Aurland kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.

Aurland kyrkje
FylkeSogn og Fjordane
KommuneAurland
ProstiIndre Sogn
BispedømmeBjørgvin
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.90607527,7.187830152
FellesrådAurland kyrkjelege fellesråd
Kirke-id142100201
Soknekatalognr7090201
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk fredet (før 1650)

Anne Marta Hoff

I Aurland stod det fram til andre halvdel av 1500-talet ei kyrkje på Rygg bak og over dagens kyrkjestad. Dette må ha vore soknekyrkja i Aurland og truleg ei fjerdingskyrkje. I Bjørgvin Kalvskinn er ho oppført med den største tiende-inntekta av alle kyrkjene i Sogn.[1] Kyrkja vart, saman med nokre andre kyrkjer, revne i andre halvdel av 1500-talet, og jordegods og eigedom vart overført til Korskirken i Bergen. Aurland kyrkje, som også vert kalla Vangskyrkja, skal ikkje ha vorte soknekyrkje før etter reformasjonen. Kyrkja ligg nede på sjølve Aurlandsvangen, på flata under ryggen som stikk ut mellom elva og fjorden. Steinkyrkja på Vangen er ikkje nemnd i BK, og Ohnstad meiner ho var ei høgendeskyrkje, medan Leif Anker tenkjer seg at ho var eit fellesbygg.[2]

Det er ikkje skriftlege kjelder som kan slå fast alderen på kyrkja. Ho er første gongen nemnd i […], og ein er såleis vist til stilhistoriske vurderingar. Årstalet 1202 vert av Ohnstad rekna som år for grunnsteinsnedlegging. Grunnlaget for dette er eit vekk-komme skinnbrev som tidlegare låg i altaret. Skinnbrevet skal ha lege i altaret fram til restaureringa i 1861, og folk som hadde hatt det i hendene, har fortalt at dei mintest datoen 2. mai 1202 som var skriven i brevet.[3] Bendixen daterer bygningen til kring 1300. [...]

I 1928 vart det utført ei ny, gjennomgåande restaurering under leiing av Johan Lindstrøm. Dette var ei vidareføring av planar utarbeidde av J.Z. Kielland. Fargerestaurering vart utført ved Erdmann og Seter. I samband med dette arbeidet vart dei flate himlingane i kor og skip fjerna. Heile taket med sperreverk vart fornya. Den eine av dei to støttepillarane framfor vestmuren vart teken ned. Galleriet i vest vart utvida for å få plass til eit stort orgel. Mykje av det nye inventaret vart teikna av Johan Lindstrøm.

Innhold

Bygningen

Aurland kyrkje har vanleg soknekyrkjeform med rektangulært skip og smalare, rett avslutta kor, og er oppført i kistemur med hjørne av kleberkvadrar. Det er no ikkje sakristi eller våpenhus knytt til kyrkja. Det tidlegare våpenhuset er erstatta av eit lite vindfang mellom ytre og indre murliv i vestportalen. Kyrkja har heller ikkje tårn, men ein støpul på kyrkjegarden.

Murar

Kistemurane i kyrkja er kalkslegne inn- og utvendes, og det er vanskeleg å lesa murverket. I 1680-81 vart ei sprekke tetta og inn- og utvendes kalklegne. Også i 1699-1701 skjedde det arbeid med murane. Det vart då framført 10 båtar stein til “den brudne murs forbedring”. I rekneskapsbolken etter er det betalt for åtte vekers kost til murmeistaren med “swend och dreng”. I tillegg arbeidde tre karar i sju veker saman med murmeisteren. Saman med desse arbeidde ein snikkar med nye vindaugskarmar og rammer og luker for vindauga.

Delar av kyrkja har tidlegare hatt panel innvendes på murane. T.d. i 1693-95 er det arbeidd med “panelwerchet udi chorit”, og i 1696-98 vart halve skipet panelt med 11 tylfter bord, medan nordsida ved mandsstolene (!) vart panelt i 1699-1701. Snikkaren Sjur Olsen frå Bergen sette opp att den “af murmesteren nedbrutte bordkledning om kirchens indwendige muur” i 1708-10, og panelet vart så måla.

Hjørna har udekte kleberkvadrar, det same har innfatningane om dørene og dei fleste vindauga. Nord på vestfasaden er det sett til ein støttepillar. Tidlegare var det også ein sør på vestfasaden. Etter Ohnstad vart denne teken vekk i 1926.

Korbogen er uvanleg høg. Før 1926 nådde han opp til den flate himlinga. Korleis han har vore før dette, er uvisst. Eit fotografi av situasjonen frå 1926 viser at muren har ein boge som stikk monaleg opp frå murkronenivå. Det er i denne undersøkinga ikkje slått fast om dette var eit foto av arbeid utført i 1926, men venteleg er det det. Muren over himlinga ber ikkje puss, men er kvitkalka. Ei vidare undersøking av ev. rapportar frå restaureringa vil truleg klargjera korleis situasjonen har vore. Etter det ein kan sjå i kyrkja i dag, har korbogen opphavleg vore avslutta under murkronenivå.

Portalar og dører

[...]

Kyrkja har tre inngangar: hovudinngangen i vest og sørportalar i skip og kor.

Vestportalen er spissboga. Utvendes har portalen profil med integrerte rundstavar i to resessar. Profilet går ubrote rundt vangar og boge. Dekkboge av vulst med pålagt band over svakt underskoren holkil. Dekkbogen knekkjer eit stykke ut til begge sider i nedkant. Ytre opning er lægre og smalare enn bogen gjennom muren. Den store bogen innvendes er også spiss og innfatta med rettvinkla kleberkvadrar.

Sørportalen i skipet har samanhengande fas rundt dørstokk, vangar og boge utvendes. Bogen er dekt av ein dekkboge med vulst med pålagt band og underskoren holkil på undersida. Dekkbogen knekker utover nede. Denne portalen har også større boge innvendes enn utvendes. I det indre murlivet er bogen omfatta med rettvinkla kleberkvadrar opp til bogeanfanget der det går over til kvadrar med fas. Indre del av døranslaget i ytterlivet er også spissboga innvendes.

Sørportalen i koret. Innvendes er det opning i muren ut til døra som er omgjeven av trekarm no. Portalen har ikkje kleberkvadrar innvendes. Utvendes har han meir detaljert ornamentikk enn dei to andre portalane. Vangane har profil med vulst med pålagt band i hjørnet, snellebasar nede og koniske kapitel. Profilet frå vangane er også ført rundt den spisse bogen. Dekkbogen har enkel fas innvendes og er avslutta med enkelt blomemotiv nede.

Korskiljet

Rekneskapane har opplysningar om korskilje. I 1680-81 vart det laga "itt scillerom" mellom koret og skipet. Det vart då og betalt for "hengsler paa chordørene". I 1708-10 laga Sjur Olsen ein lem "ower coorets dør, for ungdommen med sin opgang".

Det er inga form for oppbygg i korbogen i dag. Restar etter bjelkar med rettvinkla senka profil er innmute i bogevangane. Ohnstad meiner at det har vore eit lektorium i to høgder og viser til sårflater av avsaga bjelkar høgt oppe i muren. Desse vart avsaga i samband med arbeida i 1926, skriv han. [4] Ohnstad fortel vidare at han hugsar frå han var barn at han gjekk inn i nordvangen i bogen og opp ei trapp til nordgalleriet i andre høgda, og at det der også var utgang til (tidlegare) lektorium i bogen.

Vindauge

I 1705-07 var murmeister og snikkar engasjerte og det vart laga nye vindaugskarmar og rammer "samt luger uden for". Ein glasmakar vart betalt for "at omgiøre kirchens winduer, een deel at forandre och en deel af ny at giøre". Dei nye vart førte med båt frå Leikanger. Arbeidet heldt fram i 1708-10. De vartr då laga eit stort vindauge “i dend westre kirches side” som vel må forståast som sida på skipet. Det store vindauget “bestaar udi 4 smaa winduer”, foruden 1 windue ditto” og er styrkt med 10 jarn. [...]

Kyrkja har truleg eitt originalt vindauge i vest og tre i aust. Vindauget nord i skipet er også eit eldre vindauge. Dekkbogen har ei anna form enn steinane elles i kyrkja, og er truleg resultat av eit noko seinare arbeid.

Vindauga sør i kor og skip er nyare og av ulik form. Det i koret er frå 1928, det i skipet er eldre, kan henda frå 1705-07.

Dekkbogar over opphavlege vindauge har for det meste underskoren vulst med pålagt band. Innvendes i dei tre austvindauga har ein ikkje det pålagde bandet, profilet liknar meir eit strykejarnsprofil. Utvendes har desse vindauga fas og dekkboge som knekker ut nede. Dekkbogen har vulst med underskoren holkil. Steinen er forvitra og det er uvisst om det har vore pålagt band.

I austmuren i skipet, over kortaket, er det to lysgluggar som går på skrå utover til sidene over langmurane.

Golv og fundament

[...]

Tak

I 1667-69 vart det etter kyrkjerekneskapane kjøp 8000 takstein. Dei vart frakta med jekt frå Bergen. I tillegg til dei 8000 pannesteinane, vart det kjøpt nokre steinar frå Øy kyrkje. Jens Murmester la taket av 8250 pannestein på “forkirken” som her må bety skipet.

I samband med at taket vart lagt nytt, vart også konstruksjonen under styrkt. Det er etter opplysning i den same rekneskapsperioden laga nytt “underslag” i kyrkja frå grunnen og opp under loftet (himlinga) og sida loftet og opp under sperrene. Dette arbeidet vart utført av Magne Essen som også skifte ut rote materiale i takverket. Han hadde fleire med seg, og utførte eit omfattande arbeid som kosta 36 Rdr.

I 1687-89 vart det igjen utført arbeid ved taket, det er snakk om utskifting av sperrer og 5000 pannespikar er brukt til festing av pannene. Truleg var det i samband med dette arbeidet at koret fekk pannetak. Her vart det sett inn nye sperrer og kjølar, og 4500 panner vart lagde på plass og spikra fast. I 1699-1701 vart det igjen gjort “wnderslag” over taket på kor og skip av 24 lange tre. [...]

Taket vart nylagt i 1926 med nytt sperreverk og takbord kledde med lappheller.

Himlingar

Før 1926 var det flate himlingar i kor og skip. Det er uvisst når desse vart lagde, men etter rekneskapane var dei der i 1667-69, då Magne Essen bygde eit nytt "underslaug" av kraftige stolpar og bindingsverk under taket. No har kyrkja ope røst både i skip og kor.

Tårn

Det er ikkje tårn på kyrkja. Klokkene heng i ein støpul på kyrkjegarden.

Tilbygg

Kyrkjerekneskapane frå slutten av 1600-talet nemner "swalen" som var eit tjørebredd tilbygg av tre. Dette kan ha vore eit stegehus eller ei reiskapsbu, dei låg oftast på nordsida av kyrkja.

I 1675 står det i rekneskapane ei opplysning om tjørebreing av “chorit, swalen och waabenhusit”, ein må gå ut frå at det med chorit er meint taket, og at ein her enno ikkje hadde fått pannetak som på kyrkja elles. Svalen vart vølt i 1673 også. Stegehuset hadde forfalle, og vart fornya i 1693-95. Også i 1705-07 laut stegehuset fornyast “formedelst det befandtes aldelis forraadnet”. Våpenhuset fekk også pannetak, og arbeid med dette er nemnt i 1699-1701. I 1711-13 er det laga nytt tak på våpenhuset av seks tylfter bord, heile våpenhuset vart så tjørebredd. Tidlegare våpenhus vart i 1928 erstatta av eit vindfang i muren.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Aurland kyrkje har vanleg soknekyrkjeinnreiing med altar, altartavle og altarring sentralt aust i koret og døypefont i koret nord for korbogen. I korhjørnet sør for korbogen er sakristifunksjonen lagt til ein eldre, innebygd stol. Preikestolen er på austveggen i skipet sør for korbogen med oppgang gjennom korbogen. Før 1928 var oppgangen gjennom trapp frå søraustre hjørne i skipet. I skipet er det ubrotne benkefelt på sør- og nordsida av midtgangen. Orgelet står på eit djupt vestgalleri.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

[...]

Fargar

[...]

Dåpshuset og panel og stolar i skip og kor vart måla i 1702-04.

Glasmåleri

Glasmåleri av Emanuel Vigeland i vindauga aust i koret, nord i skipet og vest i skipet. Vindauga har sterke fargar i gult, raudt, blått, grønt og kvitt med fleire, og er inndelt med svarte markeringar. To av vindauga i aust viser Den bortkomne sonen i seks scener der den kronologeiske leseretninga er ovafrå og ned i nordvindauget og så nedafrå og opp i sørvindauget.

a) Vindauget nord i austmuren viser far og son som tek farvel, Sonen som skrid ut i livet med pengesekker og stort hovmot og i nedste scene sonen ved festbordet men begeret hans har velta og gullkjedet kring halsen kan ikkje løyna dei slitne andletsdraga.

b) I sørvindauget i austmuren har sonen hamna mellom griser og grisemat, mest kledlaus og samanbøygd med andletet løynt i hendene. Draumen om heimen er representert i gylden ramme over han. Midtfeltet viser sonen som stavrar seg på vegen heim og faren, med glorie, som kjem springande i møte med han. Og i øvre scene slår faren armane om den forkomne, og den opne døra viser oppe til venstre.

c) Det tredje og sentrale vindauget i aust viser den gode hyrdingen med lammet over skuldrene. Han har krossglorie, såra hender og føter og trakkar ned slangen. Over han ein engel med ringlande bjøller.

d) Nord i skipet er eit glasmåleri med to scener. Øvst er framstilt ein engel, ein bodbærar. I nedre scene tre eldre menn som ser opp mot himmelen.

e) Øvre del av vindauget i vestmuren viser Kristus frontalt i mandorla med krossglorie og sårmerkte hender som han rettar opp med handflatene over kyrkjelyden. Over hendene er eit par hender retta nedover mot hans, det er Faderens hender. I den øvre trekanten viser Den heilage Anden i form av ei due på strålegrunn. I nedre del viser også Kristus, med krossglorie og tornekrone, men meir lidande enn sigrande. Dei sårmerkte hendene er samla framfor bringa hans.

Inventar

Altar

Kyrkja har eit mura altar, med mensa av kleberstein. Altaret vart truleg oppført i samband med arbeida i 1926. Det har skåp innvendes, med brannsikker dør mot aust. Altaret er mura opp i raud, brend murstein og kvitkalka utvendes. Mensa ber no ingen krossar og har ikkje relikviegøyme. Plata er skrådd inn i underkant på dei tre sidene som vender mot kyrkjerommet. Øvre del av kanten er rett, og ser ut til å vera sekundært avskava. Denne delen av kanten har restar av bokstavar på nordsida og av andre merke elles. Øvst er det laga ein fas inn mot bordflata. Både fasen og sjølve flata ser ut til å vera glatta til sekundært.

Altartavle

a) Altartavle med årstalet 1636 og Chr IV s våpen vart erstatta i 1863. Restar av altartavla finst på kommunehuset.[5]

b) Måleri i gylt ramme. Nedtakinga frå krossen. Kopi av Rubens måla av Chr. Brun. (Sjå under Måleri.)

c) Låg altartavle i form av skåpliknande triptykon på predella. Agnus Dei og dei to basunblåsande englane er skorne av Anton Lang,[6]

Altarring

Altarringen er rommeleg og kvadratisk med brystningsfelt i hjørna og med balustrade av ti parstilte balustrar på kvar av dei tre fremste sidene. 1926. Austsida går inn til altaret, og har port på begge sider. Kneleputa er stoppa og trekt med naturfarga skinn. Altarringen elles er brunnmåla med beige balustrar og staffasje i raudt og grønt. Golvet i altarringen ligg eitt steg høgre enn golvet i koret. Det er eit golvbord av smale, tverlagde bord, dekt med laust teppe vove i grå ull.

Enkel kneleskammel trekt med skinn.

Døypefont

Det vart laga ein ny "funt", dåpshus, nede i skipet i 1696-98.[7] I 1702-04 vart det laga to nye "stole", benker, i "den gamle funt",[8] dette kan tyda på at denne vart ståande til annan bruk etter at dei hadde fått ny nokre år før.

a) Døypefont i kleberstein frå mellomalderen, no på Universitetsmuseet i Bergen.

b) Døypefont i kleberstein i kyrkja. Kummen er åttekanta og rettsida med nedsenkte sviklar og felt i spissbogeform på kvar side. Skaftet er åttekanta, og nærast symmetrisk over og under nodus med strykejarnsprofil. Øvre del svingar ut mot botnen på kummen og nedre del mot vid, flat, firkanta sokkel der sidene har nedsenkt arkade med spissbogar som på kummen. Innskrift i den eine bogen på kummen: Gåva frå prost E.P. Juul, Anno 1928. Innskrift på foten Ark. J.L. (Arkitekt Johan Lindstrøm).

Preikestol med oppgang

Preikestol frå tidleg sekstenhundretal med fire fag av ein sekskant. Kvart fag har ei fylling utforma som ein portal med beslagornament i storfeltet utvendes. Også øvre og nedre smalfelt har beslagornament. Hjørna i storfeltet har kannelerte pilastrar med dimantbosseforma kapitel til begge sider. Smalfelthjørna har konsollar med beslagornament til begge sider. Stolen har flat handlist over profilerte lister. Botnen er flat og kviler på ei rund, kanellert søyle med skivekapitel og base.

Preikestolen vart i 1702-04 måla med "fine oliefarfwer",[9] så vart han måla igjen i 1708-10, kan henda det berre var flikking etter arbeidet (sjå nedafor). Denne opphavlege målinga var overmåla og vart avdekt ved Erdmann og Seter. Beslaga er i hovudsag engelsk raude med detaljar i grønt og gult mot ein bleikgul botn. I portalane er det måla ulike tulipanformer.

Preikestolen har vore flytta fleire gonger. Etter at murmeistaren hadde utført større arbeid med vindauge og anna i 1708-10, vart preikestolen flytta. Snikkaren Sjur Olsen frå Bergen utførte dette arbeidet og også anna arbeid i kyrkja:

Predichestolen som war baade for laug og for snewer, til med af ælde fast ubrugelig, hawe hand forferdiget og betre ned i kirchen forflyttet, dertil giort 1 ny opgang med 1 lang swale af pannelwerch, noch et lidet cammer under predichestolen, og bevare kirchens ornamenter og materialier udi …”.[10]

Troppa opp til preikestolen vart vølt i 1671.[11] Ny oppgang vart så i 1708-10 laga av Sjur Olsen. Oppgangen til preikestolen som står i kyrkja no, vart laga i samband med restaureringa i 1928.

Oppgangen svingar frå sør i koret rundt hjørnet i sør i korbogen og endar opp i preikestolen som no står på sørdelen av austmuren i skipet. Oppgangen har tett rekkverk med tre diagonale fyllingar i ramme og med sveifa avslutting i aust. Han er måla med marmorering i same fargetone som preikestolen.

Preikestolshimling

Himlingen over preikestolen var av dei arbeida som vart utført av Sjur Olsen i 1708-10. I 1711-13 vart det laga ei lenke av jarn til å hengja preikestolhimlinga etter. No heng han med eit skrått oppheng og to feste til austmuren.

Himlingen er sekskanta og flat med sider samansette av profilert listverk. Han er måla i raude, grøne og gule fargar og undersida har kvite skyer på lyst blå bakgrunn.

Lesepult

Standard lesepult av tre med skrådd bokbrett, dreia skaft og fire radiært stilte fotknektar. Han er måla raudbrun.

Benker og faste stolar

Det vart laga to stolar i koret og ein brudestol i 1696-98.[12] Skriftestol nemnd i 1702-04.[13] Brudestolen kan vera den som er nemnt nedafor under Møblar.

Det er benker på begge sider av midtgangen. Desse vart laga i 1914-15, etter teikningar av arkitekt J.Z. Kielland.[14] Tidlegare benker har hatt dører og rette benkevangar.

I det sørvestre hjørnet i koret er det i nyare tid laga eit rom for sakristifunksjonar som har form av ein lukka stol frå 1600-talet med gitterverk over brystning. Brystninga har også fått dekorativ måling av 1600-talstype med blomeornament, mest tulipanar.

Galleri

I 1702-04 vart det mest sannsynleg laga eit nytt galleri eller pulpitur i kyrkja, det er kalla “lem”, men kan ikkje dreia seg om eit loft. Til lemmen er det brukt fire tre og to tylfter bord og utskårne “pillere”. Rekneskapane nemner ein ny "lem" i kyrkja i 1702-04 som vart gjort till "fuldkommenhed", mellom anna ved "udschaarne pillere". Eit tidlegare nordgalleri vart teke ned i 1861.[15]

Kyrkja har no eit djupt vestgalleri med orgel. Galleribjelken går på tvers av kyrkjerommet under gallerifronten, og er støtta opp med tolv søyler, tre par på kvar side av midtgangen. Tilsvarande søylepar støttar galleriet i vest. Fronten har fem liggjande fyllingar, den over midtgangen breiast. Fronten er måla brunraud med bleikgule, raudmarmorerte fyllingar. I nordvestre hjørne av skipet er det oppgang til galleriet frå midtgangen.

Skulptur

Krusifiks 1926. Anton Lang.[16] Anton Lang har også laga skulpturarbeid på altartavla og orgelfronten, truleg alt etter teikningar av Johan Lindstrøm.

Måleri

Tre måleri på nordveggen i koret.

a) Rubens-kopi signert av Chr. Brun, nemnd ovafor under altertavle.

b) Portrett av sokneprest Ole Aabel måla av Knut Baade i 1835.

c) Portrett av sokneprest E.P. Juul, måla av Hans Gjesme (Lærdal).

Tavler

Epitaf

To enkle epitaf i form av innramma plater med innskrifter.

a) Tavle over salige Niels Mickelsen, reist av enka Trine Henricksdatter. Niels var tidlegare baorgar i Bergen og han drukna den 23. oktober 16[1]3. Tavla er innramma med profilert biletramme, lyst olivengrøn med sirlege svarte blomsterornament og gul list mot biletflata. Sjølve biletflata er måla på ståande bord, med gulgrøn botn og og fylt med innskrift med svart fraktur. Innskrifta er sleten og kan enkelte stader ikkje lesast.

b) Tavle over tidlegare sokneprest i Aurland Hr. Magnus Wigeboe som «Selv [er] Sal. Hensovet i sit Alder 60 Aar, den 16 Febr. 1800. Tavla er innramma med profilert list med gull mot billetflata og skrått tverstripa svart og kvitmåling på ramma elles. Det er sett inn sveifa topp- og botnfelt, grønmåla med svart staffasje. Biletflate av ståande bord og med svart botn og gullfarga latinsk skriveskrift.

Nummertavler

To enkle nummertavler. Innramma plate delt vertikalt med list og med enkel ramme der toppstykket har hjarteforma hol for oppheng. Målinga er inspirert av epitaf a) med grøn ramme med diagonale, svarte tverrstriper. Botnen er bleikt gulkvit.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Etter Inventarlista frå 1890 hadde kyrkja ein blå fløyels messehakel, to gamle messeskjorter, eitt “pralsagtes” altarklede og ein altarduk.[17] Ei ny messeskjorte kom til i 1695.

Kyrkja har ein raud messehakel frå midten av 1900-talet og fire nye i liturgiske fargar med tilhøyrande stola merkte innvendes i nakken: Tone Moe design, Arendal. Messehaklane er i silke med dekor i silkemåleri og enkelt broderi. Dei har tynt brokade silkefôr. Tone Moe har også produsert silke antependier i dei fire liturgiske fargane.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

I 1682 vart dei små “Wbrugelige og brustne klocher” omstøypte til ei klokke. I 1690 hadde kyrkja to klokker.

Aurland kyrkje har også no to klokker og det er installert elektrisk ringjeapparat frå Olsen og Nauen, Tønsberg.

a) Klokke med seks kanta bøylar og midtboge. Flat kronplate, runda hue, utskrådd hals og korpus som bøyer lett ut før to riller over nedbøygd slagring. Innskrift på halsen: HEINRIGUS BE… NIDROSIENSIS ANNO 1682. Diameter 46 cm, høgde med oppheng 43 cm. Dette er den klokka som etter rekneskapane vart støypt i 1682.

b) Klokke med oppheng av seks kanta bøylar og midtboge. Etterreformatorisk. Klokka har ei støypt innskrift med versalar kring halsen (…NIDROSIENSIS ANNO …).[18] Korpus skrår jamt utover mot rille over nedbøygd slagring. Diameter 84 cm. Høgde med oppheng ca. 79 cm.

Orgel og andre instrument

Orgelet var ei gåve til kyrkja frå lensmann Ohnstad i (1926). Det er levert av Jørgensen. Fasaden er teikna av Johan Lindstrøm [...] og går over heile breidda i kyrkja med to massive sidetårn med sidestilte kannelerte søyler krona av klassiserande gesims som ber basunblåsande, knelande englar, ein på kvart tårn, med vifteforma vengjer og trompetane retta inn- og oppetter. Frå tårna går det piper i perspektivskapande minkande storleik inn mot eit midtfelt som slepper lyset frå vestvindauget inn i kyrkja. Sentralt ved spelepulten har midtfeltet gitter og låge sidetårn som ber gesims over gitteret.

Orgelet har femten stemmer fordelte på to manualar og pedal. Orgelet har følgjande disposisjon: [...]

Bøker

Det er fleire gonger nemnt innkjøp av bøker i rekneskapane. I Inventarlista frå 1690 er det nemnt ein Christian 4 bibel i fire oktavar, ei ny altarbok i kvarto, ein ny kyrkjeritual i kvarto, ei gammal altarbok i oktavo, ein gradual og ei “fuldkommen” salmebok.

Ein Bibel som manglar nokre sider (Fredrik 2, 1589) er oppbevart i Aurland Sparebank.

Møblar

Brudebenk. Benk med sveifa vangar rett sete med hengebord i forkant og rett, heil rygg. Hengebord og rygg er avslutta med skoren, bølja kant. Raudbrun med gul og grøn staffasje. I eit måla felt, markert med grøn krans, er det på ryggen måla to hender i kvarandre. Elles på ryggen og på utsida av vangane er det måla blomemotiv.

Offerutstyr

[...]

Diverse

Omn nord i koret. Merkt BJØRN.

Vievasskar. Det er murt inn eit klebersteins vievasskar i indre nordvange i vestportalen. Karet er rektangulært og skrår inn nedover. Breidde 40 cm, djupn 24,5 cm ut frå murlivet og høgt ca 17 cm. Karet held fram inn i muren og den indre opninga i overkant er totalt 37 cm djup og 30 cm brei.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegardar

Kyrkjegarden på Østerbø
På Østerbø eller i Aurdalen i Aurladsdalen ligg ein kyrkjegard som ikkje har vore i bruk dei siste 100 åra. Gravplassen er avgrensa med steinmur og har port med grind. 27 personar vart gravlagde her i tidsrommet 1858 – 1911. Minnestein over desse vart sett opp på kyrkjegarden i 1953.[19]

Kyrkjegarden på Rygg
Kyrkjegarden på Rygg vart brukt heilt fram til 1806.

Kyrkjegarden ved kyrkja
Kyrkjegarden ved kyrkja vart vigsla av biskop Johan Nordal Brun i 1806.[20]

Gravminne

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Servicebygg

I eit bygg i kyrkjegardsmuren, med inngangar frå gata, er det eit nyare hus som inneheld venterom for dåpsfolk, toalett og bårehus.

Støpul

[...]
Klokkene heng i ein klokkestøpul på kyrkjegarden. Før 1928 hang dei vest i skipet i kyrkja. Støpulen har tre høgder og klokkestove i tredje høgda. Dei to nedste høgdene skrår inn og klokkestova har mindre plan enn nedre del. Hjørnestolpane i klokkestova går heilt ned til bakken. Det er kraftige runde stolpar med restar av rankemåling, truleg frå 1600-talet. Eldre balustrar er nytta som rekkverk ved troppa opp til klokkestova.

Kjelder

Utrykte kjelder

Tidlegare arkivutskrifter for Norges Kirker. [...]
Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, manus AA, (Bergen 1904-13).

Trykte kjelder

Ohnstad, A., Vangen kyrkje : Vangskyrkja i Aurland : Kyrkje og kristenliv. Jubileumsskriv. Voss 1983.
Ohnstad, A., Vangskyrkja i Aurland 800 år gammal : glimt frå misjonstid og kyrkjebygging, Voss 2002.
Anker, L., "Jubilant med løyndomar" og "Fleire løyndomar", utdrag frå hovudoppgåve (?) i kyrkjelydsbladet.

Oppmålingsteikningar og fotografi




  1. Ohnstad 1983, s 27
  2. Ohnstad 1983, s 33, Leif Anker, hovudoppgåve
  3. Ohnstad 1983, s 18
  4. Ohnstad1983, s 87
  5. Ohnstad 1983, s 87
  6. Ohnstad 1983, s 98
  7. Rekneskapar
  8. Rekneskapar
  9. Rekneskapar
  10. Rekneskap
  11. Rekneskap
  12. Rekneskapar
  13. Rekneskapar
  14. Ohnstad 1983, s 87
  15. Ohnstad 1983, s 86
  16. Ohnstad 1983, s 98
  17. Danmarks Kirkers fagordbok: Pralsagt: en slags blomstret tøj, halvt uld, halvt silke
  18. Innskrifta var vanskeleg tilgjengeleg og er ikkje lesen fullstendig
  19. Sogn Avis, 30.06.11, s 14-15
  20. Ohnstad 1983, s 33