Hovedside

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk

Gaupne gamle kyrkje, benk i koret, AMH 2010.jpg Voss, messehakel a, ryggside, detalj 5, AMH 2007.jpg Vikøy kyrkje, altartavle, AMH 2007.jpg Flåm kyrkje, dyr b, nord, AMH 2011.jpg

Farnes kyrkje, sørfasade, AMH 2009.jpg

Farnes kyrkje
Farnes kyrkje er den første kyrkja i tettstaden Øvre Årdal. Ho vart teken i bruk i 1970 og er ei arbeidskyrkje teikna av Arnstein Arnebergs arkitektkontor. Den første kyrkjegarden på staden vart teken i bruk i 1898. Øvre Årdal sokna tidlegare til Årdal kyrkje, men på grunn av den store auken i folketalet, vart det oppretta ei interimskyrkje på Ungdomsheimen før det var bygt kyrkje. Kyrkja er orientert med altaret i aust og bryt med retningane i den kringliggjande bygningsmassen.

Årdal kyrkje, austfasade, AMH 2009.jpg

Årdal kyrkje
Stavkyrkja var av den mangesøyla, treskipa typen ein finn i Sogn og Valdres. Ho hadde seks søyler på kvar side og to mellom hjørnesøylene på kvar kortside, i alt 16. Det var same avstanden mellom søylene, med unntak av på austre kortside der mellomsøylene var trekte ut mot hjørna. Ei ekstra søyle kvilte på tverrbjelke over koropninga.


NIKU logo.jpg

KA logo.jpg

Kirkesok.jpg