Bekkjarvik kapell

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Bekkjarvik kapell
FylkeHordaland fylke
KommuneAustevoll kommune
ProstiMidhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.003176,5.202451
FellesrådAustevoll sokneråd
Kirke-id124400301
Soknekatalognr03100204
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Anne Marta Hoff, Ola Storsletten


Bekkjarvik kapell ligg ved Leirvika, noko sør for tettstaden Bekkjarvik på nordenden av Øya Selbjørn. I kgl. res. av 14.12.1895 heiter det "At det naadigst tillades at der til Brug for Befolkningen i den nordenfor Selbøfjorden liggende del av Fitje Pr.gjæld opføres et Kapel i Leirvik efter vedl., af Arkitekt Eckhoff udarb. Tegninger (..)". I ein kommentar til resolusjonen heiter det at "Efter planen vil kapellet blive en langkirke af tømmer, og komme til at bestaa af skib, kor, sakristi i to afdelinger og indgangshal med opgang til taarnet og til et tvergalleri i skibets nedre ende. Kapellet vil komme til at afgive 196 sitteplasser". Kapellet vart bygt i perioden 1895 - 98 av J. Sandnes.

Innhold

Bygningen

Frå først av var bygningen ei langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare, rett avslutta kor. Bygningen er i prinsippet orientert på vanleg måte, men hovudaksen er svakt dreia mot nord/aust - sør/vest. Framfor vestenden i skipet er bygt eit tårn. Ved oppføringa vart det bygt til eit sakristi ved austenden av koret. Hovudinngangen til kyrkja går gjennom tårnfoten. Indre stolperekkjer deler skipet i midtskip og to sideskip. I vestenden i skipet er det eit orgelgalleri. Dei opphavelege delane har snekkardetaljar i sveitserstil.

I 1975 vart kyrkja monaleg utvida. Arkitekt var Ole Halvorsen, Bergen. På kvar side av tårnfoten vart det reist tilbygg med garderobe og venterom. Kyrkja vart også utvida med eit tilbygg på sørsida av koret. Tilbygget og skipet har ialt 180 sitjeplassar. Tilbygget omfattar også sakristi, møterom/dåpsventerom, kjøkken og andre nødvendige birom som er lagde langs austenden av kyrkja. Tilbygget har eigen inngang mot aust. Under tilbygget er det bårerom og lagerrom.

Vegger

Veggene i skip og kor er av lafta tømmerstokkar. Innvendes er stokkane flathøvla. I skipet er veggene forsterka med opplengjer som er festa med jarnboltar. Utvendes er skip og kor kledde med liggjande faspanel. I nedkant er panelet avslutta med vatnbord. I koret er veggene innvendes kledde med moderne, liggjande slettpanel, men her også har tømmerveggene frå først av stått berre.

Portalar/dører

Vestportalen er ei moderne, to-fløya fyllingsdør med overstykke med glas. Over portalen er det eit overbygg med form som eit saltak. Døra mellom tårnfoten og kyrkjerommet er ei opphaveleg, to-fløya fyllingsdør. Indre dører elles i skip og kor er opphavelege, enkle fyllingsdører.

Korskilje

Koret opnar seg i full breidde mot skipet, opninga markert ved to søyler, overdekt med gavl. Austveggen i skipet over koropninga har markerte konstruksjonselement og gavlen er toppa med kross.

Vindauge

Yttervindauga i skip og kor ser ut til å vera originale. Vindauga har to fag med trekanta toppfelt, kvart fag med fire glas. I skipet er det moderne innervindauge med farga, blyinnfatta glas.

Grunnmur/golv

Skip og kor har grunnmur av brotstein. Under kapellet er det kryperom og støttemurar som utgjer underlag for golvbjelkar. Golva i skip og kor er av bord. Golvet i koret ligg eit steg over golvet i skipet og er dekt med teppe. Altaret ligg eit steg høgre enn golvet i koret.

Himling

Sideskipa i skipet har flat himling. Himlingen i midtskipet har slakt saltak og ligg noko høgre enn himlingane i sideskipa. Himlingen i koret er flat. Himlingane er kledde med moderne plater som truleg er festa til opphaveleg panel.

Tak

Både skip og kor har saltak. Taket over skipet er bore av sperrefag med sperrer, hanebjelke og høgtsitjande saksesperrer. Mellom saksesperrene og hanebjelken er det sett inn ein hengestolpe. Himlingen i midtskipet er festa til saksesperrene. Takkonstruksjonen i skipet er understødd av dei indre stolperekkjene. Takkonstruksjonen i koret er ikkje tilgjengeleg. På sperrene er det lagt åsar og bordtak. Det ser ut for at taka heilt frå oppføringa har vore tekte med bord og diagonallagde skiferheller.

Tårn

Vesttårnet inneheld våpenhus, ein mellometasje med inngang til orgelgalleriet og klokkestove. Det er enkle trapper mellom etasjane, oppgangen er frå våpenhuset. Veggene er av bindingsverk. I hjørna er det sett inn opplengjer, det er elles plassert stolpar på kvar side av døra mellom våpenhuset og skipet. Opplengjene og stolpane er feste med jarnboltar. I våpenhuset er veggene innvends kledde med moderne, liggjande slettpanel. I rommet framfor orgelgalleriet er veggene kledde med ståande staffpanel. I klokkestova står bindingsverket bert. Utvendes er tårnet kledd med tilsvarande liggjande faspanel som skip og kor. Døra inn til orgelgalleriet og vindauget mot vest ser ut til å vera originale. Klokkestova har lydgluggar mot sør, vest og nord. Utvendes har dei tilsvarande trekantforma overdekking som vindauga. Tårnet har grunnmur av brotstein som utvendes er dekt av støyp. Golvbjelkane er lagde opp på grunnmurane. Etasjeskilje av bjelkar. Våpenhuset har bordgolv som er dekt med linoleum. Rommet framfor orgelgalleriet og klokkestova har bordgolv. Himlingen i våpenhuset og i rommet framfor orgelgalleriet er av staffpanel. Den firkanta tårnhetta er inntrekt og understødd av sperrer og midtmast. Midtmasta er ført ned til golvet i klokkestova. Tårnhetta er tekt med bord og skiferstein av hanskebak-typen. Dette ser også ut til å ha vore den opphavelege løysinga. Til tårnhetta er det festa eit spir av jarn med kule og annan dekor av metall.

Tillbygg

Det tidlegare sakristiet var bygt ved austveggen i koret og hadde same breidde som dette. Sakristiet var delt i to med ein langsgåande skiljevegg. Veggene har truleg vore lafta og var noko lægre enn veggene i koret. Utvendes var dei kledde med tilsvarande panel som skip og kor. Sakristiet hadde utgangsdører mot nord og sør. Innvendes var det dører frå koret til kvart av romma. Begge rom hadde vindauge mot aust. Dører og vindauge ser ut til å ha vore av same type som dei opphavelege dørene og vindauga i skip og kor. Sakristiet hadde saltak med same vinkel som skip og kor. Taket var truleg understødd av takstolar med sperrer, bindebjelke og støtte under mønet. Taket var tekt med diagonallagde skiferheller.

Dei eksisterande tilbygga på kvar side av tårnet har vegger av bindingsverk som innvendes er kledde med moderne, liggjande slettpanel. Utvendes er veggene kledde med moderne, liggjande skuggepanel. Dører og vindauge er av moderne type. Tilbygga har støypt grunnmur, golv i flog med golva i våpenhuset og dekte med linoleum, himlingane er kledde med plater. Tilbygga har pulttak som er tekte med bord og diagonallagde skiferheller.

Tilbygget ved sør- og austsida av det opphavelege kapellet har vegger av bindingsverk som innvendes er kledde med liggjande slettpanel. Mellom sørsida av det opphavelege koret og tilbygget er det ein moderne faldevegg. Toaletta har vegger som innvendes er kledde med plater. Utvendes er tilbygget kledd med liggande skuggepanel av moderne type. Dører og vindauge er av moderne type. Grunnmuren er støypt. Golva ligg i flog med golvet i koret og er dekte med teppe og linoleum. Himlingane er kledde med plater. Tilbygget har saltak/pulttak som er tekt med bord og skiferheller.

Interiør

Døypefont i koret på sørsida. Preikestol nord i koropninga. Benker på begge sider av midtgangen. Orgel på tverrgalleri i vest. Umåla tømmervegger i skipet, umåla panel i koret. Preikestol, gallerifront og konstruksjonselement i broten kvitfarge tona mot lys brunt. Benker i broten kvitfarge. Korgolvet og midtgangen er dekt av brun nålefilt.

Bendixen skriv at kyrkja frå først av var lys gulbrun innvendes med brune benker og galleriet kvitt med lyse felt (1904, s.284).

Lys og varme

Kapellet vart frå først av oppvarma med omnar. No har det elektrisk oppvarming.

Inventar

Altar

Kasseforma altar av tre. Framsida og kortendane kledde med ståande fas-panel og med olivengrøn fløyel. Bordplata er også kledd med fløyel. Baksida kledd med huntonittplate.

Altartavle

Gotiserande altartavle i to høgder. Predella med skriftfelt og flankerande framskotne postament. Hovudhøgd med spissboga biletfelt under gavl flankert av pilastrar som endar i fialar. Usignert måleri framstiller Jesu dåp. Jesus med stråleglans om hovudet er framstilt til venstre i biletet. Han har hendene kryssa framfor naken overkropp, kappe rundt livet over lendeklede og bare bein som står i vatn til ankelen. Øvst i biletet er framstilt ei due i ei lyssøyle som går ned mot Jesus. Johannes til høgre kneler på eit berg med den eine foten, den andre utstrekt mot vasskanten. I venstre hand har han krosstav, i høgre skjell som han auser vatn med. Grågrøn sjø, høge, mørke fjell og grå himmel i bakgrunnen. Dua er framstilt mot mørk skygrunn. Jesus har raud kappe, Johannes kamelhårskappe og mørkare raud kappe. I skriftfeltet med gull fraktur på grøn botn: "Du er son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i!" Mark. 1,11. Etter Bendixen er måleriet ein "maadelig kopi efter Tidemands Kristi daab".

Altarring

Tilnærma rund. Rekkverk/handlist endar mot alterhjørna. Dør på sørsida ved altaret. Stoppa knelepute trekt med olivengrøn fløyel. Rekkverk av balustrar. Flat handlist. Golvet ligg eitt steg høgre enn korgolvet og er dekt med teppe. Kneleskammel av tre ved altaret. Skammelen er stoppa og trekt med olivengrøn fløyel og har gullfrynser under puta. Kvite balustrar, beige handlist og kneleskammel.

Døypefont

Åttekanta font av tre. Avtrappa utover oppe som kum og nede som fot. Skaftet har midtlist. Fordjupning oppe til dåpsfat. Beige med gullmarkeringar. H. 79 cm. Br. 40 cm.

Preikestol

Nord i koropninga. På eit eldre fotografi i Antikvarisk arkiv står han sør i koropninga. Stolen har fem sider, fire med ramme og rektangulær fylling. Handlist og lesebrett stoppa og trekt med olivengrøn fløyel. Gullfrynser framme på lesebrettet og på utsida under handlista. Kvit-grå med overgang til beige. Gull listmarkering. Stolen står på sekundær sokkel med oppgang av to nålefiltkledde steg, det øvste som golv i stolen.

Benker

Faste benker lagde opp i langveggene og med vange mot midtgangen. Rygg av to fjøler og salmebokylle. Vangar med rett bakside. Framsida svingar fram forbi benkefjøla. Den smale ryggdelen endar oppe i spiss gotiserande gavl. Det er også benker på galleriet.

Galleri

Galleribjelken er lagd opp i opplengjer og mellomstolpar. Himlingen under galleriet er flat og sekundært kledd med plater som skjuler konstruksjonen. Gallerifronten har ti nærast kvadratiske fyllingar i ramverk fordelte på tre felt. Gallerigolvet er avtrappa i to høgder. Benker på sidene, Plass for orgel og songarar i midten.

Orgel

Digitalorgel. Allen Digital Computer organ. To manualar og pedal. 4 høgtalarar. Orgelet er plassert på tvers på galleriet ved gallerifronten.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vises kun for innloggede brukere.

Parament

Altarduk. Toskafts kvit linduk med 27 cm brei bord i hardangersaum på tre sider. På nordsida brodert årstalet 1961, på sørsida BK. Vekselvis krossar og kalkar i diagonale ruter med uttrekkssaum i sviklane. Border over og under hovudmotivet.

Messehakel i rettsida form av raud fløyel og med raudt silkefôr. Kanta med smalt gullband, også ved halsen. Motiv framme: Kristogram i sirkel, brodert i plattsaum. Bak: Stor latinsk kross på strålekrans. Sentralt i krossen kristogram, krossar i felt på krossarmane. Krossen, krossane og kristogrammet er i gul plattsaum, sol og avgrensing mellom felta på krossarmane i grå og kvit plattsaum. Kyrkja har ei messeskjorte.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vises kun for innloggede brukere.

Klokke

Svakt boga kronplate, rett hals, utsvinga kropp og skrånande slagring. To enkle riller ved overgangen mellom kropp og slagring. Ingen merke. Nyare oppheng, elektrisk ringing. D. 59 cm, h. 55 cm.

Bøker

Alterbog for Den norske kirke, Chria. 1893. Alterbok for Den norske kirke, Kria. 1920. Altarbok for Den norske kyrkja, Oslo 1926. Nyare bøker.

Nummertavler

Oppheng for lause tal på kvar side av koropninga.

Møblar

I koret to brurestolar, barokk type, nyare. I koret nyare lesepult av tre.

Offerkar

Trestaup med innbrent dekor og "Bekkjarvik Kapell".

Blomsterglas

To stk. krystall, med fot, h. 22,5 cm, d. 9,5 cm. Eitt i glas, h. 20,5 cm, d. 9 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kapellet ligg sentralt på den inngjerda kyrkjegarden. Den eldste delen av kyrkjegarden ligg nord for kapellet og er omgjeven av steingard. Grunnen virkar oppfylt, mot kapellet er det laga ein støttemur. Gravminna er i hovudsak støtter og jarnplater. Til dei eldste høyrer: Ragnhild Jansdatter Vik, f. 1830, d. 1904. Andre gravminne frå 1910, 1912 og 1912. I 1943 gav kyrkjedepartementet løyve til utviding av kyrkjegarden med 256 m2 mot nord, kyrkjegarden er også utvida mot sør. Den nye delen av kyrkjegarden er omgjeven av tregjerde. Dei fleste gravminna er støtter med karm. Dei er frå 1982 og frametter. Søraust for kyrkja står eit lite uthus av bindingsverk med reiskapsbu og utedo. Bygningen er kledd utvendes med liggjande bord og har tjørepapp på taket.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Det antikvariske arkiv, Riksantikvaren. A-256. Bekkjarvik kapell.
  2. Arkivet til kyrkjedepartementet.
  3. Bekkjarvik kapell, 1895.
  4. Bekkjarvik kirkegård, 1943.
Trykte kjelder
  1. A.H. Rasmussen, Våre kirker, Ålborg 1993, s. 377.
Fotografi og oppmålingar
  1. Det antikvariske arkiv, Riksantikvaren. Oppmåling 1966, ark. O. Halvorsen, Bergen.
  2. A-256. Foto, tidleg 1900-tal, C.C. Thomhaw.
  3. Teikningar, tilbygg, 1972, ark. O. Halvorsen, Bergen.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)