Forskjell mellom versjoner av «Tønjum kyrkje»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Linje 270: Linje 270:
 
Bygningar knytte til kyrkjegarden
 
Bygningar knytte til kyrkjegarden
  
Aust på kyrkjegarden er det reist eit reiskapshus med opphaldsrom og sanitæranlegg. Det vart teikna av Claus Lindstrøm og stod ferdig i 1995.<ref name=ftn3"> Opplysning fråkKyrkjeverja</ref>
+
Aust på kyrkjegarden er det reist eit reiskapshus med opphaldsrom og sanitæranlegg. Det vart teikna av Claus Lindstrøm og stod ferdig i 1995.<ref name=ftn3"> Opplysning frå kyrkjeverja</ref>
 
Huset ligg plassert like innafor stakittet. Det har langsmal plan og ligg orientert i nord-sørleg retning. Huset er reist i bindingsverk og kledd utvendes med liggjande bord. Saltaket er tekt med lappheller. Sentralt i vestveggen er det ope vindfang trekt inn under saltaket med dører til romma i bygget. Måla engelsk raudt som kyrkja. Fløydør i sør. Vindauga er plasserte som låge og breie opningar høgt på veggene ved hjørna.
 
Huset ligg plassert like innafor stakittet. Det har langsmal plan og ligg orientert i nord-sørleg retning. Huset er reist i bindingsverk og kledd utvendes med liggjande bord. Saltaket er tekt med lappheller. Sentralt i vestveggen er det ope vindfang trekt inn under saltaket med dører til romma i bygget. Måla engelsk raudt som kyrkja. Fløydør i sør. Vindauga er plasserte som låge og breie opningar høgt på veggene ved hjørna.
  

Revisjonen fra 26. sep. 2012 kl. 10:20


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Tønjum kyrkje

Anne Marta Hoff


Bakgrunn

Det stod ei stavkyrkje på Tønjum heilt fram til 1824. Då bles ho ned under en veldig vinterstorm 12. januar, og ei ny kyrkje, den ståande kyrkja, vart reist. På ei tavle i kyrkja står det at kyrkja bles ned i 1824, og at den nye kyrkja vart vigsla i 1832. Denne tavla er skriven i 1837.


Det stod også fleire kyrkjer i nærleiken, på Eri 2 km nord for Tønjum, og på Rikheim, 5 km aust for Tønjum.

Stavkyrkja

[...]

Kyrkja frå 1832

Bygningen

Tønjum kyrkje er ein mellomting mellom ei langkyrkje og ei krosskyrkje med todelt skip der den vestre delen er smalare og lægre enn den austre. I aust er det eit smalare og lægre kor med sakristitilbygg i enden. Over midtdelen har kyrkja ein takryttar med fundament i raftehøgd. Kyrkja er utan våpenhus.

Vegger

Veggene er lafta i flattelgd tømmer. Innvendes i kyrkjerommet er tømmeret kledd med ståande staffpanel. Hjørna er ikkje tilgjengelege, men det dei smalare delane i aust og vest er truleg lafta inn i midtdelen. Midtdelen er treskipa med midtskipet i same breidde som koret og vestdelen av skipet. Langveggene i midtdelen og den vestre delen er avstiva med ei opplengje på kvar vegg. Som skilje mellom midtskip og sideskip står det to mellomstolpar på kvar side. Dei fire indre hjørna er innkassa. Sakristidelen har tømmervegg som tverrvegg mot koret. Dei øvre omfara i sakristidelen har synleg laft på loftet, men det kan ha skjedd endringar med veggene elles som no er kledde med plater.


Gavlane har standarar med utvendes bordkledning.


Utvendes er veggene kledde med liggjande panel. Det har skiftetsvis vore måla kvitt og raudt, no er det engelsk raudt med grøne dører.

Portalar og dører

Dørene inne i kyrkja er originale, medan ytterdørene er fornya. Inngangsdøra i vest er ei fløydør, frå vest er det i tillegg dører til sideskipa på kvar side, i nord med rullestolsrampe. Andre inngangsdører har steintrapper. I sakristidelen aust for koret er det fire dører, ei utafrå til gangen, ei frå gangen til koret og ei på kvar side til sakristi og venterom for dåpsfolk. Dei originale dørene er empire-prega med fire fyllingar over einannan, ytterdørene har tre fyllingar.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er markert ved at golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet med trapp i heil breidde. Denne trappa ligg om lag 1,5 m vest for hjørnestolpane mot koret.

Vindauge

To høge, smale vindauge med gavlforma øvre avslutting er plasserte på kvar side i kvar av dei tre delane av kyrkja. I kordelen er det eine av desse i koret, det andre i sakristi/venterom. I tillegg er det eit mindre vindauge med tilsvarande form over inngangsdøra. Dei ytre vindauga som er eldst, har fire rammer skilde med midtpost og tverrpost som saman dannar ein latinsk kross. Dei nedste rammene er delte i to med horisontal sprosse. Det er sekundært sett inn firerams innerglas med blyglas i rammer.

Golv og fundament

I kyrkjerom og kor er det nyare golv av tverrlagde totoms golvbord med not og fjør. Golvet har vore lakka, men er no slipt. Golva i sakristidelen er tregolv dekte med boucléteppe.

Fundamentet er støypt.

Tak

Kyrkja har tre saltak, eitt over kvar hovuddel. Takstolane har sperrer og ein hanebjelke, truleg også bindbjelke i raftehøgd. Midtdelen har eitt skråband festa til sperrene på kvar side.

Hanebjelkane er lagde på sperrene på halv ved og sikra med nagle. I mønet er sperrene tappa saman. På sperrene ligg bord som underlag for rekter, lekter og lappheller. Hanebjelkane over austdelen er dels oppattbrukt stavkyrkjematerial. Ein hanebjelke har hol for feste av spileverk og bord på ei side og dekorativ måling (16 – 1700-talet) på ei tilstøytande side. Ein annan har nedfelt rettvinkla profil med restar av svartfarge.

Himlingar

Det er flat himling i midtskp og kor. Himlinga i sideskipa ligg i same høgd, men er skilt frå ved innkledd bjelke understøtta av mellomstolpar. Over bindbjelkane er det festa langsgåande, grove bord, på undersida har himlingane langsgåande staffpanel. Over sakristidelen ligg det bindbjelkar frå raftehøgd til raftehøgd i lengderetning. Desse ber grove bord som himling i eit lågt loftrom. Himlinga i romma i sakristidelen er kledd med plater.

Takryttar

Takryttaren har eit solid fundament i raftehøgd i midtdelen av kyrkja. Det bryt taket som eit åttekanta tårn dekt med åttekanta hjelm avslutta med spir med kule og kross med kryssande tverrarmar. På kvar side er ei rektangulær lydluke. Sidene i takryttaren er kledde utvendes med liggjande bord, det gjeld også lydukene som er sette inn i ei ramme. Hjelmen er tekt med lappskifer.


Fundamentet i raftehøgd kviler dels på dei langsgåande bjelkane som er understøtta av mellomstolpar i skipet, dels på tverrlagde bjelkar i skiljet mellom midtdelen og austre og vestre del. Her ligg ei kraftig ramme som ber dei lett konvergerande hjørnestolpane. Kvar side har andreaskross festa til stolpane.


Sentralt i lengderetning ligg ein kraftig bjelke med ein spinklare over som feste for dei tverrgåande stokkane mellom hjørna.


Der tårnet bryt takflatene er det lagt inn ei øvre ramme som ber konstruksjonen i den synlege delen av tårnet og klokkestolen. Dei åtte hjørnestolpane i denne delen er, dels med sjølvvaksne kne, festa til denne ramma, og vidare med eit skråband til bjelkar som kryssar over ramma. Oppe er dei festa til ramme under hjelmen, her er også kongen i hjelmen festa med kryssande bjelkar i stjerneform. Den øvre delen av klokkestolen er skifta ut med metall.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkjerommet framstår nærast som eit sentralrom i det koret er grunt og ope mot skipet, sideskipa i midtrommet gjer dette mest like breitt som langt, og den smalare vestdelen i skipet virkar grunnare på grunn av det djupe galleriet.


Rommet har likevel eit tradisjonelt interiør med altar med altarring aust i koret, døypefont på nordsida og preikestol på sørsida. Det er to benkefelt som flankerer midtgangen frå vest til aust, og eit tverrgalleri i vest med oppgang i det nordvestre hjørnet i kyrkjerommet. Tidlegare orgel stod på galleriet, men no står orgelet aust i nordre sideskip.

Fargar

Då Bendixen var i kyrkja kring 1900 var ho kvitmåla utvendes. No er ho raud.

Innvendes hadde ho kring 1900 ei vanleg fargesetting frå denne tida, med lyst grått og ulike gulbrune fargar som ofte var utført i ådringsteknikk for å illudera naturmaterialar.[1]

I 1930-åra vart ho måla i kvitt og gult og med staffering i gull.

Kyrkja vart måla innvendes i 1964 etter fargeframlegg av konservator Qvale ved Riksantikvariatet. Himling og vindauge vart kvitmåla, veggene gule, stolpane grå og benkene grøne med mørkare rammer og staffering i gull. Grått, grønt og gull gjekk også att på preikestol, orgel og andre inventardelar.

Kyrkja vart sist måla innvendig i 1991 etter detaljert fargeframlegg av Terje Norsted hjå Riksantikvaren [2]

Inne har ho kvite himlingar, lyst gråfiolette vegger og trefarga golv. Benker og berande element er i engelsk raudt. Døypefont, preikestol, galleri og dører er også raude med staffering i gull og blått.

To av hanebjelkane over koret har dekor frå ei tidlegare kyrkje. Den eine flata viser enkle v-mønster, den andre har rankedekor i raudt.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og vert oppvarma med røyromnar under benkene og panelomnar. På loftet er det restar av tidlegare piper. Gamle gass-lysekroner er også lagra på loftet.


Inventar

Altar

Kassealtar av rammeverk kledd med ståande staffpanel og med dør bak til skåp. Altaret er heilkledd med tekstil, raud fløyel på bordet og djupt blått stoff framme og på sidene. Altaret er 213 cm breitt, 90 cm djupt og 103/119 cm høgt.

Altartavle

Altartavla er montert saman med altaret og har form som ei klassiserande ramme kring biletfelt med låg runda boge. I feltet er det sett inn eit maleri med olje på lerret som framstiller Jesus i Getsemane. Maleriet er signert nede i høgre hjørne: A. Olsen efter O. Mangelberg 85. På ramma under feltet er måla med versalar: VAK OG BED.

Altarring

Altarringen er halvsirkelforma med rett bakside i flog med baksida av altaret og med port på sørsida. Ringen har runda handlist med indre hylle for særkalkar, balusterforma dreia pilarar og lett skrådd og stoppa knefall trekt med blått skinn eller skai. Golvet i altarringen er heva eit steg over korgolvet.

Døypefont

Åttekanta døypefont med innsvinga kum med profilar oppe og nede, rett skaft med staff på dei åtte hjørna og uttrappa fot. Engelsk raud i to nyansar staffert med gull og blått.

Preikestol med oppgang

Åttekanta preikestol med opning mot aust. Stolen har stoppa handlist trekt med blå fløyel og kanta med gullfrynser. Sidefaga er høge og smale av enkel ramme med ei fylling med profilert list omkring. Profilert sokkel og innskrådd, profilert botn som endar mot eit uvanleg kort skaft på fot av profilerte lister. Stolen har truleg vore høgre tidlegare. Kort trapp mot aust. Fargane er to nyansar av raudt med staffering i blått og gull.

Lesepult

Lesepulten har skrått lesebrett på kasseforma sokkel og dreia, balusterforma skaft heva opp frå golvet på tre svungne bein. Pulten er måla i samsvar med interiøret elles.

Benker

Benkevangane er breie og rettsida i nedre del, og smalnar av mot ryggen over setehøgd, øvst er dei sveifa bakover i halvkuleform. Benkeplatene er truleg heva med list i forkant. I gavlane under opphavleg setehøgd er det felt inn fram- og baksargar for seteplatene. Sameleis er det felt inn to ryggstøtter i øvre del av vangen. Raudmåla. Lause puter.

Galleri

Galleriet i vest har trapp opp frå nordvestre hjørne i skipet. Galleribjelken er boren av fire stolpar, to av dei veggstolpar. Stolpane har djup fas i hjørna og er avstiva mot galleribjelken med sveifa kne. Over galleribjelken stikk seks sveifa bjelkehovud frå golvbjelkar ut under galleribrystinga. Golvet på galleriet er av tverrlagde bord. Den nordre delen har smalare bord, og virkar nyare enn den søndre delen. Brystinga har ramme med sju fyllingar og med små pilastrar i overkant under handlista. Golvet på galleriet er blått, himlinga under er kvit. Brystninga og dei bærande elementa er i to raude nyansar, blått og gull.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament og andre tekstilar

Altardukar
  1. Eldre, sleten altarduk av kvit lin med uttrekssaum etter kanten og med ei påsydd, 18 cm brei hekla bord på tre sider. Borda har jesusmonogram, krossar og beger i felt.
  1. Den duken som er i bruk, er kopi av den gamle. Den hekla borda er 25 cm brei.
Messehaklar
  1. Fiolett messehakel av fløyel, skjoldforma. 1900-talet. Hakelen er kanta med breitt gullband og har kross på ryggsida av det same gullbandet. Tre hekter på høgre skulder. Fôr av vinraud, falma bomullssateng. Høgde 82/100 cm, breidde oppe 54 cm.
  1. Raud messehakel med smal, rettsida form. Stoff i raud (viskose)damask med runde felt med signingskrossar. Fôr av gult lerret. Kanta med smale gullband og festa med tre hekter på venstre skulder. Ryggsida har kross av gullband og broderi, forsida har stolpe i same teknikk. Merkt DNH 1958. Høgde 103 cm, breidde 61 cm.
  1. Fiolett messehakel med smal, rettsida form. Hovudstoff av av ull i krosskypert. Fôr av djup blått bomullslerret. Ryggsida har kross med stolpe av innlagde renningstrådar og med tverrarm av broderte striper. Forsida har stolpe markert av enkle renningstrådar med kristogram (chi-rho) brodert med sølvtråd i brysthøgd. Hakelen er merkt Marit Anny’s Vevstogo. Høgde 113, breidde 69 cm.
  1. Grøn og kvit messehakel med smal, rettsida form. Stoffet er av ull og vove i dobbelvev slik at begge sider kan brukast. Den grøne sida har mønster i kvitt og omvendt. Forsida har stolpe med beger merkt med kross, ryggsida har stolpe med aksmotiv og jesusmonogram. Tre hekter på eine skuldera. Høgde 99 cm, breidde 63 cm. Umerkt.
  1. Kvit, skjoldforma messehakel i kunststoff. Stoffet er vove som damask med greinmønster. Gaffelkross av applikert stoff med krossmotiv på begge sider. Fôr av raudt kunststoff. Tre hekter på venstre skulder. Merkt Casa Bochaca, Barcelona. Til hakelen høyrer ein manipel. Høgde 103, breidde 60 cm.

Tre messeskjorter.

Andre tekstilar

a) Skilbragdteppe opphengt på sørveggen i søndre sideskip. Dette er eit kristnateppe til bruk ved dåp, vove av Gudrun Holte, Lærdal.

b) Blå midtgangsløpar.

c) Tekstil, ruteåkle, samarulla bak altaret. I 1965 fekk kyrkja eit brureteppe, teikna av Ingeborg Momrak, til koret. Det er vove i Jølster. Teppet vert rulla frå altarringen og ned kortrappa ved brudlaup. (Kallsbok + opplysning frå kyrkjeverja.)

d) Teppe i altarringen. Knytteteppe med solmønster med krossar og liljer. Teppe i koret fekk vi 1964 til kr 800. Det er vove av Magnhild Hegheim (Helgheim) i Ålhus. (Kallsbok)

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

  1. Mellomalderklokke i skipet, vest i søndre sideskip. Klokka har fire runde hol i kroneplata. Midtboge og seks bøylar er filte vekk. Diameter ca 70 cm, høgde utan krone 66 cm.
  1. Klokke frå Olsen og Nauen 1989. Klokka har kristogram på korpus over innskrifta LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD! Diameter 62 cm, høgde 58 cm med krone, 48 cm utan.
  1. Klokke frå Olsen og Nauen 1992. Due med olivenkvist i relieff over ”KLOKKE RING FRED FRÅ HIMMELBORG , FRED OVER LIVET, FRED OVER SORG”. Diameter 73 cm, høgde 68 cm med krone 57 cm utan.

Orgel og andre instrument

Orgel frå Norsk Orgel – Harmonium fabrikk, Snertingdal. Nr. 472. Byggeår 1991. Fasaden er tilpassa breidda og høgda på nordre sideskip. Sidetårna står på konsollar ut frå spelepulten og når opp til taket. Over spelepulten er det svellverk og brystverk med hovudtårn. Alle tre tårn har pipefelt i form av framstikkande kjøl avslutta oppe og nede med profilert listverk.

Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:


Rørfløyte 8’

Principal 8’

Spissfløyte 4’

Oktav 4’

Gemshorn 2’

Mixtur 3-4 k


Gedakt 8’

Rørfløyte 4’

Principal 2’

Quint 1 1/3’

Skalmeie 8’

Tremolo

Subbass



Tavler

Ei tavle av fire ståande bord har to måla skriftfelt over einannan. Det øvste er ovalt med kvit botn, svart skriveskrift og ferskenfarga ramme av ryskjer med svart kontur. Innskrift:


Aar 1823 den 12te januar omstyrtedes Tønjums forrige Kirke ved storm. Den nuværende opbyggedes derpaa af Kirkeejerne Torger Halvor sen Næs og Halvor Olsen Raae. Den 30te September 1832 blev den indviet af Stiftets Biskop Dr m.m. Neumann. Kirkens udvendige Maling ligesom den indvendige af Choret fuldførtes 1837 af Kirkeejerne Johannes Olsen Hove og Halvor Olsen Raae. – 23/10 37.


Det nedste feltet er truleg tilsett seinare. Skriftfeltet har ikkje så klar sorm og kontur, og rammedekoren er tilpassa, men har eit tydlegare rankepreg. Skriftfeltet et gult, rankene raude og innskrifta med svart skriveskrift:


Den Siste udvendige Malling paa Tønjums Hovd [sic] Kirke var færdig den 3die Juli som er Bkostet [sic] af Lærdals Commoni 1864.


Nummertavler

Enkle tavler med gavlforma øvre avslutting.

Møblar

Stolar
  1. Eit par stolar i eik med krumma forbein, og bakbein som over sargen er sveifa og går over i toppstykke. Høgt hjarteforma gjennomskore ryggbrett. Bladornament. Seta er stoppa og trekte med blåfarga skinn.
  1. Eit par karmstolar av lauvtre med H-kryss, forbrett, skrådd rygg og armlene som kviler på forhøga forbein. Akantusskurd på forbrett, kring midtfelt på ryggen og fremst på armlena. Forbrettet og toppfeltet i ryggen har krone mellom bladformene. Forbeina har løveføter.

Offerkar

Kollekt i benkene vert samla inn i standard brunspetta kollekthovar med band over skøytane og med massingring med motstilte handtak av tre.Offer på altaret vert lagt i ei lita sølvskål (ikkje registrert).

Bøsser

a) Ei fattigbøsse av metall oppbevart på loftet.

b) Ved utangen er det hengt opp to bøsser, ei på kvar side av døra. Bøssene er kasseforma, av tre, og måla med misjonsmotiv. Spalte for pengar i overkant.

Blomstervasar

  1. To blomstervasar med trektforma korpus der øvre del er vidare og dekorert med fire par riller. Utsvinga fot med tilsvarande riller. Innskrift på begge på øvre del av korpus: TIL TØNJUMS KYRKJA FRÅ RIKHEIM BARNELAG 1933. Stempel: 830 S, Magnus Aases meisterstempel, N i kvadrat, 9 og M. AASE. Høgde 32,2 cm, diameter oppe 32,2 cm.
  1. To blomstervasar med trektforma krage over skålforma korpus på utsvinga fot. Innskrift på korpus med skriveskrift: Tønjum kirke 1970. Stempel: 830 S, Lo og NR. 62. Høgde 23,3 cm, diameter oppe 11 cm.
  1. Ein blomstervase med firkanta snitt, korpus smalnar oppover og rundar inn mot utskrådd og nedbøygd fot. Innskrift. TØNJUM KYRKJE – TORDIS SALTKJELEN 1973. 830 S, Beger i oval og B. Høgde 22 cm, største breidde fot 8,4 cm.

Inventar og bygningsdelar på museum og andre stader

Fire portalar på Bergen Museum

Dørring frå 11 – 1200-talet, no i Bergen Museum

Prosesjonsstav, fragment, frå 1490 – 1520, no i Bergen Museum

Gravstein frå 1200-talet, no i Bergen Museum

Lysekrone, udatert, no i DHS, SF

Messehakel, udatert, no i DHS, SF


Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Tønjum kyrkje har kyrkjegard på alle fire sider, dei fleste gravene ligg mot sør og aust. Nordsida og nordre del av austsida er avgrensa med steingard av rullestein. Nordsida har to portar mot parkeringsplassen og vegen, ein ved vestinngangen og ein inn til kyrkjegarden. Sørsida, vestsida og resten av austsida har stakitt, dels på tørrmur som fungerer som støttemur for oppbygginga av kyrkjegarden. Utvidingar av kyrkjegarden må ha skjedd mot sør og aust. Det er planta bjørk på kyrkjegarden.

Gravminne

Ved kyrkjeveggen ligg to steinar med hogne innskrifter. På den eine: Her under viler den qvinde Mari Johannesdatter ø.steri (?), på den andre: AASW 1814.


Ei gravplate av lys stein er bevart. Innskrifta er hoggen inn med store, jamne versalar: DEN NIDKJÆRE LÆRER SOGNEPRÆST TIL LEIRDAL LUDVIG DAAE FORLOD VERDEN 6TE DCBR 1831 I LÆREEMBEDETS 19DE OG ALDERS 46DE AAR. HØILIG SAVNET AF ENKE OG UFORSØRGEDE BØRN. FOR DIN ÆDLE VANDEL MODTAGE DU NU LØNNEN HOS GUD.


Fleire gravminne av støypejarn, både gravplater og krossar, frå tidleg Siste halvdel av 1800-talet er bevarte. Mellom gravplatene er grava til Sognepræst Hannibal Winsnes1801 – 1861 og ein knapt eitt år gammal son. Bibelsitat frå 1. Kor 15,57 er teke med på plata. Øvst ein sigerskrans, nedst symbola for tru, von og kjærleik. Vidare Godseigar Wollert Krohn Hille, 1795 – 1860. Denne plata har stjerne i alle hjørne. Over innskrifta to englar som ber symbola for tru, von og kjærleik, under innskrifta sigerskrans. Ei plate med dei same sybola er til minne om stiftsprostinne Sophie Dorothea Fleiscer (1774 – 1854) med orda: Evigheden belønne hva efterlevende kun kan mindes med taknemmelighed. Sameleis ei identisk plate over Madame Ingeborg Marie Hansen f. Larsen (1820 – 1853), og ei over mannen hennar, landhandlar Jan Henrik Nitter Hansen (1801 – 1879). Ei plate med same motiv i overkant og ein engel med krans i høgre handa og bokrulle eller harpe i venstre, er lagt over kaptein Mads Christensen (1788 – 1841) som var sjef for Leirdalske Compagnie.


Kyrkjesongar Tron Hagebø, 1829 – 1880 har namnet sitt på ein støypejarnskross. Ein annan kross er bevart saman med innskriftsplata som høyrer til.


Ein minnekrans av metall med minneblom og kvit rose er teken vare på i kyrkja.


Bygningar knytte til kyrkjegarden

Aust på kyrkjegarden er det reist eit reiskapshus med opphaldsrom og sanitæranlegg. Det vart teikna av Claus Lindstrøm og stod ferdig i 1995.[3] Huset ligg plassert like innafor stakittet. Det har langsmal plan og ligg orientert i nord-sørleg retning. Huset er reist i bindingsverk og kledd utvendes med liggjande bord. Saltaket er tekt med lappheller. Sentralt i vestveggen er det ope vindfang trekt inn under saltaket med dører til romma i bygget. Måla engelsk raudt som kyrkja. Fløydør i sør. Vindauga er plasserte som låge og breie opningar høgt på veggene ved hjørna.

KJELDER

Utrykte kjelder

Bendixen, B.E., Kirkerne i nordre Bergenhus Amt, manus, kopi av avskrift Synfaringar og rekneskapar

[...]

Trykte kjelder

Heiberg, G. F., Sogns Kirker i Fortid og Nutid, serprent av Tidsskrift for Historielaget for Sogn 1970 nr. 23, s 29 f, Leikanger 1970

Bilete



  1. Bendixens manus
  2. Brev frå Riksantikvaren 22.03.1991
  3. Opplysning frå kyrkjeverja