Mal:Siste artikler

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk

Farnes kyrkje, sørfasade, AMH 2009.jpg

Farnes kyrkje
Farnes kyrkje er den første kyrkja i tettstaden Øvre Årdal. Ho vart teken i bruk i 1970 og er ei arbeidskyrkje teikna av Arnstein Arnebergs arkitektkontor. Den første kyrkjegarden på staden vart teken i bruk i 1898. Øvre Årdal sokna tidlegare til Årdal kyrkje, men på grunn av den store auken i folketalet, vart det oppretta ei interimskyrkje på Ungdomsheimen før det var bygt kyrkje. Kyrkja er orientert med altaret i aust og bryt med retningane i den kringliggjande bygningsmassen.

Årdal kyrkje, austfasade, AMH 2009.jpg

Årdal kyrkje
Stavkyrkja var av den mangesøyla, treskipa typen ein finn i Sogn og Valdres. Ho hadde seks søyler på kvar side og to mellom hjørnesøylene på kvar kortside, i alt 16. Det var same avstanden mellom søylene, med unntak av på austre kortside der mellomsøylene var trekte ut mot hjørna. Ei ekstra søyle kvilte på tverrbjelke over koropninga.