Forskjell mellom versjoner av «Kaupanger kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Linje 236: Linje 236:
 
I tårnet heng to mellomalderklokker, b er noko smalare enn a. I tillegg har kyrkja ei lita vegghengd massingklokke som ikkje er i bruk.
 
I tårnet heng to mellomalderklokker, b er noko smalare enn a. I tillegg har kyrkja ei lita vegghengd massingklokke som ikkje er i bruk.
  
 +
a) Klokke med oppheng av seks runda bøylar og midtboge, nedskrådd under kronplata med eit grunt sprang mot runda hue, rett korpus, to riller og ut- og nedsvinga slagring som skrår ned ligg innvendes i underkant av salgringen. Eit stykke er avslått på eine sida av slagringen, dette skjedde ved ringing for få år sida. Diameter 54 cm, høgde 70 cm med oppeng og 50 cm utan.
  
# A Klokke med oppheng av seks runda bøylar og midtboge, nedskrådd under kronplata med eit grunt sprang mot runda hue, rett korpus, to riller og ut- og nedsvinga slagring som skrår ned ligg innvendes i underkant av salgringen. Eit stykke er avslått på eine sida av slagringen, dette skjedde ved ringing for få år sida. Diameter 54 cm, høgde 70 cm med oppeng og 50 cm utan.
+
b) Klokke av liknande fasong, men noko mindre. Diameter 49 cm, høgde 67 cm med oppheng og 49 cm utan.  
  
# B Klokke av liknande fasong, men noko mindre. Diameter 49 cm, høgde 67 cm med oppheng og 49 cm utan.
+
c) Lita klokke i massing. Diameter 19,1 cm Høgde 18,5 cm,
 
 
# C Lita klokke i massing. Diameter 19,1 cm Høgde 18,5 cm,
 
  
 
=== Orgel ===
 
=== Orgel ===

Revisjonen fra 26. sep. 2012 kl. 11:48


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Kaupanger kyrkje

Anne Marta Hoff


[...]

Bygningen

Vegger

Både skip og kor har opphøga midtrom og omgang. Veggene i omgangane er oppbygde som karakteristiske stavvegger der syllstokkar kviler på grunnstokkar (sjå nedafor under golv og fundament) og truleg også på bakkenivå. I hjørna er syllstokkane tappa inn i hjørnestolpar. I overkant er hjørnestolpane låste inn i ei ramme med doble stavlegjer. Veggflatene er samansette av ståande veggplankar som er festa ned i not i syllstokken og opp i not i nedre stavlegje. Utvendes er veggene kledde med liggjande bord.


Skipets omgang mot aust har også dobbel stavlegje med not i underkant, og det har tidlegare vore ein meir eller mindre tett vegg her, men denne er no heilt open mot koret (sjå nedafor under Korskilje).


Midtromma i skip og kor har hjørnestolpar og i skipet mellomstolpar som alle går opp i full høgd. Omgangane er dekte med pulttak. Der desse møter midtromsveggen er det lagt ein (dobbel) syllstokk festa til midtromsstolpane, og frå syllstokken og opp er det sett inn veggplankar som dannar midtromsveggene. Veggplankane kviler på not i syllstokken og går opp i not i ein øvre stavlegje. I samband med utskifting av taket over skipet har det skjedd endringar med stavlegjene, men det kan sjå ut som nedre stavlegje framleis er på tilnærma opphavleg plass.


Midtrommet i skipet var opphavleg inndelt i fem fag ved hjelp av fire par mellomstolpar i lengderetning. Uvisst kva tid, men truleg før pesten midt på 1300-talet, vart skipet gjort lengre ved at det vart delt på tvers aust for den vestre midtromsveggen og to nye stolpepar vart sette inn slik at det no er seks mellomstolpar på kvar side.[1] Den vestre mellomstolpen på nordsida er utveksla mot ein losholt festa i hjørnestolpen og i den andre mellomstolpen frå vest. Kortveggene i aust og vest har tre mellomstolpar, men berre to av dei går frå golvet og opp, i det dei i midten er utveksla mot ein losholt slik at det vert fri sentral midtgang i kyrkjas lengdeakse. Hjørnestolpane har rundt tverrsnitt medan dei fleste mellomstolpane har eit ovalt snitt med kutta kortendar. Stolpane står utan [...] og kapitel, med unntak av stolpane som flankerer inngangen til koret der det er klokkeforma basar med vulst mot søyleskaftet. Stolpane går ubrotne frå grunnstokken.


Midtrommet i koret er bore oppe av fire hjørnestolpar. Dei to vestre er identiske med dei to mellomstolpane i skipets austre midtromsvegg. Dei to austre kviler på tverrgåande grunnstokk. Alle fire går opp til full høgde under saltaket over korets midtrom. På kvar av langsidene har midtrommet eit triforium som startar i høgde med omgangens stavlegje. Her er det lagt inn losholtar mellom hjørnestolpane, understøtta av kraftige kne mot stolpane. Lengst vest, i skipets austre omgang, er losholtane erstatta av strebebjelkar. Over losholtar/strebebjelkar og under midtromsveggen står det tre bogar på kvar side, laga av kne som er festa til hjørnestolpane og til to mellomstolpar i triforieveggene. To av bogane dekkar losholten, den tredje dekkar omgangen aust i skipet. Den austre bogen er breiare enn dei to vestre. Opninga mellom hjørnestolpane aust i korets midtrom har ikkje triforievegg, men ein stor, enkel andreaskross som avstiving under ein boge av to kne som ber syllstokken for austre midtromsvegg.


Syllstokkane for det opphøgde midtrommet i koret er avstiva med horisontale bogekne i hjørna, lengst på kortsidene der dei går saman på midten. Stavlegjene har to sett med horisontale kne.


Austre omgangsvegg i koret har spor etter endringar i øvre del. I nedre del av stavlegjen er det skore ein boge. Det ser ut som bogen har halde fram nedetter. [...]

Dei to nordlegaste stolpane i austveggen i skipets midtrom er skøytte, i det nedre del er skifta ut. Skøyten er rett inn frå sidene og skrår så opp mot sentrum. [...] Fleire stader i veggene er det utbetring etter dei vindauga som vart sette inn i 1860-åra.

Portalar og dører

Mellomalderportalane er i stor grad øydelagde, men er kjende frå teikningar [...]. Det har vore tre portalar, vest og sør i skipet og sør i koret. Vestportalen er rekonstruert slik han stod i 1854. Portalane har vore enkle med terningkapitel som har bore ein arkivolt med snodd stav. Nye søyler og arkivolt. Spor på innsida viser at originaldøra var større enn døropninga. [Erla Cat. No. 119]


Portalen sør i skipet, berre spor att. Delar av portalen var skissa opp av G. Bull i 1854. Ved restaureringa vart sørportalen flytta lengre mot vest. Truleg form som vestportalen med udekorerte skaft, terningkapitel og profilert arkivolt. [Erla Cat. No. 120]

Korportalen er uviss, berre ein runda profil i dei to jamb-plankane. [Erla Cat. No. 121]

Korskiljet

Skilje mellom kor og skip er noko uklårt i stavkyrkjer med opphøgd midtrom i kor og skip. På den eine sida er det eit naturleg skilje mellom kor og skip der austre omgangsvegg i skipet skulle ha stått og der korets omgangsvegger sluttar seg til skipets austre omgang. På den andre sida kan opninga sentralt i skipets austre midtromsvegg, altså eit nivå lengre vest, også fungera som korskilje. I Kaupanger kyrkje er skipets austre omgang, tilliks med omgangen elles, dekt med dobbel stavlegje, og på undersida av nedre stavlegje er det not for veggplankar. Notveggen er djupare på austsida enn på vestsida av nota. Det er teke ut rektangulære hol på begge sider av ei kordør som må ha stått der. Trenaglane som har festa beitskiene i denne døra/opninga står enno att. Nota held fram også i den sentrale delen mellom beitskiene, noko som kan tyda på at veggen har vore tett mellom stavlegjen og døra/opninga. Det er dekorativ måling på stavlegjen, denne er truleg frå 1600-talet og er påført etter at veggen er teken vekk. Korskiljeveggen i dette nivået har såleis truleg berre fungert i (delar av) mellomalderen. Golvet i koret er nytt og det er ikkje råd å sjå spor etter dette korskiljet andre stader enn i stavlegjen.


Korgolvet går no fram til dei austre midtromsstavane i skipet og dette fungerer i dag som eit skilje mellom kor og skip. Midtopninga er brei, i det den midtre av tre mellomstavar er veksla ut med ein losholt mellom dei to andre. Under losholten er det set inn ein brei boge og i underkant av bogen er det ulike typar spor etter og restar av tidlegare sprosser, pillarar etc. I følgje rekneskapane vart det i 1667-1669 betalt for sju dreia pilarar som vart innsette i skiljet mellom kor og skip. Det kan då ha dreia seg om korskiljet i dette nivået.


Ein planketjukk boge med gjennombroten rankeskurd frå mellomalderen er festa til vestsida av bogen (sjå nedafor under Treskurd). I sidefelta mellom sentralopninga og hjørnestolpane står døypefonten på austsida i nord og preikestolen, som har oppgang frå korgolvet, på vestsida i sør.

[...]

Vindauge

I det eldste kyrkjerommet var det truleg ikkje meir lys enn det som slapp inn gjennom døropningar og dei sirkelrunde gluggane høgt oppe i midtromsveggene.


Frå rekneskapane kjenner vi til at det her som i andre kyrkjer vart sett inn vindauge med arkar over, i 1667-69 vart det sett inn eit ”Stort nyt winduffue” i koret, med karm. I 1687-89 er det betalt for ”2 winduer i kirchen”, altså i skipet, i 1699-1701 er det laga eit ”nyt stort windue wed prædikkestolen” og eit anna i koret. I 1705-07 er det ”ladet giøre 1 stort nyt windue paa lemmen”.


Under Stockfleths restaurering i 1862 fekk kyrkja tokopla rundboga vindauge i rekkjer kring midtromsveggene og enkle rundboga vindauge i rekkjer kring omgangsveggene. Vindauga var sentrale i forsøket på å gje kyrkja eit nyromansk utrykk.


Ved restaureringa i 1960-åra var målet å nå attende til kyrkja slik ho kan ha stått på 1600-talet Vindauge no: Nord og sør i koret: Tokopla vindauge i ein karm skild med post.


Nordaust i skipet: to karmar med eitt vindauge i kvar med vegg mellom. Nordvest i skipet: eitt vindauge av same slag.


Sør i skipet: Eitt ved preikestolen, to til, det eine vest for sørportalen. Alle desse vindauga står heilt oppe i omgangsveggen. I tillegg er det to vindauge i vestre midtromsvegg. Alle vindauga er delte i småruter festa med blyband. I omgangsveggene er rutene rett og oppe er dei … I vest er dei inndelte i diagonalruter med blyband.

Golv og fundament

[...]

Stolpane i skipet kviler på ei ramme av grunnstokkar som kryssar einannan under hjørnestolpane og der endane går ut under omgangens sviller. I koret er det berre ein grunnstokk som går under dei austre hjørnestolpane i korets midtrom.

Tak

Nytt tak over skipet. Gammalt tak med nye takbord over koret.

Saltaket over koret har to sperreband mellom gavlane. Banda har hanebjelke og er samanbundne med knebogar i nedkant. Sperrene og gavlane ber to åsar på kvar side og mønsås som underlag for ståande bord. Utvendes er taket tekt med spøner.


Omgangstaka over koret har strebebjelkar inn til losholtane i triforiegalleriet og til dei austre hjørnestolpane i korets midtrom. Knebogar mellom strebebjelkane dannar ein krans om midtrommet på sidene og i aust, i vest går knebogane over i ein kraftig horisontal kneboge festa til den doble stavlegjen i skipets austre omgang.

Himlingar

Det er flat himling over skipet- Himlinga har seks bindbjelkar som korresponderer med midtromsstolpane Over dei vestre bindbjelkane ligg ekstra fire bjelkar i kyrkjas lengderetning som støtte for takryttaren. Takhimlingsborda ligg også i kyrkjas lengderetning over bindbjelkane.

Tårn

[...]

Tilbygg

Våpenhus i vest og sør tidlegare gravkjellar for Heibergslekta i nordvest.

Treskurd

Mykje av materialane i kyrkja har eit høvelprofil som er grunt, nedsenkt rettvinkla og etter måten breidt.


I det som no er skiljet mellom kor og skip, står det ein boge med mellomaldersk rankeskurd (sjå ovafor under Korskilje). Denne bogen kan opphavleg ha vore del av eit altarciborium [HC i arkivnotat]. Fleire deler med treskurd som kan ha høyrt til den same konteksten er oppbevarte på Bergen Museum [Erla, cat. No 122 1-6] Det gjeld to slanke stolpar med sylinderforma kapitel med rankeskurd, ei maske med menneskeliknande trekk og to spegelvende drakar med lett boga form.

Interiør

Kyrkja har ei tradisjonell innreiing med altar med altartavle sentralt aust i koret og med altarring framfor altaret. På nordsida ved korskiljet står døypefonten, på sørsida preikestolen, begge deler plasserte mellom dei austlege midtromsstolpane i koret. Kyrkja har avgrensa elektrisk lys (i koret), og to lysekroner med levande lys over midtgangen. Vest i skipet, på nordsida, er det stige i to løp opp til den flate himlinga over skipets midtrom og klokketårnet.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

I tillegg til dei vanlege endringane som ein kjenner frå rekneskapar på 16- og 1700-talet og dei ein ikkje kjenner, er det to hovudendringar som har skjedd med kyrkja og som gav seg utslag også i interiøret, den eine var arkitek F.H. Stockfleth si modernisering i 1860-åra, den andre forsøket på å føra bygning og interiør attende til 1600-talet i 1960-åra, leia av arkitekt Kristian Bjerknes. I 1860-åra vart kyrkja gjort så lik dei lange, nyromanske kyrkjene som råd, også innvendes, på 1960-talet vart det sett inn innebygde benker og det etterreformatoriske måleriet på veggene vart framkalla.

Fargar

Kyrkjerommet er i hovudsak prega av trefargen, både i golv, tak og vegger, men ser ein nærare etter, er det restar av måleri både på veggene og bjelkeverket.

[...]

Glasmåleri

Restar på museum? Det vart funne restar av farga glas ved austveggen i koret. Skjekk Bjerknes.


Inventar

Altar

Altaret som står i kyrkja i dag er ikkje det opphavlege altaret. Det kan sjå ut som hovudaltaret i mellomalderen har stått heilt inntil austveggen i koret. [...]

Det har mest sannsynleg vore eit sidealtar på nordsida i skipet. I samband med avskjeringane av midtromsstolpane nord i skipets austre midtromsvegg (sjå ovafor under Vegger) har det truleg i mellomalderen vorte sett inn eit altar, også dette dekt av ciborium. Det er ikkje synlege spor etter sidealtar i sør.


Altaret som står i kyrkja i dag er eit etter måten nytt kassealtar av bord på ramme. Altaret er 196 cm breit, 71 cm djupt og 98/107 cm høgt.

Altartavle

Altartavla er ei renessansetavle i ei høgd med fotstykke og toppfelt.


Fotstykket har framskotne basar og mindre hjørneklossar, begge med beslagornament, alt under smal, broten gesims.


Hovudhøgda har rektangulært biletfelt innramma av eggstaff, tannsnittlist og profilert list og er flankert av rundskorne søyler mot botn med dukatorament på begge sider av søyla. Søylebasane har fem rekkjer med naglehovud eller diamantbossar og stilisert, langtrekt jonisk kapitel. Feltet er flankert av vengjer med beslagornament. Framfor vengjene er den framskotne hjørneklossen i fotfeltet toppa av høg pyramide krona med hjul. Gesimsen over hovudhøgda har brote listverk, øvre del er understøtta av eggstaff og tannsnittlist. Over søylene står konsollar med beslagornament, medan hjørneklossane har diamantbossar og i uderkant av lista ein hengande drueklase framfor sidevengja.


Toppfeltet er gavlforma med eggstaff og tannsnitt. På kvar side av gavlen ber toppfeltet broten s-forma ranke.


Tavla har hatt skriftfelt på feltet under måleriet, og kanskje over. Denne målinga er vekke. Vengjene og andre delar har ein blågrå botn, søylene er dempa kvite, medan listverk og ornament har fleire fargar, kvitt, raudt, gult, svart og grønt.


Måleria i hovudfeltet og gavlfeltet er måla med oljemåling på trebord, i hovudfeltet på to ståande bord, i gavlfeltet på liggjande bord.


Hovudmotivet er krossfestinga med Jesus på krossen sentralt og Maria under krossen til venstre og Johannes (eller Maria Magdalena) under krossen til høgre i biletet. Jesus er framstilt med svakt hengjande, rette armar og bein og med venstre fot festa over høgre. Han lener hovudet ned mot si venstre side, augo attlatne. På hovudet ber han tornekrone, og opp frå hovudet strålar lyset i krossform. Frå såra i hendene, i hans venstre (!) side og gjennom fotsålane, renn/sprutar blodet. Kort lendeklede som er falda saman framme. Maria legg hovudet til si høgre side og ser skrått ned mot sonens føter i det ho held over venstre handledd med høgre hand. Ho ber kvitt hovudlin, blågrøn kappe og naturkvit kjortel. Johannes har raud kjortel og ei svart kappe over venstre arm. Han held armane kryssa framfor bringa og med halvopen munn og ansiktet vridd i smerte let han dei nedslådde auga kvila i nedre biletkant til høgre.


Øvre del av krossen er markert med ein mørk skykrans i overkant og ein boge av blågrå skyer i underkant. Krossen er kilt fast i eit hol i ørkenliknande bakke og på avstand i bakgrunnen er Jerusalem måla framfor eit grønt vegetasjonsbelte.


Toppfeltet har gavlforma biletfelt som viser Oppstoda. Kristus står i lysande mandorla innafor mørke skyer med sigersfana i venstre hand og med beina på sarkofagen. Høgre handa er open og framstrekt. Han har framleis lendekledet og ei raud kappe over skuldrene.

Altarring

Altarringen er hesteskoforma med ståande vegg av runda bord, stoppa og skinntrekt knefall festa med saum, rekkverk av dreia pillarar som ber profilert handlist flat overside og med indre hylle for særkalkar. Golvet inne i altarringen er eit lite steg høgre enn golvet i koret.


Kneleskammel

Knesleskammelen har skråstilte, sveifa sider med tverrtre ved golvet og topplate stoppa og trekt me d skinn. Treverket har lys grå botn med blå marmorering.

Døypefont

Døypefont av tre med lok, truleg samtidig med altartavla og preikestolen frå tidleg 1600-tal. Kummen er sekssida med skorne hjørnebogar som endar med knopp nede mot sekskanta midtstang. Stanga går opp sentralt i kummen og er avstiva mot kummens innsider. Denne avstivinga er sekundært forsterka. Under den profilerte lista i overkant er det festa eggstaff og tannsnitt. Midtstanga er omgitt av sekskanta nodus under knoppane, og midt på kvar side er festa ein sveifa bøyle som kviler nede på ei sekskanta fotplate kanta med profilert listverk.

Loket kviler på ramme innafor det profilerte listverket og tilsvarar kummen i form og oppbygging, men opp ned. Det har profilert listverk nedst, boga sider med hjørnebogar og sekskanta knopp øvst. I toppen er det festa ein jarntapp med hol, truleg for oppheng av loket. Dåpsfatet kviler også på ramma innafor listverket.

Preikestol med oppgang

Preikestolen må vera samtidig med altartavle og døypefont og er eit snekkararbeid frå tidleg 1600-tal. Han har fem fag og kvart av dei har ramme med ei fylling. Utvendes har kvart felt storfelt og øvre og nedre smalfelt. Ei brei eggstafflist og tannsnitt ber den profilerte, flate handlista som tidlegare har vore stoppa og trekt. Lesebrettet er festa ei nordvestre hjørne. Øvre smalfelt er fylt med beslagornament. Storfelta har boge med beslagornament boren av kannelerte pilastrar. Nedre smalfelt er innramma med lister. Hjørna mellom faga er markert med konsollar med beslagornament, korte konsollar mellom smalfelta og høgre konsoll mellom storfelta. Under kvart hjørne er det festa ei kule.


Botnen har løkform med glatte, innsvinga sider av liggjande bord. Hjørna er markerte med skorne hjørnelister som endar nede i knopp mot ei midtstong (tilsvarande lok og kum på døypefonten). Nedst er midtstong avslutta med ei åttesida kule med knopp.


Grunnfargane på stolen er engelsk raudt og grønt. Portalfeltet og nedre smalfelt har no grønmåling. Beslagornamentikken har fargerik måling med kvitt og gull, grønt, blått og raudt.

Preikestolen er festa inn mellom stolpane sør i austre midtromsvegg. Oppgangen er sekundær og går via trapp i seks steg frå koret. Rekkverket mot nord er lukka. Handlista har tidlegare vore trekt.

Preikestolshimling

Himlingen er sekskanta med den breiaste kanten mot aust. Dei fem andre sidene har hengebord og over desse er himlingen dekt med bord. Hengeborda og dei øvre kantborda er forma som øvre smalfelt på preikestolen og himlingen er samtidig med denne. Innvendes har hjørna diamantbosse og under himlinga er det sett inn tannsnittlist. I underkant er det profilert list.


Preikestolhimlingen er måla som preikestolen. Innvendes i himlinga er det måla ei sol lengst sør, elles er ev tidlegare måling teken vekk.

Benker og faste stolar

Benker

Kyrkjebenkene er innbygde benker som vart laga ved sist restaurering. Dei har glatte vangar og frontpanel av ståande bord og dører med glatt ramme med ei fylling og profilert handlist. Benkene er lagde inn i omgangens langvegger. Ryggane er heile med fyllingar i ramverk og med dobbel salmebokhylle i bakkant. Utafor benkene går det låge benker etter midtgangen.

Klokkarbenk

Det er ein fast innbygd (klokkar)stol i nordaustre omganghjørne i skipet. Stolen har dør med skoren renessanseskurd på sørsida. Døra har øvre og nedre smalfelt og eit portalfelt mellom og skurden har mange fellestrekk med preikestolen. Stolen står no umåla.

Galleri

Det er ikkje galleri i kyrkja i dag. Eit nytt pulpitur med ”suarffuide pillere” er nemnt i kyrkjerekneskapane i 1667-1668.

Skulptur

a) Epitafium, snikkararbeid frå renessansen. Tavla har ei høgd og toppfelt. Hovudfeltet har brote fotstykke og broten gesims med basar / konsollar og hjørneklossar. Mellom fotstykke og gesims er det sett inn runde pillarar med utdregne kapitel med voluttar og med fem rekkjer med diamantformer nedst på søyleskafta. Pillarane, som står mot ein bakgrunn med dukatornament, flankerer hovudmåleriet. Under fotstykket og på kvar side utafor dukatornamenta er det sett til vengjer. Felta mellom basar og hjørneklossar på fotstykket og mellom konsollar og hjørneklossar på gesimsen er glatte.

Toppfeltet er gavlforma med eggstaff og tannsnittlist under kantlista. Snikkararbeidet har mykje felles med altartavla og må ha vorte utført av same verkstad. Det skil seg frå altartavla ved at det er sett til ei vengje i underkant, mykje lik sidevengjene, og at de ikkje er skorne ornament på vengjene, elles skil det seg i mindre deltaljar som ornament på og over hjørneklossar og gesimsar, dette kan også spela sekundære endreingar. Konturen på vengjene er også noko anleis, men med det same stilpreget. Sjølve ramma på biletfeltet er glatt på epitafiet.


Måleriet i hovudhøgda viser presten Giøde Pedersen til venstre for sentrum i bildet. Kona er plassert til høgre i biletet, medan ein son er framstilt til venstre bak farens rygg. Alle tre knelar på raude puter og er vende ¾ inn mot midten av biletet. Dei ber svarte klede og kvite kragar. Kona har også kvitt forkle og svart hue med kvitt pannelin. Dei er framstilte på ein mørk, steinete grunn med ein grøn, skogkledd ås til høgre, og ein lysare skogkledd ås i det fjerne på venstre side. I øvre biletkant er det måla ein boge av skyer ned frå ytterhjørna, lys til venstre og mørk til høgre. Sentralt i bogen er ei framstilling av Gud Fader mot lysande bakgrunn.


I toppfeltet er det også her ei framstilling av eit himmelsk vesen, ein engel, i skykrans. Over englehovudet ein blomekrans.

[...]

b)Epitafium, snekkararbeid frå bruskbarokken. Målinga utført 1659. Innskrift på underfeltet: Gud thill Ere Kierken thill Zirat Dette Epitaphium Saal Thaames Villemsen hans Hustru oc Børn forærit haffuer 1659.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

14 cm brei bord av rankeornament i blått og raudt med perlegarn og mollinergarn sydd på kvit lakenvev (halvlin?). Merkt EuK 1975.

Altarklede

Altarklede av lindamask med stjernemønster og små firkantar. Renning i ubleika lin, innslag i raud lin.


Tidlegare altarklede (?) opphengt på sørsida av preikestolen. Gåsaugevev i ull. Kledet er raudt med broderi, sjå foto.

Messehaklar

I 1690 hadde kyrkja ein raud, blomstra fløyels messehakel med brodert krusifiks (Inventarliste, Rekneskapar).


a) Messehakel kvit (lyst lakseraud) i vid form med rette sider og svinga hjørne. Truleg 1980-åra. Enkelt syntetisk lerretsstoff. Ufôra. På forsida applikasjon med likearma kross med strålar i sviklane, på ryggsida den same kross-applikasjonen og i tillegg ei nedovervend due under krossen. 113/121 høg, 144 vid.

b) Messehakel raud, smal med rette sider og boga nede. Truleg 1960-åra. Kypervove stoff i raud ull, fôr av lyst, ubleika lerret. Den norske Husflidforening. Hakelen er kanta med ein saum av svart stiilkesting. På forsida brodert kristogram (chi-rho) i ubleika kvitt med svart kontur. Ryggsida har stor latinsk kross med band med maskinvove band i skillbragd med rutemønster som er kanta med eit smalare band i same teknikk. Tre hekter på venstre skulder. Hakelen er 88cm høg framme og 93 cm bak, breidda ved skuldrene er 70 cm.

c) Messehakel grøn, ca 2000, Kirkelig kulturverksted, Rigmor Bové. Halvvid form med rette sider og halvsirkelforma nedre del. Hakelen er voven i grønt ullstoff i ulike sjateringar og med stolpe i ikatfarga striper. Ryggsida har ein innlagd gresk kross oppe på stolpen, på forsida er det tre blå fleirdelte blad oppe på stolpen. I botnen på hakelen er det vove inn spreidde, små grøne blad. Olivengrønt slikefôr. Produsentmerke på halslinningen. På fôret er sydd inn: MINNEGÅVE ETTER IVAR FALCK HUSUM. Høgde 125 cm, vidde ved skuldrene 109 cm.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

I tårnet heng to mellomalderklokker, b er noko smalare enn a. I tillegg har kyrkja ei lita vegghengd massingklokke som ikkje er i bruk.

a) Klokke med oppheng av seks runda bøylar og midtboge, nedskrådd under kronplata med eit grunt sprang mot runda hue, rett korpus, to riller og ut- og nedsvinga slagring som skrår ned ligg innvendes i underkant av salgringen. Eit stykke er avslått på eine sida av slagringen, dette skjedde ved ringing for få år sida. Diameter 54 cm, høgde 70 cm med oppeng og 50 cm utan.

b) Klokke av liknande fasong, men noko mindre. Diameter 49 cm, høgde 67 cm med oppheng og 49 cm utan.

c) Lita klokke i massing. Diameter 19,1 cm Høgde 18,5 cm,

Orgel

Orgelet er levert a I. Starup & Søn, København og har eitt manual og pedal.

Disposisjon: Spidsoktav1’

Principal 2’

Rørfløjte 4’

Gedakt 8’


Desse fire finst på begge sider av manualet.

Bøker

Altarbok, bibel, postille, salmebok

Nummertavler

Møblar

Kiste, skåp, stol, bord

Offerkar

Tavle, klingpung, blokk

Blomstervasar

Diverse

Timeglas


Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

[...]

Gravminne

[...]

Bygningar knytte til kyrkjegarden

[...]

KJELDER

Utrykte kjelder

[...]

Trykte kjelder

[...]

Oppmålingsteikningar og fotografi

[...]

Bilete



  1. For ein meir detaljert gjennomgang: Bjerknes …