Furuly kapell

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Anne Marta Hoff

Kapellet er innreidd i eit rom i kjellaren i det gamle administrasjonsbygget ved Furuly heim, skule og dagsenter for psykisk utviklingshemma som ligg på austsida av Askøy mellom Ask og Erdal. Kapellet vart vigsla 15. mai 1966, men vil gå or bruk ettersom Erdal kyrkje overtek dei kyrkjelege funksjonane knytte til Furuly. Planane for kapellet vart utarbeidde av ark. G. Brekke (Våre Kirker).

Innhold

Bygningen

Kapellet har rom for omlag 45 personar og er orientert nord - sør med inngang i sør og altar i nord.

Veggene er murte. Det meste av veggflatene er glattpussa og kvitmåla, men nordveggen og innramminga ved nokre av opningane i veggene har upussa naturstein. Langveggen i aust har ein tilbaketrekt nisje skilt frå rommet ved tre pillarar. Nisjen har vegger kledde med gule fliser, dør og tre rektangulære vindauge mot sakristiet i aust. Langveggen i vest har tre rundboga nisjer for ljosarmar.

I tillegg til inngangsdøra i sør og døra til sakristiet, er det ei rundboga dør inn i huset i vestveggen i kapellet.

Aust i koret er det eit rundboga vindauge med glasmåleri med krossmotiv i raudt, orange, lilla og blått. Vindauga mot sakristiet har blyinnfatta småruter av farga glas.

Kapellet har murt golv med kvadratiske skiferfliser. Kvite plater med tremønster i himling.

Tårnstopel ved inngangen. To hjørnestolpar kviler på bakkenivå og to på støttemur. Stopelen er dekt med pyramideforma hjelm av liggjande bord toppa med kule og hane av kopar. Brunbeisa med kvitmåla taggekant under hjelmen.

Interiør

Koret ligg eit steg over resten av rommet, avdelt ved altarring med preikestol felt inn på vestsida og port på austsida. Orgel bak i rommet. Benker midt i rommet med gang på begge sider.

Inventar

Altar

Kiste av eik brukt som altar. Renessansearbeid. Sidene har fyllingar i ramverk med snodd smijarnshandtak. Baksida glatt (utilgjengeleg). Framsida er tredelt med storfelt med skorne motiv og øvre smalfelt. Hengsla lok med lås og nøkkel gjennom midtre smalfelt. Smalfeltet er tredelt med beslagornamentikk skilt ved diamantformer. Storfelta er skilde ved profilert ramme og balusterforma søyle. Dei har portalform med beslagornament i sviklane, portalane toppa av volutt. Dei sidestilte pilastrane har bandflettingsskurd, profilerte basar og kapitél. Rundbogane har resessar i perlestavsmotiv. I kvar portal er ei personframstilling i heilfigur i relieff mot kvadermur og med skjellform bak hovudet. Figurane frå venstre: Fides(?), kvinneleg figur med bok og kross. I midten mannleg figur i kjortel. Han har skjegg, bok under venstre arm og er framstilt berrføtt (Peter?). Til høgre Justitia med skålvekt i høgre hand, sverd i venstre og bind for auga. H. 76 cm, br. 136, dj. 70 cm.

Altartavle

Signert Asbj. Brekke 1965. Tredelt tavle forma som rundboga triptyk, men der sidedelane ikkje er hengsla. Rundbogen og skilja toppa av solkross, Enkelt profilert listverk. Midtfeltet framstiller den oppstadne Kristus mot krossen. Til venstre Maria med barn og englar som bles i basun. Til høgre: Jesus signar småborna.

Altarring

Altarring av tre.

Døypefont

Døypefont av fire stolpar på plate og med flat kum for dåpsfat. Preikestol innbygd i altarring/korskilje. Tre sider, skrått lesebrett.

Benker

Benker i luta furu.

Orgel

Elektronisk orgel. Sonata. 23 stemmer fordelte på to manualar og pedal. I sakristiet harmonium frå Jacob Knudsen, Bergen.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar

Parament

Altarduk. Toskafts linduk med 12 cm brei tunga hardangersaumsbord med vekslande krossar og kalkar. Preikestolsklede i biletvev med motiv: due med sol.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar

Bøker

Ved sida av dei vanlege bøkene har kapellet i sakristiet "Huspostill og evangelier, 1751" som manglar tittelblad og er restaurert og nyinnbunden av Karl Hansen’s Eftf. Bokbinderi.

Møblar

Barokk form. Stoppa sete og rygg trekt med ullstoff. Svinga frambein. Skurd på fotbrett, ryggstolpar og toppstykkje. Luta furu.

Blomstervase

Blomstervase, sølv. Djupt runda konisk form med utbretta kant. Flat knupp, utskrådd fot. Gravert på kupa: GUDS FRED. På foten: FURULYGRUPPEN TERTNES 15. MAI 1966. Stpl: DA - 830 S. Skålvekt. 6990 B. H. 20 cm, d. 9,5 cm.

Skål, sølv. Glatt, oval form med runda botn på standkant. Stpl: 830 S, HA, H. AASE. H. 5,8 cm, br. 24 x 12,6 cm.

Klokke

a) Ifølje Askøy Tidend hadde kapellet ei gammal klokke i 1966.

b) Våre Kirker nemner ei klokke frå Olsen 1978. På korpus på noverande klokke: FURULY KAPELL - FRA PERSONALET 26.5.1972. H. 35 cm, d. 37,8 cm.

Kjelder

Trykte kjelder
  1. Askøy Tidend, Kleppestø. 27.5.1966.
  2. A.H. Rasmussen: Våre Kirker. Aalborg 1993.