida. Dei har krone forma som ein firefløya knekt under ei plate som er festa med skruar til vogga. Hua rundar ned mot hals med skriftband avgrensa av riller. Korpus har rett overdel og svingar så ut mot tre riller som markerer overgangen til ut og nedbøygd slagring.

a) Innskrift på korpus med versalar: Arnefjords Kirke. 1880., og på skriftbandet på halsen Bochumer Verein Gussstahlfabrik. Diameter 69 cm, høgde med oppheng 64 cm.

b) Innskrift på korpus med versalar: Arnefjords Kirke. 1880., og på skriftbandet på halsen B.V.G. Diameter 62 cm, Høgde med oppheng 57 cm.

Orgel og andre instrument

Kring 1928 vart det kjøpt orgel til kyrkja.[23]

Nytt orgel frå Vestlandske orgelverkstad vart kjøpt i 1968.[24] Orgelet har seks stemmer fordelte på eitt manual og pedal. Mekanisk overføring.[25] Orgelet er merkt Eduard Moser – Jakob Pieroth, Vestlandske orgelverksted, Opus 44, år 1968, Hareid. Det har følgjande disposisjon fordelt på eit maual og pedal:

Gedackt 8’
Principal 4’
Rørfløyte 4’
Sviegel 2’
Subbass 16’
Mixtur 2-3 fag 1’.

Bøker

Altarbok, nynorsk, Kra 1920
Altarbok, bokmål, Kra 1920
Altarbok, bokmål, Kra 1920
Altarbok, nynorsk, Kra 1920
Alterbok, bokmål, Kra 1920
Altarbok, nynorsk, Oslo 1926
Kollekter, Epistler og Evangelier, Kra 1887
Tekstbok, bokmål, Kra 1918
Tekstbok, bokmål, Kra 1918
Tekstbok, nynorsk, Kra 1922
Tekstbok , nynorsk, Kra 1922
Bibel, Arnefjords Kirke tilhørende 1878, Chra 1876
Graduale, nynorsk, Oslo 1925
Salmebok, Landstad, Bergen 1877
Nynorsk salmebok, Bjørgvin 1929

Nummertavler

På gallerigangen står ei enkel nummertavle i kløverbladform, truleg frå kyrkja var ny. Metallsiffer er oppbevarte i kyrkja.

Møblar

Skåp vart motteke som testamentarisk gåve i 1978. Det skal vera laga av materialar frå preikestolen i den gamle kyrkja.[26]

Brurestolar av eik merkte G.N. 1936.

Offerkar

Ei tinnskål er brukt til offer på altaret. Skåla er ei gåve, og er merkt EIK,H, 81 ogF10.

Blomstervasar

I følgje Kallsboka fekk ein sølvpokal til blomar i gåve.[27]


Kyrkjegard og minnesmerke

Kyrkjegarden

Gravene på kyrkjegarden ligg nord for kyrkja, i hellinga ned mot fjorden. Kyrkjegarden har vore utvida i fleire omgangar, i det ein har lagt til stykkje nordafor eksisterande kyrkjegard. Frå gammalt av låg bygdevegen austafor kyrkja og porten var då på den sida. Med omlegging av vegen i 1925 vart det naturleg å leggja porten på sørsida, og han vart flytta noko att då det vart laga parkeringsplass på vestsida.

I utgangspunktet hadde kyrkjegarden mur som avgrensing, men dette vart endra og no er det stakitt kring heile kyrkjegarden, dels på mur. Det vart halde ei oppmåling av kyrkjegarden 14. mai 1877, og en fann då at han var altfor liten, i det plassen for graver var 381,16 m2 mot 964, 7 m2 som var kravet etter lova. Plan for utviding av kyrkjegarden vart godkjend av Stiftsdireksjonen i januar 1879 og truleg utført same året. Neste utviding vart gjennomført i 1904, og sidan i 1958/59.[28]

Minnesmerke

Utafor inngangen vest i kyrkja er det sett ein bautastein over korporal Oskar Ingolf Dale som fall for fedrelandet under den andre verdskrigen.

Bygning knytt til kyrkjegarden

På sørsida av parkeringsplassen vest for kyrkja er det oppført eit reiskapshus med saltak og gavl mot nord og sør. Taket er torvtekt, veggene er bordtekte med liggjande bord. Huset har vindauge på langveggene. I nordgavlen er det fløydør for maskiner til bruk på kyrkjegarden.

Kjelder

Utrykte kjelder
Synfaring 1661-1665, Sogn. Riksarkivet, Rentekammeret, Rekneskap, A.d. Bergen Stift 46.
Synfaring 1686, Sogn. Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, boks 1725, legg 3.
Synfaring 1709, Sogn. Riksarkivet, Rentekammeret, Realistisk ordnet avdeling, pk. 3.
Synfaring 1721. Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, nr 1719, legg 3, Sogn.
Bendixen, B.E.: Kirkerne i nordre Bergenhus Amt, kopi av avskrift, Flets kirke og Arnefjord kirke.

Trykte kjelder
BK = Bjørgvin kalvskinn [...]
Jubileumshefte, Arnafjord kyrkje 100 år, 1880 – 1980, Leikanger 1980
Kolnes S.J., Norsk orgelregister 1328 – 1992, Førdesfjorden 1993

Nettstader
DN = Diplomatarium Norvegicum: http://www.docpro.uio.no/dipl_norv/diplom_felt.html




  1. BK, 34a, 50a, 51a-b SKJEKK
  2. DN 4, brev nr. 784
  3. Bendixens manus, Arnefjord
  4. Bendixens manus, Arnefjord
  5. Bendixens manus, Flets kirke
  6. Synfaring 1709
  7. Synfaring 1721
  8. Bendixens manus, Arnefjord
  9. Jamnfør pulpituret i Dale kyrkje i Luster
  10. Bendixens manus, Arnefjord
  11. Jubileumshefte s 37f
  12. Arkivmateriale om restaureringa oppbevart i kyrkja
  13. Jubileumshefte s 40 og Bendixens manus
  14. Jubileumshefte s 42f
  15. Jubileumshefte s 39
  16. Jubileumshefte s 42 etter Kallsbok
  17. Jubileumshefte s 42
  18. Jubileumshefte s 44
  19. Jubileumshefte s 44 etter Kallsbok
  20. Jubileumshefte s 42
  21. Jubileumshefte s 39
  22. Jubileumshefte s 41
  23. Jubileumshefte s 40
  24. Jubileumshefte s 43
  25. Kolnes 1993 s 375
  26. Jubileumshefte s 44
  27. Jubileumshefte s 42
  28. Jubileumshefte s 45f