Forskjell mellom versjoner av «Kvamsøy kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Linje 188: Linje 188:
 
== Altar ==
 
== Altar ==
 
Enkelt kassealtar av tre. Fylling av liggjande, pløygde bord i hjørneramme og med profilerte bord inn mot fyllinga. Dei tre synlege sidene er truleg samtidige med altarringen. Ryggsida er eldre, truleg samtidig med altartavla. Breidda kan ha vore redusert ved montering av «nytt» altar. Høgde 100 og 129 cm, djupn 88 cm, breidde 154 cm.
 
Skoren grafitti på ryggsida med ulike initialar og 1705. Bak på altartavla er skrive: Peder Pedersen (Sween?) OAS 1737 og til venstre: Mons Matsen Løekeland 1737. Desse er skrivne på fyllinga. Altaret har to opplengjer ytst på kvar side av baksida, festa med trenaglar og spikar. Mellom desse er det to halvrunde opplengjer, ei på kvar side, som er festa til ramma i altartavla i full høgde og går meir enn halvveges ned på altaret. Sentralt er det ei firkanta opplengje som er festa til biletfeltet, fotstykket og altaret.
 
Linje 194: Linje 193:
 
== Altartavle ==
 
== Altartavle ==
 
Altartavla er skoren av Schauer og vart gjeven til Kvamsøy kyrkje i 1716. Innskrifta på måleriet, Magr Ivarüs Eirici Leganger, Anna Petri Filia Finde 1716, fortel kven som gav tavla. Ho er skoren i regense-stil, ein litt forfina og stilisert barokk. Hovuddelen er samansett av eit høgt fotstykke og ei hovudhøgd med avsluttande gesims oppe, begge med framskote midtparti. Hovudhøgda er flankert av vengjer og gesimsen ber låg boge under høgt kronfelt. Tematikken i tavla er Nattverden og Krossfestinga.  
 
Nattverden er framstilt sentralt på fotstykket på ein skoren kartusj i form av eit skjold med inn- og utrulla voluttforma kantar. Ut frå nedre del av kartusjen veks sirleg akantuslauv utover flata. Dei smale sidedelane har egne akantusranker forma kring eit band.
 
Hovudhøgda har ei måla framstilling av Nattverden i eit rektangulært biletfelt som med enkel ramme fyller høgda under gesimsen. Biletet er flankert av loddbeint hengjande skorne girlanders med sløyfe øvst, bladformer avbrotne av blomar og avslutta nede med to duskar nedst. Girlandermotivet vert teke opp att i sidefelta.
 
Vengjene er skorne i ein finsleg og elegant akantus som slyngjer seg kring eit karakteristisk regenseband som kviler oppe på nedre list i gesimsen.
 
Kronstykket har eit lågt bogefelt under listverk og over dette eit felt med inn og utsvinga opprulla voluttar, to på kvar side. Frå dei øvste, utsvinga, veks det akantuslauv inn over og dekkjer feltet som er avslutta oppe med svungne lister som endar i voluttar sentralt der dei ber ein urneforma akantus fylt med skorne blomar. I bogefeltet over gesimsen er måla skyer og sol og dei hebraiske bokstavane for Jahve.
 
Framstillinga av Nattverden viser Jesus og dei tolv læresveinane benka kring eit tverrstilt bord med kvit duk, fleire tallerkar, ei skål og ein kalk av tinn, saman med tre brød og ein kniv. Eitt brød og kalken står fremst på bordkanten som eit nattverdsymbol. I fondveggen, over Jesus, er det eit vindauge som viser eit fjellandskap, med tre små krossar oppe i fjellsida.
 
Krossfestinga er måla med olje på lerret. Krossen er sentralt og symmetrisk plassert. Jesus heng med rette, svakt skrådde armar. Hovudet, med attlatne auge, kviler mot hans høgre side. Kroppen er også lett vridd mot høgre og begge beina, det høgre bøygd, er festa til krossen med ein nagle. Håret under tornekrona og lendekledet flagrar mot Jesu venstre side i vinden. Under krossen står Maria med samla hender til venstre og Johannes med falda hender til høgre i biletet. Under krossen kranium og krosslagde bein. Bak krossen er det måla eit grønt landskap som endar horisontalt mot ei framstilling av Jerusalem med bymur og hus. Bakgrunnen for krossen er gråbrun med skyformasjonar i dei øvre hjørna.
 
Fargane i tavla elles er dominert av den grøne akantusen som er staffert med gull og med raudt i band og blomar. Botnfargen er raudbrun. I gesimsen er det blågrå marmorering. Listverk i raudt og grønt.  
 
Linje 221: Linje 213:
 
== Døypefont ==
 
== Døypefont ==
 
I den tida ein kan følgja rekneskapane hadde kyrkja ein «fundt», dvs. eit avgrensa rom for dåpen. Dette var oftast i det nordvestre hjørnet i skipet. I 1687-89 vart det kjøpt ein massingarm til å setja lys i «udi den mørche fundt om winteren».
 
Dåpsfatet vert no sett i ein enkel jarnring festa til stolpen nord i korskiljet.  
 
Linje 227: Linje 218:
 
== Preikestol med oppgang ==
 
== Preikestol med oppgang ==
 
Snekkararbeid frå første halvdel av 1600-talet.
 
Preikestolen har fire sider av ein åttekant og i tillegg ei side av to vertikalstilte bord mot sør. Kvart fag har ei fylling i ramme, det øvre rammestykket er breiast. På dette kviler ei flat handlist med profil under ytterkanten. I hjørnet mellom handlist og ramme er det sett inn tannornament over ei list med eggstaff og tannsnitt.  
 
Sidene er inndelte i storfelt og øvre og nedre smalfelt. Storfelta er skilde frå smalfelta ved profilerte lister. Dei har portalform med diamantbossar som sluttstein og kapitel, er krynte med broten gavl og flankerte med klassiserande, brotne søyler. Feltet har rankedekor i flatt relieff, dukatornament og bladornament. Eit øvre smalfelt er dekorert med skore rankemotiv i flatt relieff flankert av triglyffar ved hjørna. Feltet i sør har også rankemotivet skore på innsida. Dei nedre smalfelta har skriftfelt mellom diamentbossar.  
 
Det går ein sveifa planke frå ein stolpe ved sørveggen under den flate botnen på stolen. Denne kryssar ein bjelke diagonalt under stolen og krysset er bore oppe av ein stolpe i bakkant.  
 
Oppgang i trapp med fem steg frå aust. Oppgangen har enkelt rekkverk.  
 
<nowiki>Preikestolen er no måla i fargane frå siste del av 1800-talet med bleik okergul med felt i mørkare oker og staffering i mørk brunraudt. I eit av felta er tidlegare måling avdekt i portalfeltet og skriftfeltet. Portalfeltet viser ein person måla i brun kontur på okerorange bakgrunn (Peter?) Innskrifta under i gult på blågrå, kan henda svart bakgrunn: «Att hand iche maa […] blieffuer vred, oc i skulle omkome». I eit anna felt er desse delane berre dels avdekte, men viser at dei har hatt tilsvarande måling, kanskje Andreas i storfeltet og innskrift i tilsvarande fargar i nedre smalfelt. Avdekkingar på den skorne dekoren i portalen viser ulike grøne, blågrøne og okerfargar.</nowiki>
 
Linje 245: Linje 231:
 
== Benker ==
 
== Benker ==
 
Rekneskapen frå 1717-1719 fortel at ein stol i kyrkja har fått nytt ryggstykke og ny dør med hengsler. Det er ei slitt fjøl i kyrkja som truleg er rest av ein benkevange. Fjøla er sveifa inn i overkant og har truleg hatt ei sveifa krone. Under enkel horisontal skolpesnittbord er det skore: KOLBEN PEDERSØN RAM. I skiljeveggen over inngangsdøra i vest er resta av ein tilsvarande vange der årstalet ANNO 1646 er innskore.
 
Benkene i kyrkja i dag er enkle, opne benker frå 1800-talet med tre bukkar, ein på kvar side og ein må midten. Bukkane har ei kløverbladforma opning mellom beina, svingar inn og opp til setet der framdelen er dekt av setefjøla. Over setehøgd er bakdelen svinga i ein boge bakover og krynt med skrå handlist/hylle og øvre ryggbrett. Nedre ryggbrett bak og over setefjøla. Det er lause benker av liknande type i koret. I søraustre hjørne er det ein fast veggbenk med brystning framfor. Brystninga har tre fyllingar i rammer og skrått bokbrett.
 
''Andre benker''
 
''Andre benker''
  
På galleriet står det ein lang, skøytt benk utan ryggstø på fire trapesforma bukkar. Setefjøla er av planke med enkel profil på framhjørnet. Bukkane er festa gjennom setefjøla.
 
I koret står ein enkel, kort benk med setefjøl festa mellom to sidevangar. Vangane er litt breiare oppe og nede enn på midten Fjøla er festa til vangane med naglar og med enkle skråstøtter. Oppe på vangane er det enkle horisontale border av skolpesnitt mot ein strek.
 
''Skriftestol''  
 
''Skriftestol''  
Linje 266: Linje 248:
 
== Galleri ==
 
== Galleri ==
 
På eit eller anna tidspunkt har våpenhuset blitt delt av frå skipet. Det kan ha vore samstundes med at dei store bjelkane vart sette inn for å støtta opp kyrkja. Veggen mellom er bygd opp av lafteplank til golvhøgd i galleriet. Golvborda i galleriet kviler på denne veggen, på to bjelkar over bjelkebukkar ved langveggene og i tillegg er dei festa til dei vestre mellomstolpane ved midtgangen.  
 
Opninga over døra har vorte tetta att, og på ein av desse plankebetane er det skore ut følgjande: ANNO 1646. I overkant av dette er det skoren dekor som kan tyda på at det har vore ein benkevange tidlegare.  
 
Ryggveggen på galleriet er av breie, vertikalstilte bord, festa med spikar. På nordsida i våpenhuset går det ei bratt trapp opp etter vestmuren, ho er vinkla i hjørnet og held fram mot vest der det er ei låg opning til galleriet. (Frå hjørneavsatsen er det stige i to nivå opp til loft og klokketårn.) Opninga er mellom takbjelken og det kraftige, tverrgåande treet i vest. Frå dette er det to steg ned til gallerigolvet. Eit lite, vakse menneske kan stå oppreist på galleriet.  
 
Gallerifronten har femten fyllingar i rammeverk. Baksida av fyllingane vender mot kyrkjerommet i aust. Brystningane er oppattbrukte og har venteleg tidlegare vore brukt i interiøret i kyrkja. Brystninga er skøytt to stader, også handlista. Mulege restar av dekorativ måling på fyllingar og rammer. Rammene er nagla saman med trenaglar, men festa med spikar til stolpane.
 
Linje 278: Linje 257:
 
== Skulptur ==
 
== Skulptur ==
 
Over kordøra vart det i 1693-95 sett dreia pillarar og over det eit krusifiks som var gjeve av sognepresten. I 1717-19 vart krusifikset flytta høgre opp ettersom det stod i vegen for innsynet til altartavla. På det sveifa fotstykket som ber krusifikset er det skore inn følgjande: ANNO 1603 Foræredt. Krusifikset er, etter Bendixen «lite og stygt, lendeklædet har en svær sløife stående ut».  
 
Jesusfiguren har skrådde armar og opprett hovud vend mot Jesu høgre side. Augo er attlatne. Langt hår og kort skjegg. Tornekrone. Knea er bøygde og føtene festa med ein nagle til krossen. Lendekledet er kort og knytt på hans høgre side med stor løkke. Over hovudet er festa eit skriftband med INRI på den sveifa krossen. Karnasjonen er kvit med rosa i kinna. Raude bloddråpar. Hår, skjegg og lendeklede er gullfarga, tornekrona grøn. Krossen er svart.
 
Linje 296: Linje 274:
  
Bendixe fann etterkvart seks av måleria frå Tuchsen. Fleire av dei hadde innskrift der det stod at dei var gjevne av Tuchsen i samband med gravferda hans 19. mars 1817.
 
Fire av måleria var i kyrkja ved denne registreringa. Dei viste  
 
Linje 308: Linje 285:
 
== Parament ==
 
== Parament ==
 
Det var laga ein ny messehakel før synfaringa i 1661-65, etter som den gamle var utsliten. Utgiftene vart dekte av allmugen og soknepresten. Alterduken var også sliten og det skulle skaffast ny av 8 alner lerret. Etter inventarlista i 1678 hadde kyrkja då ein messehakel og ein messeserk, ein lerrets altarduk og eit stripete, gammalt altarklede. Altarkleda vart oppbevarte i eit «schab i muren med itt wduelig laas for». I 1693-95 vart det sett nye ermer i messeserken, i 1696-98 vart messehakelen kante med gullgaluner.
 
Inventarielista frå 1702 nemner i tillegg eit kalktørkle, og i lista frå 1705 er det komme til eit raudt altarklede som vart gjeve av John Boelstad.
 
Bendixen nemner ein svart messehakel med fiolett kross frå 1700-talet, denne er no i Sæle kyrkje.
 
Altarduken som er i kyrkja i dag er i aidastoff og brodert med perlegarn i hardangersaum på tre sider. Borda er 20 cm brei og tunga i kanten og viser vekselvis krossar og kalkar.
 
Linje 321: Linje 295:
 
== Klokker ==
 
== Klokker ==
 
Inventarielista frå 1678 nemner to klokker i tårnet og ei i skriftekammeret. Men alt i 1687-89 står det i rekneskapen at det i mars 1688 berre var ei klokke i kyrkja, og at det vart laga ei ny etter kontrakt mellom stiftskrivaren og rotgytaren. Det vart også laga kolv til klokka. Opplysningane i rekneskapen er noko uklare, men truleg har den eine klokka då vore øydelagd. Det er venteleg denne som har hatt ei vekt på 8 våger, og vore ein del av grunnlaget for den nye klokka.  
 
I 1701 vart ei ubrukeleg klokke, truleg den som var laga i 1688 ettersom mellomalderklokka framleis er i kyrkja, oversend til Amsterdam for omstøyping og ei nystøypt klokke vart send attende til Kvamsøy. Malmen i den gamle klokka var av dårleg kvalitet og vart ikkje så høgt verdsett. Av det som vart betalt for den nye klokka, betalte presten og allmugen ein del og Nils Eriksen ein del.
 
Klokka som var i skriftekammeret er det ikkje fleire opplysningar om. Det har venteleg vore ei handklokke.
 
Følgjande klokker heng i tårnet:
 
Følgjande klokker heng i tårnet:
  
 +
a) Klokke frå mellomalderen. Klokka har oppheng av midtboge og seks runda bøylar med dekor av snodde band sentralt på kvar bøyle. Flat kronplate. Skrådd hue som rundar ned mot hals med smale riller over og under eit band. Korpus har rett øvre del og utsvinga nedre del. Slagringen svingar ut og ned og er avgrensa oppe og nede med fleire riller. Han skrår opp innvendes. Diameter 51 cm, høgde ca. 50 cm med krone og 40 utan.
  
# Klokke frå mellomalderen. Klokka har oppheng av midtboge og seks runda bøylar med dekor av snodde band sentralt på kvar bøyle. Flat kronplate. Skrådd hue som rundar ned mot hals med smale riller over og under eit band. Korpus har rett øvre del og utsvinga nedre del. Slagringen svingar ut og ned og er avgrensa oppe og nede med fleire riller. Han skrår opp innvendes. Diameter 51 cm, høgde ca. 50 cm med krone og 40 utan.
+
b) Klokke frå 1701. Krone av seks kanta bøylar og midtboge. Dekor med mellom anna (engle)ansikt sentralt på kvar bøyle. Flat kronplate, runda hue, rett hals med to band mellom riller. Det øvre bandet har dekorative ornament med fuglar og blomar, det ned ste har følgjande innskrift: CLAES NOORDEN ET ALBARTUS DE GRAVE ME FECIT AMSTELODAMI A<sup>O</sup> 1701. Under rillene under det nedste bandet er det ei bord med symetriske bladornament som vekslar med frukter. Korpus svingar ut mot fem riller i overgangen til slagringen som er ut- og nedbøygd og avslutta med riller. Innskrift på korpus: AMSTERDAM ANNO 1701/ QVAMS-ØES KLOCKE MAGIST. IVER/ ERICKSEN PROFST I SOGEN OCK SOGNEPREST I WIIK/ H<sup>O</sup> LUDWIG CHRISTOPHERSEN VICEPASTOR I WIIK/ S: NIELS ERICKSEN, BORGER I BERGEN. Diameteren nede på klokka er 58 cm, høgde 56 cm, utan krone 45 cm.
# Klokke frå 1701. Krone av seks kanta bøylar og midtboge. Dekor med mellom anna (engle)ansikt sentralt på kvar bøyle. Flat kronplate, runda hue, rett hals med to band mellom riller. Det øvre bandet har dekorative ornament med fuglar og blomar, det ned ste har følgjande innskrift: CLAES NOORDEN ET ALBARTUS DE GRAVE ME FECIT AMSTELODAMI A<sup>O</sup> 1701. Under rillene under det nedste bandet er det ei bord med symetriske bladornament som vekslar med frukter. Korpus svingar ut mot fem riller i overgangen til slagringen som er ut- og nedbøygd og avslutta med riller. Innskrift på korpus: AMSTERDAM ANNO 1701/ QVAMS-ØES KLOCKE MAGIST. IVER/ ERICKSEN PROFST I SOGEN OCK SOGNEPREST I WIIK/ H<sup>O</sup> LUDWIG CHRISTOPHERSEN VICEPASTOR I WIIK/ S: NIELS ERICKSEN, BORGER I BERGEN. Diameteren nede på klokka er 58 cm, høgde 56 cm, utan krone 45 cm.
 
== Orgel ==
 
== Orgel ==
Linje 345: Linje 316:
  
Sjå under benker.
 
Sjå under benker.
 
''Brurestolar''
 
''Brurestolar''
Linje 355: Linje 325:
  
<nowiki>Fattigtavle av tre med dreia handtak, runda rygg og skuffe med dekt bakre del. Bendixen registrerte følgjande myntar i tavla: «tre 2-skillinger fra 162 [1602?] 1667, 1677.</nowiki>
 
''Klingpung''
 
''Klingpung''
  
Pung av lyst grågrøn fløyel fora med lerret. Avslutta nede med (no) brun dusk. Pungen har dels losna frå metallringen som er festa til i stang av tre. På stanga heng no ei lita bjølle, då Bendixen registrerte kyrkja kring 1900 skreiv han at bjølla mangla.  
 
''Blokk og bøsser''
 
''Blokk og bøsser''
  
Ei blokk av tre festa med to jarnbøylar til veggen. Jarnbeslag med spalte for pengar i loket. Merkt i nyare tid: Til Kvamsøy Kyrkje.
 
Bøsse av tre av fire ståande bord og med vidare botn og lok. Sidene er nagla saman med trenaglar. Loket har hank og jarnbeslag med spalte for pengar og har hengsle for hengelås.
 
Blekkbøsse, svart med kvit måla innskrift i fraktur: Til Hedningemisjonen.
 
Linje 374: Linje 340:
 
== Diverse ==
 
== Diverse ==
 
Bendixen nemner ei gåve, eit vokslys som enno fanst i kyrkja då han var der. Lyset var gult med gylte striper.
 
''Skipsmodell''
 
''Skipsmodell''
Linje 381: Linje 346:
  
Bendixen skriv følgjande om modellen:'' ''
 
''<nowiki>Det omtalte skib henger nede i kirken, en liten tremastret modell med 2 rader kanoner og høit akterstell, 2 stenger og 1 liten mast på baugsprøitet, med mers som de 3 andre mastene. […] Det sises å være modell til et her bygget skib.</nowiki>''<ref name="ftn8"> Bendixens manus
 
</ref>'' ''
 
</ref>'' ''
 
<nowiki>Skipet har måla innskrift på begge sider av botnen: Enner Rasmes:… BOS:… og Rasmes Rasmessøn BOS:… På kjølen ANNO 1703. På bakstamnen: [C]HriSTi […]GE og AN[…].</nowiki>
 
''Lykt''
 
''Lykt''

Revisjonen fra 18. sep. 2013 kl. 12:21

Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Kvamsøy kyrkje er ei av fire kyrkjer av stein frå mellomalderen i Sogn. Ho er første gongen nemnd i … Grunnplanen er rektangelforma slik at koret er like breitt som resten av kyrkja. Det er også like høgt. Murverket er enkelt utan mykje detaljert steinhoggararbeid, og kyrkja skil seg frå både Hove, Aurland og Dale i Luster. Dersom ein skal setja kyrkja inn i ein samanheng i kyrkjebyggingssoga, er det mest nærliggjande å trekka inn Eidfjord i Hardanger og Vereide i Nordfjord. Eidfjord har den same grunnplanen og det har venteleg også vore tilfelle med Vereide. Denne gruppa har tradisjonelt vore tidfest til åra kring 1300, altså etter måten seine kyrkjer.

Kyrkja ligg på Kvamsøy, ein liten rotur over eit smalt sund frå nordsida av Sognefjorden i Balestrand kommune, om lag midtvegs inne i Sognefjorden. Ho tykkjest ikkje vera knytt til nokon storgard eller større busetnad, og det har vore vanleg å sjå henne i samband med sjøtrafikken der sundet har fungert som ei lun hamn. Reisande har gjeve gåver til kyrkja, det er i rekneskapane nemnt takbord som er kjøpte av slike gåver. På panelet ved sida av ei blokk for gåver som hang i kyrkja stod følgjande innskrift:[1]

Den ringeste kirke ser du mig

Som heromkring maa være.

Har liden indkomst uden viss de reysende mig forære.

Thi und mig lidt, O Christen Mand,

Alt efter eget Tykke.

Gud bliden Søe og stadig Bør skal gifve dig med Lykke.

1695.

Bendixen nemner at det på baksida av altartavla står fleire namn på sjuke som har komme hit på grunn av helseproblem, saman med årstala 1727 og 1736. Kyrkja kan såleis ha fungert som valfartskyrkje – det var då ikkje Olavskjelda på øya som var målet, slik Robert Kloster nemner (kjelde), men jarnringen på hovudinngangsdøra som skulle virka lækjande om ein rørte ved han.

Tidlegare låg Kvamsøy administrativt til Vik kommune. Frå 1. jan. 1964 vart kyrkja og Kvamsøy sokn lagt til Balestrand kommune. Frå 1. jan. 2004 høyrer kyrkja til Balestrand sokn. Kring 1900 vart kyrkja teken ut av bruk og Kvamsøy sokn fekk ny kyrkje på Sæle, noko lengre vest ved fjorden.

Bygningen

Ved synfaringa i 1686 vert kyrkja omtalt som «en Murit Bygning, huis lengde er Vdvortis 36 Alen breed 18 Alen Muren[s] tychhed 2 ¾ Alen, med 4 Smaa Vinduer paa huer side, inden till Malit paa den Kalchede Vegg och Vell Conditionerit, uden till Tagt med Pander och et lidet Taarn, paa Muren er formedelst nogle schadelige brister meget Brøstfeldig» og så er det rekna opp kva som må gjerast.

I 1709 er kyrkja «een Kiøn grundmuret Kirche med Taarn paa Kirchen tægt med Pander, Vden och inden Vel flyed».

Ved den siste allmenne synfaringa i 1721 er Kvamsøy kyrkje een Smuch muured Kirche udj een Bygning, og eet nyt Taarn, som Ao 1715 blef opbygt, tægt med Pander, Indvendig mahlet og i alle maader vel Conditioneret, Kirchens lengde er 36 allen og Breden 18 al».

Murar, panel og skiljevegg

Murane

Kvamsøy kyrkje er murt opp av kistemurar med murskal i vestnorsk, gotisk murverk. Muren ved portalen i vest er om lag 140 cm tjukk, ved synfaringa i 1686 heiter det at muren er 2 ¾ alner tjukk (17,25 m). Muren i gavlane i aust og vest er murt høgre opp enn langmurane, men er avslutta eit stykke under mønet og den øvre trekanten har trevegger.

Før vi kjenner rekneskapane for kyrkja vart det i tidsrommet 1661-65 gjort ein gjennomgang av kyrkjene der ein peikte på manglar som burde ordnast. Ved Kvamsøy vart det peikt på at grunnvollen på nordsida sokk, noko som hadde ført til sprekker i muren: vest på nordsida ei stor sprekke, på nordsida tre store sprekker, nord-austhjørnet ei stor sprekke. Det var også ei stor sprekke på sørsida ved austre gavl, altså seks store sprekker. Soknepresten hadde då for å betra dette ført ein del stein inn på kyrkjegarden for å byggja ein «pillar» på nordsida og nokon tjukke tre som han meinte å bruka til støtte på muren. Ein tenkte seg at ein røynd murmeister måtte kunna utføra dette, og ein planla å skaffa jarn og kalk til arbeidet, til og med takpanner til dei pillarar som måtte byggjast vart planlagt innkjøpte.

Problema med stabiliteten i murverket har vart over lang tid og vore konsentrert i det nordvestre hjørnet av kyrkja. I 1670 vart det kjøpt inn jarn til anker og murlegjer som skulle halda muren saman øvst ved bjelkane. I 1684-86 hadde dei enno ikkje fått tak i murmeistar, og som eit strakstiltak sette dei ei skore «med to twerkaars» opp mot vestmuren. Skora stod i ein tjukk, fôra såle. For å halda skora på plass inntil muren reiste dei også ei 20 alner lang støtte frå denne til kyrkjegardsmuren der han var festa i ein lang, fôra såle. Same støttesystemet vart sett inntil nordsida av hjørnet. Systemet vart forsterka i 1687-89.

I dag står det to støttemurar ved hjørnet, ein mot vest og ein mot aust. Det var Andreas murmeister som utførte dette arbeidet. Han kom først ein tur for å sjå på tilstanden i 1690-92, og arbeidet vart sett i verk i same periode. Då hadde han med seg ein gesell i arbeidet, i tillegg var det fire lokale som hjelpte han å slå kalk og bera stein i fire veker. Allmugen hjelpte også til med å skaffa leire, stein og sand til arbeidet.

I tillegg til støttemurane la Andreas inn svære jarnanker på utsida av langmurane og i tverrmurane. Desse er feste for svære betar som vart sette opp frå langmur til langmur inne i kyrkja, ein i vest og ein i aust, og for to åsar som går frå desse ut til endemurane. Dette gav ei god avstiving av bygningen, om enn noko skjemmande for interiøret. Tømmermennene laga dei tjukke bjelkane etter ordre frå murmeisteren.

Murmeisteren og sveinen hans kalkslo begge «pillerne» i 1696-98. Støttemurane vart så vølte i 1705-07, også det av Andreas murmeister saman med to sveinar og tre lokale menn.

Panel

I 1661-65 såg ein det som «fornøden at der bleff giort noget Parnilleverch omkring Muren i Chorit, at stolerne och bencherne der udi desto betre kunde befestis».

Arbeidet med panel finst det så først opplysningar om i rekneskapen frå 1677 då nordsida av koret ved muren er panelt. I 1678-79 vart det kjøpt inn åtte tylfter bord til panel, og med desse vart austre og søre sida i koret panelt. Også oppgangen til preikestolen vart panelt på begge sider og det vart laga dør til denne. Ein heldt så fram arbeidet med å laga panel ved muren på sørsida ved mannfolkstolane og så til sist på nordsida ved kvinnestolane. Stolane vart festa i desse veggpanela.

Panela må vera den brystninga som framleis står att i koret. Korleis dette har vore i skipet, er uvisst, men også her har det venteleg vore brystningar som seinare er tekne vekk.

Skiljevegg

Sekundært er det laga ein skiljevegg av tre mellom vestre del av kyrkja, våpenhuset, og sjølve kyrkjerommet rett vest for den vestre samanbindande bjelken som ligg over gallerigolvet. Dette kan ha vorte gjort då dei store bjelkane vart sette inn for å støtta opp kyrkja. Veggen er bygd opp av lafteplank opp til golvhøgd på galleriet. Golvborda kviler på denne veggen i bakkant. På golvborda står så ein panelvegg som er festa oppe til ein av takbjelkane. Over døra mellom våpenhus og skip er det sett inn plankebetar som truleg er restar av sekundært brukte benkevangar. På den eine er skore ut ANNO 1646, og veggen må vera sett opp etter det.

Portalar og dører

Kyrkja har inngang i vest med døranslag i ytterliv i muren. No rir døra utover, men ho har truleg tidlegare ridd inn i portalopninga. Opninga er spissboga og har ein indre, spissboga fals. Gjennomskjeringa i muren innafor portalopninga er høgre og nærast rundboga. Sjølve lysopninga er utforma i kleberkvadrar, medan muren elles er grov. Det er ei 55 cm høg inntrapping i oppninga under låsen. Døra er sett saman av fire ståande bord med to eldre labankar. Desse delane har tjukke tjørelag på innsida av døra. Sekundært er det sett til ein profilert planke under nedre labank, ein planke midt på døra der lås og dørring er festa, og ein profilert planke over øvre labank. Utvendes har døra to korte, smidde gangjarn og nøkkelholbeslag.

Kyrkja har også ei mindre dør aust på nordveggen. Denne opninga vart truleg laga i samband med eit gravkapell som vart oppført her av Gerhard Munthe for slekta. Munthe var eigar av kyrkja etter kyrkjesalet i 1723. Opninga er her rundboga, og døra, der gangjarna tidlegare har vorte utskifte, må igjen få nye gangjarn. Konstruksjon som hovuddøra med ståande bord festa til labankar.

Døra mellom våpenhus og skip er av ståande bord sette ned i ein planke. Døra har tre labankar utvendes og enkle gangjarn over og under den øvste og den lægste av dei. Innvendes er døra glatt.

Korskiljet

Korskiljet har truleg vore meir markert i tidlegare tider. I 1693-95 vart det sett dreia pillarar over kordøra og over det eit krusifiks som var gitt av soknepresten. I 1717-19 vart krusifikset flytta høgre opp for ikkje å hindra innsynet til den nye altartavla.

Koret er no markert ved brystning av tre og nivåskilje i golvhøgd.

Vindauge

Kyrkja har tre lansettforma, spissboga vindauge som er noko ulike, men som truleg alle går attende til den nye kyrkja på 1300-talet. Det eine er ved preikestolen, på sørsida, det andre i austmuren bak altaret og det tredje midt i nordmuren. Synfaringa frå 1686 seier at kyrkja då hadde fire små vindauge på kvar side. Nokre av desse kan ha vore plasserte der det no står større vindauge, men det er vanskeleg å sjå for seg nordmuren med fire vindauge.

Eit smalt høgt vindauge finst også i vestmuren over hovedinngangen. Denne opninga er venteleg frå mellomalderen, men det vart sett inn eit nytt vindauge her med karm før synfaringa i 1661-65 (skjekk). Muren innvendes er utan kalk, med skrå, så smyger og avtrappa sålbenk og utan overdekking i det gavlmuren sluttar her. I opninga står ei rundboga treramme delt inn i tre ruter.

Det vart ofte skifta ut vindauge mot større lysopningar på 1600-talet. Det eine av dei to store vindauga på sørsida av skipet i kyrkja på Kvamsøy vart skifta i 1690 av murmeister Andreas då han arbeidde med muren i kyrkja. Det vart laga eit nytt vindauge «mit i kirchen» med høg vindaugsramme til seks vindauge, og 500 murstein til muren kring vindauget.

No har kyrkja fire vindauge i sørmuren, to store i skipet og eit noko smalare i koret – i tillegg til det lansettforma ved preikestolen. Austmuren og nordmuren har som nemnt eitt lansettforma vindauge kvar. Alle vindauga ligg ytst i murlivet. I tillegg er det eit vindauge i vestgavlen og mindre lys- og lydopningar i austgavlen og takryttaren.

Vindauget i austmuren bak altaret har kleberinnfatning med ein ¾-staff i ytre hjørne på sidene og i spissbogen. Innafor denne er det to sprang i steinen på alle sider Innvendes har opninga skrå smiger, sålbenken er ujamnt avtrappa. I vindeauget er sett inn ei ramme med farga glas i bly, avstiva med fire horisontale metallstenger utvends.

Vindauget i nordmuren er også innfatta med kleber. Utvendes knekker opninga inn på skrå og går via ein knekk over i rettsida lysopning. Innvendes har vindauget skrådde smiger i rundbogeform og skrå sålbenk. Det er sett ei ramme med fem ruter skilde ved fire sprosser inn i lysopninga.

Vindauget ved preikestolen liknar på vindauget i nordmuren med hjørne ved mulivet, Kleberkvadranen har innskrådd vegg, sprang mot rettsida lysopning. Innvendes har vindauget skrådde smiger og sålbenk og lysopninga har ei ramme med fem ruter skilde ved fire horisontale sprosser. Vestsida av vindauget har ¾ vulst som vindauget i austmuren i nedst, og det har venteleg stått eit lansettforma vindauge her.

Vindauget i koret er mindre enn dei to andre i sørmuren, men elles har dei tre store vindauga i sørmuren same utforming med svak boge i overkant. Innvendes har opningane skrå smiger og sålbenk. I overkant er opningane rettvinkla i indre hjørne, medan resten av overdekkinga er svakt boga. I vindauget lengst vest og i koret står den boga forskalinga att som eit panel eller ei himling av tre, i vindauget midt på sørsida står muren utan forskalingsmaterial og med dekorativ måling frå tida etter reformasjonen. Sålbenkene er også panelte.

Vindauget i koret har to rammer og midtpost. Kvar ramme har seks ruter over einannan skilde med sprosser. Dei to andre vindauga har to rammer med 12 ruter i kvar, seks i høgda og to i breidda. Vindauga er nyare, den eine av opningane vart laga i 1690-åra, dei andre truleg også på denne tida.

I tregavlen i aust står eit svakt boga vindauge med tre ruter.

Repositorium

Bak panelet i koret er det to oppbevaringsrom i muren. Repositoriet på sørsida av austveggen er 52 cm høgt, 42 cm breitt og 40 cm djupt. På nordsida i austmuren er eit liknande, panelt rom, 73 cm høgt, 57 cm breitt og 75 cm djupt.[2]

Nisje ved inngangen

Utvendes i vestmuren, på nordsida av inngangsdøra, er det sett inn ein spissboga nisje av kleberstein i muren. Det er spor etter eit gitter eller liknande som har stått i ytterkanten til vern, truleg for eit helgenbilete som har hatt plassen sin der. Nisjen er 40 cm høg, nede er han 27 cm brei.[3]

Golv og fundament

Nytt golv vart lagt i skipet og i våpenhuset i 1687-89. Golvet var av hogne bord og med gode tilåsar under. I 1696-98 vart også golvet i koret fornya med nye tilåsar og hogne bord. Altaret vart samstundes oppvoge slik at golvet også kom til å liggja høgre enn før.

Kyrkja har fundament av stein. Golvet er framleis eit bordgolv. I våpenhuset er eit stykke i og innafor portalen dekt med steinheller, bordgolvet ligg over desse. Borda ligg i lengderetning og er festa med spikar til golvbjelkar. Det er eit skift i golvborda rett vest for skiljeveggen mot skipet.

Tak

Ved synfaringa i 1661-65 vart det peikt på at kyrkja berre har eit enkelt sutak og at dette var dårleg og lak. Ein meinte at måtte få dobbelt sutak, noko som ville krevja om lag 40 tylfter skårne bord. Taket laut styrkast med to «underslag» nede i kyrkja under bjelkane og to underlsag under sperreverket.

I 1667-69 fekk kyrkja nytt tak av takpanner med nye lekter, kjølar og vindskier. Sutaket under pannene vart vølt. 6000 panner vart sende med jekt frå Bergen til Kvamsøy og taket vart lagt opp av Jens murmeister som hadde med seg sine eigne arbeidsfolk frå byen. Dette vart supplert med 400 panner i 1671, desse fekk ein frå overskot ved Kyrkjebø kyrkje.

Takkonstruksjonen slik han står i dag svarar til planane frå 1661-65. Taket er eit sperretak med tettstilte sperrer som er festa til bindbjelkar og ytre remstokkar. Nokre av bindbjelkane er skøytte ved indre murkrone. Over bindbjelkane står ei grind av to langsgåande dragar som ber reiste knestokkar ved annakvart sperreband. Knestokkane er festa til bindbjelkane med trenaglar. Dei ber to dragarar som understøttar dei nedre hanebjelkane. Nærare mønet er det ekstra hanebjelkar. Hanebjelkane er festa til sperrene på halv ved. Konstruksjonen er i tillegg støtta av to langsgåande dragar under bindbjelkane. Desse er no borne av nygotiske stolpepar ved midtgangen.

Sperrene er av ny ved. Mange hanebjelkar og knestokkar er frå mellomalderen, med farga profil. Mykje av den gamle materialen i takverket ber spor etter tidlegare bruk. Det gjeld også bindbjelkane der nokre har profilar. På utsida nede på sperrene er det lagt på laskar som gjev taket ein liten svai. På sperrene ligg det sutak som utvendes er tekt med raude takpanner.

Himlingar

Kyrkja har samanhengande, flat himling over kor og skip og himlingen held også fram over våpenhuset, med opning for oppgang til takryttaren. Himlingsborda ligg i lengderetning over dei tettstilte bindbjelkane. I skip og kor er himling og bjelkar kvitmåla, men stadvis ser ein gjennom til dekorativ måling frå 1600-talet. I våpenhuset er himlingen umåla. Truleg har det vore flat himling i kyrkja alltid. Det er ikkje spor etter kalkpuss på gavlmurane over himlingsnivå.

Ved synfaringa i 1661-65 er det notert at det vart «nedlagt 2 store Bielcher offuer Chorit 18 allen lange, Lemmen til bestørckelse». Dette kan vera dei to bjelkane som ligg i lengderetning. Dei er utveksla mot tilsvarande bjelkar i skipet ved korskiljet, og kan ha vorte lagde til ulike tider i kor og skip.

Borda i lemmen vart i 1690-92 drivne tettare saman og det vart lagt til to tylfter bord.

I samband med at kyrkja fekk ny altartavle i 1719, vart det laga ein liten kvelv i himlingen like over denne, etter som tavla var for høg.

Takryttar

På vestgavlen står det ein takryttar. Denne kan vi følgja frå synfaringa i 1661-65 og frametter. Då var hjelmen for kort og for trong og det skulle leggjast til 2-3 omfar med bord for å få ho til å dekka tårnhalsen og hindra at regn kom inn. Fleire stader i rekneskapane har opplysningar om golv eller lemmar i tårnet. I 1667-69 vart det laga ein liten lem under klokkene, i 1684-86 vart det laga ein lem i tårnet og ein stige til oppgangen. Då dei skulle heisa klokka på plass i 1687-89, vart tre lemmar i tårnet tekne ned og så lagde på plass att.

Samstundes vart det kjøpt (ny) pynt til tårnspissen: Ein fekk tinga frå Bergen ein hane og ei kule av kopar, medan smeden laga jarnstonga «med tilbørlige vinger». Målaren vart betalt for å staffera det heile.

I 1711-13 fann ein at tårnet var nokså rote og at det laut byggjast på nytt, og det er gjort greie for materialen som er innkjøpt. Seinare vert det meldt at tårnet i 1714 er «af nyt opbygget, hwor til tømerfanget i forgaaende regenschab er indkiøbt».

Visitasmeldinga frå 1838 har følgjande melding om tårnet:

[…] kirkens taarn, er undergaaet en forandring der meget wansirer kirken, dat det, der i staden for taarn er anbragt, wiser sig som en firkantet kasse, hworunder spiret synes saasat, og som giwer kirken et høist paafaldende, nesten latterligt udseende.[4]

Vestgavlen er murt opp til overkant av vindauget. Over dette er det plassert ein laftekasse som kviler på ei ramme boren av stolpar i aust og av muren i vest. Stolpane kviler på dragarar over dei vestre bindbjelkane, og er støtta av skråband. Laftekassen som utgjer den nedre delen av takryttaren, har fleire skøytar i tømmeret og er truleg bygd opp av eldre material. Eit stykke opp i kassen er det lagt golv for klokkerommet, truleg i nyare tid.

Klokkene er hengde opp i bjelkar festa i ramme over laftekassen. Midtstolpen i den firkanta hjelmen kviler på ein bjelke under golvet i klokkerommet og er festa med tang over laftekassen.

Klokkerommet har to lydluker, mot sør og mot nord. Det er kledd utvendes med ståande bord med rammer oppe, nede og i hjørna. Borda har fas mot kledninga. Takryttaren har enkel hjelm med fire gratsperrer og fire mellomsperrer, er tekt med liggjande bord og avslutta med metallspir med kule, kross og hane.

Tilbygg

Ved synfaringa i 1661-65 vert det gjort merknad om at det trengdes eit skur på nordsida av kyrkja for å verna stigane mot regn. Om dette vart realisert er uvisst. Våpenhus er ikkje nemnt i rekneskapane.

Då Bendixen var i kyrkja kring 1900, var det enno grunnmur etter eit likhus på nordsida av kyrkja, ved inngangsdøra der. Oberst Gerhard Munthe som kjøpte kyrkja ved kyrkjesalet i 1720-åra fekk murt opp eit gravkammer der for seg og familien.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Altar med altartavle og altarring står sentralt i koret skilt frå austmuren med ein smal passasje. Døypefonten, som her berre er ein ring for massingfatet, er festa til ein stolpe nord i inngangen til koret. Preikestolen står i sørausthjørnet i skipet med oppgang frå koret. Koret har brystning på tre sider og er også dels skilt med brystning frå skipet. På nordsida i koret er det benker, på sørsida benk(?) og harmonium.

Skipet har benkeparti på begge sider av midtgangen, heilt bak til skiljeveggen mot våpenhuset. Over vestre del i skipet er det bygt opp eit tverrgalleri med ekstra sitjeplassar.

Det er ikkje lagt inn elektrisk straum i kyrkja og det er heller ikkje noko anna form for oppvarming.

Fargar

Korleis kyrkja kan ha sett ut innvendes i mellomalderen, er uråd å seia noko om, etter som det ikkje er bevart fargespor eller inventar som kan gje haldepunkt. Dei første 200 åra etter reformasjonen finst det meir opplysningar om gjennom skriftlege kjelder og restar av måling og inventar. På 1800-talet vart rommet overkalka og minimalismen gjorde sitt inntog også ute på Kvamsøy.

Det finst ein del opplysningar om måling i rekneskapar og andre skriftlege kjelder. Såleis i 1682 då ein hadde fått Ein tilreisande målar med svein til å måla altarringen, oppgangen til preikestolen, preikestolen, søylene («pillerne») og panelet kring veggene. I 1683 vart det gitt Olle Maller løn «for weggen att malle».

Måling er også nemnt i 1693-95, men det er ikkje sagt kvar det er måla, men det er peikt på at ho burde vore betre måla: «Som kirchen [er] staaende udi en allmindelig haffn for fremmedes øyne, saa er den med slett malning beprydet, oc giffuet til maleren paa hans egen kost 16 Rdr.» Ein kar vart betalt for «ideligen» å flytta stillaset for målaren.

Etter Bendixens manus fann antikvar Nicolaysen i 1868 figurar av dei fire evangelistane og Petrus og Paulus i skipet og av Moses og Kristus i koret, alt måla med limfarge i overnaturleg storleik. Bendiksen såg også «risset av en flyvende engel» i våpenhuset, «likesom rester av maling på en bjelke». Bak altaret fann han spor av rankemåling frå 1600-talet i taket.

Det er framleis 1800-talsfargane som pregar kyrkjerommet med kvit himling og vegger og med gul brystning under vindaugsnivå. Benker stolpar og inventardelar elles er måla i to lyse gulfargar og lys grått.

I 2010-12 utførte NIKU (Norsk Institutt for kulturminneforsking) eit arbeid i kyrkja med omsyn til muring og kalkmålerikonservering. [5]

NIKU konkluderer med at det ikkje er dekor i våpenhuset med unntak av ein basunengel i sørausthjørnet som går under skiljeveggen og er måla før denne vart oppført.

Ved gallerifronten på nordmuren er det reparert eit dekorert felt som også var synleg før arbeida, men som no står tydlegare fram. Det er tolka som eit måla epitaf og har form av ein kartusj med utydleg innskrift omgitt av vegetabilske ornament og er plassert i overkant av ei brystningsbord. Under brystningsborda er det avdekt eit måla skilje i brystninga. Skiljet har form av ein baluster. Det er også funne fragment av eit kalkmåleri ned mot golvet under kartusjen.

I austsida av smigen i nordportalen er det restar av måling som illuderer eit framhald av brystninga i koret. Dette er også blitt meir tydeleg etter arbeida. Det er også vist at treverket på hjørnet mot koret har hatt tilsvarande måling.[6]

Det er også fragment av avdekt dekor fleire stader i kyrkja. I ein vindaugssmig i sørmuren er det ein basunblåsande engel, øvst på nordsida av austmuren er eit kvadratisk felt som viser Fragment av Moses i ein boge og kring vindauget ved preikestolen er det restar av rankemåling. Også på himlingsborda og på bord i takryttaren finst restar av rankemåling, truleg frå 1600-talet, dette er venteleg oppattbrukt materiale, i alle høve i takryttaren.

Glasmåleri

Bendixen nemner eit måla vindauge som skal finnast i Universitetsmuseet i Bergen: «I Bergens Museum finnes resten av en større vindusramme. I midten er innfelt en oval tavle, på et kvadrat i denne er malt en liten sort snekke med utspent råseil og Dannebrog i toppen. I bakstavnen sitter en styresmann. Oventil ser man en engel, nedentil en del frukter og innskrifter, måskje Gudmund Simonsen.» Han gir også att «Holcks beretning om samme rute».

Inventar

Altar

Enkelt kassealtar av tre. Fylling av liggjande, pløygde bord i hjørneramme og med profilerte bord inn mot fyllinga. Dei tre synlege sidene er truleg samtidige med altarringen. Ryggsida er eldre, truleg samtidig med altartavla. Breidda kan ha vore redusert ved montering av «nytt» altar. Høgde 100 og 129 cm, djupn 88 cm, breidde 154 cm.

Skoren grafitti på ryggsida med ulike initialar og 1705. Bak på altartavla er skrive: Peder Pedersen (Sween?) OAS 1737 og til venstre: Mons Matsen Løekeland 1737. Desse er skrivne på fyllinga. Altaret har to opplengjer ytst på kvar side av baksida, festa med trenaglar og spikar. Mellom desse er det to halvrunde opplengjer, ei på kvar side, som er festa til ramma i altartavla i full høgde og går meir enn halvveges ned på altaret. Sentralt er det ei firkanta opplengje som er festa til biletfeltet, fotstykket og altaret.

Altartavle

Altartavla er skoren av Schauer og vart gjeven til Kvamsøy kyrkje i 1716. Innskrifta på måleriet, Magr Ivarüs Eirici Leganger, Anna Petri Filia Finde 1716, fortel kven som gav tavla. Ho er skoren i regense-stil, ein litt forfina og stilisert barokk. Hovuddelen er samansett av eit høgt fotstykke og ei hovudhøgd med avsluttande gesims oppe, begge med framskote midtparti. Hovudhøgda er flankert av vengjer og gesimsen ber låg boge under høgt kronfelt. Tematikken i tavla er Nattverden og Krossfestinga.

Nattverden er framstilt sentralt på fotstykket på ein skoren kartusj i form av eit skjold med inn- og utrulla voluttforma kantar. Ut frå nedre del av kartusjen veks sirleg akantuslauv utover flata. Dei smale sidedelane har egne akantusranker forma kring eit band.

Hovudhøgda har ei måla framstilling av Nattverden i eit rektangulært biletfelt som med enkel ramme fyller høgda under gesimsen. Biletet er flankert av loddbeint hengjande skorne girlanders med sløyfe øvst, bladformer avbrotne av blomar og avslutta nede med to duskar nedst. Girlandermotivet vert teke opp att i sidefelta.

Vengjene er skorne i ein finsleg og elegant akantus som slyngjer seg kring eit karakteristisk regenseband som kviler oppe på nedre list i gesimsen.

Kronstykket har eit lågt bogefelt under listverk og over dette eit felt med inn og utsvinga opprulla voluttar, to på kvar side. Frå dei øvste, utsvinga, veks det akantuslauv inn over og dekkjer feltet som er avslutta oppe med svungne lister som endar i voluttar sentralt der dei ber ein urneforma akantus fylt med skorne blomar. I bogefeltet over gesimsen er måla skyer og sol og dei hebraiske bokstavane for Jahve.

Framstillinga av Nattverden viser Jesus og dei tolv læresveinane benka kring eit tverrstilt bord med kvit duk, fleire tallerkar, ei skål og ein kalk av tinn, saman med tre brød og ein kniv. Eitt brød og kalken står fremst på bordkanten som eit nattverdsymbol. I fondveggen, over Jesus, er det eit vindauge som viser eit fjellandskap, med tre små krossar oppe i fjellsida.

Krossfestinga er måla med olje på lerret. Krossen er sentralt og symmetrisk plassert. Jesus heng med rette, svakt skrådde armar. Hovudet, med attlatne auge, kviler mot hans høgre side. Kroppen er også lett vridd mot høgre og begge beina, det høgre bøygd, er festa til krossen med ein nagle. Håret under tornekrona og lendekledet flagrar mot Jesu venstre side i vinden. Under krossen står Maria med samla hender til venstre og Johannes med falda hender til høgre i biletet. Under krossen kranium og krosslagde bein. Bak krossen er det måla eit grønt landskap som endar horisontalt mot ei framstilling av Jerusalem med bymur og hus. Bakgrunnen for krossen er gråbrun med skyformasjonar i dei øvre hjørna.

Fargane i tavla elles er dominert av den grøne akantusen som er staffert med gull og med raudt i band og blomar. Botnfargen er raudbrun. I gesimsen er det blågrå marmorering. Listverk i raudt og grønt.

Altarring

Rekneskapane fortel at det i 1677 vart laga eit rekkverk kring altarfoten. Den noverande altarringen er truleg noko yngre og samtidig med fremste delen av altaret. Altarringen er liten og åttesida der fronten av altaret utgjer ei av dei to lengste sidene. Det er port ved altarets sørvestre hjørne. Ringen har flat handlist, rekkverk av balusterforma bord mellom rette bord ved hjørna, stoppa og skinntrekt knelepute festa med saum og rett vegg mot golvet. Golvet inne i ringen ligg eit steg høgre enn korgolvet.

Døypefont

I den tida ein kan følgja rekneskapane hadde kyrkja ein «fundt», dvs. eit avgrensa rom for dåpen. Dette var oftast i det nordvestre hjørnet i skipet. I 1687-89 vart det kjøpt ein massingarm til å setja lys i «udi den mørche fundt om winteren».

Dåpsfatet vert no sett i ein enkel jarnring festa til stolpen nord i korskiljet.

Preikestol med oppgang

Snekkararbeid frå første halvdel av 1600-talet.

Preikestolen har fire sider av ein åttekant og i tillegg ei side av to vertikalstilte bord mot sør. Kvart fag har ei fylling i ramme, det øvre rammestykket er breiast. På dette kviler ei flat handlist med profil under ytterkanten. I hjørnet mellom handlist og ramme er det sett inn tannornament over ei list med eggstaff og tannsnitt.

Sidene er inndelte i storfelt og øvre og nedre smalfelt. Storfelta er skilde frå smalfelta ved profilerte lister. Dei har portalform med diamantbossar som sluttstein og kapitel, er krynte med broten gavl og flankerte med klassiserande, brotne søyler. Feltet har rankedekor i flatt relieff, dukatornament og bladornament. Eit øvre smalfelt er dekorert med skore rankemotiv i flatt relieff flankert av triglyffar ved hjørna. Feltet i sør har også rankemotivet skore på innsida. Dei nedre smalfelta har skriftfelt mellom diamentbossar.

Det går ein sveifa planke frå ein stolpe ved sørveggen under den flate botnen på stolen. Denne kryssar ein bjelke diagonalt under stolen og krysset er bore oppe av ein stolpe i bakkant.

Oppgang i trapp med fem steg frå aust. Oppgangen har enkelt rekkverk.

Preikestolen er no måla i fargane frå siste del av 1800-talet med bleik okergul med felt i mørkare oker og staffering i mørk brunraudt. I eit av felta er tidlegare måling avdekt i portalfeltet og skriftfeltet. Portalfeltet viser ein person måla i brun kontur på okerorange bakgrunn (Peter?) Innskrifta under i gult på blågrå, kan henda svart bakgrunn: «Att hand iche maa […] blieffuer vred, oc i skulle omkome». I eit anna felt er desse delane berre dels avdekte, men viser at dei har hatt tilsvarande måling, kanskje Andreas i storfeltet og innskrift i tilsvarande fargar i nedre smalfelt. Avdekkingar på den skorne dekoren i portalen viser ulike grøne, blågrøne og okerfargar.

Benker

Rekneskapen frå 1717-1719 fortel at ein stol i kyrkja har fått nytt ryggstykke og ny dør med hengsler. Det er ei slitt fjøl i kyrkja som truleg er rest av ein benkevange. Fjøla er sveifa inn i overkant og har truleg hatt ei sveifa krone. Under enkel horisontal skolpesnittbord er det skore: KOLBEN PEDERSØN RAM. I skiljeveggen over inngangsdøra i vest er resta av ein tilsvarande vange der årstalet ANNO 1646 er innskore.

Benkene i kyrkja i dag er enkle, opne benker frå 1800-talet med tre bukkar, ein på kvar side og ein må midten. Bukkane har ei kløverbladforma opning mellom beina, svingar inn og opp til setet der framdelen er dekt av setefjøla. Over setehøgd er bakdelen svinga i ein boge bakover og krynt med skrå handlist/hylle og øvre ryggbrett. Nedre ryggbrett bak og over setefjøla. Det er lause benker av liknande type i koret. I søraustre hjørne er det ein fast veggbenk med brystning framfor. Brystninga har tre fyllingar i rammer og skrått bokbrett.

Andre benker

På galleriet står det ein lang, skøytt benk utan ryggstø på fire trapesforma bukkar. Setefjøla er av planke med enkel profil på framhjørnet. Bukkane er festa gjennom setefjøla.

I koret står ein enkel, kort benk med setefjøl festa mellom to sidevangar. Vangane er litt breiare oppe og nede enn på midten Fjøla er festa til vangane med naglar og med enkle skråstøtter. Oppe på vangane er det enkle horisontale border av skolpesnitt mot ein strek.

Skriftestol

Rekneskapane har fleire opplysningar pm skriftestol som kan ha stått i koret. Ved synfaringa i 1661-65 er det notert at det trengst ein rund fot kring skriftestolen, som ein altarring, «for Almuffuen at falde i Knæ paa, och heldst for gamble folch». I 1687-89 er skriftestolen teken opp og det er lagt nytt golv og golvåsar under og spileverk ved den eine sida til å sjå gjennom.

I 1717-19 vart det laga to kneleskamlar framfor skriftestolen.

Galleri

På eit eller anna tidspunkt har våpenhuset blitt delt av frå skipet. Det kan ha vore samstundes med at dei store bjelkane vart sette inn for å støtta opp kyrkja. Veggen mellom er bygd opp av lafteplank til golvhøgd i galleriet. Golvborda i galleriet kviler på denne veggen, på to bjelkar over bjelkebukkar ved langveggene og i tillegg er dei festa til dei vestre mellomstolpane ved midtgangen.

Opninga over døra har vorte tetta att, og på ein av desse plankebetane er det skore ut følgjande: ANNO 1646. I overkant av dette er det skoren dekor som kan tyda på at det har vore ein benkevange tidlegare.

Ryggveggen på galleriet er av breie, vertikalstilte bord, festa med spikar. På nordsida i våpenhuset går det ei bratt trapp opp etter vestmuren, ho er vinkla i hjørnet og held fram mot vest der det er ei låg opning til galleriet. (Frå hjørneavsatsen er det stige i to nivå opp til loft og klokketårn.) Opninga er mellom takbjelken og det kraftige, tverrgåande treet i vest. Frå dette er det to steg ned til gallerigolvet. Eit lite, vakse menneske kan stå oppreist på galleriet.

Gallerifronten har femten fyllingar i rammeverk. Baksida av fyllingane vender mot kyrkjerommet i aust. Brystningane er oppattbrukte og har venteleg tidlegare vore brukt i interiøret i kyrkja. Brystninga er skøytt to stader, også handlista. Mulege restar av dekorativ måling på fyllingar og rammer. Rammene er nagla saman med trenaglar, men festa med spikar til stolpane.

Skulptur

Over kordøra vart det i 1693-95 sett dreia pillarar og over det eit krusifiks som var gjeve av sognepresten. I 1717-19 vart krusifikset flytta høgre opp ettersom det stod i vegen for innsynet til altartavla. På det sveifa fotstykket som ber krusifikset er det skore inn følgjande: ANNO 1603 Foræredt. Krusifikset er, etter Bendixen «lite og stygt, lendeklædet har en svær sløife stående ut».

Jesusfiguren har skrådde armar og opprett hovud vend mot Jesu høgre side. Augo er attlatne. Langt hår og kort skjegg. Tornekrone. Knea er bøygde og føtene festa med ein nagle til krossen. Lendekledet er kort og knytt på hans høgre side med stor løkke. Over hovudet er festa eit skriftband med INRI på den sveifa krossen. Karnasjonen er kvit med rosa i kinna. Raude bloddråpar. Hår, skjegg og lendeklede er gullfarga, tornekrona grøn. Krossen er svart.

Måleri

Bendixen skriv følgjande om måleria i Kvamsøy kyrkje: «Arvingene efter Michael Sundt Tuchsen, (der 1785-89 hadde vært residerende kapellan i Vik, hospitalsprest i Bergen til 1808, og døde på sin eigedom, gården Maaren i Lavik 1817,) lot ved hans begravelse ophenge 7 små malerier i kirken:

  1. Maria bebudelse
  2. Frelserens fødsel
  3. Nadveren
  4. Korsdragningen
  5. Korsfestelsen
  6. Gravlegningen
  7. Den opstandne frelser i en mørk natt med tålmodighets og fromhetens symboler.

På en tavle i kirken fant Dahl antegnet at Ivar Legangers portrett, det samme som hang i Hopperstad kirke, også var skjenket til Kvamsø.»

Bendixe fann etterkvart seks av måleria frå Tuchsen. Fleire av dei hadde innskrift der det stod at dei var gjevne av Tuchsen i samband med gravferda hans 19. mars 1817.

Fire av måleria var i kyrkja ved denne registreringa. Dei viste

  1. Emmaus
  2. Bodskapen til Maria
  3. Gravlegginga
  4. Nedtakinga frå krossen

Rituelle kar

Parament

Det var laga ein ny messehakel før synfaringa i 1661-65, etter som den gamle var utsliten. Utgiftene vart dekte av allmugen og soknepresten. Alterduken var også sliten og det skulle skaffast ny av 8 alner lerret. Etter inventarlista i 1678 hadde kyrkja då ein messehakel og ein messeserk, ein lerrets altarduk og eit stripete, gammalt altarklede. Altarkleda vart oppbevarte i eit «schab i muren med itt wduelig laas for». I 1693-95 vart det sett nye ermer i messeserken, i 1696-98 vart messehakelen kante med gullgaluner.

Inventarielista frå 1702 nemner i tillegg eit kalktørkle, og i lista frå 1705 er det komme til eit raudt altarklede som vart gjeve av John Boelstad.

Bendixen nemner ein svart messehakel med fiolett kross frå 1700-talet, denne er no i Sæle kyrkje.

Altarduken som er i kyrkja i dag er i aidastoff og brodert med perlegarn i hardangersaum på tre sider. Borda er 20 cm brei og tunga i kanten og viser vekselvis krossar og kalkar.

Lysstell

Klokker

Inventarielista frå 1678 nemner to klokker i tårnet og ei i skriftekammeret. Men alt i 1687-89 står det i rekneskapen at det i mars 1688 berre var ei klokke i kyrkja, og at det vart laga ei ny etter kontrakt mellom stiftskrivaren og rotgytaren. Det vart også laga kolv til klokka. Opplysningane i rekneskapen er noko uklare, men truleg har den eine klokka då vore øydelagd. Det er venteleg denne som har hatt ei vekt på 8 våger, og vore ein del av grunnlaget for den nye klokka.

I 1701 vart ei ubrukeleg klokke, truleg den som var laga i 1688 ettersom mellomalderklokka framleis er i kyrkja, oversend til Amsterdam for omstøyping og ei nystøypt klokke vart send attende til Kvamsøy. Malmen i den gamle klokka var av dårleg kvalitet og vart ikkje så høgt verdsett. Av det som vart betalt for den nye klokka, betalte presten og allmugen ein del og Nils Eriksen ein del.

Klokka som var i skriftekammeret er det ikkje fleire opplysningar om. Det har venteleg vore ei handklokke.

Følgjande klokker heng i tårnet:

a) Klokke frå mellomalderen. Klokka har oppheng av midtboge og seks runda bøylar med dekor av snodde band sentralt på kvar bøyle. Flat kronplate. Skrådd hue som rundar ned mot hals med smale riller over og under eit band. Korpus har rett øvre del og utsvinga nedre del. Slagringen svingar ut og ned og er avgrensa oppe og nede med fleire riller. Han skrår opp innvendes. Diameter 51 cm, høgde ca. 50 cm med krone og 40 utan.

b) Klokke frå 1701. Krone av seks kanta bøylar og midtboge. Dekor med mellom anna (engle)ansikt sentralt på kvar bøyle. Flat kronplate, runda hue, rett hals med to band mellom riller. Det øvre bandet har dekorative ornament med fuglar og blomar, det ned ste har følgjande innskrift: CLAES NOORDEN ET ALBARTUS DE GRAVE ME FECIT AMSTELODAMI AO 1701. Under rillene under det nedste bandet er det ei bord med symetriske bladornament som vekslar med frukter. Korpus svingar ut mot fem riller i overgangen til slagringen som er ut- og nedbøygd og avslutta med riller. Innskrift på korpus: AMSTERDAM ANNO 1701/ QVAMS-ØES KLOCKE MAGIST. IVER/ ERICKSEN PROFST I SOGEN OCK SOGNEPREST I WIIK/ HO LUDWIG CHRISTOPHERSEN VICEPASTOR I WIIK/ S: NIELS ERICKSEN, BORGER I BERGEN. Diameteren nede på klokka er 58 cm, høgde 56 cm, utan krone 45 cm.

Orgel

Harmonium i mahogni med innskrift: Vestre’s, orgel og pianofabrikk, Haramsøy, Ålesund. Disposisjon: Basskoppel, Viola 4’, Viola dolce 4’, Diapson 8’, Diapson dolce 8’, Vox humana, Hohlfløyte 8’, Melodia 8’, Vox coelestis 8’, Serafone 8’ og Diskantkoppel.

Nummertavler

To enkle skjerebrettforma og svartmåla tavler med stiftar til oppheng av siffer. I nedkant er det sett på ei styrkande rammelist.

Møblar

Benk

Sjå under benker.

Brurestolar

To stolar i enkel drakestil. Lakka furu. Stolane har svungne bakbein. Frambeina er fram- og utsvinga nedst. H-kryss. Sarg med skorne sikksakkornament. Stoppa sete. Ryggbrett festa over ryggsprosse og under toppbrett, alt med skoren dekor. Bakbeina endar oppe med skoren bladvolutt. Stolane er merkte I. Høyvik 1959.

Offerutstyr

Tavle

Fattigtavle av tre med dreia handtak, runda rygg og skuffe med dekt bakre del. Bendixen registrerte følgjande myntar i tavla: «tre 2-skillinger fra 162 [1602?] 1667, 1677.

Klingpung

Pung av lyst grågrøn fløyel fora med lerret. Avslutta nede med (no) brun dusk. Pungen har dels losna frå metallringen som er festa til i stang av tre. På stanga heng no ei lita bjølle, då Bendixen registrerte kyrkja kring 1900 skreiv han at bjølla mangla.

Blokk og bøsser

Ei blokk av tre festa med to jarnbøylar til veggen. Jarnbeslag med spalte for pengar i loket. Merkt i nyare tid: Til Kvamsøy Kyrkje.

Bøsse av tre av fire ståande bord og med vidare botn og lok. Sidene er nagla saman med trenaglar. Loket har hank og jarnbeslag med spalte for pengar og har hengsle for hengelås.

Blekkbøsse, svart med kvit måla innskrift i fraktur: Til Hedningemisjonen.

Diverse

Bendixen nemner ei gåve, eit vokslys som enno fanst i kyrkja då han var der. Lyset var gult med gylte striper.

Skipsmodell

Inventarlista frå 1705 nemner eit skip som heng i kyrkja og som var gåve frå kaptein Rasmus Rasmusen. Skipet har ei måla datering til 1703, og var nytt då kyrkja fekk det.

Bendixen skriv følgjande om modellen:

Det omtalte skib henger nede i kirken, en liten tremastret modell med 2 rader kanoner og høit akterstell, 2 stenger og 1 liten mast på baugsprøitet, med mers som de 3 andre mastene. […] Det sises å være modell til et her bygget skib.[7]

Skipet har måla innskrift på begge sider av botnen: Enner Rasmes:… BOS:… og Rasmes Rasmessøn BOS:… På kjølen ANNO 1703. På bakstamnen: [C]HriSTi […]GE og AN[…].

Lykt

Ei blekklykt med gjennomhola sider og tårnforma lok.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

I 1717-19 vart det laga to nye kyrkjeportar med stolpar, tak dører og hengsle. Ved Visitasmeldinga i 1821 vart det klaga over kyrkjegardsmuren: « Hvad kirkegaarden angaar, er muren meget forfalden, og ligner mere en sammenkastet stenrøse end en muur. Ligesaa er der heller ikke nogen port for kirkegaarden».

Bendixen skriv om steinar ved kyrkja:

Ved kirkegårdsporten står to svære steiner, sannsynligvis bautasteiner. Worm omtaler en runestein som stod på Kvam, men runene er utydelige og slett leste. Der synes å stå:

Gunnar Bersasuno riste stain d(st)ena at … Ketilssunar er her var haugvin. er (is?) sten sja stender. D.e. Gunnar Beresøn reiste denne sten over … Ketilsson som her var drept, hvor denne sten står.[8]

Kyrkjegarden har no ein port i steinmuren. Muren er ujamnt oppmurt av dels runde natursteinar. Porten vart oppattnya i 20.. Det er graver på alle sidene av kyrkja, dei fleste på nord- og sørsida. Kyrkjegarden er ikkje utvida etter at kyrkja vart teken ut av bruk.

Gravminne

Då gravkapellet til Gerhard Munthe vart demontert, vart kistene samla i ei fellesgrav på kyrkjegarden, medan kisteskjold og plater vart tekne vare på i kyrkja, sjå foto.

Reiskapsbu

På utsida av kyrkjegarden eit stykke frå inngangsporten, vart det i 20.. (?) sett opp ei enkel reiskapsbu. Bua har vegger i bindingsverk kledde med enkel, liggjande panel og kvitmåla. Huset er dekt med saltak tekt med raude takpanner. Fløydør i den gavlveggen som vender mot kyrkja.

Kjelder

Utrykte kjelder

Bendixens manus, kopi av avskrift av manus «Kirkerne i nordre Bergenhus Amt»

Rekneskapar 1667 – 1673, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, l.nr. 1724

Rekneskapar 1678 – 1725, Statsarkivet i Bergen, Kirkestolebok l.nr. 51

Visitasmeldingar, Statsarkivet i Bergen, Bjørgvin Biskop, Visitasmeldingar 1817 – 1857

Trykte kjelder

Kloster, Robert, «De gamle kirker i Viks prestegjeld», Kvamsøy kirke, s. 214-226 i Hoprekstad 1951

Hoprekstad, Olav (red.), Bygdabok for Vik i Sogn I, Bergen 1951

  1. Etter Bendixens manus
  2. Måla for repositoria er tekne frå Bendixens manus
  3. Måla for nisjen er tekne frå Bendixens manus
  4. Visitasmelding 1838
  5. Notat frå NIKU datert 13.09.12. NIKU har også levert oppdragsrapportar 126/2010 og 280/2011
  6. Alle opplysningar frå NIKUs notat.
  7. Bendixens manus
  8. Bendixens manus

Sogn og Fjordane

Balestrand

Kvamsøy

Bjørgvin

Indre Sogn

Mur

2013