Farnes kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Farnes kyrkje
FylkeSogn og Fjordane fylke
KommuneØvre Årdal kommune
ProstiIndre Sogn
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
FellesrådÅrdal kyrkjelege fellesråd
Kirke-id142400201
Soknekatalognr07090402
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen

Anne Marta Hoff


Sjå Årdal_kyrkje for opplysningar om den historiske bakgrunnen.

Innhold

Bygningen

Farnes kyrkje er orientert med altaret i aust. Ho er plassert i eit område med skule, barnehage, den gamle kyrkjegarden og bustadhus som nære naboar, og skil seg ved orienteringa ut frå retningane i den eldre bygningsmassen. Vinklane i snitt og plan er rette, og ved materiale og form, ikkje minst det høge tårnet (30 m), merkjer kyrkja seg ut i bygda. Kyrkja har plass til 400 i hovudskipet og 100 i sideskipet. I tillegg er det plass til 250 i kyrkjelydssalen. Kyrkja er teikna av Arnstein Arnebergs arkitektkontor. Ho vart vigsla av biskop Per Juvkam i 1970.

Bygningen har ei tilnærma kvadratisk grunnflate med utbygg nord på vestsida, aust på sørsida, sentralt på austsida og eit mindre utbygg på nordsida. På første plan er kvadratet todelt i lengderetning. Nordre del omfattar våpenhus, Konfirmantrom (peisestove), kyrkjelydssal, kjøkken og opphaldsrom for dåpsfolk og gang til desse romma. Utbygget mot nord har trapp ned til kjellarhøgd. I nordre halvdel av austtilbygget er det sakristi (prestekontor) og bårerom med eigen inngang frå aust.

Søndre halvdel av kyrkja omfattar sjølve kyrkjerommet med tilhørande dåpskapell i utbygget mot sør. I den søre delen av tilbygget mot aust er eit ekstra kontor, lite kjøkken, garderobe og toalett og eigen inngang til kontora frå sør.

Det er kjellar under nordre halvdel av bygningen. Kjellaren inneheld garderobe og toalett, diverse lager og buer og rom for tekniske installasjonar, og eit tilfluktsrom som også vert nytta i ungdomsarbeidet.

Murar

Kyrkja er mura opp av tegl og betong der teglsteinen dominerer både i eksteriør og interiør. Einskilde stader er den råe betongen brukt som markør, t.d. ved etasjeskiljet i trappa til galleriet der det er lagt inn ei betongstripe i teglmuren.

Dører

Hovudinngangen har fire dørblad av tre gjennombrotne av kasettverk med små, kvadratiske ruter. Tilsvarande dører, men smalare, fører frå våpenhuset til kyrkjerommet og til gangen framfor kyrkjelydssalen og andre rom. Dørene til desse romma er kledde med ståande bord. Dørene elles i kyrkja er enkle finérdører. Arkitektkontoret har levert teikningar til dørhandtak av massing.

Korskiljet

Altarrommet er markert med eit podium som er tre låge steg høgre enn kyrkjegolvet. Podiet held fram aust i ein nisje bak altaret. Koret er elles ein integrert del av kyrkjerommet, men plassert i aust.

Vindauge

Vindauga i kyrkja er plasserte som vertikale lysopningar i serie eller einskildståande. I tillegg er det fleire stader i bygningen overlys i form av kuppelforma glas i takflata. Der vindauga er plasserte i teglmur er det ikkje synlege rammer, med unntak av ein liten kvadrat nede som kan opnast. I kontorfløyen er rutene sette inn i rammer. Kyrkjerommet har åtte slike spalter i serie i sørmuren i dåpskapellet og ein tilsvarande serie i andre høgd i sørmuren over inngangen til kapellet. Her er det også to spalter på galleriet i vest. Under galleriet er det fire dørforma opningar i muren med uttrekt vegg med lysinnslepp i spalter på kvar side. Altarnisjen har overlys som kjem inn frå vest, nedst på sørsida i nisjen er det eit horisontalt vindauge. Kyrkjelydssalen har to høge spalter aust i nordmuren. Kjøkkenet har tre, og kvart av kontora tre spalter. Mindre, vertikale vindauge gjev lys til oppgangen i tårnet.

Golv og fundament

Fundamentet og kjellaretasjen er støypt i armert betong. Dette gjeld også golvet i første høgd, veggene i inngangspartiet (kledde med tegl) og golvet over våpenhuset og på galleriet.

Tak

Taka er i hovudsak flate og kviler på limtredragarar på tvers av murkronene. Dei er kledde ovapå med sveisa belegg dekt med singel. Kyrkjerommet har dobbel høgde under taket. Altarnisjen er noko høgre. Enkelte stader har taket beslag av kopar.

Himlingar

Himlingane er kledde mellom dragarane med smale, perforerte metallplater.

Tårn

Tårnet har kvadratisk grunnflate og går i alt åtte høgder opp frå kjellarfundamentet med våpenhus i andre høgd. Over galleriet har det fire tregolv og betonggolv under den øvste høgda som er kokkerom med fire opne hjørne med utstikkande kvadratiske takflater over kvart hjørne. I kvar høgd under klokkerommet er det lysopning vest i søre vegg. Frå gallerihøgd er det oppgang via vindeltrapp i stål, vidare er det tretrapp med repos mellom kvar høgd.

Interiør

Altaret står fritt på podium framfor nisje i fondveggen med kyrkjas altarmotiv festa til veggen. Knefall på begge sider og sentralt framfor altaret, med godt rom innafor. På nordsida står preikestol med himling. Bak preikestolen er det montert klokkarstol mot nordre del av austmuren. Søraust for kyrkjerommet er det eit eige dåpskapell der skiljet mot kyrkjerommet er markert med to søyler og lægre takhøgd. Benkene i kapellet står på tvers. Sjølve kyrkjerommet har to benkeparti med sentral midtgang. Over vestre del går eit tverrgalleri med orgel. Nedre del av nordveggen i kyrkjerommet er faldevegg. Denne kan opnast mot kyrkjelydssalen. Det har ikkje skjedd viktige endringar i interiøret etter at kyrkja vart bygd.

Fargar

Kyrkjerommet framstår som mørkt, og materialbruken er dominerande. Veggene er av mørk raud tegl med innslag av betong med spor etter forskaling. Golvet er av grå skifer, himlinga mørk grå på brunbeisa limtredragarar. Altar og døypefont er kvite, medan preikestol med himling, benkene og lampane har lys trefarge (lakka). Altarpodiet har gulbrunt teppe.

Lys og varme

Elektrisk lys og varme.

Inventar

Altar

Altaret er mura opp i sement med innslag i offerdals-granitt med glattslipt altarplate og meisla sokkel. Det har kjerne av Leca armert med jarn og er teikna av Arnebergs arkitektkontor. Altarplata er 240 cm brei, 96 cm djup og 33 cm høg. Med den smalare og grunnare sokkelen er altaret 100 cm høgt.

Altarbilete

Materialbilete av Victor Smith (seinare Sparre). Tavla inneheld tre skilde element. Det største er laga innafor eit rektangel og er samansett av felt omkransa av metallskilje. Felta er utfylte med trebord, for det meste dekte av plater av massing og kopar, eller av glasmosaikk. Hovudfeltet viser Kristus framfor krossen med naglemerke, men med beina til sides for krossen, armane heva og fast og ope blikk mot tilskodaren. Under krossen på Golgatahaugen ligg tornekrona av piggtråd. Golgatahaugen, draperi (likklede?) eller skyer som heng ned frå Kristusfiguren, tverarmane og felt bak Kristi hender går ut i full breidde i rektangelet.

Øvst på veggen heng Faderens auga i sirkel med strålar innfatta i ein vertikal figur, nærast stjerneforma.

Mellom desse to felta er eit lite felt som viser ei due som symbol for Den heilage Anden. Tavla var ei gåve frå Sigvald Øvstetuns legat og Utladalen kyrkjering.[1]

Knefall

Fast knefall av enkle jarnelement og med knelepute av skinn på øvste steg av altarpodiet. Knefallet dekkjer dei to kortsidene og i tillegg er det eitt element sentralt framfor altaret.

Døypefont

Døypefonten er av same materiale og konstruksjon som altaret med glattslipt øvre del og meisla sider. Fonten står sentralt i ei nedsenka ”dåpsgrav” med enkelt rekkverk av jarn sentralt på kvar av dei fire sidene.

Arkitektkontoret laga også teikningar til piscinaen på søre del av skipets austmur, ved døypefonten. Piscinaen er forma i massing og mura inn i tegl som står ut frå veggmuren.

Preikestol med oppgang

Kasseforma preikestol med tre tette sider og opning mot aust. Stolen har stolpar i hjørna, øvre og nedre ramme og felt med kassetteverk i kvar av dei tre sidene. Hjørnestolpane går nedafor ramma som bein. Nedre ramme går ut mot aust som eit andre steg, medan første steg er av skifer mura fast i golvet. Lesebrett på sørvestre hjørne.

Preikestolshimling

Himlinga over preikestolen heng frå himlinga i kyrkjerommet. Ho har kvadratisk flate større enn flata på preikestolen og er inndelt i kassettar med innlagt lys.

Lesepult

Lesepulten har rektangulære sider med kvadratiske hol tilpassa kassettarbeidet elles i kyrkja. Skrått lesebrett innafor sidene i overkant. Tverrtred nede i framkant. Truleg sekundær.

Benker og faste stolar

Klokkarstolen ved veggen på nordsida av altarpodiet er tilpassa kassettarbeida i preikestol og dører. Han har tette sider mot sør og vest og dels mot nord der det er opning ved veggen. Stolen vart teken i bruk i januar 1994.[2]

Galleri

Vestgalleriet er breitt og djupt og rommar orgel og plass til songarar, musikarar og anna. Galleribrystninga er i massiv armert betong med synleg forskalingsmønster. Vestmuren på galleriet er av tegl, men er pussa med sement innvendes. Himlinga under galleriet er flat og kledd med perforerte, smale plater.

Skulptur

Trerelieff i inngangspartiet, ”Dagen etter”, 1994. Laga og gjeve av Terje Norheim. Relieffet framstiller Golgata med tomme krossar.

Måleri

Skisse av Victor Sparre. På bakgrunn av skissa er det i 1976 laga ein stor biletvev som heng på austmuren i kyrkjelydssalen. Teppet er vove av Johs Færøy.[3]

Snitt av Victor Smith på prestekontoret. Signert Victor Smith -65.

Tavler

Enkle, kvitmåla nummertavler med stiftar omgitt av enkel treramme.

Rituelle kar

Teksten under rituelle kar vises berre for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Som altarduk vert brukt ein løpar i kunststoff med innvovne signingskrossar, levert av Slabbinck, Belgia.

Messehaklar

a) Raud messehakel. Innskrådd form med rett nedkant. Vinraud grov ullkypert med stripeeffekt. Fôr av vinraud kypertvariant. Forsida har ein innvoven stolpe i lyst gulbrunt med grått senter, ryggsida har tilsvarande stolpe med ein kort vertikal stolpe på kvar side i brysthøgd som fungerer som krossarmar. Festa med glidelås på ei skulder. Hakelen er merkt STATENS LÆRERSKOLE I FORMING OSLO FORSØKSAVDELINGEN. Høgde 112/117 cm, breidde 113 cm.

b) Grøn messehakel. Som raud messehakel, men i grøn ull i botnen og med fôr av gul silkesteng. Høgde 109/120 cm, breidde 108 cm.

c) Fiolett messehakel. Som raud messehakel, men med fiolett ull i botnen og stolpe av raudt med gult senter. Fôr som raud messehakel. Høgde 110/119 cm, breidde 110 cm.

d) Kvit messehakel. Som raud messehakel, men stoffet er ikkje så grovt. Botnen i dempa kvitfarge og stolpen har gult senter med gulltrådar på orange botn. På ryggsida er stolpens botn trekt ut til sidene ved krossarmane. Gult fôr. Hakelen er umerkt (sjå note 5). Høgde 117 cm, breidde 119 cm.

Stolaer

a) Raud stola. Kypert med renning i to raudfargar, lysare striper sentralt, og grønt innslag. Over stripene er brodert kross på kvar side i form av vertikale striper i raudt, svart og gull og horisontal stripe i lyst raudt. Brodert gaffelkross i nakken. Fôr av raud silke. Merkt Marit Anny’s Vevstogo. Breidde 11,5 cm.

b) Kvit stola. Grov ullkypert med gule og gylte kanttrådar og vertikale tråar for kross på kvar side i brysthøgd. Tverrarmar og likearma kross i nakken brodert med same tråd. Merkt Marit Anny’s Vevstogo. Breidde 11 cm.

c) Grøn stola. Grov ullkypert med tre gulbrune og gullfarga aks broderte på kvar side og likearma kross forma som aks i tilsvarande broderi i nakken. Merkt Marit Anny’s Vevstogo. Breidde 10,5 cm.

d) Fiolett stola. Grov ullkypert med svarte kanttrådar i renningen. Grå trådar for vertikale krossbjelkar på kvar side er også lagde inn i veven. Horisontale bjelke og kross i nakken er brodert. Merkt Marit Anny’s Vevstogo. Breidde 10 cm.

Preikestolklede

Preikestolklede i raudt, kvitt, grønt og fiolett av same stoff som messehaklane og med tilsvarande krossmotiv som desse har på ryggsida. Det raude, grøne og fiolette er merkte STATENS LÆRERSKOLE I FORMING OSLO FORSØKSAVDELINGEN. Det kvite kledet er umerkt.[4] Høgde 95 cm breidde 29 cm.

Kalkdukar og dåpsserviettar

Kyrkjene i Årdal brukar kalkdukar med maskinbrodert nattverd-motiv og dåpsserviettar med maskinbrodert due. Dei døypte får servietten i gåve saman med dåpslyset.

Lysstell

Teksten under lysstell vises berre for innlogga brukarar

Klokker

a) Olsen og Nauen, Tønsberg. Innskrift på ei side med versalar: Farnes kyrkje 1970. På den andre sida relieff med kross i akantus med krone og innskrift: AV GUDS NÅDE TIL GUDS ÆRE. Diameter 110 cm, høgde 105 cm med krone, 85 cm utan.

b) Olsen og Nauen, Tønsberg. Klokka har innskrifta Farnes kyrkje 1970 på den eine sida. På den andre sida relieff med due med olivenkvist og innskrifta: TIL FRED, TIL TRØYST / GÅR UT MI RØYST. Diameter 92 cm, høgde 87 cm med oppheng, 73 utan.

c) Olsen og Nauen, Tønsberg. Innskrift på den eine sida: Farnes kyrkje 1970. På den andre sida relieff av oppslegen bok med kross og innskrift BIBLEN (sic) og innskrifta LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD. Diameter 74 cm, høgde med oppheng 74 cm, høgde utan oppheng 58 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgel frå Vestlandske Orgelfabrikk, 1970. Orgelet har 20 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Fasaden har rette vinklar og slette flater med metallpiper i alle opningar. Sidetårna er lægre enn midtfeltet som er inndelt i tre felt stigande mot midten. Svellverk over spelepulten.

Disposisjon:


Brystverk Hovedverk Pedal
Tremolo

Kromhorn 8’

Principal 2’

Spillfløyte

Cymbal 3 fag

Kvint 1 1/3’

Kvintatøn 4’

Gedakt 8’

Tremolo

Trompet 8’

Mixtur 1 1/3’ (?), 4-5 fag

Octav 4’

Sesquinter 2 fag

Hullfløyte 2’

Spissfløyte 4’

Rørfløyte 8’

Principal 8’

Fagott

Prins.-bass8’

Skalmay 4’

Nachthorn 6’ (?)

Subbass 16’

Piano, Jacob Knudsen.
Harmonium, Vestre.
Flygel, Petrof

Bøker

Bibel, Chr. 1900. Gåve.

Møblar

Fire stolar til bruk i korpartiet.

Offerutstyr

Treskål på altaret. Kollekthovar av standard type med motstilte handtak og brunspetta stoff med vovne band over skøytane.

Blomstervasar

a) Blomstervasar, to like. Traktforma korpus på utsvinga fot. Den eine slått skeiv i overgangen mellom korpus og fot. Stempel: 830 S, kalk i oval og A. Høgde 22,3 cm, diameter oppe: 11,7 cm.

b) Blomstervasar, to like. Konisk korpus på rilla, kort skaft over utsvinga fot. Innskrift på korpus: MINNE OM FORELDRI MINE PEDER SØLFESTSON ØVSTETUN * 12.9.1861 + 26.2.1938, MALENE ERIKSDOTTER F. MOEN * 15.5.1860 + 8.4.1945 FRÅ KARL ØVSTETUN, SOLDIERS GROVE, AMERIKA. Gåva vart gjeven i 1970. Stempel: 830 S, kalk i oval og B. Høgde 22,7 cm, diameter oppe: 11,6 cm.

c) Blomstervasar, to like. Pæreforma korpus på flat fot. Gjevne til bruk i kyrkjelydssalen og peisestova. Innskrift på korpus: FARNES KYRKJE FRÅ ÅRDALSKLUBBEN I OSLO STARTET 1947. Stempel: D-A (David-Andersen), 830 S og skålvekt. Høgde 20,1 cm, diameter fot 9,4 cm. Stempel: DAVID-ANDERSEN, NORWAY STERLING 925 S. Total høgde 20 cm, høgde korpus 11,8 cm, Diameter korpus 17,6 cm. d) Blomsterurner, to like. Sylinderforma korpus på smalare, sylinderforma fot. Innskrift oppe på foten: MINNEGÅVE FRÅ MALENA HJELLE + 1-1-1984.

Diverse

Biletvev, Tullik Simensen i bårerommet. Jesus på krossen med kvitkjortel og opna, framstrekte armar. Tullik Simensen også i Stille rom?

Kyrkjegardar

Kyrkjegardar

a) Den eldste kyrkjegarden i Øvre Årdal vart teken i bruk i 1898 og ligg mellom Storevegen og kyrkja. Denne vart utvida mot aust i 1959.

b) Framfor kyrkja er det laga ein kyrkjebakke eller -torg, steinlagt og med tilplantingar i bed. Plassen er omgitt av teglsteinsmur og har gjennomgangsveg i nord-sørleg retning. Kring kyrkja er det elles eit parkområde med tre og plen. Skulptur i parken sør for kyrkja av Leif Anders Larsen. ’Kvinnedraumen i treet frå jordas indre’.

c) Ein ny og større kyrkjegard vart laga og teken i bruk i 1985 lengre vest på den andre sida av Storevegen og under Ravneberget. Denne kyrkjegarden er hippodromforma med brei grusgang kring og med jordvoll i ytterkant. Kyrkjegarden er også ved hjelp av grusgang delt i to med sentral gang i lengderetning og kvar halvdel er igjen inndelt med tverrrgåande grusgangar og med høg rosehekk i kvart felt. På jordvollen i endane av sentralaksen er det reist tre krossar i austenden og klokketårn i vestenden. I nordvestre hjørnet er det laga ein urnelund, eit sirkulært felt med grusgang kring, som ligg i høgde med jordvollen.

I 2006 vart kyrkjegarden fullført og opprusta med ny portal, benker, vatnpostar med meir under leiing av anleggsfirmaet Svein Boassen.

Bygningar knytte til kyrkjegardane

a) Sentralt på den eldste kyrkjegarden står ein klokkestøpul med konvergerande hjørnestolpar kledd med liggjande staffpanel og med lågt pyramideforma tak toppa av kross. Dør på nordsida. Ev klokke er ikkje registrert. Støpulen på kyrkjegarden og klokka som heng der er frå 1898 då kyrkjegarden vart teken i bruk.

b) Klokkestøpul på den nye kyrkjegarden. Støpulen er av betong med rektangulære sider av betong. Forsida er opi, baksida er opi i nedre del, i øvre del bak klokka er det sett inn eit panel Over klokkeopphenget er støpulen dekt med betong. I den opne, nedre delen er det vindeltrapp i metall avstengt med metallgitter. Klokka er eldre enn kyrkjegarden og kan vera kommen frå den eldste kyrkjegarden. Mellom ringar på halsen står det at ho er ”GEG. V. BOCHUMER VEREIN og på korpus har ho følgjande innskrift: KALD PAA GAMMEL OG PAA UNG MEST / DOG PAA SJÆLEN TRÆT OG TUNG SYG FOR / DEN EVIGE HVILE. c) Utafor inngangen til kyrkjegarden er det eit lågt, panelt båre og reiskapshus.

Kjelder

Utrykte kjelder

Arnstein Arnebergs arkitektkontor. Det finst omfattande dokumentasjon med eit detaljrikt teikningsmateriell til kyrkja på kyrkjekontoret. Dette er ikkje gjennomgått
Protokoll i kyrkja med oversyn over gåver
Ein del opplysningar er gitt av kyrkjekontoret i Årdal ved kyrkjeverje Johanne Molland

Bilete





  1. Opplysning i Gåvebok i kyrkja.
  2. Gåver til Farnes kyrkje
  3. På kyrkjeferd 2, s. 271
  4. Den kvite messehakelen og det kvite preikestolkledet kan vera ein modell utarbeidd (av Grethe Lein Lange?) til bruk for Statens Lærerskole i forming.