Forskjell mellom versjoner av «Gaupne gamle kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Linje 257: Linje 257:
  
 
=== Rituelle kar ===
 
=== Rituelle kar ===
Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.
+
Ved synfaringa i 1686 var det kalk og disk på 16 Lod i kyrkja. Det er ingen rituelle kar i kyrkja no. Dåpsfatet og kalk a i Gaupne kyrkje er mest sannsynleg overførte frå Gaupne gamle kyrkje.
  
 
=== Parament ===
 
=== Parament ===

Revisjonen fra 17. okt. 2020 kl. 15:50


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Anne Marta Hoff


I mellomalderen er kyrkja i Gaupne nemnd i Bergen kalvskinn og i Diplomatariet (1340, 1306 og fleire stader).[1] Dette var ei stavkyrkje. Opplysningar om Gaupne kyrkje i kyrkjerekneskapane tek til i 1631. Då er det framleis stavkyrkja som står, og rekneskapane fortel mellom anna at det vart lagt nytt tak både på nordsida og sørsida av kyrkja – av bord – i 1637.

Bendixen viser i sitt manus til ein diskusjon om mellomalderkyrkja har stått på same tomta som tømmerkyrkja. Han viser til Kielland som peikar på at det ikkje finst oppattbrukt materiale i kor og skip i tømmerkyrkja, medan det er mykje av dette i tårnet.[2] Dette tydar på at skipet er reist medan stavkyrkja stod, medan tårnet vart reist etter at ho var teken ned.

Bygningen

Eit måla innskriftsfelt over inngansdøra til skipet har årstalet 1647 som byggjeår for tømmerkyrkja. I rekneskapen kjem opplysningane om bygginga noko seinare, i rekneskapsbolken 1649-1652:

Ladet bøgge kierchen gandsche aff ny, som siden aff [?] mend er wurderit, wdi proffuistens och stiftschrifferrens fuldmechtiges neruerelse [...].

Tak, vegger og tårn vart tjørebredde i same tidsrom, og vindauga i kyrkja vart laga og fullførte i perioden etter. Nokre år seinare, i 1658-60, vart det lagt lem (himling) over kor og skip av 18 tylfter bord. Kyrkja vart då også måla innvendes av ”Niels maller”. Av bord som var til overs etter himlingane, vart det laga eit ”affschud” i tårnet.

Magne Essen var i kyrkja i 1667-69 og utførte ulike arbeid, særleg med fundament og tak.

Ved synfaringa i 1686 heiter det at Guppne Kirche er av tømmer, på alle måtar ”Vell Conditionerit”, måla innvendes og med tårn med våpenhus i første høgda. Lengda på skip og tårn tilsaman er 22 alner, breidda 14 alner, medan koret er 9 alner i kant.

I 1709 i ei melding om kyrkjenes tilstand, er Gaupne kyrkje omtalt som ”een god Tømmer Bygning med Taarn paa tægt med Bord, och Vell ved Lige Holden inden och uden”.

Ved den siste synfaringa før kyrkjene vart selde til private, i 1721, vart kyrkja omtalt slik:

Gupne Kirche, er een goed Tømmer Bygning, med eet fiirkanted Stopel Taarn fra Grunden opbygt, ved væstre Ende er een Svale, som er helften af Taarnet, og bruges til Indgangen, tægt med Bord, Indvortes mahlet og smuch holdet, Ellers vil Tagene hiid og diid med Bord forbædres, Coret 9 al langt og – 10 al Bredt, Kirchen – 18 al lang og 13 al Breed.

I 1909, to år etter at den nye kyrkja var vigsla, vart den gamle kyrkja overført til Fortidsminneforeninga og gjennomgjekk då omfattande istandsettingsarbeid, særleg med grunnmuren og den ytre kledninga. Problemet med at grunnmuren sig, har også halde fram etter dette, og har ført til at det sørvestre hjørnet i tømmerkjernen dels er øydelagt, og at golv og benker på sørsida hallar nedover mot veggen.

Vegger

Veggene er lafta opp av breitt, flathogge tømmer. I 1717-19 vart dei avstiva ved at det vart sett opp ”2de nye knær med roed paa søre side i kirchen og 2 oplenger uden paa”.

Langveggene i skipet har to opplengjer på kvar side som endar oppe med rot i det ei grein av rota er forma som eit kne som stør opp under himlinga. Utvendige korresponderande opplengjer er innkledde. Veggene i kor og skip har 13 omfar og langveggene i koret er lafta saman med austveggen i skipet. I våpenhuset er veggene oppførte i bindingsverk. Dei øvste tømmerstokkane frå langveggene i skipet, to på nordsida og ein på sørsida, held likevel fram vest for vestveggen i skipet som støtte for pulttak over tårnets sidebygningar. På nordsida går dei vel 80 cm ut frå vestveggen, på sørsida ca 75 cm. Dei er sekundært utveksla mot noko spinklare stokkar, i nord i to delar. Stokkane kan ha hatt full lengde der ytre del er skifta ut, t.d. på grunn av rote, eller sidebygga til tårnet kan ha vore grunnare enn sjølve tårnet.[3]

Bendixen nemner eit tredje alternativ i det han viser til at arkitekt Kielland meiner dei har vore tenkte som brynås for det vestre takskjeggets sperrer, og at tårnet då ikkje var planlagt frå først av, men Bendixen avviser dette ettersom det ikkje finst spor etter bordkledning på vestveggen i skipet.[4]

Utvendes er veggene kledde med breie, sulagde bord feste med smidd jarnspikar. Hjørna er innkassa, takskjegget er skrått underkledd med eit bord inn til veggen. Mot grunnmuren er veggen avslutta med vatnbord.

Portal og dør

I 1686 vart det gjort merknad om at det skulle lagast eit overbygg – Schur – mot drevregnet over kyrkjedøra. ”Den store kirchedørr” vart utvida og omgjort i 1705-07.

Det er to dører i kyrkja, ei inn i tårnfoten eller våpenhuset, og ei vidare inn i kyrkja.

Døra mellom kyrkjegarden og våpenhuset er det gamle dørbladet frå stavkyrkjeportalen, med lås. Sidevangane i portalen, med rik treskurd, finst framleis, men overliggjaren er vekke. [...] Fortidsminneforeninga laga ein forbygning til vern for portalen i 1985.

Om lås med beslag skriv Bendixen følgjande:

Nøkkelbeslaget er ruteformet. De 3 øverste nagler av bronse. Den uthengende plate 21 cm, det hele beslag 57 cm På dørringen et bronsebeslag, I bronsenagle øverst i platen og 1 nederst i beslaget. Det hele beslag er 0,73 m langt.

[...]

Opninga mellom våpenhuset og skipet har labankdører av ståande bord med to labankar avsmalnande inn mot midten og profilerte med kvartstaff på sidene. Labankane er feste med trenaglar. Over den øvste og under den nedste labanken er det festa gangjarn i døras breidde. Gangjarna er festa med spikar. På sidene er gangjarna feste til rijarn i beitskiene. Beitskiene har smal profil med holkil med v-snitt på begge sider på hjørna inn mot opninga. Opninga er 187 cm høg og 192 cm brei.

Korskiljet

Veggen aust i skipet har tre gjennomgåande tømmerstokkar over koropninga. Koropninga – som er noko smalare enn korbreidda – er tredelt med brystning og spileverk på begge sider av ei rektangulær kordør.

Kordøra er flankert av stolpar som kviler på syllstokk og støttar opp under dei tre veggstokkane. Stolpane har rektangulært tverrsnitt, i sør ca 12 x 20 cm og i nord 13 x 19 cm, og står med flatsida mot skip og kor. Det er også sett inn ekstra stolpar på begge sider, i sør rett aust for kordørstolpen, i nord aust og nord for stolpen.

På sørsida stikk laftehovuda ca 40 cm ut frå laftet. Brystninga her er sett saman av tre ståande bord som går ned i not i ein spinkel syllstokk og opp i not i ein losholt. Borda er flate på vestsida og lett runda på austsida og er tettstilte, truleg pløygde saman. Over losholten, på eine sida og over opninga er det fôra ut med bord. I opninga står tre kraftige, dreia balustrar.

På nordsida er brystninga laga ved at dei tre nedre tømmerstokkane over syllstokken går inn til kordøra. Over desse er det i tillegg skøytt inn 1 ½ tømmerstokk. Elles i opninga stikk laftehovuda ca 20 cm ut frå laftet. I opninga står fem kraftige, dreia balustrar.

Stolpen på sørsida av kordøra har rest av profil med holkil og v-snitt på begge sider etter to hjørne.

Vindauge

Det vart laga to nye vindauge til kyrkja i 1661-63. Samstundes vart det kjøpt tau til tre ”luker”. Lukene var lemmar på utsida av vindauga som gjekk i renner av bord som heldt fram over vindaugshøgd. Når ein ville ha lys inn i kyrkja, vart lemmane trekte opp med tau som var festa oppe i lemmen og gjekk gjennom hol i veggen over vindauget.

Også i 1675-77 vart det skaffa nye vindauge til kyrkja, denne gongen ”3 ny winduer udi kken som giordes fornøden sampt for 2 andre winduer at forbedre”.

I synfaringa i 1686 fekk kyrkjeverja, Lars Øvrebø, instruks om korleis han skulle kle kring vindauga utvendes med fire bord skrått ut frå veggen på bordkledninga. Det vart laga seks nye luker framfor vindauga i 1693-95. Eit overbygg over kyrkjevindauga vart laga i 1717-19.

Kyrkja har to vindauge i kvar av langveggene i skipet og eitt i kvar av langveggene i koret. Vindauga er nærast kvadratiske, torams, skilde med profilert midtpost og har 2x4 ruter i kvar ramme, skilde med sprosser. Vindauga står ytst i karmen og er fornya på 1900-talet.

Inne i altaret ligg eit fragment av dekorativt samansett blyglas.

Golv og fundament

Det er opplyst at det vart laga nytt golv i koret og under ”Quindfolch stollene” i 1664-66. Golvet under mandfolkstolane vart fornya i 1670. I 1702-04 vart golvet i koret teke opp og lagt ned att med tre nye golvåsar under. Muren under koret vart samstundes forbetra.

I 1667-69 laut dei ha den mykje brukte kyrkjebyggjaren, her kalla ”thimmermanden”, Magne Essen (frå Osterøy eller Lindås) til å skru opp både koret og noko av skipet og leggja betre mur under. Kyrkjegolvet hadde sege att i 1717-19 og dette og muren vart reparert.

Golvet ligg i same høgde i skip og kor. Det er bordgolv lagt i lengderetning i jamne skift i skipet. I skipet ligg golvet inne i stolane noko høgre enn i midtgangen, og skifta er ikkje korresponderande med dei i midtgangen. Borda er feste til golvåsane med smidd jarnspikar

Også i vår tid er det eit problem at muren sig, særleg på sørsida. Golvet hallar sterkt mot sør og også mot aust. Golvborda i stolane ligg til dels lause på golvbjelkane. Det er også bordgolv i våpenhuset i tårnfoten.

Tak

Kyrkja hadde frå først av bordtak på sperrer. I 1661-65 vart det påpeikt at det burde byggjast eit ekstra tak over det enkel taket som då låg over kyrkja. Dette føresette ei styrking av sperreverket. Det vert særleg nemnt at det måtte lagast ”underslag” på begge sider langs sperreverket, dette er mest sannsynleg dei grindene som vert nemnde nedafor. Bjelkane i sperreverket måtte festast med hakespikar, ettersom dei var ”gaaen fra hinanden”. Problemet med dei lause sperrene er forsøkt løyst i 1664-66 ved at dei vart samanbundne med hakespikar. Då kyrkjebyggjaren Magne Essen var i Gaupne for å forbetra muren under kyrkja i rekneskapsperioden etter, i 1667-69, gjorde han også arbeid med taket. Det heiter i rekneskapen at han har ”giort it nyt underschlag med tilbehørig bindingsuerch, fra bielchene och under sperrene”. Det er mellom anna brukt fire tre, kvart av dei 21 alner lange og jarn til store boltar og hakespikar til arbeidet. I 1680-81 vart det ”Oplagt itt nytt tag paa kirchen och det halfue chor” av 44 tylfter bord.

Over skipet er det eit sperretak med fem sperrefag med sperrer og saksesperrer. Mellom desse er det enklare sperreband med sperrer og hanebjelke. I vinkelen mellom sperrer og bindbjelkar i nivå med raftestokken er det lagt inn kraftige, flathogne tømmerstokkar i lengderetning. Stokkane ligg noko på skrå med nedre del innafor øvre del. Sperrene er kløfta ned i stokkane som rir over bindbjelkane.[5]

Frå utsida av tårnstavane og austetter er det i raftehøgd lagt langsåande bjelkar som er lagde over tømmerveggene i aust og vest og over fire bindbjelkar som ligg på tvers av skipet. Det har truleg vore vanskeleg å finna lange nok tre, og i austre del av skipet er bjelkane utveksla mot to spinklare bjelkar. Dei langsgåande bjelkane ber grinder med mellomstolpar og skråstivarar i skipets lengde, dette arbeidet er truleg det som vart utført av Magne Essen i 1667-69. Dei stør opp under sperrene der hanebjelkane er festa. I overgangen mot den austre delen ligg det også ein ekstra, kraftig bjelke på tvers over dei lagsgåande bjelkane og over dei langsgåande tømmerstokkane i raftehøgd. Grindene aust for utvekslinga heng ikkje saman med dei vestafor. I den austre delen av skipet er det også sløyfa ei saksesperre i det det er tre sperreband med hanebjelke etter einannan.

Koret har eit enklare sperretak der sperrebanda gjennomgåande har hanebjelke. Også her er det sett inn grinder.

Det ser ikkje ut til å vera oppattbrukt materiale i sjølve takkonstruksjonen.

Bendixen skreiv kring 1900 at sutaket var av liggjande, skårne bord som bar lekter og vide takpanner. Over sperrene ligg det no på kvar side åsar som ber over- og underliggjande bord som underlag for ruteheller.

Vest på loftet går det også to langsgåande bjelkar innover eit stykke i raftehøgd. Desse held fram over våpenhuset som golvbjelkar i eit etasjeskilje i raftehøg. Dei går ut til vestveggen i våpenhuset. Bjelken på nordsida har nedsenkt, breitt, rettvinkla profil ved begge hjørne på tre sider. Mål 12 ½ x 22 cm (sjå vidare under Tårn).

Himlingar

Himlingane i kor og skip er av bord i lengderetning som kviler på takbjelkar. Over altaret i koret er det opphøgd himling. Himlinga i koret ligg eit lite steg lægre enn himlinga i skipet.

Tårn

Når det i 1721 vart notert at kyrkja hadde ”eet fiirkanted Stopel Taarn fra Grunden opbygt”, er dette ei beskriving av ein støpul. Det er eit tårn der alle fire hjørnestavar går heilt ned til grunnen og ikkje er fundamenterte høgre oppe i bygningen. I tidlegare tider har ein hatt eit avlukke for reiskapar og tjørebreingsutstyr på nordsida av første høgd i tårnet. Kva tid dette vart sløyfa, er ukjent. I 1661-65 vart det peikt på at det skulle lagast eit slikt rom på nordsida under tårnet. I 1683 vart det igjen laga eit nytt ”schillrom” under tårnet med nytt golv i og dør for, til oppbevaring av reiskapar.

Det har vorte problem med tårnet i kyrkja nokså tidleg og i 1688-89 har dei hatt ein bygningsmann, truleg frå Bergen, for å sjå på det. Ti tylfter bord vart kjøpte inn til reparasjon av tårnet, i 1690 ni tylfter kjøpmannsbord, men noko av det skulle brukast i skipet, og 1 tylft tømmer 16 alner lange, diverse spikar og anna. Denne reparasjonen innebar ei styrking av sjølve konstruksjonen. Arbeidet omfatta også ny bordkledning av tårnet. I 1670 vart det laga lem i våpenhuset, det same i 1682. Ein ny lem vart igjen lagt i tårnet under klokkene i 1711-13. Dette kan ha hatt samband med at klokkene hadde vore tekne ned og var hengde opp att.

I Gaupne går det vestre stavparet i støpultårnet ned innafor vestveggen i våpenhuset, medan dei to austre går ned innafor vestveggen i skipet. Dei fire stolpane er lett konvergerande. Første høgda har sidetilbygg i skipets breidde som vert avslutta med pulttak mot tårnet i andre høgd, som framhald av saltaket under tårnet. Tredje høgd og klokkerommet i fjerde høgd strekkjer seg over taket vest i kyrkja og i desse er det små lydluker på alle fire sider. Tårnet er dekt med ein flat pyramideforma hjelm tekt med lappskifer og med metall over hjørna, og avslutta med spir med kross i toppen. Tårnet og sideromma er ikkje kledde innvendes, men utvendes er dei kledde som kyrkja elles.

Tårnet har mykje oppattbrukt materiale frå ei stavkyrkje, særleg i lemen i raftehøgd. Om også sjølve tårnstolpane er frå mellomalderen er uvisst. [...] Dei to langsgåande bjelkane som tidlegare er nemnde under Tak, går under lemmen i full lengd som golvbjelkar og held fram eit stykke innover loftet over skipet i raftehøgd. Bjelken på nordsida har nedsenkt, breitt, rettvinkla profil ved begge hjørne på tre sider. Tverrmål 12 ½ x 22 cm. Bjelken som er lagd rett vest for dei austre tårnstavane har ein særeigen profil og må også vera oppattbrukt materiale.

Tilbygg

Som på mange andre kyrkjer vart det laga eit overbygg på kyrkjeveggen til å henga stegane under (1693-95). I dag er det ikkje noko tilbygg til kyrkja.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonelt interiør med altar med altartavle og altarring plassert sentralt aust i koret. I kvart av korhjørna er det innebygde stolar. Oppgangen til preikestolen søraust i skipet er ved korskiljet frå midtgangen aust i skipet. På begge sider i skipet er det innebygde stolestader i full lengde. Det er ikkje elektrisk lys og varme i kyrkja. Ho vert heller ikkje oppvarma på annan måte.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Etter at Fortidsminnesforeninga tok over ansvaret for Gaupne gamle kyrkje, har ein freista å ta vare på 1600-talsinteriøret uendra.

Fargar

Målaren Niels er kjend for å ha måla delar av interiøret i Gaupne og Dale kyrkje. Rekneskapane har opplysning om målinga han utførte i 1658 – 1660:

Saa er same 8 dr. igjen wdlagt thill Niels maller effter hans beuiis, som same kierche offuer alt haffr formallet, och resten haffr en deell aff de bester sogenforlch selff bekostet.

Veggmålinga i skipet har ein gul botn og ranker, frukter og blomar i engelsk raudt, med svarte konturar og kvitt høglys. Her finst druer, tulipanar, truleg fiken og meir ubestemmelege frukter med detaljert utforma fruktbotnar. Målinga er utført i store lette drag der ein ranke svingar seg over 3-4 tømmerstokkar. Den måla flata er avgrensa med eit mørk grått band med kvit kontur ved himlinga og i hjørna. På denne botnen er det både i skip og kor sett inn store, flatt rundboga felt med framstilling av ein av læresveinane i kvart felt. Felta er også avgrensa med eit grått band og utafor det ei ramme med beslagornamentikk med innslag av rankemåling, også det i grå band med svart og kvit staffering. Læresveinane er framstilte ståande i heilfigur med attributt og oftast bok. Dei har kvit botnfarge og er måla med raudt, svart og grått, og med karnasjonsfarge. Bakgrunnen i feltet er også kvit med vegetasjon og bygningar måla i dei same fargane. Jakob den eldre, Johannes, Markus og Andreas har fått plass i koret, dei andre i skipet.

Himlingen i koret er gråblå med kvite stjerner og med sol og måne, medan himlingen i skipet er gul. Det meste av gulfargen er vekke. Takbjelkane har bibelord måla med svart fraktur på kvit botn og hjørna er markerte med raudt og svart.

Interiøret er også prega av målinga på vangar og dører framfor stolestadene. Dei det er flest av har klart renessansepreg med portalfelt på dørene. Målinga i felta imiterer skilpaddeskal, medan dei svarte konturane truleg imiterer ibenholt.

I sitt manuskript om Gaupne kyrkje skriv Bendixen om målinga:

Malingen i kirken er rask og naivt utført, med kraftige farver, men nokså grovt og plumpt. Menneskefigurene er som alltid måtelig malet. Men det hele virker eiendommeligt og stemningsfullt. På bjelkene står innskrifter.

Og seinare:

Malingen på de indre vegger er fullt bevart på veggene, himlingen, stolene og prekestolen. Bunnfarven er gul, og der er malt på veggene store, rødbrune ranker med hvite lysstenk og sorte skyggete kanter samt mellem blader og blomster hvite apostel- og evangelistfigurer med brune og sorte konturer og blågrønne rammer. Mens himlingen i skibet er gul, er den i koret blå med hvite stjerner og måne. Ved hver figur er tilføyet både navn og symbol. I koret står Jacobus major, Lucas, Marcus og Andreas. I skibet de øvrige. På bjelkene er malet tydelige bibelsprog. Over kirkedøren inn mot skibet står malet følgende innskrift:

Gud Thell ære Kiærken til beprydelse oc andre Gudtz børn thell et …

Og:

På skibets vestvegg er malet de oftere forekommende store renessanseranker, Lignende malerier finnes på skibets vestvegg også i Groven (Graven?) og Hammer kirker.[6]

Innskrift over kordøra: Gud Thill ære Kierken thill beprydelse Oc …re Gudtz Børn thill it godt Exempell, er Denne Malning forærit Aff Disse effterskreffne Guds Folk Nemlig Emanuwell Søffrenssen, Hindrich Nitter, Hanss Anderssen, Oc Anderss Christensen – ANNO 1659.

Glasmåleri

Om glasmåleri har Bendixen følgjande opplysning:

Efter Christie hadde kirken et vindu med familievåben, en rytterstøvle med spore og knæskjener, innskriften: Spes mea … in te … Christo (mitt håp på dig, Christus). 1653 og nedenunder skjoldet – Andreas Monsen Schanke.[7]

I altaret er bevart ei rute av eit blyglasvindauge, mest sannsynleg eit glasmåleri.

Inventar

Altar

I 1661-65 vart altaret i Gaupne kyrkje kommentert i ei synfaring. Der heiter det:

Alterit som aff nogle gamble Bord er sammenslagen wil omgiøris, forhøyes, och med nogle nye Bord forbedris, och siden at giør[i]s It Alterschab derudi med tilbehørige dør laas och hengsle[r] for, Behøffues och at giøris En Smuch Alterfoed aff høfflede bord med En list omkring.

Altaret no er eit kassealtar bygt opp av liggjande, hogne bord. Sjølve bordplata av fire bord er felt ned mellom veggene i altaret. Borda er feste til eit indre ramverk med trenaglar. Dei austre, ståande ramtrea går ca 10 cm opp over bordplata, truleg som eit tidlegare feste for altartavla. Den nordre av desse oppstikkarane har eit utteke steg på nordsida. På dette steget er det med skrue festa ein liten figur (sjå under Skulptur). Etter hjørna på altaret er det trekt tre loddbeine, parallelle streker med ein spiss gjenstand.

Baksida av altaret har liggjande bord over og under dør til skåp med ei hylle. Døra er flankert av ståande hogne bord. Døra er ei labankdør med to labankar. Låsen er vekke.

Under skåpet har altaret ulikt høg sarg på dei fire sidene og i kvart hjørne har det eit bein av framhaldet av hjørnestokkane.

Bak altaret er det to standarar som stør opp under den austre takbjelken i koret, og som altaret og altartavla støttar seg til.

Altaret er umåla med unntak av ei loddbein rekke av kvite prikkar på sørsida, og at oppstandarane bak på altaret er måla i grønt og raudt som altarringen. Det er 137,5 cm breitt, 110/134 cm høgt og 90 cm djupt.

Altartavle

Altartavla er ei tidleg katekismetavle, 1589, med korpus med to påhengsla fløyar som tilsaman har same breidde som korpus. Over korpus står eit gavlforma toppfelt. Kvart av felta er ei plate sett saman av tynne bord som er innramma av profilert listverk.

Tavla har dei vanlege innskriftene frå katekisma måla med lyse, latinske versalar på svart botn.

Framme på korpusfeltet står trusvedkjenninga, på innsida av venstre fløy DAABENS SACRAMENTE, på innsida av høgre fløy ALTERENS SACRAMENTE, på utsida av venstre fløy DE THI GVDS BVDORD EXODI XX som held fram på utsida av høgre fløy.

På baksida av korpus Fadervår. Over bøna er det måla eit sitat frå Matteus VI .LVC.XI: NAAR DV BEDER DA GACK IND I DIT KAMMER OG LOCK DØRREN TIL OC BE TIL DIN FADER I LØNDOM OC DIN FADER SOM SEER I LØNDOM SKAL WEDERLIGGE DIG DET … OPENBAR (?)

Gavlfeltet over korpus har berre måling på framsida. Her er det som vanleg skrive ei innskrift for kongen. CHRISTIAN IIII. D. G. ELECTVS. REX DAN. ET NOR.CE(?) FORMA DOCTRINÆ ECCLESIÆ DEI IN REGNIS SEPTENTRIO-NIS, DANIA ET NORVEGIA IISQVE SVBIECTIS PROVINCIIS ATQVE INSVLIS OCEANI BOREALIS. ANNO 1589.

I toppen kongens våpen, toppa med krone og omgitt av grønt bladverk. Skjoldet er firdelt med tre gylte kroner nede til venstre.

Katekismetavla er plassert på eit fotstykke, eit klassisk snekkararbeid frå renessansen frå tidleg 1600-tal. Det er kasseforma med skriftfelt flankerte av diamantbossar og med gesims av eggstafflist over tannsnitt. På baksida har det opning. Opninga kan tidlegare ha vore dekt med eit lok hengsla i overkant. Her står no eit tilsett bord der det har vore festa to hengsler, men dette bordet kan også vera plassert sekundært i denne samanhengen. Årstalet 1689 er måla med store kvite siffer på baksida av fotstykket. Dette kan vera året for montering saman med altartavla. Fotstykket kan vera samtidigt med preikestolen.

Listverket på tavla og fotstykket er måla hovudsakleg i grønt og raudbrunt.

Altarring

I 1664-66 vart det laga ny altarfot i kyrkja. Også i 1667-69 opplyser rekneskapane at det er gjort ein ny fot under altaret, truleg eit framhald av det same arbeidet. I 1688-89 vart det laga 36 dreia ”piller om alterfoden”. Målaren fekk samstundes betalt for å måla altarfoten og staffera noko på altartavla.

Altarringen er nærast kvadratisk, går inn til altarets vestre hjørne og har port sentralt på vestsida. Nedre del er eit opphøgd golv med rette vegger, sett saman av bjelkar og plankar. Golvet er av liggjande, tverrlagde bord. Ytre kanten er på tre sider brukt som eit smalt knefall, dels supplert med smale bord. Det er stoppa, truleg med geitehår, og trekt med eit raudbrunt, kypertvove ullstoff der den ytre, filta ulla er avsleten på oppsida. Stoffet er festa med jarnspikar på skinnremse både på utsida og på innsida av puta. Innafor kneleputa står eit balusterrekkverk på profilert list. Rekkverket har kvadratiske hjørnestolpar og stolpar ved porten. Mellom desse står det dreia balustrar. Oversida av altarringen er dekt med profilert, flat handlist som er gjera i hjørna.

Veggene i altarfoten er måla i rutemønster med to ruter i høgda i gult og grønt med brune fuger. Rekkverket i engelsk raudt, grønt og med gulkvite detaljar.

Kneleskammelen er laga av oppattbrukt materiale, og har grov karakter. Beina er sette saman av to bitar av bjelke med holer for dumlingar. Bitane er festa saman med trenaglar. Oversida av skammelen er del av ein grov planke. Skammelen har nyare stopping på oversida og er trekt med eit bleikraudt ullstoff i lerretsbinding festa til gullfrynser med saum. Frynsene dekkar også eit orange bomullsstoff som dekkar nedre del av skammelen. Skammelen er 25 cm høg, 25 cm djup og 70 cm brei.

Døypefont

I synfaringa i 1661-65 vart det påpeikt at det trengtest ein ”fundt neden i Kirchen” med traleverk. I 1667-69 vart det då også ”Giort een nye fundt udi kirchen, med traluerch omkring”. Dette var eit dåpshus eller ei innramminga av dåpsstaden i kyrkja som ofte var plassert i nordvestre hjørne i kyrkja. Det hadde mest sannsynleg brystning med spiler over og dør mot midtgangen.

I 1705-07 er laga ein liten ny kvelv over funten av tre bord. Det er uvisst kva som ligg i det, arbeidet kosta berre tre ort og det kan knapt vera snakk om kvelv over dåpshuset.

Kyrkja har ingen døypefont no, berre ein jarnring festa til nordsida i kordøra, til feste for dåpsfatet.

Preikestol med oppgang

Preikestolen vart sett høgre i 1667-69 av Magne Essen. Bendixen dater stolen til ca 1626.

Preikestolen har fire sider av ein sekskant. Han er open mot aust til ein avsats i skipets søraustre hjørne. Kvar side har ei fylling i ramme som utvendes viser storfelt, og breie rambord oppe og nede som utgjer øvre og nedre smalfelt. I overkant er felta avslutta med handlist av gjera bord festa med smidd spikar. Bordet har karnissprofil under ytste kanten som kviler på tannsnittlist festa oppe på øvre smalfelt. Øvre og nedre smalfelt er dekorerte med påsette diamantbossar. Profilerte lister skil mellom felta horisontalt. Storfelta har portalform med bandslynging og er flankert av klassiske, kanellerte pilastrar med enkle basar og kapitel. Hjul i sviklane over portalen.

Stolen har tidlegare truleg vore boren av ein løkforma botn. Det står att hjørnebøylar, med not for horisontalt isette bord, som kne mot ein rund, hoggen midtstolpe. I tillegg er preikestolen halden oppe av to bjelkar frå tømmerveggen i aust. Desse er av oppattbrukt stavkyrkjematerial med nedfelt, rettvinkla og sverta profil.

Hovudfargane på preikestolen er engelsk raudt, grønt, svart og gult. I portalfelta er det måla framstillingar av evangelistane. Feltet med Johannes er utilgjegeleg ved at det står heilt inntil sørveggen.

Benker og faste stolar

Benker er nemnde i 1661-63, dei er laga av bord som var til overs etter himlingane. I synfaringa i 1661-65 vart det peikt på at det trengdes ein ”Schrifftestoel med Rundfoed i koret og ein stol i koret ”til Klocheren at staae udj”. Skriftestolen vart vølt i 1711-13. Eit større arbeid med stolane i koret vart utført i 1664-66. Dei vart laga av eik.

I 1685-86 vart det lagt eit langt tre ved veggen ved ”qwindestolene” som desse vart nagla fast i. Dette er vekke no. I synfaringa i 1686 vert det gjort ein merknad om at ”Quindestolene giøris med lange Recher fra Opstanderne till Veggen och benchene festis i Stolene lige som paa Mandfolchstolene.” Ein skil mellom ”stoler” og ”benker” der stolen var sjølve innhegninga med dør, ein plass å stå, medan benken var sekundær og var den fjøla i stolen som ein kunne setja seg på. Det er også eit fast uttrykk å ”stå i stol” (jfr. ovafor).

I 1699-1701 vart det laga mange nye stolar med dører framfor i skipet, det vart brukt 14 tylfter og 7 bord, og snekkaren brukte 11 veker og to dagar på arbeidet. Målaren fekk betalt for å måla stolane og dåpshuset. Det er truleg desse stolane det er flest av i kyrkja, og benken som står i koret er mest sannsynleg laga av den same snekkaren.

Stolvangane er sette ned i benkestokkar ved midtgangen. Det er brukt eldre material, truleg frå stavkyrkja, til benkestokkane. Dei er profilerte med brei, rettvinkla profil på øvre kant inn mot midtgangen, men har noko ulike dimensjonar. Lengst vest på sørsida ligg ein 240 cm lang bjelke som er ca 20x27 cm i snitt. Aust for denne ligg ein bjelke som går fram til preikestoloppgangen og som har eit snitt på ca 12x27 cm. Situasjonen på nordsida er tilsvarande. Den vestre bjelken er her 233 cm lang. Eit stykke av oversida på denne er hoggen vekk, kanskje i samband med inngang til dåpshuset. Profilet i bjelkane har trenagler på fleire stader som feste for stolevangane som har vore flytta i fleire omgangar.

På langveggen på sørsida er benkeryggane feste til ein bjelke som er festa i veggen med overkant vel 90 cm over golvet. Tidlegare benkeryggar har gått inn i uttekne spor i bjelken, medan noverande ryggar har utsparing i bjelkens form. Bjelken er skøytt både ved opplengjene og ein stad elles. Opplengjene kan vera sekundære i forhold til bjelken, (jfr Vegger). Bjelken strekker seg ikkje bak til dei fem vestre stolestadene. På nordsida går ryggane inn til tømmerveggen der dei er festa med klossar. Dei fleste stolestadene vart truleg laga i 1664-66. Benkane inne i stolestadene er fjøler som står på tre ståande bordbetar.

Benkene kan vera sett opp seinare enn stolestadene. Skiljeveggene eller ryggane i stolestadene har ei ramme av nedre og øvre ramtre og fem ståande rammestykke som feste for fire fyllingar. Fyllingane er av to bord, flate mot vest og med djupt skrådd fals mot aust. Ramtrea er ulike. Nokre har profil, dels ein flat vulst og dels to smale holkilar med v-snitt. Nokre skiljevegger skil seg frå dette, til dømes i stolestade nr 2 og 3 på nordsida som har smalare fyllingar og andre profilar. I dei tre fremste stolane på kvinnesida er det benker både på vestsida og austsida i stolen. Stolane er også noko breiare enn resten. Dei fremste benkevangane på nordsida har også eit anna stilpreg enn dei som vart laga i 1664-66. Lengst vest er det også nokre vangar og dører som skil seg ut, og ser ut til å vera sett saman sekundært frå ulikt materiale. I den bakre stolen på nordsida er det benker på alle tre sider.

På sørsida er også stolestadene noko varierande. Også her er benkene sette inn i stolane som sekundært inventar. Andre og tredje vange og niende og tiende vange skil seg ut frå dei andre som er den standardtypen som truleg vart laga i 1664-67. Handlista framfor den fremste av desse to stolane er ei oppattbrukt eggstafflist med hundetenner. Niende og tiende vange høyrer til stolen til IONAS NITTER, namnet er innskore på vangane, som er den einaste bruskbarokke stolen i kyrkja. I denne stolen er handlista på austsida forma som ei smal salmebokhylle. Som på nordsida ser dørene og vangane lengst vest ut til å vera noko tilfeldige. Framfor den bakre stolen er det skilje av spileverk i form av diagonalstilte ruter. Inventaret i stolen er eit seinare oppbygg.

På utsida av benkestokkane er det etter midtgangen på begge sider laga låge benker ”for ungdommen at sitte på”.

Faste stolar i koret <br\> Prestestolen vert av Bendixen datert til 1652. Det er faste stolar i alle fire hjørne i koret. I nordvestre hjørne er det ein stol med front av tre fag under rutegitter med flat avsluttande list over eggstaff med tannsnitt. Mot aust har stolen ei dør der øvre del har sprinkler medan nedre del har portalfelt. På døra og dørvangen er det lagt eggstafflist som handlist. I stolen er det ein benk ved nordveggen og sekundært er det også festa ein benk til ytterkant av brystninga. To bord i vinkel formar ei døropning i full høgd over døra.

I korets nordaustre hjørne står ein stol som minner om stolane i skipet. Han har to vangar og dør mot vest og brystning med tre fyllingar i ramme mot sør. Benkevangane er merka høvesvis 1652 og HMISS, og med skorne motiv stjerne i ring på den nordre og skanke-våpenet på den søre.

Stolen i søraustre hjørne er av same slag, men utan merking av vangane. På handlista er det festa ei lita tavle for pengar.

Stolen i sørvestre hjørne har benkevange som dei bak i kyrkja, brystning, og enkel benk. Stolen står utan dør.

Skulptur

Ein liten figur er festa til altarets nordaustre hjørne (sjå under Altar). Figuren har stavforma kropp med skoren krage og med krona hovud. Han er festa med ein skrue og under skruen er initialane TBS skorne inn. Det finst ikkje sikre opplysningar om figuren. Høgde 10 cm.

Rituelle kar

Ved synfaringa i 1686 var det kalk og disk på 16 Lod i kyrkja. Det er ingen rituelle kar i kyrkja no. Dåpsfatet og kalk a i Gaupne kyrkje er mest sannsynleg overførte frå Gaupne gamle kyrkje.

Parament

Ein ny messehakel av taft med fôr og guldgalluner vart skaffa i 1661-63. Ved synfaringa i 1686 hadde kyrkja ein messehakel og ein messeserk, stripete blått altarklede og kvit altarduk.

Messeskjorta vart vølt 1720-22, med 1 ½ alen lerret. No vert ein eldre dreiels bommullsduk brukt på altaret, elles er det ingen parament i kyrkja.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Slank klokke, 12- eller 1300-talet. Klokka har krone med midtboge og seks runda bogar. Kroneplata er flat. Hua svingar ned og ut via to riller, så ned mot hals med to riller. Korpus er rett utskrådd. To riller i overgangen til slagringen som svingar ut- og nedover. I underkant skrår slagringen litt nedover innetter. Diameter 50 cm, høgde med krone 64 cm, utan 49 cm.

Harmonium

Harmonium frå A/S Henrik Eide – Bergen.

Møblar

I 1664-66 vart det laga eit skåp til å oppbevara messehakelen i.

Ein benk i koret har skorne relieff på sidene og framme og sveifa spiler i ryggen som alt minner om arbeidet med dei vanlegaste stolestadene i kyrkja, og må vera laga av same snekkar (1664-67).

Kyrkja har ein skammel med to sveifa bein og topp og sider av tre profilerte bord. Profilet har holkil med v-snitt på begge sider. Skammelen er 21 cm høg, 86 cm lang og 24 cm høg.

Offerutstyr

I 1661-63 vart det laga ein pung av ”noget silketøyg at samble almysser udi” og i 1693-95 ”en fattigbloch af jern med laas for”. På handlista framfor klokkarstolen sør for altaret er ei lita tavle avgrensa med profilerte lister, truleg for pengar.

Diverse

Ei gammal likbåre er oppbevart i våpenhuset.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjeportane vart sette i stand med nytt tak og to dører av 20 bord i 1693-95. I 1717-19 vart det laga ny kyrkjeport, det vart brukt 2 nye stolpar til porten, 14 bord til taket og ein liten kjøl. Det er to portar til kyrkjegarden i dag, ein på sørsida mot vegen, og ein på vestsida der det er ein liten avstikkar frå vegen framfor porten. Portane av smijarn har begge to fløyar og er feste til tørrmurte murar som omkransar kyrkjegarden. Murane er dels støttemurar mot det oppfylte kyrkjegardsterrenget, dels går dei noko høgre enn dette. Parkeringsplassen til kyrkja ligg på austsida av kyrkjegarden.

Gravminne

Dei fleste gravene er på austsida av kyrkja, i hellinga ned mot parkeringsplassen. Det er også ein del graver på sørsida av kyrkja, der kyrkjegarden hallar ned mot vegen. På nordsida er det nokre få eldre graver. Kyrkjegarden er framleis i bruk, men dei fleste vert gravlagde på den nye kyrkjegarden i Gaupne (sjå under Gaupne kyrkje).

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Eit enkelt reiskapshus med do ligg i kyrkjegardens nordaustre hjørne. Det er av bindingsverk, kledd med liggjande bord, dekka av saltak tekt med over- og underliggjande bord og har inngang frå gavlsidene i sør og nord.

Kjelder

Utrykte kjelder

Bendixens manus, Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, kopi av avskrift av manus <br\>

Arkivverket, Statsarkivet i Bergen <br\> Rekneskapar, Kyrkjestolebok 1631 – 1683, L.nr. 68 <br\> Rekneskapar, Kyrkjestolebok 1690 – 1722, L.nr. 70 <br\> [... Synfaringar]

Trykte kjelder

Årbok (for Fortidsminneforeningen) 1902, s. 179-187, Bendixen, innberetning <br\> Bergendal Hohler [...]

Oppmålingsteikningar og fotografi

Bilete


  1. Bendixens manus
  2. Årbok 1902, s. 179-187
  3. Samanlikn med Joranger kyrkje
  4. Bendixens manus s 65
  5. Samanlikn med Joranger kyrkje
  6. Bendixens manus
  7. Bendixens manus