Forskjell mellom versjoner av «Hauge kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Linje 132: Linje 132:
  
 
===== Messehaklar =====
 
===== Messehaklar =====
# Fiolett messehakel, smal form, noko utskrådd. 1800-tal? Hakelen har kortskoren, slitt fløyel, kanta med tre smale, fletta gullband og festa med tre hekter på venstre skulder. Fôret er av rustraud bomullskypert. Ryggsida har kross av breitt gullband kanta med det smale bandet. Høgde: 100/90 cm, vidde oppe 59 cm.
+
a) Fiolett messehakel, smal form, noko utskrådd. 1800-tal? Hakelen har kortskoren, slitt fløyel, kanta med tre smale, fletta gullband og festa med tre hekter på venstre skulder. Fôret er av rustraud bomullskypert. Ryggsida har kross av breitt gullband kanta med det smale bandet. Høgde: 100/90 cm, vidde oppe 59 cm.
  
# Vinraud, skjoldforma fløyels messehakel, 1900-talet. Forside og ryggside er kanta med breitt gullband, på ryggsida er det ein kross av det same bandet lagt dobbelt. Fôr av falma, raud bomullssateng. Tre hekter på høgre skulder. Høgde 99/88 cm, vidde oppe 57 cm.
+
b) Vinraud, skjoldforma fløyels messehakel, 1900-talet. Forside og ryggside er kanta med breitt gullband, på ryggsida er det ein kross av det same bandet lagt dobbelt. Fôr av falma, raud bomullssateng. Tre hekter på høgre skulder. Høgde 99/88 cm, vidde oppe 57 cm.
  
# Fiolett messehakel, sid med runda form. Fiolett ullstoff i krosskypert. Fôr av lys grå sateng (kunststoff). Ryggsida har brodert kross, forsida treeiningssymbol i form av tre ringar. Hakelen er merkt Marit Anny’s Vevstogo. Høgde 118/106 cm, breidde 107 cm.
+
c) Fiolett messehakel, sid med runda form. Fiolett ullstoff i krosskypert. Fôr av lys grå sateng (kunststoff). Ryggsida har brodert kross, forsida treeiningssymbol i form av tre ringar. Hakelen er merkt Marit Anny’s Vevstogo. Høgde 118/106 cm, breidde 107 cm.
  
# Kvit messehakel, skjoldforma. Hovudstoffet er i kvit, småmønstra brokade i kunststoff, fôret er klart raudt. Begge sider har gaffelkross i mønstervevd stoff med krossmønster. Tre heter på venstre skulder. Hakelen er merkt Casa Bochaca, Barcelona. Høgde 106/98, breidde 59 cm.
+
d) Kvit messehakel, skjoldforma. Hovudstoffet er i kvit, småmønstra brokade i kunststoff, fôret er klart raudt. Begge sider har gaffelkross i mønstervevd stoff med krossmønster. Tre heter på venstre skulder. Hakelen er merkt Casa Bochaca, Barcelona. Høgde 106/98, breidde 59 cm.
  
# Grøn, rettsida messehakel. Hovudstoff av grøn krosskypert i bomull/lin. Fôr av gult bomullslerret. Hakelen er kanta med smalt gullband. Ryggsida har kross og forsida har stolpe, begge med gullbandet som kontur. I tillegg er det på forsida eit vidare applikert felt med brodert jesusmonogram i brysthøgd, ryggsida har eit applikert felt med brodert sigerslam i krossmidten. Stolpe og krossarmar er brodert med andreas-krossar. Tre hekter på venstre skulder. Den Norske Husflidsforening. Høgde 104/98 cm, vidde 65 cm.  
+
e) Grøn, rettsida messehakel. Hovudstoff av grøn krosskypert i bomull/lin. Fôr av gult bomullslerret. Hakelen er kanta med smalt gullband. Ryggsida har kross og forsida har stolpe, begge med gullbandet som kontur. I tillegg er det på forsida eit vidare applikert felt med brodert jesusmonogram i brysthøgd, ryggsida har eit applikert felt med brodert sigerslam i krossmidten. Stolpe og krossarmar er brodert med andreas-krossar. Tre hekter på venstre skulder. Den Norske Husflidsforening. Høgde 104/98 cm, vidde 65 cm.  
  
# Raud, rettsida messehakel av viskosedamask med gult lerretsfôr i bomull. Stoffet har innvovne likearma krossar på glatt botn. Hakelen er kanta med smalt gullband. Forsida har jesusmonogram i ring med strålar brodert med fastsydd gulltråd. Ryggsida har kross med kontur av gullband og broderi av lagd gulltråd. Tre hekter på venstre skulder. Den Norske Husflidsforening. Høgde 105/100 cm, vidde 65 cm.  
+
f) Raud, rettsida messehakel av viskosedamask med gult lerretsfôr i bomull. Stoffet har innvovne likearma krossar på glatt botn. Hakelen er kanta med smalt gullband. Forsida har jesusmonogram i ring med strålar brodert med fastsydd gulltråd. Ryggsida har kross med kontur av gullband og broderi av lagd gulltråd. Tre hekter på venstre skulder. Den Norske Husflidsforening. Høgde 105/100 cm, vidde 65 cm.
  
 
==== {{Lukket|Lysstell}}  ====
 
==== {{Lukket|Lysstell}}  ====

Revisjonen fra 26. sep. 2012 kl. 10:28


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Hauge kyrkje

Anne Marta Hoff


Bakgrunn

Garden Hauge i Lærdal ligg på den andre sida av elva og lengre framme i dalen enn dagens kyrkjestad. Her stod dei to forgjengarane til 1800-talskyrkja, og tufta ligg der framleis med steingarden omkring.


Mellomalderkyrkja på Hauge er i store trekk ukjend, men har mest sannsynleg vore ei stavkyrkje slik som dei fleste kyrkjene i Indre Sogn. Kyrkja er først nemnd i 1327 i Pavelige Nuntiers Regnskaber.


Arkivmaterialet frå 16- og 1700-talet viser at det då var oppført ei tømmerkyrkje på kyrkjestaden. Denne vart teken ned i 1869 og den nye kyrkja vart oppført nede på Lærdalsøyri. Det ser ut som namnet på den nye kyrkja har variert, og at ho tidvis har vorte kalla Lærdal kyrkje, men det gamle namnet, Hauge kyrkje, er no fast etablert.

Den gamle kyrkjestaden

Den gamle kyrkjestaden på garden Hauge er omkransa av steingard med lengderetning aust- vest i eit terreng som stig mot vest. På sørsida er det opning for port i muren, restar av portstolpane står framleis. I nedre delen har det vore problem med fukt i periodar om våren når elva har gått høgt. Her har ein (ca. 1950) lagt ein bygdeveg over enden av kyrkjegarden og i samband med det teke vekk muren.


Fundamentet til kyrkja kan framleis sporast i terrenget. Kyrkjegarden elles er no svært ujamn. Det skal mellom anna vera eit resultat av uautoriserte gravingar i 1920-30-åra.


Då Heiberg skreiv om kyrkjene i Indre Sogn, var kyrkjegarden framleis i bruk, og den eine kyrkjeklokka hang i ”den overbyggede Kirkegaardsport”.[1]

Tømmerkyrkja

[...]

Kyrkja frå 1869

Kyrkja er orientert med koret 62 gr. nordaust, og vert i det følgjande omtalt som om koret låg rett aust. Ho vart teikna av Chr. Christie, ferdigprodusert i Christiania og sendt sjøvegen til Lærdal. Kyrkja vart vigsla 6. mai 1869.

Bygningen

Som dei andre Christie-kyrkjene i Indre Sogn, er Hauge kyrkje inspirert av stavkyrkjearkitekturen mellom anna ved at ho har heva midtrom med omgang både i kor og skip. Kyrkja merkjer seg ut mellom dei andre ved at ho har totårnsfasade der to støpultårn med konvergerande sider flankerer midtskipet, noko trekt attende frå vestveggen. Vest for tårna er omgangen utskift med svaler som rundar vesthjørna og går over i gavlforma utspring over eit lite våpenhus med inngang. Lengst aust i koret er det ei firkanta nisje som bryt omgangen utvendes.

Vegger

Veggene er av bindingsverk kledde utvendes og innvendes med ståande panel. Omgangsveggen har korkje vindauge eller innvendige konstruktive markeringar, med unntak av vestveggen i midtrommet der det er vindauge ut mot svalen. Utvendes er skilja mellom faga markerte ved pålagde vertikale bord.


Skipet har fire fag med vindauge i det opphøgde midtrommet og det vestre på galleriet der det er gang til tårna. Koret har to fag. Sideromma som ligg i overgangen mellom skip og kor, har vindauge i yttervegg.


Midtromsveggene i skipet er borne av doble par mellomstolpar støtta med skråstøtter til omgangsveggen der også sperrer for omgangstaket kviler. Mellom midtromsstolpane i lengderetning er det lagt inn skråstøtter som møtes midt under midtromsbjelken og dannar ein slak gavl i kvart fag. Midtromsstolpane held fram som skilje mellom faga i det opphøgde rommet. Vestveggen på galleriet har ei stor vindaugsopning.


Utvendes er panelet kvitmåla, medan listverk, dører og vindauge er lyst brunlege.

Dører

Kyrkja har i stor grad dei opphavlege nygotiske dørene med to x to høge, smale fyllingar med fas etter rammekanten. Dørvridarane er også dei opphavlege. Geriktene er enkle med fas.

Hovudinngangen vest i våpenhuset har to x tre fyllingar og gavlforma overlys med ståande, rektangulære ruter. Døra mellom skip og våpenhus er også ei fløydør. Enkle dører skil mellom skip og tårn på begge sider under galleriet og mellom skip og siderom aust i skipet. Sideromma har dører ut i vest, norddøra med rampe utvendes.

Korskiljet

Koret strekkjer seg fram til midtromsveggen i skipet der korgolvet har trapper i tre steg ned mot skipet og ut mot omgangane på sidene. Koropninga har same breidde som midtrommet i koret, veggen over opninga er panelt ned til ei gavlforma, vimpergliknande markering med krabbar og med ein sentral kross. Sidestolpane flankerer også bogen med fialar. Mellom desse stolpane og hjørnestolpane i skipets midtrom er det andreaskrossar over oppgang til preikestol i sør og over opning i nord.


Det same korbogemotivet er teke opp att ved korets midtromsvegg i aust, i flog med altartavla og som inngang til nisjen bak altaret.

Vindauge

Vindauga oppe i midtromsveggene har tre rammer skilde med ståande, sveifa post. I kvar ramme er glaset oppdelt med sprosser i to x tre ruter pluss ei øvre kløverbladforma rute. Glaset i mange av vindauga tykkjest opphavleg. Enkle gerikter med fas.

Golv og fundament

Golvet i skipet er eit tverrlagt tregolv, slipt og lakka. Korgolvet har langsgåande, breiare bord som no er gråmåla, tidlegare har det hatt ein olivengrøn farge. Det vart lagt hytt golv oppå det gamle i 1967 (Kallsbok).


Fundamentet er tørrmurt av hoggen granitt med sementfuger i ytterliv. Både altarområdet og dei langsgåande golvbjelkane har solide fundament av tukta granitt.

Tak

Kyrkja har saltak over dei opphøgde midtromma i kor og skip og pulttak over omgangane. Over inngangen i vest er det ein ark som skyt ut som eit saltak frå omgangen i same høgde som omgangstaka. Også over sideromma ved koret er det tverrstilte saltak frå taka over omgangane i overgangen mellom skipet og koret. Desse taka er valma i enden. Taket over apsiden har eit kort lite møne før det vert brote av enkel valming.


Taka har synlege sperreband innvendes. Under takskjegget utvendes viser åsar som ligg oppå sperrebanda. Skipet har fire sperreband + gavlane. Sperrebanda korresponderer med midtromsstolpane. Kvart band har sperrer, saksesperrer og bindbjelke og er avstiva ved doble skråband som ligg som tang frå midtromsstolpen mellom vindauga, om bindbjelke og saksesperre og opp til sperra. Taka over omgangane har sperrer og undersperrer mot midtromsstolpane. Taka er tekte med lappheller utvendes. Alle møne har gjennombroten mønekam og på kvar av gavlane er det montert ein kross av tre.

Himlingar

Ståande faspanel følgjer takkonstruksjonen.

Tårn

To låge støpultårn flankerer vestfasaden. Dei to ytste stolpane i kvart tårn konvergerer i første og andre høgd. I klokkerommet i tredje høgd er veggene rette. Tårna skjer seg inn i pulttaket over skipets omgang. I første høgd er det ein gang mellom tårn og skip i omgangen, i gallerihøgd har gangen yttervegger og er overdekt av eit kort saltak. Inngangane til gangen er frå vest i skipet og frå svalgangen i vest. Dei to første høgdene har små lysinnslepp i veggene, i klokkestova i tredje høgd er det kløverbladforma lydluker under fire spisse arkar. Hjørnesperra i den firkanta, spisse hjelmen går ned på ramme på hjørnestolpane i klokkehuset. Kvar ark har ein kort mønekam inn til hjelmen. Hjelmen er kledd med lappskifer og har spir med kule og kross.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Altaret med altartavle står framfor omgangen aust i koret, og altarringen fyller rommet ut til sideskipa og fram til dei midtre mellomstolpane i koret. Flyttbar døypefont på nordsida og lesepult ved preikestolen på sørsida i koret. I skipet er det benkerekker på begge sider av ein sentral midtgang. Tverrgalleri i vest ber orgel. Under galleriet er benkene tekne vekk og det er innreia med barnemøblar, stolar og lysglobe. Kyrkja har elektrisk lys og oppvarming.

Fargar

Då kyrkja var ny, var veggene lyst gule både innvendes og utvendes. Bjelkeverket var mørkare.[2] No er ho kvit utvendes, med gulbrunt listverk og vindauge.


Veggpanel og himlingar i kyrkjerommet er måla varmt okergule, alle bærande og konstruktive element er djupt engelsk raude og stafferte med grått. Korgolvet og vindauga er også gråmåla, medan golvet i skipet er lyst trefarga og lakka.

Inventar

Altar

Opphavleg kassealtar. Altaret har hjørne av tverrstilte, sveifa plankar i begge retningar og er samanbundne oppe med sarg under bordplata og nede med sokkel. Mellom desse er det ramme med tre fyllingar på framsida og ei på kvar kortside. Fyllingane er gjennombrotne firpass med trebladshol i sviklane mot ein tett bakgrunn av liggjande bord. Baksida har ståande faspanel og dør til skåp i altaret. Fargar gult, raudt og grått. Altaret er 150 cm breitt, 82 cm djupt og 102 cm høgt.

Altartavle

Altartavla kviler på bakkant av altaret. Ho har ein enkel sokkel og eit svakt spissboga biletfelt flankert av to runde søyleskaft som er avslutta med fialar og flankerer vimperg med krabbar og kross. I biletfeltet står eit måleri, Getsemane, som er måla med olje på lerret. Måleriet er signert nede til venstre: N. N. Bergslien 1874. og N. Bergslien.

Altarring

Altarringen er rektangelforma med knefall til tre sider. Handlista har indre hylle for særkalkar og er boren av arkade med pillarar og kløverbladsbogar. Knelepute stoppa og trekt med lyst grått skinn. Kneleskammel ved altaret.

Døypefont

Sekskanta døypefont med flat, profilert kum halden oppe av seks dreia pillarar med sokkel og kapitel. Pilarane kviler på sekskanta fot som trappar ut mot standkant. Raud og grå.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fire fag og er open mot oppgangen i aust. Han står noko framfor stolpane i korskiljeveggen. Profilert listverk under handlista som er stoppa og trekt med raud plysj og gullfrynser. Sokkelen er enkelt profilert og har ei breiare list før han går over i rett hengebord under stolens flate botn. Skaft og fot av tre dreia pillarar med kapitel og samanbunden base.

Lesebrett mot nordvest. Oppgangen har trapp i fire steg opp frå korgolvet med rekkverk og meklar på kvar side. Preikestolen er raud og grå med gult i fyllingsfelta. På dei to fremste fyllingane er måla jesusmonogram med I-en som kross.

Lesepult

Standard lesepult med to bein på vidare fot samanbundne med losholtar og med skrått lesebrett i overkant. Regulerbar. Raud med grå staffasje.

Benker

Benkene har rette vangar, smalare ved ryggen der dei endar i liljeform over øvste av to ryggbord. Bordet har hylle for salmebøker i bakkant. Setefjøla er understøtta av sarg framme og bak og av to ekstra beinpar. Benkene har ei enkel fotlist nede på baksida. Raude med grå staffasje.

Galleri

Galleriet har same breidde som skipets midtrom. Gallerivolvet er avtrappa i fem steg og har tidlegare hatt benker, desse er utskifte med stolar på dei tre fremste stega. Orgel sentralt framme. Gallerifronten har arkade med pillarar og kløverbladsbogar under handlist, nedre del har liggjande bord. Fronten er tredelt ved to stolpar. Himlinga under galleriet er skrådd og kledd med staffpanel. Gallerifronten er måla i raudt, grått og gult. Gallerigolvet blått, himlinga under er gul.


Skulptur

Prossesjonskross av to treslag. Lys, smal, rettkanta kross felt inn i mørkare kløverbladkross, gjera saman i krossmidten.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Altarduk av kvit lin med 15 cm brei enkel hardangersaumbord på tre sider. Slitt.

Messehaklar

a) Fiolett messehakel, smal form, noko utskrådd. 1800-tal? Hakelen har kortskoren, slitt fløyel, kanta med tre smale, fletta gullband og festa med tre hekter på venstre skulder. Fôret er av rustraud bomullskypert. Ryggsida har kross av breitt gullband kanta med det smale bandet. Høgde: 100/90 cm, vidde oppe 59 cm.

b) Vinraud, skjoldforma fløyels messehakel, 1900-talet. Forside og ryggside er kanta med breitt gullband, på ryggsida er det ein kross av det same bandet lagt dobbelt. Fôr av falma, raud bomullssateng. Tre hekter på høgre skulder. Høgde 99/88 cm, vidde oppe 57 cm.

c) Fiolett messehakel, sid med runda form. Fiolett ullstoff i krosskypert. Fôr av lys grå sateng (kunststoff). Ryggsida har brodert kross, forsida treeiningssymbol i form av tre ringar. Hakelen er merkt Marit Anny’s Vevstogo. Høgde 118/106 cm, breidde 107 cm.

d) Kvit messehakel, skjoldforma. Hovudstoffet er i kvit, småmønstra brokade i kunststoff, fôret er klart raudt. Begge sider har gaffelkross i mønstervevd stoff med krossmønster. Tre heter på venstre skulder. Hakelen er merkt Casa Bochaca, Barcelona. Høgde 106/98, breidde 59 cm.

e) Grøn, rettsida messehakel. Hovudstoff av grøn krosskypert i bomull/lin. Fôr av gult bomullslerret. Hakelen er kanta med smalt gullband. Ryggsida har kross og forsida har stolpe, begge med gullbandet som kontur. I tillegg er det på forsida eit vidare applikert felt med brodert jesusmonogram i brysthøgd, ryggsida har eit applikert felt med brodert sigerslam i krossmidten. Stolpe og krossarmar er brodert med andreas-krossar. Tre hekter på venstre skulder. Den Norske Husflidsforening. Høgde 104/98 cm, vidde 65 cm.

f) Raud, rettsida messehakel av viskosedamask med gult lerretsfôr i bomull. Stoffet har innvovne likearma krossar på glatt botn. Hakelen er kanta med smalt gullband. Forsida har jesusmonogram i ring med strålar brodert med fastsydd gulltråd. Ryggsida har kross med kontur av gullband og broderi av lagd gulltråd. Tre hekter på venstre skulder. Den Norske Husflidsforening. Høgde 105/100 cm, vidde 65 cm.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

  1. Den eldste klokka i nordtårnet er ei slank mellomalderklokke. Klokka er opphengd etter midtbogen og har berr att to av seks runda bogar. Kroneplata er flat og har to riller i ytterkant. Hua rundar ned og ut og svingar jamt ned mot korpus som nede svingar ut mot ei rille. Slagringen er ut- og nedbøygd. Undersida av slagringen er brei og skrår svakt opp innover. Diameter 55 cm, høgde 63 cm med krone, 50 utan.
  1. Klokka i sørtårnet er laga til kyrkja då ho var ny. Krona er ei plate på konsollar festa til slagbommen med skrue og mutter. Klokka har runda hue, rett hals med innskrift mellom riller. Øvre del av korpus er rett, i nedre del skrår korpus ut og held fram, avbroten i tre riller, i slagringen som svingar ned i ytterkant. Innskrift: BOCHUMER VEREIN. GUSSSTAHLFABRICATION 1869. Diameter 70cm, høgde 64 cm med krone, 57 utan.
  1. Nyare klokke i nordtårnet. Klokka har produsentnamnet, Olsen og Nauen, mellom to riller på halsen. På korpus kristogram i sirkel (chi-rho) med alfa og omega på sidene. Innskrift under kristogrammet: ÆRA VERE GUD I DET HØGSTE. Diameter 77 cm, høgde 73 cm med krone, 50 cm utan.

Orgel og andre instrument

Orgel

Kyrkja hadde frå 1894 eit lite orgel frå Kvarme med fire stemmer og eitt manual. Mekanisk overføring. I 1978 vart orgelet fornya av Spigseth og utvida med tre stemmer og med pedal, medan orgelfasaden vart som før.[3]


Orgelfasaden har rett øvre avdekking med fire høgre fialar som flankerer sidetårna og med ornament i form av fugl på fialane og bogar og liljeformer over sidetårna. Han har fire spissboga opningar med trepass i sviklane, to i hovudverket og ei i kvart sidetårn. Dei to over spelepulten i hovudverket går ikkje så langt ned som sidetårna.


Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på eitt manual og pedal:


Rørfløyte 4’

Principal 4’

Gamba 8’

Oktav 2’

Gedakt 8’

Mixtur 3 f. 1 1/3 ’

Subbass 16’



Piano, Petrof.

Nummertavler

Enkle, todelte nummertavler med gavlforma øvre avslutting.

Møblar

Brurestolar i bjørk. Karmstolar med h-kryss, svungne forbein med forbrett, skrådd rygg med dreia bakbein og ryggbrett med ramme. Ramma for ryggbrettet og forbrettet har akantusskurd. Setet og ryggbrettet innafor ramma er stoppa og trekt med gyllenlêr.

Offerutstyr

Standard kollekthovar, korg på altaret.

Blomstervasar

  1. To blomebeger med høg, smal klokkeforma korpus med runda botn på skaft med fire kuler over flat avtrappa fot. Stempel: drikkekanne, 830 S, J. TOSTRUP, 1921.
  1. Ein vase med høg traktform med utsvinga krage. Foten har ein øvre vulst med drivne bladformer og svingar ut mot standkant. Stempel: 830 S og meisterstempel. Høgde 18 cm, diameter oppe: 11 cm.

Diverse

Tinnskål med høge, jamt oppsvinga sider og forsterka kant. Åtteblada rose i botnen. Tre stempel: 95 %, menneskefigur med timeglasform, vinkla vengjer (?) og krone. Diameter 25,8 cm, høgde 11 cm.


Inventar som er flytta frå kyrkja

Romansk krusifiks – Sogn folkemuseum, De Heibergske Samlinger.

Altarfrontale frå ca. 1250 – Bergen Museum

Altartavle frå 1649 – Sogn Folkemuseum, De Heibergske Samlinger.[4]

Røykelseskar frå 1200-talet – Bergen Museum

Døypefont frå1200-talet, botnen av kummen og eit firkanta skaft – Bergen Museum

To lysestakar frå mellomalderen – Sogn Folkemuseum, De Heibergske Samlinger.

[...]

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkja på Hauge vart nedlagt i 1870, medan kyrkjegarden truleg var i bruk i ein periode etter dette.

Kyrkjegarden ved dagens kyrkje ligg på alle fire sider av kyrkja. Inntil hovudvegen på nordsida er det steingard, elles er kyrkjegarden omgitt av stakitt. Singelgangar i krossform med kyrkja i sentrum. I 1975 vart det tillagt eit større stykke aust for kyrkjegarden og aust for kyrkjelydshuset. Dette er enno ikkje vigsla og teke i bruk.

Gravminne

Bygningar knytte til kyrkjegarden

I søraustre hjørne av kyrkjegarden står det to bygningar. Den minste, på sørsida, er ei reiskapsbu av bindingsverk med liggjande panel utvendes og med nord-sørgåande saltak tekt med lappheller, og med fløydør mot nord.


Nord om dette, også søraust for kyrkja, ligg eit langt bygg under saltak i nord-sørleg retning. Bårehuset stod ferdig oppført vinteren 1974/75 og vart teikna av Claus Lindstrøm. Det vart lite nytta til sin funksjon og er no bygd om til ei kyrkjestove med reiskapshus i søre delen. Arkitektkontoret 4B ved Hallvard Trohaug har teikna ombygginga og bygget stod ferdig i 2009.Det er kledd med liggjande panel, taket er tekt med lappheller. Huset er symmetrisk i forma med to gjennomgåande gangar med vindaugsflater på begge sider. Den eine gangen ligg sentralt i det opphavlege bygget, medan den andre skil mellom dette og det nye tilbygget. Inngangar frå vest. Fløydør til reiskapar i sør.

KJELDER

Utrykte kjelder

Bendixen: Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, manus ca. 1900.

Trykte kjelder

Heiberg, G. F., Sogns Kirker i Fortid og Nutid, serprent av Tidsskrift for Historielaget for Sogn 1970 nr. 23, s 29 f, Leikanger 1970

Kolnes, Stein Johannes, Norsk Orgelregister 1328-1992, Førdesfjorden 1993

Bilete



  1. Heiberg 1970
  2. Bendixens manus
  3. Kolnes 1973, s 372
  4. Foto i kyrkja