Nes kyrkje, Luster

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Anne Marta Hoff


Innhold

Bakgrunn

Nes har vore kyrkjestad langt attende i mellomalderen. Kyrkje på Nes er nemnd i Bjørgvin kalvskinn, og i diplomatariet frå [...]. Eigen prest på Nes er også nemnd i diploma.

Den første kyrkja som har sett spor etter seg i det skriftlege kjeldematerialet, er ei stavkyrkje som kan følgjast gjennom kyrkjerekneskapar og synfaringar i perioden 1631-1722.

Denne kyrkja vart ståande fram til tidleg på 1800-talet då ho var forfallen og lite tenleg, og ho vart i 1835 erstatta med ei enkel tømmerkyrkje. Det oppsto snart misnøye med den nye kyrkja, og i 1909 vart ho ombygt, fekk sakristi i aust og nytt tårn i vest, nygotiske vindauge og elles eit enkelt, nygotisk interiør.

Kyrkja på Nes ligg ved Lustrafjorden på nordvestsida like innafor sidearmen av fjorden som går inn til Gaupne. Ved stranda nedafor kyrkja kan ein enno sjå landingsplassar for båtane som kom sjøvegen over fjorden før sokna vart inndelte etter trafikken til lands. Det er avkøyring frå riksvegen ned mot parkering nordvest for kyrkja. Kyrkjebygget er no det einaste offentlege bygget på staden og eit viktig samlingspunkt. I einskilde høve som til jul, i bryllaup og i gravferder, er kyrkja for lita.

Stavkyrkja

Bygningen

Kyrkja på Nes var for trong også i 1660-åra. Grunnen til dette var at ”der Søger En stor almuffue aff andre Sogner did”.[1] Det vart tilrådt å byggja eit galleri for å avhjelpa dette. Det vart også bygt eit nytt kor tidleg på 1660-talet, venteleg større enn det gamle. Hjørnestolpane i kyrkja, ” de 4 hoffuit stolper” skulle kledast utvendes ”Runden omkring”.

Den allmenne synfaringa av kyrkjene i 1686 beskriv kyrkja på Nes som ein stavbygning som er 25 alner lang (om lag 16 m) og 10 alner brei (om lag 6,4 m). Korleis tårnet var, er noko usikkert. Det er omtalt som ”et Schur ofuen paa Thaget bøgt till Thaarn”.

I 1709 vart det laga eit kort oversyn over ”Kirkernes tilstand”.[2] Det heiter då at Nes kyrkje er ei gammal stavkyrkje med tårn. Ho har nyleg vorte retta opp og reparert. Innvendes er ho måla og ”over alt temmelig vell flyed”.

Den siste av dei almenne synfaringane var i 1721. Nes kyrkje er då nemnt som ”een meget Eldgammel Stave Kirche, med eet Taarn mit paa foruden spids, tægt med Bord, Indvendig mahlet, og i andre maader Velholden”.

Av rekneskapane går det fram at kyrkja sine inntekter i store trekk berre dekka det mest nødvendige vedlikehaldet, og det vart i samband med tilstandsrapporten i 1709 nemnt at kyrkjer som enno ikkje hadde fått pannetak, men berre hadde bordtak, slik som på Nes, brukte pengane på tjøre og utskifting av rotne materialar. Arbeid på tårn, kyrkje og sval med bordlegging og tjørebreing er også det første som vert nemnt i rekneskapane frå 1631.

Det vart bygt eit nytt kor til kyrkja i 1661-1663. Kjeldene nemner ikkje eksplisitt kva for byggjemåte som vart brukt i det nye koret, tømmer er ikkje nemnt, sjølv om ein ville venta at ein bygde eit kor av tømmer på denne tida. Det vart kjøpt inn materialar til golv, lem (himling) og kledning inne i koret, i alt ni tylfter høvla bord. Koret fekk sutak og bordtak av 15 tylfter bord. Det er også rekna opp utgifter med å riva det gamle koret og å leggja ein mur under det nye. Koret vart bordkledd utvendes med bord som kyrkja hadde.

Kyrkjegrunnen har vore eit problem også for stavkyrkja, det er og har vore ein tendens til nedsiging på sørsida. Alt i 1673 hadde det nye koret sege så mykje at det måtte vegast opp og muren under gjerast høgre. Medan det i samband med bygging av koret vart lagt flat himling, tok ein no også kostnaden med å laga kvelv over koret.

I 1702-1704 laut ein igjen skru opp kyrkja og leggja nye sviller under. Dette er nærare gjort greie for i ein merknad i rekneskapen, ettersom stiftsskrivaren har stått for ein del av utlegga med arbeidet. Kyrkja hadde då sege ned på sørsida og både kyrkja, koret og tårnet måtte vølast og festas betre. Det vart sett inn ”bedskier” mellom kor og skip. Delegasjonen frå stiftsskrivaren på seks menn arbeidde i åtte dagar med kyrkja og i tillegg arbeidde dei ved ein del andre kyrkjer i prostiet. Det vart brukt 16 lange tre til sviller, bjelkar og bindingsverk. Men alt i 1714-1716 hadde kyrkja igjen sege så myke at størstedelen av stolestadene i kyrkja var komne ”af lafve, tillige med fundten”, og kyrkja vart igjen oppskrudd.

Midt på 1600-talet fortel rekneskapane at kyrkja hadde luker utafor vindauga som kunne trekkast opp med tau innafrå. I 1661-63 vart det sett inn eit vindauge ved preikestolen og eit stort nytt vindauge i vestgavlen i kyrkja. I 1664-66 vart det laga ei luke framfor vindauget i koret og ei lita luke nede i kyrkja. Enno eit nytt vindauge vart sett inn i kyrkja i 1680-81. Ved synfaringa i 1661-65 vart det sagt at det skulle skaffast luker framfor vindauga, men i 1686 grip ein til den nye løysinga som gjekk ut på å byggja kring vindauga med fire bord, dette skulle gjera luker unødvendige. Kyrkja fekk ny dør i 1702-1704.

Det er nemnt svaler ”runden omkring kirken” i synfaringa frå 1661-65. Desse var gamle og til nedfalls og vart tekne ned, og borda vart brukte til å bordkle kyrkja med. I synfaringa vart det også sagt at det skulle lagast eit våpenhus framfor kyrkja med golv og benker i. Der skulle ein bruka det ein kunne av sutaket frå dei gamle svalgangane. I 1686 er dette nemnt som ein sval framfor kyrkja i staden for våpenhus. Svillen i svalen har alt rotna, og må skiftast ut. I 1675-77 vart det sett opp ein ny tårnstolpe som vart felt saman med den gamle. Stegen, som i 1686 hang på nordsida av kyrkja, skulle då overbyggjast med eit halv-skur av 12 kne og 18 bord.

Tårnet i kyrkja vart vølt i 1680-81 då det igjen vart sett inn ein ny tårnstolpe som vart festa med jarnboltar. Nytt stegehus vart laga i 1686 av seks stolpar og 15 bord.

Interiør

Dei to nye stolestadene som vart laga i kyrkja i 1684-85, vart måla i same rekneskapsperioden saman med altarfoten (altarring og platå) og preikestolen. Etter at det vart laga nye stolestader i heile kyrkja i 1699-1701, lot ein ”mahle och staffere kirchen indentill over alt”. Med dreng brukte målaren tre veker på dette arbeidet.[3] Dei nye materialane som vart brukte ved oppskruinga av kyrkja 1702-04 vart måla i neste rekneskapsbolk.

Inventar

Etter at det nye koret var oppført i 1661-63, vart altartavla flytta dit, samstundes vart ho vølt av ein snekkar. I 1667-69 skjedde det endringar med altartavla. Niels Frandzen bilthugger vart betalt for tre blindfløyar og eit utskore ”thræbillede” (treskulptur) som vart oppsett på tavla.

Innvendes vart det i 1661-65 skissert følgjande endringar: Det skulle lagast ein ny dåpsstad med traleverk, utafor koret, dvs. aust i sjølve skipet, truleg på nordsida. I 1693-95 vart det laga ei dør framfor fonten med hengsler og krok. Det skulle også dreiast nokre pillarar som skulle setjast inn framfor koret, i korskiljet.

Benker og stolar. I 1639-42 vart det laga to skamlar ”langs neder ad kirkchen”, truleg smale benker ved midtgangen. Benker vert elles ikkje nemnde før i 1672 då det er lagt nytt golv ”udi stolene”. Ein må rekna med at det har vore stolestader, panelte benkerom, i lengre tid før dette. I 1682 vart det laga to nye benker uti svalene. I 1684-85 vart det laga to nye ”stole” i kyrkja. Eit større arbeid med stolestader i kyrkja vart utført i 1699-1701. Det vart då laga nye panelte stolar på begge sider av kyrkja av 17 tylfter bord, lim, 200 store spikrar of 18 par hengsler på stoldørene. Ein må rekna med at det då vart laga ni stolestader på kvar side. Snekkaren brukte 10 veker på arbeidet.[4]

Rituelle kar. Kyrkja hadde etter inventarlista frå 1633 ein kalk og disk av uforgylt sølv. I neste inventarliste, frå 1690, er dette settet vekke og erstatta med ein kalk av tinn og ein sølvdisk som var ei gåve frå Jann Teiste, den same disken som er i kyrkja no. Lista frå 1690 nemner eit massingbekken i fonten, truleg også det same som er der no (sjå nedafor under Rituelle kar).

Av parament hadde kyrkja i 1633 eit gammalt altarklede, men dei hadde enno eitt av ”tynt tøy”. I 1696 er det nemnt ein gammal altarduk og ein altarduk som har vore nyare.

Ein gammal og utsliten messehakel og ein messeserk er oppført i 1633. I 1690 er det ein grøn messehakel av atlask, og ein gammal messeserk. Ein ny messeserk ”af 13 alen fint lerrit” er utgiftsført i 1696-98 og nemnd i inventarlista frå 1699. I 1708-10 vart det kjøpt ein ny messehakel av ”røt floss”. Det kjem fram av rekneskapen frå 1687-89 at kyrkja hadde eit eige skåp til altarkleda, med lås for.

Lysstell. Inventarlista frå 1633 nemner ein lysestake med to piper, medan det i 1690 er nemnt to ulike lysestakar. Av bøker er det i 1690 nemnt ei gammal altarbok. Denne vart innbunden (1687-89) før den ”ny opkom”. Kyrkja hadde to klokker i kyrkjetårnet og ei lita handklokke i 1933, det same i 1690. Ei fattigblokk med lås og beslag vart innkjøpt i 1687-89. Eit timeglas vart innkjøpt i 1667-69, sameleis i 1675-77.

Tømmerkyrkja frå 1835

Bendixen skriv at kyrkja vart bygt i 1835, og at den gamle kyrkja stod til 1836. Dersom dette stemmer, må stavkyrkja ha stått på ein annan tomt, men venteleg nokså nær. Han omtalar kyrkja slik:

… Men denne bygning som blev opført i 1835 og som inneholder 150 sitteplasser er så stygg en kirke som vel søker sin make i uheldig utseende. Skib og kor har samme bredde Empire med soutakpanel, forholdsvis store vinduer, Kirken er tekket med røde panner- Umalet utvendig undtagen i vest hvor der er spor av oprinnelig rød. Senere hvit maling. Der er ikke galleri, takridderen hviler på 4 søiler som står i kirken. Alt det indre er umalet, undtagen alter og alterfot, prekestol og prestens stol i koret, den første grålig, den annen hvit.[5]

Bendixen fortel vidare at det på altaret sto ein enkel kross med IHS. Kyrkja hadde ikkje døypefont, berre ein jarnring til dåpsfatet. Kyrkja var 7,3 m brei, koret var om lag 4,5 m langt, skipet om lag 6,6 m. Våpenhuset 1,83 x 2,23 m. Kyrkja hadde ikkje sakristi.

Edin Næss som budde på Hansagarden ovanom kyrkja og var fødd i 1896, fortalde følgjande om kyrkja til nemnda for jubileumsheftet frå 1986:

Det var ein firkanta kasse utan våpenhus og sakristi. Det var heller ikkje galleri. Taket var ikkje underkledt, så ein såg heilt opp i sperrene. Preikestolen stod på same sida som no. Veggene var umåla plankevegger. Ved eine veggen var ein stige som kyrkjetenaren, eg trur det var han Kristian på Stasjon, gjekk opp etter når han skulle opp i tårnet og ringja. Det var heller ikkje omnar i kyrkja før 1909.[6]

Kyrkja vart ombygd i 1909 etter teikningar av arkitekt Schack Bull frå Bergen under leiing av byggmeister Korsvoll frå Eivindvik. Det vart då bygt til eit smalare og lægre sakristibygg aust for koret, og nytt vesttårn, og kyrkja fekk eit nygotisk preg.

Bygningen

I 1972-74 vart det utført arbeid ved kyrkja. Taket vart isolert og ein lekkasje i tårnet vart tetta. Det vart også utført omfattande arbeid i interiøret (sjå nedafor).

Vegger

Skip og kor er lafta opp i same breiddel. Kvar langvegg er inndelt i tre fag ved hjelp av to opplengjer. Det austre opplengjeparet markerer skiljet mellom kor og skip. Frå opplengjene går det bindbjelkar på tvers av skipet som er kopla til hengebjelkar frå takkonstruksjonen. Bindbjelken i vest er støtta av kne mot opplengjene. I kvart fag er det ei opning for vindauge. I gavlane er det vegger av lafteplank til overkant av tønnekvelven i kyrkja. Tømmerveggene i kyrkjerommet går truleg attende til kyrkja frå 1835. Dei er no innkledde med panel og vanskeleg tilgjengelege. Innvendes har veggene ståande staffpanel over brystning. Brystningshøgda er markert med list forma som dryppnase og kopla saman med skrå nedre vindaugskarmar. Lista følgjer veggen i same høgd i kor og skip. Under lista er brystninga kledd med ståande panel, truleg sekundær, der det er høvla inn ein smal staff midt på og i eine kanten av panelborda. Panelet gjev inntrykk av å vera av smale bord.

Sakristiet frå 1909 er delt i to rom i lengderetning med ei brei fløydør i deleveggen. Både ytterveggene og deleveggen er i lafteplank og her står tømmerveggene udekte innvendes, medan veggen mot kyrkjerommet er panelt. Utvendes er kyrkja kledd med liggjande staffpanel.

Dører

Kyrkja har hovudinngang vest i tårnet og vest i skipet gjennom fløydører. Mot våpenhuset er begge fløydørene kledde med ståande faspanel. To dører inn til sakristiet flankerer altarpartiet og heilt vest i sideveggene i sakristiet er det dører ut til kyrkjegarden. Det er også fløydør mellom dei to romma i sakristiet, og to dører mellom galleriet og gallerigangen.

Dei to dørene aust i koret og dei to dørblada i fløydøra vest i skipet er truleg frå kyrkja frå 1836. Dei har empirpreg med kvadratiske, kraftige fyllingar med eit sprang i ytterkanten av fyllingane. Fyllingane er sette inn i brei ramme. I rammekanten mot fyllinga er det (sekundært?) skore ut ein fas.

Ytterdørene, både i sakristiet og i våpenhuset, er labankdører av ståande plank med fas, kledd utvendes med faspanel i fiskebeinsmønster. Fløydøra i våpenhuset er utvendes prydd med utsmidde dørjarn. Fløydøra i sakristiet er ei sveitserstildør tilpassa dei gamle dørene. På galleriet er det enklare fyllingsdører.

Korskiljet

Kyrkja har eit tredelt korskilje knytt til det austre opplengjeparet og til bindbjelke og hengebjelke som korresponderer med dette. To stolpar som understøttar bindbjelken markerer ei brei midtopning, mellom desse og opplengjene er det korte brystningar. I overkant har sidefelta to kne som saman utgjer ein rundboge. Også midtfeltet har runda kne i hjørna oppe, men feltet held fram i ein flat, gjennombroten rundboge som følgjer forma på tønnekvelven. Feltet er markert utvendes med bord forma som runda bjelke mellom dei to som stolpane som understøttar bindbjelken. Mellom denne runda forma og kvelven er det tetta med bord i stråleform avbroten av bjelkar, to på kvar side + hengebjelken, sette inn i stråleform slik at heile partiet over bindbjelken framstår som ei soppgåande sol.

Vindauge

Kvar av langveggene i kyrkjerommet har tre vindauge, eitt i koret og to i skipet. Vindauga er innfelte i karmen med to postar som oppe går ut i Y-form og dannar tre diagonale ruter. Horisontalt er vindauga inndelte ved sprosser i fire. Klart glas, i dei tre rutene i gavlen farga grønt og fiolett. Sekundært er det sett inn ekstraglas innvendes i ei ramme festa til karmen. Innerglasa er delte i fire ved tre horisontale sprosser. Uklårt, bukla glas.

Golv og fundament

Kyrkja har plankegolv lagt i kyrkjas lengderetning på golvbjelkar. Korgolvet ligg eitt steg høgre enn golvet i skipet. Golvet i sakristitilbygget frå 1909 har undergolv av oppattbrukte takbord. Desse er dels dekte med tjøre og det står att trenaglar i nokre av naglehola. Fundament av stein med sekundært pålagd støyp utvendes. Sakristitilbygget har murt fundament.

Tak

Kyrkja har saltak over kor og skip og eit smalare og lægre saltak over sakristitilbygget. Begge taka er truleg frå ombygginga i 1909. Det er ingen spor etter tårngjennomgang i saltaket over skipet, og konstruksjonen er einskapleg.

Taket over kyrkjerommet er eit sperretak med enkle sperreband med hanebjelke festa på halv ved til sperrene og langsgåande bjelkar feste på halv ved til sperrene under hanebjelkane. Fjerde og åttande sperreband frå vest er forsterka ved bindbjelkar i raftehøgd som er kopla saman med hengebjelkar frå mønet. Dei to sperrebanda korresponderer med opplengjene i langveggene i kyrkja.

Himlingar

Kyrkjerommet har samahengande flat tønnekvelv i full lengde over skip og kor. Kvelven er av glattkanta panel som er festa i overkant til bogar som igjen er festa til hanebjelkane og truleg til langsgåande bjelkar i raftehøgd. Nedre del av takkonstruksjonen er ikkje undersøkt, men på kvar side av kvelven sett nedafrå er det eit smalt flatt parti i raftehøgd. Under dette er det ei profilert list.

Tårn

Tårnet er bygt inntil vestgavlen i kyrkja med to høgder over eit våpenhus som også har to høgder.

Våpenhuset er ein bindingsverkkonstruksjon som er kledd utvendes med liggjande panel som kyrkja elles, og innvendes med glattkanta panel, dels liggjande, dels ståande, og med noko staffpanel i andre høgd. Det har fløydør i vest (sjå under dører). Døra er overbygd med eit kort saltak på konsollar og med kløverbladboge i opninga og kross over mønet. Sideveggene har vindauge som strekkjer seg over begge høgdene. Vindauga tilsvarar vindauga i langveggene i skipet, men er mindre, og det er ikkje sett inn ekstra innvendes glas. Våpenhuset har oppgang til orgelgang i andre høgda ved nordveggen, og eit avdelt kott under trappa. Det er overdekt av telttak som frå tre sider går inn til tårnet nede i tårnets grunnetasje.

Sjølve tårnet er fundamentert på ei dobbelt ramme over våpenhusets andre høgd med fire hjørnestolpar, to mellomstolpar på kvar side og høge kryssband som går over begge høgdene i tårnet. Dei to vestre hjørnestavane er utveksla i to nivå under tårnfundamentet og har såleis støtte ned til bakkenivå. Det er lagt inn losholtar mellom hjørnestavane og langsgåande golvbjelkar under etasjeskiljet i tårnet. Over klokkerommet i andre høgd ligg ei dobbel bjelkeramme med tre langsgåande bjelkar som underlag for hjelmen. I første høgda har tårnet eit gavlavslutta vindauge i vest, i klokkerommet er det gavlavslutta lammelluker mot nord, vest og sør. Ein klokkestol av bjelkar fyller heile klokkerommet.

Den inntrekte, firkanta hjelmen er høg og smal med svai mot tårnveggene. Han har midtstolpe, fire gratsperrer og ein mellomstolpe på kvar side. Sperrene er kledde utvendes med liggjande bord som underlag for lappskifer. Oppe er hjelmen avslutta med spir med flat kule og hane.

Interiør

Presentasjon

Kyrkja har altarparti aust i koret flankert av dører til sakristitilbygget, i nordaustre hjørnet står den gamle klokkarstolen, i nordvestre hjørne er det oppgang til preikestolen som står nordaust i skipet. Sør i koret er det plassert to benker og lesepulten står på sørsida i koropninga.

Framfor brystninga søraust i skipet står eit piano, elles har skipet benkeparti på begge sider av midtgang. Tverrgalleriet vest i skipet har orgel sentralt og korte benker på begge sider.

Dei to romma i sakristiet har benker ved ytterveggene med bord i hjørna og elles lause, stoppa stolar. Dei har elles skåp til oppbevaring av utstyr og på vestveggen i søre rom er det montert eit minikjøkken.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

I 1972-74 vart det utført arbeid ved kyrkja og interiøret gjennomgjekk også ein del endringar. I skipet tok ein vekk jarnomnane og murpipene, benkene vart endra slik at dei skulle bli betre å sitja på, og det vart sett inn doble vindauge.

Fargar

Fargane i interiøret vart endra i samband med arbeida i 1974 og i samråd med Riksantikvaren. Overmålinga på preikestolen vart fjerna og stolen fekk fargar i renessansestil med unntak av bogefelta som vart ståande umåla. Klokkarstolen vart avdekka, og vart ståande utan farge. Fargen på altartavla og salmenummertavla vart også tilpassa det nye fargeskjemaet i kyrkja. Målararbeidet vart utført av Aldor Talle.[7]

Arkitekturelementa er dominert av bleikgule vegger, kvit himling, grått golv og grå berande element. Delar av inventaret er også måla i grått, kvitt og gult, men engelsk raudt er dominerande og finst på benker og benkeputer, orgel, lesepult og knelepute. Innslag av gull staffasje på altartavle og orgelfasade. Fargane i sakristiet er som i kyrkjerommet. Med unntak av golvet er våpenhuset umåla innvendes.

Golvløparar vart innkjøpte i samband med arbeida i 1974, og utskifta i 1985.

Lys og varme

Elektrisk straum vart lagt inn i kyrkja i slutten av 1950-talet.[8]

Inventar

Altar

Kassealtar frå 1909 med dør på baksida til skåp med ei hylle. Altaret er enkelt med ståande bord festa til ei indre ramme og avslutta utvendes med fotlist mot golvet. Bordplate av tverrlagde bord som går litt utafor kanten. Gråmåla. Breidde 160 cm, djupn 80 cm og høgda 89 og 108 cm.

Frontale

Det finst to frontaler frå Nes kyrkje på Bergen Museum. Fotografi av frontalene i full storleik er opphengde på vestveggen i kyrkja, under galleriet, eitt på kvar side.

Altartavle

Altartavla er montert/konstruert saman med altaret. Ho har rundboga biletfelt sett inn i ramme og gavl mellom sidestolpar. Tavla har eit lett nygotisk preg med ein smal rundboge dekt med gavlform over sidestolpane. Midtfeltet har forenkla vimperg toppa av latinsk kross og med innskriven spissboge.

Biletfeltet har oljemåleri på lerret signert Refsnæs Bergen 1909 og viser ein kopi av Jesu bøn i Getsemane av Heinrich Hoffmann 1890.

Altarring

Halvsirkelforma ring som endar i flog med baksida av altaret, med opning på begge sider av altaret. Noko trong. Altaret og ringen står på eit platå og kneleputa etter kanten av platået er stoppa og trekt med brunt skinn festa med saum på begge sider. Innafor kneleputa står eit balusterrekkverk av kraftige, dreia balustrar dekte med lett runda handlist og med ei indre hylle for særkalkar. Balustrane kan vera frå 1836. Altarringen er gråmåla med unntak av balustrane som er kvite.

Kneleskammelen er enkel og kasseforma. Oppsida er stoppa, og denne og sidene er trekte med ullstoff tilsvarande antependiet.

Døypefont

Enkel, åttekanta døypefont av tre. Flat kum med nedskrådd overside med sentralt hol for dåpsfat. Vidt skaft og litt breiare, rett fot.

Preikestol med oppgang

Renessansepreikestol med fem fag, med åttedelt botn og rett fot. Oppgang via trapp frå aust.

Faga har ei fylling med øvre og nedre ramtre og med hjørnebord som ramme mellom felta. Ramtrea utgjer smalfelt over og under eit storfelt utvendes på fyllinga. Stolen har dekor med beslagornament. Over øvre smalfelt er det flat handlist stoppa og trekt med skinn. Øvre smalfelt har 8-talsforma ranke. Storfeltet har portalform med rundboge med sirklar og diamantbossar i beslag, nedre smalfelt har diamantbosse og sirklar i beslag. Smalfelta er skilde med tosida konsollar. Oppe har dei sirklar og diamantbosse i beslag, nede dukatornament. Hjørna mellom storfelta er dekte av kannelerte pilastrar. Under nedre storfelt er det festa sveifa hengebord, også dei med beslagornament.

Botnen under stolen har åtte kraftige sveifa konsollar med kannelering på snittflatene. Botnen står på ein høg enkel fot med krossforma snitt. Det er oppgang til stolen via trapp frå koret. Trappa har gelender og melklarstolpe i sveitserstil.

Preikestolen vart restaurert i 1974. Ein del av treverket vart avdekt og stolen vart måla på nytt i samråd med Riksantikvaren. Innvendes i stolen er den opphavlege målinga bevart. Ramverket er engelsk raudt. På fyllingane er det måla svarte, vegetative ornament.

Lesepult

Standard lesepult måla i kyrkja sine interiørfargar.

Benker og faste stolar

Benkene i kyrkja har rettsida vangar som er smalare i bakre, øvre del som endar oppe i kløverbladform og fungerer som feste for ryggane i benken. Nede på den breie delen er det sentralt ei gjennombroten hjarteform som er snudd opp-ned. Ryggane er tette og har ståande bord sette inn i øvre og nedre ramme. Bak på øvre ramme er det hylle for salmebøker. Benkeplata er understøtta med sarg. Stolane er måla engelsk raude og har seteputer i same farge.

Klokkarstolen, også kalla medhjelparstolen, er overført frå mellomalderkyrkja og kan vera laga omkring 1700. Han har dør og ein dørvange mot vest og to fyllingar i ramme mot sør. Døra har portalform med bandslynging i bogen og kannelerte pilastrar på sidene. Vangen har flatt relieff med vekstornament og ein diamantbosse. Nedst er det eit utskore ståande ovalt felt. På sørsida er det profilar på dei ståande rammestykka. Det er sett inn ny benk og hylle i stolen.

Den opphavlege målinga er vekke. Stolen var på 1900-talet overmåla med kvitmålig med mørkare innslag. På 1970-talet vart han avluta og skrapa for målig. Det er spor etter original engelsk raud måling utvendes på brystninga.

Galleri

Galleriet kviler på tverrlagde bjelkar under fronten og ved vestveggen i skipet. Galleribjelken under fronten er understøtta av veggstolpar og stolpar som flankerer midtgangen. Bjelken ved vestveggen er understøtta av hjørnestolpar og stolpar som fungerer som beitskier for fløydørene. På dei to bjelkane kviler 11 golvbjelkar under gallerigolvet. Golvbjelkane stikk fram med sveifa endar under gallerifronten. Fronten har tredelt brystning med ståande staffpanel og er dekt av kraftig handlist. Golvet på galleriet er avtrappa i tre steg.

Endring av galleriet i 1937 i samband med innsettinga av orgelet ”Det vart sett inn 2 dører og benkane vart gjorde kortare.”[9]

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altardukar

a) Eit eldre altarklede av raud filt har merke etter ein altarduk med tunga, gjennombroten bord, truleg av hardangersaum.

b) Duk sydd på panamavoven bomull (java) med krossting i svart av Kaia Næss og Kristine Haugen. Hovudmotivet er ikkje identifisert, sidemotiv er latinske krossar, anker og små stjerner. Duken har ein brei holfald markert med svart på tre sider. Ein smal løpar med den same holfalden høyrer til, truleg til ekstraduk under lysestakar og kalk.

c) Duk sydd på lin med motiv som på duk b. Tilsvarande ekstra løpar som til b. Duken er sydd av Sofia Lavoll.

d) Duk av lin sydd av Astrid Fossøy. Til duken høyrer to ekstradukar til bordplata med holfald.

Antependium

Tidlegare var altaret kledd med raud filt. Denne vart teken vekk i samband med at det nye antependiet frå Den Norske Husflidsforening vart levert saman med messehakel og antependium for lesebrettet på preikestolen. Stoffet er det same som er brukt i messehakelen som vart levert samstundes.

Antependiet for altaret dekkjer tre sider av altaret. Det er inndelt i felt med smale gullband. Fronten er tredelt med brodert kristogram i kvitt, svart og gull i midtfeltet og fem små likearma krossar i dei same fargane i sidefelta.

Antependium til lesebrettet på preikestolen har sentralt eit jesusmonogram (IHS) omgitt av åtte små, likearma krossar. Motiva er broderte med gullsnor i leggsaum med svart kontur.

Messehaklar

a) Messehakel av raud fløyel, 1900-talet. Messehakelen er svært enkelt utført, utan mellomfôr. Lokal produksjon. Han er kanta kring ytterkanten med eit sølvband, og har ein enkel kross av eit breitt sølvband på ryggsida. Fôret er av bleika, raud satengvoven bomull. Det er truleg eldre enn hakelen elles. Hakelen er festa på venstre skulder med fire store trykknappar. Høgde 100 og 107 cm. Breidde ved skuldrene 76 cm.

b) Raud messehakel av kypertvove ullstoff og med gult fôr. 1978. Merkt med Den Norske Husflidsforenings merke på fôret. Hakelen er kanta med smalt gullband. På forsida er det brodert jesusmonogram i ring med strålar, på ryggsida kross av gullband fylt med broderte likearma krossar med stråleskin og med stjerner. Broderiet er utført som leggsaum med gulltråd og konturane med stilkesting i grøn tråd. Hakelen er festa på venstre skulder med tre hekter. Høgde 100 og 105 cm, breidde ved skuldrene 66 cm.

Ei messeskjorte av bomull.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har tre mellomalderklokker.

a) Lita klokke frå 1100-talet. Klokka har runda bogar og midtboge, rund hue som går direkte over i halsen og vidare i rett korpus. Korpus er avslutta mot slagringen med enkel rille, slagringen er svakt ut- og nedskrådd, og undersida skrår litt oppover innvendes. Diameter 33 cm, høgde 42, 30 cm utan krone.

b) Klokke frå 12-1300-talet. Klokka har runda bogar og midtboge, rund hue som går over i hals utan markeringar og i utskrådd korpus. Mellom korpus og ut- og nedsvinga slagring er det to smale riller. Undersida av slagringen skrår ned mot innsida. Diameter 54 cm, høgde 63 og 50 cm.

c) Som b, men med to riller på halsen. Diameter 72 cm, høgde 80 og 67 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgelet i kyrkja har ei soge attende til 1879. Det vart bygt med seks stemmer av August Nilsen, truleg til Askim kyrkje. I 1937 vart delar av dette orgelet brukt av Jørgensen til bygging av eit orgel for Nes kyrkje, men fasaden og mange av pipene var då nytt. Det vart omfattande fornya ved Venheim Orgelbygger i 1937. Fasaden er fornya i ”August Nilsens stil”.[10] Han er tredelt, nygotisk, med fialar og vimpergar og med metallpiper sett inn i spissboga opningar. Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på eitt manual og pedal:

Manual Principal 8’

Gamba 8’

Gedakt 8’

Oktav 4’

Fløyte 4’

Oktav2’

PedalSubbass16’


Piano, Petrof.

Bøker

Alter-Bog, Chra. 1826
Alterbog, Kra 1893, Kra 1893
Altarbok, Oslo 1926
Altarbok, Oslo 1926
Altarbok, Oslo 1966
Bibelen, Kbh 1787
Kingos salmebok, gammal utgåve, truleg 1700-talet
Kingos Kirke-psalmebog, Christiansand, u.å.
Landstads Kirkesalmebog, Bg. 1872
Tekstbok, Kra 1900
Tekstbok, Kra 1918
Tekstbok, Kra 1922
Kirkeritual, Chra. 1825

Møblar

Brurestolar. To stolar i lyst lauvtre, renessansekopiar, med akantusskurd på toppbrett og forbrett og på frambeina. Ryggen er stoppa og trekt på begge sider med skinn festa med saum. Setet er også stoppa og trekt med skinn. Treverket er lakka. Umerkte.

Offerkar

Det vert ofra på altaret i ei korg fletta av tynn pedikk på botn av kryssfiner, lakka. Korga er merkt under botnen: Nes Kyrkje 1969.

Blomstervasar

To trektforma vasar av sølv. Innskrift: MINNEGÅVE LINA FEIGUM 1976. Stempel 830 S, kalk i oval, og C. Høgde 17 cm, diameter oppe 8,8 cm.

Vase av sølv, trektforma på avtrappa fot. Innskrift: GÅVE TIL NES KYRKJE FRÅ KYRKJESONGAR OLE HAUGEN OG KONA KRISTINA. Stempel 830 S, Lo. Høgde 20,7 cm. Diameter oppe 10,4 cm.

Diverse

Pidestallar. To pidestallar etter forma på balustrane i altarringen er leverte av Dalen Snikkarverkstad.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Gravplassen ligg omkring kyrkja i terreng som hallar mot fjorden aust og søraust for kyrkja. Det har alltid vore eit problem at kyrkjegardsjorda har vore for grunn. Det vart fylt på jordmasse i 1909. På 1960-talet vart kyrkjegarden utvida mot nord med delar av nabogarden. Planteikningar vart laga av kyrkjegardsarkitektane Fosså og Skjold. Muren rundt kyrkjegarden er av høg kvalitet og er mura opp av skifrig stein. Den som utførte det meste av arbeidet, vert kalla ”Skoga-Lars”. Også på 60-talet vart det påfylt med jord og grus. Den nye kyrkjegardsdelen vart vigsla i 1966.[11]

Gravminne

Ein del eldre gravminne, tre støypejarnsplater og ein støypejarnskross, er samla nordvest for kyrkja ved inngangen.

Reiskapshus

Reiskapshus vart oppført i[...] etter teikningar av [...]. I tillegg til reiskapsrom inneheld det toalett og opphaldsrom for arbeidarar ved kyrkja. Huset står nordvest for kyrkjegarden i tilknytting til den eine parkeringsplassen ved kyrkja.

Kjelder

Utrykte kjelder

Kyrkjeverja, Luster kommune, perm med oversyn over inventaret
Bendixens manus

Arkivverket, Statsarkivet i Bergen
Rekneskapar, Kyrkjestolebok 1631 – 1686, L.nr. 68
Rekneskapar, 1687 – 1723, Stiftsamtmannsarkivet, L.nr. 1725
[...Synfaringar]

Trykte kjelder

Nes sokneråd, Nes kyrkje 150 år, 1836-1986
Skrift om orgelet laga til vigsling av orgelet i 1997

Bilete



  1. Synfaring 1661-65
  2. Synfaring 1709
  3. Jf. Gaupne kyrkje. Det kan ha vore same målar som også arbeidde i Gaupne kyrkje tidleg på 1700-talet.
  4. Klokkarstolen som står i kyrkja no, med utskjeringar i flatt relieff, har likskap med arbeidet som vart utført i Gaupne kyrkje tidleg på 1700-talet. Dersom dette var ein del av arbeidet i Nes kyrkje, kan benkene ha sett ut som dei fleste benkene i Gaupne.
  5. Bendixen manus, avskrift s. 87
  6. Nes kyrkje 150 år … s 24
  7. Nes kyrkje 150 år … s 14
  8. Nes kyrkje 150 år … s 14
  9. Skrift laga ved orgelvigsla i 1997.
  10. Oversyn v/organisten i skrift laga i samband med vigsla av orgelet 1997
  11. Nes kyrkje 150 år … s 22