Forskjell mellom versjoner av «Norum kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Linje 423: Linje 423:
 
[[Kategori:Sogndal kommune]]
 
[[Kategori:Sogndal kommune]]
 
[[Kategori:Sogn og Fjordane fylke]]
 
[[Kategori:Sogn og Fjordane fylke]]
[[Kategori:...]]
+
[[Kategori:KL (§ 17)]]
 
[[Kategori:Etter 1850]]
 
[[Kategori:Etter 1850]]
 
[[Kategori:Tre]]
 
[[Kategori:Tre]]
 
[[Kategori:Langplan]]
 
[[Kategori:Langplan]]
 
[[Kategori:Publiseringsår 2012]]
 
[[Kategori:Publiseringsår 2012]]

Revisjonen fra 4. sep. 2012 kl. 07:18


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.

Norum kyrkje

Anne Marta Hoff


Bakgrunn

Den gamle kyrkjestaden Norum eller Ylmheim ligg på nordsida av Sogndalsfjorden innafor Nordnes og sørvest for kommunesenteret Sogndal. Dei tidlegare kyrkjene, først ei stavbygd kyrkje og så ei tømmerkyrkje, låg på utsida av dagens kyrkje, på ein oppmurt terrasse over fjorden, men då den noverande kyrkja vart reist, vart kyrkjestaden flytta over til den andre sida av bygdevegen der ho er omgitt av frukthagar, jordbruksland og nokre bustadhus. Kyrkja er uvanleg orientert med inngangen tilnærma mot nord og koret mot sør.

Stavkyrkja

I 1686 hadde stavkyrkja kor av tømmer, våpenhus på nordsida og tårn på ”Vestre Ende”. Ho var 22 alner lang, 14 alner brei, koret var 10 alner i kvadrat og våpenhuset nær seks alner i kvadrat. Kyrkja var då ”meget brøstfeldig” og det vert i synfaringa rekna opp ei mengd nødvendige tiltak.

Tømmerkyrkja

Det vart bygt ei ny kyrkje på Norum i 1701. Kyrkja vart oppført av den kjende kyrkjebyggjaren Askild Tepstad ”et consortes” og var ei krosskyrkje med tårn og våpenhus (rekneskapar 1699-1701). I synfaringa frå 1709 heiter det om ”Ølmens Kirche” at ho er ei ”Kiøn ny Kors-Kirche af Tømmer, bygt Anno 1701, med Taarn paa”. Kyrkja er ”Vell Holden och indvortes Kiøn prydet med Mahling och andre ornamenter som dertill er forærit”.[1]


Synfaringa frå 1721 gjev enno fleire opplysningar, mellom anna om måla på kyrkja. Kvar krossarm var ni alner lang og ti alner brei, våpenhuset var fem alner langt og seks aner breitt. Kyrkja hadde eit vakkert tårn ovanpå og det var kjøpt inn takpanner til tekking av taket. Inni var kyrkja prydd med snekkararbeid, og måla overalt.[2]

Kyrkja frå 1863

Bygningen

Den nye kyrkja vart reist i 1863 etter teikningar av Grosch. Det er ei treskipa langkyrkje med tårn i aust og smalare kor i vest flankert av sidebygningar som samla har same breidde som skipet, men med koret under lægre tak enn skipet og med korets siderom under lægre tak enn koret.

Vegger

Kyrkja er lafta opp i tømmer med flatskorne sider (men med meddrag). Skipet og koret er lafta opp som eit rektangel med same breidde, men der kordelen er lægre. Innerhjørna mellom kor og skip er lafta saman. Utvendes er kyrkja kledd med liggjane, glattkanta panel og kvitmåla. Veggene i tårnfoten er ikkje lafta inn i nordre endevegg i skipet.


Langveggene i skipet er inndelte med tre par opplengjer som korresponderer med mellomstolpar og deler skipet inn i fire fag der faget i aust har tverrgalleri med eit høgtstilt trekopla vindauge og dei tre vestre faga har større vindauge avslutta oppe med gavl. Sideveggene i koret har tilsvarande høgtstilte, trekopla vindauge som i koret.


Innvendes er veggene i skipet avluta, medan dei i sakristiet på nordsida har ein grågul fargetone og i opphaldsrommet for dåpsfølje på sørsida er bleikt grøne. Utvendes er veggene kledde med liggjande, glattkanta panel med glatt vatnbord over fundamentet og med skråstilt glatt bord under det underkledde takskjegget. Endeveggen i koret har to opplengjer.


Sideromma var opphavleg samanbundne med ein gang ved endeveggen sør for altaret med dører på begge sider av altaret, og sjølve koret var då ca 90 cm kortare enn det er i dag. Dei tre sidene utgjorde ein omgang i koret. Innerveggene i omgangen nådde tre fjerdeleler opp i forhold til full vegghøgde.[3] I langveggene i koret står det eit vertikalt bord på kvar langside ved søndre avslutting av vindauga, ca 90 cm frå endeveggen. Sør for desse borda er veggene sekundært tetta att med nye stokkar under tredje stokk rekna frå vindauget, her har det tidlegare vore opning til sideromma. Endeveggen har attspunsa opning for dør ut sentralt. I tillegg er det fire attspunsingar etter feste for eit tak over omgangen.

Portalar og dører

Kyrkja har fløydør under gavlforma overlys med diagonale ruter inn til tårnfoten og vidare fløydør inn til skipet. Fløydøra til tårnfoten er fornya. Mellom gallerigangen og galleriet er det to enkle dører. Frå korets siderom er det dører i endeveggen ut mot trapp til kyrkjegarden og mot skipet i nord, døra frå sakristiet fører til preikestoloppgangen. Det er også dør mellom sakristi og kor. Alle dørene er enkle fyllingsdører med ei rektangulær fylling i midten og ei kvadratisk oppe og nede. Dørene har nyare låsar, dørvridarar og nøkkelskilt. Ytterdørene i korets siderom er utvendes kledde med ståande, brei staffpanel og har sveifa gangjarn.

Korskiljet

Koret opnar seg i full breidde og høgde mot skipet, avslutta oppe med gavlform som følgjer himlinga i koret. Korgolvet, som skyt seg noko inn i vestdelen av skipet, er heva tre steg i forhold til golvet elles og har sentralt to boga trappesteg, flankert av rekkverk med dreia pillarar til begge sider i skipets fulle breidde.

Vindauge

Langveggene i skipet har tre store vindauge med gavlforma øvre avslutting. Kvart vindauge har to rammer skilde med midtpost og med 2 x 8 ruter i kvar ramme. Rammene er også avslutta med gavl og har ei diagonal rute mellom seg i overkant. Over galleriet over inngangen er det trekopla vindauge med tre rammer med gavl i overkant. Kvar ramme har 2x3 ruter. Langveggene i koret og i korets siderom har tilsvarande trekopla vindauge, i koret høgtstilte som på galleriet. Dei store vindauga i skipet og vindauga i koret har sekundært tilsette innervindauge med småruter i bly. Også i opphaldsrommet for dåpsfølgje er det ekstra innervindauge, men her med enkle glas. I korgavlen står det eit rundt vindauge med radiært stilte sprosser. Dette vindauget er no berre synleg utvendes. Innvendes er tømmeret ikkje gjennomgåande i gavlen, men skøytt mellom innafor dei to opplengjene der veggen sekundært er tetta.

Golv og fundament

Det ligg bordgolv i skip, kor og siderom. Golvet i skipet er nyare med smale, pløygde bord, i sideromma heilt nytt tilsvarande golv. Desse golva er lakka.


Det eldste golvet ligg i koret og i søndre del av skipet som høyrer til korområdet. Det har ulikt breie bord som smalnar mot treets toppende og er festa til golvbjelkane med handsmidd spikar. Golvet ligg i lengderetning i to skift, sør i skipet ligg dette golvet i full breidde, sentralt går det inn i koret. Heilt sør i koret ligg glovborda på tvers, dette har samanheng med den avdeleinga av ein gang som fanst opphavleg. Golvet har vore måla og er blitt avluta. Det ser ut til også å omfatta dei to boga stega ned mot skipet.


Fundamentet er tørrmurt og tek opp høgdeskildnaden mot nord og aust i det skrådde terrenget. Material frå tømmerkyrkja er brukt for å byggja oppunder bjelkelaget under golvet. Den høgste delen i søraustre hjørne er fylt ut slik at det er eit jamnhøgt kryperom under golvet.

Tak

Skipet er dekt av saltak. Over koret ligg det også eit saltak, medan sideromma er dekte av pulttak som er valma mot vest.


Mellom opplengjer og langsgåande bjelkar på mellomstolpane i skipet, i raftehøgd, ligg det horisontale stikkbjelkar, bjelkehovuda frå desse er sveifa i endane og stikk ut i midtskipet. Mellomstolpane går oppunder sperrene og er festa saman med desse. I festepunktet er det også festa hanebjelkar i kvart sperreband. I tillegg til dei tre hovudsperrebanda som skil mellom dei fire faga i skipet er det sett inn spinklare sperrer, eitt par i kvart fag. Fleire av desse ber merke etter tidlegare bruk. Sperrene ber tre åsar på kvar side av taket, åsane er kløfta ned i sperrene. I mønet ligg ein mønsås over dei samankløfta sperrene. Åsane ber ståande over- og underliggjande bord som underlag for rekter, lekter og lappskifer.


Taket over koret er også eit sperretak tekt med lappskifer. Det har undersperrer med slakare vinkel enn sjølve taket, desse fungerer som feste for himlingsborda over koret.

Himlingar

Både midtskip og sideskip har flate himlingar. I sideskipa følgjer desse stikkbjelkane mellom opplengjer og mellomstolpar, i midtskipet følgjer himlinga hanebjelkane i takkonstruksjonen. Sidene mellom himlingane i midtskip og sideskip har knevegger som følgjer mellomstolpane. Dei etter måten breie himlingsborda har ein smal staff på eine sida. Dei ligg på tvers av lengderetninga i kyrkja både i sideskip, midtskip og på kneveggene.


Himlinga i koret er forma som eit saltak, men er festa til undersperrer med slakare vinkel enn taket. I sideromma er det flate himlingar av nyare faspanel der kvart bord har to staffprofilar og framstår som to smalare bord.

Tårn

Tårnet i nord har kvadratisk grunnflate og dei to første høgdene er forma som ein forhall som er open opp til himlinga. Veggene i forhallen er lafta av same slag tømmer som i kyrkja elles, men sideveggene er ikkje lafta inn i skipets endevegg. Utvendes er tårnveggene kledd med liggjande glattkanta panel. Midtrommet i hallen er markert med fire kraftige stolpar som står diagonalt innafor kvart hjørne og understøttar den øvre, smalare delen av tårnet. Det går trapper på utsida av desse stolpane opp til eit forgalleri til orgelgalleriet. Det søndre stolpeparet står i hjørna mellom trappene og forgalleriet. Trappene har rekkverk utfylt med rutenett. Rekkverket på forgalleriet har ein kombinasjon av rutenett og dreia pillarar (som pillarane i korskiljebrystinga). Stolpane stør opp under tverrliggjande bjelkar i forhallens raftehøgd. Over trappene er det trekopla vindauge i dei to sideveggene. Forhallen har flat himling og er dekt med eit telttak som er brote av den øvre delen av tårnet. Frå forgalleriet går det (fornya) trapp opp gjennom himlinga og vidare opp. Den øvre delen av tårnet er smal med kvadratisk flate, men kvar side har sentralt eit utbygg under eit lite saltak. Sjølve tårndelen har hjørnestolpar og to mellomstolpar og er i tillegg avstiva med kryssband. Utbygga har lydluker i øvre del forma som dører. Den smale tårndelen er avslutta noko over desse utbygga med pyramideforma tak brote av ein lanterne med inntrekt firkanta hjelm avslutta med spir med kule, fløy med årstalet 1863 og dekorativt element. Takflatene er tekte med lappskifer med unntak av hjelmen som er kledd utvendes med koparplater.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har ei tradisjonell innreiing med altar og altarring sentralt vest i koret, preikestolen på vesthjørnet mellom kor og skip, døypefonten på austsida, benker på begge sider av midtgangen og tverrgalleri med orgel over inngangen i nord. Galleriet fyller det nordre faget, og under galleriet går benkepartia heilt bak til endeveggen i skipet. Kyrkja har no elektrisk lys og oppvarming ved røyromnar under benkene.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Dei største endringane som har skjedd med kyrkja i dei åra ho har stått, er i koret som tidlegare var kortare og hadde ein indre omgang på tre sider. (Sjå ovafor under vegger.) Denne endringa må ha skjedd etter ca 1900 då Bendixen undersøkte kyrkja.

Fargar

Då Bendixen registrerte kyrkja kring 1900, var hovudfargen fiolett. Medan himlingane var kvite, var veggene måla i ein lys fiolett farge og inventaret mørkare fiolett med raud staffering.


Fargesettinga av kyrkjerommet slik han er no, skriv seg frå framlegg frå Bjørn Kaland med justering av Riksantikvaren frå mars 1964. Den målaren Kaland gjorde framlegg om, Johannes Rørvik, utførte truleg arbeidet.


Veggene og vart luta i samsvar med Kalands framlegg. Golvet i skipet vart lagt nytt og lakka. Stolpane vart lyst grå med mørkare grå marmorering. Gråfargane vart også brukt på gallerifronten og rekkverket i korskiljet saman med grønt og gult. Benkene er grønmåla. Kaland gjorde framlegg om at løparen i midtgangen skulle vera okerfarga. Han er no mørk raud og går fram til og også inn i altarringen.


I forhallen/våpenhuset er veggene grå, trappevangar og handlist og bjelkeverk under gallerigangen er rosa og søyler og rutenett i rekkverket lys grå. Dørene grøne med gråmarmorerte fyllingar.

Inventar

Altar

Kassealtar av tre med fyllinga i rammeverk. Tre fyllingar i fronten og ei på kvar side. Bordplate av tverrlagde bord. Ryggen har plate og to dører i kryssfinér til skååo i altaret som også er sekundært innreia med hylle. Altaret er 104 cm høgt, 93 cm breidt og 86 cm djupt.

Altartavle

  1. Krossen på veggen over altartavla.
  1. August Eiebakke og måleriet i forhallen. [...]
  1. Altartavla frå 1723. Etter Bjørn Kalands brev til Ra av 28.02.64, Skulle altartavla frå 1723 då setjast inn att i kyrkja. Den gamle tavla og preikestolen vart restaurerte til jubileet.

Altarring

Altaret står på ein sokkel som er eitt steg høg og som strekkjer seg noko inn i knefallet. Knefallet har indre breidde som altaret og er tresida med rettvinkla hjørne. Sida mot sakristiet er kortare enn den på motsett side, men ingen av dei går heilt inn til altaret. Rekkverket har dreia balustrar som ber runda handlist med sekundært tilsett hylle for særkalkar. Kneleputa er av skumplast trekt med skinn. Knefallet er ei omarbeiding av eit tidlegare knefall og er laga etter plan utarbeid av arkitektfirmaet Arnstein Arneberg.[4]

Døypefont

Åttekanta, kalkforma døypefont av tre med djup skål med smalfelt med innskrift i overkant, avgrensa med profilert listverk. Skaftet er lite og dreia med vulstforma nodus over holkil og profilert, vid sokkel som kviler på flat, åttekanta fot. Skåla har raudbrun botn med mørkare marmorering, listverket over og under smalfeltet er ogdå dominert av raudt , medan sjølve smalfeltet har botn i grøne sjateringar med gråsvart innskrift med fraktur, sekundært skriven på nynorsk: Jesus sa: La lat Smaa- Borni koma til meg. Hindra Dei ikkje, For Guds rike Høyrer slike til. Foten har tilsvarande grøne sjateringar og raude lister, skaftet er gråmarmorert.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har enkel renessanseform med fire sider og med oppgang via trapp frå sakristidøra. Kvar side har ei fylling i ramme. På framsida er dette utforma som to fyllingar med ramtre mellom. Den øvre med enkelt prtalfelt over tannsnitt og karusj omgitt av profilert list, det nedre berre innramma av list. Mellom sidene er det sett til runde pilarar på konsollar og avslutta oppe med korintiske kapitel som ber øvre smalfelt med breitt utbygd handlist. Nede er stolen avslutta med enkelt profilert base over åttekanta innsvinga botn som kviler på åttekanta skaft over utsvinga, åttekanta fot. Lesebrettet kan regulerast i høgda.


Oppgangen er lagt i sving. Yttersida mot skipet har rekkverk med profilert handlist og dreia pilarar. Stolen har gjennomgått ei fargerestaurering på 1900-talet og er halder i brunraud og grå marmorering med grøn, raud og gul staffering.

Lesepult

Nyare lesepult av limtreplater der lesebrettet kviler på eit understell av to trekantar som overlappar kvarandre i noko over halv høgd. Den nedre trekanten er støtta av enno ei trekanta plate sentralt og desse kviler på ei fotplate. Lesepulten vert no (2009) måla i fargar tilpassa kyrkjeinteriøret.

Benker

Benkene er opne med svakt skrådde vangar der ryggsida er høgst og endar i kløverbladform. Forsida svingar fram mot sirkulært handlene. Setefjølene kviler på to sargar som er tappa inn i vangan. Også fotstøtte og ryggbordet er tappa inn i vangane. Ryggbordet har hylle for salmebøker feste til bakkant. Benkene er understøtta på midten av ekstra beinpar som går opp bak som støtte for ryggen. Benkene er no grønmåla, under ligg ein djup lillafarge.

Galleri

Tverrgalleriet fyller det nordre faget i kyrkja. Gallerifronten har 16 fyllingar, nærast kvadratiske, i ramme. Galleribjelken er lagd inn i sideveggen i kyrkja og understøtta av to stolpar som flankerer midtgangen, Himlinga under er kledd med under- og overliggjande bord lagde i tverr-retning og festa til bjelkar mellom endeveggen i skipet og galleribjelken. Golvet på galleriet er nytt med smale, lakka bord. På sidene, noko breiare enn sideskipa, har det avtrapping i tre steg for stolar og benker, sentralt er det flatt. I overkant er brystninga festa til ein brei bjelke som er lagt inn i veggtømmeret og understøtta av fem stolpar. Bjelken og fronten er dekte av eit breitt bord.


Gallerifronten har grøn ramme og lyst grå marmorerte felt med listverk i gult, grått og lyst grått.

Måleri

Måleri, olje på lerret, 1600- eller 1700-talet. Biletet viser Josef som møter brørne sine. Ein mørk vegg med firkanta vindauge utgjer bakgrunnen for Josef og to små brør i høgre halvedel av biletet medan dei andre flokkar seg mot bakgrunn av ein lys himmel i venstre delen av biletet. Dei har tomme korger framfor seg. Bakgrunnen har også einskilde tre. På den lyse himlinga er sekundært skrive med gotisk skriveskrift: Dene taufle blev funden Paa Ræche ved Gierlaug(?) baugen(?) af en ung Dreng og vi Kand Intet Giør Med hende En vi henge hinde Op I Kirchen. Lysmål 74 x 97,5 cm.

Tavler

Ei tavle med namna til dei som bygde Norum kyrkje i 1863, ”alle af Nordfjord”. Dette hadde nok samband med at Byggmeisteren, Ole O. Løken var frå Nordfjord og tok med seg dei han var van med å samarbeida med. Tavla har svart skriveskrift på kvit botn omgitt av svart list.


Nummertavler

Ei eldre nummertavle med boga, gjennombrote toppstykke er oppbevart i tårnet. No vert det brukt to fløyelstrekte plater med ei gullfarga loddrett list som skil mellom salmenummer og vers. Massingsiffer vert opphengde på stiftar.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Linduk med 11,5 cm brei svartsaumbord. Duken er sleten. Han vert brukt som underduk.

Duk av aida-stoff med 20 cm brei hardangersaumbord med tunga kant og vekselvis krossar og kalkar i tungene.

Altarklede

I Kalands brev 28.02.64 står følgjande: ”Som det sterkeste farveinnslaget er tenkt et antependium i varmt rødt, med gule stolper og med ”Lammet med seiersbanneret” som motiv”. Det kan vera midtfeltet av dette antependiet med sigerslam som no er i bruk som preikestolsantependium.

Messehaklar
  1. Raud fløyels messehakel, 1900-talet. Hakelen er rettsida med noko utsvinga skuldrer. Forsida og ryggsida er begge kanta med eit tre cm breitt gullband, ryggsida har ein kross av det same bandet lagt tre i breidda. Fôret er av lysare raud bomullssateng. Hakelen er festa med tre hekter på venstre skulder. Høgde: 86/91 cm, vidde ved skudrene 62 cm.
  1. Kvit silke messehakel i smal, innskrådd form. 1987. Hovudstoff i kvit silkesateng, kvitt fôr. Forsida har applikert stolpe som smalnar nedetter. Sentralt i denne står ein kross i Stråleglans/tornekrone. Ryggsida har tilsvarande stolpe med kross og sigerskrone i stråleglans over krossen. Innsydd på fôret: UTFORMING MAGNE VANGSNES, SAUM JANNE NES 1987. Høgde 101/110 cm, vidde ved skulder: 79 cm.

Gravferdskappe frå Stormark.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

  1. Mellomalderklokke. Stor mellomalderklokke med oppheng av seks runda bogar og midtboge, svakt runda kroneplate og runda hue med holkilforma overgang til rett hals som går over i korpus. Korpus svingar sterkt ut nede over holkil og vulst før slagringen bøyger ut og ned. Undersida av slagringen skrår opp mot innsida. Klokka har tre horisontale skøytar under halsen, og på den eine sida er det støypt fast ein oval med innskrift LAXEVAAG METALSTØBERI 1882.[5] Dette er truleg sett på i samband med ein reparasjon av klokka. Diameter 78 cm. Høgde 72 cm med oppheng, 62 cm utan.
  1. Klokke frå 1600-talet. På austre hjørnet mellom kor og skip heng ei sermerkt, rikt ornamentert klokke. Ho heng i ein knekt frå hjørnestolpen som er festa til ein enkel boge på kroneplata. Hua er flat med tre riller, og knekker rettvinkla over i ein rett hals. Korpus svingar ut mot slagringen som er ut og nedbøyge. Halsen har støypt relieff som viser stridsmotiv som spyd, hellebard, hjelmar og banner. Mellom to riller følgjer så innskrifta SOLI DEO GLORIA / H.W.S.S.T.L.O.W., og under nedre rille ei ornamental tungebord. På korpus er støypt inn christian 5.s monogram mellom 16 og 87 på den eine sida, på motsett side våpena til NIELS IEN SEN OG RA MAS DATER. Over rillene som skil mellom korpus og slagring følgjer innskrifta FRIEDERICH MEIER 1687 HAT MICH GEGOSSEN. På sjølve slagringen er det også ei innskrift: OFRE GVD TACK OC BETALE HERRE DINE LØFTER / G.E.G:D:F: . Etter gudstenesta på julafta vert tre gonger tre slag ringde med denne klokka. Elles vert ho ikkje brukt. Klokka er 27,5 cm i diameter og 21 cm høg utan oppheng.
  1. Klokke 1987. Nauen klokkestøyperi. Produsentnamnet er støypt inn mellom to riller på halsen. På den eine sida av korpus NORUM KIRKE 1987, på den andre chi-rho flankert av alfa og omega over LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD. Klokka er 62 cm i diameter. Høgda med oppheng er 58 cm, utan oppheng 47 cm.

Det er montert elektrisk ringjeapparat i tårnet.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgel frå Norsk Orgel – Harmoniumfabrikk A/S, nr. 200, byggjeår 1961. Den enkle fasaden er dominert av metallpiper som formar ein spiss boge i hovudverket og går opp i spiss ved kvart av sidetårna. Lyst treverk som ikkje går opp over pipene.

Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:


Subbass 16’

Prinsipal 4’

Rørfløyte 8’

Gemshorn 2’

Mixtur 1 1/3 ’

Koppelfløyte 8’

Spitsfløyte 4’

Prinsipal 2’

Tersian 2’

Tremolo

Piano, Samick, sørvest i skipet.

Bøker

Kyrkja har oppbevart dei vanleg brukte bøkene frå 1900-talet og einskilde eldre bøker. Av desse, som omfattar dei eldste, kan nemnast:

Altarbok og tekstbok

Den forordnede Alter-Bog Chra. 1826

Alterbok 1920

Alterbok 1920

Altarbok, 1966

Altarbok, 1966

Tekstbok, 1918

Tekstbok 1929

Tekstbok, 1929

Bibel og nytestament

Biblia, Kiøbenhavn 1819

Bibelen, Chra. 1866

Bibel, utan tittelblad, skinninnbunden, truleg siste halvdel av 1800-talet

Bibelen, Chra. 1900

Bibelen, Kra 1908

Vor Herres Jesu Christi Nye Testament, Chra 1875

Vor Herres Jesu Christi Nye Testament, Chra 1875

Postillar og oppbyggjande bøker

Hvalsøe, Hans Jacobsen, De bedendes Aandelige Kiede […] eller Christendommens articler, København u å. [før 1809]

Spener, Philip Jacob, Christendoms-Øvelse, Første Deel, Christiansand 1836

Betzius(?) postille, Livets sande Vei […] Enfoldige betraktninger over alle Søn- og Fest-Dages Evangelier, Chra. 1841

Linderot, L., Huus-Postille, Stavanger 1854

Serivers, Christian, Chrysologia catechetica eller Guldprædikener, Bergen 1864

Hegelar, Johan, Hellige Betraktninger over Jesu Vunder og saarede Sjæl, forord av biskop Brorson og tillegg med bønner av Johan Arndt, Bergen 1883.

Postille utan tittelside, før 1890

Sand og Traasdahl, Livet i Guds Søn, Prædikener over Kirkeaarets nye Høimessetexter, Kristiansund 1898.

Salmebok

Kingos Kirke-Psalmebog, Christiansand, u.å., før 1848

Kingos Kirke-Psalmebog, Stavanger 1848.

Salmebok, Christiansand 1849

Landstads Kirkesalmebog, Kra 1871

Landstads Kirkesalmebog, Kra 1871

Landstads Kirkesalmebog, Bergen 1880.

Nynorsk salmebok, Bjørgvin 1929

Graduale

Sandvik, O.M., Graduale, Oslo 1925

Møblar

To brurestolar, Laga av Th. Ness 1946. Stolane har vore måla og er avluta. Nytt blågrått ullstoff.

Offerutstyr

Ny dreia skål av rognetre laga av Odd Nesdal. Diameter 21,1cm, høgde 8,7 cm. To kollekthovar. Bøsse av metall ved utgangen.

Blomstervasar

Fire sølv blomstervasar med traktforma korpus på åtekanta, avtrappa fot på rund fotplate. Stempel 830 S og Lo, Høgde 20,9 cm, diameter oppe 10,1 cm. Dels defekte.

Diverse

Skip. Liten skipsmodell med baugstag, tre master og ror. Skipet har krona løve av jarnplate som galleonsfigur. På kvar side er det sju kanonhol, truleg av jarnnaglar. Skroget er raudt og svart og nedst er det måla med kvitt bøljemønster.

Inventar som er oppbevart andre stader enn i kyrkja

Klokke på Sogn Folkemuseum, De Heibergske Samlinger.


Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegardar

Den gamle kyrkjestaden og kyrkjegarden på Norum ligg tett ved den nye, det er berre bygdeveggen og kyrkjegardsmurane på kvar side av vegen som skil dei to. Plassen er ein høgt oppmurt terrasse i bogeform over riksvegen nedafor ved Sogndalsfjorden, ein terrasse oppført i to steg med dels runde steinar. Sida mot vegen i vest og nabotomta i nord har steingard, og gjennom denne er det opning med smijarnsport som fører inn til ein sentral grusgang over plassen. Kyrkjegarden har vore rydda og inneheld no nokre få eldre, men for det meste nyare graver.


Ny kyrkjegard vart etablert på vestsida av vegen i [...]. Denne er vesentleg større enn den gamle. Også den nye kyrkjegarden er fylt opp over bakkemur som ligg inntil vegen, men følgjer likevel hellinga i terrenget og skrår ned mot hjørnet i søraust. Heile den nye kyrkjegarden er omgitt av kvitmåla plankegjerde med tre-fire liggjande bord feste til stolpar. Frå nordaust er det ope mot vegen og lagt grusgang inn til kyrkjetrappa og til bårehuset (sjå nedafor). Ein del eldre gravminne finst på kyrkjegange, det eldste som er registrert frå 1906. Dei eldre gravene er fordelte over heile kyrkjegarden, i nedre hjørnet ligg ei grav frå 1934.

Gravminne

Dei eldste gravene på den gamle kyrkjegarden er frå 1913 og frametter mot 1930-åra.


Mellom gravminne på den nye kyrkjegarden er gravminne c (sjå foto) over kyrkjesongar A. Fondenes (1846 – 1925) og kona Anne Kristine. Dette har eit hogge relieff av ein engel med hovudet i profil mot venstre og kroppen i ¾ profil. Han ber kross i høgre hand og krans i venstre.


Eit bautaforma minnesmerke over Anders O Venes (1837 – 1926) er reist av misjonsvenner i Norum.


Bygning knytte til kyrkjegarden

Nordafor kyrkja vart det i [...] reist eit hus med kjølerom, gravkapell, reiskapsrom, opphaldsrom og toalett og kjøkken. Huset ligg på tvers i forhold til kyrkja. Det har vegger med liggjande, kvitmåla panel og saltak tekt med lappskifer. Taket har framspring over inngangane og delar av romma som ligg vende mot inngangen til kyrkja. I takflatene over kapellet er det arkar med lysinnslepp.

KJELDER

Utrykte kjelder

Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, kopi av manus.

Kyrkjerekneskapar og synfaringsmeldingar frå Statsarkivet i Bergen og Riksarkivet.

[...]

Trykte kjelder

[...]

Oppmålingsteikningar og fotografi

Bilete


  1. Synfaring 1709, Riksarkivet, Rentekammeret, Realistisk ordnet avdeling, pk 3.
  2. Synfaring 1721, SAB, Stiftsamtmannen, Nr 1719, legg 3, Sogn.
  3. Bendixens manus
  4. Planen er dagsett 15.06.64 av Arkitektfirmaet Arnstein Arneberg. (kopi i kyrkja)
  5. Bendixen les 1888. Bendixens manus.