Øystese kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Øystese kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneKvam kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Laster kart...
Koordinater60.387701,6.203325
FellesrådKvam kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123800201
Soknekatalognr09070104
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)

Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Kyrkja er nemnd i 1300, 1306 og fleire gonger i same hundreåret. Denne kyrkja må ha vore ei stavkyrkje. I 1661-65 vart det notert at kyrkja er i god stand, måla innvendes og med tårn. Skipet og koret har ei lengde på 36 alner. [1] Kyrkja var ikkje endra ved synfaring i 1722. Skipet var då 21 x 16 alner og koret 9 x 10 alner. Klokkestøpulen var på 8,5 x 8,5 alner. I 1845 vart ei større vøle av kyrkja gjennomført. Då stod støpulen som eit lågt tårn i vest. Av svalgangar var det berre den på sørsida som stod att.

Ei ny kyrkje vart vigsla i 1868. Det var ei langkyrkje av tømmer i vanleg hallform. Arkitektar for kyrkja var Erichsen og J. W. Nordan. Kyrkja, som vart oppført under leiing av byggmeister Askjel Aase, vart vigsla 15.mai 1868.[2] Kyrkja ligg på ein flate sentralt i Øystese med badestrand på sørsida av kyrkjegarden og riksvegen på nordsida. Vik-museet og kultursenteret Kabuso ligg på nordsida av vegen.

Kyrkja har tårnbygg i vest. Koret er smalare og lægre enn skipet. Skipet er 16 x 12 m, koret 7,19 x 6,54 m og tårnfoten 4,17 x 5,47 m. [3]

Kyrkja frå 1868 - Bygningen

Øystese kyrkje er ei langkyrkje i lafteplank med smalare og lægre kor. Koret har fem sider og opnar seg i full breidde og høgde mot skipet. Siderom ved langveggene i koret rommar dåpsfølgje på nordsida og sakristi på sørsida. Vest for skipet er det tårntilbygg med trappehus på begge sider og vidare opp i tårnet.

Vegger

Veggene i kor og skip er av lafteplank med skiftande høgde på plankane. Langveggene i skipet er delte inn i fem jamnbreie fag ved fire innkassa opplengjer. Kvart av faga har eit høgt, smalt vindauge. Opplengjene korresponderer med stolpar som markerer skiljet mellom midtskip og sideskip. Stolpane er samanbundne på tvers av rommet med bindbjelkar. Nedre delen av veggene i skipet er innvendes dekte av eit om lag 150 cm høgt brystvern, i koret noko lægre. Brystvernet er inndelt i felt og avslutta med listverk i overkant. Utvendes er veggene kledde med liggjande panel, avslutta nede med skrått vatnbord over grunnmuren og oppe mot enkel underkleding av takskjegget. Utvendige hjørne har enkle innkassingar.

Korets siderom er fornya. Det siderommet som viser på Tomhaws foto frå ca. 1900 tykkjest mindre og har ikkje vindauge i langveggen. Veggene i romma er av bindingsverk og kledde innvendes med ny, ståande skuggepanel.

Portalar og dører

Kyrkja har hovudinngang gjennom fløydører vest i tårnfoten og vest i skipet. Mellom galleriet vest i skipet og gallerigangen i tårnet er det dører ved trappene i nord og sør. I tillegg er det sekundært sett inn ei ny dør mellom dei to dørene, nærast den sørlege. Denne går til eit nyare rom på gallerigangen. Sideromma til koret har inngang i nord til rommet for dåpsfølgje og i sør til sakristiet. Frå begge romma går det dør vidare inn til koret.

Med unntak av ytterdørene ved koret og den nye døra på galleriet, er dørene opphavlege med tre fyllingar i dørblada. Fyllinga i midten er lægre enn den øvste og den nedste. Geriktene er profilerte. Mange av dei opphavlege dørene har framleis opphavlege dørvridarar og nøkkelskilt i massing. Fløydøra vest i tårnfoten har overlys i form av eit femkanta felt med diagonale ruter og gavl. I gavlen er det sett inn ein latinsk kløverbaldkross i glaset. Døra er utvendes overdekt av eit lite saltak på konsollar. Ei skifertekt trapp, oppbygd av skifrig stein, fører opp til inngangsdøra frå tre sider. Frå nordsida av trappa er det rullestolrampe som følgjer veggen rundt hjørnet på tårnfoten og knekkjer nordetter ved vestveggen i skipet. Mot sør der trappa er høgst, har ho fem steg.

Ytterdørene til sideromma ved koret er sekundære. Ei tørrmurt, skifertekt trapp i sju steg er lagt opp mot døra etter sakristiets sørvegg frå aust, medan trappa på nordsida går opp frå nord i fire steg.

I dørene mellom kor og siderom er dei tre fyllingane flate ut mot sideromma. Geriktene inn mot koret er profilerte og omfattar ein supraport mellom dør og overståande vindauge.

Korskiljet

På foto av Tomhaw frå kring 1900 har skiljet mellom kor og skip ei noko anna utforming enn no. Midtopninga var smalare og hadde same breidde som sideopningar med brystvern. Oppe var dei tre opningane utfylte med andreaskrossar med krabbar.

Koret og midtskipet har same breidde og dei innkassa hjørna mellom kor og skip er utforma som, og står i flog med, midtskipsstolpane. Eit ekstra par stolpar med same utforming innafor hjørna markerer opninga inn til koret. Mellom stolpane er det på nordsida kort og lågt brystvern. I sør tek preikestolen opp rommet mellom stolpane.

Hjørne- og mellomstolpane går opp i same høgd og ber ein brei gesims under den gavlforma veggflata under himlinga i skipet. Sentralt over gesimsen er det plassert ein skoren latinsk kross på kule og med strålar i hjørna. Krossen er innramma i portalform. Under krossen på gesimsen er måla med gull på blått og i gotisk trykkskrift: Heilag Heilag Heilag / Er Herren Sebaot. All jorda er full av hans herlegdom. Jesaja 6.3.

Vindauge

Vindauga i skipet er høge, smale og avslutta oppe med slak gavlform. Dei er oppdelte vertikalt med to djupe postar, horisontalt med ein grunnare post, og med fire sprosser over og tre under den horisontale posten. Sekundært er det tilsett blyglasruter innvendes. Dei har gjennomskinleg glas – halvparten i ein svak gulbrun fargetone. I gavlen er det ein blå kløverbladkross med gul ramme forma i blyet. Vindaugene er understøtta av brystvernet innvendes, dei vertikale geriktene kviler på dette. Utvendes har vindauga dekkbord i gavlform og enkle gerikter.

Vindauga i korets siderom er nyare, kopla vindauge med 3 x 3 ruter i ytterramma og ei rute i innerramma.

Vindauga i langveggene i koret er inndelte som øvre del av vindauga i skipet. Blyglaset er her gråfarga og slepper lite lys gjennom. Vindauga står like over supraportane og har same breidde.

Dei to vindauga i skråveggene aust i koret har glasmåleri i bly innvendes (sjå nedafor under Interiør) og todelte nyare glas utvendes.

Golv og fundament

Golvet hadde opphavleg eit vanleg bordgolv. Dette fungerer no som underlag for ei om lag 2 cm tjukk plate av polert betong. Plata vart lagd i samband med restaureringa i 1948. Ho er marmorert med olivengrøn lasur. Golvet i koret er dekt med kvitt teppe (sjå nedafor under Interiør).

Tak

Kyrkja har slakt saltak over skipet. Taket over koret er også eit saltak. Det har same vinkel som taket over skipet og tredelt valming mot aust. Sideromma ved koret har pulttak.

Taket over skipet er eit sperretak med tettstilte sperreband med ein hanebjelke. Kvart sperreband har stikkbjelkar frå raftet inn til langsgåande dragarar understøtta av mellomstolpane i skipet. Ved fire av sperrepara er det bolta fast bindbjelkar til oversida av stikkbjelkane. Dei fire bindbjelkane går på tvers over midtskipet under himlinga.

Sperrene er tappa ned i stikkbjelkane som er kløfta ned i raftestokken. Hanebjelken er festa til sperrene på halv ved. Sperrene er tappa saman i mønet. Det er festa laskar på yttersida lengst ned på sperrene. Takskjegget er svært kort. Sperrene ber sulagde bord som feste for rekter, lekter og ruteheller.

Kortaket har venteleg ein liknande konstruksjon.

Himlingar

Sideskipa har flate himlingar av langsgåande, glatte bord. Midtskipet har slakt gavlforma himling av ståande, glatte bord og med symmetrisk plasserte, markerte lufteopningar.

Himlingen i koret er femsida, flat og av skuggepanel i lengderetning. Overgangen mellom vegg og himling i koret er sterkt markert med tre inntrappa bord under skrå kasettfelt av huntonitt, innramma med profilert listverk og med ulike symbol måla i felta.

Tårn

Inntil vestenden av skipet har kyrkja eit tårn i fire høgder. Dei fire tårnstolpane går frå grunnen og heilt opp som i ein støpul, men den nedste delen, to høgder, er lafta opp i plank utafor tårnstavane. Frå våpenhuset går det symmetriske trappeløp mellom tårnstolpane og lafteveggen. Den lafta, nedre delen av tårnet er dekt av eit slakt saltak vest for tårnstolpane, taket går over i pulttak på sidene.

Tårnfoten er brukt som våpenhus og har fløydører i vest og mot skipet i aust. I trapperomma i nord og sør er det høge, smale vindauge, tilsvarande dei i langveggene i skipet. I gavlen over inngangsdøra er det eit mindre vindauge med form som vindauga elles. Spor under vindauget viser at det har skjedd endringar her.

Gallerigangen i andre høgda er mest oppfylt av eit nytt rom med inngang frå galleriet (sjå ovafor under Dører), på sørvestsida utafor tårnstolpane er det oppgang vidare til tårnet. Den lafta delen har raft i høgde med etasjeskiljet mellom andre og tredje høgd, og trappa kjem opp i gavlen i vest. Tredje høgda er lagerrom og her er det tilgang til loft over skipet. Klokkestova er i fjerde høgda.

Bindingsverket i tårnet har to mellomstolpar og er avstiva ved andreaskrossar og sjølvvaksne kne under tverrbjelkar ved etasjeskilja. I tredje høgda er det rektangulære sjalusiopningar i tre retningar. Oppgangen til klokkestova er via ny trapp på nordsida. Klokkestova er markert utvendes ved at veggene her er trekte nokre cm inn på kvar side i høve til veggene i tredje høgd. I klokkestova er det rektangulære lydluker med gavlforma overdekking utvendes. Lukene er av panel som veggene elles.

Hjelmen kviler på ramme over fjerde høgd. Han har fire hjørnesperrer og to gratsperrer på kvar side. Kongen kviler på ein tverrgåande bjelke som er lagt opp på krysspunkt i andreasskrossar. Sperrene har laskar for svai og ber glatte, sidestilte bord som feste for lappheller. Hjelmen er avslutta i toppen med spir med kule og kross med mindre kuler i endane.

Interiør

Det opphavlege interiøret er kjent gjennom mellom anna Tomhaws foto frå tida rundt 1900. Interiøret har gjennomgått ei vesentleg endring i 1948 under leiing av arkitekt Torgeir Alvsaker. Altaret med altartavla er blikkpunktet sentralt i koret nær austveggen. Altarringen dekkar eit nærast kvadratisk areal og fyller mykje av koret slik at det framstår som eit nattverdrom. Preikestolen er plassert mellom dei to stolpane sør i korskiljeopninga med oppgang ved sørveggen i koret. Dåpsengelen, som vert brukt ved dåp, heng på nordsida i koret mellom korskiljet og altarringen. På begge sider av midtgangen er det ubrotne benkeparti. Fram mot koret er det fjerna ein benk på kvar side, bak på nordsida er det teke vekk to benker for å gje plass til ”barnekrok”.

På austveggen i skipet er det plassert ei eldre altartavle på nordsida og eit skore relieff på sørsida. Piano står framfor brystvernet nord i korskiljet. Lysglobe står i søraustre hjørne i skipet. Kyrkja har tverrgalleri med orgel i vest.

Fargar

Kyrkja fekk ny fargesetting innvendes i 2005 – 2006 etter plan utarbeidd av Bjørn Kaland, Bergen. Interiøret er i hovudsak prega av olivengrøne og varmraude valørar. Vegger i kor og skip over brystvernet har truleg ein broten kvit botn, lasert med olivengrønt. Himlingane er måla i ein broten kvitfarge. Golvet er grått med olivengrøn marmorering. På bjelkar, korskilje med gesims, preikestol, vindauge, altarring og brystvernet i koret dominerer raudt med mellomblå staffering, medan benkene, brystvernet i skipet og gallerifronten i hovudsak er grøne med raud staffering. Fyllingsfelt er i broten kvit med grågrøn fris.

I siderommet nord for koret er det brunleg treimiterande vinyl på golvet. Veggene har kvitlassert panel. Rommet sør for koret har grått golv og uhandsama panelvegger. I våpenhuset er veggene og trappene avluta. Nye indre vegger i rommet innafor trappeløpa er uhandsama. Rommet har naturfarga sisalgolv.

Tekstilar

Det er nyleg kjøpt inn nye golvteppe. I koret og i altarringen er golvet dekt med teppe i ein broten kvitfarge. Teppet har kort, tett lugg. I midtgangen ligg ein brei, varmraud løpar i same kvalitet, denne fargen er også brukt som lyddempande og lunande underlag i barnekroken.

Glasmåleri

I dei fleste vindauga i kyrkja er det farga, latinske kløverbladkrossar i gavlfeltet. Desse er truleg opphavlege.

Vindauga i koret vart måla i 1949. Over dørene til sideromma er det berre lagt ei gråbrun lassering på glaset, medan vindauga i skråflatene i aust har figurmåleri.

Måleriet nord for altartavla viser Maria med barnet og Gjetarane på marka. Det er signert nede i midten: ATELIER Rognaldsen, ER -49. Måleriet sør for altaret viser Den oppstadne Kristi møte med Maria Magdalena i hagen. Biletet er signert nede til høgre: ATELIER G. ROGNALDSEN, Bergen og ER -49. Fargane er flaskegrønt, olivengrønt, gyllent, brungrått og raudt. Måleria er særs mørke og slepper lite lys inn i koret.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og varme og vert oppvarma av røyromnar under benkene.

Inventar

Altar

Sekundært altar frå 1948 med breiare bakvegg som støtte for altartavla. Altaret har tre fyllingar i front der midtfyllinga er breiast, og ei fylling på kvar side. Den breie fyllinga har spegel med karakteristisk form, med eit kort flatt ”bein” under på kvar side. På baksida er det dør til skåp. Ramverket i altaret er raudmåla, fyllingane har grågrøn fris og kvit spegel. Profilerte lister er mellomblå. Altaret er 207 cm breitt utanom bakveggen, 65 cm djupt og 98 cm høgt.

Altartavle

a) Altartavle frå ca 1700. Denne altartavla er eldre enn kyrkja, ho har vore lagra på loftet, men heng no i skipet. Det er eit snekkararbeid i ei høgd med fotstykke og med vengjer og toppstykke i bruskbarokk. Fotstykket har skriftfelt mellom basar med diamantbossar. Over ei knekt, profilert list ber basane enkle korintiske søyler framfor smale sidefelt. Biletfeltet i midten er innramma og viser Krossfesting med Maria Jesu mor på nordsida og truleg Maria Magdalena på sørsida. Sidefelta er flankerete av vengjer med bruskornament og kvinnelege hermer i ytterkant. Tympanonfeltet er utforma som fotsykket, men basane er mindre. Over utsvinga, knekt gesimslist kviler eit toppfelt med bruskornament. Målinga er sekundær og av dårleg kvalitet. Den originale målinga er truleg svært skadd, det kan sjå ut som ho berre delvis er bevart under den nye. I skriftfeltet på fotstykket kan det anast ein kartusj for innskrift. På skriftfeltet på gesimsen finst Frederik IVs monogram mellom AN – NO og 17 – 17. Dette er måla med gull på svart og er venteleg opphavleg.

b) Altartavle frå 1868. Altartavla på altaret er samtidig med kyrkja. Det er eit nygotisk snekkararbeid med skrådd sokkel, enkle spissboga sidefelt og større, eselryggboga midtfelt der bogefeltet er utfylt med skorne vinranker over biletfeltet. Dei tre felta er skilde med og flankerte av i alt fire slanke stolpar som endar i fialar. Eselryggbogen er toppa med latinsk kross. Under biletfeltet er ei innskrift i gullfarga gotisk skrift: See det Guds Lam, som bærer Verdens Synd! Joh. 1ste Cap. 29de Vers. På framkanten på sokkelen er skreve med gullfarga latinsk skrift på umåla tre: Tore Johannessøn Telstød og Hustru Alis Sjursdatter gav denne Altertavle til Øystesyn Kirke, Aar 1868. Snekkarverket er måla. Botnane er mellomblå, greiner, fialar og rammer varmraude, krossen, vindruer og vinblad er gullfarga, det er også slanke markeringar av arkitekturelementa. Måleriet viser ei framstilling av Krossfestinga. Jesus er vist død med hovudet hallande til si høgre side. Han har tornekrone, men også stråleglans kring hovudet. Ved krossfoten Maria Magdalena og til venstre fleire kvinner. Til høgre Johannes og nede bak han ligg kraniet frå Den gamle Adam. Måleriet er signert nede til venstre A. Askvold 1868.

Altarring

Altarringen er ny frå kyrkja si restaurering i 1948. Han har no nærast kvadratisk plan, men med runda hjørne. Handlista er boren av felt med den karakteristiske fyllingsspegelen med ”bein”. Det er sett inn to slike felt på kvar av dei tre sidene og eit runda felt i kvart av dei to hjørna. Handlista og kneleputa er stoppa og trekte med skinn festa med massingsaum. Integrert i handlista er ei indre hylle for særkalkar. Altarringen er i to raudfargar og blått på rammene og grågrønt og brote kvitt på fyllingane. Skinnet er lyst gulbrunt.

Kneleskammelen er nygotisk med ståande sidebord utsveifa med to bein og med fasa hjørne. Skammelen er stoppa og trekt med skinn.

Døypefont

Ein eldre døypefont er plassert i tårnet. Han har åttekanta kum med innskrådde sider avslutta nede med konturerte hengebord, kannelert skaft og åttekanta, utskrådd fot på rett standplate. Fonten er måla i bleikt grønt og gulbrunt med mørkare staffering.

Ein dåpsengel vert brukt ved dåp i kyrkja i dag. Han har basun i venstre hand.[4] Engelen svevar horisontalt og er kledd i ein klassiserande kjole som er samla i livet med belte og trekt opp på overarmane og over knea med knopp. Stoffet flagrar opp nede på baksida. Vengjene er realistiske fuglevengjer. Armane er framstrekte med dåpsfat i krans i høgre hand og basun i venstre. Hår, vengjer, kjole og basun er gullfarga, karnasjonen bleikt brunleg. Kransen er grøn.

Preikestol med oppgang

Preikestolen vart også utskift ved restaureringa. Han har no fem sider og opninga fyller mellomrommet mellom dei to søndre stolpane i korskiljet over brystvernet. Kvar side er artikulert med storfelt der fyllinga har høg rektangulær form med ”bein” på spegelen, og hjørnesøylene er forma som søyler elles i kyrkja, men med chi-rho på kapitela. Øvre del av sidene er forma som eit øvre smalfelt innramma med listverk og med profilert, utsvinga underlag for stoppa og skinntrekt handlist. Stolen har hengebrett med krossmotiv i underkant, og er boren av åttesida fot med formelement som på mellomstolpane i kyrkja.

Benker

a) Opphavleg benk står på loftet.

b) Benkene i kyrkja er frå restaureringa. Dei har rektangulære vangar med topplist og listinnramma felt både mot midtgangen og langveggen. Setefjølene er forma og skrådde opp og kviler på ein sarg i framkant. Ryggen er heil med tre fyllingar av kryssfinér og med topplist. På baksida midt på ryggen er det festa smale hyller for salmebøker. To støttebein går loddbeint i flog med bakkanten av vangane og er festa til rammeverket i ryggen og svingar fram under setet. Til vange og støttebein er det festa ein tynn boks til fotstøtte. Benkene er grønmåla med olivengrøne seteputer. Staffering i brote kvitt og raudt.

Galleri

Gallrifronten vart omgjort ved restaureringa i 1948. Samstundes vart galleriet utvida mot aust og fekk brotne hjørne ved mellomstolpane, slik at fronten går fri frå det andre vindaugsparet rekna frå vest. Det vestre mellomstolpeparet og to stolpar i flog med desse, som flankerer midtgangen, ber stikkbjelkar frå vestveggen i skipet og har tidlegare også bore gallerifronten. Konstruksjonen elles er underkledd med skuggepanel i lengderetning.

Golvet på galleriet er avtrappa på sidene for benker og sentralt for orgel. Bortsett frå under orgeldelen, er tregolvet dekt med same materiale som golvet i skipet.

Skulptur

Krusifiks på nordveggen i koret. 1700-talet(?) Jesus heng død med attlatne auge og med tornekrone og med hovudet hallande til hans høgre side. Han er framstilt frontalt, men med beina bøgde og lett svinga mot hans venstre. Lågtsitjande, smalt lendeklede med knute på høgre hofte. Krossen er sett saman av to greiner og kviler på ein skoren Golgatahaug. På øvre del av stammen stort skilt med INRI. Armane er separate trestykke, elles er jesusfiguren i eitt stykke. Krossen, skiltet og haugen er i fire stykke. Jesus har bleik karanasjon med spor av raude blodsdråpar, Lendeklede, hår og skjegg har restar av gullfarge, tornekrona truleg grøn. Krossen og haugen er grønmåla. Inri er måla med brune bokstavar på lys bakgrunn. Målinga er slitt. Mål 68 x 45 cm.

Dåpsengel, sjå ovafor under døypefont.

Relieff skore i tre, ramma er i eik. Motivet viser Jesus i kvite klede og med rundboga stråleglans. Stråleglansen omfattar to knelande kvinner med små born i armane. På sidene av bogen står enkle korintiske søyler og i sviklane due og oliventre til venstre og kvinna ved Sykars brønn til høgre, begge stader mot landskapsbakgrunn. Ramma er skoren med tradisjonelle akantusranker. Øvst i ramma er skore ei krone som er gylt og sender strålar ned over Jesu hovud. Relieffet er signert Alv Småland 1978.

Tavler

Nummertavlene er opphavlege. Sidedelane av ramma går over og nedafor tverrdelane og har profil og fas. Tverrdelane har enkel profil. Tavla er delt i to x to felt ved måla strekar, Salme og Vers står som overskrift over to kolonnar. Siffer vert opphengde på stiftar. Bleikt grønmåla rammer med raude fasar, gulkvite bokstavar på svart botn.

Tilsvarande tavler, men med Nattverd som overskrift, står lagra i tårnet.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altardukar

a) Eldre altarduk av kvit lin med 24 cm brei hardangersaumsbord på tre sider. Motivet er kroner og krossar som vekslar. Detaljert broderi.

b) På altaret ligg no ein kvit linduk med tunga kant og vekslande krossar og kalkar i ei 26 cm brei hardangersaumbord på tre sider. Duken er sydd på dugnad av kvinner i soknet. På sjølve altarbordet er duken verna av plast og ein ekstra, kvit duk.

Antependium

Kyrkja har antependier i kyrkjeårets fire liturgiske fargar. Alle dekkar tre sider av altaret, er festa på bordplata med borrelås og er merkte: Design: A. Storås, Broderi: O. Belsnes. Botnstoffa er i ull og bomull, truleg også lin, og handvovne på dugnad av kvinner i soknet. Fôra er av bommullslerret i ein høveleg farge. På forsida av alteret har antependia ulike motiv broderte med stilkesting, kjedesting og leggsaum.

Grønt antependium, motivet er aks og to hender.

Kvitt antependium. Motivet er eit sigerslammet over ein bokrull med sju segl. På sidene er det sydd ei horisontal bord som endar med kroner i ytterkant.

Fiolett antependium. Motivet er aks, druer og kalk.

Raudt antependium. Motivet på det raude antependiet er ei due i ein krans med sju eldtunger i underkant.

Andre tekstilar

Kyrkja har også korte preikestolklede og lange lesepultklede i dei fire liturgiske fargane. Desse er av same stoff og produksjon som altarantependia.

Preikestolklede

Det grøne har oppslådd bok og aks som motiv, det kvite kristogram, det fiolette ein flamme og det raude ei nedovervend due med ein treflika flamme.

Lesepultklede

Motivet på det grøne er to fiskar, fem brød og aks, motivet på det kvite er Jerusalems-krossen eller misjonskrossen, på det fiolette er det tre naglar og stiliserte kronemotiv, medan det raude har eit treeiningssymbol med tre samansette ringar.

Messehaklar

a) Smal, rettsida grøn messehakel. 1960-talet? Stoffet er eit damaskstoff med stjernemotiv. Renningen, som utgjer botnen, er i grøn silke eller viskose, innslaget i naturfarga lin. Fôr av naturfarga bommullssateng. Kristogram på forsida og kross på ryggsida.[5] Hakelen er kanta med smalt gullband. Umerkt, men produsert av Den norske husflidsforening. Høgde 105 cm, vidde 62 cm.

b) Fiolett messehakel i vid og sid fasong. Stoffet er mørk fiolett ullflanell. Fôr og applikasjonar i ein lysare sateng. Forsida har to stolpar med alfa på den eine og omega på den andre, begge over likearma kross i ornament. Ryggsida har gaffelkross med kristogram og tornekrone i krossmidten og fleire mindre symbol på stolpen. Glidelås på høgre skulder. På fôret er sydd to lappar, den eine med innskrift: Øystese kyrkje, gåve frå Kari og Olav Øystese, den andre med innskrift: Øystese kyrkje, Brodert og tegnet 1976. Ester B. Eide, Bergen. Høgde 110 cm, Breidde 114 cm.

c) Kvit messehakel i vid og sid fasong. Stoffet er eit kunststoff med liggjande stripeeffekt med innslag av sølvfarga trådar. Hakelen har gullfarga kristogram på forsida og sigerslam på ryggsida. Fôr av kvitt lerret i kunstfiber. Slabbink 1997. Høgde 125 cm, vidde 129 cm. To vide messeskjorter i tynn bomull er tekne vare på.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to mellomalderklokker.

a) Klokka har krone med midtboge og seks runda bøylar. Kroneplata er lett runda og bøygd ned mot rund hue over to riller på halsen. Svakt utskrådd korpus over to riller i overgangen mot ut- og nedrunda slagring. Slagringen er flat eller svakt nedskrådd i underkant. Diameter 60,5 cm, høgde med krone: 77 cm, høgde utan krone: 58 cm.

b) Klokke med tilsvarande form som a, men større. Klokka har krone med kraftigare og meir firskore midtboge, og med seks runda bøylar. Over og under runda hue er det to riller, sameleis nede på korpus i overgangen mot slagringen. Denne bøyger ikkje fullt så sterkt ned, og korpus er ein tanke rettare enn på a. Undersida er flat. Diameter 68,5 cm, høgde med krone 87 cm, høgde utan krone 68 cm.

Orgel

a) Det første orgelet var produsert av Næss i 1894. Det hadde fem stemmer fordelte på eit manual og pedal.

b) Det andre orgelet kom frå Vestres orgelfabrikk og var ferdig i 1976. Det hadde 25 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Overføringa var mekanisk.

c) Orgelet som står i kyrkja i dag kjem frå er produsert av G.F. Husted i 1998 (innskrift på spelepulten). Det har tradisjonell barokkform med høgt midttårn og lægre sidetårn, alle med metallpiper og utfylling oppe av skorne ranker. Mellom tårna er det mindre pipefelt, også desse med utskorne ranker. Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

Møblar

Brudestolar

Brudestolar av eik med stoppa sete og rygg trekt med gyllenlêr. Under baksargen er ei utskoren innskrift: Frå Øystese Arbeidarkvinnelag 1964.

Andre stolar

Eikestolar av to slag, men av same produsent. Høgrygga med stoppa, skinntrekt rygg og heva toppstykke med likearma kross i sirkel under krone, og lågrygga med ryggbrett med det same sirkelmotivet. Begge har stoppa, skinntrekt sete, enkle sargar, bein og sidesprosser.

Offerutstyr

a) Flat, runda sølvskål på tre føter. Nedbøygd kant med ornament. Innskrift under botnen: GÅVA TIL JAKOB N. VIKS MINNE 1960. EF. 2:10. Diameter 25,8 cm, høgde 6,8 cm.

b) Djup, bolleforma plettskål på rund fot. Korpus har tre drivne, rokokkoinspirerte kartusjfelt. Denne skåla er i dag nytta som offerskål. Diameter 26 cm, høgde 14 cm.

c) Kollekthovar. Ved innsamling av offer i benkene vert det nytta standard posar på ring med motstilte hankar. Posane har beige lerretsstoff utvendes og skinn innvendes. Skøytane utvendes er dekte med brune, vovne ullband og hankane er i tre og brune. Massing ring og feste.

Blomstervasar

a) To høge, sekskanta plett blomstervasar på rund, låg fot. På korpus dekkande siselert rombemønster og Jesus-monogram over kross. Stempel: M. AASE, P. Høgde 25 cm, diameter fot: 10, 3 cm.

b) To blomstervasar i sølv med traktforma korpus over treledda, flat fot. Innskrift med versalar på korpus: ØYSTESE KYRKJE / 1868 – 1968 / FRÅ / Ø.H.L. & Ø.B.K.L. Stempel: 830 S, Lo. Høgde 23,5 cm, diameter 11,8 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden som omkransar kyrkja mellom riksvegen og sjøen ligg i hovudsak på eitt nivå og har vorte utvida mot sør og vest i fleire omgangar. Dei eldste delane i nord, aust og sør har kyrkjegardsmur, medan seinare utvidingar i sør og vest er avgrensa med gjerde, dels av skråstilte bord på spikarslag, dels av nettinggjerde.

Det er fire inngangar til kyrkjegarden. Inngangen i nordvest er gjennom tofløya smijarnsport som er festa i kyrkjegardsmuren. Motivet på fløyane er ein likearma kross med svungne sider i ei strålande sol. I overkante er fløyane høgre i midtfeltet der det også er sett inn tre ringar (treeiningssymbol).

Porten i nord er også ein tofløya smijarnsport festa i kyrkjegardsmuren. Denne har likeama, rettsida kross med ei stjerne som bakgrunn sentralt i kvar fløy. I overkant av fløyene går ei takka bord. På muren som flankerer porten er det montert lykter. Inngangen på sørvestsida har enklare, tofløya smijarnsport med ståande spiler. Dei to sentrale spilene i kvar fløy er brotne slik at dei formar latinske krossar. Fløyene er festa i meklarar av oppmura stein i betong. Det er også ein meir uformell inngang frå sør der muren vert avløyst av gjerde.

Gravminne

På kyrkjegarden finst ein del gravminne i skifer. Dette er ein tradisjon i heile prostiet, men særleg i Vossebygdene. Det finst også døme på gravplater av støypejarn.

Av særlege gravminne kan nemnast ein høg bautaforma stein i tukta granitt med bronserelieff av stortingsmann Oddmund J. Vik (1858 – 1930) og kona Dorothea. Vik arbeidde også som redaktør i Stavanger og som fylkesmann i Møre og Romsdal.

Bilethoggaren Ingebrikt Vik (1867 – 1927) sitt gravminne er også av granitt i bautaform og med sjølvportrett i form av bronserelieff. På nordsida av kyrkja står gravminnet til Ingebrikt Viks foreldre. Det har dobbelportrett laga av bilethoggaren.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Sørvest for kyrkja vart det i 1972 oppført eit kombinert båre- og reiskapshus med toalett. Huset har rektangulær plan og er dekt av eit saltak i låg vinkel, valma på kvar kortside og dekt med ruteheller. Konstruksjonen er i bindingsverk på ein såle av betong. Veggene er utvendes kledde med liggjande bord og måla mellomblå. Vindauge er høgtstilte, ståande rektangel med fleire einramsvindauge kopla i seriar på to og tre. Vindaugsgerikter kvitmåla, dører raudbrune.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Synfaring 1661-65
  2. Oversyn i Norges Kirkers arkiv
  3. Opplysningar frå kyrkjeverja i Kvam

Bilete

Fotnotar

  1. Synfaring 1661-65
  2. Odda kyrkje 100 år, s. 30
  3. Oversyn i Norges Kirkers arkiv
  4. Engelen er mykje lik engelen i Vikøy kyrkje, men den held ei bok i staden for basun. Ansikta skil seg også frå einannan.
  5. Tilsvarar messehakel i Vikøy kyrkje