Norheimsund kyrkje

Fra Norges Kirker

Revisjon per 27. okt. 2020 kl. 15:04 av Elisabeth (diskusjon | bidrag) (→‎{{Lukket|Lysstell}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Kyrkja i Norheimsund er den første kyrkja på staden. Kvam herad gav tomt til kyrkja, ein tomt ytst på eit høgdedrag vest for bygdesenteret, medan sjølve kyrkjebyggeriet vart gjennomført under leiing av stiftinga ”Nytt kyrkjebygg i Norheimsund” som vart skipa i 1985. Den ferdige kyrkja vart overført til Heradet som står for driftinga av bygget.[1] Kyrkja står her som eit merke, synleg og med utsyn langt utover Samlafjorden mot søraust. Mykje av arbeidet med kyrkja vart utført på dugnad av bygdefolket over eit tidsrom på fleire år, frå 1985 til 1992. Grunnstein vart lagd ned 26. aug. 1986 av biskop Thor Widt og kyrkja vart vigsla av biskop Per Lønning 4. juni 1989.[2] Arkitekt var Peder A. Ristesund, Bergen, som har teikna eit kyrkjeanlegg med alle dei funksjonane som ein no ventar at eit kyrkjebygg skal ha. Sjølve kyrkjerommet kan utvidast når ein treng det, det er godt med kontorplass, garderobefasiliteter, kyrkjestove, rom for dåpsfolk, kyrkjelydssal, kjøkken og meir. Byggmeister var Norvald Soldal frå Øystese.

Nord for kyrkja ligg ein barnehage som var inkludert i utbyggingsprosjektet, på vestsida ligg parkeringsplass, inngangsparti og idrettsanlegg. I sør ligg ein skjermande voll omkring kyrkjeområdet. Kyrkjegarden, eller nærområdet rundt kyrkja, er utforma som park, med stiar, murar og trapper som inkluderer ulike kunstprosjekt. (Sjå nedafor under kyrkjegard.)

Bygningen

Bygningen er dominert av dei store takflatene, låge, kvite murvegger og avgrensa glasfelt. Ho har tilnærma hovudform som ein rettvinkla trekant med fleire ekstra vinklar, og opnar seg mot inngangen i sørvest. Det kvadratiske kyrkjerommet ligg i den rette vinkelen mot nordaust og er dekt med pyramidetak, ut frå denne går det eit valma saltak mot vest med kontorfløy og eit breiare og lengre valma saltak mot sør med ekstra forsamlingsrom og kjøkken. Inngangshallen mellom fløyane er også primært eit kvadratisk rom i framhald av kyrkjerommets midtgangsdiagonal. I tillegg har han ei utviding i form av gang mot sør med glasvegg i vest og inngang til forsamlingsromma i aust. Nord for inngangshallen ligg garderobe med gjennomgang til kontorfløyen.

Vegger

Yttervegger og innvendige berande vegger er mura i leca og for ein stor del strukturpussa og kvitmåla. Nokre av murveggene er glattpussa innvendes. Lettvegger er i bindingsverk med gipsplater og glasfiberstrie og måla.

Sjølve kyrkjerommet har diagonal midtgang og altar i det nordaustre hjørnet. Altartavla av betong har skjermform som fungerer som vegg mot hjørnet. Ytterveggene i hjørnet er trekte lengre ut enn murlivet elles, og mellomrommet har vindauge med løynt lysinnfall til altarpartiet. Hjørnet bak altartavla fungerer som oppbevaringsrom for liturgisk utstyr.

Ytterveggene nord og aust i kyrkjerommet har i tillegg to lysspalter frå golv til tak i kvar vegg. Sørveggene, først mot ekstra kyrkjerom og vidare mot møtesal, har faldevegger i mest full høgd. Ytst på kvar side i sørveggen i kyrkjerommet er inngangar, lengst aust inngangsdør frå kyrkjegarden, i sørvestre hjørne hovudinngang frå inngangshallen. Vestveggen er elles heil og ubroten, med unntak av ei dør mellom kontorfløyen og kyrkjerommet i nord.

Veggene i kontordelen er i hovudsak støypte, men med einskilde innvendige skiljevegger i bindingsverk.

Portalar og dører

Opningane inn til kyrkjehuset er i hovudsak frå kyrkjebakken i vest. Desse inngangane er opne og dominerte av glas ved at dørene har kvadratiske ruter i metallrammer og er sette inn i vegger av glas. Inngangspartia fungerer slik som ein stegvis overgang mellom ute og inne. Hovudinngangen er gjennom fløydør i vestveggen inn mot inngangshallen. Det er også fløydør i glas inn til sørgangen ved forsamlingshuset. Inngangen til kontordelen i nord er også ei glasdør og sameleis inngangen til kyrkjerommet på sørsida. Med unntak av fløydører frå inngangshallen inn til kyrkjerommet i det sørvestre hjørnet, som også er ei glasdør, er dei indre dørene fyllingsdører i tre med tre like store fyllingar.

Korskiljet

Det som markerer skiljet mellom kor og skip i denne kyrkja er lysspaltene i muren, og markeringar på golvnivå. Altarpartiet er avgrensa ved at knefallet og golvet innafor ligg eitt steg over golvet i skipet, sjølve altaret ligg enno eit steg høgre.

Vindauge

I sjølve kyrkjerommet er lysopningane i hovudsak vertikale. Det er to løynde lysspalter der lyset fell inn på altaret i det nordaustre hjørnet. I aust- og nordveggen er det to lysspalter i full høgd, kvar inndelt i fem ruter. I tillegg er det eit horisontalt band med glasruter i takryttaren over den øvre ramma. Desse gjev overlys over altarområdet. I den ekstra kyrkjesalen er austveggen primært av glas i form av tre karmar med fire liggjande ruter i kvar. I den andre frå golvet er det eit kvadratisk luftevindauge i eine sida. I kyrkjelydssalen er det tilsvarande med mindre vindauge i søraustre hjørne og i sørveggen. Desse går ikkje heilt til golvet. I alle hovudinngangar er dørene av glas i rammer og dei er sette inn i vegger som er dominerte av glas. Den kvadratiske inngangshallen og gangen på vestsida av kyrkja har glasvegger inndelte i liggjande ruter. Sameleis er inngangen til kontorfløyen i nord flankert av glasvegg. Hjørna i kontorfløyen er markerte med glas og elles er det vindauge til dei einskilde kontora i nordmuren.

Golv og fundament

Kyrkja har støypt fundament. Golvet i heile kyrkja er av kvadratiske, raude teglsteinsfliser, 29 cm i firkant.

Tak

Taket i kyrkjerommet er skeivt pyramideforma, med spissen trekt mot altarhjørnet i nordaust.

Hovudvekta av pyramidetaket kviler ikkje på veggene, men på kraftige limtredragarar i ei ramme innafor veggene. Ramma vert halden oppe av åtte armerte betongsøyler, to på kvar side, og er festa til desse i kraftige metallsko og sikra med boltar og mutterar.

Pyramiden er også broten av ei limtreramme i overkant. Denne ramma ber lanterne med lysinnslepp over altarområdet og takryttar i overkant. Mellom øvre og nedre ramme er det limtredragarar som hjørnesperrer og fem mellomsperrer på kvar side, kraftigare på dei lengste sidene mot sør og vest. Taket er i tillegg stiva av i sideretning med kryssband. Innvendes ligg det spiler og kvitmåla plater over dragarane. Over inngangspartiet i sørvest held pyramidetaket fram, men med slakare vinkel.

Forsamlingsdelen mot sør har valma saltak, sameleis kontordelen mot vest. I forsamlingsdelen er romma opne opp til taket og takstolane er sette saman av sperrer, hengebjelke og dobbel bindbjelke i form av tang om sperrer og hengebjelke, alt av limtre. Den valma delen har dei same elementa i stjerneform. I kontordelen er det truleg tilsvarande konstruksjon over himlinga. Her går nordre yttervegg lengre nord enn nordveggen i kyrkjerommet, og ein del av taket er her forma som eit pultak i framhald av pyramidetaket. Utvendes er alle taka tekte med ruteheller.

Himlingar

I kyrkjedelen og i forsamlingsromma i sør er det open himling med synleg takkonstruksjon. I inngangshallen er den diagonale dragaren dominerande i takkonstruksjonen, i kontordelen er det flate himlingar av kvitmåla plater.

Tårn

Kyrkja har ein takryttar som avsluttar pyramidetaket over kyrkjerommet. Den øvre ramma i taket utgjer vegger i nedre del av takryttaren. Panelte vegger held fram over ramma til dei bryt den ytre takflata. Her er veggene mellom hjørnestolpar og mellomstolpar utfylte med glas, i fire rammer i kvar av dei fire retningane. Over vindauga er takryttaren dekt av flat himling som også er golv i klokkestova. Utvendes formidlar eit skjørt overgangen til ein smalare, kort del av takryttaren, dekt utvendes med liggjande panel. Takryttaren er avslutta med pyramideforma hjelm som ber gylt kross.

Interiør

Kyrkja har kvadratisk kyrkjerom med altar i nordaustre hjørnet framfor ei diagonal skjermaltartavle som avgrensar eit rom for liturgisk utstyr og midtgang diagonalt frå altaret til inngangen i det sørvestre hjørnet. På kvar side er det benkerekker som står vinkelrett mot kvarandre. Preikestolen står på nordsida i skipet ved knefallet. Døypefonten står i midtgangen framfor knefallet. Orgelet, som har ein etter måten dominerande fasade, står ved vestmuren i kyrkjerommet.

Fargar

Fargane i kyrkjerommet er dominerte av dei viktigaste materialane i bygget med treverk i takkonstruksjonen, kvitmåla murvegger og raudt teglgolv. Benkene er også i trefarge, med puter i lys fiolett. I tillegg vil fargane i interiøret alltid bera preg av dei ulike årstidene ved at lysspaltene i veggene slepper naturinntykka inn i kyrkja.

Lys og varme

Elektrisk lys og varme.

Inventar

Altar

Altaret er åttekanta med dei to lengste sidene mot kyrkjerommet og mot altartavla. Det er bygt opp med overdel og med sokkel med skaft og fot. Overdelen har bordplate av svart stein som kviler på eit rammeverk med ei fylling i kvar av dei åtte sideflatene. Sokkelen er tekt med raude teglfliser som golvet, skaftet er rett medan foten skrår ut mot golvflata.

Altartavle

Altartavla er laga i betong og forma som eit triptyk med smale fløyer. Den oppstadne Kristus utgjer sentrum i framstillinga. Han er ikkje støypt, men forma i tynn, kvit marmor som er gjennomlyst frå ryggsida. Midtdelen er elles støypt i fleire stykke med forskalingsbord lagde i stråleform ut frå Kristus-figuren som står i sentrum. Fløyene er bretta noko fram og held fram strålemønsteret i betongoverflata. Figurane utanom Den oppstadne er framstilte i steinmosaikk i utsparingar i betongen.

Altartavla har eit detaljert ikonografisk program. Det er i engelsk og tysk kortversjon i faldaren forklart slik (forfattarens omsetting til norsk):

Betongtavla viser hovudbodskapen i evangeliet i to delar.

Den øvste delen viser den sentrale, lysande oppstadne Kristus som kjem med frelse og signing. Omgjeven av ein mangefarga skare av lovsyngjande englar, - men også som offerlam som gjev sitt reinsande blod.

Nedafor: Steinrelieff syner ulike stadium i menneskelivet. Frå venstre: Livet etter lova og Guds krav, - gjennom freisting, opprør og synd.

I midten: Å ta imot Guds rike som eit lite barn.

Til høgre: Livet under Guds nåde: eit vitne om Evangeliet, - eit medmenneske som kjem med liv og von, - og held fram vona om oppstode og evig liv.

Altartavla er konstruert av den lokale kunstnaren Audun Storaas.

Følgjande innskrifter er forma med gullmosaikk på endeflatene: GUD VÆRE ÆRE på venstre side og SOLI DEO GLORIA på høgre.

Altarring

Tresida knefall på steget mellom kyrkjerom og altarrom. Knefallet er markert med stoppa knelepute, stoppa og trekt med kypertvove, lyst fiolett ullstoff ytst på steget, og med rekkverk av tre, der postar ber flat handlist med indre hylle for særkalkar. Det er opning i knefallet sentralt framme og på kvar side.

Døypefont

Åttekanta døypefont med kum, skaft og fot. Kummen er av tre og har rammeverk med ei fylling til kvar side. Oversida er dekt med åttekanta steinplate med rundt hol for dåpsfatet. Skaftet og foten er kledd med raude teglfliser. Skaftet er rett, foten skrådd ut mot golvet.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er som altaret og døypefonten forma med sokkel av rett, kort skaft og skrå fot kledd med teglfliser, og med korg av tre med ei fylling til kvar side. Han har fem sider av ein åttekant og står fritt på golvet med enkel trapp med to steg frå nordsida.

Benker og faste stolar

I kyrkjerommet er det benker på begge sider av den diagonale midtgangen. Benkefelta står i rett vinkel til kvarandre. Benkene er kortast nærast altaret og lengst i sør og vest. Dei lange benkene er sette saman av fleire små. Dei er av lakka furu med beinpar med sarg ved om lag annakvart sete. Bakbeinet går opp og støttar ryggplata og ei salmebokylle i setehøgd. Sargen er skråskoren i overkant og ber benkeplata. Både sete og rygg har faste puter som er stoppa og trekte med kypertvove, lyst fiolett ullstoff. Ekstrasalen i sør har tilsvarande benker med midtgang i nord-sørleg retning.

Skulptur

Sjå nedafor under kyrkjegard.

Rituelle kar

Kalk av sølv med utskrådd kupa, innvendes gylt og med djupt nebb. Kort innskrådd skaft med vertikale riller og høg, konisk fot som nede svingar ut over standkant. Latinsk kross siselert på foten, innskrift på standkant: NORDHEIMSUND KYRKJA 4-6-1989. Stempel: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN. Høgde 24,7 cm, diameter 11,7 cm.

Særkalkar av plett, innvendes gylte. Flat kupa, høg nodus med rille, høg, utsvinga fot på standkant. Latinsk kross på foten. Stempel GP og tårn.

Skei med rundt blad med ni silehol, stangforma skaft med tverriller og bladform i enden. Stempel TO og 830. Lengde 15,5 cm.

Vinkanne av sølv med kjegleforma korpus som i overkant svingar ut i vid hellekant framme. C-forma hank festa til øvre del av korpus. Latinsk kross på korpus. Innskrift under botnen: LJOSESTAKAR, ALTER OG NATTVERDSYLV ER GÅVA FRÅ KYRKJERINGEN TOLO PENSJONISTLAG. NORDHEIMSUND KYRKJA 4-6-1989. Stempel: 830 S og kalk i oval. Høgde 25,7 cm, vidde frå hank til hellekant 12,7 cm.

Disk av sølv med brei, lett konveks rand og nedskrådd vegg mot flat botn. Innskrift under botnen: NORDHEIMSUND KYRKJA 4-6-1989. Stempel: 830 S, kalk i oval og TH. MARTHINSEN. Diameter 16,2 cm, høgde 1,9 cm.

Kyrkja har to oblatøskjer med nærast identisk form. Begge er sylindriske med lett konvekst lok med latinsk kross siselert på loket. Den nedbøgde kanten på loket er vidare der han dekkar korpus, og denne delen er 0,2 cm høgre på den eine.

a) Oblatøskje i plett med følgjande innskrift under botnen: GÅVA FRÅ ÅLVIK KYRKJELYD 4-6-1989, stempel på korpus: tårn, TH. MARTHINSEN, N i kvadrat og 12. Stempel på loket: tårn, N i kvadrat og 11. Diameter 11 cm, høgde 4,8 cm.

b) Oblatøskje i sølv med følgjande innskrift i skriveskrift på korpus: Gåve frå Øystese Gullsmedforretning. Stempel på korpus 830 S, kalk i oval og TH.MARTHINSEN. Stempel på loket 830 S og kalk i oval. Diameter 10,9, høgde 4,2 cm.

Dåpsfat i plett med forsterka kant. Randa er lett konveks og svingar ned og inn mot lett konkav botn. Due i sky med krossforma stråleglans i botnen. Innskrift under: NORDHEIMSUND KYRKJA, GÅVA FRÅ ØYSTESE KYRKJELYD 4-6-1989. Stempel: Tårn, N i kvadrat og TH. MARTHINSEN. Diameter 36,8 cm, høgde 5 cm.

Standard pæreforma kanne i plett med høg og vid hellekant, svungen hank og rund, utsvinga fot. Due i sky med krossforma stråleglans på korpus. Stempel: Tårn, N i kvadrat og TH. MARTHINSEN. Høgde 35,3 cm, vidde ved hank og hellekant 20,2 cm.

Parament og tekstilar

Då kyrkja var ny i 1989 vart det skaffa nødvendige tekstilar frå Slabbinck (Sl.). Nokre av dei mange stolaene i kyrkja er soknepresten sine private, det gjeld til dømes dei stolaane som er formgjevne av Elsa Rimington (ER) og to samariar.

Eit stykke ut på 1990-talet vart det aktuelt å skaffa nye tekstilar, og desse vart leverte av Spindelvev i Bergen og formgjevne av Inger Johanne Rasmussen. Eit fellestrekk ved dei grøne, raude og fiolette tekstilane frå Spindelvev, er at dei er vovne i ein stripeeffekt i fleire fargenyansar og materialar der mørke og lysare striper vekslar. Tråden er i tillegg ikatfarga slik at fargen også vekslar i lengderetninga. Dei kvite tekstilane har fått eit eige preg.

Kyrkja har ein kvit altarduk i lin som er handvoven i eit dreiels rutemønster med binding i kypertvariasjon. Duken er noko breiare og lengre enn antependia og ligg under desse i same retning. Det finst også ekstra stoff i dette materialet i kyrkja.

Antependia har same form. Dei heng over altarbordet og går mest ned til golvet både på framsida og på baksida. Der det er tilsett motiv i tillegg til sjølve stoffet, er dette plassert på den sida som vender mot kyrkjelyden.

Antependium til altaret

Kvitt og fiolett antependium med applikerte motiv, Slabbinck. Den kvite sida har kross med sirkel i krossmidten. I sirkelen er innteikna kross og krone. Den fiolette sida har krosslam med logar(?) ved forbeina og alfa og omega ved bakbeina. Bølgjeformer under lammet.

Raudt antependium med applikert motiv, Slabbinck. Stoffet har ei mørkare stripe sentralt. På denne er det applikert ei due. Under dua fem logar i bogeform.

Grønt antependium med brodert motiv, Slabbinck. Motivet er sydd med gul tråd og viser kross og tre aks.

Grønt antependium, Spindelvev. Ull og silke (eller viskose).

Kvitt antependium, Spindelvev. Det kvite antependiet skil seg frå dei andre og er meir feststemt, både i materialbruk og i mønstring. Her er ikkje brukt ull, og det er lagt inn gullfarga metalltrådar. I staden for striper er det laga eit rutemønster som dannar gylte krossar med gylt ramme på kvit botn.

Raudt antependium, Spindelvev. Ull og silke (eller viskose).

Fiolett antependium, Spindelvev. Ull og silke (eller viskose).

Antependium til preikestolen

Preikestol-antependia har tilnærma kvadratisk form.

Grønt preikestol-antependium, Spindelvev. Stripa i grønt og turkis med innvovne aks. Hovudmateriale: lintov. Fôr av linlerret.

Kvitt preikestol-antependium, Spindelvev. Kvit botn med gylt stjerne eller åttebladrose. Gult og kvitt lingarn og innslag av gullfarga metalltråd. Fôr av linlerret.

Raudt preikestol-antependium, Spindelvev. Stripeeffekten er der, men antependiet er dominert av gulkvite logar mot raudrosa botn. Likearma krossar er vovne inn som repetert mønster som følgjer stripene. Hovudmateriale: lintov. Fôr av linlerret.

Fiolett preikestol-antependium, Spindelvev. Stripa i rosa og fiolett med oransje tornekrone og sol svakt markert med sølvpunkt. Hovudmateriale: lintov. Fôr av linlerret.

Antependium til lesepulten

Lesepult-antependia er lange og dekkar framsida på lesepulten.

Grønt lesepult-antependium med kross med sirkel, Spindelvev. Ull og silke (eller viskose).

Kvitt lesepult-antependium med gylte aks på kvit botn, Spindelvev. Kvitt og gult lingarn med innslag av gullfarga metalltråd.

Raudt lesepult-antependium med kross med sirkel, Spindelvev. Ull og silke (eller viskose).

Fiolett lesepult-antependium med kross med sirkel, Spindelvev. Ull og silke (eller viskose).

Messehaklar

a) Raud messehakel, Slabbinck, av tynt stoff i ullerret med to raudfargar i breie striper slik at den mørkast fargen utgjer stolpe og ytterkantar på hakelen. Raudt nylonfôr. På forsida har hakelen kristogram forma av gullfarga snor, på ryggsida kross av snor med applikert lilje i krossmidten. Merkt Slabbinck 1988. Høgde 120 cm, vidde 142 cm.

b) Kyrkja har messehaklar frå Spindelvev i dei fire liturgiske fargane. Haklane har to vertikale saumar på kvar side. I midtstykket er det lagt inn ein tilleggsfarge som vert nytta i mønsteret. Fôret, som er av natursilke i same farge som hakelen, er skøytt på tilsvarande måte.

c) Grøn messehakel med gul gaffelkross i midtstykket på begge sider. På forsida er det i tillegg vove inn aks i krossmidten og nokre korn er markerte med broderi. Høgde 107 cm, vidde 96 cm.

d) Kvit messehakel med gul gaffelkross i midtstykket på begge sider. På forsida er det vove inn ei sol i krossmidten. Høgde 105 cm, vidde 97 cm.

e) Raud messehakel med gul gaffelkross i midtstykket på begge sider. På forsida er det vove inn flammar i krossmidten. Høgde 105 cm, vidde 98 cm.

f) Fiolett messehakel med grøn gaffelkross i midtstykket på begge sider. På forsida er det vove inn ei tornekrone i krossmidten. Høgde 107 cm, vidde 98 cm.

Det heng to messeskjorter i kyrkja.

Lysstell

To altarstakar i sølv, med lyspipe for smale altarlys, vid lysskål kort skaft med vertikale riller over høg, konisk fot som nede svingar ut mot standkant. Latinsk kross på foten. Innskrift på standkant: NORDHEIMSUND KYRKJA 4-6-1989. Stempel: 830 S, kalk i oval og TH. MARTHINSEN. Høgde 30 cm, diameter ved foten: 15,2 cm.


Kyrkjerommet har fleire lysekroner av massing med 15 lysarmar som ber lyspærer i svaktbruntona, klåre glaskuplar. I andre rom i kyrkja er det tilsvarande kroner i taket, men med færre lysarmar på kvar krone.


Lampettar av massing med glaskuplar i same serie som kronene (sjå ovafor). Kvar lampett har to lysarmar.

Klokker

Klokkene heng i takryttar over kyrkjerommet. Dei er ikkje registrerte. Klokkene i tårnet vart første gongen tekne i bruk på julafta i 1988.[3]

Orgel og andre instrument

Orgelet er bygd av firmaet Ryde & Berg, Gressvik. Arkitekten Ulf Odæus. Instrumentet er prega av orgeltradisjonen frå 1700-talet og har mekaniske overføringar. Det har 21 stemmer og 2 manual. Orgelet har 1600 piper i tre og metall frå den minste på 12 med meir til den største på 4,80 m. Orgelet vart vigsla 31.1.1993.[4]

Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

I tillegg er det følgjande koplingar på pedal: II+I, P+I, P+II og P+II4’.

Piano, Yamaha, svartlakka.

Møblar

Eit par brudestolar. Stolane er merkte med Hardanger Gyldenlær og lærdesign, Ringøy på innsida av sargen. Undersetet er festa sølvskilt med følgjande innskrift med versalar: Gåva til Nordheimsund kyrkje ved vigslinga 4.6.1989. Helga Sandven, Maria Mo, Jorunn Pedersen, Margit Neteland, Anna Byrkjeland, Astrid Valland.

Offerkar

Lagga treskål med filt i botnen. Skåla vert nytta ved offer på altaret. Under botnen er det svidd inn følgjande innskrift: Gj. Birkeland. Brynhild Birkeland. Gåve til Nordheimsund Kyrkje 20/9 1992. Diameter 35 cm. høgde 14 cm.

Kollekthovar på ring med motstilte, fastskrudde, brunbeisa handtak. Posen er av brunraud fløyel med svarte innslag. Ufôra.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv med konisk korpus med utsvinga kant, fot med vertikale riller over utsvinga fotplate på standkant. Innskrift med gotisk trykkskrift likt på begge: Gåve frå Nordheimsund Vel på ei side og Nordheimsund Kyrkja på den andre. Stempel: 830 S, kalk i oval og A. Høgde 25,3 cm, diameter oppe 12,7 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Området rundt kyrkja er ikkje innegjerda, men er likevel eit avgrensa anlegg som merkjer seg ut som eit parkområde gjennom utforming og planting. Det er samlingsstad på vestsida framfor inngangen. Underlaget her er dels lagt med betongstein, dels med naturstein. Både rundt kyrkja og i området elles er det singelgangar. På sørsida ligg eit uterom som er avgrensa med tørrmur og rosebed og dekt med skiferheller.

Relieff

Relieff på marmorplater er sette inn i skifermuren på kyrkjebakken vest for kyrkja. Audun Storaas, som også har laga altartavla i kyrkja, har utforma relieffa som er teksta på hogne skilt. Frå venstre:

  1. JESUS RID INN I JERUSALEM
  2. JUDAS SVIK
  3. PETER FORNEKTAR
  4. JESUS VERT HUDFLETTA
  5. KRISTUS OG PILATUS. På relieffet: ECCE HOMO.
  6. GOLGATA
  7. DEI BAR JESUS TIL GRAV. På sjølve relieffet: DEI LA HAN I EI GRAV HOGD I BERG.
  8. RØVAREN PÅ KROSSEN. På sjølve relieffet: TIL PARADIS? EG?
  9. Ei nisje eller gravhole i skifermuren med ei tilsiderulla steinhelle. Ved grava går ei trapp opp i hagen der ein også finn ”Sykars brønn”.

Det ligg føre planar om vidare utvikling av området i samarbeid med Storaas.

Gravminne

Det er ingen gravminne på kyrkjegarden. Kyrkjelyden i Nordheimsund har gravplass og bårerom ved Vikøy kyrkje.

Kjelder

Utrykte kjelder

Kallsbok, Kyrkjekontoret i Norheimsund

Trykte kjelder

Røyrvik, Jakob: Norheimsund kyrkje, faldar

==

Bilder

Fotnoter

  1. Kallsbok, s. 43
  2. Kallsbok, s. 58
  3. Kallsbok på kyrkjekontoret s. 57f.
  4. Røyrvik, Jakob: Faldar.