Bergsdalen kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Bergsdalen kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneVaksdal kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.571598,5.950647
FellesrådVaksdal kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125100601
Soknekatalognr04070301
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Anne Marta Hoff


Kyrkja i Bergsdalen er den første kyrkja på staden. Frå 1902 var det kyrkjegard her, og gjennom 17 år arbeidde bygdefolket med kyrkjeplanane før kyrkja stod ferdig i 1955. Kyrkja er oppført av stein frå Bergsfossen og ligg i dalbotnen på Liatreet. Teikningar vart levert av arkitekt Leiv Tvilde frå Voss som også teikna inventaret til kyrkja. Murmeister var Arthur Birkeland. Arbeidet med treverket vart leia av byggmeister Johannes E. Øvsthus.[1] Mykje av arbeidet vart utført på dugnad av bygdefolket. Kyrkja vart vigsla 3.juli 1955 av biskop Ragnvald Indrebø.[2]

Innhold

Bygningen

Kyrkja har tradisjonell langkyrkjeform med inngangsparti framfor einskipa skip og smalare kor og med sakristi aust for koret. Frå sakristiet er det utgang via gang mot nord. Kyrkjerommet har tverrgalleri over inngangen i vest. På nordsida av våpenhuset er eit dåpsventerom/lagerrom, på sørsida trapperom til galleriet og ned til utgangsdør i sør og vidare til garderobefasiliteter framfor møterom, kjøkken, bøttekott og gang i underetasjen. I aust er det oppgang og utgang mot sør frå underetasjen.

Kyrkja er av dei første i ei gruppe langkyrkjer med møterom i underetasjen, men i Raundalen kyrkje i Voss kom denne løysinga alt i 1921. (Jfr. også Tveit kyrkje, Askøy).

Sitjeplass til 108 personar.[3]

Murar

Veggene er mura av stein som er hoggen ut i Bergsfossen. Innvendes er murane pussa, utvendes står dei med frie visflater og fuger i betong. Murane er 90 cm tjukke i kjellarhøgda og 80 cm i hovudhøgda.[4] Ved inngangspartiet i vest går murane ut i vinkel og står som feste for dørvangar i tre. I hjørna mot våpenhuset er det små vindaugsopningar inn frå sidene. I kvar av langmurane er det fire vindaugsopningar i hovudhøgda, dei tre austlegaste inn til kyrkjerommet, det vestlege i inngangspartiet har mindre opningar. Sidemurane i kortilbygget har ei vindaugsopning på kvar side. Frå sakristiet er det vindaugsopning i austmuren og døropning mot nord. Korbogemuren er 60 cm tjukk og går inn frå hjørna mellom kor og skip med pipeløp på begge sider. Han er forma som ein vid, glattkanta rundboge. Mellom våpenhus med siderom og skipet er det sett opp ein tynnare mur av teglstein som er pussa på begge sider. Skiljemuren aust i koret og skiljemurar elles i kyrkja er også av teglstein.

Kjellaretasjen har tilsvarande mura vegger som dels ligg under bakkenivå. Sørmuren har dørpning i vest og tre vindaugsopningar inn til kyrkjesalen. I kjøkkenet under koret er det også vindauge mot sør, og frå bislaget aust for dette døropning med mura overbygg over utvendes trapp.

Portalar og dører

Hovudinngangen er gjennom fløydører vest i våpenhuset og vest i skipet. Elles er det inngangar til trapperom vest i sørmuren, nord i sakristiet og på sørsida aust i underetasjen.

Trappa ved inngangsdøra vart ombygd på dugnad i 2004-2005 for at ho skulle bli djup nok til at ein rullestolsrampe med rekkverk kunne byggjast opp frå norsida. Trappa er bygd av stein som kyrkja elles og har tre steg mot vest og sør. I underetasjen er det fløydør mellom garderoben og kyrkjesalen. Dørene elles i kyrkja har eitt dørblad.

Innvendige dører er av finér i ramme med fyllingsmønster av profilert list på finéren. Ytterdører har kledning av ståande eikepanel utvendes og innvendes og ei lita rute i andletshøgd, verna utvendes med smijarnsgitter. Døra sør i inngangspartiet er rundboga og står i rundboga muropning. Dørene er måla rustraude utvendes og har svartmåla smijarnsbeslag.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er markert ved at koret er smalare og at golvet ligg eit steg høgre i koret enn i skipet. Skiljet er også markert ved ei brei og høg rundboga koropning. Korbogen og det smalare koret skil ut altarrommet på ein særskild måte, medan døypefont og preikestol er plassert på eit podium vest for korbogen. Podiet er forma ved at skiljet i golvnivået er trekt fram til vestvangen av det austre vindauget i skipet.

Vindauge

Vindauga i bygget ligg nær murens ytterliv med skrå sidesmiger og sålbenk innover. Hovudvindauga har fire rammer med seks ruter i kvar ramme. Rammene er skilde ved ein vertikal midtpost med ein losholt på kvar side. På galleriet er det eit rundboga vindauge med små blyglasruter med farga glas.

I 1979 vart det sett inn nye vindauge i kjellaren.[5] Kyrkjeskip, sakristi og dåpsrom fekk innvendige torams ruter i 1996.[6] Desse har enkle metallrammer og heile glasruter.

Golv og fundament

Fundamentet i kyrkja er mura og golvet er av bord, lagde i lengderetning og lakka.

Tak

Kyrkja har eitt saltak over skip og inngangsparti og eitt over kor og sakristi. I tillegg er det eit grunt saltak over portalen i vest og eit lite pulttak over inngangspartiet til underetasjen aust på sørsida. Saltaka er sperretak. Dei fire sperrebanda mellom korskiljemuren og vestgavlen har kraftige sperrer med rektangulært snitt og saksesperrer og hanebjelkar i form av fastbolta tenger som grip om sperrene. I kryssa mellom hanebjelkar og saksesperrer går det kraftige dragarar på langs i bygningen. Sperrebanda ber åsar som feste for ståande bord under ruteheller.

I 1983 vart hellene tekne av og taket fekk underlagspapp[7] Takrennene vart skifte i 2004.[8]

Himlingar

Skip og kor har himlingar av liggjande bord på tverrgåande band av innkassa tenger og bjelkar frå takverket. Himlingane er tredelte med eit horisontalt høgre midtfelt og skrå sidefelt. I skipet er det tre band som delar himlinga i fire fag, det vestre dekkar galleriet. I koret har himlinga to fag

Himlingane vart tilleggsisolerte i 1991.[9]

Tårn

Over inngagspartiet i vest har kyrkja ein takryttar med kort, firkanta klokkehus med to rundboga lydgluggar til nord og to til sør. Klokkehuset er dekt av sterkt inntrekt åttekanta hjelm avslutta med spir. Utvendes er det kledd med sulagde bord, tårnet vart tekt med koparplater i 1992.[10]

Interiør

Bergsdalen kyrkje har kyrkjerom orientert mot altarrommet i aust. Her står altaret med altartavla frå 1968 eit stykke frå austmuren som har dør mot stakristiet. Ved sidemurane står ein benk på kvar side, ved nordmuren er det gjort plass til brurastolar attmed benken. Golvhøgda i koret held fram eit stykke vest for korbogen og er avslutta med breitt, sentralt trappesteg flankert av polygonale framspring for døypefont på nordsida og for preikestol på sørsida. Dette er i samsvar med den originale planteikninga av arkitekt Tvilde.

Kyrkjerommet har benkeparti på begge sider av sentral midtgang. Bak på sørsida er det laga plass for to små bord med stolar til bruk for små born. Kyrkja har tverrgalleri over inngangspartiet i vest. Her står orgelet på nordsida, elles er det nokre sitjeplassar på galleriet. Mykje av inventaret er teikna av arkitekt Tvilde og er prega av tida med fyllingar i kryssfinér med påsette profilerte lister. Det gjeld mellom anna dørene, altaret og galleribrystinga. Benkeryggane har truleg også hatt ei slik utforming før dei vart endra.

I kyrkjesalen er det bord og stablestolar og piano, og elles ein del teppe og bilete på veggene. Kjøkkenet har vanleg kjøkkenutstyr. Kjøkkenet og kyrkjesalen vart oppussa i 1985.[11]

Fargar

Kyrkjerommet er lyst og prega av materialfargane. Golvet og benkene er i lakka treverk, himlingar og liturgiske møblar har ikkje måling eller lakk. Murane er pussa og står ukalka.

Den friskt grøne midtgangsløparen frå 1968, som går fram til altarringen og også dekkar golvet inne i ringen, utgjer det sterkaste fargeinnslaget i rommet. Han vart innkjøpt etter initiativ frå husmorlaget i Bergsdalen. Fargen vart valt ut frå fargane i den nye altartavla i samarbeid med kunstnaren.

Lys og varme

Kyrkja har hatt elektrisk lys og varme frå starten. På Tvildes teikning er det plassert ein vedomn nordvest i altarrommet og kyrkja har pipe. Oppvarming ved røyromnar under benkene og panelomnar.

Inventar

Altar

Kassealtar teikna av Leiv Tvilde. Altaret har tre finérfyllingar i ramme på framsida og tre på baksida og ståande profilerte bord på kortsidene. Fyllingane på framsida har dekorfelt av profilerte lister. Altaret er samla ved brei sokkellist i nedkant. Bordplate av limtre med enkel kantprofil. Altaret er 220 cm breitt, 56 cm djupt og 100/116 cm høgt.

Altartavle

Frå først av gjorde ein enkel, gullfarga kross på raud fløyelsbakgrunn teneste som altartavle.[12] Denne heng no på nordmuren i skipet over køypefonten.

Altartavle vart oppsett i 1968. Det er eit triptyk, måla av Ole Gabriel Dahl, Bergen, og framstiller frå venstre profeten Elias med sonen til enkja i Sarepta og med sverdet som Guds ord, vidare den oppstadne Kristus i midtfeltet og døyparen Johannes til høgre. Alle motiva er måla på eitt lerret som er inndelt på framsida med lister. Over midtpartiet ein kross på opptrappa sokkel. Under triptyket sokkel med skriftfelt med måla innskrift: DEN SOM TRUR PÅ SONEN HAR EVIG LIV. Joh. 3,36. Framlegg til ikonografien vart lagt fram av kapellan Einar Tveit.[13]

Altarring

Altarringen har tre sider av nærast kvadratisk form og opning ved altaret i nord. Flat profilert handlist over parstilte, profilerte spiler på sokkel. Låg, flat knelepute over sokkel. Puta er stoppa og trekt med mørk brunt skinn festa med saum. Golvet i altarringen ligg eit steg høgre enn korgolvet.

Kneleskammel med fire bein og knelepute som på altarringen.

Døypefont

Døypefont frå 1961, teikna av arkitekt Tvilde. Fonten er åttekanta, smal og rettsida med plate i overkant til plassering av dåpsfat og med inntrekt sokkel. Kvar side er laga av eit ståande bord festa med trenaglar og med profilerte hjørnelister. Brystvernet og skiljet i golvnivå går fram i ein polygonal boge framfor døypefonten.

Preikestol med oppgang

Preikestol teikna av arkitekt Tvilde. Preikestolen har åttekanta grunnform og eit polygonalt framspring av det høgre korgolvet fungerer som sokkel. Stolen følgjer sokkelen og har tre heile sider og to smalare mot aust. Kvar side har to felt av ståande bord flankerte av profilerte lister. Golvet i stolen ligg eitt steg høgre enn korgolvet.

Benker og faste stolar

Benkene er i utgangspunktet dei originale. I 1998 vart dei ombygde av Hæggelands Interiørfabrikk i Samnanger i det ryggen vart bytt ut og det vart sett på fotstøtte. Tidlegare ryggar hadde truleg ramme med fyllingar i kryssfinér. Benken bak på sørsida vart teken vekk i 2003 og det vart sett opp bord og stolar for born.[14]

Galleri

Galleriet dekkar inngangspartiet i kyrkja og stikk noko fram frå dette inn i kyrkjerommet. Det er lagt ein galleribjelke inn i sidemurane på tvers under brystvernet. Fram til denne går bjelkar med sveifa bjelkehovud frå gallerigolvet. Golvet på galleriet er avtrappa i ulike nivå. Brystvernet har kryssfinérfyllingar i ramme. Oppgangen til galleriet er via trapp på sørsida i inngangspartiet.

Måleri og tavler

I kyrkjesalen heng ein kopi av Jesus i Getsemane. Måleriet er signert nede i venstre hjørne: Etter Hofmann, Louis Kvalstad 1943. Lysmål 46,5 x 65 cm.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altardukar

a) Altarduk teikna av arkitekt Tvilde, i bruk 1955-1973 og seinare ved juletider.[15] Duken av kvit lin har brodert bord med englar vende mot ein kross sentralt i front. Fritt broderiet med mellom anna stilkesting i moullinégarn i raudt, blått, brunt og gult.

b) Duk med grøne krossting på halvbleika lin med vekslande drueklasar og aks og med IHS sentralt i front. Brodert av Margunn Fosse 1973.[16]

c) Duk med grøne krossting på halvbleika lin (kopi av b) merkt MF (Margunn Fosse). Duken vart teken i bruk i 1997.

Messehaklar

a) Kvit messehakel i vid, innskrådd form. 1963. Stoffet er ein veneziansk damaskvev av silke med chi-rho og symjande fiskar i bølgjemønster. På forsida er det brodert ei liggjande tornekrone i orange og gult, på ryggsida ein liten latinsk kross i brysthøgd. Hakelen har djupt gult silkefôr. Han er merkt STATENS KVINNELIGE INDUSTRISKOLE, OSLO og skal vera laga av Frøidis Haavardsholm.[17] Største vidde 127 cm, største høgd 113 cm.

b) Grøn messehakel i vid, rettsida form med runda hjørne. Hovudstoff med stripeeffekt i ull og viskose. Påsydd krage. Grønt fôr. Broderi på ryggsida: tre aks, broderi på framsida: chi-rho. Hakelen er merkt ATELJE TRE BÄCKAR, KOMP: KERSTIN PERSSON. Største vidde 119 cm, høgde 120 cm.

Messeskjorter

Ei messeskjorte og ei enkel kvit kappe.

Dåpskjole

Dåpskjole av kvit lin med fint, fritt broderi. Kjolen skal vera sydd av Ingeleiv Hatlestad.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokke

Kyrkjeklokke frå Olsen & Søns klokkestøyperi i Tønsberg, innskrift på korpus på ei side: 17. februar 1953. Innskrift på den andre sida: LANGE TIDER / BERGSDALSFOLKET VONA / HØYRE KLOKKA / GJENNOM DALEN TONA. / NO SKAL ALLTID / KLOKKEKLANGEN KALLE, / HELG OG HØGTID, / HIT TIL KYRKJA ALLE!

Klokka har ein diameter på 66 cm, høgda er 61 cm med oppheng og 51 cm utan.

Orgel og andre instrument

Orgel

Eit tidlegare orgel vart kassert på 1990-talet.

Nytt orgel vart teke i bruk 26.mai 1976. Instrumentet vart levert av Vestlandske orgelfabrikk. Orgelet har rette sider og overkant er tilpassa himlinga i skipet med skrå side som er avslutta flatt oppe. Orgelkassen har rette, trefarga sider. I fronten er det metallpiper dekte av lamellar i pleksiglas. Instrumentet har mekanisk overføring og følgjande disposisjon fordelt på eitt manual og pedal:

Piano

a) Piano i kyrkjerommet: Jacob Knudsen.

b) Piano i kyrkjesalen, 1992, Petrof, gåve frå Kaldestad.

Møblar

Brurestolar, 1964. Produserte av Bjotveit, Kinsarvik. Gåve frå Bergsdalen Husmorlag.[18]

Offerkar

Bøsse av kopar, laga av lokal smed Åsmund Fosse.[19]

Blomstervasar

a) To blomstervasar. Vasane har kølleform med driven, naturalistisk rosedekor på korpus og fot. Stempel: 830 S og THUNE. Høgde 28 cm, diameter fot 10,2 cm.

b) To blomstervasar. Vasane har konisk kupa på plate og flat fot. På foten. GAVE FRA FAMILIENE BERGE OG HEREID I USA TIL KYRKJA I BERGSDALEN. Stempel: 830 S, ? (MÅ?), og 6. Høgde 21,7 cm, diameter oppe: 9,2 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Gravplassen på Lid vart vigsla 10. februar i 1902. Den gamle kyrkjegarden er omkransa av steingard. I 1945 godkjende Kyrkjedepartementet at kyrkjegarden vart utvida mot vest og nord med om lag 977 m2. Det vart då presisert i skrivet at løyvet ikkje galdt kyrkjetuft. Gravplassen med utviding vart vigsla 31. august 1947.[20] Gjerde rundt nordre del av gravplassen var ferdig i 1986.[21]

Porten inn til kyrkjgarden er laga av Åsmund Fosse, og vart sett opp i 1959.[22]

Minnesmerke

Minnesmerke over Tor Kyrkjeteig som fall i 1940. Steinen vart avduka 17. mai 1957. Minneplata i bronse er laga av bilethoggar Sofus Madsen, Bergen, og har portrett i relieff av Kyrkjeteig i tre kvart profil og med studenthue. Innskrift: TOR KYRKJETEIG FØDD 9.3.1914 GAV LIVET FOR FEDRELANDET 23.4.1940 / ME SKULDAR DEG ALT OG TAKKAR DEG.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Ved steingarden på sørsida av kyrkjegarden står eit klokketårn i bindingsverk som går attende til tida før kyrkja vart bygd.[23] Tårnet har kvadratisk grunnplan og rette sider og er dekt av pyramideforma hjelm som endar i spir med kross. Veggene har liggjande panel og i nordveggen er det ei dør. Hjelmen er tekt med lappheller. Over døra står årstalet 1902, dette er sekundært tilsett. Det heng ikkje klokke i tårnet no.

Kjelder

Trykte kjelder

Bergsdalen sokneråd, Dei bygde draumen : jubileumsskrift for Bergsdalen kyrkje 50 år, Odda 2005

Oppmålingsteikningar

Tvilde, planteikning av kjellaretasjen, i kyrkja

Tvilde, planteikning av 1. høgda, i kyrkja

Bilete


Fotnoter

  1. Jubileumsbok s. 94f
  2. Jubileumsbok s. 100 og 163
  3. Jubileumsbok s. 108
  4. Etter arkitekt Tvildes teikningar.
  5. Jubileumssbok s. 125
  6. Same staden
  7. Same staden
  8. Same staden
  9. Same staden
  10. Same staden
  11. Same staden
  12. Jubileumsbok s. 127
  13. Jubileumsbok s. 128 f
  14. Jubileumsbok s. 120
  15. Same staden
  16. Same staden
  17. Jubileumsbok s. 127
  18. Jubileumsbok s. 109 og 121
  19. Jubileumsbok s. 121
  20. Jubileumsbok s. 47f
  21. Jubileumsbok s 125
  22. Jubileumsbok s 52
  23. Jubileumsbok s. 45