Borgund stavkyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Den gamle stavkyrkja på Borgund i Lærdal kan vera den andre kyrkja på staden. Kyrkja er ikkje kjend frå det skriftlege kjeldematerialet før 1342 (eller 1360?) eller i Bjørgvins kalvskinn (45 a 45b og 46). Ho er dels kalla Kirkiuvallar, og garden ho står på heiter Kyrkjevoll, men dette namnet må i alle fall vera yngre enn den første kyrkja på staden. Elles er kyrkja kalla Borgundar i det eldre skriftlege materialet. Kyrkja skal vera vigsla til St Andreas.[1] Alt på 1600-talet stod kyrkja og støpulen fram som særmerkte bygningar, noko som speglar seg i skriftlege kjelder frå denne tida. Til dømes heiter det i 1709 at

Borgens Kirche, Er een megit gammel Stave kirche af een sær och forunderlig Bygning med Svaler over hin anden udj Rundeling, vell Holden ved Lige och indvortes Hvelfvet Mahlet och vell ornerit

Om klokkestøpulen heiter det i synfaringa frå 1721 at

Kloche-Huuset, som staar noget i fra Kirchen, er i fiirkandt af een Sær Invention.

Utetter på 1800-talet vart kyrkja for lita for soknet, og det vesle, mørke kyrkerommet var heller ikkje idealet i andre halvdel av hundreåret. Frå 1860-åra greip Fortidsminneforeninga inn for å verna kyrkja mot utviding, og foreninga fekk løyvt offentlege midlar til å overta og setja i stand stavkyrkja. Soknet, som fekk ny kyrkje sør for den gamle, teikna av Christian Christie, fekk ansvaret for den gamle klokkestøpulen som ligg mellom kyrkjene.

Stavkyrkja vart restaurert på 1870-talet, også dette under leiing av arkitekt Christian Christie. Målet var å komma attende til ein autentisk mellomaldersituasjon og for å oppnå dette, fjerna ein vindauge med arkar frå 16- og 1700-talet, eit sakristitilbygg i tømmer sør for koret og mykje av det inventaret som bruken av kyrkja hadde ført med seg opp gjennom hundreåra.

Såleis tok ein vekk det etterreformatoriske korskiljet som kan ha hatt røter attende til mellomalderen og oppgangen til preikestolen, altarring og benker i skip, kor og svalgangar, galleri med trapp og også himlinga. Den etterreformatoriske interiørmålinga vart fjerna. Arbeidet var sluttført i 1872.[...] Slik kyrkja står no, gjev ho nok eit godt bilete av den mellomalderske stavkyrkjebygningen, medan bruken som kyrkje er underkommunisert og dei historiske laga er i stor grad borte.

Kyrkja har, som den arkitektonisk sett best bevarte av dei norske trekyrkjene frå mellomalderen, vorte ståande som ein prototype på ’stavkyrkja’, og har fungert som modell ved oppføring av kopiar og ved restaurering av stavkyrkjer som har vore sterkt endra gjennom tidene. Kyrkja ligg ved stamvegen mellom vestland og austland, og har lenge trekt til seg folk frå inn- og utland. Så tidleg som ved synfaringa i 1686 vert det også peikt på at kyrkja ligg ”mit udj Alfahrveye” og difor må haldast ved lag.

Ved dei seinaste vegomleggingane vart stavkyrkja og den gamle vegstrekninga opp til [...]liggjande eit stykke frå vegen. I samband med denne omlegginga er det også oppført eit besøkssenter nær kyrkjene på Borgund med utstilling om stavkyrkjene, matservering, suvenirsal, parkeringsplass og andre fasilitetar. Kyrkjene og kyrkjeområdet vert på denne måten understreka som kulturminne, medan kyrkjestaden og kyrkjefunksjonen vert nedtona. [...]

Datering

Dietrichson plasserer kyrkja etter grupperinga av midtromsstavane i hjørna, og seier at ho er den eldste stavkyrkja innafor ”stavkyrkjebygningens blomstringstid”.[2] Han argumenterer for ei datering til 1150 eller tidlegare ut frå ei runeinnskrift. Ut frå ornamentikken i vestportalen som viser den ”næsten fuldt uviklede blomstrings-ornamentik”, meiner han likevel at kyrkja ikkje kan vera eldre enn 1150, og dette er det årstalet han festar seg ved.[3] [...]

Mål

Etter synfaringa i 1686 hadde kyrkja følgjande mål: kirchens størelse lengden 13 Alen breeden 11 Alen, Chorit lang 9 Alen breed 6 Allen, og desse måla skil seg som vanleg frå dei som er oppgjevne i synfaringa i 1721: Coret er lige langt og Bredt, 6 al, Kirchens lengde foruden Svalerne er 12 al. og Breden – 10 al. Når det gjeld skipet (Kirchen) kan det forklarast med at det dei først måla er ytre mål og dei andre indre mål, medan skilnaden i måla på koret kan vera med og utan apside.

Dietrichsen har meir detaljerte mål i tommar,[4] medan Bendixen har rekna desse måla om til metriske mål.[5] Måla går også fram av Jensenius’ teikningsmateriale.[6]

Bygningen

Vegger

Veggplankane og andre konstruktive element i veggene i skipet og koret har nedsenkt, rettvinkla profil, medan tilsvarande ledd i apsiden har geissfuss og holkil. Dette kan vera ei stadfesting av at apsiden er sekundær.

Svalgangen

Svalgangen går kring heile kyrkja. Han må på eit tidlegare stadium, før apsiden vart sett til kyrkja, ha vore rett avslutta bak koret. Etter rekneskapen vart alle sviller under svalgangen og 14 stolpar utskifte i 1687-89. Det vart lagt nytt bordgolv i kyrkjesvalen i 1668, fornya i 1690-92. No er det steinplater.

Veggene i svalgangen er i stavkonstruksjon med hjørnestolpar der dei berande tverrgåande elementa er lagde inn i stolpane. Slike hjørnestolpar finst ca ein meter aust for auststolpane i koret, om lag ein meter ut frå langveggene i koret. Vidare er det stolpar for indre hjørne i overgangen mellom kor og skip og for ytre hjørne utafor ytterhjørna kring skipet. Ved skipets langvegger og vestveggen er svalen broten av opne portalar der veggen via hjørnestolpar vender ut og inn mot opninga. To av desse opne portalane, i sør og i vest, korresponderer med portalar inn i skipet, medan portalen i nord tykkjest vera oppsett med omsyn til symmetrien.

Veggene i svalen er bygde med syllstokk og stavlegje som går inn i hjørnestolpar. Nedre delen av veggen har breie veggplankar som er sette ned i spor i syllstokken og er låst oppe med losholt. Mellom losholten og stavlegjen er det sett inn dvergarkadar med rundbogar i ein tverrliggjande planke borne av små pilastrar med terningkapite og base avslutta med vulst mot skaftet. Hjørnestolpane har rundt snitt og basar avslutta med vulst som tykkjest strypa inn sjølve stokken. Stolpane ved dei tre portalopningane skil seg frå hjørnestolpane. Koniske basar rir over syllstokken (dørstokken) og søyla utvidar seg jamnt mot midten før ho vert smalare att. Oppe er ho avslutta med vulst under konisk kapitel. Utvendes er veggene i svalen sterkt verslitne, men ein kan ana ein nedsenka, rettvinkla profil. Innvendes er profilen tydeleg. I portalopningane har det tidlegare stått portar i brystningshøgd. I rekneskapen frå 1684-86 er det gjort greie for utlegg til fire ”halfuedørre” for svalene. [...]

Nokre av pillarane har utvida søylemidte med dobbel vulst. Veggborda er flate innvendes, utvendes har dei nedsenkt rettvinkal profil etter kanten og boga averflate. [...]

Kyrkjerekneskapane gjer greie for arbeid ved inngangane til svalen. I 1699-1701 vart inngangen på nordsida teken ned og bygd opp att større med nye stolpar. Søndre ”kyrkjeport” fekk i 1702-04 nye sviller, stolpar og bord og det vart sett inn nye beitskier og skur over døra. Kielland (Årsb. 1902 s 196) og seinare Bendixen (manus s 319) argumenterer for at svalen er sekundær i forhold til kyrkja elles. Dette dels av di sperrene er feste direkte inn i veggplankane på ein lite konstruktiv måte, dels av di det er drypphol i omgangens syllstokk, dels av di omgangsveggen med sviller er tjørebredd og hardt værslitne. Mot dette talar at materialbruk og høvelprofil i svalen samsvarar med kyrkja elles. Apsidesvalen skil seg i form frå svalen kring kyrkjeomgangen.

[...]

Veggene i kor og skip – omgangen. Veggene i omgangen kring kor og skip er ordinære stavvegger bygde opp med sviller, hjørnestavar, stavlegjer og veggplankar. Alle desse elementa, med unntak av hjørnestavane, har nedsenkt, rettvinkla profil. Syllstokkane er[...] cm høge og er lagde inn i hjørnestavane. Dei har profil utvendes mot overkanten og not i overkanten for plankane – med trekanta, kileforma drypphol mot utsida.

Veggplankane har boga yttersider med profil ved notsida. Ytste punkt går i flog med syllstokkane. Hjørnestolpane har sirkelrundt tverrsnitt. Basane er sylinderforma og [...] cm høge og svingar inn mot dobbel vulst. Syllstokkane går inn i basane under vulstane. Ingen form for kapitel. Veggene er avslutta oppe med dobbel stavlegje. Vegggplankane er flate innvendes, samansette med enkel not. Innvendes er langveggene i skipet avstiva med to andreaskrossar på kvar side. Kryssbjelkane har nedsekt, rettvinkla profil, er nagla fast i veggplankane med runde trenaglar. Kryssa har innsett hjørne i vinklane som ei sol. Vestveggen er også avstiva på denne måten. ”Sola” er profilert. Andreaskrossane er festa i syllstokkar og stavlegjer. Denne avstivinga er litt anleis på austveggen i koret. Her går berre skråstivarar frå nedre, ytre hjørne på skrå opp over korbogen. Det er ikkje tilsvarande avstivint av veggene i koret.

Veggene i koret er feste til austveggen i skipet ved at dei indre hjørnestolpane er forma med kjøl mot aust som tek opp sideveggene frå koret. Desse kjølane har nedsenkte, retvinkla profilar. Den nord-austre hjørnestolpen i koret er utforma på ein særleg måte, truleg i samband med nordaltar eller ein særskild, overbygd stol. Stolpen er utskoren i hjørneform over basen og opp til baldakinhøgd der han skrår inn, truleg for overbygg.

I den opphavlege, rette austveggen i koret er det sett inn ein smal, tjukk profilert planke på kvar side ved hjørnestolpen. Profilen er holkil og geissfuss. Syllstokken er dels avskoren og det er sekundært sett inn eit bjelkestykke i overkant. Han har spuns etter eit rundt element som har stått ned i stokkem ytst på kvar side. Innafor desse er han skoren litt ned, men i heile lengda er det her og der restar av trenaglar. Det er såleis ikkje noko besvart not for veggplankar, men øvre og nedre stavlegje er bevarte. I nedre stavlegje er det not for veggplankar i underkant, i øvre stavlegje er det tre sperrefeste for apsidens sperrer i overkant mot utsida.

Bendixen skriv om denne veggen:

Ved østre korvegg gjenstår det for en svalgang i øst oprinnelige kjølsperr (gradsperr) i nordre hjørnesøile, mens den nuværende svalgangs fløisperr mot nord er anbragt i apsisveggens lanker og ikke i indre hjørnesøiler. Den øvre leger i korets østvegg har nut langs hele undersiden for en plankevegg og er tjæret på østre side.[7]

Veggene i skipets opphøgde midtrom er opne opp til taket over omgangen, over dette er dei tette med veggplankar. Midtrommet er bygt opp av 12 stolpar der dei fire hjørnestavane er sirkelrunde i snitt, medan dei flankerande stavane, to til kvart hjørne, er noko tynnare og tenderer mot ovalt snitt. Stavane kviler på ei ramme av grunnstokkar (sjå nedafor under golv og fundament). Stavane går ubrotne opp til stavlegjene under taket. I tillegg til dei 12 bærande stavane er det ein stav midt på kvar av langveggene i skipet. Desse starta over nedre tang og går heilt opp under nedre stavlegje. Over øvre tang er stolpane avblada inn mot kyrkjerommet frå rundt til rektangulært snitt, oppe under stavlegjen er avbladinga avslutta med skorne masker.

Stavlegjene er lagde inn i hjørnestavane medan stavane i veggene elles er feste opp i underkant av nedre stavlegje. Stavane er avstiva med to doble tenger av liggjande, rektangulære plankar med nedsenkt rettvinkla profil. Mellom øvre og nedre tang er det sett inn andreaskrossar med solforma sentrum og utskorne bladformer utetter armane. Under nedre tang er det sett inn rundbogar mellom stavane og større, breiare rundbogar midt på nordre og søndre vegg. Mellom plankane i øvre tang er det også sett inn rundbogar under syllstokkane for midtromsveggen. Mellom øvre og nedre stavlegje over midtromsveggen er det lagt inn to bindbjelkar på tvers av rommet. Desse har rektangulært snitt og nedsenkt, rettvinkla profil. I kvart hjørne ved midtrommsveggenes svill er det sett inn horisontale kne. Langveggene i midtrommet har eit rundt hol i kvart av faga i nord og sør, fire på kvar side. Utvendes er veggene kledde med spøner.

Koret har også ei form for opphøgd midtrom, menn dette kviler berre på takkonstruksjonen over omgangen, der der er spent bogar [...] som bindbjelke på tvers av rommet. Kvar av langveggene har to sirkulære lysopningar, syllstokkane tek opp omgangstaket. Dobbel stavlegje har kne i hjørna og ber midtromstaket. Også desse veggene er tekte med spøner utvendes.

[...]

Portalar og dører

Det som står i rekneskapane om nordinngangen må gjelda inngangen til kyrkjegarden. Det er ikkje noko som tydar på at det har vore portal i nord.

Kyrkja har tre portalar, ein i vest, og to i sør, ein til koret og ein til skipet. Alle tre tykkjest ha opphavleg utforming, men sørportalen i koret er sterkt redusert. [...]

Vestportalen
Døra er høg, smal, rundboga og sett saman av to bord, ca 45 og 34,5 cm breie. Innvendes er dei samla med to kraftige labankar med nedsenkt, rettvinkla profil på hjørna. Kvar av labankane er feste til døra med tre firkanta naglar til kvart bord. Utvendes har dei enkle gangjarn med kil som er feste med jarnnaglar i heile dørbladets breidde. Utvends har døra to rike beslag, oppe til venstre for dørringen, påmidten til høgre for nøkkelhol. [...] Døra har diverse innskorne initialar og bumerke. Labankane er avskorne i nedane for ein situasjon der dørene slo utover. Vest portalen har same utforming med dørslåe som sørportalen i koret. Her har slåa dyrehovud.

Portalen fyller rommet mellom syllstokk og stavlægje i omgangen. Han er sett saman av to veggbord med treskurd utvendes, av eit tverrlagt bord i overkant med runda underside og der skurden frå sidebora held fram og av pålagde element i tre delar. Det meste av rundbogen, flankerande dørstolpar med kapitel og dei nedre delane av rundbogen, Kapitela og basane for stolpane er ”forhogne” for utgåande dør.

Sørportalen i skipet
Sørportalen i skipet har same typen dørslåe, men med ein enklare knott. Det er trekt nedsenkt, rettvinkla profil etter hjørna på den svungne dørkarmen. Det tydar på at den er ein opphavleg del av det heile.

Også dørbladet i sørportalen har det rettvinkla profilet trekt etter kanten i heile rundbogen utvendes, men ikkje nede. Dørbladet er sett saman av to plankar, 29,5 og 40 cm breie, med labankar innvendes over og under gangjarna. Labankane er opphavlege med nedsenkt, rettvinkla profil, og festa til døra som elles med store firkanta, gjennomgåande trenaglar. Utvendes går det to smale, heildekkande gangjarn med kil, feste med jarnnaglar.

Portalen har sidebord og tre liggjande bord over døra, det nedste er skore i runding på undersida. Det er ingen treskurd på portalplankane utvendes, men ein tilsett skoren boge i overkant og portalsøyler tilsette på begge sider. Sjølve søyleskafta er glatte. Bogefeltet har rankeskurd med gjennomgåande sentralband, kapitela har også rankeskurd. På kapitela står løver på fire bein og vaktar inngangen. Dei er truleg skorne saman med bogeanfanget bak som er eit framhald av stolpeveden. Basane som er avslutta ved dørkarmen/svillens overkant er forma som den øvre delen av masker med auge og nase. Ut frå holer over ytterkant av augo kjem ranker som går over og under ringar i overgangen mellom skaft og base. Søylene er nærast runde og feste til veggen med runde trenaglar.

Sørportalen i koret
Døra er ca 57 cm brei og sett saman av eit breitt bord, ca 50 cm og eit smalare, ca 7 cm breitt. Ho er halden saman av to labankar som sekundært er flytta, den øvste har stått høgre, den nedste lægre. Dette har truleg skjedd i samband med at den øvre delen av døra er skifta ut/skøytt. Skøyten ligg no under øvre labank. Innvendes på austsida av døra er ein dørkarm med feste for dørslåe gjennom den sentrale, opphøgde midtre delen. Dørslåa har fin skurd med skolpesnitt (?). Døra er hengsla på vestsida med to jarnhengsler. Hengslene held fram som gangjarn på utsida av døra, festa med jarnnnagler. Jarna har ein kil etter midten. Det nedre endar med splitt og to utsvinga ledd, medan det øvre dekkar døra i full breidde. Dørbladet har trass i svalen vore utsett for sterk sol og regn og er sterkt stite. Syllstokken i koret utgjer dørstokk for døra. Karmane på øvre delen på vestsida er bevart. Det er to veggbord over døropninga, og veggplankane på begge sider er breiare inn mot døra enn over, i det dei går ut som konsoll for underdelen av dei to veggborda over bogen. Ein del av bogen som har funnest over opninga står framleis att. Han består av eit bogesegment festa med trenaglar til veggplankane. Spor i sideborda syner at portalen også har hatt sidebord feste til veggplankane, og at desse har hatt ein base i nedkant. Dei isette sidestykka er ca 5,5 – 9 cm breia.

Dører i opningane i svalen
Det er merke etter låge dører i opningane i svalen. Av dei tiltaka som vert nemnde i synfaringa frå 1686, er at det skal lagast tre små halve dører framfor svalene for å halda dyr ute.

Korskiljet

Syllstokken i skipets austvegg er gjennomgåande og fungerer i full høgde som dørstokk mellom skip og kor. Oppe er det skore eit bogesegment opp i nedre stavlegje som antyda reit bogespenn i full breidde der koret opnar seg mot skipet. Denne bogen er realisert ved hjle av sekundært isette bogesegment felte inn i underkant av store kne som er sette inn i hjørna mellom hjørnestolpane og stavlegjen. Sjølve knea endar med ei avblading mot hjørnestolpen, eit dekorelement som finst att fleire stader i kyrkja. På sidene av korpninga nede er det restar av brystningar som er sette ned i syllstokken. Plankane her har not og fjør og er avhogne med fjør (v-form) i overkant på sørsida, på nordsida er dei dekte med profilert, flat handlist.

Profilen har holkil og geissfuss på begge øvre hjørne. Brystningane har tidlegare gått nokko nærarer midten og stogga ved avsluttinga av veggbenken (sjå nedafor under Benker). Innafor denne nota er det eit noko breiare spor for stolpar/plankara som har flankert kordøra. På begge sider over brystninga er det djupe og breie spor inn i dei kjølforma hjørnestolpane. Desse har tekke opp tverrgåande element i korskiljet. Det er ikkje fullt samsvar mellom spora på dei to sidene. Oppe i det som er att av den opphavlege bogen er det små runde fâr etter ståande pillarar.

I 1696-98 vart det etter rekneskapen betalt for ”82 dreyede pillere i mellem choret och kirchen”.

Vindauge

Oppe i midtromsveggene i skip og kor er det runde gluggar – fire på kvar side i skipet og to på kvar side i koret. I midtromsveggen vest i skipet er det eit rundboga blyglasvindauge under ark. Dette vart ståande att ved restaureringa i det ein rekna med at opninga gjekk attende til mellomalderen. Den rundboga gluggen gjennom ein veggplanke på nordsida av omgangsveggen i vest har ein smal fals utvendes. Gluggen kan gå attende til mellomalderen. Han er no tetta at med ein grovhoggen planke som er festa til veggen på innsida.

I 1667-69 er det nemnt arbeid med vindauge ved preikestolen og ved funten. Vindauget ved funten er truleg det som er nemnt i synfaringa frå 1661-65 og har i tilfelle vore på nordsida i nordvestre hjørne av skipet.[8] I Synfaringa frå 1686 vart det sagt at det skulle lagast eit vindauge ”af ny” som skulle setjast inn i vestre gavl. Det vart teke ut fleire nye vindauge i kyrkja i ein periode tidleg på 1700-talet (1702-04). Eit vindaugshol vart då opna på sørsida i kyrkja til to vindauge i ein karm med ark over, eitt nytt vindauge vart laga på sørsida i koret og eitt ”neden i kircken”. Ny ark vart bygd over vindauget i dåpshuset, eit nytt vindauge med karm og ramme ”midt for alterit”, og ny karm og ramme til vindauget ved preikestolen.

Dei etterreformatoriske vindauga vart fjerna att ved restaureringa på 1800-talet. Vindauga hadde utbygde arkar, dei fleste gjekk også gjennom svalgangstaket. Spor i kyrkja viser at det var vindauge sør og aust i apsiden, heilt oppe i veggen under stavlegjen. Ved austre hjørnestolpe i sørveggen i koret er det også ei attspunsa opning i veggen opptil stavlegjen og vidare ut gjennom svaltaket der to fag har nytt materiale. Dette er truleg det vindauget som stod ”midt for alterit”.

I skipet er det spor etter attbygde vindauge fleire stader i omgangsveggene. Det har vore eit vindage i søndre omgangsvegg i skipet ved preikestolen. Den attspunsa opninga går over tre veggplankar. Svaltaket utafor er fornya. Sørveggen har også hatt eit vindauge ved vestre hjørnestav, like under stavlegjen.

Heilt vest i nordveggen, men skilt frå hjørnestaven og stavlegjen – har det vore eit lite vindauge til dåpshuset. Også her er taket i svalen utafor fornya. Midt på nordre omgangsvegg har det vore ei større opning, ikkje heilt sentrert, over tre og ein halv planke og heilt opp til stavlegjen.

Golv og fundament

Grunnstokkane er synlege under svillene. Golvet i skipet er, med unntak av hjørna, dekte med varegolv. [...]

Kyrkja har eit typisk fundament for stavkyrkjer med opphøgd midtrom. Under skipet er det lagt fire rektangulære, liggjande grunnstokkar som kryssar kvarandre og er blada saman i fire punkt. Desse ber hjørnestolpane i det opphøga midtrommet, ig mellom kryssa ber dei resten av midtromsstolpane, her to på kvar side. Stokkane går ut over kryssa og ver syllstokkane for omgangsveggene. Endane er synlege utvendes. Under koret er det berre ein slik grunnstokk som støttar opp under syllstokkane i austre del av koret. Fundamentet for grunnstokkane er steinlag. Grunnstokken under koret har not på vestsida og er breiare mot aust. Dette er truleg ein oppattbrukt syllstokk.

Skipet har bordgolv der oversida lig i plan med oversida av grunnstokkane slik at desse siste vert ein del av golvet. I koret ligg det bordgolv nagla til golvbjelkar med trenaglar.

Tak

Svaltak i skip og kor. Svalens tak kviler på svalens stavlegjer. Frå desse går det skrå, rektangulære sperrer inn mot omgangsveggene. Sperrene er profilerte (rettvinkla nedsenkt profil) på begge sider i underkant. Halvveges oppe er veggene avstiva med overliggjande smale åsar blada ned over sperrene. Også desse har profilar på begge sider i underkant. Over åsane ligg det ståande takbord som utvendes er tekte med spøner. Utskift materiale er ikkje profilert.

Der svalen knekker i rett vinkel, ved hjørne og ved inngangar, er det lagt inn skråsperrer. Ved inngangane knekker svaltaket ut og så inn mot portar og igjen ut som ark over sjølve opninga. Her er det doble stavlegjer som går inn i eit stolpepar som går ned til grunnen inne i porten. Over stavlegjene er det i tillegg salta over ein ark som opnar seg utover med gitterverk, Alt spontekt utvendes. Det er ikkje åsar i porttaka med unntak av det øvre taket.

Sperrene frå svaltaket går gjennom veggplankane og er runde i enden og festa med trekile. – Nei! Det gjeld berre stavegjene for portaloverbygga. Sperrene ser berre ut til å kvila på festa,, skråskorne bjelkar på omgangsveggen.

Omgangsveggens tak startar over dei doble stavlegjene i omgangsveggen. Taket over omgangane er bygt opp på same måte som taket over svalane. Det går sperrer frå stavlegjene som korresponderer med midtskipsstavar og strebebjelkar. Nedsenkt, rettvinkla profil på begge synlege hjørne. Halvveges oppe går ligg det smale åsar blada ned overr sperrene, også desse med nedsenkt, rettvinkla profil. Desse ber ståande takbord tekte utvendes med spøner. Oppe er sperrene feste til midtromsstolpane.

[...]

Taket over midtrommet er eit saltak med liknande konstruksjon som pulttaka over sval og omgang. Sperreverket korresponderer med dei tre stolpane sentralt på nord og sørsida og det ligg tre sperreband over midtrommet. Gavlane korresponderer med austre og vestre midtromsvegg. Dei tre sperrebanda har sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Nede ved midtrommets stavlegje er det sett inn bogekne i kvart fag. Under kryssingspunkta for hanebjelke og skasesperrer er det forma bogar i det det er skore inn bogesegment i saksesperrene og sett inn segment i hjørna. Sentralt i dette er det skiore ut eit ornament av fleire vulstar- I tillegg til åsane midt på takflata er taka avstiva med skråband, to i nord og to i sør, på den nedre halvdelen. Gavlane har sperrer, saksesperrer og lægre stilte hanebjelkar-

Taket over korets omgang har mange av dei same trekka som taket over skipet, men det er mange detaljar som er anleis. Taket har skråstilte hjørnesperrer i aust og mot skipets austre omgang i vest. Takflatene staartar over korveggens stavlegje og går inn til midtrommets svill.

Kvar av dei tre sidene har eitt heilt og to halve bogekne, og det ser litt halvferdig ut. Åsar og andre element har rett, nedsenkt profil, men nokre stader er det smalare enn elles i kyrkja.

Syllramma oppe under midtromsveggen har vassbeine kne i vesthjørna, men ikkje i aust. Omgangssperrene i aust og midt på langsidene går opp til midtrommets syllstokk, medan det austre sperrebandeet i langsida har undersperrer eller doble sperrer som kryssa rein hanebjelke og der hanebjelken i underkant er ornamentert som i skipet og formar boge over austre del av koret. Taket over midtrommet har kne i alle fire hjørne og ein ås plus ås i mønet.

Alle møne på kyrkja, over tak og arkar, dekorative og ev symbolske element med krossar i dei nedste høgdene og drakehovud lengre oppe i møna på skipets midtrom og saltaket i takryttaren.

Taka over apsiden, sjå nedafor under tilbygg.

Himlingar

Ved restaureringa [...] vart ei himling i skipets opphøgde midtrom fjerna. Kor gammal denne himlinga var, er ukjent. Det vart etter kyrkjerekneskapen laga ei ”hvelving udi kirchen af 19 brede huggen bord og to træer” og høvla bord i 1687-89, dette gjeld truleg eit stykke av kyrkja som ikkje var kvelv over, ”nest neden det andet”, og som er nemnt i dei tiltaka som er opprekna i synfaringa frå 1686. I sjølve skipet har det truleg vore himling attende til mellomalderen. Ein meinte at taket hadde stått udekt ein periode før ho vart oppsett, og valde difor å ta ho vekk. Grunnlaget for dette kan ha vore at takkonstruksjonen over himlinga hadde dekorelement som ein meinte var laga med tanke på at dei skulle vera synlege. [...] Kyrkja står no utan himlingar i kor og skip.

Tårn

Den austre bygningsdelen på kyrkja, apsiden, er forma som eit tårn. Sjå nedanfor under Tilbygg.

Kyrkja har ein takryttar som rir over mønet på saltaket over skipets midtrom. Takryttaren er tredelt i høgda. Nedre del er dekt med saltak og rir over saltaket på skipets midtrom med to hjørnestavar på kvar side av mønet. På langsidene i rommet mellom hjørnestavane er det sett inn liggjande bord med skoren ornamentikk [...] Tverrsidene har nedst ein losholt som går gjennom hjørnestavane og kviler på midtromsmønet. Over dette med eit lite mellomrom ligg doble losholtar med tre lansgåande, gjennomstokne bjelkar. Gavlane har øvst ståande bord med sirkulære gluggar. Saltak og vindskier er spontekte og mønene ber drakar.

På dette underbygget kviler dei to øvre delane som saman utgjer ein eigen takryttar på underbyggets saltak. Den nedre delen av denne rir over taket på underbygget med to hjørnestavar på kvar side og tverrliggjande losholt over mønet. Nedre del har spisst pyramideforma tak og opp av dette går ein liten lanterne, også denne med spiss, pyramideforma hjelm. Begge har spontekte tak og hjørnestolpar. Øvst oppe er takryttaren avslutta med spir av dreia tre som ber ein liten metallhane under ein enkel kross.

På Borgund heng klokkene i ein sjølvstendig tårnstøpul mellom dei to kyrkjene. Sjå nedafor under bygningar på kyrkjegarden.

Tilbygg

Kyrkja har opp gjennom tidene hatt ulike tilbygg som vart tekne vekk ved restaureringa [...].

Ein kan nema eit skur bak koret (1690-92), eit skriftekammer av 5 ½ tylft tømmer (1717-19) og kjøpmannsbord. Det vart også kjøpt inn materialar til ein himling over skriftestolen.

Apsiden
Det tilbygget som framleis står, og som må vera eit frå mellomalderen, er apsiden, som i eksteriøret framstår som ein intergrert del av kyrkja. Apsiden har halvrund sval knytt til austsida av korsvalen og halvrund omgang knytt til austsida av koret.

Bendixen omtaler omgangsveggen i apsiden slik:
Den i noget senere tid byggete apsisvegg er satt op på en avvikende måte, frå hvad elles er tilfelle, idet der er satt en kilplanke i midten, med nut på begge sider, hvorfra plankene utgår.[9]

Svalen har runda pulttak. Over grunnnivået har apsiden rundt telttak som på vestsida er tilpassa den rette koravsluttinga. Apsiden er avslutta i tårnliknande form med opphøgd midtrom som kviler på telttaket og ber rundt telttak avslutta oppe med kross. I grunnivå står veggene bare, medan både svaltak, apsidetak, veggene i det opphøgde midtrommet og taket over dette er kledde med spøner og øvst oppe er tårnet avslutta med kross.

I kyrkja elles har alle profilerte delar nedsenka, rettvinkla profil. I apsiden har materialane på tilsvarande stader gjennomført ein profil med holkil med v-snitt på kvar side (”hulkil med geissfuss” er brukt i tidlegare litteratur). Ved restaureringa spunsa ein att to vindauge i apsiden, eit mot sør og eit mot aust. Dei isette materialane har det rettvinkla profilet som er brukt i kyrkja elles.

Veggene i apsidesvalen er samanbunden med kyrkjesvalen elles ved at det er sett ein firkanta stolpe med holkil/geissfuss-profil innafor sluttstolpen og nagla til denne med trenaglar. Syllstoken og stavlegjen er felte inn i denne og han har også not for veggplanke. Stavlegjen i apsiden er festa gjennom stavlegjen i austre korvegg og festa med kile. Stavlegjen er sett saman av fem stykke og har holkil og geissfuss. På søndre del oppe og nede, på nordre del berre nede. Veggen er tredelt ved to rektangulære mellomstolpar med holkil og geissfuss og med not på begge sider. Svillen er tredelt og lagt inn i desse mellomstolpane. Ikkje profil. Søndre mellomstolpe skil seg ut frå dei andre stolpane ved at han er grovhoggen og utan profil. Stavlegjen er lagd ned i spor oppe i veggstolpane. Både svill og stavlegje har not for veggplankar.

Veggplankane er flate innvendes og går i eitt frå svill til stavlegje utan opningar som i kyrkjesvalen. Utvendes er skøyten mellom dei to svaltypane berre dekt med bord. Mellomstolpane i veggen er runda og har rund base med enkel vulst. Vanskeleg å sjå profilar på utsida på grunn av tjøre og slitasje, men alle delar har truleg hatt holkil og geissfuss utvendes som innvendes. Denne profilen kan anast nede på stavlegjen.

Veggen i apsiden er også sett saman av svill, stavlegje, veggstolpe og veggplankar. Han er festa til koret med jarn innafor austre hjørnestolpar i koret. Svillen er tredelt, Veggplankane har not og fjør, og holkil og geissfuss på notsida. Stavlegjen er også tredelt og har holkil og geissfuss innvendes der han er synleg.

Innvendes er det sett ein bjelke inntil korets hjørnestolpar ned i den opphavlege endesvillen. Veggborda i apsiden er festa til denne medan svillen er hoggen ned i han og stavlegjen går gjennom austre stavlegje i koret og er sikra med trekile. Geissfussbjelken går også opp i nota i stavlegjen. I overkant over den doble stavlegje aust i koret er det merke etter feste for svalens tak før apsiden vart bygt til kyrkja.

Apsiden går opp som eit tårn og har sirkulært opphøgd midtrom utan særleg støtte til golvet. Dette har enkle vegger av veggbord mellom syll og stavlegje. Apsiden har no ikkje noko form for golv. Det ligg lause steinar i golvnivå.

Taka over apsiden både i svalen og i det som tilsvarar omgangen, har sperrer i stråleform og ståande takbord i mellomromma mellom desse.

Apsidetårnet er avstiva av to kryssande skråkrossar.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Interiøret i stavkyrkja på Borgund er dominert av høgderetninga og den sparsame tilgangen på lys. Kyrkja har ei lang soge der ulike inventardeler og fargesetting har prega interiøret, såleis betalte kyrkja ein målar i 1702-04 for å måla og staffera stavane, benkene og vindaugskarmanemen. Ved restaureringa i 18.. vart det meste av dette teke vekk og målinga på veggene vart fjerna. Tanken var å føra kyrkja attende til ein opphavssituasjon. Det som no står att av inventaret er eit steinaltar som vart bygd om ved restaureringa og som står med bakkant i skiljet mellom kor og apside, og på dette ei altartavle frå 1600-talet. Vidare ein preikestol utan oppgang som står med bakkant i skiljet mellom koret og omgangen i skipet, og delar av korskiljebrystninga. I skipet er det veggbenker på alle fire sider i omgangen. Ein defekt døypefont av kleberstein står sørvest innafor vestportalen i skipet.

Viktige endringar i interiøret

[...]

Fargar

Som nemnt er fargeutstyret frå etterreformatorisk tid fjerna. Veggene har restar av vigslingskrossar måla med kvit kontur. I miden av desse er det rissa inn kross. Det finst to slike på nordveggen i skipet, eitt på søndre del av vestveggen, to på sørveggen i skipet og eitt på nordveggen i koret.

Det nedsenkte, rettvinkla profilet er fleire stader sverta slik det var vanleg, men dette har truleg ikkje vore gjort alle stader. Bogeknea i midtromsveggene er og så sverta i underkant.

Ved restaureringa sist på 1800-talet vart det aller meste av eit rikt måla interiør fjerna. Både kyrkje, kor og apside ser ut til å ha hatt draperimåling under brystningshøgd med rankemåleri over. Det finst framleis svake spor etter slik måling.

Runer

[...]

Inventar

Altar

Altaret er mura opp att i samband med restaureringa på 1800-talet. Det har no mensa av natursteinshelle der det er skore ut eit relikviegøyme – lite presist arbeid. Plata er nokså grov og utan noko form for vigslingskrossar i hjørna. I fronten av altaret står to plater eller steinar med flat ytterside på høgkant. Altaret er tørrmurt. Fundamentet går noko lengre fram mot vest enn sjølve altaret. Bordplata er 133 cm brei og 65 cm djup. Altaret er 92 cm høgt over golvet.

I nordaustre hjørnet i koret er det ei særleg innskjæring i hjørnestaven og kanskje som anfang for baldakin over. Innhakket i staven startar om lag 52 cm over golvet og det er 125 cm høgt opp til baldakinanfanget. Her kan det ha stått eit altar eller ev ein særleg stol, ev skriftestol.

Mellom dei to nordlegaste midtromsstolpane aust i skipet er det merke etter tidlegare inventar, det kan ha stått eit altar her med baldakin.

Inn i stolpen sør for koropninga i austre midtromsvegg er det bora og skore eit trekanta hol inn på vestsidai brysthøgd. Kring holet er det stiftemerke og i underkant ei stor, oppskråd trenagle som kan ha hatt berande funksjon. Holet er 9 cm høgt, 7 cm breitt og […] cm djupt. Funksjonen er uviss, men det kan sjå ut som det har hatt liturgisk bruk.

Altartavle

Altartavla er nett attkomi frå restaurering hjå Arkeologisk museum, Stavanger. Det er ei tavle frå tidleg 1600-tal (men med måla årstal 1654), rein renessanse og i overgangen frå katekismetavle til bilettavle. Snekkarverk i ei høgd med biletfelt flankert av vengjer. Tavla har fotstykke og er dekt av klassisk gavl.

Fotstykket har fire konsollar i vulstform med beslagornamentikk og profilert øvre og nedre listverk. Hovudhøgda har tre fyllingar. Dei ytste konsollane ber kannelerte pilastrar og dei to sentrale konsollane ber flate pilastrar som skil mellom fyllingane. Pilastrane er avslutta oppe med rektangulære kapitel med diamantbosse. Vengjene har bandsnoing i ståande oval, kartusj med vekstornament. Gesimsen har tilsvarande konsollar som fortykket og ber klassisk gavl med tannsnitt.

Tavlearkitekturen har svart botn med grønt, raudt, blått, grønt og kvitt. På felta mellom konsollane i fotfeltet er det måla ornament (som på søndre fag i preikestolen). På basane under dei ytre pilastrane er det måla 1654 til venstre og ELS(G) til høgre.

Biletfeltet går i eitt mellom dei ytre pilastrane i det dei to sentrale pilastrane er overmåla som ein del av tavlemotivet. Motivet i tavla viser Krossfestinga i midten med Maria Jesu mor i venstre felt og Maria Magdalena (eller Johannes?) i høgre felt.

Altarring

Det er ikkje altarring i kyrkja no. Rekneskapen nemner at det vart laga ny altarring i 1717-19 med innelukka knefall og handlist.

Døypefont

Borgund kyrkje har ein av dei kasseforma døypefontane frå Vestlandet. Fonten er av kleberstein med ettermåten grovhogne sider, men rette vinklar og hjørne. Plansnittet er rektangulært og medan yttersidene er rett vertikale, skrår innersidene inn nedover og rundar av i botnen som er ujamnt hoggen og har avrenningshol nær det eine hjørnet. Utvendes er botnen skrådd inn mot eit flatt midtparti frå alle fire sider. Mål 48,5 x 40,5 cm. Høgde 41,5 cm. Høgde til knekken mot botnen 36,5 cm. I overkant er veggen 3, 6 cm tjukk og vert tjukkare nedetter. Fonten har ein skade i overkant, eit v-forma hakk ned i eine sida ved hjørnet ca 13 cm breitt og 10 cm djupt.

Preikestol

Preikestolen har fem fag, to breie på sidene og tre smalare i front, og er open mot aust. Han er plassert på søraustre hjørne av korets midtrom i skipets omgang.

Handlista er flat og stoppa og trekt med raudt klede. Profilert på undersida i ytterkant og boren av profilert listverk som er gjerda i hjørna.

Faga har rammer med karnissprofilert list på sidene og oppe, nede har ramma fas med skoren avblading. Fyllinga har seingotisk faldeverk med holkilar og vulstar med skarpkanta skilje der vulstane er skrått avskorne oppe og nede, medan doble holkilar har sveiga avslutting i bladform. Nede har stolen breiare listverk enn oppe med ovafrå : karniss, rett avtrapping, karniss, holkil og vulst.

Foten har flat botn og kviler på ein sekundær, åttekanta stolpe. Det søndre faget har ikkje faldeverk, men berre ei glatt fylling i ramme. Ho står også utan øvre og nedre profil, men med eit måla ornament på fyllinga. Listverket nede på nabofeltet tydar på at stolen har stått inntil ein vegg på sørsida. Preikestolen er måla i fargane engelsk raudt, kvitt grønt og svart.

Oppgangen finst ikkje lengre i kyrkja.

Dei seingotiske fyllingane er flate på baksida, medan den i sør er grovt tilhoggen med avsmalna sider.

Ut frå ramme- og listverk på preikestolen som inneheld profil som vanlegvis vert knytt til 1700-talet, og det at preikestolen er sett saman med ulike fyllingar, er det nærliggjande å slutta at preikestolen er laga på 1700-talet med oppattbruk av dei seingotiske fyllingane. Desse kan t d skriva seg frå benkedører eller frå ein gallerifront eller eit korskilje.[10]

Liknande seingotisk faldeverk finst m a på preikestolen i Holdhus gamle kyrkje, Fusa kommune og frå benkedører i Gjerstad kyrkje, Osterøy kommune.

Benker og faste stolar

Kyrkjerommet har veggbenker ved omgangsveggen i skipet kring heile rommet. Benkene kviler på konsollar feste til veggen. Dei ligg om lag 32 cm over golvhøgd og er 7 cm tjukke og [...] cm breie. Som materialen elles i skipet har dei rettvinkla nedsenkt profil etter kanten ved ytterhjørnet, og dei svingar inn mot veggnivå ved portalar og koropninga. I hjørna er dei felte i einannan og sikra med nagle. Benken nord på vestsida er fornya, truleg i samband med tidlegare dåpshus. På nordveggen har det også skjedd endringar med benken.

På langsidene er det med jamne mellomrom skore ned hakk for tverrlagde setefjøler, truleg har dette skjedd etter reformasjonen. Det er fire-fem slike benkespor i sørvest, tre-fire i nordvest, ei av dei har vore lagd inn i andre midtromsstav frå vest. Og to-tre i nordaust. I alle stolpane på nordside er det innhogg som truleg er laga i samband med benker.

Om benker fortel rekneskapane at ”stolene” (benkene) på kvinnesida vart vølte i 1668. Samsundes vart det laga seks nye benker, fire i våpenhuset og to ved vestre kyrkjedør. I 1673 vart det laga fire lange mannfolkbenker. I 1684-86 vart det laga to nye benkedører med hengsler. Det vart også laga ryggstød til den same benken. Benkene på kvinnesida vart vølte i 1696-98 og det vart sett inn seks nye benkedører. Det går fram av det skriftlege kjeldematerialet at det også har vore benker i svalen.[11]

I dåpshuset, det som i rekneskapane vert kalla ”fundten” eller ”fundtehuset” vart det lagt nytt golv og nytt tak i 1668.

Galleri

Det har i ein periode, truleg berre etter reformasjonen, vore fleire galleri i skipet i kyrkja, desse har vore festa i midtromsstolpane i skipet og har truleg gått aust til stavane vest for den austre midtromsveggen.

Tidleg på 1660-talet vart det i ei synfaring påpeikt at ”polpituret staar alt for laugt” og det skal flyttast høgr opp i kyrkja.[12]

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

I inventarlista frå 1690 er det nemnt ein messehakel av ”silche och ulden”. Rekneskapane nemner vidare ein fin altarduk med kniplingar kring, ein ny messehakel og eit raudt altarklede som soknepresten fekk laga i 1720-22. Det vart då også laga eit klesskåp til å oppevara paramenta i. Alt dette er vekke no.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Møblar

Skåp på nordveggen i koret. Skåpet er smalt og høgt med gavlforma øvre avslutting. Sidene og den hengsla fronten har seingotisk faldeverk av same slag som på felta på preikestolen, truleg frå 1500-talet. Oppe og nede er skåpet omgitt av jarnbeslag. Fronten/døra er hengsla på høgre side og døra er låst. Faldeverket har jamn veksling mellom vulstar og holkilar. Felta har også her karnisslist på tre sider og fasa rammekant på den tredje, men dei er snudde opp-ned med fasen oppe i forhold til dei på preikestolen. Hjørna i fronten har ein mindre presis profil av karnisstype, det har forresten også det høgre ramtreet på vestsida. Frontfeltet er som preikestolfelta med doble holkilar, også her er karnissprofilet på sidene og nede, og heilskoren fas i overkant. Karnissprofil på begge sider av austre hjørne. Austre felt er ”rett” snudd, som preikestolen. Gavlen i overkant er sekundær. Høgda på dei tre felta er 99/102/100 og breidda 32/41/30 cm.

Preikestolfaga er 108 høge, av dett er ca 97 cm ikkje dekt av lister oppe og nede. Breidda på faga er frå venstre: 50/38/37/38/57(ny). Delane i skåpet har truleg høyrt til same kontekst som preikestolsidene i utgangspunktet, den noverande plassering kan vera resultat av ei ombygging på 1700-talet.

Offerutstyr

Ei fattigblokk som tilhøyrer Sogn Folkemuseum, De Heibergske Samlinger, er deponert i utstillinga ved Borgund besøkssenter.

Inventar oppbevart utafor kyrkja

Bendixen:
1) Av inventaret er til Bergens museum overført: 1 relikviebeholder i form av en kirkemodel (omtalt av Blom) av eketre, malt på krittgrunn lik den fra Kinsarvik. Skibet er 60 cm langt, 21 cm bredt og 33 cm høit foruten de skiveformete gavlprydelser. Midt på den ene langside fremspringer en fløi, ubetydelig smalere og lavere enn skibet. Den anddenn langside er simplere malet og har visstnok stått innover, skjult mot en vegg; i takets korsvinkel stiger op et firkatet tårn med hjørnepilastre der slutter i mangekantete spir. Hele tårnets høide er 86 cm, dets øvre del gjør teneste som lokk.

2) Et stykke av den nedre del av et helgenbillede av tre med spor av maling på krittgrunn. Nu 36 cm høi.

3)Fragmentarisk lysekrone av jern, bestående av to smale bånd, der har vært forenet med 8 tverrstykker, hvorav hvert annet har vært forsiret med utklippete ornamenter. Tverrsnitt 36 cm, Tiden kan neppe bestemmes.[13]

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegardar

Det ligg framleis ein kyrkjegardsmur i firkant kring den gamle Borgund-kyrkja. Firkanten ligg høgst i det sørvestre hjørnet og legst i det nordaustre hjørnet. Hovudporten er på sørsida vest for kyrkja der ein fløya smijarnsport er festa til to store heller som står som vangesteinar. Det er laga opning i muren på nordsida også, til den utvida kyrkjegareden.

Området for nyekyrkja er knytt til kyrkjegarden ved at det går netting-gjerde frå den gamle kyrkjegardsmuren til sørvest for nyekyrkja der inngjerdinga er avløyst av tregjerde med fire liggjande, brunbeisa plankar. Det er port i nettinggjerdet mot vest til turveger i terrenget kring kyrkja. Gjerda avgrensar elles kyrkjeområdet mot beitemark i vest og sør. Mot aust der den gamle riksvegen ligg, er det ope med tilkomstveger og bakkemur mellom kyrkjegardsmuren og gjerdet sør for den nye kyrkja.

Nettinggjerdet i vest går nokre meter på utsida av kyrkjegardsmuren til det knekker mot aust for så å gå i eitt med nordre avgrensing av den utvida kyrkjegarden. Kyrkjegarden vart utvida mot nord i full breidde i [...] og utvidinga har fått nytt gjerde i vest, nord og aust. Gjerdet har trestolpar med metallbeslag over og på sidene og sju gjennomgåande metallvaierar. Portane i vest og aust inntil kyrkjegardsmuren har trerammer med metallbeslag fylte med metallramme med tre liggjande sprosser.

Gravminne

Det finst eldre og nyare gravminne både på den gamle og den nye delen av kyrkjegarden. Kyrkjegardane på Borgund har påfallande mange gravminne av marmor. Einskilde stader er fleire frå same slekta gravlagde i nærleiken av einannan. Ein del nyare gravminne er kvadratiske, noko skrått liggjande steinar.

Vest for stavkyrkja er det graver attende til 1922 og den nyaste er frå 2008. I nordvest står eit gravminne frå 1889, ein kross framfor ei defekt marmorplate. Også på nordsida av kyrkja på den gamle kyrkjegarden er det gravminne frå perioden 1907 (støypejarnskross) fram til 2008.

Aust for kyrkja finst gravminne attende til 1883 i støypejarn, i nordaust frå 1897. I søraust har også gravene stor spreiing i alder. Ei grav har ei tilhoggi skiferplate med HV / O.ST / / MBST / 1862.

Den nye delen av kyrkjegarden har graver attende til 1952 med dei eldst gravene i aust. Sjå foto for einskilde gravminne. (Nyare graver er anonymiserte.)

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Klokkestøpul

Klokkestøpulen på Borgund går attende til mellomalderen og kan vera samtidig med stavkyrkja. Han står i det skrånande terrenget mellom stavkyrkja og den nye kyrkja. Høgdeskildnaden er dels teken opp ved høgre grunnmur i aust, men det meste er lagt inn i sjølve støpulen i det dei austre hjørnestolpane er høgre enn dei i vest. Dette gjev støpulen eit karakteristisk skeivt eksteriør.

Dendrokronologiske prøvar syner at tårnstøpulen [...] går attende til 1100-talet og truleg er jamngammal med kyrkja.

Tidleg på 1660-talet vart det utført omfattande arbeid ved støpulen. Synfaringa frå 1661-1665 gjer greie for dette arbeidet på følgjande måte:

Klochehuset som staar for sig sielff Vden for Kirchegaarden [er] nesten aff nye reparerit, huortil er Kommen 4 store Sylder à 12 allen lang, 13 Krog eller hiørnebaand, 15 tyltter Huggen Bord, j nye Kiøl eller hiørnesuill 12 à 13 allen lang. 2 aff de andre Hiørnesuiler forbedrit, stoppelen er bleffuen opvejet, […] 9 aff de gamble Krogbaand och 4 Korsbaand er forbedritt och aff nye opnaglet, Er och giort En nye dør for Klochhuset.[14]

Kring 1700 vart det skifta ut fire ”støtter” og fire krossband som var 24 alner lange (rekneskap 1699-1701). Det vart greve vekk jord rundt støpulen og lagt nye steinar under.

Støpulen har fire hjørnestolpar som hevar klokkestova [...] m over bakkenivå. Over klokkehuset bryt eksteriøret med den konvergerande forma som hjørnestolpane skaper, i det støpulen er dekt av eit saltak med gitterverk i gavlane.

Støpulen vart gjennomgåande restaurert i [...] og ein valde då å kle inn den nedre delen under lydopningane. Denne hadde i lengre tid stått open, noko som hadde gått ut over støpulen og store delar av materialet laut skiftast ut med nytt. I 1682 vart det etter rekneskapen laga ei ny dør i støpulen som då må ha vore innkledd. Døra og det vesle skuret over døra vart vølt i 1696-98, men i 1699-1701 skifte dei døra ut.

Støpulen har ei nærast kvadratisk grunnramme av rektangulære, liggjande grunnstokkar som kviler på steinfundament. Hjørna er blada saman og sikra med jarn. Frå midten av kvar side går tilsvarande grunnstokkar inn mot midten der dei kryssar einannan på halv ved. På kvart hjørne i ramma kviler ein hjørnestav, og frå midten av kvar side ein mellomstav. Midtstaven står noko nord for kryssingspunktet for dei indre grunnstokkane. I tillegg til desse ni stavane går ein ekstra stav opp parallelt med søndre mellomstav og innafor denne. Staven kviler på søndre arm av det indre grunnstokk-krysset.

Alle hjørnestolpane og sjølve grunnramma er fornya. I tillegg er søndre mellomstolpe ny. I mellomstolpen på austsida er øvre del utskift, sameleis eit stykke nede i mellomstolpen i vest. Alle fire sider er avstiva med diagonale kryss som dels kviler på grunnstokkane, dels er feste til hjørnestolpane nede. I krysset er dei festa til mellomstolpane og oppe til hjørnestolpane over syllstokken for klokkehuset. Kryssa er for det meste dei gamle og har nedsenkt, rettvinkla profil. Det går også eit diagonalstilt kryss i aust-vestleg retning festa til midtkrysset i grunnramma. Mellom mellomstolpar og hjørnestolpar er det oppe under klokkehusets svill sett inn bogekne med sentral dekor som i sperreverket i kyrkja. Bogane mot vest og nord er gamle, medan det meste av sørbogen i aust er utskift. Den vestre bogen i sørveggen har nye delar.

Det nye kledningspanelet har ulik utføring i det borda på sørsida er hogne innvendes, medan dei andre sidene har bord som er saga med ulike teknikkar. Utvendes er alle borda saga. Det er dør i nordveggen vest for mellomstolpen og ny trapp opp til klokkehuset inne i støpulen. Ein eldre stige er bevart.

I ramma under klokkerommet er også delar av materialen fornya. Det ligg fem golvbjelkar i aust-vestleg retning på ramma, og golvbord er nagla/spikra fast i desse.

Dei fire hjørnestolpane går heilt opp i ramma av stavlegjer som ber saltaket. Mellomstolpane i aust, nord og vest går opp til stavlegjen for ei brystning av ståande plankar i klokkehuset. Brystninga har sirkelrunde gluggar. Den ytre bordkledningen går opp og dekkar brystningen i klokkehuset utvendes. Stavlegjen ber dvergarkade i øvre del av klokkehuset under støpulveggens stavlegjer. Pillarane i arkade har same form som i svalgangen i kyrkja, men er høgre, flatare og breiare.

Den gamle mellomstolpen på sørsida som står innafor den nye, er, saman med midtstolpen, ein del av klokkestolen. Mellom desse heng ei klokke, medan den andre, nord for midtstolpen, dels heng på ein bjelke som er lagt i aust-vestleg retning gjennom den doble stavlegjen over dvergarkaden.

Tverrliggjande bjelkar i aust-vestleg retning kviler på dei to stolpane i klokkestolen, avstiva med kne mot stolpane og lagde mellom øvre og nedre stavlegje i aust og vest. I vest kviler dei i tillegg på ein bjelke som sekundært er festa innafor stavlegjene og som dels dekkar bogane i dvergarkaden. Båden midtstolpen og den indre sørstolpen har merke etter bruk i ein annan kontekst. På den søndre bjelken i aust-vestleg retning er det skore inn: 1663 OIB 9 D(?) V og S(?). I 1696-98 ser det også ut som det har skjedd arbeid med klokkestolen. Ein har då forterka klokkebindinga i støpulen med fire tjukke stolpar på 11 alner og med kross- og krokband, med ”døgtige” jarnboltar gjennom.

Stavlegjeramma er avstiva med horisontale kne i hjørna. I tillegg er det nokre stader sett inn skråstøtter.

Saltaket kviler på øvre stavlegje i nord og sør, og på dei fire hjørnestolpane. Det er i alt fire sperreband. Dei to i midten har slanke sperrer med nedsenkt, rettvinkla profil, medan sperrene på sidene er breiare plankar stilte med kortenden mot takflata. Desse fungerer også som ramme for det avstivande gitterverket i gavlane. Som på taka i kyrkja er det lagt slanke åsar på halv ved midtveges over sperrene, og i mønet ein slank ås. I tillegg er det lagt skråstøtter frå midten opp til kvar side på begge takflatene. Sperrer, åsar og skråstøtter har nedsenkt, rettvinkla profil. På sperreverket ligg ståande takbord som utvendes er tekte med nytt sutak. Ein mønekam i ny form dekkar mønet og på gavlane står krossar av same type som krossane på kyrkja.

Det heng to klokker i støpulen, sjå nedafor under Klokker.

Klokker

Kyrkja har hatt fleire klokker. Frå inventarlista i kyrkjerekneskapane kjenner vi til at det i 1690 var ei handklokke i koret, tre gode klokker i støpulen og to små ”tintinabula i thornit paa kirchen”, truleg i takryttaren.

Dei som finst no er ei mellomalderklokke som står i den nye kyrkja på Borgund (Sjå Borgund kyrkje) og to nyare i støpulen, ei frå 1865 og ei frå 1978 (sjå nedafor).

a) Klokke frå Laxevaag Værk, Bergen, 1865. Klokka har innskrift mellom riller nedst på korpus: [GU]D ALENE ÆREN. Klokka er vølt og ein del av innskrifta er øydelagd. Klokka er 68 cm i diameter, 67 cm høg med oppheng og om lag 54 cm høg utan.

b) Klokke frå Olsen og Nauen, Tønsberg 1978. Klokka har to skriftband mellom riller på halsen. I det øvste: SANCTUS LAURENTIUS, i det nedste produsentnamn og årstal. På korpus er det kristogram med alfa og omega over KRISTUS ER HERRE på den eine sida, på den andre relieff med Jesu flammande hjarte med kross i flammen, Kring hjartet ligg tornekrone og bloddråpar dryp ut under denne. Under relieffet: DEN SOM TENER MEG SKAL FADEREN ÆRA.

Løe

Løe frå garden Nedre Kvamme, flytta hit i 1928 (skilt) Løa vert nytta som reiskapshus og tidlegare som toalett.

Kjelder

Utrykte kjelder

Synfaring 1661 – 1665,
Synfaring 1686, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, Boks 1725, legg 3
Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, manus, kopi.
Peuss messebeskrivelse, 1668. UiB, Manuskriptsamlinga.

Trykte kjelder

Hohler, E. B.,
Dietrichson, L., De norske stavkirker, Kra og Kbh 1892, nytrykk 1971
Bjørgvins Kalvskinn,[...]
[... Kroesen]
Heiberg, G. F., Sogns Kirker i Fortid og Nutid, serprent av Tidsskrift for Historielaget for Sogn 1970 nr. 23, s 29 f, Leikanger 1970

Oppmålingsteikningar og fotografi

Jensenius, J., Oppmålingsteikingar i Riksantikvarens Arkiv

[...]

Bilete



  1. Heiberg 1970 i det han viser til «en Reisebeskrivelse av Paus 1668»
  2. Dietrichson 1892, s. 281
  3. Same staden
  4. Dietrichsen 1892, s. 287
  5. Bendixens manus, kopi s. 321
  6. Jensenius, J., Oppmålingsteikningar
  7. Bendixens manus, avskrift, s. 317
  8. Synfaring 1661-1665
  9. Bendixe manus, s. 321
  10. Jfr Trædal, www.norgeskirker.no Gjerstad kirke og Kroesen s 262: During the Victorian Revival several pulpits were restored using other parts of the furnishings, for example, several pulpits in Devon and Cornwall were restored or even completely reconstructed with panels from the screen or from late medieval pews.
  11. T.d. i Synfaring 1661-1665
  12. Synfaring 1661-1665
  13. Bendixen, manus, kopi s. 328f
  14. Synfaring 1661-65, Riksarkivet, Rentekammeret, Rekneskapar A.d. Bergen Stift 46.