Hjelme gamle kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Hjelme gamle kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneØygarden kommune
ProstiVesthordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.650861,4.825513
FellesrådØygarden kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125900101
Soknekatalognr09120102
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Anne Marta Hoff


Kyrkja ligg på Hjelme gard på austsida av Sæløy nord i Øygarden kommune. Kyrkja heitte tidlegare Ytre Bø eller Øygarden kapell, seinare Hjelma kyrkje. Gamle Hjelme kyrkje ligg innafor ein odde med Skipavika i sør og Hjelmevågen eller Kjølpå som er ei god hamn i nord. Kyrkja vart vigsla 5. august 1875.

Innhold

Bygningen

Gamle Hjelme kyrkje er ei einskipa langkyrkje med skip med rektangulær plan under saltak og smalare, lægre kor under saltak avslutta i aust med tre sider av ein åttekant under valma tak. Koret har sidetilbygg med sakristi på vestsida og dåpsventerom på austsida, begge under pulttak. Mot nordgavlen er reist eit firkanta tårn. Tårnet har sidetilbygg under pulttak i hjørna mot skipet. Kyrkja er orientert tilnærma nord-sør med koret i sør og inngangen i nord. Kyrkja har omlag 180 sitjeplassar. Då kyrkja var ny, vart ho måla okergul utvendes. No er ho kvit.

Fundament

Kyrkja står på ein høg grunnmur av liggande naturstein, hovudsakleg lagt opp som tørrmur. Grunnen skrår ned mot vest og muren er såleis høgre på vestsida av kyrkja.

Vegger

Skip, kor og kortilbygg er lafta opp i 6 - 8 tommar brei plank som vart hogne til på staden etter å ha vorte frakta frå Sogn som rundtømmer. (Aspehaug 1992, s. 180.) Koret er lafta saman med skipet, kortilbygga lafta saman med kor og skip. Tømmeret er synleg innvendes. Langveggene i skipet er delte i fire felt ved tre opplengjer feste med jarnboltar og med eit vindauge i kvart felt. I koret er det to opplengjer på kvar av langveggene og ei i kvart av dei indre hjørna i sør, dei siste utan jarnboltar. Veggene i våpenhuset er panelte. Utvendes er heile kyrkja kledd med glattkanta, sulagde bord. Veggene er avslutta nede med vatnbord over grunnmuren.

Dører

Kyrkja har dører med fyllingar i ramme. Hovudinngangen er gjennom tofløya dør frå nord inn til våpenhuset. Overbygget ved hovudinngangen har saltak og gjennombrotne sidevegger med snekkararbeid i sveitserstil. Det er også tofløya dør mellom tårnfoten og skipet. Enkle dører frå tårnfoten til tårntilbygga og tofløya dør mellom gallerigang og galleri. Frå koret er det dører til sidebygga og frå desse mot trapper ut mot sør. Desse to dørene har utvendes ekstra labankdører som vern. Døra framfor sakristiet er truleg frå kyrkja si oppføringstid, medan døra til rommet for dåpsborn kan ha vorte oppattnya. Dør frå sakristiet til preikestol. Dei fleste av dørene har 2x2 høge fyllingar med spegel og fris. Ramma er avfasa mot fyllingane. Framfor inngangsdørene er det i samband med grunnmuren mura opp høge trapper i naturstein, den ved hovudinngangen med vangar.

Korskilje

Koropninga er saga ut or tømmeret og er flat oppe. Dei øvre hjørna er runda. Kanta med listverk. Brystningar på kvar side av trappestega av ståande gjennombrotne bord og runda handlist, avgrensa mot trappa ved meklarstolpar toppa av låg pyramideform.

Vindauge

På kvar av langveggene i skipet er det fire vindauge, på kvar av dei skrå veggflatene i koret eitt. Desse er alle høge, smale og avslutta oppe med trekantgavl. Vindauga er delte ved tre loddbeine postar, den midtre forma som Y øvst. Horisontal oppdeling ved sprosser. Vanleg klårt, nytt glas. Kortilbygga har eit mindre vindauge i same form på sida. Over hovudinngangen i nord har tårnet eit åttekanta vindauge med stjerneforma sprosseverk. I tredje høgda i tårnet, der klokka heng, er det gavldekte høge, smale lydgluggar med panelte, hengsla luker mot nord og aust.

Golv

Skip og kor har måla bordgolv. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet.

Himling

Flat himling i kor og skip. I skipet er det lagt tverrgåande bindbjelkar over opplengjene og ved gavlane, støtta med skråband mot opplengjene. På bindbjelkane ligg det åtte langsgåande, tynne bjelkar som underlag for flat, stafpanelt himling.

Tak

Taket over skipet har tre sperrefag i tillegg til gavlane. Sperrefaga er sette saman av sperrer som kviler på bindbjelkane som går tvers over skipet, dei er avstiva ved hanebjelke og dobbel hengebjelke som er lagd som ei tong om sperrene i mønet, om hanebjelken og om bindbjelken og er såleis synlege under himlinga. Hanebjelken er tappa inn i sperrene og festa med nagle. Sperrene ber åsar som ber tak av under- og overliggjande bord under diagonallagde skiferheller. Takkonstruksjonen over koret er noko enklare. Høge piper over skipet og kortilbygga.

Tårn

Tårn i bindingsverk i tre høgder avslutta kort over mønet på skipet med gavlar til alle fire sider krynte med trekrossar og med inntrekt, kopartekt åttekanta hjelm toppa med kule og kross. Våpenhus i første høgda. Gallerigang i andre høgda og klokkehus i tredje. Sidetilbygg i bindingsverk med trapperom på austsida og lagerrom på vestsida.

Interiør

Koret opnar seg i mest full breidde og høgde mot skipet. Harmonium og døypefont nordaust i koret, preikestol i sørvestre hjørne i skipet. Tverrgalleri ved inngangen. Kyrkja vert oppvarma ved hjelp av vedomnar, ein midt i skipet på austsida og ein i kvart av kortilbygga. Fargar: Veggene er lys blå / turkis. Opplengjer og dører gulbrune med mørkare avfasingar. Benker grå-lilla i to nyansar med sjablongmotiv i raudt og grønt oppe på vangen. Himlingar grå-kvite. Golvet er grønleg grått. Over korbogen er måla årstalet 1875 med grønt. Den turkise veggmålinga er avskrapt fleire stader og under ligg ein djup rosa tone som brystning på nedre del av veggen. Over brystninga har veggen vore lys grå. Langs midtgangen i skipet fram til altarringen og i Y-form på sidene av denne ligg ein raud, fiskebeinsmønstra kokusløpar. Våpenhuset har raudbrune dører, grått golv, gråmarmorert brystning måla på panelet og avslutta med sjablongbord oppe.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med fyllingar i ramverk på sidene og framme, dør til skåp bak i altaret. På kvar side mot framhjørnet er festa ein halv baluster som tidlegare var del av altarringen. Det er laga ei ny, større bordplate oppå den opphavelege, truleg i samband med at kyrkja har fått ny altartavle. Fargar: Ramverk og speglar er gulbrune, ådra med brune avfasingar. Fris: lys blå.

Altartavle

a) Den opphavlege, lagra på gallerigangen. Tavle med stort øvre biletfelt og smalt nedre skriftfelt i ramme flankert av kanellerte pilastrar med profilerte basar og kapitél, overdekte med kronlist. Tavla har kontursaga smale vengjer i full høgd. Ramma er gulbrun med gull staffasje. Pilastrar og listverk: Rustraudt med gull staffasje. Kvite kanelyrer. Vengjene ådra - gulbrune med raud konturline. I skriftfeltet i gull fraktur på svart botn: "Dette gjører til min Ihukommelse". I biletfeltet er måla ein kvit kross med gull profil på kvit marmorert base med blå bakgrunn og med rustraudt draperi med gull-snorer og frynser over og på sidene.

b) På altaret. Klassiserande altartavle med rektangulært biletfelt med runda øvre hjørne flankert av kanellerte søyler på glatte basar og med korintiske kapitél som ber gesims. "KOM TIL MEG ALLE" er innskore i frisen. Gesimsen har tannsnitt under kronlist og ber gavl krynt med kross og med utskore lauvverk i attikafeltet. Sentralt over biletfeltet konsoll med skulpturert hovud. I biletfeltet ei måla framstilling av Kristus ståande i landskap. Kopi av Thorvaldsens Kristusskulptur. Signatur: K. Askeland 1912.

Altarring

Sirkelrund altarring med sekundær opning på begge sider av altaret og med golv eit steg over korgolvet. Tidlegare opning mot sakristidøra. Stoppa knelepute trekt med fløyel. Balusterrekkverk. Handlist med halvsirkelforma tverrsnitt. Sekundær sponplatehylle for særkalkar innafor handlista. Mønstra linoleum på golvet. Fargar: Knelebenken grå-grøn som golvet med raud list som skilje. Lys blå balustrar (tidlegare gulbrune?) med brune riller, brunmåla handlist. Lakka hylle for særkalkar.

Kneleskammel. Furuskammel, stoppa og trekt med raud fløyel og kanta med gullfrynser.

Døypefont

Åttekanta døypefont samansett av treplater og profilert listverk. Profilert kum smalnar mot todelt åttekanta skaft der nedre del har størst tverrsnitt. Breiare åttekanta profilert fot. Mål: h. 87 cm, br. 50 cm. Sekundært kvitmåla med gullstaffering.

Preikestol

Preikestolen har fem fag, tre fag som utgjer sider i ein åttekant og to breiare sidefag. Faga har fyllingar i ramverk, øvre ramme er utvendes forma som smalfelt. Under stolen konturerte hengebord. Foten er utforma etter same grunnplan som stolen med innknept skaft over breiare fot. Oppgang ved trapp frå sakristiet gjennom dør i sørveggen i skipet. Fargar: lysblått og gult, ådra. Handlista stoppa og trekt med raud fløyel med gullfrynser. Nyare bokhylle og lesebrett med fløyelsklede med kross i gulltråd og med gullfrynser. Raud fløyel dekkar døra ved oppgangen.

Benker og faste stolar

Faste benker på sidene av midtgangen. Fremst på kvar side står ein benk utan ryggstø vend mot inngangen. Benkevangane er tappa ned benkestokkar som ligg på begge sider etter midtgangen. Vangane har rette sider med innsvinga framkant over setehøgd og med runda øvre avslutting. Benkene har tidlegare truleg vore måla gul-brune. No er dei lys grå-lilla. Mørk grå-lilla stripe langs kanten på vangan, same farge under setet. Sjablongmotiv oppe på vangane med raud blom og grøne blad. Benkene har truleg frå først av vore utstyrte med dører. (Aspehaug 1992, s.180.) Benker på galleriet. Benk i nordvestre og nordaustre hjørne i koret. Benkene i koret har vore innelatne med brystning med fyllingar og dør mot sør. I aust er brystninga teken vekk for å gje plass til orgelet.

Galleri

Tverrgalleri som går fram til første opplengjepar og såleis deler dei nordre sidevindauga i to. Galleribjelken er lagd opp i opplengjene og er i tillegg boren av to søyler som flankerer midtgangen. Skråstøtter frå søyler og opplengjer til galleribjelke. Galleribrystning med 12 fyllingar i ramverk. Gallerigolvet avtrappa i fire nivå med benker. Flat staffpanelt himling under galleriet. Fargar på galleribrystning: gul-brun ådring, lys blå friser.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk. Kvit lin med påsydd blondekant framme. Altarklede. Raudt fløyels altarklede med gule frynser.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokke

Klokka har ikkje krone, men er skrudd direkte til eikestokken. Svakt runda hue, utsvinga korpus, nedbøygd slagring. Øvst på halsen mellom to riller: "BOCHUMER VEREIN. GUSSTAHLFABRIK". På korpus: "HJELME KIRKE 1875". Diam. 70 cm, h. 64 cm.

Nummertavler

Ei i koret og ei på austre side av sørveggen i skipet. Høge med broten gavl. Svarte med gullist. Delte vertikalt for vers. Massingsiffer.

Blomsterglas

To høge krystallvasar på altaret. Åttekanta med rette, svakt skrånande vegger.

Orgel

Harmonium Henrik Eide, Bergen.

Kyrkjegard med gravminne

Kyrkjegarden er omgjeven av ein opptil 2 meter høg tørrmur av dels skifrig naturstein. Det er opning i muren i nord og sør, med kvitmåla treportar og støypte portalstolpar avslutta med kule. Frå port til port går ein singelgang på vestsida av kyrkja inntil grunnmuren. Største delen av kyrkjegarden ligg vest for denne singelgangen, men det ligg og graver på nordsida ved inngangen. Porten i nord fører til sjøen, medan sørporten fører til ein snuplass som utgjer enden på vegen til kyrkja ved Skipavika som er ei lita vik og aldri har vore nokon god landingsplass, men der visst nok presten la til. Folk i Øygarden brukte ein hjelpekyrkjegard på garden Reigstad frå 1860-åra og frametter. (Aspehaug 1992, s. 179.)

Kyrkjegarden på Hjelme vart teken i bruk det året kyrkja vart bygd og gjekk or bruk då den nye kyrkjegarden vart opna i 1949. På kyrkjegarden finst nokre jarnkrossar og -plater frå tida rundt 1900 og steinplater på jarnstativ. Mange graver frå 1915. Eit staffpanelt uthus bryt muren på austsida av kyrkja. Utafor nordporten, på ein haug på austsida, er reist eit minnesmerke over dei falne i andre verdskrigen.

Kjelder

Trykte kjelder
  1. A. Aspehaug, Øygarden 1850 - 1885, Tjeldstø 1992.