Forskjell mellom versjoner av «Gaupne kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Linje 225: Linje 225:
  
 
<gallery widths="100px" heights="100px" perrow="6" caption="Bygningen">
 
<gallery widths="100px" heights="100px" perrow="6" caption="Bygningen">
Fil:Gaupne kyrkje sett frå søraust, AMH 2010.jpg|Gaupne kyrkje sett frå søraust, AMH 2010.jpg
 
 
Fil:Gaupne kyrkje sett frå sørvest, AMH 2010.jpg|Gaupne kyrkje sett frå sørvest, AMH 2010.jpg
 
Fil:Gaupne kyrkje sett frå sørvest, AMH 2010.jpg|Gaupne kyrkje sett frå sørvest, AMH 2010.jpg
 
Fil:Gaupne kyrkje, austfasade, AMH 2010.jpg|Gaupne kyrkje, austfasade, AMH 2010.jpg
 
Fil:Gaupne kyrkje, austfasade, AMH 2010.jpg|Gaupne kyrkje, austfasade, AMH 2010.jpg

Revisjonen fra 27. sep. 2012 kl. 09:27


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Gaupne kyrkje

Anne Marta Hoff

Elisabeth Andersen


Den nye kyrkja ligg plassert på eit eid på austsida av Jostedalselva der denne munnar ut i fjorden gjennom kommunesenteret Gaupne.

Kyrkja vart oppført etter teikningar av arkitekt H. J. Sparre i 1906-1907 med A. Korsvold som byggmeister. Ho vart vigsla 29. august 1907. Byggmeisteren som kom frå ytre Sogn var involvert i mange av kyrkjebygga i Sogn kring 1900.

Bygningen

Kyrkja er ei orientert langkyrkje. Ho har rektangulær plan, med eit smalare og lægre kor som er rett avslutta i aust. Vesttårnet er tverrstilt med rektangulær plan i breidderetning og med trappehus på kvar side som understrekar den breie fronten. Trappehusa er trekte noko bakover i forhold til vestfasaden i tårnet, men stikk utafor langveggene i skipet. Koret har to låge sidebygningar i hjørna mot skipet, venterom for dåpsborn på nordsida og sakristi på sørsida. Dei stikk utafor langveggene i skipet, men er lett inntrekte frå austveggen i koret. Utvendes er kyrkja måla kremgul med okergule lister, dette ligg truleg nær dei originale fargane.


Kyrkja er prega av kyrkjearkitekturen frå mellomalderen med tårn over tårn, mønekammar med drakehovud og dekorsøyler med terningkapitel i vindauga.

Vegger

Veggene i skip, kor og kortilbygg er lafta opp i plank. Utvendes har kyrkja ei låg brystning nedst med ståande, smal staffpanel. Over denne har veggene liggjende panel. Veggen er avslutta nede med vatnbord over grunnmuren. Ei list markerer skiljet mellom stående og liggjande panel.


Innvendes har veggene panelt brystning opp til vindauga. Over denne står tømmerveggene udekte. Langveggene har tre opningar for vindauge på kvar side. Kvar av langveggene er avstiva med seks par opplengjer, ei nær hjørna og to på kvart av veggstykka mellom vindauga. Veggene er haldne saman av to tverrgåande jarnstag i skipet. Korbogen er vid og runda. Vestveggen over galleriet har ei tilsvarande bogeopning med same breidde.

Dører

Kyrkja har hovudinngang i vest, med fløydører vest i tårnet og vest i skipet. Inngangen er overdekt av eit saltak utvendes, støtta av skråstøtter mot veggen. Gavlen i vest er gjennombroten med trekløverform. Framfor inngangsdøra ligg det skifersteinsheller. Fløydøra er kledd utvendes med staffpanel i fiskebeinsmønster, og innvendes med ståande faspanel. Døra har overlys med fire rundboga vindauge skilde med runde søyler med terningkapitel. Trappehusa har også dører i vest med gjennomgang til sidedører vest i skipet. Inngangane er dekte av pulttak utvendes.


På austsida er det murt opp trapper til inngangsdører til kvart av kortilbygga, med overbygg i form av saltak.


Dørene som vender inn mot kyrkjerommet frå våpenhuset og frå sidebygningane til koret har staffpanel lagt i rutemønster innvendes. I kyrkjerommet har dørene gerikter med hjørneklossar med seksblada ornamentikk. Ytterdørene har ornamentert smijernsbelag.

Korskiljet

I korskiljet står det på kvar side av midtopninga ei brystning av ståande, smal staffpanel, som brystninga elles i kyrkjerommet, berre lægre. Brystninga er avslutta mot opninga med ein rund meklarstolpe krona med terning og toppa med kule. Den runda korbogen opnar koret i full breidde og høgde mot skipet.

Vindauge

Langveggene i skipet har tre høge rektangulære vindauge. Kvart vindauge er tredelt i breidda og todelt i høgda og dannar tre slanke rundbogar med i alt seks rammer. Vindauga har indre glas med glasmåleri og yttervindauge med klårt glas.


I austenden av koret står eit lægre vindauge med fem rundbogar. Yttervindauget har klart glas og innervindauget glassmåleri. Sidebygningane til koret har eit vindauge med tre rundbogar i langveggene, skilde med runde søyler med terningkapitel. Vindauget endar oppe i lista over veggbrystninga. På nord- og sørsida av trapperomma til tårnet er det ein mindre variant av vindauget i koret; eiramsvindauge delte i to bogar. Øvst på vestsida av trapperomma er det låge, treboga vindauge som i sidebygga til koret. Klokkerommet har eit fireboga vindauge på vestsida, inndelt med smale søyler med utskjæringar. Tilsvarende vindauge på nord-og sørsida, men her med to bogar. I lagerrommet i tårnet er det to små kopla rektangulære eiramsvindauge mot vest. Hovuddøra har overlys, sjå dører.

Golv og fundament

Kyrkja har bordgolv som går gjennom heile kyrkja i lengderetning, frå våpenhus til kor. Golva i kyrkja er måla. Korgolvet ligg to steg høgre enn golvet i skipet. I tårnet er golva umåla bordgolv på bjelkar. Kyrkja står på eit fundament av naturstein.

Tak

Skipet har saltak som endar i gavl over koret. Saltaket over koret er valma mot aust og korte, tverrstilte tak over kortilbygga er valma mot sidene. Alle tak er tekte med lappskifer. Saltaka på kyrkja har mønekammar med brotne sikksakkborder, og endar i dragehovud på trapperomma i vest, og i krossar med sirkel på austsida av skipet og over inngangsdøra. Møna på det valma saltaket over tårnet endar i spir. Aust på taket over skipet står det piper til jarnomnar.

Himlingar

Skipet har skrå himling som følgjer saksesperrene. Himlingen er av staffpanel og følgjer saksesperrene i takkonstruksjonen opp til krysset. Delar av hanebjelkane og hengebjelkane er synlige under himlinga. Tilsvarende himling i koret, men valma mot aust.

Tårn

Tårnet er ein firkanta bindingsverkskonstruksjon med rektangulær, tverrstilt plan. Det er avslutta oppe med saltak valma mot nord og sør og med sentral takryttar. Takrytteren har firkanta inntrekt hjelm tekt med lappskifer og er avslutta med spir med kule og hane.


Sjølve tårnet har to mellomstolpar på kortsidene, fire mellomstolpar på langsidene og to høge kryssperrer på kvar side. Etasjeskilja har rammer som bær golvbjelkar og golv. Taket over tårnet har seks enkle sperreband og sutak som underlag for lappskifer. Sentralt over tårnets øvre ramme ligg eit kraftig bjelkelag med kryssande doble bjelkar som fundament for takryttaren. Takryttaren har midtstolpe, fire hjørnestolpar og fire mellomstolpar. Bjelkane i breidderetning ligg som tang omkring midtstolpen. Hjørnestolpane konvergerer.


Tårnet har fire etasjar, våpenhus, galleri med gang, lagerrom og klokkerom. Det er trappehus på kvar side av tårnet med saltak der nedre del, under gavlen, er valma og går som eit pulttak ut mot sidene. Utvendes er tårnet panelt skrått innetter i våpenhusetasjen med smale ståande panelbord. Dei neste to etasjane er rette med liggjande panel. I øvste etasje er det igjen ståande panel.


Inne i våpenhuset er det ope ut til trapperomma på kvar side. Trapperomma har staffpanelte vegger innvendes. Til no har panelen i våpenhus og trapperom stått umåla. I samband med ny innreiing i våpenhuset vart veggene måla i kyrkjeinteriørets fargar i 2010. I andre etasje er det dører mellom trappene og bakre del av galleriet som ligg i tårnet og som opnar seg mot tverrgalleriet med ein open, stor rundboge. Bakre del av galleriet har tømra vegger og er det av ein gavlforma himling. To dører i vest fører til lagerrom og til trapp vidare opp i tårnet.

Interiør

Interiøret er i hovudsak opphavleg. Altaret står aust i koret med smal omgang bak og ein halvsirkelforma alterring framfor. Døypefonten kan flyttast, men er til vanleg plassert nord i koret. Preikestolen står nordvest i koropninga med oppgang ved nordveggen i koret. Omnar i austre hjørna i skipet. Galleri med orgel i vest. Skipet har to benkeparti med midtgang og smale sidegangar. Nede i skipet, under galleriet, er det no gjort plass til bord og stolar.

Lys og varme

Elektrisk lys og oppvarming vart innlagt i kyrkja i 1958.

Fargar

Kyrkja fekk ny fargesetting i 1965-66. Skipet har lyst grå vegger og litt mørkare grå himling. Bjelkane er lyst gule med varm grå staffasje. Brystninga som går rundt skipet, koret og korskranken er i lyst grøn. Alterring, preikestol og døypefont er i hovudsak bleikt gule og varmt grå med gullstaffasje.


Galleriet er varmt gult med lys grå og varm rosa staffasje. Geriktene ved vindauga er lyst grå. Dører og dørgerikter er varmt rosa. Benkene tek opp den varme gråfargen, bleikt gul og varmt rosa. Over korbogen er det måla eit raudt jesusmonogram i grønn krans.


Orgel og nyare møblar er fargesette i rommets fargar.


Grå midtgangsløpar frå Ledaal.

Glasmåleri

Fem glassmåleri på austveggen i koret er dekorerte med blå, spisse firpass i lyst gule sirklar på grøn bakgrunn og med ramme i fiolett og blått i gult. Vindauga i skipet har blyglas med grøne og blå krossmotiv i sirkel oppe, og grøne diagonale ruter på lys bakgrunn omramma av gule og lilla kantar.

Inventar

Altar

Kassealtar av ståande bord, trekt med djup raud fløyel på tre sider over eit sekundært panel, truleg av teak. Treplater med dør til skåp på baksida. Altaret er bygt saman med altartavla.

Altartavle

Nyromansk ramme med to framforstilte, kanellerte sidesøyler med terningkapitel som ber ein rundboge, toppa med tornekrona kristushovud. Tavleveggen bak bogen har ein utskåren arkade med fire rundbogar under slank gesims, toppa med kross. Ramma er dekorert med utskårne rankeornament og med masker i terningskapitela toppa med drakeornament. Ramma har følgjande innskrift under måleriet: ”Det er fullbrakt”.

Måleriet er frå 1907 og framstiller Jesus på krossen med tre kvinner ved krossfoten og ein ståande Johannes, måla av Hans Ødegård, kopi etter Eilif Pettersen.

Altarring

Litt over halvsikulær alterring med open inngang på begge sider. Knefallet er trekt med mørk raud plysj festa med stiftar. Handlista er boren av ei rundboga arkade med nyromanske pillarar med terningkapitel. Runda handlist med indre hylle for særkalkar.

Døypefont

Nyromansk døypefont i tre. Fonten har rund utskoren kum som vert boren skaft i form av fire samankopla søyler på åttekanta fot. Mellom søylene og kummen er det skoren dekor med palmettblad og drueklasar.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har seks sider av ein åttekant. Kvar av dei seks sidene har enkle storfelt med portalformer. Hjørna har tynt profilert listverk. Preikestolen har flat handlist trekt med nyare plysj. Kraftig sekskanta fotlist. Botnen er understødd av seks sveifa bogar som svingar inn mot ein fot av fire kopla søyler med utskorne terningkapitel. Dei runde skafta, med markant beltering, er plasserte på høge, firkanta kopla basar.


Oppgangstrappa går i seks steg etter nordveggen i koret. Gelender med smale stolpar og runda, profilert grep som endar i ein kraftig rund meklar, krona med terning og kule. Preikestolen er måla i fargar frå kyrkjeinteriøret.

Lesepult

Lesepult av nyere standard type, med fargar tilpassa interiøret i kyrkja.

Benker og faste stolar

Det har vore fjorten benker på kvar side av midtgangen. To benkerader er fjerna i vest for å få plass til bord og stolar. Benkevangane er boga med sirkulær topp. Ryggane har vertikalstilt perlestaffpanel og brei avrunda list i overkant. Bratt hylle for samlebøker på baksida. Enkle sete med runda forkant. Dei fleste benkene har vangar på begge sider og ekstra støtte i midten. Dei to fremste benkene på kvar side av midtgangen er nyleg delte i to mindre benker for å få ei meir fleksibel innreiing.


Ved korskranken sørvest i koret er det ein innebygd stol med brystning, lesebrett og dør mot nord.

Galleri

Galleriet er understøtta av seks par stolpar, frittståande i aust og som veggstolpar i vest. Stolpane i aust har bogekne som støttar galleribjelken og 11 golvbjelkar der dei sveifa bjelkeendane er synlege under galleribrystninga. Stolpane har skorne kapitel med palmettdekor. Gallerifronten har vertikalt panelt brystning, inndelt i ti felt ved stavar som korresponderer med golvbjelkane. Brystninga er toppa av samme type list som over brystningene i resten av kyrkjerommet.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament og tekstilar

Altarduk

Altarduk i lin, brodert bord, 14 cm brei, i uttrekssaum etter framsida: ”Kjærleik det er ljosens kjelde. Kjærleik det er Livsens Rot”. I borda er også årstalet 1941 innbrodert. Ved endane av borda er det brodert 4 cm breie border som går frammafrå og bak til altartavla etter kanten på bordplata. Duken skal etter lokale kjelder vera laga ved Kunstindustriskulen i Oslo.

Antependium

Antependium av vinraud fløyel med to applikerte, kvite krossar med broderte solmotiv i gulltråd og raudt.


Preikestolen har også eit antipendium av vinraud fløyel med latinsk kross av gullband. Kring handlista er det same stoffet festa med saum, alt avslutta nede med gullfrynser.

Messehaklar

a) Raud messehagel, skjoldforma, 1900-talet. Hovudstoff i vinraud fløyel, kanta med breide gullband. Kross på ryggsida av same gullband, trelagt. Fôr av rustraud bomullssateng. Hakelen er festa på venstre skulder med tre hekter. Høgde 84/95 cm, breidde ved skuldrene 58 cm.

b) Grøn (og kvit) rettsida, vendbar messehakel i dobbelvev med ull i lerretsbinding i begge lag. Umerkt, men truleg levert av Den norske Husflidsforening ca 1960. Hakelen har stolpe på forsida og kross på ryggsida mot ein bakgrunn med stiliserte liljer. På stolpen er følgjande symbol innvovne: treeiningssymbol, livsens tre, sigerslammet, livsens tre og korg med fisk og brød (nattverdssymbol). På krossen er det vove inn ein likearma kross i krossmidten, og dei fire livsvesena (evangelist-symbol) på sidene og under krossmidten. Over og under krossmidten er det også framstiling av livsens tre. Hakelen er festa på venstre skulder med fire hekter. Høgde 100 cm, breidde 60 cm.

c) Grøn messehakel i vid, runda form. Hovudstoff i ull, kypertvove med renningseffekt. Umerkt, truleg Kirkelig Kulturverksted, ca 1980. Fôr av mørkare grøn bomullssateng. Hakelen er festa med løkke og stofftrekte knappar på begge sider av halsopninga. Både på forsida og ryggsida er det vove ein stolpe inn i stoffet i fiolett, lysare grønt og gråblått. På forsida er det på stolpen brodert eit jesusmonogram (IHS) der i-en oppe er forma som ein kross. Broderiet er i plattsaum i to grønfargar og gull. På ryggsida er det montert eit smalt gullband i y-krossform på stolpen og ut på skuldrene. Høgde 116 cm, breidde ved skuldrene 108 cm.

Tre messeskjorter i bomull med ulikt snitt.


Biletvev med motiv Barnet og engelen. Vove av Kjersine Holum Vangsnes i 1908. Gjeve av Thea Tørvi.[1]

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

a) Udatert klokke, truleg frå mellomalderen. To merkje midt på klokka.

b) Klokke frå Bergen, datert 1828, med inskripsjonen: ”Af her H.O. Døsen kirkeeier Kremer Handler og Gestgiver er denne klokke bekostet. Omstøbt i Bergen 21 sep. 1828 av H.A. Quarme og Nils D. Berge.” Over innskrifta er det ei dekorert bord med små englar mellom bladranker. Klokka er 64 cm i diameter og 62 cm høg med krone.[2]

Orgel og andre instrument

a) Orgel frå Landrog. 6 stemmer fordelte på eit manual og anhangspedal. Pneumatisk overføring. Teke i bruk 1915, avløyst i 1977.[3]

b) Orgel frå J. H. Jørgensens orgelfabrikk i Oslo, 1977. 14 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Mekanisk overføring. Teke i bruk 1977.[4] Orgelet har enkel fasade med tredelt, nærast kvadratisk hovudverk og rektangulære tårn, alle med metallpiper.

Bøker

To alterbøker, 1992.

Bibelen, Christiania 1904, gåve frå sokneprest H. Niderø til Gaupne kirke 1907.

Bibelen, Oslo 1955, gåve frå Gaupne Helselag 1965.

Den heilage skrift, Bibelen, Oslo 1986.

Kirkesalmebog, Kristiania 1906, gåve frå sokneprest H. Niderø 1907.

Nynorsk salmebok, Oslo 1953.

Sangboken, Bergen 1973,

Salmer 1973, Oslo 1979.

Nummertavler

Nummertavle i ein forenkla variant av ramma på altartavla. Frå 1946-48.[5]

Møblar

To brurastolar laget av Torkel Asheim, Skjolden 1955, med utskjeringar i rygg og skinntrekk på seta.

Offerutstyr

To kollekthåvar av grå-rosa ullstoff kanta med vovne band og fôra med mørkt grå-rosa semska skinn. Posane er festa på massingring med motstilte handtak av tre.


Offerskål i tynn sølvplett. Stempel under botnen ARG 1000, og enkelte bokstavar av eit produsentnamn. Høgde 12 cm, diameter 23 cm.

Blomstervasar

a) Høg, trektforma vase med utsvinga, påsett øvre kant. Truleg sølv. Den øvre kanten er seksdelt ved riller, korpus er 12-kanta og smalnar rett inn mot treledda fotplate. Øvste ledd er12-delt, midtre ledd skrår ut og knekker ned mot dreven dekor av smale tunger over standkant. Innskrift GAUPNE KYRKJE. Ustempla. Høgde 28,6 cm, diameter oppe 10 cm.

b) To blomstervasar i sølv med smal, omvend pæreforma korpus avslutta nede med dreven akantusdekor over utsvinga foto på vulst. Stempel G, 830 S og kalk i oval, 95. Høgde 12,2 cm, diameter oppe 6,2 cm.

Diverse

Sylinderforma jarnomnar i skipets austre hjørne (Ulefos no. 310 og 311), 1907.

Firkanta jarnomn i opphaldsrommet for dåpsfølgje (Ulefos no. 213 A).

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden ligg aust om kyrkja og vart teken i bruk i 1994. På nordsida av kyrkja er det laga parkeringsplass og skilje mellom kyrkjegarden og resten av anlegget er markert med eit nord-sørgåande gjerde av liggjande bord. Det er tre smijarnsportar i gjerdet, og mellom dei to ytste av desse går det ein grusveg i halvsirkel gjennom den tilnærma kvadratiske kyrkjegarden. Dei gravene som finst på kyrkjegarden no, ligg like aust for kyrkja, i det sørvestlege hjørnet av kyrkjegarden.


Bygningar knytte til kyrkjegarden

Ved nordausthjørnet på kyrkja står eit servisebygg med bårerom og toalett. Nord for parkeringsplassen ligg eit reiskapshus med ein frå skild plass til diverse utstyr på austsida av huset.


Kjelder

Utrykte kjelder

Kyrkjekontoret, perm med opplysningar om kyrkja [...]

Trykte kjelder

Kolnes, S.J., Norsk orgelregister1328 – 1992, Førdesfjorden 1993

Bilete





  1. Opplysning i kyrkjeverjas perm
  2. Opplysningar i kyrkjeverjas perm
  3. Kolnes 1993, s 371
  4. Kolnes 1993, s 371
  5. Kyrkjeverjas perm.