Forskjell mellom versjoner av «Joranger kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
 
(10 mellomliggende revisjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{Infoboks_uferdig_artikkel}}
+
 
 +
{{historisk_artikkel}}
  
  
 
''Anne Marta Hoff''
 
''Anne Marta Hoff''
  
 
+
===Bakgrunn===
 
I 1341 vert ”Haldor prestr a Jorungh” nemnd i eit diplom.<ref name="ftn1"> DN 3 nr 208
 
I 1341 vert ”Haldor prestr a Jorungh” nemnd i eit diplom.<ref name="ftn1"> DN 3 nr 208
  
Linje 185: Linje 186:
  
 
''Kyrkjebenkene''
 
''Kyrkjebenkene''
 
+
<br\>
 
På Thomhaws foto frå kring 1900 er det enkel benker med salmebokhylle og rygg av to bord festa til vangar. Setefjøla kviler på sarg med støtte i vange og frambein som begge er festa til ei fotlist.  
 
På Thomhaws foto frå kring 1900 er det enkel benker med salmebokhylle og rygg av to bord festa til vangar. Setefjøla kviler på sarg med støtte i vange og frambein som begge er festa til ei fotlist.  
  
 
Dagens benker er frå 1960- eller -70 talet, med rektangulære vangar og formskorne sete med heil rygg og ei ekstra ryggfjøl i skulderhøgd. Umåla.
 
Dagens benker er frå 1960- eller -70 talet, med rektangulære vangar og formskorne sete med heil rygg og ei ekstra ryggfjøl i skulderhøgd. Umåla.
  
''Innebygde stol'' i korets nordvestre hjørne. Brystninga mot aust har to fyllingar i ramme med ei rekke pillarar sette inn mellom over øvre ramtre og ei topplist.''' '''Sørsida av stolen har dør festa til to vangar med sveifa øvre avslutting, Døra har same høgde og oppbygging som austsida med ei fylling i ramme, pillarrekke i øvre del og tannsnittbord over og under pillarane. Benk og hylle i stolen. No umåla.
+
''Innebygde stol'' i korets nordvestre hjørne  
 +
<br\>
 +
Brystninga mot aust har to fyllingar i ramme med ei rekke pillarar sette inn mellom over øvre ramtre og ei topplist.''' '''Sørsida av stolen har dør festa til to vangar med sveifa øvre avslutting, Døra har same høgde og oppbygging som austsida med ei fylling i ramme, pillarrekke i øvre del og tannsnittbord over og under pillarane. Benk og hylle i stolen. No umåla.
  
''Klokkar- og medhjelparstol''. Stolen i korets søraustre hjørne er truleg ein klokkar/medhjelparstol. Han har brystning med to fyllingar mot nord. På hylla øvst på brystninga er det laga ei fast tavle for pengar. I stolen er det ein benk med sveifa vange mot vest ved sørveggen. Stolen er no umåla.
+
''Klokkar- og medhjelparstol''  
 +
<br\>
 +
Stolen i korets søraustre hjørne er truleg ein klokkar/medhjelparstol. Han har brystning med to fyllingar mot nord. På hylla øvst på brystninga er det laga ei fast tavle for pengar. I stolen er det ein benk med sveifa vange mot vest ved sørveggen. Stolen er no umåla.
  
 
==== Måleri ====
 
==== Måleri ====
Linje 200: Linje 205:
 
Ei smal og høg tavle av tre med smal ramme heng nord for kordøra. Tavla er umåla, ramma er grønmåla.
 
Ei smal og høg tavle av tre med smal ramme heng nord for kordøra. Tavla er umåla, ramma er grønmåla.
  
==== {{Lukket|Rituelle kar}} ====
+
==== Rituelle kar ====
Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.
+
 
 +
Ein kalk og ein disk av sølv vart etter rekneskapane stolne frå kyrkja i 1692. Inventarlista frå 1699 viser at kyrkja då igjen har ”1 sølf kalch och disch, samt en messehagell, som er kommen fra Ornes kirche”. Opplysninga kan lesast slik at kalk og disk kom frå Ornes, men det kan også gjelda berre messehakelen.
 +
 
 +
==== Kalk  ====
 +
Kalk i sølv, innvendes gylt, forgyllinga er avsleten. 1700-talet, regence. Kupa er runda med høgdeformat og utsvinga munningsrand. Øvre og nedre skaftledd er seksdelt med konvekse sider delte med prega, parallelle, vertikale liner. Skaftledda er avgrensa oppe og nede ved lister. Rund nodus med radiære bladformer over og under, markerte med prega liner. Foten er også inndelt i seks på same måte og er svakt flika. Han skrår svakt ut i øvre del før han svingar ut over ei øvre fotplate som vert broten av knekk mot høg vulst som endar på standplate. Til den eine seksdelen av den øvre delen av foten er det festa ein Jesus-figur i krossfestingsstilling med armane strekte rett ut til sidene. To stempel, sjå foto.''' '''Kalken er 19,7 cm høg og har diameter 11,7 cm ved foten.
 +
 
 +
Sekundært er det sett inn ein innsats med nebb i kupa. Innsatsen har stempel 830 S, KH.
 +
 
 +
''Særkalkar'' av to slag, begge i sølv.
 +
 
 +
a) Skrådd, runda kupa og fot med utbøygd nodus. Kupa har vore gylt innvendes. Innskrift på foten ''Joranger kyrkja 1938. ''Latinsk kross på kupa. Stempel 830 S, KH. Høgde 7,1 cm.
 +
 
 +
b) Flat vid kupa og høg fot med nodus under kupa. Innvendes gylt. Innskrift på standkant: JORANGER KYRKJE 1994. Stempel: 830 S, kalk i oval. Høgde 7,2 cm.
 +
 
 +
==== Disk  ====
 +
Flat disk av sølv med opphøgd rand. Disken har den vanlege signingskrossen innrissa på randa med årstalet 16-40 fordelt på sidene av krossen. Under randa er det inngravert eit skjold med tre naglar inn mot midten (familien Nagels våpen), og initialane BN MSD kring.''' '''Diameter 11,8 cm, rand 1,9 cm.
 +
 
 +
==== Oblatøskje ====
 +
Oblatøskje av plett. Sylinderforma med svakt boga lok med siselert kløverbladskross i latinsk form. Høgde ca. 8 cm, diameter 11 cm.
 +
 
 +
==== Dåpsfat  ====
 +
Dåpsfat i massing, truleg 1600-talet el ca 1700. Bekkenet som var i kyrkja frå rekneskapane tok til i 1667, var bytta ut med eit betre i 1699-1701, og det kan vera dette som er i kyrkja. Fatet har brei rand med forsterka kant, skrå og rett side og konkav botn. Dreven og stempla dekor på rand og i botnen. I botnen ber to løver eit skjold med krone. Motivet er omgitt av sirklar med med stempla små ringar som flankerer drevne bandslyngmotiv og drevne og stempla ringar av prikkar og sirklar. På randa er det to sirklar med drevne spissovalar, i ytre ring med romber mellom. Under botnen er det fleire stader vølt og forsterka med pålodda koparstykke. Diameter 40,8 cm, høgde ca 8 cm.
 +
 
 +
==== Kanne ====
 +
Kanne i massing. Kanna har pålodda skrå munningsrand på rett hals over kuleforma korpus på standkant. Flat hank festa i munningsranda og på korpus. Innskrift på standkanten: Joranger kyrkja. Stempel H. LINDEMANN. Høgde 24 cm, breidde oppe ved hanken 18,5 cm.
  
 
==== Parament ====
 
==== Parament ====
 
I siste halvdel av 1600-talet hadde kyrkja to altardukar, ein messehakel av taft og to messeserkar. Desse var ein del av det utstyret som vart stole i 1692. I 1993 vart det skaffa ein ny messeserk, og ein ny messehakel var kommen frå Ornes i 1699.  
 
I siste halvdel av 1600-talet hadde kyrkja to altardukar, ein messehakel av taft og to messeserkar. Desse var ein del av det utstyret som vart stole i 1692. I 1993 vart det skaffa ein ny messeserk, og ein ny messehakel var kommen frå Ornes i 1699.  
  
'''''Altarduk '''''av tunn lin, kanta med brei holfall. På tre sider er det sydd på ei 20 cm brei hekla bord som syner krossar med palmeblad.'' ''
+
''Altarduk ''av tunn lin, kanta med brei holfall. På tre sider er det sydd på ei 20 cm brei hekla bord som syner krossar med palmeblad.'' ''
  
===== Messehaklar =====
+
''Messehaklar''
a) Raud, skjoldforma messehakel, første halvdel av 1900-talet. Hovudstoffet er i raud fløyel, fôret i raud bomullssateng. Festa på venstre skulder med tre hekter. Hakelen er kanta med gullband og har kross av tolagt, breiare gullband på ryggsida. På forsida er det i brysthøgd sydd fast ei trekanta massingplate, den treeinige Gud, med hebraisk innskrift, JHV. Både ut frå krossen og ut frå trekanten er det brodert treflika strålar med leggsaum av tolagt gulltråd. Høgde 90/105, breidde ved skuldrene 57 cm.
+
<br\>a) Raud, skjoldforma messehakel, første halvdel av 1900-talet. Hovudstoffet er i raud fløyel, fôret i raud bomullssateng. Festa på venstre skulder med tre hekter. Hakelen er kanta med gullband og har kross av tolagt, breiare gullband på ryggsida. På forsida er det i brysthøgd sydd fast ei trekanta massingplate, den treeinige Gud, med hebraisk innskrift, JHV. Både ut frå krossen og ut frå trekanten er det brodert treflika strålar med leggsaum av tolagt gulltråd. Høgde 90/105, breidde ved skuldrene 57 cm.
  
 
b) Raud, rettsida messehakel, ca. 1950. Hovudstoffet er av kypertvoven ull, fôr av gyllent lerretsstoff, truleg viskose. Festa med tre hekter på venstre skulder. Hakelen er kanta med eit smalt gullband. På forsykket er det brodert eit kristogram (chi-rho) i leggsaum med gulltråd. Det går strålar ut til sidene av leggsaum i gull og grønt. Ryggsida har ein applikert kross med strålekrans, begge i leggsaum med gulltråd. På den applikerte krossen er det brodert ein smalare kross i gulltråd og grønt med leggsaum og knutar. Hakelen er merkt Den norske Husflidsforening. Høgde: 100/107 cm, breidde ved skuldrene 66 cm.  
 
b) Raud, rettsida messehakel, ca. 1950. Hovudstoffet er av kypertvoven ull, fôr av gyllent lerretsstoff, truleg viskose. Festa med tre hekter på venstre skulder. Hakelen er kanta med eit smalt gullband. På forsykket er det brodert eit kristogram (chi-rho) i leggsaum med gulltråd. Det går strålar ut til sidene av leggsaum i gull og grønt. Ryggsida har ein applikert kross med strålekrans, begge i leggsaum med gulltråd. På den applikerte krossen er det brodert ein smalare kross i gulltråd og grønt med leggsaum og knutar. Hakelen er merkt Den norske Husflidsforening. Høgde: 100/107 cm, breidde ved skuldrene 66 cm.  
Linje 215: Linje 244:
 
''Messeskjorte''. Ei messeskjorte i bomull er oppbevart i kyrkja.
 
''Messeskjorte''. Ei messeskjorte i bomull er oppbevart i kyrkja.
  
==== {{Lukket|Lysstell}} ====
+
==== Lysstell ====
Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.
+
 
 +
Dei to massingstakane som kyrkja hadde, vart i 1699-1701 omstøypte og tillagt meir massing. Etter dette reknar inventarlistene med fire massingstakar i kyrkja.
 +
 
 +
==== Altarstakar ====
 +
To massingstakar av barokk form med pigg, lysskål, balusterforma skaft og vid fotplate som endar i vulst. Skjold er festa til skaftet under lysskåla. Innskrift på det eine skjoldet: Mag: Jens Hansen Ørebech Anno 1701, og på det andre: Magrete Peders Datter Haning Anno 1701. Høgde med pigg ca 40 cm.
 +
 
 +
==== Lysekroner ====
 +
Fem ''oljelampar'', ca. 1900, oppbevarte på loftet.
 +
 
 +
Nyare kopiar av små ''barokkroner'' i kyrkja, patinerte.
 +
 
 +
==== Lampett  ====
 +
Oljelampett ved preikestolen, ca 1900.
 +
 
 +
''Lyssaks'' av massing, 15,6 cm lang.
  
 
==== Klokker ====
 
==== Klokker ====
Linje 242: Linje 285:
 
==== Bøker ====
 
==== Bøker ====
 
Altarbok Kra 1893
 
Altarbok Kra 1893
 
+
<br\>
 
Alterbok Kra 1920
 
Alterbok Kra 1920
 
+
<br\>
 
Altarbok Oslo 1926
 
Altarbok Oslo 1926
 
+
<br\>
 
Altarbok Oslo 1949
 
Altarbok Oslo 1949
 
+
<br\>
 
Bibel, Billedbibel, Chra 1840
 
Bibel, Billedbibel, Chra 1840
 
+
<br\>
 
Kollekter, Epistler og Evangelier Kra 1887
 
Kollekter, Epistler og Evangelier Kra 1887
 
+
<br\>
 
Tekstbok Kra 1920
 
Tekstbok Kra 1920
 
+
<br\>
 
Tekstbok Oslo 1929
 
Tekstbok Oslo 1929
 
+
<br\>
 
Graduale, Sandvik, nynorsk, Oslo 1925
 
Graduale, Sandvik, nynorsk, Oslo 1925
 
+
<br\>
 
Graduale, Sandvik, bokmål, Oslo 1925
 
Graduale, Sandvik, bokmål, Oslo 1925
 
+
<br\>
 
Salmebok, Landstad, Stereotyputagave med Tillæg, Kra og Bergen, godkjent 1890.
 
Salmebok, Landstad, Stereotyputagave med Tillæg, Kra og Bergen, godkjent 1890.
  
Linje 280: Linje 323:
 
Området nordafor kyrkjegarden, mellom denne og vegen, er også tilpassa kyrkja sin bruk med parkeringsplass og sitjegruppe i terrenget.
 
Området nordafor kyrkjegarden, mellom denne og vegen, er også tilpassa kyrkja sin bruk med parkeringsplass og sitjegruppe i terrenget.
  
== KJELDER ==
+
== Kjelder ==
 
=== Utrykte kjelder ===
 
=== Utrykte kjelder ===
Bendixen, E.B., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, manus, avskrift.
+
Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, manus, avskrift.
 
+
<br\>
Kyrkjerekneskapar og synfaringsnotatar, Statsarkivet i Bergen.
+
Statsarkivet i Bergen. Kyrkjerekneskapar og synfaringsnotatar
  
 
=== Trykte kjelder ===
 
=== Trykte kjelder ===

Nåværende revisjon fra 27. okt. 2020 kl. 15:43



Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

I 1341 vert ”Haldor prestr a Jorungh” nemnd i eit diplom.[1] Kyrkja er også nemnd i Bergen Kalvskinn. Den kyrkja som no står på Jordanger skal etter skilt ved vegen vera bygt i 1620, Etter opplysningar frå Kyrkjeverja i kommunen er skipet teke i bruk i 1660,[2] medan koret kan vera eldre, etter årstal på veggmåleri har året 1643 vore nemnt som byggjeår.

Kyrkjerekneskapar for Jordanger går attende til 1667. Det er ikkje nemnt noko om nybygging i desse. Ettersom ein skifter ut den ytre kledninga på tak og gavl i koret alt i dette året, må ein rekna med at i alle fall koret då har stått nokre år.

Kyrkja frå 1600-talet

Bygningen

Bygningen ser ut til å ha hatt same form frå han vart oppført og fram til no, med unntak at det tidlegare var tilsett sval for stegar på nordsida. Kyrkja var lenge tjørebredd. I 1926 skreiv J. Laberg at kyrkja i seinare tid har fått ”mykje umvøling og kvitmåla som ho er, ser ho ikkje so verst ut – utantil.”[3]

Skipet og våpenhuset med siderom ligg under eitt saltak som ved vestgavlen er brote av eit tårn. Koret ligg under eit smalare og lægre saltak. På foto av Tomhaw frå kring 1900 har kyrkja tilsvarande form.

Det er teke vare på ein god del materiale som må skriva seg frå ein tidlegare bygning, truleg ei stavkyrkje. Særleg i tårnet finn ein slikt oppattbrukt materiale.

Vegger

Veggene i skipet utgjer eit tømmerrektangel. Langveggene er avstiva med to opplengjer på kvar side. Desse korresponderer med to tverrlagde bindingsbjelkar over himlinga. I skipet er det 12 synlege omfar med tømmerstokkar. Stokkane er av uvanleg kraftig tømmer som strekkjer seg i jamne skift i heile bygningslengda og dels vest for novene heilt ut i våpenhuset. På kvar av langsidene er det fire rektangulære vindaugsopningar, tre av desse er i skipet, den fjerde i våpenhusets siderom. Over sideopningane i korskiljet er det sett inn to korte bjelkestykke som tykkjest gå gjennom korets vestvegg og skipets austvegg, truleg som ein del av samanbindinga mellom kor og skip. Svillen for austveggen i skipet er utskifta i seinare tid, truleg på grunn av roteskade.

Vestre del av kyrkja med våpenhus i tårnfoten og siderom med sakristi på sørsida og lagerrom/trapperom på nordsida er av bindingsverk. I trapperommet står konstruksjonen ukledd innvendes. Dei to øvste tømmerstokkane frå skipet held fram heilt til vestveggen og er understøtta av to bjelkar med kløft for den nedre tømmerstokken i overkant. Bjelkane står på ein svill over steinlag. Svillen er del av ei ramme, og ber spor av tidlegare bruk. På sørsida er konstruksjonen under raftehøgd innkledd og difor ikkje undersøkt.

Veggene i våpenhuset er kledde innvendes med tre ulike panel, veggen mot sakristiet er kledd med eit breitt staffpanel, inne i sakristiet og vest i våpenhuset er det kledd med eit skuggepanel med staff og sprang til begge sider, veggen mot trapperommet i nord er kledd med faspanel. Mot skipet står tømmerveggen udekt.

Veggene i koret vart avstiva med åtte opplengjer i 1693-95. Ein tok av den ytre bordkledinga og monterte ho att etter at opplengjene var festa med boltar gjennom veggen. Korveggene har truleg stått utan opplengjer frå først av.

Koret utgjer ein tømmerkjerne for seg, som er sett inntil skipet ved koropninga. Det er truleg eldre enn skipet, og i alle fall ikkje samtidig. Tømmeret her er meir ujamnt enn i skipet, ikkje så rett, og i vekslande storleik. Også korveggene har 12 synlege omfar. Dei er no avstiva med ei opplengje på kvar langside, nær dei vestre hjørna. Vestveggen i koret er gjennombroten i mest full breidde, på nordsida står det att 20-30 cm innafor lafteknuten. På sørsida er heile veggen borte, med unntak av den øvste stokken som er gjennomgåande. På austsida er det i eit felt mellom anna måla årstalet 1643.

Veggene i kor og skip, særleg på sørsida, har fleire attspunsingar, sjå under vindauge.

Dører

Kyrkja har vestinngang med fløydør mellom kyrkjegard og våpenhus og mellom våpenhus og skip. Dørene er fyllingsdører frå ca 1900 med nærast kvadratiske fyllingar oppe og nede og to smale, ståande fyllingar mellom desse. Geriktene utvendes har fas over ein flat base og døra er overdekt med ein enkel, klassiserande gesims. Mellom våpenhuset og sakristiet står ei labankdør av fem ståande bord med to profilerte labankar på innsida. Mot våpenhuset er dørbladet kledd med staffpanel i fiskebeismønster. Nord i våpenhuset er det ei enkel dør av faspanel med to labankar av oppattbrukt materiale.

Korskiljet

Korskiljet i kyrkja vart mest sannsynleg utvida i 1708-10. Det vert rekna opp ulike nye inventardelar i rekneskapen, og til slutt er det nemnt at dei har ”udwiet cooret med trallelier og paaneling”. Det er ingenting ved bygningen som tydar på at sjølve koret er utvida, derimot er det utfrå veggmålinga rimeleg å tru at koropninga er utvida, og at det er denne utvidinga rekneskapen viser til. Traleverket eller balustrane i korskiljet er av same slag som er brukt i altarringen og prestestolen, med ei markert, stor kule i nedre del. Desse er opprekna i same utgiftspost.

På vestsida over kordøra er det eit måla motiv som er avskore i underkant (sjå nedafor under Interiør, Fargar). Korskiljeopninga er no i mest full korbreidde, men denne opninga omfattar berre området frå underkant av tredje stokk ovafrå i skipets austvegg og ned til brystningsnivå der veggtømmeret går inn til midtopninga og utgjer brystning. Midtopninga, eller sjølve ”kordøra”, er avgrensa av rektangulære stolpar som kviler på svillen og støttar dei øvre tømmerstokkane. I øvre del har midtopninga traleverk. Balustrane kviler på eit tverrgåande bord som ligg over eit ståande tverrbord. Overgangen er formidla ved eggstafflist over tannsnitt. Under, i kvart hjørne, er det sett inn ein enkel sveifa konsoll. Sidefeltet i nord har to høgder med tilsvarande balustrar formidla ved losholt. Søndre sideopning har oppgang til preikestolen.

Vindauge

Det er restar av attspunsa opningar for tidlegare vindauge i veggene. Desse er ikkje dokumenterte i denne undersøkinga.

Vindauge i skipet, sideromma til tårnet og koret har lik utforming, men dei to i koret er noko mindre. Alle er rektangulære eiramsvindauge inndelte med to postar og horisontalt med sprosser. I skipet er det fem ruter i høgda, i koret fire. Postane er profilerte med karnissprofil som flankerer ¾-staff i midten. Innvendes har vindauga i seinare år fått ei ekstra ramme med enkelt glass, dette ligg også i ytre del av karmen. Indre gerikter er profilerte, og i underkant har gerikten fas. Ytre gerikter har klassiserande overliggjar i form av gesims og med stilisert eggstaff i underkant. Sidegeriktene går ned forbi underliggjaren og endar i liljeform. Geriktene under og på sidene har fas på begge sider.

Golv og fundament

Det vart lagt nytt golv i kor og skip, med nye golvåsar under, i 1690-92.

Golvet som ligg i kyrkja no er eit bordgolv av totoms golvbord med not og fjør lagde i lengderetning i heile kyrkja. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet.

Fundamentet for kyrkja er av stein, men har i denne samanhengen ikkje vorte undersøkt innvendes. Utvendes er det støypt sement kring heile kyrkja, utafor dette er det lagt eit lag småfallen elvestein til drenering.

Tak

Over skipet ligg det eit saltak med høge, slanke og spinkle sperreband. Annakvart sperreband har sperrer, saksesperrer og hanebjelke, resten har berre sperrer og hanebjelke. Sperre-endane går ned i raftestokkane, men er også kløfta ned i kraftige, langsgåande bjelkar som er lagde skrått inn mot innsida av desse. Dette arbeidet er truleg utført av kyrkjebyggjaren Magne Essen. På utsida av raftestokkane er det også lagt ein langsgåande, men mindre bjelke som støtte for laskar nedst på sperrene som grunnlag for svai på taket. Nedre del av sperrene har pålagde laskar for svai i takflatene. Over sperrene ligg det sulagde bord, mange av dei med tjøre, som underlag for lappskifer.

Taket over koret har enkle sperreband, eit par av dei er avstiva med hanebjelke.

Nokre av bjelkane i takverket er oppattbrukt material. Korresponderande med opplengjene i langveggene i skipet, ligg det to bindbjelkar på tvers ved raftehøgd. På desse er det så lagt to kraftige, oppattbrukte bjelkar i lengderetning, men desse ikkje i full lengde og stansar før austveggen i skipet. Over dei to langsgåande bjelkane ligg det ein kraftig bjelke på tvers heilt vest, kan henda den tidlegare syllstokken under korskiljet, med not i overkanten. Nota ligg no mot vest.

Himlingar

Skipet har flat himling av brei, pløygd staffpanel lagd i lengderetning over ti takbjelkar. I koret er det tilsvarande himling på fire takbjelkar.

Tårn

I 1693-95 vart det som var rote av tårnstolpane skore av, og det vart lagt fire nye sviller under tårnet. I 1705-07 vart det igjen lagt ein ny sole under dei to inste tårnstavane. Tårnet vart samstundes samanbunde og stavane, som hadde sege ned, vart oppvogne. Omfattande arbeid med tårnet vart også utført i 1711-13.

Tårnet er eit støpultårn med seks tårnstavar, tre på nordsida og tre på sørsida. Tårnstavane bryt takflata og tårnet kan utvendes tolkast som ein takryttar, men tårnstavane går heilt ned til grunnen. Det austre stavparet står inne i skipet, det vestre i kyrkjas vestvegg og det i midten er frittståande. På sørsida er dei to austre tårnstavane fornya i nedre del. Tårnstavane vert avslutta oppe ved ramme som ber åttekanta hjelm.

Tårnet er no inndelt i tre høgder, der våpenhuset ligg i første høgd, over dette ligg det golv i raftehøgd. I tillegg er det lagt eit nytt golv under klokkene, men også kyrkjerekneskapane viser til at det er lagt golv under klokkene.

Mot den øvre ramma er tårnstavane avstiva med sjølvgrodde kne, slike kne er også sette inn i hjørna i ramma. Nokre av desse knea er oppattbrukte kne som har vore synlege i den tidlegare stavkyrkja, dei har karakteristisk rettvinkla, nedsenkt profil og er sverta innvendes i bogen. Dette gjeld mellom anna to kne i søraustre hjørne.

Der konstruksjonen er synleg over raftehøgd er det både på nordsida og på sørsida lagt inn tre losholtar som går gjennom rektangulære hol gjennom alle tre tårnstavane. Tårnstolpane er vidare samanbundne med fleire kryssperrer både ved tårnveggene og mellom dei midtre tårnstolpane. Kryssperrene er usymmetriske. Det går høge kryssperrer frå raftehøgd til oppunder den øvre ramma. Desse er feste til tårnstavane både med kraftige trenaglar og med spikar eller boltar av jarn.

Over øvre ramme ligg det fire bjelkar i lengderetning. Desse utgjer opplegg for dei to klokkene som heng i tårnet. Sjølve ramma er dobbel og ligg som tang om ein kraftigare sentral bjelke i lengderetning, og enden av midtstolpen (kongen)i hjelmen er felt ned i bjelken. I tillegg er han festa av to bjelkar som ligg som tang om stolpen over den sentrale bjelken. Desse kviler på overkant av ramma.

Hjelmen. Fire av hjørna i hjelmen kviler på tårnets hjørne, dei andre fire ligg utafor tårnveggen. Hjelmen har åtte gratsperrer og ei mellomsperre på kvar side. Sperrene er kledde med bord som underlag for koparplater. Frå den øvre ramma i tårnet går det i tillegg skråstivarar opp mot midtstolpen i to høgder med fire stolpar i kvar.

Vindauga i dei to øvre høgdene i tårnet skil seg frå vindauga elles i kyrkja i det dei har gavlforma øvre avslutting, elles er dei like i utforming. Det er tre vindauge i klokkerommet og eit større i vestveggen i raftehøgd over inngangsdøra.

Fundamentet for tårnet er vanskeleg tilgjengeleg. Nordvestre stolpe kviler på ein tverrgåande grunnstokk som går ut til nordvestre hjørne på kyrkja.

Interiør

Altaret med tavle og altarring står sentralt i koret eit stykke frå austveggen. Det er faste, innebygde benker i søraustre og nordvestre hjørne i koret, og merke etter benkebrystning i nordaustre hjørne. Oppgangen til preikestolen er frå sørvestre hjørne av koret. Mellom kor og skip er det eit tredelt korskilje i skipets austvegg, med preikestolen i søndre opning. Orgel i skipets nordaustre hjørne. Benkeparti på begge sider av midtgangen.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Det skjedde store endringar i interiøret i 1708. Alle dei delane som har dreia balustrar kom til då, og korskiljet vart truleg utvida.

Interiørmålinga i kyrkja vart overmåla i lyse fargar og hadde desse fargane då Tomhaw fotograferte interiøret kring 1900. Kyrkja hadde då andre benker, og på nordsida framme i skipet stod ein støypejarnsomn for vedfyring. Denne gamle målinga er teken fram att, omnen er vekke og kyrkja fekk nye benker på 1960-talet.

Fargar

I skipet er det interiørmåling som går attende til 1600-talet. På 1800-talet vart denne overmåla. Bendixen var i kyrkja kring 1900. Han skriv berre følgjande om fargane i interiøret: ”Benkene er lysegule, bjelkene likeså, med røde kanter.”[4]

[...]

Mellomaldermåleri <br\> Einskilde oppattbrukte bygningsdelar har restar av mellomalderfarge. Det gjeld nokre bjelkar i tårnet som har sverta, nedsenkt rettvinkla profil og oppattbrukte kne øvst i tårnkonstruksjonen som er sverta innvendes og har kvitfarga sider.

Måleri i skipet <br\> Veggene i skipet har rankemåling over draperimåling. I rankemålinga er det markerte felt med måla rammer og innskrift under felta. Draperiet heng i brystningshøgd i bogar mellom ringar som ser ut til å vera opphengde på bambusstenger. I sviklane over bogane er det restar av ornament. Rankemålinga over draperiet er etter måten detaljert, men manglar mykje av den fargerikdommen som truleg har vore. Her er ulike blomar og frukter og lange bladslirer. Framstillingane i dei innramma felta er for det meste vekke. Etter innskriftene i underkant av ramma har det vore ulike bibelske framstillingar. Delar av rankemålinga er truleg sterkt retusjert.

Måleri i koret <br\> Også i koret er det rankemåling over draperi, men dette skil seg frå målinga i skipet, og er truleg eldre. Rankene har eit grovare preg med færre detaljar og følgjer i større grad tømmerstokkane i horisontale ranker. Skiljet mellom ranker og draperi er markert med ei bord av liggjande, rektangulære felt i tre høgder, som flettverk eller murstein.

På ein bjelke i korskiljet er det bevart rest av ei måling med sol med ansiktsdrag, måla i eit felt. Til venstre i feltet står initialane SI[?]AD over tre bokstavar, den første A, kanskje AN[no] og 1. Til høgre står PS over 643. Det heile kan truleg lestast som SIAD og PS over Anno 1643.

Innskrifter på takbjelkane <br\> Målinga har vore overmåla og er avdekt, truleg er innskriftene retusjerte i samband med dette arbeidet. Slik dei måla innskriftene på takbjelkane står no, kan dei lesast som følgjer:

På vestsida av bjelkane i koret med latinske versalar: <br\> (4. bjelke) SA ELSTE GVD WERDEN AT HAND GAV SIN EN BORN (3. bjelke) SØN I DØDEN PAA DDET AT ALEDI SOM TRO PA HAN IKE SKVLE FOR[T]ABIS MEN (austsida av 2. bjelke) HAFVE DET EVIG LIF IOH 3 CAP.

I skipet er innskrifta med fraktur. På austsida er det ulike bibelsitat, dei fleste frå Det gamle Testamente. Frå vest og austetter: <br\> PSAL 25.V 4,5. HERRE, lad mig kiende dine veye, vis mig din sti, læd mig i din sanhed, oc lær mig, Thi du set gud som mig hielper * PSAL. 141 v.1.2. HERRE, ieg raaber till dig kom (2. bjelke) snarttill mig, mærk min røst naar ieg kalder paa dig. Lad min bøn actis, for dig lige som itt Røg offer, mine henders opløfftelse som itt afftens Offer. * ESAIÆ 59. Lad din aand som er hoss (3. bjelke) mig oc dine ord som du haffuer lagt i min mund, ey vige fra mig, Ey heller fra min fæd[r]is mund, oc børnebørn, fra nu oc indtill euig tiid. * PSAL. 25. V. 17. O HERre ieg forlengis effter (4. bjelke) dig Thi ieg er enlig oc elendig fra en morgenstund till en anden, mitt hjertis angest er stoer, O Herre før mig aff min nød. * PSAL 92. V. 1.2. Dett er en kostelig ting att tacke herren oc attsiunge dit (5. bjelke) hellige naffn, du allerhøyeste, Att kundgiøre din naade om morgenen, oc din sandhed om natten * PSAL. 4 V. 1. Bønhør mig naar ieg raaber min Retferdigheds gud, du som trøster mig (6. bjelke) udi angest, ver mig naadig oc høre min bøn. * SYRACH. 35. V. 17. Lad hende trenge igiennem Skyerne oc icke lade aff før hun kommer frem oc icke skillis før du allerhøyeste seer der till. * ESAIÆ. 30 (7. bjelke) …f…ffiu…e, at du vill være mig naadig, naar ieg raaber … oc du … suare mig strax du det hører. * ESAIÆ 65.V. 24. Oc dett skall skee, førend de skulle raabe, da vill ieg suare (8. bjelke) naar de endnu tale saa vill ieg høre * ESAIÆ 26. V. 9. HERRE, ieg haffuer foruentet dig til dit naffn, oc till din hukommelse er min sielis begiering, medt min siell foruenter ieg dig om (9. bjelke) natten, met min Aand i mit bryst vill ieg søge dig aarle * COLL. 3. V. 17. Alt det i giør med ord eller gierninger, det giører i vor herris IESV CHRISTI naffn, ANNO 1652.

Vestsida av bjelkane i skipet har meir generelt oppbyggelege sitat. Ein del av teksten er øydelagd og dels retusjert. Lese frå aust: <br\> (1. bjelke) HERRENS fryckt er visdoms begyndelse * Huem døbt bliffuer oc i troen er, huem gud oc sin næste haffuer kier, Huem Taalmodelig lider sorrig oc nød, Hand bliffuer met gud i (2. bjelke) glæden sød. * Fær di attspør din winding oc gaffn, skall du attspørge guds hellige naffn, Hans ord att høre med største fliid, …rlighvad du beder giør altid [?] * S …(3. bjelke) guds Barmhiertighed, din næstis modgang lad være dig leed, betenck denne verdsens slemme elende, Din gode gierning spar icke till sisste ende * Synd … ig sa … oc stoer (4. bjelke) Aff naade vill Gud dig dennem forlade, giør dett betiden [?] vil ieg dig raade * Vill du euindelig bo hoss gud, Saa … (5. bjelke) … offueruinde, saa lad dig icke douenactig finde. * Om du dig lægger eller opstaar, om du æder eller ædet har, Saa tack gud din herre … ar du da giff almisse gi… (6. bjelke)* Sky huad dig Skam oc skadeligt er, met wretferdig godz dig ey besuer, aff ditt handtuerk skall du dig nære, huad … paa … (7. bjelke) enden i huor det vill gaa, wer enlig Søractig [?] holdt dig slet, saa holder sig en … * Dersom mennisken tenckte huad han monne være, oc huor fin hand en kommen here [?] (8. bjelke) eller huad aff hannem skulle være, bleff hand vell from i verden here. IBIDEM. Menneske tenck alltid at god saa mild haffuer dig skapt epter sitt egetbild, tack hannem oc af hiertet alltid, (9. bjelke) allihand … det giffuer dig. Huad du giør da betenck enden, saa giør du aldrig … * Er gud med oss, Huem kand dog were i mod oss. ROM : 8. 31. P * IHS.

Inventar

Inventaret i kyrkja vart fornya i 1708-10. Det vart laga nytt fontehus, ny skriftestol, ny altarring, to nye stolar i koret og prestens stol vart fornya. Korskiljet vart også fornya i denne perioden (sjå ovafor under Korskilje).

Altar

Altaret er dels sett saman av oppattbrukt materiale. Ein syllstokk med not i overkant er skoren til og lagd saman på halv ved i hjørna. Nota ser ved døropninga bak i altaret nokså smal ut. Øvre del er sett saman av plankar festa til hjørnestolpar og bordplata er også av plank. Nyare dør på baksida til skåp i altaret. Altaret har draperimåling på nord-, sør- og vestsida. Nedre del av baksida ser ut til å ha vore sverta. Breidde 113 cm oppe, 123 cm nede, høgde 95 cm i altarringen, 113 cm over korgolvet. Djupn: 78 cm oppe, 81 cm nede.

Altartavle

Altartavla er ei enkel renessansetavle med fotstykke og to høgder.

Fotstykket har glatt midtfelt flankert av konsollar med diamantbossar. Konsollane ber flate, kannelerte pilastrar i hovudhøgda. Pilastrane vert avslutta med kapitelfelt i beslagornamentikk og flankerer eit nærast kvadratisk biletfelt med innskrifter. Hovudfeltet er flankert av vengjer som er kanta med eit utsvinga band med dukatornament kring eit sentralt kransmotiv av svungne band kring jesusmonogram. Oppe er feltet avslutta med gesims med glatt skrift flankert av konsollar som ber gesimslist med tannsnitt. Øvre høgd er smalare og lægre. Her er også eit skriftfelt flankert av flate, kannelerte pilastrar og vengjer med beslagornamentikk. Øvst er det avslutta med gesimslist med tannsnitt. Ein ville ha venta ei øvre avslutting over gesimsen, men denne ligg heilt opp under himlingen, og ei slik avslutting kan ha vorte vekkteken i samband med at himlingen vart lagd. Også altartavla har tidlegare vore overmåla. Bendixen skriv om tavla:

Overdelen av oppsatsen synes å mangle og er visstnok tatt ned, da korloftet blev lagt, Horisontal overdel, båret av riflete piller, vinger på sidene med stor halvrosett, avlangt grønmalt felt, med konsoller hvori kretser og halvkretser, nedenunder piller med en egen utskjæring øverst og rifler på nedre del. Det indre felt er grønmalt, men man skimter ordene ”Fadervor” under overmalingen. Store vinger ikke nettop harpeformete som i Fet, men mer svungne og en krans av snoet bånd med frelsermerket IHS inni. Alt er nu malet lyst gult og brunlig. – Det nederste lange felt er grønmalt som det midtre.[5]

Innskrift på felt på fotsykket er eventuelt ikkje avdekt. Feltet er svartmåla.

Innskrift over to spalter på midtfeltet i første høgd: <br\> Herrens Bøn: Fader vor du som est i Himmelen Hilligt worde dit naffn tilkomme dit Rike, din villie ske paa Jorden som hand er i himmelen giff os i dag vort daglige brød oc forlad os vor skyld som vi forlad vore skyldner, led oss icke udi fristelse, men frels oss fra ont thi Riget er dit macten æren i Euighed amen.

Alterens sacrament Matth … <br\> Vor Herre Jesus Christus i den Nat der hand fleff Forraad, tog hand brødet, tackede ock bød det gaff sine Disciple oc sagde: tager dette hen oc æder det er mit legeme, som giffuis for eder, det giører i min ihukommelse. <br\> Lige saa tog hand oc kalcken effter aftens maaltid tackede gaff dennem oc sagde: dricker alle der aff dette er det ny testamentis kalck i mit blod, som udgydis for eder oc for mange til syndernis forladelse. Dette giører saa offte som i dricke i min Hukommelse.

Innskrift på gesimsen over midtfeltet: <br\> ANNO 1639

Innskrift på øvre del med svart fraktur på grøn botn: <br\> Daabens sacramente <br\> Vor Herre Jesus sagde till sine Disciple: gaar Hen i dend gandske werden, oc predicker EVANGEliVM for alle creatur, og døber Dem i Naffn Faders, oc søns, oc hellig aands. Huo som troer och bliffuer døbt, hand skal bliffue salig, men huo som icke troer, han skal fordømmis.

Fargar: Hovudfargane er svart, grønt, raudt og noko gråkvitt, Jesusmonogramma er måla i gull.

Altarring

Altarringen er av det utstyret som vart laga til kyrkja i rekneskapsperioden 1708-10. Ringen er hesteskoforma, festa til framhjørna på altaret og har port sentralt framme. Ei rekkje av dreia balustrar med ei markert kule i nedre del står på ei list i altarringens golvhøgd og er dekt av flat handlist med runda kantar. Innvendes er det hylle for særkalkar. Utafor balustraden er det knelepute med glatt vegg ned mot golvet i koret. Puta er stoppa og trekt med nytt skinn. Grøne balustrar og gråbrune lister. Innslag av raudt og lys grått.

Døypefont

I den perioden som er dekt av kyrkjerekneskapane hadde kyrkja eit eige dåpshus, truleg nede i skipet. Denne ”fundten” vart vølt i 1673. I 1708-10 vart det laga ny ”fundt”. Kyrkja har ikkje døypefont, dåpsfatet står no i ein jarnring som er hengsla til nordre stolpe i koropninga.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fire fag, kvart fag har ei fylling. Faga er innvendes skilde i sideretning med eit ramtre mellom fyllingane og har øvre og nedre felt og flatt handbord i overkant. Utvendes er det tannsnitt under profilert list under handbordet. Det øvre smalfeltet har liggjande diamantbosse flankert av diamantbossar i hjørna. Storfeltet har rundboga portal, og faga er skilde med trekvartrunde, kannellerte pilastrar med balusterforma basar og kapitel på hjørna. Nedre smalfelt som øvre, avslutta nede med tannsnitt og profilert list. Stolen har flat botn og står på ein enkel, åttekanta stolpe med base av lister. Kvar portal har hatt måla framstillingar av ein av evangelistane. Namna står framleis att, og nokre detaljar i figurmåleria. Hovudfarge grøn. Oppgang frå koret via enkel trapp med to steg.

Lesepult

Standard lesepult av furu. Umåla.

Benker og faste stolar

Kyrkjerekneskapane nemner skriftestol som vart vølt i 1673. I 1708-10 vart det laga ny skriftestol. Det vart samstundes laga to nye, faste stolar i koret, og prestestolen vart vølt.

Kyrkjebenkene <br\> På Thomhaws foto frå kring 1900 er det enkel benker med salmebokhylle og rygg av to bord festa til vangar. Setefjøla kviler på sarg med støtte i vange og frambein som begge er festa til ei fotlist.

Dagens benker er frå 1960- eller -70 talet, med rektangulære vangar og formskorne sete med heil rygg og ei ekstra ryggfjøl i skulderhøgd. Umåla.

Innebygde stol i korets nordvestre hjørne <br\> Brystninga mot aust har to fyllingar i ramme med ei rekke pillarar sette inn mellom over øvre ramtre og ei topplist. Sørsida av stolen har dør festa til to vangar med sveifa øvre avslutting, Døra har same høgde og oppbygging som austsida med ei fylling i ramme, pillarrekke i øvre del og tannsnittbord over og under pillarane. Benk og hylle i stolen. No umåla.

Klokkar- og medhjelparstol <br\> Stolen i korets søraustre hjørne er truleg ein klokkar/medhjelparstol. Han har brystning med to fyllingar mot nord. På hylla øvst på brystninga er det laga ei fast tavle for pengar. I stolen er det ein benk med sveifa vange mot vest ved sørveggen. Stolen er no umåla.

Måleri

Måla kopi av Jesusframstilling, frå populært trykk med første del av Jesu øvsteprestlege bøn i underkant, heng på nordveggen i koret. Usignert.

Tavler

Ei smal og høg tavle av tre med smal ramme heng nord for kordøra. Tavla er umåla, ramma er grønmåla.

Rituelle kar

Ein kalk og ein disk av sølv vart etter rekneskapane stolne frå kyrkja i 1692. Inventarlista frå 1699 viser at kyrkja då igjen har ”1 sølf kalch och disch, samt en messehagell, som er kommen fra Ornes kirche”. Opplysninga kan lesast slik at kalk og disk kom frå Ornes, men det kan også gjelda berre messehakelen.

Kalk

Kalk i sølv, innvendes gylt, forgyllinga er avsleten. 1700-talet, regence. Kupa er runda med høgdeformat og utsvinga munningsrand. Øvre og nedre skaftledd er seksdelt med konvekse sider delte med prega, parallelle, vertikale liner. Skaftledda er avgrensa oppe og nede ved lister. Rund nodus med radiære bladformer over og under, markerte med prega liner. Foten er også inndelt i seks på same måte og er svakt flika. Han skrår svakt ut i øvre del før han svingar ut over ei øvre fotplate som vert broten av knekk mot høg vulst som endar på standplate. Til den eine seksdelen av den øvre delen av foten er det festa ein Jesus-figur i krossfestingsstilling med armane strekte rett ut til sidene. To stempel, sjå foto. Kalken er 19,7 cm høg og har diameter 11,7 cm ved foten.

Sekundært er det sett inn ein innsats med nebb i kupa. Innsatsen har stempel 830 S, KH.

Særkalkar av to slag, begge i sølv.

a) Skrådd, runda kupa og fot med utbøygd nodus. Kupa har vore gylt innvendes. Innskrift på foten Joranger kyrkja 1938. Latinsk kross på kupa. Stempel 830 S, KH. Høgde 7,1 cm.

b) Flat vid kupa og høg fot med nodus under kupa. Innvendes gylt. Innskrift på standkant: JORANGER KYRKJE 1994. Stempel: 830 S, kalk i oval. Høgde 7,2 cm.

Disk

Flat disk av sølv med opphøgd rand. Disken har den vanlege signingskrossen innrissa på randa med årstalet 16-40 fordelt på sidene av krossen. Under randa er det inngravert eit skjold med tre naglar inn mot midten (familien Nagels våpen), og initialane BN MSD kring. Diameter 11,8 cm, rand 1,9 cm.

Oblatøskje

Oblatøskje av plett. Sylinderforma med svakt boga lok med siselert kløverbladskross i latinsk form. Høgde ca. 8 cm, diameter 11 cm.

Dåpsfat

Dåpsfat i massing, truleg 1600-talet el ca 1700. Bekkenet som var i kyrkja frå rekneskapane tok til i 1667, var bytta ut med eit betre i 1699-1701, og det kan vera dette som er i kyrkja. Fatet har brei rand med forsterka kant, skrå og rett side og konkav botn. Dreven og stempla dekor på rand og i botnen. I botnen ber to løver eit skjold med krone. Motivet er omgitt av sirklar med med stempla små ringar som flankerer drevne bandslyngmotiv og drevne og stempla ringar av prikkar og sirklar. På randa er det to sirklar med drevne spissovalar, i ytre ring med romber mellom. Under botnen er det fleire stader vølt og forsterka med pålodda koparstykke. Diameter 40,8 cm, høgde ca 8 cm.

Kanne

Kanne i massing. Kanna har pålodda skrå munningsrand på rett hals over kuleforma korpus på standkant. Flat hank festa i munningsranda og på korpus. Innskrift på standkanten: Joranger kyrkja. Stempel H. LINDEMANN. Høgde 24 cm, breidde oppe ved hanken 18,5 cm.

Parament

I siste halvdel av 1600-talet hadde kyrkja to altardukar, ein messehakel av taft og to messeserkar. Desse var ein del av det utstyret som vart stole i 1692. I 1993 vart det skaffa ein ny messeserk, og ein ny messehakel var kommen frå Ornes i 1699.

Altarduk av tunn lin, kanta med brei holfall. På tre sider er det sydd på ei 20 cm brei hekla bord som syner krossar med palmeblad.

Messehaklar <br\>a) Raud, skjoldforma messehakel, første halvdel av 1900-talet. Hovudstoffet er i raud fløyel, fôret i raud bomullssateng. Festa på venstre skulder med tre hekter. Hakelen er kanta med gullband og har kross av tolagt, breiare gullband på ryggsida. På forsida er det i brysthøgd sydd fast ei trekanta massingplate, den treeinige Gud, med hebraisk innskrift, JHV. Både ut frå krossen og ut frå trekanten er det brodert treflika strålar med leggsaum av tolagt gulltråd. Høgde 90/105, breidde ved skuldrene 57 cm.

b) Raud, rettsida messehakel, ca. 1950. Hovudstoffet er av kypertvoven ull, fôr av gyllent lerretsstoff, truleg viskose. Festa med tre hekter på venstre skulder. Hakelen er kanta med eit smalt gullband. På forsykket er det brodert eit kristogram (chi-rho) i leggsaum med gulltråd. Det går strålar ut til sidene av leggsaum i gull og grønt. Ryggsida har ein applikert kross med strålekrans, begge i leggsaum med gulltråd. På den applikerte krossen er det brodert ein smalare kross i gulltråd og grønt med leggsaum og knutar. Hakelen er merkt Den norske Husflidsforening. Høgde: 100/107 cm, breidde ved skuldrene 66 cm.

Messeskjorte. Ei messeskjorte i bomull er oppbevart i kyrkja.

Lysstell

Dei to massingstakane som kyrkja hadde, vart i 1699-1701 omstøypte og tillagt meir massing. Etter dette reknar inventarlistene med fire massingstakar i kyrkja.

Altarstakar

To massingstakar av barokk form med pigg, lysskål, balusterforma skaft og vid fotplate som endar i vulst. Skjold er festa til skaftet under lysskåla. Innskrift på det eine skjoldet: Mag: Jens Hansen Ørebech Anno 1701, og på det andre: Magrete Peders Datter Haning Anno 1701. Høgde med pigg ca 40 cm.

Lysekroner

Fem oljelampar, ca. 1900, oppbevarte på loftet.

Nyare kopiar av små barokkroner i kyrkja, patinerte.

Lampett

Oljelampett ved preikestolen, ca 1900.

Lyssaks av massing, 15,6 cm lang.

Klokker

I dei gamle inventarlistene har kyrkja gjennomgåande tre klokker og ei mindre handklokke i koret. Dei tre klokkene, som alle går attende til mellomalderen, finst enno i kyrkja, to er i bruk og heng i tårnet, den tredje står på golvet i nordre siderom i tårnfoten.

a) Ikkje i bruk. Smal mellomalderklokke med krone av midtboge og seks runda bøylar. Frå rett kroneplate svingar hua ned og ut via to riller, før ho rundar ned mot halsen som går rett over i rett korpus. Nede svingar korpus svakt ut mot to riller i overgangen til slagringen som er ut- og nedbøygd. Undersida er ikkje undersøkt. Diameter 51 cm, høgde med krone ca. 68 cm, utan krone 49 cm.

b) Form som a, men berre ei rille på hua. Underkanten av slagringen skrår svakt nedetter før han svingar opp innvendes. Diameter 50 cm, høgde 63 cm med krone, 48 cm utan.

c) Mellomalderklokke. Klokka har flat kroneplate som knekker ned og svingar ut via to riller. På halsen er det eit skriftband mellom to riller med innskrift: + IN HONORES SANCTI OLAVI REGIS (til ære for den heilage kong Olav). Utskrådd korpus, overgang til ut- og nedbøygd slagring via to riller. Slagringen skrår opp innvendes. Diameter 74 cm, høgde 95 cm med krone 71 cm utan.

Orgel

Orgelet i kyrkja er frå 1985 og er produsert av J.H. Jørgensen, Oslo. Det har glatte sider som er måla i fargar tilpassa interiøret i kyrkja. Følgjande disposisjon er fordelt på eit maual og pedal:

Gedackt 8’

Rörflöyte 4’

Principal 2’

Kvint 1 1/3’

Det vert arbeidd med å få eit nytt orgel som høver betre inn i det gamle interiøret. Planane er godkjende, og omfattar eit lægre orgel som ikkje vil vera så dominerande.

Bøker

Altarbok Kra 1893 <br\> Alterbok Kra 1920 <br\> Altarbok Oslo 1926 <br\> Altarbok Oslo 1949 <br\> Bibel, Billedbibel, Chra 1840 <br\> Kollekter, Epistler og Evangelier Kra 1887 <br\> Tekstbok Kra 1920 <br\> Tekstbok Oslo 1929 <br\> Graduale, Sandvik, nynorsk, Oslo 1925 <br\> Graduale, Sandvik, bokmål, Oslo 1925 <br\> Salmebok, Landstad, Stereotyputagave med Tillæg, Kra og Bergen, godkjent 1890.

Møblar

Kiste, truleg ”til oppbevaring av kirkens ornamenter”. Kista har hengsla lok over midtre tredjedel av oversida. Delar av materialen er profilert med holkil med v-forma snitt på sidene. Sidene er feste til einannan med trenaglar. Loket er hengsla til ryggsida med smidde hengsler av jarn. Tidlegare jarnlås manglar. Dekkplata til venstre for loket er fornya. Sekundært gråmåla. Kista er 128 cm brei, 38 cm høg og 36 cm djup.

Offerutstyr

Tavle ved klokkarstolen har tidlegare vore i bruk. Ein har no ei dreia treskål til bruk ved offer på altaret, to kollekthovar med stoffpose festa til metallring med motstilte handtak av tre til kollekt i benkene og ved utgangsdøra heng ei bøsse av tre.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

I 1711-13 vart det laga ny port i kyrkjardsgjerdet av treverk med overbygg.

Kyrkjegarden er omgitt av steingard som i den eldre delen av kyrkjegarden kring kyrkja følgjer terrenget. Portalen inn på nordvestsida er laga av to store skiferheller, ei på kvar side, som er samanbundne med ein støypt, svakt runda boge i overkant. I portalen står ein smijarnsport. Kyrkjegarden er utvida mot sørvest etter at Thomhaw fotograferte kring 1900.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Det er i seinare tid oppført eit reiskapshus utafor portalen til kyrkjegarden på vestsida. Reiskapshuset inneheld også to toalett, det eine tilpassa funksjonshemma. Huset har rektangulær plan dekt av saltak og er kledd utvendes med liggjande bord. Det står med gavlane mot nord og sør. Alle dører vender mot aust.

Området nordafor kyrkjegarden, mellom denne og vegen, er også tilpassa kyrkja sin bruk med parkeringsplass og sitjegruppe i terrenget.

Kjelder

Utrykte kjelder

Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, manus, avskrift. <br\> Statsarkivet i Bergen. Kyrkjerekneskapar og synfaringsnotatar

Trykte kjelder

Laberg, Jon, Hafslo : bygd og ætter, Bergen 1926

Oppmålingsteikningar og fotografi

Tomhaw, Foto av kyrkja kring 1900.

Bilete


  1. DN 3 nr 208
  2. Kyrkjeverja i Luster, perm for Joranger kyrkje
  3. Laberg 1926, s 69
  4. Bendixen ms, s 135
  5. Bendixen, ms