Hafslo kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.

Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Stavkyrkja på Hafslo vart ståande fram til andre del av 1800-talet. Då var ho for lita etter dei nye krava frå 1851. Den private eigaren såg seg ikkje i stand til å gjera noko med problemet, og kyrkja vart kjøpt av kyrkjelyden i 1975. Først vart det lagt planar om å utvida stavkyrkja og arkitekt Faye frå Bergen la fram teikningar for utvidinga i mai 1876. Planane vart med nokre merknader godkjende av Stiftsdireksjonen 17. juli same år. Byggmeister Askeland fekk arbeidet og det vart inngått kontrakt med han om byggjearbeidet.

Byggjekomiteen kom likevel fram til at ein i staden for å utvida kyrkja ville gå inn for å byggja nytt, men basert på ombyggingsteikningane til arkitekt Faye. Desse vart ikkje godkjende av departementet, men vart lagde til grunn etter merknader av Nordan.[1] Dagens kyrkje vart vigsla 4. desember 1878.

Stavkyrkja

Hans-Emil Lidén gjorde arkeologiske undersøkingar under kyrkja sommaren 1978. Det vart då funne ein del bygningsrester frå stavkyrkja. Desse står no utstilte ved vestveggen på gallerigangen over våpenhuset i kyrkja.

Det går fram av synfaringsnotatane frå 1661-65 at kyrkja hadde klokketårn knytt til kyrkja og sval etter sørveggen. Det heiter såleis at ”Sualen paa dend søndre side fra Chorit och need til Taarnit er offuer alt forbedrit med nye Staffleer.” Under stolpane i svalen vart det samstundes lagt nye syllstokkar. Også på nordsida av kyrkja var det sval, denne har vorte jekka opp og nytt steinlag er mura under. I våpenhuset vart det i denne perioden laga benker kring veggene.

Kyrkja hadde to våpenhus, det nemnde i tårnfoten og eitt på sørsida av kyrkja. Det siste fekk ny kjøl i 1661-65.

Det går vidare fram av notatane at kyrkja hadde lem over koret og skipet. Her må borda slåast nærare saman. Over skipet har G. Bull teikna inn tverrgåande slinder, og lemmen må ha kvilt på desse. I dagens takkonstruksjon er truleg ei av desse slindene, med måla skrift i gotisk fraktur, oppattbrukt som hanebjelke.

Korskiljet er også nemnt i synfaringa. Det trengst to dører, står det, ”med tralewerck” (spiler), til skilje mellom kor og skip.[2]

Den generelle omtalen av kyrkja ved synfaringa i 1686 er som følgjer:

Hafslo Hovid Kirch er en Stafuebygning, iche Vell ornerit indVortis, dens lengder 21 Alen breed 14 Alen, Chorit er af Tømmer tillbygt som er langt 15 og breed 10 Alen, Chorit er af Tømmer tilbygt som er langt 15 och breed 10 Alen, paa Kirchen er et Thaarn.[3]

Vidare har svalen etter synfaringa fått nytt tak og at det er sett inn åtte nye vindauge i kyrkja i to rammer. Det skal leggjast nytt tak over skipet.

I den korte meldinga om kyrkjene som vart innsend i 1709, heiter det om Hafslo hovudkyrkje:

Kirchen er een gammel Stafvebygning och Choret at Tømmer tilbygt, med Svaler omkring och et Taarn fra grunden opbygt, ofver alt tegt med Bord och Vell Holden, Indvortes prydet med hvelvinger och Pulpetuer ornerit.[4]

Den siste felles synfaringa, frå 1721, har følgjande omtale av kyrkja:

Hafsloe Hovid Kirche, Er een Eldgammel Stave Kirche, med eet tilbygt Coer af Tømmer, og Svaler runden om Kirchen. Taarnet er fra Grunden opbygt, tægt med Bord, Inden i hvelved og med Snedkerværch vel forseet, og behøver denne een liden Reparation paa Taarnet og Tagene. Coret er 15 al. Langt og 12 al. Bredt, Kirchen 22 al. Lang og 15 al Bred.[5]

Kyrkja frå 1878

Då G.A. Bull teikna opp kyrkja kring 1850 la han vekt på det som var att av mellomalderkyrkja, og seinare tillegg vart sløyfa.

Bygningen

Laberg brukar ikkje mange ord om den ståande kyrkja på Hafslo. Han skriv følgjande: ”I 1878 vart den gamle kyrkja revi og ei ny sett upp i staden. Um den nye kyrkja er der ikkje meir aa segja enn um dei fleste kyrkjor som er bygde i seinare tid”.[6]

Hafslo kyrkje er ei treskipa hallkyrkje i lengdeform med eit smalare, rett avslutta kor i aust, flankert av siderom i hjørna mot skipet, venterom for dåpsborn i nord og sakristi i sør, begge med små gangar, og eit framforstilt firkanta tårn i vest.

Vegger

I skip, kor og siderom er veggene bygde av lafteplank. Tømmerveggene står udekte og måla innvendes med unntak av veggene i sakristi og venterom for dåpsborn som sekundært er kledde med ståande profilert panel, umåla. Utvendes er veggene kledde med rettkanta liggjande panel og kvitmåla.

Langveggene i skipet er avstiva med fem par opplengjer på kvar side som deler veggen i seks fag, dei ytste smalare enn dei fire sentrale. Opplengjene er festa gjennom tømmeret med jarnbolt og mutter. I kvart av dei fire faga, men ikkje sentrert, står eit høgt vindauge på kvar side.

Som skilje mellom midtskip og sideskip står det fem stolpepar som ber langsgåande bjelkar i raftehøgd og held fram over himlinga opp til sperrene. Dei austre og vestre stolpepara står som veggstolpar, dei tre mellom korresponderer med dei tre midtre opplengjene.

Stolperekkjene står i flog med langveggene i koret. Frå enkle kapitel på stolpane går det kne i lengderetning opp under dei langsgåande bjelkane. Desse har flatt relieff med rankemotiv.

Langveggene i koret har ei brei vindaugsopning i austre del, i vestre halvdel er det på sørsida sett inn dør til sakristiet.

Langveggene i skipet held fram austetter som langvegg i korets siderom. I aust er sideromma avslutta med tverrvegg som er lafta inn i langveggene i koret og avstivar langveggene i koret. Mellom gang og sakristi/venterom for dåpsfølgje er det lettvegger som opphavleg var kledde med brei staffpanel.

Portalar og dører

Hovudinngangen til kyrkja er gjennom fløydør vest i tårnet og vidare gjennom fløydør vest i skipet. Aust i skipet er det dører på veggstykka som flankerer korbogen. Desse går til gangar som har dører ut til kyrkjegarden og til korets siderom. Det er dør mellom kor og sakristi. Det står også ei dør mellom gallerigangen i tårnet og vestgalleriet. Dei innvendige dørene er opphavlege fyllingsdører med ei kvadratisk fylling nede og to smale ståande fyllingar over denne. Ramma er profilert inn mot fyllingane. Opphavlege dørvridarar og nøkkelskilt.

Dei ytre dørene i korets siderom er moderne limtredører med vertikale spor. Ytterdørene vest i tårnet er moderne fyllingsdører med fyllingar av tilnærma same form som i dei opphavlege dørene. Dørene i vestportalen vart sette inn i 2010 i samband med eit større arbeid ved inngangen der det vart laga ei ny brei trapp i to steg kledd med skifer. På nordsida av trappa er det skiferkledd rullestolsrampe med rekkverk i smijarn. Rampen går rundt hjørnet på tårnet. Samstundes vart det bygt eit overbygg over inngangsdøra i form av eit saltak på konsollar.

Korskiljet

Korbogen følgjer den runda kvelven over koret, men er noko smalar og lægre. Breidda vert teken opp av små ekstrabogar på kvar side som svingar inn mot hjørna mellom kor og skip. Bogen er markert med runda lister. Nede er overgangen mellom kor og skip no markert om lag ein meter framfor austveggen i skipet. Her er det sett opp brystningar med fire fag på kvar side som endar i firkanta meklarar som flankerer ei trapp i to steg opp til koret.

Vindauge

Vindauga i skipet er høge og smale eiramsvindauge avslutta med slak gavl i overkant. Dei yrtre vindauga har truleg original ramme og form, men glaset er fornya og er no glatt og klårt. Dei er inndelte med to vertikale postar og med horisontale sprosser. I gavlen er postane forma som Y-ar og dannar tre liggjande ruter som har farga glas, raudt, gult og blått. Vindauga har sekundært fått indre vareglas i ei ramme inndelt som ytterglasa, men med bly. Glaset her er ujamnt og har svake fargetonar.

I koret er det to eiramsvindauge på kvar av langveggene og høgt og breitt eiramsvindauge i aust. Sidevindauga er innvendes samla ved felles gerikter. Utvendes har dei dobbel gavl og felles vatnbord i underkant. Dei ytre glasa er inndeilte med ein vertikal post og horisontale sprosser og glasa, med unntak av dei to nedre rutene som er klåre, har planteornament i grisaille med gul ramme. Sekundære innerrammer med klårt glas. Vindauget i aust har to vertikale postar. Det har glasmåleri som er støtta av jarn både utvendes og innvendes. (Sjå under Interiør.) Utvendes er det sekundært festa eit todelt varevindauge, og det er hensla skodder på kvar side som kan stengja for vindauget.

Golv og fundament

Kyrkja har no golv av smale, laserte golvplankar lagde i lengderetning. Dette golvet er sekundært og er lagt i kor og skip og i våpenhus og på galleri. I gangane i korets siderom ligg eldre golv av breiare måla golvplank. I korets siderom er det lagt boucléteppe på sponplater. Fundamentet under kyrkja er av stein. Det pussa med sement utvendes. Kryperommet under golvet har ikkje vore undersøkt i denne samanhengen.

Tak

Det ligg saltak over sikpet og eit lægre og smalare saltak over koret. Over korets siderom er det tverrstilte saltak.

Saltaka er sperretak. Taket over skipet har fem fulle sperreband, to ved gavlane og tre mellom desse. Mellom sperrebanda er det tre enkle sperrepar i kvart fag. Sperrebanda har sperrer, kryssande undersperrer og hanebjelke. Hanebjelkane er lagde inn mellom tenger av to langsgåande bjelkar på kvar side og er i tillegg festa til sperrene på halv ved. Undersperrene går frå mellomstolpane mellom midtskip og sideskip, kryssar einannan over hanebjelken og er festa til sperrene oppe. Over sperrene ligg det nytt sutak som underlag for rekter og lekter. Taket over koret er ikkje undersøkt i denne samanhengen. Taka er tekte med ruteheller.

Andre hanebjelke frå vest er av oppattbrukt materiale og har truleg fungert som takbjelke i den førre kyrkja. Han har restar av innskrift i svart fraktur på kvit botn og med raude kantar.

Himlingar

Kvelv i kor og i midtskip. Flate himlingar over sideskipa. Alt i brei staffpanel. Gesimsen under himlingane er kraftig med profilert listverk og ei rekkje av nailheads. I takkonstruksjonen, over kryssingspunkta for hanebjelke og undersperrer, er det lagt langsgåande rundstavar som oppheng for kvelven over midtskipet. Over sideskipa ligg det stikkbjelkar mellom raftestokken og langsgåande bjelkar i skiljet mellom sideskip og midtskip. Desse fungerer som feste for himlingane over sideskipa.

Tårn

Kyrkja har eit firkanta tårn framfor vestgavlen. Det har same flatemål opp til mønet over skipet der det har ei nedre avslutting men korte, skiferkledde gavlar til alle fire sider. Eit smalare klokkerom over dette nivået er avslutta med korte gavlar til alle fire sider og med inntrekt, åttekanta, kopartekt hjelm med spir med engel og kross. Dei nedste gavlane har lydluker til tre sider.

Tårnet er oppført i bindingsverk med hjørnestolpar, kryss-sperrer og losholtar og avstiva med sjølvvaksne kne. Dei to nedre høgdene er kledde innvendes med ståande, brei staffpanel, øvre del er ikkje kledd innvendes. Utvendes er tårnet kledd med liggjande, glattkanta panel som kyrkja elles.

På foto frå jubileumsskriftet 1978 har kyrkja ei fløydør av teak vest i tårnfoten. Denne døra er no fornya og har fått form som dei gamle fyllingsdørene i kyrkja, men i andre materialar. Karmen er også utskift. Døra på biletet frå 1978 er berre dekt med ein enkel gesims, medan tårnfoten no har eit kort saltak på konsollar over inngangsdøra.

Tårnet har vindauge som i langveggene i skipet på sidene. Desse gjev dagslys til våpenhuset og gallerigangen. I tredje høgd i tårnet er det meir spissgavla vindauge til tre sider, i klokkerommet i fjerde høgd er det mindre spissgavla vindauge til alle fire sider.

Golvet i dei to første høgdene i tårnet er av breie, måla golvbord, truleg det opphavlege golvet i kyrkja. I dei to øvste høgdene ligg det enkle bordgolv.

I våpenhuset er det tavlerom i nordaust og trapp til orgelgangen ved sørveggen. Orgelgangen har trapp til tredje høgda i tårnet ved nordveggen.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Altaret står på eit åttekanta podium eit stykke frå austveggen i koret og altarringen følgjer kanten på podiet. Nord i koret er ein flyttbar døypefont og på sørhjørnet i koret står preikestolen med oppgang frå sakristidøra ved sørveggen. Aust i skipet er det tilgang til korets siderom bak brystningar. Framfor brystninga i nord står eit piano. Skipet har midtgang med benkeparti på begge sider og med smale sidegangar ved langveggene. Det er vestgalleri med orgel og under dette er det i tillegg til benkene laga rom for lysglobe og anna.

Kyrkja har elektrisk lys og oppvarming. Ny lyssetting av kyrkjerommet er gjennomført med supplement av små, barokkforma lysekroner frå Høvik lys.

Oppvarming ved hjelp av røyromnar under benkene. Rest av ei loddpipe er bevart sentralt på loftet.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Interiøret har gjennomgått omfattande endringar [...]. Benkene er fornya med nye sete og ryggar og golvet lagt om slik at korgolvet no går om lag 1 m inn i austre del av skipet.

Fargar

Veggene i kyrkja er no i ein bleik, grågul farge, medan konstruktive element er grå med staffasje i raudbrunt. Inventar, gesimsar, gerikter og dører er også haldne i grått og raudbrunt med staffasje i gull. Himlingane er måla i ein broten kvitfarget. Golvet er lasert gråbrunt.

Raud midtgangsløpar og teppe i altarringen frå Ledaal.

Glasmåleri

Glasmåleri i austveggen i koret fungerer som altartavle. Det viser Jesus som den gode hyrde, truleg med tysk opphav frå siste del av 1800-talet.

Jesus er framstilt med langt hår, sjegg og bart, og med hovudet vendt lett mot høgre. Han held hyrdestav i høgre hand og eit lam i venstre. Gullglorien har firpassforma senter der berre to av passa viser og minner om eit hjarte. Han er framstilt barbeint med blå, gullkanta kjortel og raud kappe med grønt fôr. Jesus er sett inn i eit arkitekturelement av to tynne rundstolpar som ber ein gotisk gavl med innskrive masverk i kløverbladform, krabbesett vimperg med to sentrale spir og vimperg. Bak dette er enno ei takform med fire fialar, to på kvar side, og ein sentral vimperg med innskriven kolonade. Under framstillinga av Jesus er eit firpassforma blomemotiv flankert av to små runde søyler på kvar side. I sidefelta er det dekorative vertikale border med blad i grisaille og skråstilte ruter med innskrivne, likearma, gule kløverbladkrossar.

Inventar

Altar

Altaret er av tre. Det er bygt opp av ei ramme som har to fyllingar i front og ei på kvar side. Framhjørna er brotne. Baksida har ståande faspanel med dør til ope rom i altaret. Høgda er 104 / 117 cm, breidda 158 cm og altaret er 80 cm djupt.

Altartavle

Ei altartavle i bruskbarokk frå Hafslo kyrkje finst på Bergen Museum. Kyrkja har ikkje altartavle no.

Altarring

Altaret står i bakkant av eit åttekanta podium og dekkar den austre delen av podiet. Dei sju andre delane har stoppa og fløyelstrekt knelepute og balustrade av smale, dreia balustrar som ber flat handlist med profilerte sider. Innvendes er det sekundært sett inn ekstra hylle for særkalkar. Tidlegare har det vore port i ringen sentralt framme. Denne er stengd og balustraden nærast altaret på sørsida er teken vekk for å gje ny inngang. Knelepula ligg der framleis.

Døypefont

Enkel, åttekanta døypefont av tre, 1878. Fonten har utskrådd profilert kum, skaft av åttekanta stolpe med nodusring og utskrådd, profilert fot på kvadratisk fotplate. Grå med profilerte lister i engelsk raudt og gull.

Preikestol med oppgang

Renessansepreikestol med beslagornamentikk finst på Bergen Museum.

Preikestolen i kyrkja er frå 1878. Han har korg av enkle fag med ei fylling, og er avslutta oppe og nede med profilert listverk. Botnen er åttekanta og innsvinga mot åttekanta stolpe med noko vidare base. Oppgang via trapp ved sørveggen i koret. Trappa har gelender bore av slanke, dreia pillarar og er avslutta nede med slank, dreia meklar. Hovudfargen er engelsk raud, fyllingane er gråkvite, elles staffasje i grått og gull.

Lesebrettet på preikestolen er utforma som ein oppslått bibel med figurmåleri på permen. På forsida Moses med lova og ulike gammaltestamentlege scener i sviklane kring midtfeltet, på ryggsida Jesus og ulike nytestamentlege scener i sviklane.

Lesepult

Lesepult, forma med døypefonten som førebilete.

Benker

Benker med sveifa vangar og midtstøtte, heil rygg av ståande panel mellom overramme med salmebokhylle og stolpe i vinkelen mot brei benkefjøl med runda forkant. Vangane er måla rustraude, sete og rygg er laserte i gråbrunt. Rustraude seteputer i ull i lerretsbinding.

Galleri

Djupt vestgalleri som går fram til andre vindauge i langveggen frå vest. Galleriet er støtta av dei to opplengjene på kvar langvegg og på vestveggen, dei to vestre mellomstolpane i skipet går gjennom galleriet og i tillegg er det støtta opp av to langsgåande bjelkar som flankerer midtgangen og er understøtta av to stolpar kvar. Dei to bjelkane stikk fram under gallerifronten, der dei støttar opp under ein galleribjelke forma som basis for fronten. Fronten er her inndelt ved hjelp av firkanta stolpar avslutta oppe og nede ved ein knekk fram i dei profilerte listene på base og gesims. Midtfeltet i fronten har tre fyllingar i ramme, sidefelta har sju fyllingar på kvar side.

Himlingen under galleriet er kledd med brei staffpanel. Golvet på galleriet er flatt i midtfeltet, sidefelta er avtrappa i to steg mot hjørna i vest. Golvet er truleg fornya. Gallerikonstruksjonen vart forsterka i samband med installering av nytt orgel i 1987.

Skulptur

Altarkrusifiks

Krusifikset har eit nygotisk preg. Jesus heng djupt på krossen, knea er bøygde og kroppen i kontrapostostilling med høgre fotblad lagt over det venstre og festa med ein nagle. Med tornekrone, attlatne auge og eit fredfullt uttrykk, hallar Jesus hovudet ned mot høgre side. Begge hendene er forma i signingsgest med veslefingeren og ringfingeren bøygde inn mot handflata. Kort lendeklede festa i ein vid, flagrande knute på høgre hofte. Karnasjonsfarge på kvit grunn, brunt hår og skjegg, gullfarga tornekrone og lendeklede.

Krossen står på ein rikt profilert base og er kanta med profilerte lister. På øvre krossarm er det festa eit skriftband med innskrifta INRI. Botnen i krossen er engelsk raud, lister, sokkel og skriftband gullfarga. Jesusfiguren er om lag 72 cm høg.

I jubileumsskriftet er det opplyst at krusifikset skal vera laga av ein hafslomann, Hans Janssom Hess, fødd 1735.[7]

Måleri

Trykk merkt med versalar nede til venstre: Hafslo kirke og prestegaard i Sogn 1819, og nede til høgre: Karl Grane 1921 kopi efter Flinto. Lysmål i passepartout 36,3 x 28,3 cm. Trykket er plassert under galleriet på nordveggen.

Tavler

Epitafium

Ei minnetavle over prost Schweder heng på austveggen i våpenhuset over døra til skipet. Innskrift:

Æhre Minde. S.T. Her Olaus Mauretius Schweder f. Prost over Sogn Prosti, Sogne Prest til Hafslo Menigheder/ Født til Werden den 8de November 1710/ Død fra Werden den 2den Marty 1781/ Epitaphium/ Se Graven her Gjemmer/ Til Dommen de Lemmer/ Som her udi Livet af Dyder var fuld/ Hans Sjæl staar for Thronen og frydes med Kronen/ Som overgaar Ophirs det Prægtige Guld/ Med Sjælen tillige skal Kroppen fremstige/ Og stilles med Glæde for Dommerens Stol/ Blant Englernes Skare skal den aabenbare/ I Evighed skinne som Himmelsens Soel.[8]

Tavle med måla tekst: Haakon VII Bed for Kongen. Ukjent opphav.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

I kyrkjeverja sitt inventaroversyn er det foto av to altardukar som ikkje er i bruk og som ikkje finst i kyrkja. Den eine har holfald og knipla blonde, den andre ei hardangersaumbord med diagonalstilte kvadratar.

Altarduken som ligg på altaret har ei 20 cm brei bord på tre sider og i enklare, smalare bord på baksida. Borda har tunga kant med vekslande kalkar og krossar i hardangersaum. Sydd med perlegarn på panamavove stoff i bomull.

Messehaklar

a) Svart messehakel med rett, brei ryggside og avsmalna, smalare forside. Hovudstoffet er i brunsvart fløyel, Fôret i handvove linlerret. Hakelen er kanta med ulike typar metallband, smalast rundt ytterkant, noko breiare rundt halsen og eit like breidt band med enklare vevmønster som stolpe i front og kanting på skuldrene. Hakelen er festa med enkle hekter på høgre skulder. Hovudstoffet er skøytt på begge sider på forsida. Ryggsida har ein heildekkande kross i fløyel der den ståande stolpen er flaskegrøn og tverrstolpen olivengrøn. Til denne er det festa ein kross av gullband vove som eit salgjordsband. Den vertikale stolpen går til messehakelens nedkant, medan øvre del er avslutta like over den korte tverrbjelken med felt med bokstavane INRI. Til krossen er det festa eit stoppa broderi av den krossfeste frelsaren i gotisk stil. Sjølve kroppen er kledd med samansydde, horisontalt lagde gullband, medan hovud, hender og føter er broderte. Nedst på krossen er eit stoppa broderi som viser Golgata med Adams skalle og knoklar. Brodert innskrift på fôret: PH / BMH / 1805. Høgde 100/117cm, største breidde 82 cm.

b) Raud messehakel, 1900-tal, andre halvdel. Hakelen har hovudstoff i ullstoff i lerretsbinding med fargestriper. Fôret er vove i lin i panamavev med stripeeffekt. Festa med borrelås på indre del av venstre skulder. Høgde 107 cm, breidde 79 cm.

c) Kvit messehakel. Form og materiale som c, men i kvitt. Umerkt, men laga av Kirkelig kulturverksted, design Rigmor Bové. Høgde 130 cm, breidde 107 cm.

d) Fiolett messehakel. Form og materiale som c og d, men i fiolett. Merkt Kirkelig kulturverksted, design Rigmor Bové.

e) Grøn messehakel. Hakelen er av grøn ull, kypertvoven med striper som stolpe og innlagt voven kross med blabroderi på ryggsida. Fôr av mørkt grøn taisilke. Opning på begge sider av halsen med stofftrekt knapp. Merkt Kirkelig kulturverksted, design Rigmor Bové. Høgde 129 cm, breidde 106.

Kyrkja har to messeskjorter.

Andre tekstilar

Tre veggbilete i klostersaum med ulikt tema, begge kopiar av motiv frå eit gammalt teppe, no på Bergen Museum. Sydde av Åshild Melheim og Borgny Morken i 1975.

Veggteppe 1981, Jesus i Getsemane, Katla Svanlaug Dvergedal. Tekst: Å SKULLE ENGANG BLIVE KOLD MIN KJÆRLIGHET TIL DEG DA MINN MED OM GETSEMANE OG OM DIN SVED FOR MEG.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

a) Klokke, omstøypt i 1844. Klokka har krone av seks kanta bøylar og midtboge. Hua er avtrappa mot skrå hals og korpus. På halsen tre riller med innskrifter og støypt dekor. Korpus svingar ut mot slagringen, i overgangen er det to holrenner som flankerer vulst. Slagringen skrår ut og byger så rett ned og har eit sprang ved nedre kant. Innskrift på halsen: ME FECIT KNUD ANDREAS SUNDT / AF E.E. WENGEN ER DENNE KLOKKE BEKOSTET OMSTØBT / I BERGEN MDCCCXLIV. Diameter 67 cm, Høgde med krone 62 cm, høgde utan krone 48 cm.

b) Klokke 1878. Klokka har krone med seks kanta bøylar og midtboge på flat kroneplate. To vulstar markerer halsen. Korpus er rett i overkant og svingar ut mot mot slagringen via vulst. Ein nedsenkt vulst formidlar overgangen til den nedbøygde slagringen. Innskrift på korpus: LAXEVAAGS VÆRK, BERGEN / TIL HAFSLO HOVEDKIRKE 1878. Diameter 94 cm, høgde med krone 106 cm, utan krone 79 cm. Klokka har heilt flat kroneplate.

Orgel og andre instrument[9]

a) Orgel frå 1933 bygd av orgelbyggjar Ossian Mellin, Stavanger. Fasaden hadde tre tårn med mellomparti, og det midtre tårnet var høgst. Pipene stod i opne rundbogar, og kvart felt var avslutta i overkant med låg gavl. Orgelet var pneumatisk og hadde følgjande disposisjon:

Hovudverk     Svellverk     Pedal    
Principal 8' S’alicional 8’ Subbass 16’
Rørfløite 8’ Vox Celeste 8’ Salicetbass 8’
Horn 4’ Gedakt 8’
    Fløite Travers 4’
Nasat 2 2/3


b) Orgelet som står i kyrkja er eit mekanisk orgel, Opus 48 frå Gunnar Fabricius Husted orgelbyggeri APS, Fredensborg, Danmark. Fasaden er teikna av orgelbyggjaren i samarbeid med soknepresten Åge Mundal, og er tredelt med dominerande brystverk og lægre sidetårn, passa inn under kvelven over galleriet.

Orgelet har følgjande disposisjon:

Hovudverk (I)     Svellverk (II)     Pedal    
Bordun 16' Gamba 8’ Subbass 16’
Principal 8’ Rørfløjte 8’ Principal 8’
Gedakt 8’ Principal 4’ Oktav 4'
Oktav 4' Traversfløjte 4’ Fagott 16'
Blokfløjte 4' Waldfløjte 2' Tremulant variabel
Oktav 2' Kvint 2 2/3'
Mikstur 3 kor 1 1/3'     Terts 1 3/5Sedecima1'   
Trompet 9' Obo 8'


Piano Petrof.

Bøker

Kyrkja har ei altarbok og ei tekstbok frå første halvdel av 1900-talet.

Nummertavler

Ei gammal salmenummertavle vert brukt som oppslagstavle i våpenhuset.
To nummertavler.

Møblar

Stolar

Brurestolar med høg rygg. Ryggen har skorne toppsykke og tverrstykke som ramme for stoppa rygg. Setet, som vidar seg ut framme, er også stoppa. Bakbeina har dreia ledd over og under setet. Forbeina er krumma og haldne saman med forbrett med akantusskurd. Dreia h-kryss. Sete og rygg er trekte med gyllenlêr som er festa med saum til sarg og til ryggramme.

To biedermeierstolar av lakka lauvtre. Stolane har dreia forbein og stoppa sete trekt med vinraud fløyel.

Offerutstyr

Offerskål, lagga, med innrissa symbol og innskrifter på sida. Det doble kjærleiksbodet og Joh. 3,16 er skrive med fraktur og Hafslo kyrkje 1. jan. 1977. Under botnen: Gåve frå Hafslo Bygdekvinnelag 1977.

Ei anna lagga skål med tre bein er laga av Olav Einan og merkt Hafslo 1 – 2 – 1989. Det går fram av ei innskrift under botnen at skåla er laga av materialar frå det gamle golvet på orgelgalleriet.

To offerposar av nyare standard type.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv med trektforma korpus på låg fot. Innskrift på foten: HAFSLO KYRKJE. Stempel: 830 S, kalk i oval og B. Høgde 19,5 cm, diameter oppe 10,2 cm.

Diverse

Prosesjonskross 1996, laga av John Molland.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden

Kyrkja står på same tomten som den nedrivne stavkyrkja og det næraste området må ha vore kyrkjegard heilt attende til mellomalderen. Det flate området ligg like ved Hafslovatnet mellom riksvegen til Veitastrond og vatnet. Dei første utvidingane har kom mot aust og fram til midten av 1970-talet var kyrkjegarden avslutta like vest for kyrkja. Då skjedde det ei større utviding mot vest. Sambandet mellom den vestre og den gamle delen av kyrkjegarden er på sørsida mot vatnet der det i 1914 vart reist ein bauta. Nordsida mot vegen vart laga til parkeringsplass.

Kring kyrkjegarden, også den nye delen, er det murt opp kyrkjegardsmurar av markstein. Smijarnsportane som står i kyrkjegardsmuren er frå 1990-talet. På foto frå tidleg 1900-tal var det ein treportal framfor vestinngangen. Portalen hadde to firkanta portstolpar samanbundne med horisontal avslutting. Porten var av vertikale spiler og heile portalen var kvitmåla.

Gravminne

Bronserelieff av Erik Venjum (1817-1887), signert I. Rosseland [19]62.

Bygningar knytte til kyrkjegarden
I skiljet mellom parkeringsplass og kyrkjegard vart det i samband med kyrkjegardsutvidinga midt på 1970-talet oppført eit bårehus med toalett og reiskapsrom sørvest på parkeringsplassen.

Kjelder

Utrykte kjelder

Arkivverket,Riksarkivet
Synfaring 1661-1665, Rentekammeret, A.d. Bergens stift 46
Synfaring 1709, Rentekammeret, Realistisk ordna avdeling, Pk 3

Arkivverket, Riksarkivet i Bergen
Synfaring 1721, Stiftsamtmannen, nr 1719, legg 3, Sogn
Synfaring 1686, Stiftsamtmannen, boks 1725, legg 3

Trykte kjelder

Hafslo kyrkje, Vigsle av orgelet 21. juni 1987, hefte.
Hafslo kyrkje : 1878 – 1978, Jubileums-skrift utgjeve av Hafslo sokneråd ved ei skriftnemnd
Liden, H.-E., «Hafslo kirke», i Årbok 1962
Laberg, J., Hafslo : bygd og ætter, Bergen 1926

Oppmålingsteikningar

Riksantikvaren, Antikvarisk Arkiv
Bull, G.A., Hafslo kyrkje

Bilete


  1. Jubileumsskrift s 10
  2. Synfaring 1661-1665
  3. Synfaring 1686
  4. Synfaring 1709
  5. Synfaring 1721
  6. Laberg 1926, s 62
  7. Jubileumsskrift s 17. Det er Egil Sæbø som opplyser dette på grunnlag av opplysningar frå major Per Tang i samband med 75-årsjubileet i 1953. Hess budde i Grøt, ein husmannsplass under Beheim.
  8. Tekst etter Laberg 1926 s 93
  9. Til vigslinga av orgelet 21.06.87 vart det trykt eit hefte om orgelet. Opplysningane om begge orgela er mest henta frå dette heftet.