Forskjell mellom versjoner av «Stedje kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Linje 3: Linje 3:
 
= Stedje kyrkje =
 
= Stedje kyrkje =
 
''Anne Marta Hoff''
 
''Anne Marta Hoff''
 
== Bakgrunn ==
 
== Bakgrunn ==
 
Morenen på Stedjesida av Sogndalselva har vore busett langt attende i tid. Ein reknar det som sannsynleg at det må ha stått ei kyrkje på staden før stavkyrkja vart reist på Stedje. Striden mellom Birkebeinarar og Baglarar førte til hemnaksjonar frå Sverres folk i 1180-åra, men Stedje kyrkje ser ut til å ha vorte spart i herjingane.<ref name="ftn1"> Sverres saga, kap. 82
 
</ref> Stavkyrkja vart ståande fram til ho vart riven i juni i 1867. Ho er kjend gjennom oppmålingsteikningar og diverse kunstverk. På grunn av lovgjeving om kyrkjestorleik og generelt byggjepress, måtte den gamle kyrkja då vika plass for ei ny og større kyrkje som vart oppført på same kyrkjestaden.  
 
Linje 17: Linje 15:
 
=== Bygningen ===
 
=== Bygningen ===
 
Den kyrkja var så nær ei ny stavkyrkje som ein kunne komma i denne perioden. Ho vart teikna av arkitekt Christian Christie som samstundes leverte teikningar til kyrkjene i Årdal (sjå Årdal kyrkje) og i Lærdal (sjå Hauge kyrkje). Dei tre kyrkjene er svært like, men varierer noko i storleik i det Stedjekyrkja er størst og har plass til vel 700. Også tårna har fått ulik utforming i dei tre kyrkjene. Hauge kyrkje har, uvanleg nok, totårnsfront, Årdal kyrkje har eit smalt firkanta tårn, medan det i Stedje er sett opp eit breiare firkanta tårn i hovudinngangen. Alle dei tre kyrkjene vart prefabrikerte i Christiania og frakta sjøvegen rundt kysten.  
 
Stedje kyrkje er tilnærma orientert med koret i aust og hovudinngang gjennom tårnfoten i vest. Det er ei kyrkje med opphøgd midtrom i skip og kor og med omgangar kring midtromma. Skipet er rektangulært, koret er polygonalt avslutta mot aust. Omgangen går kring austsida av koret, men ikkje kring tårnet. På nord og sørsida av koret er det siderom som er sette vinkelrett inn i koromgangen og saltaka over desse tilbygga er valma mot utsida. Det er laga gang mellom sideromma og omgangen i skipet. Det er også laga nord- og sørinngangar til skipet. Inngangane er overbygde med arkar i omgangstaket og er skilde frå skipet med ein liten gang.  
 
Linje 23: Linje 20:
 
==== Vegger ====
 
==== Vegger ====
 
Veggene i kyrkja er av bindingsverk som er kledde utvendes og innvendes med ståande panel med staff til begge sider. Innvendes i kor og skip er det innvendige panelet i seinare tid skifta ut med smal faspanel. Opphavleg panel er bevart i tårnfoten og i korets siderom.  
 
Omgangsveggene er lukka, med unntak av dører ut på nord- og sørsida i skipet og til gang til koret siderom og til kyrkjegarden aust i skipet. Det er også to kvadratiske vindaugsrammer med kløverblaforma lysinnslepp i omgangen vest i skipet. Midtromsveggene er i hovudsak gjennombrotne av vindauge. Sideveggene i det opphøgde midtrommet i skipet kviler på bjelkar borne av seks par mellomstolpar som held fram opp til taket og skil mellom dei fem faga i skipet.
 
På kortsida i aust har midtrommet to mellomstolpar som også er hjørnestolpar for korets midtrom, i vest er midtromsveggen lagt inn i tårnkonstruksjonen.  
 
Koret har tredelt avslutting mot aust, både i midtrom og omgang. Kvar langside av midtrommet har to fag mellom tre par mellomstolpar, i tillegg er det to stolpar som flankerer altartavla i aust og som deler austveggen i tre fag. På desse stolpane kviler bjelkar som ber midtromsveggene. Dei skrå flatene av midtromsveggene er tette, medan austveggen og sideveggene har vindauge.  
 
Linje 41: Linje 35:
 
==== Vindauge ====
 
==== Vindauge ====
 
Hovudvindauga i kyrkja står i midtromsveggene og desse gjev eit overlys til kyrkjerommet. Koret har også vindauge i midtromsveggene, men desse har glasmåleri og lysverknaden er avgrensa. Nede i omgangsnivå er vindauga avgrensa til små vindauge i vestre omgangsvegg. Sideromma ved koret har vindauge ut mot sida. Vest i tårnet er det eit trerams vindauge på gallerigangen.
 
Dei fem faga i skipet har femkopla, høge vindauge delte med sveifa sprosser. Kvar ramme er attblenda med kløverform i overkant og inndelt i diagonale ruter med sprosser. Det er sekundært sett inn innerglas med mindre, diagonale, farga ruter lagt i bly.  
 
I koret har dei to sidefaga og endefaget i midtrommet trekopla vindauge med same utforming som vindauga i skipet. I sidevindauga har også desse kløverbladform og er inndelte i diagonale ruter. Vindauget i endeveggen har nytt, udelt ytterglas i dei tre rammene. Innerglasa er sekundært innsette glasmåleri.  
 
Sideromma ved koret har nye, udelte ytterglas og innerglas av glasmåleri.  
 
Vindauget vest i tårnet har broten karm med tre rammer der den i midten er høgre enn siderammene. Lysopningane er kløverbladforma og inndelte i diagonale ruter med sprosser.  
 
Linje 56: Linje 46:
 
==== Golv og fundament ====
 
==== Golv og fundament ====
 
Alle golv i kyrkja er av golvbord festa til golvbjelkar. I skipet er golvet lagt på tvers av lengderetninga. Frå preikestolen og vestover i tre fag er golvet lagt i jamne skift og skøyt teit stykke utafor midtgangen og om lag 70 cm frå langveggene på begge sider. Vest for dette er borda tilfeldig skråskøytte. Golvet er gråmåla, under ligg to brune målingslag, det siste gulbrunt.  
 
Korgolvet ligg i lengderetning og er lakka eller olja. Sideromma ved koret med gangar har tverrlagt, gråmåla golv. I tårnfoten er golvet lakka eller olja.  
 
Kyrkja har steinfundament pussa med sement.  
 
Linje 65: Linje 53:
 
==== Tak ====
 
==== Tak ====
 
Kyrkja har saltak over midtromma i skip og kor og over korets siderom. Over kor og siderom er taka valma i ytterkant. Omgangane har pulttak.
 
Takkonstruksjonen er i store trekk synleg frå kyrkjerommet. Mellomstolpane i skipet går opp i midtrommets raftenivå. Her ber det sperrer og ein hanebjelke som har stikkbjelkar i underkant på begge sider. Til sperrene er det festa enno ein hanebjelke høgre oppe. I underkant av sperrene er det festa saksesperrer som kryssar kvarandre over øvre hanebjelke før dei går opp i sperrene. Frå mellomstolpane midt på midtromsveggen går det tenger på skrå opp mot festepunktet for dei øvre hanebjelkane. Desse er lagde om nedre hanebjelke og saksesperre. Rommet er i tillegg avstiva i breidda med strekkjarn like under midtrommets svill. Koret har ein enklare sperrekonstruksjon med sperrer og to hanebjelkar.  
 
Omgangstaka har sperrer til mellomstolpane i midtrommet og under desse strebebjelkar som svakt skrådde går inn til mellomstolpane.  
 
Alle taka er underkledde med panel mellom sperreverket. Sperreverket ber truleg slanke åsar som støtte for undertak under rekter, lekter og glasert, svart takstein.  
 
Linje 80: Linje 65:
 
==== Tårn ====
 
==== Tårn ====
 
Vesttårnet i kyrkja har tilnærma kvadratisk grunnflate og held fram i mest same breidde til det er avdekt av stor pyramideforma hjelm med grunne arkar over lydluker til kvar side. Utvendes er tårnet tredelt i høgda med horisontalt listverk som skil mellom første og andre høgd og mellom andre høgd og klokkerommet. Andre og tredje høgd er ornamentert med vertikalt listverk på og innafor hjørna. Den ytre og indre kledninga er ståande panel med staff til begge sider som i kyrkja elles.  
 
I første høgda er det våpenhus med innkledd oppgang og tavlerom på sørsida. I andre høgd som har større takhøgde, er det bygt opp ein gallerigang med saltak i lengderetning. Denne var opphavleg open med spissboge mot galleriet slik at det trekopla vindauget i vestveggen i tårnet var synleg frå kyrkjerommet.  
 
Veggkonstruksjonen i tårnet har hjørnestolpar og to mellomstolpar til kvar side, avstiva med losholtar, kryssband og skråband. Han vert avslutta med ei ramme over klokkerommet. I tillegg står det ein kraftig tårnliknande konstruksjon innafor ytterveggene og utafor veggen i orgelgangen. Denne har også to mellomstolpar og er samanbunden med skråband, kryssband og losholtar. Han er også bunden saman med kryssband over orgelgangens saltak. Den indre konstruksjonen er avslutta med fem tverrlagde bjelkar over ei ramme. Bjelkane ber golvet i klokkerommet og ein kraftig klokkestol.
 
Frå hjørna i ramma over klokkestolen går eit kryssband horisontalt over klokkestolen. Om lag 30 cm frå ramma er det festa ei ny ramme til kryssarmane Frå hjørnestolpane under klokkehøgd går det skråstøtter opp mot senteret i hjelmen der dei er feste til enno eit horisontalt kryssband før dei held fram og er feste i gratsperrene i hjelmen. Hjelmen har i tillegg mellomsperrer til kvar side. Både hjelmen og arkane er kledde utvendes med spøner. Arkane har kross av tre i møna, øvst er hjelmen avslutta med flat kule og kross av jarn.  
 
Linje 96: Linje 78:
 
==== Fargar  ====
 
==== Fargar  ====
 
<nowiki>Då kyrkja var ny, hadde ho «Så vel utvendig som innvendig […] beholdt treets farve i en noget mørkere nyanse».</nowiki><ref name="ftn2"> Bendixens manus
 
</ref> Konstruktive element og benker var gulbeisa med brunlege fasar og fordjupningar.  
 
Linje 111: Linje 92:
 
==== Altartavle ====
 
==== Altartavle ====
 
Enkel, klassiserande altartavle med gotiske element. Tavla har eit rektangulært biletfelt med flat ramme med stiliserte krossblomar i hjørna. Sidefelta har flankerande runde søyler, ei på kvar side, på flat base som del av eit nytt underbygg for tavla. Dei ber sterkt profilert gesims som knekker bak over biletfeltet. Gesimsen ber flat gavl med krabbar og gotiske ornament. Grå botn, grå- og kvitmarmorerte søyler, raudbrun ramme, gull staffasje.  
 
På nedre del av ramma er det ei innskrift med gotisk fraktur: kommer hid til mig alle som arbeider og ere besværede. Biletet framstiller Jesus, frontalstilt med løfta armar og kvit kappe som ligg over hans venstre skulder. Han har skjegg og langt hår, hovudet er omgitt av stråleglans. Kring han er samla i alt 10 personar som på ulike vis ber teikn på at dei treng hjelp, ein med handjarn, ein med krykker og liknande. Usignert.
 
Linje 120: Linje 100:
 
==== Døypefont ====
 
==== Døypefont ====
 
Tidlegare døypefont var liten og sekskanta og gulmåla som interiøret elles. Kummen kvilte på tre små søyler.<ref name="ftn3"> Bendixens manus
 
</ref>
 
</ref>
 
Døypefont frå mellomalderen av grå, hard og jamn kleberstein. Fonten har vore ute av bruk og skal ha fungert både som fot til hespetre og som skåp med treluke i sakristiet.<ref name="ftn4"> Bendixens manus
 
</ref> Han står no på ein låg, sekundær sokkel av tre nord i koret. Forma er nærast kubisk med enkel profil i overkant. No er foten fylt med grus til støtte for dåpsfat.
 
Fonten har uttappingshol for vatn sentralt i botnen. Ut frå typologiske trekk kan fonten daterast til 1100-talet. Mål: Døype fonten er 66 cm høg og 50 cm djup, sidene er 95 og 72 cm breie.<ref name="ftn5"> Solhaug II, s 87
 
Linje 138: Linje 113:
 
==== Preikestol med oppgang ====
 
==== Preikestol med oppgang ====
 
Preikestolen har forenkla nygotisk form med fem sider på flat botn boren av ei søyle av seks radiært stilte plankar med sveifa yttersider. Hjørna mellom faga har tilsvarande, smalare plankar med sveifa yttersider. Dei tre fremste faga har ei kløverbladforma, nedsenkt biletflate med profilerte sider. Handlista er stoppa og trekt med skinn, under handlista er det hengebord med utskorne kløverblad. Under botnen er det hengebord med gjennombrotne krossformer. Kort oppgang frå altarpodiet i aust.  
 
Hovudfarge på preikestolen er brunraudt, grøn og gull staffasje. Dei tre biletfelta har framstillingar av treeininga''' '''med Faderen, berrhovda og med skjegg, Sonen med hyrdestav og Den heilage Anden i form av ei due. Måleria er legg kubistiske med lyse fargar og lette penselstrok. Usignerte.
 
Linje 174: Linje 148:
  
Krossen står på ein Golgatahaug av fylt broderi med plattsaum i ulike gulgrøne nyansar. Ulike felt er skilde med stilkesting i sølvtråd og haugen har påsydde blanke paljettar. Stoffet i messehakelen og Golgatahaugen går truleg attende til 1700 (vis til rekneskapar) i det det på kvar side av krossen viser merke etter to figurar, venteleg Maria og Johannes, som har flankert krossen og viser samtidige stiltrekk. Krossen har truleg også vore i fylt broderi som Golgatahaugen, men har blitt skifta ut på grunn av slitasje.  
 
b) Raud messehakel, rettsida. Den Norske Husflidsforening, 1950 eller 60-åra. Hovudstoff i klarraud ull i krosskypert, fôr av gul bommullslerret. Hakelen er kanta med smalt gullband. På ryggsida applikert latinsk kross med gullband og broderi, på forsida chi- rho brodert med leggsaum. Høgde framme 99, bak 105 cm. Breidde ved skuldrene: 66 cm.  
 
Linje 214: Linje 187:
 
==== Bøker ====
 
==== Bøker ====
 
Bibel med stivt skinnband og hemper med metallbeslag. Kiøbenhavn 1819.
 
Andre bøker er ikkje registrerte.
 
Andre bøker er ikkje registrerte.

Revisjonen fra 1. okt. 2012 kl. 07:09

Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.

Stedje kyrkje

Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Morenen på Stedjesida av Sogndalselva har vore busett langt attende i tid. Ein reknar det som sannsynleg at det må ha stått ei kyrkje på staden før stavkyrkja vart reist på Stedje. Striden mellom Birkebeinarar og Baglarar førte til hemnaksjonar frå Sverres folk i 1180-åra, men Stedje kyrkje ser ut til å ha vorte spart i herjingane.[1] Stavkyrkja vart ståande fram til ho vart riven i juni i 1867. Ho er kjend gjennom oppmålingsteikningar og diverse kunstverk. På grunn av lovgjeving om kyrkjestorleik og generelt byggjepress, måtte den gamle kyrkja då vika plass for ei ny og større kyrkje som vart oppført på same kyrkjestaden.

Stavkyrkja

[...]

Kyrkja frå 1867

Bygningen

Den kyrkja var så nær ei ny stavkyrkje som ein kunne komma i denne perioden. Ho vart teikna av arkitekt Christian Christie som samstundes leverte teikningar til kyrkjene i Årdal (sjå Årdal kyrkje) og i Lærdal (sjå Hauge kyrkje). Dei tre kyrkjene er svært like, men varierer noko i storleik i det Stedjekyrkja er størst og har plass til vel 700. Også tårna har fått ulik utforming i dei tre kyrkjene. Hauge kyrkje har, uvanleg nok, totårnsfront, Årdal kyrkje har eit smalt firkanta tårn, medan det i Stedje er sett opp eit breiare firkanta tårn i hovudinngangen. Alle dei tre kyrkjene vart prefabrikerte i Christiania og frakta sjøvegen rundt kysten.

Stedje kyrkje er tilnærma orientert med koret i aust og hovudinngang gjennom tårnfoten i vest. Det er ei kyrkje med opphøgd midtrom i skip og kor og med omgangar kring midtromma. Skipet er rektangulært, koret er polygonalt avslutta mot aust. Omgangen går kring austsida av koret, men ikkje kring tårnet. På nord og sørsida av koret er det siderom som er sette vinkelrett inn i koromgangen og saltaka over desse tilbygga er valma mot utsida. Det er laga gang mellom sideromma og omgangen i skipet. Det er også laga nord- og sørinngangar til skipet. Inngangane er overbygde med arkar i omgangstaket og er skilde frå skipet med ein liten gang.

Vegger

Veggene i kyrkja er av bindingsverk som er kledde utvendes og innvendes med ståande panel med staff til begge sider. Innvendes i kor og skip er det innvendige panelet i seinare tid skifta ut med smal faspanel. Opphavleg panel er bevart i tårnfoten og i korets siderom.

Omgangsveggene er lukka, med unntak av dører ut på nord- og sørsida i skipet og til gang til koret siderom og til kyrkjegarden aust i skipet. Det er også to kvadratiske vindaugsrammer med kløverblaforma lysinnslepp i omgangen vest i skipet. Midtromsveggene er i hovudsak gjennombrotne av vindauge. Sideveggene i det opphøgde midtrommet i skipet kviler på bjelkar borne av seks par mellomstolpar som held fram opp til taket og skil mellom dei fem faga i skipet.

På kortsida i aust har midtrommet to mellomstolpar som også er hjørnestolpar for korets midtrom, i vest er midtromsveggen lagt inn i tårnkonstruksjonen.

Koret har tredelt avslutting mot aust, både i midtrom og omgang. Kvar langside av midtrommet har to fag mellom tre par mellomstolpar, i tillegg er det to stolpar som flankerer altartavla i aust og som deler austveggen i tre fag. På desse stolpane kviler bjelkar som ber midtromsveggene. Dei skrå flatene av midtromsveggene er tette, medan austveggen og sideveggene har vindauge.

Dører

Dørene i kyrkja er i hovudsak opphavlege sveitserstildører med fire ståande fyllingar i kvart dørblad. Opphavlege dørvridarar og nøkkelskilt er også bevarte i mange dører. Sidegeriktene går opp over toppgerikten og er avslutta med sveifa ornament. Hovedinngangen i vest har fløydør inn til tårnfoten og fløydør mellom tårnfoten og skipet. Den ytste døra er overbygd med saltak bore av ein stolpekonstruksjon med fire stolpar mot vest. Sideveggene i overbygget er lukka, medan stolpane i vest står med opne mellomrom og fungerer som ein sval. I orgelgangen i andre høgd i tårnet er det no ei enkel dør inn til orgelet. Her har det tidlegare vore ei breiare og høgre opning avslutta med spiss vinkel i overkant. Sideinngangane i skipet har smale fløydører ytst og enkeltdører inn mot skipet. Gangane mot korets siderom har tre enkle dører kvar. Nokre nyare dører er laga som kopi av sveitserstildørene.

Korskiljet

Breidda på midtrom og omgang i koret tilsvarar breidda på skipets midtrom. Skiljet mellom kor og skip ligg ved austre midtromsvegg i skipet. Koret er trekt fram hit, og kortaket endar mot gavlveggen i skipets midtrom. Korets midtrom opnar seg her i full breidde, øvst er det dekt av gavlveggen og opninga er avslutta i slak gavlform mellom hjørnestolpane mellom dei to midtromma. Gavlforma er avrunda i nedkant ved kne mot stolpane og framstår som ein spissboge. Sideskipa i koret går også fram til dette nivået der dei er avslutta mot den sentrale bogen og hjørnestolpane i skipets midtrom. Felta framfor kvart av korets omgangar har også spissbogeform (sjå vegger). Nede er dei avgrensa ved låge brystningar. I midtfeltet og til skipets austre omgang går det tre trappesteg frå korgolvet ned til golvet i skipet.

Vindauge

Hovudvindauga i kyrkja står i midtromsveggene og desse gjev eit overlys til kyrkjerommet. Koret har også vindauge i midtromsveggene, men desse har glasmåleri og lysverknaden er avgrensa. Nede i omgangsnivå er vindauga avgrensa til små vindauge i vestre omgangsvegg. Sideromma ved koret har vindauge ut mot sida. Vest i tårnet er det eit trerams vindauge på gallerigangen.

Dei fem faga i skipet har femkopla, høge vindauge delte med sveifa sprosser. Kvar ramme er attblenda med kløverform i overkant og inndelt i diagonale ruter med sprosser. Det er sekundært sett inn innerglas med mindre, diagonale, farga ruter lagt i bly.

I koret har dei to sidefaga og endefaget i midtrommet trekopla vindauge med same utforming som vindauga i skipet. I sidevindauga har også desse kløverbladform og er inndelte i diagonale ruter. Vindauget i endeveggen har nytt, udelt ytterglas i dei tre rammene. Innerglasa er sekundært innsette glasmåleri.

Sideromma ved koret har nye, udelte ytterglas og innerglas av glasmåleri.

Vindauget vest i tårnet har broten karm med tre rammer der den i midten er høgre enn siderammene. Lysopningane er kløverbladforma og inndelte i diagonale ruter med sprosser.

Golv og fundament

Alle golv i kyrkja er av golvbord festa til golvbjelkar. I skipet er golvet lagt på tvers av lengderetninga. Frå preikestolen og vestover i tre fag er golvet lagt i jamne skift og skøyt teit stykke utafor midtgangen og om lag 70 cm frå langveggene på begge sider. Vest for dette er borda tilfeldig skråskøytte. Golvet er gråmåla, under ligg to brune målingslag, det siste gulbrunt.

Korgolvet ligg i lengderetning og er lakka eller olja. Sideromma ved koret med gangar har tverrlagt, gråmåla golv. I tårnfoten er golvet lakka eller olja.

Kyrkja har steinfundament pussa med sement.

Tak

Kyrkja har saltak over midtromma i skip og kor og over korets siderom. Over kor og siderom er taka valma i ytterkant. Omgangane har pulttak.

Takkonstruksjonen er i store trekk synleg frå kyrkjerommet. Mellomstolpane i skipet går opp i midtrommets raftenivå. Her ber det sperrer og ein hanebjelke som har stikkbjelkar i underkant på begge sider. Til sperrene er det festa enno ein hanebjelke høgre oppe. I underkant av sperrene er det festa saksesperrer som kryssar kvarandre over øvre hanebjelke før dei går opp i sperrene. Frå mellomstolpane midt på midtromsveggen går det tenger på skrå opp mot festepunktet for dei øvre hanebjelkane. Desse er lagde om nedre hanebjelke og saksesperre. Rommet er i tillegg avstiva i breidda med strekkjarn like under midtrommets svill. Koret har ein enklare sperrekonstruksjon med sperrer og to hanebjelkar.

Omgangstaka har sperrer til mellomstolpane i midtrommet og under desse strebebjelkar som svakt skrådde går inn til mellomstolpane.

Alle taka er underkledde med panel mellom sperreverket. Sperreverket ber truleg slanke åsar som støtte for undertak under rekter, lekter og glasert, svart takstein.

Himlingar

Himlingane følgjer takforma som er underkledd med sekundær faspanel mellom sperreverket.

Tårn

Vesttårnet i kyrkja har tilnærma kvadratisk grunnflate og held fram i mest same breidde til det er avdekt av stor pyramideforma hjelm med grunne arkar over lydluker til kvar side. Utvendes er tårnet tredelt i høgda med horisontalt listverk som skil mellom første og andre høgd og mellom andre høgd og klokkerommet. Andre og tredje høgd er ornamentert med vertikalt listverk på og innafor hjørna. Den ytre og indre kledninga er ståande panel med staff til begge sider som i kyrkja elles.

I første høgda er det våpenhus med innkledd oppgang og tavlerom på sørsida. I andre høgd som har større takhøgde, er det bygt opp ein gallerigang med saltak i lengderetning. Denne var opphavleg open med spissboge mot galleriet slik at det trekopla vindauget i vestveggen i tårnet var synleg frå kyrkjerommet.

Veggkonstruksjonen i tårnet har hjørnestolpar og to mellomstolpar til kvar side, avstiva med losholtar, kryssband og skråband. Han vert avslutta med ei ramme over klokkerommet. I tillegg står det ein kraftig tårnliknande konstruksjon innafor ytterveggene og utafor veggen i orgelgangen. Denne har også to mellomstolpar og er samanbunden med skråband, kryssband og losholtar. Han er også bunden saman med kryssband over orgelgangens saltak. Den indre konstruksjonen er avslutta med fem tverrlagde bjelkar over ei ramme. Bjelkane ber golvet i klokkerommet og ein kraftig klokkestol.

Frå hjørna i ramma over klokkestolen går eit kryssband horisontalt over klokkestolen. Om lag 30 cm frå ramma er det festa ei ny ramme til kryssarmane Frå hjørnestolpane under klokkehøgd går det skråstøtter opp mot senteret i hjelmen der dei er feste til enno eit horisontalt kryssband før dei held fram og er feste i gratsperrene i hjelmen. Hjelmen har i tillegg mellomsperrer til kvar side. Både hjelmen og arkane er kledde utvendes med spøner. Arkane har kross av tre i møna, øvst er hjelmen avslutta med flat kule og kross av jarn.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Tradisjonelt interiør med altar med tavle og altarring sentralt aust i koret. Preikestolen står i midtrommet i kyrkja i det søraustre hjørnet med oppgang frå koret. Døypefonten står ved korskiljet på nordsida. I skipet er det samanhengande benkeparti på begge sider av midtgangen og vest i kyrkja er det bygt opp eit tverrgalleri.

Fargar

Då kyrkja var ny, hadde ho «Så vel utvendig som innvendig […] beholdt treets farve i en noget mørkere nyanse».[2] Konstruktive element og benker var gulbeisa med brunlege fasar og fordjupningar.

Den nye panelen på vegger og himling innvendes i kyrkja er trefarga, golvet og stolpane opp til vindauga er lyst gråmåla, benker og konstruktive delar i takverket er grøne. I midtgangen fram til altaret ligg ein raudbrun løpar som tek opp fargane frå altarring og preikestol. Delar av interiøret er staffert med ulike grøne nyansar og raudbrunt.

Glasmåleri

Glasmåleri frå Rognaldsen i Bergen vart sette inn i kyrkja i 1943. I tillegg til alle vindauge i midtrommet i koret er det glasmåleri i vindauga i korets siderom.

Inventar

Altar

Enkelt smalt kassealtar bygd inn mellom postamenta i eit nytt underbygg for altartavla.

Altartavle

Enkel, klassiserande altartavle med gotiske element. Tavla har eit rektangulært biletfelt med flat ramme med stiliserte krossblomar i hjørna. Sidefelta har flankerande runde søyler, ei på kvar side, på flat base som del av eit nytt underbygg for tavla. Dei ber sterkt profilert gesims som knekker bak over biletfeltet. Gesimsen ber flat gavl med krabbar og gotiske ornament. Grå botn, grå- og kvitmarmorerte søyler, raudbrun ramme, gull staffasje.

På nedre del av ramma er det ei innskrift med gotisk fraktur: kommer hid til mig alle som arbeider og ere besværede. Biletet framstiller Jesus, frontalstilt med løfta armar og kvit kappe som ligg over hans venstre skulder. Han har skjegg og langt hår, hovudet er omgitt av stråleglans. Kring han er samla i alt 10 personar som på ulike vis ber teikn på at dei treng hjelp, ein med handjarn, ein med krykker og liknande. Usignert.

Altarring

Altarringen har sekskanta grunnform der austsida er open i flog med framkanten av altaret. Golvet i altarringen er heva eit steg opp frå golvet i koret og i ytterkanten har steget på fem sider funksjon som knefall, skinntrekt og festa med saum over profilert fotlist. Innafor knefallet står eit rekkverk med flat handlist og lukka hjørne. Sidene har små, runde pillarar som ber kløverbladbogar. Altarringen er raudbrun med staffasje i grønt og kvitt.

Døypefont

Tidlegare døypefont var liten og sekskanta og gulmåla som interiøret elles. Kummen kvilte på tre små søyler.[3]

Døypefont frå mellomalderen av grå, hard og jamn kleberstein. Fonten har vore ute av bruk og skal ha fungert både som fot til hespetre og som skåp med treluke i sakristiet.[4] Han står no på ein låg, sekundær sokkel av tre nord i koret. Forma er nærast kubisk med enkel profil i overkant. No er foten fylt med grus til støtte for dåpsfat.

Fonten har uttappingshol for vatn sentralt i botnen. Ut frå typologiske trekk kan fonten daterast til 1100-talet. Mål: Døype fonten er 66 cm høg og 50 cm djup, sidene er 95 og 72 cm breie.[5]

Preikestol med oppgang

Preikestolen har forenkla nygotisk form med fem sider på flat botn boren av ei søyle av seks radiært stilte plankar med sveifa yttersider. Hjørna mellom faga har tilsvarande, smalare plankar med sveifa yttersider. Dei tre fremste faga har ei kløverbladforma, nedsenkt biletflate med profilerte sider. Handlista er stoppa og trekt med skinn, under handlista er det hengebord med utskorne kløverblad. Under botnen er det hengebord med gjennombrotne krossformer. Kort oppgang frå altarpodiet i aust.

Hovudfarge på preikestolen er brunraudt, grøn og gull staffasje. Dei tre biletfelta har framstillingar av treeininga med Faderen, berrhovda og med skjegg, Sonen med hyrdestav og Den heilage Anden i form av ei due. Måleria er legg kubistiske med lyse fargar og lette penselstrok. Usignerte.

Lesepult

Standard lesepult av tre. Gråmåla.

Benker og faste stolar

Kyrkjebenkene er truleg opphavlege med rette vangar som i forkant er skorne i bogeform frå setehøgd bak mot ryggen. Toppen av vangen har kløverform og nede er eit lite, gjennomskoren firpass. Ryggane er opne med to ryggfjøler, bak den øvste er festa skrå salmebokhylle. Benkevangane er no lett skrådde, i det bakre del truleg på eit tidspunkt er skoren av i underkant. Grønmåla.

Galleri

Kyrkja har eit djupt tverrgalleri i vest, sett inn mellom mellomstolpane i skipet. Det går ein galleribjelke under fronten som i tillegg til mellomstolpane er understøtta av to stolpar ved midtgangen. Det går også ein bjelke på tvers under bakkant. Også denne støtta av ekstra stolpar. Mellom desse er det lagt golvbjelkar i lengderetning som underlag for gallerigolvet. Fronten har 10 kvadratiske fyllingar i ramme og er avslutta oppe med runda handlist. På denne er det sekundært sett inn ei forhøging utforma som rekkverket i altarringen med små pillarar som bær kløverbogar under profilert handlist. Orgelfronten bryt no gjennom gallerifronten sentralt, dette er ei sekundær tilpassing. Lyst grå felt, grøn ramme, kvit, raudbrun og gull staffasje.

Skulptur

Krusifiks, no opphengd på ein mellomstolpe aust på nordsida i skipet. Sjølve Jesusfiguren har truleg først stått på eit altarkrusifiks. Han er skoren med hovud med tornekrone, lett hallande til høgre, med armane opp i boge og den høgre handa forma i signingsgest, korte lendeklede og kontrapostostilling med høgre fot festa over venstre. Skore av Brynjulf Bergslien. Tilsvarande finst i Stedje og Borgund kyrkjer.

Måleri

Eit måleri av Jesus med born i ei grøn eng er opphengt ved døypefornten. Måleriet er frå 1979 og er signert nede i høgre hjørne.

Nummertavler

To enkle nummertavler tilpassa det nygotiske formspråket i kyrkja. Todelt nummerfelt med ramme med øvre kløverbladform. Svart med grøn ramme.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Altarduk av kvitt aidastoff med bord i hardangersau med kvitt perlegarn. Borda heng ned frå kanten av altarbordet. Ho viser vekslande krossar og kalkar og er avslutta nede med tunger.

Altarklede

Altaret er kledd med eit fast, raudbrunt, toskafts ullstoff.

Messehaklar

a) Brunsvart messehakel i fløyel med grått fôr. Høgde bak: 109 cm, høgde framme 91 cm, Breidde ved skuldrene: 58 cm. festa med tre hekter på venstre skulder. Hakelen er restaurert og har fått isett nytt fôr av mørkt grått bommullslerret med forsterking i skulderpartiet. Hakelen er kanta med gullband med løkker i ytterkant og med sikksakkband av gull innafor denne. På forsida er ein liten latinsk kross av gullband kanta med sikksakkband, på ryggsida er det ein breiare kross av eit breiare band som er lagt dobbelt og skøyten dekt med eit blankare og smalare band. Endane er runda i det det breiaste bandet her er rynka saman innvendes og ytterkanten formar ein halvsirkel. Innafor ytterkant av krossen er forma markert ved ei påsydd svart lisse.

Krossen står på ein Golgatahaug av fylt broderi med plattsaum i ulike gulgrøne nyansar. Ulike felt er skilde med stilkesting i sølvtråd og haugen har påsydde blanke paljettar. Stoffet i messehakelen og Golgatahaugen går truleg attende til 1700 (vis til rekneskapar) i det det på kvar side av krossen viser merke etter to figurar, venteleg Maria og Johannes, som har flankert krossen og viser samtidige stiltrekk. Krossen har truleg også vore i fylt broderi som Golgatahaugen, men har blitt skifta ut på grunn av slitasje.

b) Raud messehakel, rettsida. Den Norske Husflidsforening, 1950 eller 60-åra. Hovudstoff i klarraud ull i krosskypert, fôr av gul bommullslerret. Hakelen er kanta med smalt gullband. På ryggsida applikert latinsk kross med gullband og broderi, på forsida chi- rho brodert med leggsaum. Høgde framme 99, bak 105 cm. Breidde ved skuldrene: 66 cm.

c) Kvit messehakel i vid, runda form med skrå skuldrer. Hovudstoffet er i ull i ein kypertvariant, fôret er av thussasilke, begge i ein naturkvit tone. Forsida har innvoven stolpe i to grøntonar og fiolett og applikert og brodert bladformer og krone i brysthøgd Ryggsida har den same stolpen, over denne er det festa eit smalt gullband i form av ein dekkande y-kross. Feste med hempe og knapp på begge sider av halsen. Umerkt. Høgde 117, breidde 109 cm.

d) Grøn messehakel. Svarar til den kvite i materiale, form, utføring og storleik. Hovudstoff og fôr grønt. Applikasjon med vinlauv, druer og aks på forsida.

e) Fiolett messehakel. Hovudstoff fiolett mot vinraudt, fôr fiolett mot blått. Applikert og brodert motiv tornekrone og bladformer.

Preikestolsantependium

Lys grønt antependium med applikert Guds-lam med sigersfane framfor oppgåande sol. Hovudstoffet er toskafts lin. Det er kanta med band og brodert kontur. Applikasjonen er sirkelrund med kant av kvitt ullent stoff med rankebroderi i orange. Botnstoffet er lysblått toskafts lin med brodert sol. Lammet og fana er i det kvite stoffet, detaljane broderte.

Duk

I kyrkja er ein kvit duk med brei hekla bord med vinranke.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

a) Mellomalderklokke, ca.1400. Klokka har krone av seks runda bøylar med knekk i overkant. Frå krona skrår hua ut og knekker ned mot hals med to riller over og under skriftband. Korpus svingar ut mot rille over ut- og nedbøygd slagrand som skrår opp innvendes. Innskrift i bandet kring halsen med gotiske minusklar: Ave maria … domin s tecum … Under bandet er det støypt inn eit merke, a, truleg pilegrimsmerke. Merket er utydeleg men framstiller truleg figur i gotisk nisje med kløverbladopning. (Maria med barn?) Det er også eit innstøypt merke, b, på korpus under merke a, sjå foto. Diameter 96 cm, høgde med oppheng 105 cm, utan oppheng 74 cm. Klokka er vanskeleg tilgjengeleg. Bendixen las heile innskrifta slik: Ave : Maria : Gracia : plena : domin[u]s : tecum : benedicta : in : mulieribus. Han finn merket med Maria og barnet tre stader kring korpus.

b) Mellomalderklokke med seks runda bøylar med støypt snoing i ytterkant svakt skrådd kroneplate med rett knekk mot ut- og nedsvinga hue med to riller på kvar side av halsband. Rett korpus som nede svingar ut mot rille over ut- og nedbøygd slagring avslutta med to riller. Undersida skrår opp. Diameter 58, 5 cm, høgde med oppheng 59 cm, utan: 51 cm.

c) Klokke 1832. Klokka har flat kroneplate. På halsen innskrift: STØBT AF K C SCHMIDT I CHRISTIANIA 1832. På korpus på ei side: BEKOSTED AF STEDIE KIRKES EIERE SORENSKRIVER A v W S KOREN, E STEDIE, L L WESTREM OG A NEDREHAGEN AAR 1832. Diameter 64 cm, høgde med oppheng ca. 60 cm, utan 48 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

a) Orgel frå Olsen & Jørgensen, mekanisk. 1911 – 1967. Orgelet hadde 10 stemmer fordelte på to manualar og pedal.

b) Orgel frå Vestlandske orgelfabrikk. Elektrisk. 1967. Orgelet har 30 stemmer fordelte på tre manualar og pedal.[6]

Orgelfasaden er firdelt med hovudverk, sidetårn og ryggverk alle med synlege metall-piper. Hovudverk og ryggverk er igjen tredelte. Elementa har rette sider og kvar del er avslutta oppe med spisse gavlar med broten topp. Grønmåla med brunraud staffasje.

Piano

Grøndahl

Bøker

Bibel med stivt skinnband og hemper med metallbeslag. Kiøbenhavn 1819.

Andre bøker er ikkje registrerte.

Møblar

Stolar

a) Stol frå stavkyrkja. Stolen har heile, rette vangar sett ned i ein tverrgåande fot og innsett setefjøl og ryggbrett i vangane. Vangane er sveifa i overkant. Overkanten har vore runda opp i midten, men denne rundinga er kjekt av. Stolen er måla raudbrun med svart, enkel marmorering, setet er bleikt gult.

b) Som stol a men noko ulikt utforma i detaljane. Nyare kopi? Vangane endar rett avslutta mot golvet. Stolen er brunmåla med eit enkelt rosemålingsmotiv i ryggen og utvendes på vangane.

c) Stol med rette forbein, svungne bakbein, h-kryss og sprosse nede mellom bakbeina. Truleg bjørk med innslag av furu. Rett sarg som er nagla fast til beina. Sarg og forbein har ein skoren vulst i overkant. Armlenene er svungne i horisontalplan og endar framme i volutt. Dei er festa til støtter frå sargen og til bakbeina. Sekundært er festa forsterka med jarn. Stolen har gjennomskore ryggbrett i furu med harpeform i øvre del og initialane DWC (?) i nedre del. Toppstykket svingar bakover i midten og ned mot vulstar over ryggbeina på sidene. Setet er stoppa og trekt med naturfarga skinn.

d) Stol-par frå 1937. Stolane har rette forbein som endar i knopp over sargen, rette bakbein og H-kryss. Kraftig sarg og stoppa pute trekt med naturfarga skinn. Ryggbeina er rette og endar i knopp over bakoverbøygd ryggbrett med rett overkant. Ryggbrettet har gjennomskoren dekor i roseform og nedre del av brettet er sveifa ned kring denne forma. Stolen har også annan skoren 30-talsdekor. Dei er måla raudbrune. Skorne dekorelement er markerte med staffering i grønt, svart og gull.

e) Stol-par i bjørk som nyare kopiar av stol c men med nokre forenkla detaljar. Stolane har innlagd mørk brun intarsiadekor i rutet-form på toppstykket og framme på sargen. I ryggen er innlagt initialane MHE. Stoppa pute trekt med skinn. Solane er lakka.

Bord

To bord frå 1937 utforma som stol-paret d). Borda har rette bein, avtrappa smalnande nedetter og sargen er festa inn i beina. Enkel, rektangulær bordplate.

Offerutstyr

Bøsse ved utgangen. Enkel treskurd, beslag av jarn med sider i sikksakkform. Eldre dreia treskål. Nyare treskål, standardvare. Kollekthovar i brunt skinn med ring og motstilte trehandtak.

Blomstervasar

To trektforma vasar med avtrappa fot, standard sølvsmedvare. Innskrift på foten STEDJE KYRKJA. Innskrift på randa oppe: GJEVE TIL MINNE OM L.I.G. F. 18/1-1891, D 28/10-1952 FRÅ SKYLDFOLK I U.S.A. Høgde 18 cm, diameter fot 9 cm.

Diverse andre vasar i glas og krystall.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Sjå foto.

Gravminne

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Bårehuset nord for vestenden av kyrkja er under ombygging.

Sjå foto.

KJELDER

Utrykte kjelder

Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, avskrift av manus

Trykte kjelder

Heiberg, G.F., Sogns Kirker i Fortid og Nutid, Serprent av Tidsskrift for Historielaget for Sogn 1970 nr. 23

Kolnes, S.J., Norsk Orgelregister 1328 – 1992, Førdesfjorden 1993

Solhaug, Mona Bramer. Middelalderens døpefonter i Norge I-II, Oslo …

Bilete

  1. Sverres saga, kap. 82
  2. Bendixens manus
  3. Bendixens manus
  4. Bendixens manus
  5. Solhaug II, s 87
  6. Kolnes 1993, s 373