Fjæra kapell

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Fjæra kapell
FylkeHordaland fylke
KommuneEtne kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater59.875419,6.388155
FellesrådEtne kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121100701
Soknekatalognr03030101
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Anne Marta Hoff

Fjæra kapell ligg på nordsida av elva, eit par hundre meter aust for enden av Åkrafjorden. Kapellet vart oppført her i 1912-13 som den første kyrkja på staden. Arkitekt var H.S. Eckhoff.

Kyrkja vart restaurert i 1968, bårerom med toalett vart oppført i 1973 søraust for kyrkja, det er seinare laga parkeringsplass og nytt gjerde.

Innhold

Bygningen

Fjæra kapell er ei langkyrkje i lafta plank med plass til omlag 150 personar. Kyrkja har tredelt skip med rektangulær grunnplan under saltak, smalare rett avslutta kor i aust under saltak og rett avslutta sakristitilbygg med valma tak austafor koret. Firkanta tårn med inntrekt, åttekanta hjelm og inngang i vest dekt med saltak. Kyrkja er panelt og kvitmåla utvendes. Bårerom og toalett i eigen bygning omlag 5 m sør for koret.

Vegger

Kapellet har synlege plankevegger innvendes i skip og kor, langveggene i skipet er delte i tre fag ved to opplengjer som korresponderer med mellomstolpar. Korveggene er ikkje gjennomgåande lafta saman med skipet. Utvendes er kyrkja kledd med liggjande staffpanel avslutta ved profilert vatnbord over grunnmur av naturstein i støyp. Veggene i sakristitilbygget er i bindingsverk, kledd innvendes med plater.

Dører

Vestinngangen har fløydør i eik. Dørene elles er fyllingsdører i furu. Fløydør mellom tårnfot og skip. Indre listverk har kanellert profil. Enkle dører mellom kor og sakristi, kor og dåpsventerom og mellom gallerigang og orgelgalleri. Støypte trapper ved inngangsdørene, i vest med rekkverk av smijarn. Trapp til galleriinngang nord i våpenhuset.

Korskilje

Stega mellom kor og skip er flankerte med brystningar med balustrar. Opninga er noko smalare enn koret og avslutta oppe i gavlform med kløverboga utfylling.

Vindauge

Tre vindauge på kvar langvegg med trekantoverdekking, midtpost og to horisontale sprosser, tisvarande vindauge på kvar side i koret. Vindauga har nyare ugjennomsiktig glas. Mindre vindauge på austveggen i dei to romma i sakristitilbygget. Indre listverk har kannelert profil.

Golv

Bordgolv. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet.

Tak

Takkonstruksjonen er vanskeleg tilgjengeleg. I skipet er det to sperrefag i tillegg til gavlane. Ut frå det som er synleg frå skipet, er sperrefaga samansette av sperrer, saksesperrer, hengebjelke og hanebjelke. Hanebjelkane kviler på mellomstolpane i skipet. Det er lagt inn stikkbjelkar mellom raftestokkane og mellomstolpane. Hanebjelkar og stikkbjelkar er understødde med kne. Saltaka og det valma taket i aust er utvendes tekte med ruteheller.

Himling

I skipet er det himling av tverrgåande staffpanel som følgjer stikkbjelkar, mellomstolpar og saksesperrer med gavlforma himling over rette knevegger i midtskipet og flat himling i sideskipa. I koret er det himling av ståande staffpanel som følgjer takforma.

Tårn

Tårn i reisverk med fire hjørnestolpar og rammer i tre høgder, dekka med pyramideform og inntrekt åttekanta hjelm med spir. Tårnet er tekt med lappskifer og kledd som kyrkja elles.

Sakristitilbygg

Tilbygget i aust har to rom, eit sakristi og eit dåpsventerom. Dører til romma frå koret bak altaret.

Interiør

Flyttberr døypefont midt framfor altarringen. Preikestol med oppgang sørvest i koret med opning gjennom austveggen i skipet. Tverrgalleri i vest med orgel, benker på sidene. Ved restaureringa i 1968 vart fyllingane i preikestol og galleribrystning skifta ut med huntonittplater. Benkeryggane som før var opne med to horisontale bord er kledde med huntonittplater i front.

Fargar

Veggene er måla i ein broten kvitfarge med lys grå brystning skilt ved gråmåla list. Stolpar, opplengjer og ramverk opp til konsollist er grå, over dette er både konstruktive element og himling i broten kvitfarge. I koret er himlingen lys blå, under galleriet lys grå. Fyllingar i vestdør og staffasje på ballustrar, preikestol og døypefont i gråblått, rustraudt og gull. Benker burgunder med grå ryggar. Grått golv. Brei, ny rosa løpar i midtgangen fram til trappa, svart/kvitt melert teppe i trapp og på golvet i koret.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med noko vidare plate med brotne hjørne. Altaret har ramverk med fyllingar på tre sider, baksida har ståande staffpanel og dør til skåp i altaret. Gråmåla. Br. 195 cm, dj. 70 cm, h. 108/128 cm. Fronten og sidene kledde med stoff.

Altartavle

Tredelt, gotiserande. Enkelt fotstykke med sentralt skriftfelt og mindre sidestilte felt under topplist. Over lista har tavla tre spissboga, nisjeforma biletfelt, sidefelta er svært smale og har ein liten kvadratisk nisje nedst. Felta er dekte av vimpergar skilde ved fire like høge fialar. Vimpergane har krabbar, fialane endar som tårn med fire gavlar og hjelm. På lista framfor midtnisjen står ein stor enkel kross. På fotstykket: Det er Fuldbragt, med gull fraktur på svart botn flankert av vindruemotiv (nyare) i sidefelta. I dei små firkanta nisjene alfa og omega med gull på svart botn. Dei tre spissboga biletfelta er mørke, midtfeltet har ei framstilling av den opne grava frå 1913 (Våre Kirker, s. 386). Ramverk: ulike gråtonar staffert med gull.

Altarring

Rund med port på sørsida. Knefall stoppa og trekt med brunt skinn. Rekkverk med slanke balustrar, runda handlist, hylle for særkalkar. Rekkverket i to gråtonar med gull og brunraud staffasje. Brunsvart handlist, med grå list for særkalkar. Grønmelert teppe i altarringen. Golvet i altarringen ligg eit steg høgre enn korgolvet.

Døypefont

Åttekanta font i tre med rett skaft og utbygd kum og fot ved hjelp av profilerte lister. Rundt hol og plate for dåpsfat. Gråblå med brun, rustraud og gull staffasje. H. 87,5 cm, diam. 47 cm.

Preikestol med oppgang

Stolen har åttekanta form og fem fag. I tillegg er det eit fag aust for korskiljeveggen ved oppgangen. Faga har ramme med fylling av huntonittplater omgjevne av standard lister med gullfarge og er innvendes kledde med ståande bord. Platene har motiv i gull på blå botn, tre med hangande greiner, to grøne blad på somme, eit med to bloddråpar og kross. Åttekanta profilert fotplate med åttekanta fot og åtte konsollar under preikestolen. Grått ramverk, blå fot, staffert med gull, svart og rustraudt. Oppgang ved rett trapp ved sørveggen i koret over brystninga i korskiljeveggen. Golv og trapp kledd med raud/svart melert teppe.

Benker

Benker på begge sider av midtgangen og på begge sider på galleriet. Bakover skrådde benkevangar med salmebokhyllehylle øvst. To ryggbord og formskoren benkefjøl. Benkene går heilt ut til veggene, med vangar på begge sider. Ryggane er sekundært kledde med huntonittplater. Benkene på galleriet er ikkje endra. Stol bak brystning som står vinkelrett på korskiljet i nordvestre hjørnet av koret.

Galleri

Galleribjelken er lagd opp i vestre mellomstolpar og opplengjer. Brystning med fire små fyllingar på sidene og fire større i midten. Fyllingane på sidene har opphaveleg listverk, fyllingar av huntonitt med tremotiv. Dei fire i midten har ornamenterte og gylte biletrammer rundt måleri. Fire ulike motiv, frå sør: a) Jesu fødsel. Grått klippelandskap, svart i framgrunnen med by, Betlehem, midt i. Stor stjerne med loddbein stråle over byen. Blå himmel, nattlys. b) Jesu liding. Golgata. Brun-raud klippe med tre krossar mot raud himmel og med lysstrålar på midtkrossen frå svart skydekke. Mørke skyer og klipper fungerer som ramme for motivet. c) Jesu død. Grått klippelandskap med grøne tre. Stengd grav. d) Jesu oppstode. Same landskapet, men meir dramatisk fargesetting. Gul-kvit lysande himmel, svarte klipper, opa grav, olivengrøn framgrunn.

Orgel

a) Tidlegare harmonium i våpenhuset. b) Husorgel frå VEB Orgelbau, Dresden 1975, Opus 958. Prospekt: Brystverk med kvadratisk opning med faldedører over spelepulten, metall-piper av minkande storleik frå venstre. Rettvinkla, glattsida kasse. Disposisjon: 5 stemmer fordelte på ein manual og anhengspedal.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vises kun for innloggede brukere.

Parament

Altarduk. Kvit, toskafts linduk med 20 cm brei hardangersaumsbord i lin framme og på sidene. Motiv: Diagonalstilte ruter med vekselvis krossar og kruner. Altarklede. På bordet under duken vinraudt klede. Elles er altaret kledd med raudt ullstoff, framsida har to loddbeine striper med IHS mellom i gullband.

Messehakel. a) Smal, rettsida messehakel i vinraud fløyel. Rosa satengfôr. Kross på ryggen og kant av gullband. b) Smal, rettsida messehakel i ubleika kvitt klede med fôr i silkesateng i same fargen. Applikert kross på ryggsida og på framsida i raud silkesateng. Krossane går heilt ut til kanten. Kantane på hakelen og krossane er markerte med vovne gullband. På ryggsida er det applikert ein sirkel med luther-rose i krysset med krone over og alfa og omega på sidene. Motivet på nedre del av krosstammen er ein basilikal, femskipa kyrkjefront i tre høgder. Frå portalen er det brodert ein stolpe oppetter krosstammen. Over kyrkjefronten er stolpen broten av ein latinsk kross, vidare av tre greske krossar med vengjepar som bakgrunn. Over stolpen ei femtakka stjerne. Framsida har tilsvarande kross, men berre med motiv på nedre del av stammen. Motiv som på ryggsida, men vengjepara er utskifte med aks. Kyrkja har ei bomulls messeskjorte.

Lysstell

Teksten under avsnittet lysstell vises kun for innloggede brukere.

Klokke

Klokke med flat kronplate, runda hue, rett hals med tre riller. Mellom dei to øvre er det ornamentbord med stjerner og sirklar, mellom dei to nedste: O. OLSEN & SØNS KLOKKESTØBERI, NAUEN PR. TØNSBERG 1913. Under tredje rille bord av rundbogar med innskrevne kløverbladsbogar. Utsvinga korpus avslutta ved to riller mot nedbøygd slagring med markert skrånande rand. Innskrift på korpus: SALIGE ER DE DØDE/ SOM DØ I HERREN. Diam. 60 cm, h. 51 cm.

Nummertavler

Enkle, dekte av trekant. Svarte med rustraude rammer og loddbein strek på midten.

Møblar

Brurastolar. Enkle lakka eikestolar med høg, rett rygg. Rygg og sete trekte med brunt skinn festa med saum. På toppstykket inngravert: FJÆRA KAPELL 1963.

Offerkar

Lita kiste med hank og to spalter i loket. Felt med tre krossblomar over einannan framme og bak, lite sølvskilt under låsen med innskrift: FJÆRA KAPELL 1964.

Blomstervasar

a) To sølvvasar, standard gullsmedvare. Innskrift: TIL FJÆRA KYRKJE FRÅ SOKNEPREST GUNDERSEN OG FRUE. Stpl. 830 S, Lo. H. 17,8 cm, diam. 9 cm.

b) To tinnvasar med innskrift: FJÆRA KAPELL 1964.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden ligg noko lengre aust på andre sida av vegen. Kyrkjegarden har vore i bruk sidan 1913, før det vart folk gravlagde i Åkra. Minnesmerke på kyrkjegarden med portrett i metallrelieff over korporal Ole Pedersen Rullestad som fall i krigen i april 1940.

Kjelder

Trykte kjelder
  1. Rasmussen, A. H., Våre Kirker, Vanebo Forlag 1993.
  2. Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328-1992, Førdesfjorden 1993.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)