Gjerde kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Gjerde kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneEtne kommune
ProstiSunnhordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater59.664130,5.934839
FellesrådEtne kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121100201
Soknekatalognr05130501
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk listeført (1650-1850)


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Gjerde kyrkje ligg sentralt i Etne-bygda på garden Gjerde og er så langt ein kjenner til, den andre kyrkja på staden.

Mellomalderkyrkja†

Den kyrkja som først er nemnd i testamentet til Gaute av Tolga i 1288 (DN II, 24) kan vera den same kyrkja som vart ståande til 1673 då ho fall for vinden. Kyrkjerekneskapane er bevarte frå 1656 og frametter og har følgjande opplysningar om kyrkja.

Bygningen

Kyrkja var ei stavkyrkje med kor i aust og tårn i vest og med svaler på nord- og sørsida av skipet. Med omsyn til stavkonstruksjonen er det i rekneskapen for 1662-64 opplyst at ein av kyrkja sine hjørnestavar, som var nedsigen, er oppvogen. I Synfaringa frå 1661-65 heiter det at to av hovudstolpane nede i kyrkja mot tårnet er øydelagde (”u-ferdig”) og at det difor skal leggjast ein stor bjelke, ni alner lang, på tvers i kyrkja og festast med to jarnboltar.

Koret og skipet hadde sige frå einannan og måtte festast saman i 1662-64 ved hjelp av to 15 alner lange bjelkar og tre på ti alner, koret må då ha vore ein eigen bygningslekk. I same rekneskapsbolken har også tårnet gjeve seg frå kyrkja og er festa att med to ti alner lange bjelkar med to kne.

Kyrkjeveggene har utvendes vore bordkledde og tjørebredde, også sutaka har vore tjørebredde.

Det er ikkje kjeldegrunnlag for å gje nøyaktige mål på denne kyrkja, men det vart i 1662-64 lagt to nye takrenner under taket på sørsida av skipet, ei under svalen, den andre truleg under saltaket. Desse var 13 alner kvar. Same åra vart det lagt ein ti alner lang kjøl på koret.

Vegger. Skipet, koret og tårnet har hatt bordkledde og tjørebredde vegger. Også veggene mellom svalane og taket har vore bordkledde (synf. 1661-65: Bordtaget paa dend Søndre side Imellum hoffuit KKens Suetag och Sualerne, Behøffues at tierebrædis).

Dører. I 1659-61 vart det laga ei ny kyrkjedør i tårnet ”med hengsler”. Dette var truleg hovudinngangen til kyrkja.

Vindauge. I 1659-61 vart det sett inn eit nytt vindauge på nordsida av kyrkja og andre vindauge vart vølte. I 1661-65 er det nemnt to vindauge på sørsida i kyrkja. Det går elles fram at kyrkja har hatt lemmer (”luger”) framfor vindauga slik det var vanleg.

Golv. Av vedlikehaldsarbeida går det fram at kyrkja har hatt bordgolv, også i våpenhuset er bordgolv nemnt i rekneskapane.

Tak. Taket har vore ein sperrekonstruksjon, tekt med sutak og tjørebredd. I 1668-70 er ni sperrer på fem alner sette under sutaket på sørsida av kyrkja. Det er i kjeldematerialet ikkje opplysningar om andre former for tekking.

Himling. I 1665-67 er det nemnt himling i koret, denne er då vølt med nokre bord.

Tårn. Tårnet har vore ein bindingsverkskonstruksjon. I 1656-58 er det brukt fire bjelkar, to på to alner, ein på 12 og ein på ni som tårnet var ”bunden” med pluss fem ”baand” til bindingar. I den følgjande rekneskapsbolken (1659-61) vart tårnet bordkledd med fire og ei halv tylft ni alner lange bord og tårnet vart så tjørebredd med to tønner tjøre. I 1665-67 vart det lagt seks og ei halv tylft seks alner lange bord på kåpa på tårnet og dette vart tjørebredt, eit arbeid som kyrkjevergjene fekk beltalt godt for ”effterdi ded er besuerlig arbeid at bræde taarnit”.

Inventar

Inventarlista frå 1662 reknar opp følgjande: ”j Sølff kalch och disck, j Messehagell, 2 Messe Serche, j Alter Klede, j altter bog, j psalme bog, j bechen till funten”. I tillegg kjem det fram av rekneskapane at kyrkja hadde lysestakar, den eine har i 1959-61 fått ei ny lyspipe. Klokkene er ikkje nemnde, men klokkeåsen er vølt i 1665-67, og dei to gode klokkene som er nemnde i inventarlistene seinare er mellomalderklokker. Under benkene på nordsida i skipet, ”Quindfolchestoellene”, vart det i 1659-61 lagt ned ein benkestokk (”Soelstoch”). Delar av inventaret i dagens kyrke, altar, altartavle og preikestol, har også stått i mellomalderkyrkja. Sjå kyrkja frå 1676.

Kyrkja har ikkje vore i god stand då ho bles ned i 1673, i synfaringa omlag ti år tidlegare heiter det: ”... samme Kirche er saa megit Brøstfeldig att den eendelig af ny will opbygis huis den herefte schall bethienis, huortill før ingen reparation will hielpe ...”

Tømmerkyrkja frå 1676

Gjerde kyrkje vart flytta til Etne i 1676. Ho sto tidlegare i ”Lille Sandviken”, det er uvisst kvar dette var, men det ha samband med Sandviken i Bergen. Ein kjenner ikkje alderen på kyrkja. I visitasmeldinga for 1868 er det opplyst at årstalet 1599 finst i kyrkja ”dog antages Kirken endnu Ældre”, sameleis heiter det i 1870 at kyrkja er ”en gammel Træbygning, der antages at skrive sig ligefra Reformationens Tid”.

Kyrkja vart ved kyrkjesalet i 1723 selt til oberst J.F. Tüchsen (Mykland 1976, s. 114) og hadde fleire private eigarar fram til ho i 1860 vart seld til kyrkjelyden.

Vedrørande oppføringa av den nye kyrkja fortel kyrkjerekneskapane følgjande: ”Efter hans Exc. Hr. C... Ordre af Dato 26 marty 1675: om at lade den nedblæste Gierde Kircke udi Edtne Gield igien forderligst opbygge, da som den var en Stafue Kircke udgammel och gandske forrodnit saa lidet deraf til den andens Hielp kand være tienlig, hafuer ieg i steden kiøbt Hans welb. Hr Amptmand Hr. Otthe Bielche, den nye Kierche som udi Lille Sandvigen af Sl. Peder Pedersen war opbygt, efter Almuffuens indstendige Begiering huilchen och forderligst scall blifue henført och opreist.” (RA, Bergen stift, kyrkjerekneskapar.)

22 mai 1675 sende sokneprest Hans Bugge søknad om stønad til å få bygt opp att Gjerde kyrkje. I april året etter vart det gjort avtale med kyrkjebyggarane Ola Bysheim og Ola Nedre Eikanger om å byggja kyrkja. ”Om den Kirche i Lille Sandvigen som af sl. Peder Pedersen var opbygt, att nedriffue och till Edtne frembføre, och igien opsette, och det paa efterfølgende maade: :|: Da lofuer Wi Olle Bysemb och Olle Nedre Eckang forne Kirche udi Lille Sandvigen med Bielcher och alt huis thienligt derved findes paa egen Kost och arbeid u-schad och well beholden till Edtne frembføre. 2. Och samme kierche paa den sted den Nedblæste Gierde Kierche tilforn stod, døgtig och forsvarlig opsette med itt døgtig Suetag derofuer saavelsom gulf och dobbelt welbebunden Sperewerck, thilbørlige gode døre och det udi alle maader forsuarliggen som det sig bør, Predickestoelen, Foden och Alterit som hos ofuen bemte  gamle Kierche findes forsuarligen Iligemaade Indsette, For Kirchens bygning betalt 75 Rdr.” (RA, Bergen stift, kyrkjerekneskapar.)

Bygningen

Gjerde kyrkje er ei lafta trekyrkje med kort skip under saltak, noko smalare, men etter måten stort kor rett avslutta i aust. I vest var det opphavleg eit høgt våpenhus lafta saman med vestveggen i skipet, dette vart også brukt til oppheng for klokkene. I 1930 vart våpenhuset erstatta av eit tårn i bindingsverk med inngang til kyrkja gjennom tårnfoten. I 1956 gjennomgjekk kyrkja ei omfattande restaurering under leiing av ark. K. Bjerknes. Målararbeidet vart utført av konservator O. Seter. Veggmåleria som var overmåla vart ved dette høvet avdekte. Det er 240 sitjeplassar i kyrkja.

I den første synfaringa etter at kyrkja var reist, i 1686, er kyrkja omtala som ”en Kiøn ny Tømmer Kirche bygt Ao 1676 af ny” (!) Her er kyrkja oppgitt å vera 23 alner lang og 16 alner brei, koret 12 alner langt og breitt.

I synfaringa frå 1721 er kyrkja omtalt slik: ”Gierde Kirche , Er een goed Tømmer Bygning, foruden Taarn, og et Waabenhuus, som tillige bruges til klocherne, Tægt med Bord, ... Corets lengde er 13 al. og Breden 12 al, Kirchen 20 al. lang og 17 al. Breed, Waabenhuuset – 6 allen i kandt.”

Vegger

Kor og skip har like høge vegger av flathogne, høge tømmerstokkar som er lafta saman i hjørna og i skøyten mellom kor og skip. Dei tre øvste stokkane i austveggen er gjennomgåande (sjå korskilje), saman med dei indre laftehjørna utgjer dei ei rektangulær koropning. Tømmerstokkane er i samband med flyttinga frå "Lille Sandvigen" merkte med hoggen nummerering i romartal. Veggene i skipet er sikra ved fire opplengjer på kvar langside og ved hjørnestolpar. Opplengjene er feste med jarnboltar med mutter og skrue. Veggene i koret er tilsvarande avstiva ved ei opplengje på nordsida og to på sørsida og ved hjørnestolpar i aust. Vestveggen er gjennombroten av laftehovuda frå veggene i det tidlegare våpenhuset. Veggene i tårnet er i bindingsverk, dei to første høgdene er innvendes kledde med ståande faspanel og måla.

Utvendes er veggene kledde med liggjande, sulagd, glattkanta panel og kvitmåla. Veggpanelet er avslutta utan overgang mot grunnmur. Hjørna er innkassa og takskjegga underkledde. Enkelt listverk. Tårntilbygget har klassiserande listverk.

Dører

Hovuddøra i kyrkja vart her som dei fleste stader elles hengsla utover i 1824. I same visitasen påla prosten kyrkjeeigaren å laga ei utgangsdør i koret.

Hovudinngang gjennom tofløya eikedør vest i tårnet. Dørene har fire kvadratiske fyllingar i ramme i kvar dør, utvendes med diamantform. Lakka. Utvendes er døra flankert av joniske søyler som ber fris med diamantformer og tannsnitt og gavl som er broten mot eit sentralt plassert vindauge. Vindauget er omgitt av klassiserande listverk. Søyler og listverk er kvitmåla.

Tofløya fyllingsdør mellom tårnfot og skip. Truleg nyare. Kvart dørblad har tre ståande rektangulære fyllingar. Døra er lasert i to grøne nyansar.

I grunnhøgda i tårnet er det opning mot trappehus i sør og dør til sakristi i nord. Trappehuset har utgangsdør mot sør. Det er dør mellom gallerigang og galleri, og frå gallerigangen til oppgang til klokkehuset i nord. Dei to første er fyllingsdører, den siste er ei enkel, ny labankdør. Alle dørene er laserte.

Dør på nordsida i koret. Enkel fyllingsdør, nyare, med fire liggjande, rektangulære fyllingar. Enkelt listverk. Innvendes lasert i grått med blågrått listverk. Utvendes kvitmåla. Enkel labankdør frå galleriet på nordsida ut mot aust.

Korskilje

Koropninga har truleg opphavleg vore rektangulær med gjennomgåande øvre tømmerstokkar. På 1800-talet vart det laga eit tredelt, rundboga korskilje. Omkring 1900 opplyser Bendixen at koret berre er skilt frå skipet ved benkeryggane. (Bendixen 1904-1913, s. 164.) Den rektangulære koropninga er no rekonstruert.

Vindauge

Det er få opplysningar om opphavlege vindauge. Ved visitasen i 1824 påla prosten kyrkjeeigarane at ”Kirkens nordre Side bliver forsynet med 2de Vinduer, for at forskaffe nødvendig Lysning”. I 1862 vart det gjort vedtak om utviding av vindauga.

Kyrkja har no rektangulære firerams vindauge. Kvar ramme er delt inn i seks små ruter. Det er fire vindauge i skipet, to på kvar langvegg, og to noko mindre i koret, eitt på kvar langvegg. Ytre rammer er delt inn ved tresprosser og har klårt glas. Indre rammer er nyare. Dei er inndelte ved blysprosser og har katedralglas svakt farga i ulike tonar. Nokre av dei ytre rammene er hengsla på midtposten. Dei indre rammene er spikra/stifta fast. I vestveggen i skipet er det attfylte små vindaugsopningar frå tida før tårnet vart bygt.

Tårnet har eirams vindauge delte ved tresprosser i mindre ruter. Slike vindauge er det i nordveggen og i vestveggen på kvar side av inngangen. I tillegg er det eit smalt vindauge i andre høgda i nord og to vindauge sentralt over hovudinnganen i vest. Tre rektangulære lydopningar med lemmer i klokkehuset.

Golv

Kor og skip har bordgolv festa med spikar på golvåsar. Golvet i koret ligg eit steg over golvet i skipet. Golvet i midtgangen og koret er no uhandsama, medan det er gråmåla under benkene og inni faste stolar i koret. I tårnet er det golv av bord, golvet er gråmåla i dei to første høgdene og på galleriet.

Fundament

Kyrkja kviler på ein låg grunnmur av dels skifrig stein pålagd murpuss einskilde stader.

Tak

Skipet har sperretak med ti tettstilte sperrefag i tillegg til gavlane. Kvart fag er sett saman av sperrer som er tappa saman i mønet, saksesperrer og hanebjelke lagde saman på halv ved og sikra med trenagle. Sperrene er i underkant avstiva ved hjelp av skråband. Sekundært, truleg i samband med den runde himlinga, er det sett inn plankar under hanebjelkane. Desse fungerer som feste for himlinga. Sperrene ber sulagt bordtak som underlag for helletak. Kyrkja har frå først av hatt tjørebredd sutak, rundt 1900 hadde kyrkja pannetak. (Brosjyre: I 1872 la ein nytt tak av Hardangerheller.)

Koret har også sperretak med sju sperrefag i tillegg til gavlen. Faga er sette saman av sperrer som er tappa saman i mønet, saksesperre og hanebjelke lagd på halv ved og sikra med trenagle. Også her er det sett inn plankar under hanebjelkane som feste for ein flattrykt, runda himling som ikkje er teken vekk då den flate himlinga vart lagt. Sperrene i koret ber også sulagt bordtak som underlag for heller.

Himling

Ved synfaringa i 1686 mangla kyrkja himling både over kor og skip. I 1702-04 vart det lagt lem over kyrkja, dette var ei gåve frå kyrkjelyden. Skipet har no runda himling av langsgåande panel festa til takverket. Koret har flat himling, over denne ligg ein eldre runda, flattrykt himling.

Tårn

Tårn i bindingsverk vart oppført i 1930 etter teikningar av ark. T. Alvsaker. Tårnet har hjørnestolpar og er avstiva med rammer og mellomliggjande kryssband. Nedre del har sidetilbygg der vegger og tak går i flog med vegger og tak i skipet. Sjølve klokkestova stikk over saltaket som ein nærast kubisk bygningsdel toppa av inntrekt pyramidehjelm kledd med lappskifer og toppa av kule, vindfløy og kross i smijarn. Veggene er tilpassa veggene i kyrkja elles. Listverket rundt vindauge, dører og under hjelmen har fått ei meir klassiserande form. Dei tre lemmene i lydopningane har portalform, hjørna på øvre del av tårnet er forma som søyler som ber fris under hjelmen.

Interiør

Flyttberr døypefont nord i koret. Preikestol sør i koropninga med trapp opp frå koret. I koret er det benker langs langveggene, innelatne ved brystningar. I skipet er det innelatne benker på kvar side av midtgangen. Galleri langs vest- og nordveggen i skipet, orgel på vestgalleriet.

Fargesettinga på nyare inventardelar er tilpassa den opphavlege dekormålinga på veggene og målinga på eldre inventardelar som altartavle og preikestol. Den dekorative målinga på veggene må vera utført etter at kyrkja vart flytta, ettersom ho dekkjer nummereringa av tømmeret. Veggene er i hovudsak raudbrune. Dei har høg, raudbrun brystning og raudbrunde bogeslag over raudbrune breie søyler i koret, medan sjølve søylene er gulbrune i skipet. Felta mellom søylene er grå med figurar. Opplengjer og takbjelkar er raudbrune, sameleis benkevangar og -dørrammer medan fyllingane her er marmorerte blågrå med grå fris. Himlingane er lyst grå. Brystningane framfor veggbenkene i koret er trekvite, avluta, innsidene er laserte i grå/blå/beige. Altarring og galleri lasert/marmorert i gråblått. Galleribrystninga har raudbrun handlist.

Figurmålinga i bogefelta. Koret har 11 bogefelt med figurar i åtte av dei, to er dekte av vindauge, eitt er bak altartavla. Figurane på langveggene er vende mot altare, dei to på austveggen er framstilt frontalt. Figurane er gjennomgåande breie og korte med tydleg måla kontur. Ola Seter har framkalla figurane. Frå venstre på nordveggen: 1) Uidentifisert figur med raud kontur. 2) PROPHETEN SAMEL. måla over figuren. Svart kontur. Figuren har kort hår, breitt ansikt. Hendene har truleg vore samla framme. 3) Det tredje bogefeltet er utfylt av eit vindauge. 4) SAULUS PAULUS er måla over figuren. Framstilt med breidt hovud, auga eit stykke frå einannan, korthåra og med kort skjegg. Paulus ber sverd i høgre handa. Venstre armen løfter han opp mot halsen, under armen ei bok. Svart kontur. Spor av raudfarge på drakta, t.d. som band over høgre skulder. Det ligg truleg restar av raud rankedekor under figurmålinga. Austveggen. 5) Aron til venstre for altartavla har namnet måla på høgre sida av hovudet. Ein av dei best bevarte figurane. Han har kort hår, etter måten langt skjegg og brei munn. Hoftelang jakke med vide ermer, belte og utsvinga nede. Jakken har raude konturar, kjortelen under har svarte parallelle folder. 6) Bak altaret, ingen figur. Restar av svartmåling. 7) MOSES er skrive på høgre side av hovudet til figuren til høgre for altartavla. Trøyeliknande overdel og kjortel. Kort hår, langt skjegg. Kjepp i høgre handa, venstre kviler på lovtavlene. Drakta er trekt opp med raud/svart kontur, ansikt og tavle er mest i svart. Tavla todelt med romartal I-III til venstre og IV-X til høgre. Sørvegg. 8) Brei figur med svart kontur. Berre konturen er synleg, denne er truleg for ein del trekt opp av Ola Seter. 9) Bogen utfylt av vindauge. 10) Uidentifisert. Restar av namn over figuren. Bok under venstre arm. Over heile venstre sida har det tidlegare stått ei sekundær opplengje som har dekt målinga. Her er fargane klårare. Figuren har hatt raud kjortel i ulike nyansar og med mørkare raud kontur. Boka er brun. Under armen er det spor av grønt. 11) Uidentifisert. Figuren har venstre armen strekt framover. Svart kontur.

Skipet. I felta i skipet er det måla fargerike blomemotiv opphengde i band/sløyfer og samanbundne med blad og stenglar. Blomane er symmetriske med 5-7 spisse kronblad rundt ei rund, ruta korg. Fargar: Lys oker med brune konturar, raudbrunt med brune konturar. Blada er brunsvarte med svarte konturar, opphenget brunt/raudt/gult. Raude band. Motivet er også rekonstruert på sidene av den nylaga korbogen.

På fotografi frå 1919 er kyrkja lys innvendes og har ståande, smalt faspanel. Bendixen opplyser at kyrkja er kvitmåla innvendes (1904-1913). Flattrykt runda himling både i skip og kor. Tredelt rundboga koropning. Støypejarnsomn framme i skipet på nordsida. Opne benker med ryggfjøl og svungen benkevange. Ikkje orgel på vestgalleriet.

Inventar

Altar

Kasseforma altar på bein med fyllingar i ramverk, sett saman av litt ulikt materiale med ulike profilar. Dør på kortsida i nord. Ei fylling i sør. Fem fyllingar bak og fire framme. Botn og bordflate av langsgåande bord. Profilane er for det meste karnissprofilar. Bak står altaret på to bein som held fram som "opplengjer" som støtte for altartavla. På baksida av altaret er det ein del innskjeringar frå 1600-talet med initialar, dei fleste for menn, og nokre årstal. Altaret er avluta, truleg spor etter kvitmåling. Mål: h. 103/119, br. 197, dj. 78 cm.

Altartavle

Altartavla er av ståande bord og forma som eit ved profilert listverk avgrensa rektangulært biletfelt flankert av konturskorne vengjer og med toppfelt med tilnærma kløverbladform som sentralt er broten i eit oppgåande rektangel. Baksida er avstiva ved fire tverrgåande bord, det eine avsaga i skøytane mot vengjene. Tavla er ved hjelp av krokar festa til opplengjene bak altaret. Dei tre midtre borda i tavla, dei som går opp i rektangelforma, og dei ytste borda i vengjene, ser ut til å vera nyare enn dei fire andre, to på kvar side. Dei fire eldre borda har skoren grafitti på baksida og er eldre enn den måleriet på tavla. Her er det også ein del initialar frå 1600-talet og m.a. årstala: 1646,1673 og 1676.

Motiv: Vengjene har framstillingar av Jesu omskjering til venstre og Jesu dåp til høgre. I midtfeltet Nattverden, i toppfeltet: Krossfestinga.

Motiva på vengjene er avgrensa av måla, portalforma rammer. Utafor rammene er vengjene gråblått marmorerte med raud kontur med grønt måla bladverk innafor konturen. Venstre fløy har framstilling av Jesu omskjæring. Barnet er framstilt nake, liggjande på fanget til øvstepresten, ein mann med brunt, halvlangt hår og skjegg, raud kjortel og grøn kappe. Øvstepresten er framstilt sitjande på ein tronstol og med kniv i høgre handa. Bakgrunnen er for ein stor del øydelagd.

Jesu dåp. Jesus, nærast framstilt som barn, står med anklane i vatn til venstre i biletet. Johannes står på land til høgre. Han held venstre handa over hovudet til Jesus og er i ferd med å døypa han med vatn. Begge ber lendeklede. Den Heilage Ande framstilt som due over mot ein bakgrunn måla som ei lysande sky. Frå dua går eit skriftband ned mot Jesu hovud. Restar av innskrifta: DENNE ER MIN SØN, DEN ELSKEDE ... og horisontalt: HAVER ... MAT. II [III?] CAP. I bakgrunnen mark og tre.

Nattverden. Jesus sit sentralt med stråleglans om hovudet bak eit tverrstilt bord. Han har brødet i venstre hand og løfter den høgre til signing. Læresveinane er kransa seks på kvar side av Jesus rundt bordet. Judas framme til høgre. Johannes er framstilt som ung med langt, lyst bølgja hår, han lener seg inntil Jesu venstre side. Personane er framstilte med klare, markerte og sterkt modulerte andletsdrag med bruk av høglys og konturar. Bordet er dekt med kalk, fat med lam og to brød på kvit bordduk. Framme har bordduken runda folder. Skjakkruta golv i framgrunnen. I bakgrunnen draperi over portalforma nisje som omkransar ei firarma lysekrone med brennande ljos. Fargane er brunlege, med raudt, lilla, gulkvitt, grønt og mørkt blått. Nederst er følgjande innskrift måla i versalar: "DEN WELAGTE DANEMAND ERICK TOLEFSEN NOREIM MED SIN KIÆRE HVSTRV MARGRETE LARSDATER IILE [eller HLE] HAVER BEKOSTET DENE ALTER TAVLES MALNING TIL GVDS ÆRE OG KIRKENS PRVDELSE ANNO 1769 (39?). DEN 24 SEPTEMBER. Johan Wingaard malet".

I krossfestingsscena i toppfeltet er Kristus framstilt hengjande, død, med attlatne auge og tornekrone. Markerte bloddråpar frå panne, hender, Jesu venstre side og frå dei krosslagde føtene. Lendekledet er samla i knute framme og flagrar ut på Jesu venstre side. Maria står til venstre med hendene samla framfor seg. Ho er framstilt med brun kjortel, raud kappe og kvitt hovudlin. Johannes feminint framstilt med raud kjortel, brun kappe, hendene samla framfor seg, langt gult hår. Begge berrføtte. Alle tre har stråleglans måla som eit ljosskin som startar ved ein ring eit stykke frå hovudet. Krossen står over eit kranium over krosslagde bein. Mørk himmel. I bakgrunnen Jerusalem med bymur og tårn og tindar. Brunt, raudt og gulkvitt.

Altarring

Altarringen er tilnærma rund med rekkverk av dreia pilarar med tilnærma lik profil under runda handlist. Knelepute stoppa og trekt med lyst skinn festa med saum, mørk grå vegg, mørk gråblå marmorert handlist, lys grå pilarar med blågrå marmorering og gull staffasje. Ringen går heilt inntil altarhjørna og har port på sørsida ved altaret. Golvet i altarringen ligg eitt steg over golvet i koret. Golvet er måla og dekt med teppe. Enkel kneleskammel stoppa og trekt med lyst skinn.

Døypefont

Åttekanta døypefont i tre. Grønmarmorert med raud og gull staffasje.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fire sider med ei fylling i ramme til kvar side. Utvendes er sidene oppdelte ved hjelp av profilert listverk i nedre smalfelt og storfelt. Flat handlist. Nedre smalfelt har liggjande rombeform med listverk. Storfeltet har portalform med søylene knekte om til nedre ramme. Stolen har flat botn og kviler på eit nyare kne. Stolen er svampmåla i ulike grøne og raude nyansar. Dei fire portalfelta har framstilling av evangelistane med namna skrevne på listverket over storfelta. Evangelistane er truleg måla av same målar som altartavla. I dei tre første felta er det måla eit raudleg draperi i overkant.

Frå venstre: 1) Sant MATTHVS . EVANG:. Matteus er framstilt sitjande vend mot høgre. Han skriv i ei bok med fjørpenn og blekk. Glorie over hovudet måla som oval ring med lysskin. Engel over til høgre i biletet. Brunt, kvitt, raudt. 2) SANCTE MARKVS: Evang:. Sitjande, vend mot høgre. Markus skriv med høgre handa, med den venstre peikar han oppover. Nede til venstre ei løve eller nærast ein bjørn. Biletet måla i brunlege tonar. Glorien er brun, grøn kjortel, raud kappe. 3) SANCTE: LVCKAS: Evange:. Same skrivestilling og utstyr som Matteus og Markus. Melankolsk uttrykk, store auge. Brunleg med kvitt og raudt. Brun, oval glorie. 4) SANC IOHANIS, same utstyr og stilling. Langt, gulbrunt hår. (Sml. altartavla.) Melankolsk uttrykk. Dueliknande ørn nede til venstre. Brun glorie. Brunleg med kvite innslag. Preikestolen har oppgang via bratt, enkel trapp med seks steg frå koret.

Benker og faste stolar

Det er fleire meldingar om flytting og vøle av eldre stolestader i kyrkja. Rundt 1900 hadde kyrkja rette benkevangar og like høge ryggar. Dører inn til benkene var då vekktekne. Langs midtgangen var det låge benker. Dei noverande benkene vart sette inn ved restaureringa i 1956. Benkene er lukka og ryggar, vangar og dører er like høge. Benkene er festa til langveggene og til langsgåande, innkassa benkestokkar ved midtgangen. Skråstilt, formskoren setefjøl. Skrå heil rygg med fyllingar i ramme og skrå hylle for salmebøker. Rettsida vange. Dører med rektangulære fyllingar. Ryggar og setefjøler er olja og har raudbrune lister. Blågrå topplist over ryggar, vangar og dører. Vangar og dørrammer mørkt raudbrune, fyllingane har utvendes blågrå marmorerte speglar og grå fris. På nordgalleriet tre enkle benker, to av dei med ryggfjøl. Nordvest på galleriet er det veggbenk, sørvest tre små enkle benker utan ryggstød.

Korstolar. Benkefjøl etter heile sørveggen i koret. Framfor denne er det brystning i to delar. Austre delen har to fyllingsdører mot nord, ei på kvar side. Mellom dørene har brystninga sju fyllingar, den eine er skøytt inn sekundært. Rammene har profilar med tre riller. Vestre delen fungerer også som preikestolsoppgang. Han har dør og fire fyllingar mot nord. Delane er skilde ved ein mellomvegg av to og ein halv fylling i ramme. Langs nordveggen i koret er det tilsvarande benk med brystning. Benken har fyllingsdør mot vest og brystning med sju flate fyllingar i profilert listverk. I nordvestre hjørne i koret innelaten klokkarstol med brystning mot aust, sør og vest. Dør mot sør. Stolen har benk på tre sider. Brystninga har fyllingar i profilert ramverk. Alle brystningar og dører er avluta, handlistene er brunraude. I sør er det sekundært laga ei brystning under preikestolen ut til midtgangen. Denne har tre fyllingar og er laga etter mønster frå det gamle.

Galleri

Galleribjelken for vestgalleriet er tappa inn i veggen i sør og lagt på ei opplengje på halv ved i nord. Bjelken er understødd av to stolpar som flankerer midtgangen og ein som står under møtet mellom fronten for vestgalleri og nordgalleri. Frå galleribjelken til vestveggen går det seks tverrbjelkar som ber gallerigolvet. Galleribjelken for nordgalleriet kviler på tre stolpar. Frå desse går det sju tverrbjelkar som er tappa inn i nordveggen og som ber golvet. Bjelkane er kassa inn under galleribrystninga. Låge galleribrystningar av dreia pilarar under kraftig handlist. Brystninga er blitt forhøga ved smijarnsgitter. Gitteret er nyare, men også hjå Bendixen (1904-1913, s.164) heiter det at ”Galleri staar baade paa nordre og vestre side, balustrade med jernsprinkler over”.

Brystning og bjelkeverk er grå med blåmarmorerte pilarar med gull staffasje og mørk brun handlist. Grått golv. Gråkvit himling under. Jarnet er svartlakka. Nordgalleriet går lengre ut enn koropninga og brystninga held fram på austsida.

Orgel

a) Orgel † bygd av Heggen & Ivers i 1921. To stemmer fordelte på eit manual og anhangspedal, pneumatisk overføring (Kolnes 1993, s. 344). Piper frå orgelet er bevarte.

b) Orgel bygd av Gebr. Van Vulpen, Utrecht. Orgelet vart bygd i 1978 og kom til Gjerde kyrkje frå Holland i 1987. Det har 14 stemmer fordelte på to manualar og pedal (Kolnes 1993, s. 344). Rektangulær orgelkasse i mørkbeisa eik med utkragande profilert topplist. Fronten delt i fem felt med synlege metallpiper i front. Felta er avrunda ved hjelp av gjennombrote rankeverk oppe og nede, oppe som spissbogar. Over mellomfelta er det kvadratiske felt med runde relieff som framstiller Misericordia-motiv. Over midtfelttet ei engel som spelar harpe. Elles englar, masker og druer i rankeverk. Manualane har tangentar av ibenholt og elfenbein (?) og med skoren, halvsirkelforma dekor på kvar tangent.

Måleri

Motivet Ecce Homo i trekvart, ståande figur framstilt i ovalt felt i ei profilert, rektangulær ramme. Kristus er framstilt lett vridd mot venstre med auga lyfte mot himmelen. Hendene, med handjarn og lenke, er samla framme framfor lendekledet. Raud kappe knytt skeivt over skuldrene. Han har langt, mørkt hår og skjegg, tornekrone og stråleglans om hovudet. Lys karnasjon med merke etter hudstrykinga. Måleriet heng no over koropninga på austveggen i skipet, rundt 1900 hang det bak altartavla: ”Bag alteret hænger et oljemaleri, visende den bloddryppende Kristus med tornekronen og hænderne sammenlænkede, (Kristian IV’s syn)” (Bendixen, 1904-1913, s. 165).

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Ny alterduk 1931 †. a) Altarduk av kvit, toskafts lin med engelsk broderi. Motivet er vekslande krossar og kalkar i medaljongar med opa tungebord mellom.

b) Altarduk av kvit, toskafts lin. Duken har svartsaumsbord på tre sider med krossar og stjerner. Altarklede. Raudt ullkledes altarklede med ullfrynser på tre sider og broderi midt framme. Kledet er skøytt i lengderetning. Dekoren framme er eit påsydd, kvitt band forma som eit hjarte. Inni hjartet er brodert med kjedesting: EIS / IED / IHS. Under hjartet 1716. Alt med tynn, ufarga lintråd. Jaren på begge sider av stoffet er brei og ilagt ein mørkare tråd. Ullfrynsene er knytte inn i ein blå og kvit ripsrenning. Dei er ulikt lange og endar i løkker, I løkkene er festa små duskar. Frynsene er truleg laga av spelsaugarn. Dei vekslar mellom blå med kvite duskar, kvite med grøne eller rosa duskar og grøne med kvite duskar. I vissitasmeldinga for 1828 vert kyrkjeeigarane pålagde å skaffa eit handkle til bruk ved dåpen og eit mindre ”ditto til at afviske Kalken paa Alteret med”.

Messehakel. Raud messehakel, smal med rette sider. Fantasibinding i raud silke eller viskose. Fôr av bleikt gulleg toskafts stoff med stripeeffekt. Motivet på framsida er dels brodert, dels applikert og viser symbola for tru, von og kjærleik. Ein V av gullband er lagt frå skuldrene, ankeret heng ned frå denne, hjartet ligg ned mot V-en og over hjartet er ein gresk kross framstilt på bakgrunn av ei lysande sol. Ryggsida har ein stor applikert latinsk kross med Jesusmonogram i kross-midten og greske krossar på sol i krossarmane. Krossen er ramma inn av gullband. Fargar: lyst grønt, gult, svart og beige. Kanten markert ved gule og svarte stilkesting. Tre hekter på eine skuldera. Messeskjorter. Ny messeskjorte 1831 †. Kyrkja har tre messeskjorter.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to klokker frå mellomalderen. a) Hank av seks bøylar og midtboge på flat kronplate som svingar ned og ut mot rett høg hals med innstøypte pilegrimsmerkje over fire riller. Korpus skrår noko ut mot tre riller over nedbøygd slagring med to riller mot kanten. Klokka har hatt ein brest og er vølt. Pilegrimsmerkja er 3-5,5 cm høge, enskilde motiv kan identifiserast, t.d. ei krossfestingsscene, eit Birgittamerke frå Vadstena, og fire Olavsmerke frå Trondheim . D. 70 cm, h. 67 cm. (Jfr. Bendixen, Aarsb. 1898, s. 33f.) b) Hank av seks bøylar og midtboge på flat kronplate. Utsvinga hue som rundar over i hals med støypt innskrift mellom to riller. Korpus noko utsvinga og endar i to riller over nedbøygd slagring. Støypt innskrift over og mellom dei to rillene. Innskrift mellom dei øvre rillene: + MORE: METALLORUM: LAVDANDO: DEVM: DOMINO: [??] VOS: IACOB ME CT. Skrift over slagringen: ANO: DÑI:M:C:C:C:XV:LET:ERLINGR:/PRESTR:GERA:MIK/ [Det siste tilsett over rilla.] [P?]LEBS:VT:EAT:CHORVM:VOCEM:LEVO:CVNCTA:BONORVM. Bendixen gjev denne tolkinga: ”Paa metallernes vis (det er: klokkernes), idet jeg priser herrernes (de himmelske magters) [B. les DOMINORUM] Gud løfter jeg min røst for at almuen skal gaa til koret (til messen) og til alt godt.- Jacob gjorde mig. Aar 1315. Erling præst lod gjøre mig.” D. 66 cm, h. 72 cm.

Bøker

Utanom nyare bøker har kyrkja desse bøkene: Alterbok, Oslo 1926. Bibelen eller Den Hellige Skrift, Chra. 1862. Bibelen, Oslo 1955. Ti stk. Salmer ved Begravelser, Bergen 1876. Tekstbok, Oslo 1926. Tekstbok, Kra. 1918. Graduale, Oslo 1925.

Nummertavler

Enkle nummertavler i nordaustre og søraustre hjøre i skipet. I sør to tavler i profilerte, raudbrune rammer. Massingfarga siffer. På nordsida ei tavle som er delt i to ved list. Raudbrune lister, svart botn.

Møblar

To brurastolar.

Offerkar

Kasseforma tavle med årstal 1822 på framsida av ryggen. Dreia skaft. Raudbrun. Svart årstal. Tidlegare svart skaft. H. 17 cm, l. med skaft 40 cm, br. 14,3 cm.

Blokk eller bøsse på veggen i våpenhuset. Lok og botn har utheva profil, nedsenking i loket, jarnlås med hjarteforma beslag. Lok hengsla til ryggplate. Jarnband slått rundt og festa til ryggplate. Myntspalte med jarnbeslag i loket. H. 23 cm, br. 21cm, dj. 17,5 cm.

Treskål for offer på altaret, rosemåla. To firesida kollekthovar i tre med to hankar og skinnpose i botnen.

Blomsterglas

Sølv. Traktforma med innskrift i versalar på foten: 1957 GJERDE KYRKJE. FRA O.S. HERDELAND. Stpl. Lo, 830S, N, 60A. H. 24,5 cm, d. 12 cm.

Diverse

To kårdar. a) Berre bladet bevart. Sekundært er det sett på eit treskaft. På bladet er desse innskriftene stempla: ANNO 1710 og på andre sida NTOL O mellom ornament. L. 81,5 cm. b) Kårde med skaft, handbøyle og skjoldplate. Skaftet er omgitt av tvinna massingtråd. L. 100,5 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden omgjev kyrkja på alle sider og er avgrensa av murar av ulike slag frå fleire utvidingar. Det er tre inngangar. Hovudinngang frå vest med tofløya smijarnsport med kross. Portane feste til låge, firkanta støypte meklarstolpar av hoggen stein i sement og dekte med skiferheller. Singelgang frå porten til vestinngangen i kyrkja. Tilsvarande inngang frå sørvest, utan singelgang. Det er også inngang til kyrkjegarden frå bårehuset som ligg i utkant av kyrkjegardsmuren rett aust for kyrkja. Bårehuset er oppført etter teikningar av B. Gjerde, 1971. Det er i betong, kvitmåla og med slakt saltak dekt med ruteheller.

Gravminne

Gravene er i hovudsak plasserte nord og aust for kyrkja. Sør for kyrkja er det rydda plass for nye graver. Det er bevart ein del gravminne frå 1800-talet på kyrkjegarden og eitt gravminne i stein frå 1700-talet. Det siste er rettsida med inntrekt runda øvre avslutting. Innskrift med grove, hogne bokstavar.

Bautastein søraust for koret. Steinen er lanseforma med ein innhoggen kross over volutt øvst oppe. Krossen er innrissa i tidlegkristen tid (Shetelig, H. i Aarsb. 1911, s.153f.). H. 520 cm, br. 68 cm ved foten, tj. 10 cm.

Runesteinar. To runesteinar på Bergen museum, den eine BM 11047, den andre utan nr. a) Steinen har runeinnskrifter på begge smalsidene, desse vert lesne slik: arlantr ris(t) runar þisa(r) / aftir alui faþur, og tolka slik: Erlendr reist rúnar þessar eptir Olvi foður. ”Erlend ristet disse runer efter Olve, (sin) far.” L. 2 m, br. 29 cm, tj. 12 cm. (Olsen, M., 1957, s. 1f.) b) Stein av helleform med innskrift på ei av smalsidene. Innskrifta vert lesen slik: ketil seti stein þena ebtir fin mak sin, og tolka: Ketill setti stein þenna eptir Finn, mág sinn. ”Ketil satte denne sten efter Finn, sin ’måg’”. H. 225 cm, br. 40-44 cm og tj. 8-9 cm. (Olsen, M., 1957, s. 5f.).

Det ligg ein del hoggen bygningsstein på kyrkjegarden sør for koret. Ein del av desse er profilerte.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Mykland, L.L., Guds hus under hammeren, Ms, UiB, 1976.
  2. Statsarkivet i Bergen (SAB)
  3. Prestearkivet, Kyrkjestolebok, l.nr. 136.
  4. Stiftsamtmannsarkivet, boks 1718, Stiftsskrivarrekneskapen.
  5. Stiftsamtmannsarkivet, boks 1719,3, Synfaring 1721.
  6. Riksarkivet (RA). Rentekammeret, Ulike rekneskapar 1602-1815, A.d. Bergens stift, synfaring 1665.
Trykte kjelder
  1. Bendixen, B.E., Aarsb. 1898, Etne præstegjeld, Gjerde sogn. s. 23-38.
  2. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-13.
  3. Olsen, M., Norges innskrifter med de yngre runer, IV, Oslo 1957.
  4. Dyrvik, S., Etne-soga I, Bergen-Etne 1968.
  5. Dyrvik, S. Etne-soga II, Bergen-Etne 1972.
  6. Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister, 1328-1992, Førdesfjorden 1993.
Oppmålingsteikningar
  1. Riksantikvarens antikvariske arkiv (RAA)
  2. Tekningar av mellomalderklokkene i Gjerde (Bruk dei i teksten!)
  3. T. Alvsaker 1919. Opmåling 1:100, plan, galleriplan, fasadar.
  4. T. Alvsaker 1921. Forslag til påbygg.
  5. B. Gjerde 1971. Teikning bårehus.
  6. K. Bjerknes, E. Knoph 1956. Rekonstruksjonsteikning for stolestader.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)