Fet kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

[...]

Tidlegare kyrkjer

[...]

Bygningen

Kyrkja vart oppført i 1894 etter teikningar av …. Ho ligg på Indre Hafslo, på nordsida av den gamle gjennomfartsvegen i bygdelaget, orientert med koret i aust. Skipet er rektangulært under saltak, og koret, som er smalare, er også dekt med saltak. Vest for skipet står eit firkanta tårn som stikk ei høgd over skipets saltak. Tårnet har sidetilbygg under pulttak, trekte noko inn i forhold til sjølve tårnet, slik at dette er markert i vestfasaden. Aust for koret vart det i 1987 bygt til eit sakristi med toalett og gang.

Vegger

Kyrkja har vegger av lafteplank. Kor og skip har felles raftehøgd og det er opning i korets fulle breidde. Veggene er truleg lafta saman med sinkelaft i dei innkassa innerhjørna mellom kor og skip. I skipet er langveggene avstiva med fire opplengjer på kvar side, og dei tre midtfelta på kvar side har eitt vindauge med til dels synlege beitskier i veggen. Langveggene i koret har to opplengjer på kvar side med vindauge mellom. Utvendes er veggene kledde med liggjande staffpanel. Det utspringande takskjegget er underkledd, og sveifa sperrehovud stikk så vidt utafor vegglivet. Nede er panelen avslutta mot eit vatnbord. På gavlsidene stikk det sveifa endar av åsane ut i overkant av veggen under takskjegget. Innvendes står tømmerveggene utan kledning.

Veggene i våpenhuset og i tilbygget i aust er i bindingsverk, kledd utvendes som kyrkja elles. Innvendes i våpenhuset er det kledd med plater, i tilbygget i aust er kledd med liggjande skuggepanel.

Dører

Kyrkja har hovudinngang i vest gjennom dør inn til våpenhus i tårnfoten og vidare i vestveggen i skipet. Ytterdøra, som opphavleg må ha vore ei fløydør, er erstatta, truleg på 1970-talet, av ei brei dør med eit smalare, hengsla sidefelt, høgda i den opphavlege karmen er utfylt med eit fast overfelt. Døra og overfeltet er kledd med ståande skuggepanel og måla. Fløydøra mellom skip og våpenhus er original med dørvridar og nøkkelskilt. Dørblada er fyllingsdører i sveitserstil med to ståande fyllingar over to liggjande over kvadrat. Innvendes er geriktene profilerte, utvendes har dei fas. Døra mellom gallerigang og galleri er også ei original fyllingsdør med to høge fyllingar over to liggjande. På nordsida av tårnet er det sett inn ei ny dør i samband med rullestolrampe, utvendes er døra kledd med ståande skuggepanel. Nord i koret står det også ei fyllingsdør med ny dørvridar og nytt nøkkelskilt. Utvendes er ho kledd med ståande skuggepanel. Døra fører ut til kyrkjegarden. I austveggen i koret var det tidlegare ein utgang. Denne er no erstatta av ei ny fyllingsdør i sveitserstil som fører til sakristitilbygget frå 1987. Dørene i tilbygget er glatte, finerte dører, ytterdøra på nordsida er kledd med brei, ståande skuggepanel utvendes.

Framfor inngangane i vest og i nord er det mura opp trapper med steg framafrå og frå ei side i skifrig naturstein. Rampen, som går opp etter nordveggen i skipet, er av skifrig naturstein, dekt med skiferheller i sement. Trappa i vest og rampen har enkelt rekkverk av smijarn. Trappa til tilbygget er av tre.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er først og fremst markert ved at koret er smalare og at golvet her ligg eit lite steg høgre enn i golvet i skipet. Opninga har rett øvre avslutting med innkassing og med knestokkar og gjennombroten utfylling i hjørna. Nede på kvar side i korskiljet er det ei kort brystning med spileverk og enkel meklar med fas.

Vindauge

Vindauga er høge med gavlforma øvre avslutting. Glasa er sette direkte inn i karmen og inndelte med to ståande postar som oppe går ut i y-form og dannar tre diagonale ruter. Horisontalt er vindauga delte i fem ruter med sprosser. Glaset er enkelt og klart, men med ujamn struktur, nyare. Dei tre diagonale rutene i skip og kor er i farga glas, det øvste raudt, dei to sideglasa blå. Tilbygget har eit tilsvarande vindauge i sørveggen, glaset her er glatt og klart.

Golv og fundament

I skipet og koret ligg det bordgolv av smale golvbord lagde i lengderetning, i våpenhuset er golvborda breiare. Korgolvet ligg eit lågt steg høgre enn golvet i skipet. Golva er måla.

Fundamentet under heile kyrkja, også under tilbygget i aust, er av skifrig naturstein med luftehol oppunder golvet i kyrkja. Ettersom kyrkja ligg i eit terreng som skrånar ned mot sør, er muren høgst på sørsida, inntil 160 cm over bakkenivå.

Tak

Kyrkja har tre saltak, eitt over skipet, eit lægre og smalare over koret og eit enno lægre og smalare over tilbygget i aust. Sperrebanda korresponderer med opplengjene på langveggene med ekstra, enkle sperrer mellom desse. Det er såleis fire sperreband over skipet i tillegg til gavlane. Kvart sperreband har hanebjelke og hengebjelke. Hengebjelken går gjennom himlinga og gjennom ein bindbjelke i raftehøgd. Sperrene er samla i mønet på halv ved. Sameleis er hanebjelken festa til sperrene på halv ved. På sperrebanda ligg det åsar som underlag for under- og overliggjande bord som ber rekter, lekter og lappskifer. Takkonstruksjonen er tekt med isolasjon på sidene og vanskeleg tilgjengeleg.

Himlingar

Det er flattrykt tønnekvelv av smal faspanel både over skip og kor. Langs konturen av himlingane på austveggene er det festa ei enkel holbord. Kvelvane går ikkje heilt ut til vegglivet, men endar mot ein gesims av profilert listverk, venteleg som innkleding av langsgåande bjelkar i takkonstruksjonen. Det går skråstilte feste frå himlinga opp til takverket på oversida.

Tårn

Tårnet står utafor tømmerveggen vest i skipet. Det har fire hjørnestavar som går parallelt opp i full høgde der dei er avslutta mot ei øvre ramme. I første høgda er det to mellomstavar i nord, sør og vest, frå andre høgd også i aust. Veggene i tårnet er i tillegg avstiva ved skråsperrer og kryssperrer. I sideromma til tårnet, som vert avslutta med pulttak i andre høgd, er det trapperom på sørsida og lager og rullestolinngang på nordsida. Tårnet stikk noko ut vest for sideromma. Veggene er kledde med plater innvendes i første høgd, elles er dei udekte. Utvendes er dei kledde med staffpanel som kyrkja elles.

Det er vindauge på tre sider i klokkerommet, og ei lydluke over mønet mot aust. Over vestinngangen og på sør- og nordsida i første høgd er det større vindauge. Vindauget på nordsida er nærast som eit overlys over nordinngangen. Frå andre høgd går det enkel trapp på nordsida opp til klokkerommet. Klokkerommet er etter måten høgt og her står den opphavlege klokkestolen av tre som fyller mykje av rommet. Då det kom ny klokke i 2001, vart denne festa i ein ny, mindre klokkestol av stål som står inni den gamle.

Den firkanta, inntrekte hjelmen, som kviler på den øvre ramma i tårnet, har fire gratsperrer og ei mellomsperre på kvar side. Midtstolpen, kongen, kviler på bjelkelag over ramma. Utvendes er hjelmen kledd med lappskifer og han endar oppe med kule og kross med mindre kuler ytst på krossarmane.

Tilbygg

Tilbygg med sakristi og toalett bak koret, 1987. Tilbygget er i bindingsverk, kledd og tekt utvendes som kyrkja elles. Innvendes har veggene og himlingane liggjande skuggepanel. Golvet i sakristiet er dekt med heildekkande boucléteppe. I gangen og på toalettet er det vinyl. Vindauget i sør er ein kopi av kyrkjevindauga elles, men med glatt, klart glas.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonelt interiør med altar, altartavle og altarring sentralt aust i koret, preikestol på sørhjørnet mellom kor og skip, to benkeparti som flankerer midtgang og tverrgalleri med orgel i aust.

Fargar

Kyrkja har no avluta vegger og kvite vindauge og himlingar. Dører og listverk er i grått og grønt med orange og kvite innslag. Benkene er grøne med grå ryggbord og benkeputer. Midtgangsløpar og teppe i altarringen er levert av Ledaal i tilnerma engelsk raud.

Våpenhuset har ulike grå nyansar og grøne dører.

Inventar

Altar

Altaret er eit originalt kassealtar av ståande bord festa til ramme og med fas mot ¾-stav i kvart av hjørna. Dør med ei fylling til skåp med hylle i altaret. Originallås med nøkkel. Bordplata er noko vidare enn altaret. Mål: Bordplata er 135 cm brei og 70 cm djup. Altaret er 117,5 cm breitt og 66 cm djupt. Det er 102 cm høgt og står på eit heva repos som omfattar altarring, altar og rommet mellom altar og austvegg i koret.

Altartavle

Skriftfelta i altartavla er fyllingar som er sette inn i ramme.

Altarring

Altarringen er rektangulær i lengderetning med brotne hjørne i framkant. Det er ope på begge sider av altaret. Knefallet er stoppa og trekt med lyst skinn festa med saum. Rekkverket har arkade av firkanta pillarar med fas skilde med enkle, flate rundboga felt. Handlista er svakt runda og ringen har ei indre hylle for særkalkar. I alle hjørne er det sett inn eit tverrstilt bord avslutta med kløverboge i overkant. Ved altaraet står ein enkel kneleskammel som også er stoppa og trekt med lyst skinn festa med saum.

Døypefont

Døypefonten er ein åttekanta stolpe med profilerte liste-stykke festa til kvar av sidene oppe som kum og nede som fot.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fem enkle fag med ei fylling i kvart. På utsida er fyllinga delt, slik at det framstår som om faget har storfelt og nedre smalfelt. Storfeltet har stilisert portalmotiv, smalfeltet stilisert kartusj. Faga er skilde ved runde hjørnepilastrar og stolen har profilert listverk i over- og underkant. Botnen har profilert, åttedelt listverk som skrår inn mot åttekanta stolpe avslutta nede med profilert fotlist. Oppgang etter sørveggen i koret via trapp med sju steg. Rekkverk med spileverk og handlist avslutta med enkel meklar.

Lesepult

Lespult med skrått lesepult som kviler på sarg og fire firkanta bein med fas. Beina er samla nede ved sprosser med hylle i overkant.

Benker og stolar

Kyrkjebenkene er festa i sideveggene og har vange mot midtgangen. Vangen er utsveifa med runda hjørne. Ved benkefjøla er det eit rett stykke i full breidde og med eit hjarteforma omvendt hol sentralt. I overgangen til ryggdelen av vangen svingar denne bakover, slik at dei to ryggborda er festa lengre bak enn setefjøla. Vangane er avslutta oppe med kløverform. Benkene er støtta med ein ekstra konsoll på midten.

I koret er det ein fast, kort benk (klokkarbenk) på nordveggen ved korskiljet. Fromfor denne er det ein liten pult støtta på rekkverket i korskiljet og på eitt bein.

Benk, truleg eldre enn kyrkja med to vangar, heil rygg, setefjøl og sarg i framkant. Vangane og ryggen er sveifa i overkant, sargen har ein eldre profil. Benken er dels sett saman med spikar, dels med trenaglar. Umåla.

Stol, truleg 1600-tal. Stolen har h-kryss der midtsprossa er fornya medan sidesprossene er opphavlege. For- og baksprosse er også fornya. Sidesargane under setet re gjennomgåande i stolbeina og for- og baksarg er sett inn i overkant av desse. Setefjøla er truleg fornyaBåde for- og bakbein er dreia. Forbeina har enkle ringar over setehøgd og er avslutta med kule over armlenet. Bakbeina har også enkle ringar frå setehøgd opp til toppbrettet i rygge, over dette er dei dreia som høge balustrar avslutta med kule. Enkle armlene går inn i forbeina og er gjennomgåande i bakbeina. Toppbrettet er sveifa i overkant og har tre enkle, sentralt stilte border med skolpesnitt på ryggsida. Mellom baksargen og toppbrettet er det sett inn fem dreia balustrar med ulik profil. Stolen er no umåla (avluta?).

Brurestolar i renessanseform, produsent Espe møbler, Hornindal. Under stolane er det svidd innskrift: 19. juli 1969. Ei gåve frå Fet Kyrkjeforening. Stolane har svungne forbein, h-kryss, trapesforma sete og rett rygg med rundboga ramme mellom dreia forbein. Treskurd med akantus og kronemotiv på forbein, fotbrett, bakbein og ramme med toppstykke. Ryggstykket i ramme og setet er stoppa og trekt med lyst sinn festa med saum. Stolane er i lyst treverk, lakka.

Galleri

Tverrgalleriet vest i kyrkja er bore av hjørnestolpar i alle fire hjørne, av det vestre opplengjeparet som står mellom desse, og av stolpepar som flankerer midtgangen, eit ved vestveggen og eitt under galleribrystninga. Frå det siste går det skråstøtter inn under galleribjelken. Stolpane ber bjelkar som igjen ber ti golvbjelkar der dei sveifa bjelkeendane stikk fram under galleribrystninga. Brystninga er tredelt med seks fyllingar i kvar del og er avslutta oppe med runda handbord. Gallerigolvet er avtrappa i tre steg med stolar på sidene og orgel sentralt. Golvet er nytt, bordgolv lagt i breidderetning. Bjelkelaget er gråmåla. Gallerifronten er grøn med marmorerte fyllingar på kvit botn og med raud og gul staffasje. Baksida av fronten er gråmåla, den runda handlista er grøn.

Måleri

Fri kopi av mellomaldermåleri frå Fet, no på Bergen Museum. Merkt bak på ramma: Kristi Ylvisaker 1994. ”Bebudelsen”.

Tavler

Ei nummertavle er oppbevart på orgelgangen, ikkje i bruk.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Altarduk av bomull, aidastoff, med brei holfald og 11 cm brei bord i hardangersaum brodert med perlegarn etter framkanten.

Antependium

Eit ståande rektangulært stykke i av same stoff som i den grøne messehakelen er montert sentralt på altaret.

Messehaklar

a) Djup raud fløyels messehakel i skjoldform, kanta med 3 cm breitt lerretsvove gullband. 1900-talet. Fôr av satengvoven bomull. Forsida har treeiningssymbol i form av ein applikert trekant av massing med siselerte hebraiske bokstavar: Jahve, omgitt av strålekrans av treflika strålar i leggsaum med gulltråd. Ryggsida har latinsk kross av breiare gullband, kanta med smalt gullband. Høgde 94 og 111 cm, breidde ved skulder 62 cm.

b) Grøn, rettsida messehakel, ca 1960. Hovudstoff av kypertvoven ull, fôr av lerretsvoven viskose (?), gul. Hakelen er festa med tre hekter på venstre skulder og er kanta med smalt gullband. Motiva er broderte i leggsaum med gulltråd, og med stilkesting og knutar i orange. På forsida kristogram (chi-rho) med stråleglans, på ryggsida applikert latinsk kross kanta med gullband og med brodert utfylling og stråleglans. Produsent: Den Norske Husflidsforening (merke på fôret). Høgde 105, breidde ved skuldrene 65 cm.

Messeskjorte

Ei bommulls messeskjorte.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Orgel og andre instrument

Orgel frå G. F. Husteds orgelbygg 1992. Fasaden er teikna av organisten, Egil Einan og far hans. Dei har teke utgangspunkt i gallerifronten og plassert orgelfronten innafor den midtre delen av fronten og avtrappa høgda i fem deler tilpassa tønnekvelven i skipet. Alle fem delar har metallpiper. I midttårn og sidetårn fyller dei heile opninga, i mellompartia er den nedre delen disponert til eit bladmotiv som tek opp motivet frå dei gjennombrotne knefelta under gallerifronten. Fargane er tilpassa kyrkja elles.

Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manual og pedal:


1 Blokfløyte 8’

2 Gedaktfløyte 4’

3 Mixtur II

4 Subbass 16’

5 Principal 8’

6 Oktav 4’

7 Oktav 2’

8 Gedakt 8’


9 Rørfløyte 8’

10 Ital. Fløyte 4’

11 Principal 2’

12 Sedecima 1’

13 Kvint 2 2/3’

14 Ters 1 3/5’

15 Obo 8’

16 Tremulant SV

Piano Petrof

Cembalo

Bøker

Alter-bog, Den forordnede, Chr 1826
Alterbog for den norske Kirke, Kra 1893
Alterbok for Den norske kirke, Kra 1920
Altarbok for Den norske kyrkja, Oslo 1926
Altarbok for Den norske kyrkja, Oslo 1926
Altarbok for Den norske kyrkja, Oslo 1949
Tekstbok, Kra 1918
Koralbog (Lindemann), Kra 1901
Graduale (Sandvik), Oslo 1925
Kirkesalmebog (Landstad) Kra og Bergen, autorisert 1869.

Offerutstyr

Offer på altaret vert lagt i treskål med diameter 23 cm og 6,3 cm høg. Offer i benkene vert gjev i kollekthovar.

Blomstervase

Blomstervase i sølv, traktforma med avtrappa, låg fot. Stempel 830 S Lo. Høgde 26 cm, diameter i overkant 13,3 cm.

Blomstervase i tinn, gåve i samband med jubiléet i 1994. Innskrift: 6. nov. -94, Dale, Fortun, Nes.

Diverse

Biletvev med to opne hender retta mot tilskodaren og innvove: FRED – MIN FRED GIR EG DYKK, 1994 og initialane til produsenten: SKD (Svanaug Katla Dvergedal).

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden ligg i hovudsak på flata og i lett skrådd terreng nord, nordaust og nordvest for kyrkja. Ein smalare del av kyrkjegarden ligg på sørsida mellom kyrkja og vegen. Kyrkjegarden er dels omgitt av steinmur, dels av umåla stakit. Det er smijarnsportar til kyrkjegarden i aust og i vest, i vest i samband med parkeringsplass.

Ein særleg variant av bjørk med djupt flika blad er planta på kyrkjegarden.

Gravminne

To gravminne ein støypejarnskross og eit familiegravminne er fotograferte. Sjå Bilete.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Lite, eldre reiskapshus ved inngangsporten i aust. Huset har saltak og er oppført i bindingsverk og kledd med liggjande panel. På taket bøljeblekk.

Nytt reiskap- og bårehus inne på kyrkjegarden bak koret. Også dette huset har saltak med slak vinkel. Det har to vindauge mot vest oh to dører mot vest (ei garasjedør). Eit lite vindauge mot nord. Huset er tekt med lappskifer og bordkledd med liggjande, glattkanta panel. Kvitmåla.

Kjelder

Utrykte kjelder

Arkivverket, Statsarkivet i Bergen
Rekneskapar 1667 – 1677, Stiftsamtmansarkivet, L.nr. 1724
Rekneskapar 1678 – 1722, Kyrkjestolebok, L.nr. 73

Arkivverket, Riksarkivet
[...]

Trykte kjelder

Oppmålingsteikningar og fotografi

Bilete