Vik kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.

Vik kyrkje
FylkeSogn og Fjordane
KommuneVik
ProstiYtre Sogn
BispedømmeBjørgvin
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater61.08014871,6.5780734696
FellesrådVik kyrkjelege fellesråd
Kirke-id141700401
Soknekatalognr7100201
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Anne Marta Hoff


Kyrkja vart oppført etter kong. res. av 11.12.1875 og teken i bruk i 1877.[1] Fram til då var Hopperstad stavkyrkje soknekyrkje for Vik. Vik kyrkje ligg ved riksvegen eit stykke opp frå enden av den korte fjordarmen som går sørover midtveges inn i Sognefjorden. Ho ligg på flat, terrassert grunn omgitt av steingard, men området er utvida med parkeringsplass og Kyrkjestova i nord. Kyrkja vart etter Kallsboka oppføt på prestegardsgrunnen i hovudsak etter teikningar utarbeidde av arkitekt Thorsen. Byggmeister O. Vangberg hadde arbeidet med bygginga.[2] Kyrkja vart vigsla 23.08.1877 av biskop Birkeland.[3]

Innhold

Bygningen

Kyrkja er ei stor langkyrkje av nygotisk type med eit smalare, men mest like høgt kor og med dei vanlege sidebygningane på nord- og sørsida av koret. Koret stikk noko ut mellom desse mot aust der det er rett avslutta heilt opp i gavlen. Sidebygningane har gangar i vest med dør ut og mot skipet og sideromma. Tårnet er sett inn til vestveggen i skipet og har våpenhus i første høgda.

Vegger

Kyrkja er treskipa med etter måten breie og høge sideskip. Veggene i skip, kor og sidebygningar til koret er bygde av lafteplank. Langveggene i skipet er inndelte i seks fag ved fem opplengjer og i dei fire midtre faga er det rektangulære vindauge. Vestveggen har vindauge i sideskipa og inngang sentralt. Veggen er også tømra opp i gavlen. Han har opplengjer samanfallande med veggstolpane vest i stolperekkene som skil mellom sideskip og midtskip. Innvendes er opplengjene sekundært kledde med bord, utvendes er dei markerte med flate innkassingar i panelveggen.

Veggene inne i kyrkja er sekundært kledde med huntonitt-plater med strieliknande overflate og overmåla. Midtskipsstolpane er sekundært kledde med ståande bord og har no form som rundsøyler. Panelet utvendes har glattkanta, liggjande bord.

Bak orgelet står tømmerveggen framleis slik han var før interiøret vart endra, med eldre målingslag. Tømmerveggene er også tilgjengelege i gangen i sidebygninga på nordsida, der dei ikkje er kledde med huntonitt. Stokkane har grunn fas etter kantane.

Langveggene i koret er inndelte i tre fag. Veggen mellom gangane og sideromma til koret er panelt lettvegg, ytterveggene i tilbygga er tømra. Austveggen i koret har ingen opningar.

Portalar og dører

Mange av dei opphavlege dørene er bevarte med dørvridarar og nøkkelskilt i sveitserstil. Dei viktigaste dørene har seks rektangulære fyllingar i tre høgder. Det gjeld inngangsdøra vest i tårnfoten og til sideromma og dørene frå sideromma til skipet og koret.

Mindre synlege dører, som mellom gang og siderom til koret og mellom orgelgang og galleri, er enklare med tre kvadratiske fyllingar. Dørene i vest, inn til våpenhuset og frå våpenhuset inn til skipet, er fløydører. Overlysa over inngangsdørene i vest i form av to trepass, er attblenda i samband med endringane i 1930-åra.

Hovudinngangen i vest er overbygd med eit lite saltak på knektar med fas. Frå fronten i mønet går ein hengebjelke ned og kryssar tverrbjelken mellom knektane. Trekantane som flankerer hengebjelken er gjennombrotne med ornament. Vindskine har også ornamentale utskjeringar.

Inngangane ligg alle eit stykke opp frå bakkenivå og dette er løyst ved steintrapper med enkle rekkverk i jarn. Ved inngangen i nordaust er det sekundært føya til ein rampe i same stil.

Korskiljet

Korskiljet må vera vesentleg endra etter at kyrkja vart oppført.

Koret opnar seg no i full breidde og høgde mot skipet, med same spissboga profil, men noko mindre. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn golvet i skipet. Den sentrale trappa, som har svakt boga steg med rette sider, går ut frå koret mot skipet. På kvar side er det låge brystningar med fire fyllingar i form av rundbogar med inntrekt boge. Brystningane endar mot trappa i firkanta meklarar med dei same bogeornamenta og dekte med plater.

Vindauge

Kvar av langveggene i skipet har fire store vindauge. Vindauga elles i kyrkja har same form som desse, men er mindre og har færre ruter. Dei fleste er delte med midtpost og kvar halvdel er dekt av eit trepass som gjev vindauget ei form som minner om eit tokopla, spissboga, gotisk vindauge. Høgt på korveggene er inndelinga ei anna i det det her er tre bogar i eit sentralt vindauge med enkle vindauge med ein boge på kvar side av dette. Sidebygga til koret har to bogar over mindre vindauge.

Vindauga er opphavlege med klart, for det meste opphavleg glas. Dei er delte med midtpost og kvar side er igjen inndelt i 2x6 ruter ved hjelp av sprosser. Over dette er ei horisontal inndeling under dei to trepassforma rutene som er innskrivne i firkanta rammer.

Vindauga står høgt i veggen og når opp under takskjegget. Ytre gerikter har nygotisk fas oppe og på sidene. Nede har dei vatnbord over profilert list. Innvendes er det side- og undergerikter med nygotisk fas. Sidegeriktene går opp til gesimsen over veggen. Den øvre delen med trepassforma vindauge, er blenda att innvendes med huntonitt-plater.

Innvendes i skipet er det sett til ekstra vindauge i bly med svakt farga, buklete glas. Vindauga er festa til karm og postar med hjelp av enkle lister. Fire blyglasruter svarar til ei opphavleg rute i storleik. Vindauga lengst aust i skipet har glasmåleri (Sjå under interiør).

Golv og fundament

Det ligg venteleg eit tregolv i heile kyrkja. Dette er no dekt med ein spetta vinyl, truleg på eit underlag av huntonitt. I koret er det lagt eit heildekkande boucléteppe på vinylen. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn golvet i skipet.

Kyrkja står på eit fundament av tukta stein med sementfuger. Det er tilgang til kryperom under kyrkja gjennom opning i muren nord på vestveggen.

Tak

Det ligg eitt saltak over skipet og eitt over koret. Sidebygningane har pulttak.

Saltaka over kor og skip har tettstilte sperrer kløfta saman i mønet og sikra med nagle. Taket over skipet har to hanebjelkar over himlinga. Ved kvart fjerde sperreband er det hengebjelkar frå mønet ned til nedre hanebjelke. Hanebjelkane er lagde inn frå vest på noko mindre enn halv ved. Dei er også sikra med nagle. I hjørnet mellom sperrer og nedre hanebjelkar er det felt inn kraftige dragarar. Under den nedre hanebjelken er det lagt eit golv med isolasjonsmateriale over, og sperreverket under dette nivået er vanskeleg tilgjengeleg. Materialane i sperreverket er nummererte med skorne romartal og er truleg prefabrikkerte før dei er sette opp i kyrkja.

Sperreverket ber sutak som underlag for rekter, lekter og ruteheller.

Himlingar

Tidlegare himlingar er ikkje tilgjengelege.

No er himlingane i sideskipa flate, tidlegare var dei svakt skrådde. Dei er kledde på undersida med måla huntonittplater og delte inn i eit rutenett ved hjelp av glattkanta lister. Himlinga over midtskipet er spisboga og endar oppe i ein langsgåande bjelke. Han er laga av liggjande bord og inndelt i fag med glattkanta lister.

Himlinga i koret har tilsvarande spissboga form som i skipet, men er laga av huntonittplater og lister. Her har ein forsøkt å sleppa lyset frå vindauga i langveggene gjennom ved å laga fire lysopningar på kvar side. Desse er symmetriske og tilsvarar ikkje lysopningane i ytterveggene. Lysopningane har gavlforma øvre avslutting og i eit felt under kvar av dei er det festa ein kross, alt innramma av ei markert, rettvinkla list. Kvart av dei tre faga i veggene er inndelt i to fag i himlinga, slik at lysopningane er plasserte i dei fire midtfaga. Over lysopningane er det laga to stjerner av lister i kvart fag. Både lysopningane og stjernene har innlagt elektrisk lys. Lysopningane har svakt farga, diagonale ruter lagde i bly. Himlinga i koret har truleg følgt takkonstruksjonen tidlegare. Innsleppet av dagslys kunne vore betre.

Tårn

Tårnet er eit støpultårn der fire tårnstavar går frå grunnen og opp til hjelmen. I dei tre nedre høgdene er grunnflata større enn desse tårnstavane, og tårnet har her to sett med hjørnestavar. I den fjerde høgda, klokkerommet, der veggene er trekte inn via sentrale gavlar på eit kort skjørt, fungerer tårnstolpane også som hjørnestolpar. Klokkehuset er også avslutta med fire sentrale gavlar på eit kort skjørt og ein inntrekt, åttekanta hjelm avslutta oppe med spir og smijarnsornament med kule, basunblåsande engel og kross med kuler. På eldre foto ser ein at hjelmen opphavleg var trekt ut med ein lanternin i øvre del.

Første høgda er kledd innvendes med skuggepanel. Dei indre, frittståande stolpane har fas. Oppgang til andre høgd via opphavleg trapp på nordsida.

Dei indre stolpane har fas også i andre høgd. Trappa vidare opp i tårnet er også opphavleg. Det er kraftige kryssband på veggene, festa til bjelkelag i veggen under panelet og sikra med jarnbolt og mutter. Døra på nordsida og vegger, stolpar og trapp i andre høgda har eldre målingslag.

Den indre kledinga av tårnveggene er avslutta i andre høgd, og frå tredje høgd er konstruksjonen open med berre ytre kleding. Golv, mellomstolpar og kryssband i veggene er festa til fleire lag bjelkerammer. I overgangen til tredje høgd er det to slike rammer. Hjørnestolpane er avstiva med lange, sjølvvaksne kne både oppe og nede. Over tredje høgd er alle dei åtte tårnstolpane avslutta. Dei fire indre er utveksla via kraftige dragarar i lengderetning som ber golvbjelkar som underlag for klokkestolen i fjerde høgd.

Oppgangen til fjerde høgd er også på nordsida, men enklare. Høgda ligg innafor dei lægste gavlane. I same høgd, i nivået over klokkestolen er det lydluker i gavlane. Over gavlane er det opplegg for hjelmen, [...]

Det er laga eit nytt kontor for organisten på orgelgangen. Det fyller det meste av tårnet på sørsida, men det er att ein smal gang på nordsida til oppgangen til tredje høgd. I høgda fyller det om lag halvdelen av andre høgd i tårnet.

Kontoret har plater i taket, liggjande skuggepanel på veggene og teppe på golvet. I tillegg til den opphavlege sørdøra inn til galleriet har det dør ut til gangen i nord.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonelt interiør med altar sentralt eit stykke frå austveggen i koret, døypefont i nordvesthjørnet i koret og preikestol ved søre hjørne mot skipet med oppgang frå koret over brystninga.

I skipet er det benkeparti på begge sider av ein brei midtgang og med smale gangar ved langveggene. Vest i skipet er det tverrgalleri med orgel.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Interiøret vart gjennomgåande endra i 1930-åra (eller var det etter krigen?) etter framlegg frå arkitekt … Sveitserstiltrekka vart løynde bak eit moderne skal med plater og lister. Kyrkja fekk spissboga himlingar både i kor og skip. Altarringen er også frå denne vøla. Han vart truleg større og fekk eit moderne formspråk.

Fargar

Veggene innvendes er måla i to varme gråfargar, den mørkaste under ei brystningslist som ligg i nivå med underkant av vindauga i skipet. Det er likevel den lyse gråblå fargen som dominerer, saman med staffasje i brunraudt. Desse fargane er brukte i himlingane og på alle berande ledd, og også på preikestol, benker og galleribrystning. Vinylbelegget på golvet er spetta i mørkt gråbrunt og beige, og i midtgangen og på korgolvet ligg det sennepsgule teppe.

Glasmåleri

I dei nyare indre vindauga lengst aust i skipet er det sett inn glasmåleri av dei fire evangelistane med identifiserande namn. Det er brukt klåre fargar, raudt, blått, gult og grønt.

Inventar

Altar

Stort kassealtar av tre med brotne framhjørne. Altaret er bygt saman med altartavla. På baksida er det to dører og innvendes er det ei hylle med plass til oppbevaring over og under. Veggene i altaret er av ståande bord. Baksida er gråmåla, dei tre sidene elles er dekte med sennepsgul fløyel over raud filt som også dekkje bordplata. Altaret er 111 cm høgt, 290 cm breitt og 114 cm djupt.

Altartavle

Altartavla er den opphavlege med ramme av … (dei to som jobba saman, sjå Hel).

Måleriet er laga av Karl Uchermann. Det framstiller Jesus som stiller stormen. Han står i heilfigur sentralt i biletet vend mot kyrkjelyden, og fyller det meste av biletflata. Hovudet med stråleglans står som sentrum i rundbogen som avsluttar biletfeltet i overkant. Den høgre armen og handa er løfta horisontalt framover til signing og under handa er framstilt ein knelande person (truleg Johannes), på venstre sida enno ein knelande mann, begge med falda hender. Jesus har raud kjortel og blått klede kring seg. I bakgrunnen hav med bølgjer som slær fram mot båtsida. Teksten under gjev innhaldet i biletet ei overført tolking: Ti! Vær stille! Marc. 4,39. Helvedes Porte skulle ikke faa Overhaand over min Menighed.

Mellom hendene og hovudet til mannen til høgre i biletet er det framstilling av eit bakhovud med svart, bølgja hår. Dette må skuldast at motivet har vorte endra under arbeidet, og at denne delen av biletet må ha vore overmåla tidlegare.

Altarring

Delar av ein tidlegare altarring med dreia pillarar i nygotisk stil ligg på kyrkjeloftet.

Altarringen er venteleg ein del av arbeida frå restaureringa. Han er uforma av same breidde som altaret og med opning ved framhjørna på dette. Den nedre delen kan vera eldre. Sjølve rekkverket har to pillarar forma som to kjegleformer stilte mot einannan vekslande med smale andreaskrossar der krossarmane smalnar inn mot basen nede og handlista oppe. Krossen sentralt framme er forma som eit kristogram (chi-rho). Kvitmåla.

Døypefont

Døypefonten er ein opphavleg, åttekanta font av tre. Kummen har plate med rundt hol og utholing der det er festa ei djup skål med avløp i botnen. Fonten er festa til golvet. Sidene på fonten svingar inn mot skaftet via vulstar og holkilar. Nedafor skaftet svingar foten tilsvarande ut mot fotplata. Alle ledd er åttekanta. Døypefonten har opphavleg måling med marmorering i klebersteinsfargar.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har sju sider av ein åttekant og er open mot aust det er føya til tre sider med tilsvarande form og aust for denne eit trapp i seks steg etter korveggen. Trappa har lukka brystning. Kvart av felta i preikestolen har ei rektangulær fylling som utvendes er forma som ein rundboge med inntrekt boge. Hjørna har enkelt vaseforma lister som følgje hjørna ned til golvet via profilert listverk i underkant av stolen, den innsvinga botnen og den åttekanta stolpen. Stolen har også profilert listverk under handlista. Handlista og lesebrettet er trekte med vinraud fløyel kanta med gullfarga band og frynser. Preikestolen er måla i fargane som elles er i kyrkja, gråblå, og med to varmgrå fargar. Bogefelta er stafferte med gull.

Lesepult

Standard lesepult av tre med skråstilt brett. Umåla.

Benker

Benkene i kyrkja er dei opphavlege. Dei er omgjorde og har fått nye, rettvinkla vangar og det er sett inn ei plate i ryggane over den tidlegare opne ryggen som berre hadde ei ryggfjøl i tillegg til handlista med salmebokhylle oppe. Dei to opphavlege svungne, vangeforma benkestøttene under setefjølene, som deler benkene i tre felt, er framleis tilstades. Benkene har fått lause benkeputer med raudbrunt stoff.

Fleire benker er også i denne kyrkja tekne vekk for å gje meir rom framme og bak i skipet.

Opphavlege benker finst på loftet, i våpenhuset og på nordsida av galleriet.

Galleri

Galleriet er halde oppe av bjelkar ved langveggene som er lagd opp i vestvegg og veggstolpar, av bjelkar mellom dei to vestre midtskipsstolpane og ved to bukkar under det sentrale galleriframspringet over midtgangen. På desse bjelkane kviler bjelken under gallerifronten og golvbjelkane for gallerigolvet. Golvet er avtrappa i fleire steg. Det er stolar på sørsida av orgelet og opphavlege benker på nordsida. Oppgangen til galleriet er via trapp i det sørvestre hjørnet i skipet. Gallerifronten er inndelt i felt med fleire fyllingar i kvart. Fyllingane er forma som rundbogar med inntrekt boge på utsida. Over og under bogane er det ei tilnærma tannsnittlist som avslutting av det profilerte listverket. Handlista er brei med runda hjørne. Himlinga under galleriet er kledd med plater med innlagde lamper.

Måleri

I sakristiet heng foto av to eldre måleri der personane var knytte til kyrkja i Vik.

a) I ei ramme er det to foto, det eine av Sudvig Christopherson Munthe, f. 1657, + 1708, Sogneprest til Vik i Sogn. Det andre er av kona hans, Karen Iversdatter Leganger, f 1667, + 1702. Måleria vart etter innskrift utførte i 1693.

b) Det andre viser ei tradisjonell krossfestingsscen med Gud Fader i skya og Jerusalem i bakgrunne av krossen. I framgrunnen av biletet med hovudet plassert om lag i den horisontale midtlina i biletet, er det ei framstilling av tre personar, ein mann og to kvinner. Bak på biletet finst denne innskrifta: Mag: Iver Erikssøn Leganger født 26 Feruar 1629 i Leikanger, død 3 April 1702 i Vik i Sogn, Provst og Sognepræst til Vik, og hans 2 Hustruer Maren Berthelsdatter Mule. Født 1614 i Oslo (?), død 16 Juni 1665 i Vik, og Anna Pedersdatter Finde, født i Førde 1645, død i Vik i Sogn 1728. (Orginalmaleriet hængte i Vik Kirke i Sogn, og tilhører siden mai 1900 Sekretær S.H. Finne-Grønn, Kristiania.)

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk
Altarduken er av lin og brodert etter kanten med knelande englar profilert framstilte med løfta, samanlagde hender og rette mot krossen som er brodert sentralt framme på duken. I kvart mellomrom er det brodert ei krossforma stjerne. Ytst er duken kanta med enkel sikksakkbord og svart strek. Broderiet er utført i svart, gråbrunt og gullfarga moulinégarn. Umerkt. Oppå bordplata ligg det ein vareduk over altarduken. Ein ekstra vareduk finst i kyrkja.

Messehaklar
a) Raud fløyels skjoldforma messehakelkanta med gullband og med nyare ryggkross av breiare, gullfarga band kanta med smalare band. Truleg frå 1800-talet. Hakelen er fôra med raud bomullstvill. Han er festa med fire hekter på venstre skulder. Både framsida og ryggsida er skøytte. Framsida er skøytt i full høgde til høgre for midten og eit lite stykke ved halsopninga, den høgre delen av framsida er skøytt horisontalt i armhøgd. Ryggsida er skøytt sentralt. 14 cm frå halsopninga har ryggsida tidlegare hatt eit 18 cm breitt applikert stykke i full breidde. Dette er teke vekk før den noverande krossen er festa. Hakelen er 78 og 96 cm høg og 61 cm brei ved skuldrene.

b) Raud, smal og innsvinga messehakel frå 1950-talet. Hovudstoffet er ein viskosedamask med innvovne, likearma krossar. Hakelen er fôra med gul sateng i kunstfiber. Han er festa med tre hekter på venstre skulder. Heile hakelen er kanta med eit gullfarga band. Det same bandet kantar den applikerte dekoren på hakelen. Denne går fram i form av eit v-forma naturkvitt band på framsida, og sentralt er det applikert ein noko breiare, diagonalstilt turkis firkant med brodert kristogram flankert av alfa og omega. Bandet er elles brodert og delt inn i felt med turkise og svarte tverrstreker. I felta er det hjarte og krossar. På ryggsida er bandet forma som ein y-kross og over krossmidten er det applikert eit turkis kvadrat med inntrekte hjørne. Her er broderi av lammet med sigersfane. På krosstammen er det i tillegg til hjarte- og krossmotiva framstilling av nattverdssymbola kalk og aks. Hakelen er merkt på fôret: Den Norske Husflidsforening. Høgde 109 cm, breidde ved skuldrene 69 cm.

c) Kvit, gyllen messehakel i vid form med runda hjørne. Fest med glidelås på venstre skulder. Truleg omkring 2000. Hovudstoffet er brokade av kunstfiber med rankemotiv. Fôret er ein gullfarga tvill av kunstfiber. Hakelen har gaffelkross av vove band prydd med krossar og ranker i gullfarge. Over krossmidten på ryggsida er det applikert eit rundt, vinraudt fløyelsfelt med jesusmonogram IHS. Halsopninga er kanta med eit smalt band. Hakelen er umerkt, men er truleg framstilt av ein av dei større utanlandske produsentane. Høgde 111 og 118 cm. Breidde ved skuldrene 121 cm.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

[...]

Orgel og andre instrument

Orgel

a) Delar av eit eldre orgel lagra på taket av organistkontoret og elles i tårnet og på kyrkjeloftet.

b) [...]

Piano - Schimmel

Bøker

Alterbog for den norske Kirke, bokmål, Kra 1889
Alter-Bog, bokmål, Chra 1826
Alter-Bog, bokmål, for Hove kyrkje, Chra 1826
Alterbok for den norske kirke, bokmål, Kra 1920
Kollekter, Epistler og Evangelier, bokmål, Kra 1887
Sandviks Graduale, Oslo 1925, to eksemplar
Tekstbog for den norske Kirke, bokmål, Kra 1900
Tekstbok for den norske kirke, bokmål, Kra 1918
Tekstbok, nynorsk, Kra 1922
Tekstbok, nynorsk, Oslo 1929

Nummertavle

Ei enkel tavle, måla lyst gråleg som veggen, med stiftar for oppheng av svarte metallsiffer.

Møblar

Brurestolar i flammebjørk. Umerkte.

Offerutstyr

Skål til offer på altaret. [...] Innskrift under botnen: Til Vik Kyrkje sin 100-årsdag 23. august 1977. Vik Bondekvinnelag. Stempel: David-Andersen, 830 S og eit innrissa bumerke. Diameter oppe 22,4 cm, høgde: 6,9 cm.

Kollekt i benkene vert samla inn i to standard kollekthovar.

Til minnegåver ved gravferder har kyrkja to rosemåla treskåler. Dei var ei gåve frå Vik Ungdomslag ved 100-årsjubiléet til kyrkja i 1977 og er merkte O. Fjærestad.

Blomstervasar

a) To blomstervasar, standard sølvsmedvare. Innskrift med versalar på foten: Vik Kyrkje 1956. Høgde 21 cm, diameter fot 9,5 cm.

b) Ein pokalforma vase, standard sølvsmedvare. Innskrift på korpus: O.P. Fosse, 1935. Påskrift under botnen: VIK KYRKJE, SOGN. Stempel: 71/6 og NCA 830 S.

Diverse

Prosesjonskross og hyrdingstav i tre.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

[...]

Gravminne

[...]

Bygningar knytte til kyrkjegarden
Kyrkjestova
Reiskapshuset
Bårehuset

Kjelder

Utrykte kjelder

Trykte kjelder

Ei nemnd, Bygdabok for Vik i Sogn I, Bergen 1951

Oppmålingsteikningar og fotografi




  1. Bygdebok s 243 etter Kallsboka
  2. Same staden
  3. Same staden s 244

Bilete