Tjugum kyrkje

Fra Norges Kirker

Revisjon per 19. feb. 2021 kl. 16:24 av Kjartan (diskusjon | bidrag)
Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Det er ikkje heilt klart kor lenge Tjugum har vore kyrkjestad. Sjølve kyrkja på Tjugum er ikkje nemnd i Bergens Kalvskinn, ei kyrkjeleg jordebok frå første halvdel av 1300-talet. I innleiinga til faksimileutgåva frå 1989 skriv utgjevarane at grunnlaget for det som står om kyrkjene i Sogn er ein ferdig registrant frå 1316, og at avskrivaren kan ha hoppa over eit par kyrkjer under arbeidet. Dei finn det mistenkjeleg at Tjugum kyrkje ikkje er nemnd, medan kyrkjesoknet er nemnt heile tre gonger (p. 47a og b og p. 48).[1] I Diplomatariet (DN) er kyrkja nemnd i … Venteleg har det stått ei stavkyrkje på staden alt frå 1100-talet slik det elles har vore vanleg på kyrkjestadene frå mellomalderen.

Når kyrkja dukkar opp att i kjeldematerialet frå 1600-talet og frametter, er det ei tømmerkyrkje på Tjugum, og denne skal etter tradisjonen ha vorte bygd i 1610.

Tjugum kyrkje var ein del av Leikanger prestegjeld fram til Balestrand prestegjeld vart oppretta ved kgl. Res. 1. mars 1849.[2] Tømmerkyrkja vart riven og ei ny kyrkje oppført i 1863.

Som ved mange andre kyrkjer finst det ei segn knytt til bygginga av den første kyrkja. Ho skal ha vore tenkt oppført på Torsnes der materialane var lagde opp i flåte og festa ved stranda. Om natta vart materialane flytta av ukjende krefter og dei vart funne att ved Tjugum der kyrkja vart bygt.

Stavkyrkja

Det finst ingen opplysningar om denne kyrkja.

Kyrkja frå 1610

Over inngangsdøra til skipet i den etterreformatoriske tømmerkyrkja stod årstalet 1610, og dette har vore tolka som byggjeåret for kyrkja. Dette er truleg ei rett tolking, men det kan merkast at kyrkja i tilfelle er ein tidleg representant for den etterreformatoriske tømmerkyrkjebygginga i bispedømmet. Kring Bergen, Osterøy og Lindås kan ein finna kyrkjebygg frå denne tida, men elles vert kyrkjene gjerne bygde noko seinare på 1600-talet.

Den tidlegaste skriftlege kjelda for kyrka frå 1600-talet er synfaringa frå 1661-65, og ut frå denne er det tydeleg at kyrkja då har hatt alvorlege skader og manglar som måtte utbetrast og ein vil tru at ho ikkje er heilt ny.

Rekneskapsopplysningar med inventarlister for Tjugum kyrkje finst for åra 1667 – 1722. Desse gjev ein del haldepunkt for korleis tømmerkyrkja har vore, opplysningar som, saman med synfaringsnotata og maleri av kyrkja frå […] kan gje oss eit bilete av 1600-talskyrkja på Tjugum.

Bygningen

Som for dei fleste andre kyrkjer finst det to oppgåver over måla på kyrkja, ei frå 1686 og ei frå 1721. Desse skil seg i regelen noko frå kvarandre, sjølv der det ikkje har skjedd viktige bygningsendringar i mellomtida.

Skipet i Tjugum kyrkje var i 1686 16 ½ alen langt og 13 alner breitt. Koret var 8 ½ alen langt og 10 ½ alen breitt. Tårnet, som var særskilt bygd til kyrkja, var 6 alner i kvadrat. Framfor tårnet var det bygt til eit våpenhus.

I 1721 er måla oppgitt slik: Skipet er 16 alner langt og 14 alner breitt, koret er 14 alner langt og 9 alner breitt og våpenhuset er 3 alner langt og 6 alner breitt. Dette må lesast slik at koret er vorte lengre i austleg retning, 5-6 alner, og at våpenhuset har hatt same breidda som tårnet og stukke 3 alner lengre fram mot vest. Både det opphavlege koret og tilbygget må i desse måla vera rekna som kor.

I 1661-65 laut sutaket både over skip og kor skiftast ut. På sørsida som oftast står mest utsett for været, var også tre av sperrene så rotne at dei laut skiftast. Sambandet mellom kor og skip svikta, og tårnet var så dårleg forankra i skipet at det «beweger sig hid og did naar Klochen ringes». Dette siste skulle løysast ved at to lange dragarar vart festa til tårnet og inn over lemen i skipet. Tårnet laut også «bebindes» i 1687-89. Den firkanta tårnhetta var for kort og dekte knapt dei øvre hjørna på tårnet, dette måtte det også gjerast noko med. Takbjelkane på tvers over skipet var for svake, og desse skulle understøttast med bjelkar på begge sider av midtgangen. Elles var kyrkja for lita og trong, og trengde utviding, noko som ein meinte best kunne skje ved at det vart bygt eit tilbygg på sørsida av skipet, men det vart det ikkje noko av.

Men kyrkja vart utvida. Dette skjedde heilt på slutten av århunderet, i 1696-98. Då vart det laga eit nytt utbygg til kyrkja, 10 alner breitt og 7 alner langt, av tømmer. Både ut frå rekneskapsopplysningane og maleriet til Fernley, må dette ha vore ei utviding aust for koret, noko som stemmer med måla frå 1721. Til dette arbeidet hadde kyrkja hjelp av ein snikkar frå Bergen som laga vindaugskarmar, loftgolv og skriftestol og dreia spiler mellom koret og skipet. Tilbygget i aust vart pannetekt i 1705-07.

Etter utbygginga er skriftestolen nemnd fleire gonger, men det er noko uklart kvar denne har vore. Om det ikkje var i det nye tilbygget, som er mest sannsynleg, må det ha vore i det gamle koret, eller mindre truleg på sørsida av koret. Tilbygget vart tjørebredd i 1699, og «det ny chor och schrifftestoel» vart måla innvendes. Det vart i 1702-04 kjøpt 16 alner grønt stoff, «rasch», til gardiner mellom koret og skriftestolen.[3] Gardinene vart opphengde med jarnstang og massingringar. I 1711-13 er sørsida av skipet, koret og skriftekammeret, tjørebredt. Ein ny skammel, truleg kneleskammel, vart laga kring skriftestolen i 1717-19. Seinare kan innreiinga ha vorte endra slik at det opphavlege koret kan ha blitt inkludert i skipet. Mest 200 år seinare skriv Bendixen at Sakristiet var ope mot kyrkja.[4]

I dei eldste bevarte rekneskapane, 1667-69, går det fram at ein har gjort eit stort arbeid for å få fleire og betre sitjeplassar i kyrkja. Det er då bygt nytt galleri («polpitur») med benker og 24 nye benker («stoller») nede i kyrkja, og golvet i kyrkja vart fornya samstundes. Det går seinare fram at kyrkja hadde to galleri, det eine i vest, det andre venteleg på nordsida av kyrkja.

I 1687-89 er det «lagt nyt gulf i kirchen oc choret». Materialen til kyrkja omfattar både bjelkar, golvåsar og hogne bord, like lange som kyrkja, og dei vart truleg frakta frå Vadheimsfjorden («Wadunsfiorden»).

Samstundes vart åtte opplengjer med kne festa til kyrkja. Veggene trengde venteleg å styrkast for å kunna bera det nye pannetaket som vart lagt opp i 1687-89. Det var ein mann som heitte Christen Thøgers som frakta takpannene og ein murmeister dreia hol på pannene og la dei opp. Han hadde hjelp av tre menn til arbeidet med lekter og anna. Nokre år seinare (1690-92) iukvart overskytande takpanner lagde på våpenhuset. Opphavleg hadde kyrkja bordtak som vart tjørebredd.

Før 1690-92 var det ein del mindre arbeid på vindauga i kyrkja, men i den rekneskapsperioden har det skjedd ei gjennomgripande endring i det det er laga rammer og karmar til seks vindauge som er innhogne i veggene. Dei har då truleg erstatta tidlegare mindre vindauge. I 1708-10, eit tiår etter at tilbygget til koret var på plass, vart det kosta eit nyt vindauge bak altartavla, det kan bety at altaret alt då var flytta aust i tilbygget. Det same når det i 1711-13 står at altarfoten er festa med 4 pund jarn.

I 1690-92 vart det laga to halvrunde dører til kyrkja, det kan ha vore ei fløydør til inngangen i vest.

Både skipet og det opphavlege koret fekk kvelva himling, skipet i 1687-89 og koret i 1693-95, få år før utvidinga mot aust. (R) Tilbygget hadde flat himling. Ved bispevisitasen i 1855 peikte bispen på at det loftet over altaret var så lågt at det var «generende» for presten. Medhjelparane meinte dette kunne endrast ved at ein heva himlingen eller laga ein kvelv også her.[5]

Tårnet vert omtalt som eit støpultårn, det heiter (S 1721) at det er eit «Stopel Taarn frå Grunden opbygt». På Fernley sitt maleri av kyrkja har tårnet firkanta, bordkledd hjelm, og dette stemmer også med opplysningar i kjeldene. Tårnet vart i 1691 prydd med ein gylt hane med knapp og spir, det var seks bønder som gav denne til kyrkja. Det vart då og festa to krokar i spiret, det vart kjøpt ei hampeline, og så vart tårnet tjørebredd.

Interiør

Heile kyrkja vart måla innvendes i 1690-92, det meste av kostnadene vart dekte av allmugen. I perioden etter, 1693-95 vart det opphavlege koret kvelva og kvelven vart måla.

Etter utvidinga mot aust, vart det nye koret og skriftestolen måla innvendes. I 1702-04 vart dåpshuset og foten til bekkenet, døypefonten, måla.

Bendixen beskriv den innvendige målinga slik:

Kirken var innvendig malt med vannfarver, der til dels hadde holdt sig godt. Skibet var tønnehvelvet, koret flatt. I himlingen på det første var malt sol, måne og stjerner, på veggene trær og hjort, over inngangsdøren til skibet fremstilles: Skapelsen; over inngangen til koret: Dommen; mellem skib og kor var anbragt spiler og over åpningen en tverrstokk.

I korets tak og på veggene var malt frukter og blomster og dessuten de 4 evangelister.[6]

Når han nemner tre og hjort, kan det tenkjast at malinga har hatt likskap med malinga i Flåm kyrkje.

Glasmaleri. Bendixen har følgjande opplysningar om mala innskrifter på glasrutene:

Innskrifter på glasruter etter BEBs manus:

På et vindu i koret fantes innbrent i en rute:
Msr. Hans Nielsen Rue
Monsr. Niels Troelsen Wiborg
Og i en annen:
Sign. Jens Lydersen Lind.
På et vindu i skibet, nærmest prekestolen:
Ærværdig, hæderlig og høilærde Mand Mag. Iver Eriksen Leganger
Likeledes:
Velædle Hr. Capitain Georg Fridric von Krog Hæderlig og vellærde Mand Hr. Samuel Bugge, Sogneherre til Legangers Præstegjæld 1691.
På det nederste og vestlig vindu:
Kongl. Maj. Stiftschriver Hermand Garmand 1691; Kongl, Maj Fouget Hans Blei 1691; Kongl. Maj. Sorenschriver Niels Hansen 1691.

Inventar

Alteret vart fornya i 1680-81 (R). Ein fekk då eit altar med skåp inni der ein kunne oppbevara kyrkja sine tekstilar.

Om altartavla skriv Bendixen:

På alteret stod, da kirken blev revet, en grønnmalt tavle uten billeder og denne gjenkjente jeg liggende på loftet som en av de gamle katekismustavler med rand og utskjæringer i trekanter [-n]; konsoler i gjennembrutt arbeide og gulmalt.

I 1690 vart det laga himling med treskjæring («billett werch») over preikestolen. Om preikestolen har Bendixen følgjande opplysning:

… hadde runde buer og synes å ha vært eldre, fra Kristian IV’s tid. Den skal være omdannet til et kråskap.

I 1690-92 vart det også laga eit nytt dåpshus («funt») til kyrkja. Kvar denne stod, er ikkje sikkert, ofte var desse plasserte bak i kyrkja på nordsida, men her kan det ha vore framme i kyrkja. «Funten» var eit eige avlukke med dør og med dreia spiler i øvre del. I 1699-1701 vart det som nemnt laga ein fot under fonten, det vi kallar døypefont, og dei fire benkene som er nemnde i same setninga, var truleg også inne i dåpshuset.

Etter Bendixen var døypefonten kun av et kar i en jernring, men skålene[?] i den eldre døpefont var av tre, og foten hadde form av en stabburstolpe(?).

Ny brudestol vart laga i 1702-04. Klokkaren har hatt ein eigen sitjeplass som vart festa til veggen i 1690-92. Bendixen fortel at De øverste stolestader viste sterke utskjæringer ved inngangen, men de nedre var simplere, til dels uten dører.[7]

Ein forgylt kalk og disk (inv. 1670). Kalken var for liten og vart utvida (R 1675-77) med sølv, soknepresten og nokre frå soknet gav forgyllinga. I inventarlista frå 1702 er det oppgitt ei vekt på 34 ¾ Lod. I døypefonten var det eit massingbekken (inv. 1670 og frametter).

Av lysstell nemner inventarlistene eit par massingstakar med tre armar (1670). I 1704 vart to massingstakar omstøypte Ao 1704 med tillegg av meir massing. Ei lysesaks vart kjøpt Ao 1706. I inventarlista frå 1723 er det oppført ei ny massing lysekrone med 8 doble armar gjeven av Nils Hansen Ruls (?) (Rud?) arvingar, for det har han fått fri begraving.

Parament

Ein ny altarduk av dreiel med frynser kring er nemnd frå 1670 og frametter. Det er også ein gammal lerrets altarduk. Kyrkja hadde, som mange andre kyrkjer i nærleiken, eit randete altarklede av skottetøy.

Inventarlista frå 1670 nemner ein ny messehakel av taft med fløyel. Det er sikkert den same som er nemnt i 1702 som ein silke messehakel med fløyels kross. Ein seinare merknad i margen fortel at denne er kommen til kyrkja i Fresvik. I den siste rekneskapsbolken før kyrkjene vart selde i 1723, er det ført inn ein merknad om 10 riksdalar, 1 pund og 14 skilling som ein ynskjer løyve til å bruka til ein ny messehakel, det er uvisst om dette vart noko av.

Ein ny messeserk er nemnt i inventarlista frå 1670. Ein ny messeserk av 18 alner lerret vart også skaffa i 1678-79.

Eit nytt karnat, ei slags talje, vart kjøpt i 1722.

Av bøker hadde kyrkja ei gammal alterbok som er nemnd i 1702. Ei salmebok in oktavo vart kjøpt i 1701. Inventarlistene har med ei lita klokke i tårnet.

Kyrkjegard og gravminne

I 1687-89 vart det laga ein ny kyrkjegardsport med oppstandarar, tak, dør og hengsler. (R) Også i 1692 vart det laga ein ny port med dør og hengsler. I 1717-19 vart det laga nye kyrkjeled (portar?) både på austsida og vestsida.

Kyrkja frå 1863

Tjugum kyrkje er teikna av arkitekt Christian Heinrich Grosch, men modifisert etter lokalt framlegg i møte for Tjugum sokn 28.3.1862. Dei opphavlege teikningane er ikkje kjende. Kyrkja vart oppført av byggmeister Johannes Øvsthus og mennene hans.

Kyrkja var kvitmåla utvendes då Bendixen undersøkte kyrkja kring 1900, ho var også den gongen tekt med raude panner. Kyrkja vart vesentleg endra i 1940 etter teikningar av arkitekt Johan Lindstrøm. Inngangspartiet vart fornya og den gamle, nygotiske fasaden vart fjerna og erstatta med meir klassiserande former, taket vart heva og gjort lengre i delen vest for lanternen, slik at den opphavlege, åttekanta forma med utbygg i aust og vest meir fekk preg av eit langhus med utbygg på sidene.

Bygningen

Vegger

Kyrkjerommet er høgreist og rommeleg. Største delen av skipet formar ein åttekant der dei skrå hjørneveggene er om lag halvdelen (360 cm) så lange som langveggene og opningane i aust og vest (ca. 660 cm). Åttekanten opnar seg i full breidde og høgde mot koret i aust og mot ei forlenging av skipet i vest. Alle desse veggene er lafta saman med flat lafteplank i vekslande breidder.

Innvendes er veggene i skipet avslutta oppe med smal list og nede med enkel fotlist, medan veggene i koret er avslutta mot taket med ei breiare, profilert list. Veggflatene er brotne av høge, gavlforma vindaugsopningar, tre i kvar av langveggene og ei i kvar av hjørneveggene og i langveggene i forlengingane mot aust og vest. Lindstrøm sine vindauge i vestre del er delte pga. trappene.

Dei åtte midtromsstolpane deler skipet inn i eit midtrom og ein omgang. Stolpane har breie avfasingar på hjørna over benkenivå, og er avslutta oppe med ei list som nedre markering av kapitel. Kapitela er avslutta med breiare dobbelt listverk øvst mot himlinga. Mot aust held bygget fram i eit smalare og lægre tilbygg i bindingsverk. Det er delt i to i lengderetning, med dør mellom og med sakristi i sør og tavlerom/kjøkken i nord.

På vestsida var våpenhuset frå først av plassert i den vestre tømmerforlenginga av åttekanten i skipet. Dagens våpenhus, med oppgang til galleriet på begge sider frå vest, vart bygt til på 1940-talet etter Lindstrøm sine teikningar. Veggene i tilbygget er oppførte i reisverk.

Utvendes er veggene kledde med liggjande, glattkanta bord. Hjørna er innkassa med bord med fas over hjørnekloss. Veggene er avslutta nede med eit breiare bord med fas i overkant. Oppe er dei avslutta mot ei innkassing under takskjegget.

Portalar og dører

Kyrkja har hovudinngang i vest med fløydør inn til våpenhuset og fløydør vidare inn til skipet, i dei austre skråveggene er det enkle dører til kyrkjegarden og frå koret er det to dører mot dei to romma aust for koret. Mellom desse, og frå det nordre av dei ut mot kyrkjegarden, er det også dører. Trappene i våpenhuset fører opp til dører inn mot galleriet.

Eldre foto og Lindstrøms teikningar viser at kyrkja ved oppføringa hadde ein hovudinngang i nygotisk form under eit stort overlys som var avslutta oppe med gavlform. Vestfasaden fekk eit heilt anna uttrykk etter arbeida i 1940 då portalen fekk den klassiserande forma han har i dag. Vindauget over vart fjerna og eit rundt vindauge sett inn i gavlen. Dørene elles i kyrkja har form frå midten av attenhundretalet med tre fyllingar, den i midten høgst. Ein del av dei originale dørvridarane med nøkkelskilt er bevarte.

Korskiljet

Koret opnar seg i full breidde og høgde mot skipet. Skiljet er markert ved ein høgdeskildnad på to steg i golvnivå der korgolvet formar øvste steg i ei sentral, boga trapp som er flankert av to søyler frå golv til himling. Mellom søylene og veggen er høgdeskildnaden dekt av brystning med ein smal benk på vestsida, og ei låg brystning over benken som rygg.

Vindauge

Vindauga er i store trekk opphavlege. Dei er monterte inn i karmen og er inndelte ved hjelp av to ståande postar og ni sprosser i høgderetning. Oppe formar sprossene Y og kryssar ein annan i gavlforma. Indre og ytre gerikter er enkle, klassiserande. Glaset kan vera fornya. Det er meir ujamt enn i kyrkjer frå seint 1800-tall, kanskje fordi det er noko eldre. I skråveggene er det grisaillemønstra glas i dei øvre rutene.

Vindauga i koret har tre postar. Sekundært er det her sett inn småruta varevindauge med farga glas i bly. Desse vindauga har fire rammer og kan skruast av. Gavlane har eit enkelt glasmåleri med gul kross med sirkel bak krossmidten og elles små, usymmetriske ruter i fargane som elles finst i blyglaset.

Golv og fundament

Fundamentet i kyrkja er murt opp av tukta stein og fuga.

Som underlag for golvet er det dels brukt materiale frå den tidlegare kyrkja, og det skal finnast bjelkar med interiørmåling i bjelkelaget. Kyrkja har eit bordgolv av bord med noko vekslande breidde lagde i lengderetning på golvbjelkar. På sidene i skipet er dei lagde i jamne fag. Golvet er måla.

Tak

Då kyrkja var ny hadde ho eit åttekanta tak som gjekk opp til lanterna med klokkestove. På austsida var taket heva slik at det der var saltak frå austgavlen inn til lanterna. Dette vart endra i 1940 slik at det også i vest vart eit saltak i full høgde. Taket i vest vart også gjort lengre.

Kyrkja har no saltak i aust-vestretning med telttak frå sideskipa opp mot lanterna på begge sider. Saltaket har sperrer og saksesperrer. Sperrene ber smale åsar som underlag for sutak, dels av oppattbrukte, kvitmåla, profilerte bord. Mønet går heilt inn til lanterna. Gratsperrer frå vestre del av skråveggene når også inn til lanterna og møtest under mønet. Dei åtte midtromsstolpane og utveksla mellomstolpar på dei fire rette sidene i åttekanten går opp til ei øvre ramme som både støttar sperreverket og ber eit nord-sørgåande bjelkelag.

Mellomstolpane er avstiva med skråband mot den nedste bjelkeramma. Kneveggen kring denne indre åttekanten og midtskipshimlinga er isolerte ovanfrå. Åttekanten har opphavleg sperreverk med sperrer som kviler på ytterveggene og på den indre åttekanta ramma. Sperrene ber åsar som ber sutak under tegltaket.

Lanterna kviler på det nord-sørgåande bjelkelaget over midtromsstolpane. Her er det laga fundament av tre langsgåande dragarar der dei fire hjørnestolpane er festa og støtta med sjølvvaksne kne og skråstøtter. Over fundamentet, der åttekanttaket er avslutta, er hjørnestolpane omgjevne av ei bjelkeramme, før dei held fram opp til ramma under hjelmen. Mellom dei to rammene er det ekstra hjørnestolpar, mellomstolpar og skråband. Losholtar mellom hjørnestolpane med opplegg for klokkestolen. Automatisert ringing.

Taket er tekt med raude teglpanner.

Himling

Himlingen i åttekanten er horisontal utafor midtromsstolpane og har åttedelt pyramideform heva ved hjelp av ein knevegg over midtrommet.

Frå ytterhjørna i åttekanten går det horisontale bjelkar inn til midtromsstolpane og desse er underkledde med flate, profilerte himlingsbord. Over bjelkar med profilert listverk mellom midtromsstolpane står låge kneveggen av vertikaltstilte bord og med bjelkar i hjørna. Over kneveggene kviler den pyramideforma, åttekanta himlingen med liggjande bord, smale hjørnestolpar og sentral hengebjelke.

Både i aust og i vest er himlingen gavlforma i det han følgjer saksesperrene i takkonstruksjonen.

Tårn

Lanterna har klokkestove i enkel firesida form med eit lite spissgavla, inndelt vindauge i kvar vegg. Alle fire sider har gavl og gavlane gavltaka er avslutta innover mot inntrekt åttekanta hjelm avslutta oppe med spir med kule, smijarnsornament, hane og kross. Hjelmen og gavlane er kledde med koparplater utvendes. Gavlane er markerte med spir av tre.

Lindstrøm teikna i 1940 ein åttekanta lanterne med slakt åttekanta pyramidetak og med hjørnemarkeringar i klassisk form. Denne vart ikkje realisert.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja er tradisjonelt innreidd med altar og altarring ved austveggen i koret, preikestol på sørsida i skilje mellom kor og skip og benkeparti på begge sider av ein midtgang som går frå altarringen til inngangsdøra i vest. Vestgalleriet går fram på sidene og fyller tre åttedeler av det opphavlege åttekanta skipet. Galleriet er utvida mot vest i den sentrale delen og inneheld orgel. Kyrkja har elektrisk lys og oppvarming.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

Kyrkja og interiøret vart vesentleg endra i 1940-41 under leiing av arkitekt Johan Lindstrøm. Kyrkja fekk då også nye benker med rette vangar.

Lindstrøm skriv følgjande i sin arbeidsinstruks til arbeida:

Korbuens tak utplaneres så det blir gjennemgående list rundt hele kirken. Galleriet fjernes fra hovedvinduene mot nord og syd og forandres i overensstemmelse med tegningene. Galleriets utforming blir som nu med utskårne bord.

I koret vart det laga ny tavle og ny altarring med klassiserande stilpreg. Den gamle nygotiske altartavla ligg no på kyrkjeloftet. Listene kring dørene i austveggen i koret har vore meir ornnamenterte, desse vart gjort enklare og glatte.

Fargar

Det var venteleg dei originale fargane som framleis var i kyrkja då Bendixen var der kring 1900. Han skriv at

Den indre maling er på veggene fiolett, det gjennembrutte galleri har brune render og hjørner […] Benkene er gulbrune. Over døren i skibet står malt bibelsprog og der er anbragt en liten thorvaldsensk Kristusfigur i gips, på den indvendige side står med store messingtall 1863 […].

På veggen inne i eit skåp i sakristiet er det framleis fiolett brystning og okergul vegg, dette er truleg restar av det opphavlege fargeskjemaet. Eldre foto viser at det var måla mørke, vertikale streker i hjørna, avslutta oppe med vegetabilsk ornament.

Domenico Erdmann utarbeidde i 1939 eit framlegg til fargar til interiøret i samband med arbeida kring 1940. Alle flate himlingar i sideskip og under galleriet skulle målast kvite. Taka elles i midtpartiet og koret skulle målast i ein blå farge. Støtter, dragarar, gesimsar galleribrystning og innsida av benkene skulle vera grå med litt blått i. Dørlister og gesimsar skulle stafferast med ein raudbrun farge, eventuelt med innslag av gull. Veggene skulle målast lyst varmgrøne, vindaugalistene blå. Altar og knefall vart grå, staffert med raudt og gull, medan dekklista skulle vera mørkt blå. Altartavla skulle målast i to mørke blå nyansar, staffert med gull og raudt. Benkevangane skulle vera i dei to blåfargane som i altartavla, staffert med gull eller raudt. I koret skulle det liggja eit bastteppe i purpurbrun terrakotta og knefallet skulle kledast med sinoberraudt skinn.

Planen vart gjennomført, men fargesettinga vart etter kvart opplevd som trist, kald og lite vennleg. Restar av blåmåling finst framleis på orgelgalleriet, og av sterkt parisblått på nokre dører. Blåfargen finst også på konsoll-lampettane i våpenhuset.

Førti år seinare, i 1980, fremja så soknerådet på nytt ynskje om å pussa opp kyrkja innvendes etter smaken i tida. Det som skjedde var i hovudsak ei fargeendring av interiøret. Riksantikvaren skisserte tre mogelege løysingar, enten at ein gjekk attende til dei opphavlege fargane, at ein luta av veggene, eller at ein fekk utarbeidd eit nytt fargeskjema. I tilfelle avluting rådde Riksantikvaren til å kontakta målarmeister Atterås frå Hyllestad som hadde utført arbeidet i Sæle kyrkje med godt resultat. Valet fall på luting og Atterås fekk oppdraget. Han leverte også fargeskjema til kompletterande fargar. Veggene og søylene var avluta, himlingen vart måla gråkvit, listene mot taket fekk raud og okergul farge og golvet vart måla grått. Dørene og inventardelar som benker og preikestol vart måla i grønt, raudt og grått.

Glasmaleri

Gavlane i vindauga har dels grisaille-dekor, dels glasmaleri, sjå under vindauge.

Inventar

Altar

Kassealtar laga av plater festa til indre rammeverk. Truleg frå 1940.

Altartavle

Bendixen omtalar ei eldre altartavle: «Den eldre altertavlen var efter Christie arbeidet i 1636, men var forsvundet».

a) På loftet ligg ei nygotisk altartavle som truleg vart laga til kyrkja og til Brun sitt altarmaleri då kyrkja var ny. Tavla har eit midtfelt med vimperg og spissboga biletfelt og flankerande søyler som endar i fialar. På skriftfelett under biletfeltet står innskrifta «Jeg er Opstandelsen og Livet» med gotisk fraktur.

Maleriet er signert nede i høgre hjørne: C Brun efter A Tidemand. Den oppstadne, iført likklede, stig frontalt ut or steinsarkofagen med senka, utrette hender og med blikket løfta mot det høge. Han er omgitt av lyset ovafrå i skyer. Til venstre ein engel med sigerens palmegrein, i framkant to romerske vaktmenn, slegne til jorda, men med blikket mot den oppstadne.

b) Maleriet er no sett inn i ei klassiserande ramme som vart laga i 1940. Ramma har ein breiare sokkel med innskrifta frå a) på nynorsk: Eg er oppstoda og livet! Joh. 1125 Tavla har eit rektangulært midtfelt der Bruns maleri fyller det meste av flata. Midtfeltet er avslutta oppe med rett gesims krona med kule med kross. Krossen ber drapert likklede. Midtfeltet er flankert av lægre, rette sidefelt med smale, horisontale striper og framforstilte, smale, kanelerte søyler, to på kvar side. Dei ber rett gesims med kule toppa av stjerne. Tavla er grå med staffering i raudt og gull.

Altarring

Altarringen er frå 1940, med kvadratisk plan med runda hjørne. Port på begge sider i ringen. Den flate handlista kviler på hjørna som har heile vegger inndelte med to horisontale render. Mot vest og på begge sider er midten av ringen open og det er sett inn eit sentralt symbol. Framme er ein sigerskrans med innskrive kristogram i form av chi og jota. Ut frå basen av kransen går to bogar til kvar side, truleg dei fire livsflodene. På sidene ei urne eller ei lykt. Kneleputa er stoppa og trekt med skinn festa med saum. Grå med staffasje i gull og raudt. Grøn handlist.

Døypefont

Åttekanta døypefont av tre. Kummen er flat med plate med hol for dåpsfat øvst og er elles markert med lister oppe og nede. Skaftet er ein åttekanta stolpe med fire sveifa konsollar i øvre tredel som støtte for kummen og fire sveifa konsollar i nedre del som går ut over den krossforma foten. Midtfeltet er avgrensa ved profilert list. Grå, raud og gul.

Preikestol med oppgang

Preikestolen går ut mot midten av skipet mellom sørhjørnet og den søre stolpen i koropninga. Grunnforma er åttekanta, men noko usymmetrisk. I dei sju faga er det sett inn ei stor fylling i ramme. Utvendes er felta artikulert med storfelt og øvre og nedre smalfelt, alt markert med profilerte lister. Hjørnestolpar med fas. Handlista er stoppa og trekt med skinn og kanta med metallfrynser. Preikestolen har flat botn og står på ein åttekanta stolpe med fas og med fire sveifa konsollar under botnen.

Oppgang etter sørveggen i koret med seks steg og med heil vange med to fyllingar. Stolen er grøn med lyse storfelt og med listverk ir raudt og gull.

Lesepult

Lesebrettet er skrått på ein sarg med rett underside der det i framkant er skore inn tannsnitt. Det er bore av ein kanta stolpe. Foten har tre bein med klossar under endane. Frå stolpen går det tre sveifa konsollar ut under lesebrettet og ut over beina. Fargar som i kyrkja elles.

Benker og faste stolar

Benkene er i klassiserande stil, truleg 1940. Dei er plasserte i to hovudfelt med benker vende mot aust. Felta flankerer midtgangen og går ut i sideskipa/omgangen. Benkene har rektangulære vangar med utheva midtfelt og er dektet med handlist over tannsnitt. Ryggane er skrå og heile med liggjande fyllingar i ramme. Grøne med raudt.

Ytst mot sør og nord er det enkle veggbenker.

Galleri

Galleriet er todelt. Den austre hovuddelen er tresida og fyller dei tre vestre delane av omgangen. Før omarbeidinga i 1940, fylte det også sidefelta i nord og sør og var då femsida. Som underlag er det lagt bjelkar mellom ytterveggene og midtromsstolpane, på desse kviler bjelkar som opplegg for golvbjelkar under gallerigolvet.

Fronten i galleriet er av gjennombrotne, sveifa bord sette mellom handlist og fotlist med profilar.

Den vestre delen er dels over vestre del av skipet, dels over våpenhuset. På tvers av skipet mellom dei to austre hjørna i åttekanten ligg ein bjelke som støttar opp under galleriet, vidare fungerer både vestveggen i skipet og vestveggen i våpenhuset som støtte for tettstilte golvbjelkar i lengderetning. Denne delen av galleriet har for ein del avtrappa golv. Orgelet opptek den vestre delen.

Undersida av galleriet er lyst grå, fronten og benkene er grøne.

Maleri

Kopi av frontale opphengt på sørveggen. Kopien er utført av Solrunn Nes og er for ein del ein rekonstruksjon i det originalen er sterkt skadd. Innskrift ved kopien: Tjugumfrontalen, Rekonstruksjon/kopi av altarfrontalen frå Tjugum kyrkje, ca. 1320. Utført av kunsthistorikar/ikonmålar Solrunn Nes. Gåve frå Balestrand Folkeakademi 1998.

Maleriet er tredelt og midtfeltet viser Kristus på regbogen over klode. Han er plasser i ein åttepassforma mandorla og i sviklane finst framstillingar av evangelistsymbola. Sidefelta er inndelte i ni rektangulære felt, tre høge oppe og nede og tre lægre mellom desse. I dei høge felta er framstilling av personar i gotisk arkitekturboge med fialar og krabbar. I midtrekkja finst tre musikarar på kvar side av midtfeltet. På venstre sida finst S Thadeus, S Bartimeus, S Petrus oppe og S Stephan, S Nicholaus og S Walfrid nede. På høgre sida S Andreas, S Paulus og S Iacob oppe og S Olaus, S Laurens og S mariaM’lena nede. Lyst gul botn, elles grønt, raudt og blått.

Rituelle kar

Etter inventarlista i 1670 hadde kyrkja ein forgylt kalk og disk. Kalken var for liten og vart utvida med sølv (Rekneskap 1675-77), soknepresten og nokre frå soknet gav forgyllinga. I inventarlista frå 1702 er det oppgitt ei vekt på 34 ¾ Lod. I døypefonten var det eit massingbekken som er nemnt i inventarlista frå 1670 og frametter.

Ein forgylt kalk og disk (inv. 1670). Kalken var for liten og vart utvida (R 1675-77) med sølv, soknepresten og nokre frå soknet gav forgyllinga. I inventarlista frå 1702 er det oppgitt ei vekt på 34 ¾ Lod. I døypefonten var det eit massingbekken (inv. 1670 og frametter).

Kalk

Kalk med kupa frå 1863 og med skaft, nodus og fot truleg frå 1600-talet. Denne kalken vart omtalt i 1702 og det er vel også den som er nemnd i 1670. Han vart utvida i 1675-77 og så igjen til den nye kyrkja i 1863. Den eldre delen er av gylt sølv, kupa er gylt innvendes.

Kupa har isett nebb ca. 5 cm nedafor kanten. Hovudforma er sylindrisk med runda botn og svakt utsvinga kant. Fullstempla i overkant: sju kuler (Bergen), 13 1/3 (sølvinnhald), SB (meister), 4/M (april) og 63 (1863).

Øvre og nedre skaftledd er sylinderforma og er avslutta med tredelt ring oppe under kupa og nede over foten. Nodus har seks glatte bladformer ovafrå og nedafrå ut mot midten som har seks glatte ruter, alt mot siselert botn med sikksakkmønster. Foten er rund og skrår ned og rett ut mot standkant over vid fotplate. Han er avslutta mot nedre skaftledd med tredelt ring og på standkanten er det to riller skilde med siselerte render. På foten, under innskrifta INRI, er det festa ein krusifiksfigur utan kross. Innskrift under fotplata: Anno 1676 udi H: Jens Buggis Preste embedis 19 Aar – M T L M – O D – O T – PMH. W 34 ¾ Lod. Ustempla. Total høgde 22,5 cm, diameter fot 12,2 cm, høgde kristusfigur 3,8 cm, breidde 3,5 cm.

Disk

Disk frå 1863 med smal runda rand, runda botn. Fullstempla, som øvre del av kalken. Diameter 14,6 cm, høgde ca. 1,6 cm.

Vinkanne

Plett vinkanne med konisk korpus og vidare svungen fot. Lok festa med jekk til s-forma hank. Isett nebb med hengsla lok. Høgde ved hank: 24, 5 cm, diameter fot: 14,7 cm.

Sjukebodssett

Kalk av sølv, gylt innvendes. Begeret er slått skeivt i forhold til foten. Stempel under foten: To bøljestriper eller sikksakk, gotisk S, vatnmann(?) og THUNE 13 1/4. Høgde ca. 12,8 cm, diameter fot 6,7 cm. Disken er tallerkforma med smal rand og er gylt innvendes. Under er det sett på ein sylindrisk, lokkforma botn med riller etter kanten og konveks underside. Utan stempel. Diameter 7 cm, høgde 1,7 cm. Til soknebodssettet følgjer ei lita flaske med kork av plett, stempla TH. MARTHINSEN og Ni kvadrat og tårn, og ei lita, sølvfarga oblatøskje.

Dåpsfat

[...]

Kanne

Kanne i plett, standard sølvsmedvare. Kanna er pæreforma med s-forma hank og vid hellekant. Latinsk kross på korpus. Stempel under botnen: GP og TH. MARTHINSEN. Høgde ved hanken 27,5 cm, diameter fot 11,7 cm.

Parament

Altarduk Dukane a – f er sydde før 1940 til det gamle altaret og er tilpassa altartavla som ligg på loftet. Dukane a – e er oppbevarte på kyrkjekontoret.

a)Fragment, 21 x 32 cm, av lin med opphøgd broderi i bomull med jesusmonogram, IHS. Bendixen registrerte «en alterduk med smukk bred rand, merket det sammenslyngete IHS». Duken finst ikkje lengre, men fragmentet kan vera frå denne duken.
b)Tilsvarande duk som c, men med motivet i front er 25 cm høgt og duken er ikkje merkt. Svært slitt. Kan ha vore modell for c.
c)Altarduk av lin(?), kanta med engelsk ornamentalt broderi. Motiv sentralt i front og på hjørna er større, i fronten 30 cm høgt, etter kanten elles er det enkle blomar med åtte kronblad. Kanten er tunga. Duken er sydd med ei tilpassing til utforminga av altartavla i bakkant. Brodert sentralt bak: TK 1926.
d)Duk av fin bomull. Broderi med brunt og rosa som viser vinrankeslyngingar. Ei enkel rankebord kring tre sider av duken og eit sentralt krossmotiv av vinranker kring eit sirkulært felt med jesusmonogram. Det sentrale feltet 30,5 cm høgt og 29,5 cm breidt. Borda rundt er 6 cm brei. Duken er laga til den gamle altartavla. Opplysning om tilsvarande duk i Fresvik kyrkje fortel at den duken var ei gåve frå fru sokneprest Sverdrup. Det kan også ha vore tilfelle med denne duken og dei kan ev. ha vorte sydde av fru Sverdrup. Duken i Fresvik skulle i 1909 leggjast til sides og takast vare på til minne om henne.
e)Duk i lin med 18 cm brei tunga, hekla bord med smale, sidestilte krossar. Duken er tilpassa den gamle altartavla. På små, innlagde felt som har vore plasserte framfor søylene i tavla er det brodert TK til venstre og 1926 til høgre.
f)Duk av kvitt aidastoff med hardangersaumbord. Duken er sydd med ei tilpassing til utforminga av altartavla i bakkant. Hjørna framme er splitta opp og utstyrt med knappar slik at duken går rettvinkla ned i hjørna.
g)Duk av kvitt aida-stoff med hardangersaumbord i perlegarn. Borda er 24 cm brei i front og sju cm brei på sidene.
h)Duk av linnlerret merkt 1958 bak på venstre sida. Border av kvit uttrekkssaum kanta med grå (eller svart?) austmannarenning. Broderte motiv i rutene: Krossar, livstre og PX sentralt framme. Borda i framkant er 27 cm.


Altarklede

Raudt altarklede av klede på kyrkjekontoret. Ikkje registrert. (Bendixen: På alteret ligger et rødt kort klæde.)

Messehakel

a) Messehakel av plommeraud silkedamask, truleg 1700-talet. På kyrkjekontoret, ikkje registrert. (Bendixen: en messehagl, blomstret, kirsebærrødt silketaft med et stort, helt dekkende kors av gul silke.)
b) Raud fløyels messehakel av bassgeigetype kanta med og med ryggkross av gullband, ca. 1900. Fôr av tvill i lin med naturfarga renning og raudt innslag. Festa med tre hekter på venstre skulder. Høgde 90 og 98 cm, breidde ved skuldrane 66 cm. (Bendixen: Nu brukes 1 fløiels messehagl, der har et høit kors av gullbånd og kanter av samme slags.)
c) Kvit messehakel. Til rens, ikkje registrert.

Ein grøn messehakel er under utarbeiding.

Andre tekstilar

a) Biletvev i skipet. [...]
b) Båreteppe. Teppe i gobelengteknikk med svart kross på kvit botn.

Messeskjorter
Tre messeskjorter finst i kyrkja.

Gravferdskappe frå K. Stormark.
Alba frå Slabbinck.
Preikestolklede i biletvevteknikk, utførte av […] Døskeland, Sande i Sunnfjord.

Lysstell

Altarstakar

a) Altarstakar i massing. Stakane har truleg tidlegare hatt pigg for kubbelys og sekundært fått lyspiper for slankare lys. Høgde utan pipe: 33,5 cm, diameter fot 20,8 cm. Sjå Laberg og Bendixen + rekneskapar.

b) Altarstakar av plett(?) Stakar i nygotisk stil med lyspipe for kubbelys. Vid, gjennombroten lyskrage over kroneforma lysskål på glatt, konisk skaft med to riller, Profilert overgang til utskrådd fot på høg standkant. Innskrift med gotisk fraktur: Gåve til Tjugum Kyrkje 1893. Ustempla. Høgde 64 cm, diameter fot 27,5 cm. (BEB:2 svære lysestaker med knopp – kapitel øverst og gjennembrutt lyskrans med pigg; på forranden: «Givet til Tjugum kirke 1893».)

Lysekrone

Stor, barokk lysekrone med kort, balusterforma midtstong med tre skiver og tre kuler med midtvulst. Lysekrona må vera den same som er nemnd i inventarlista frå 1723 som ny med 8 doble armar gjeven av Nils Hansen Ru[...]arvingar.

Krona er breiare enn ho er høg. Nede er ho avslutta med stor kule med treledda midtvulst og med knopp mot roseforma bakgrunn. Oppe er ho avslutta med ring for oppheng.

Armane som er festa til dei tre skivene aukar i vidde nedetter og gjev krona konisk form. I dei to øvste skivene heng s-forma ornament med rilla ytterkant. I den tredje og nedste skiva heng s-forma lysarmar med midtknopp og frå denne veks det opp eit svinga ledd som ber eit muslingforma stykke. Dette kan opphavleg ha vore ein reflektor, men er no montert med elektrisk lys. Bendixen kallar det «muslingformet skive eller tapp».[8] I enden av lysarmen er det djupe og vide lysskåler monterte med elektriske lys. Dei opphavlege lyspipene er fjerna.

Lampettar

a) Lampettar i våpenhuset av tre med konsollform, måla. Det har truleg vore slike lampettar også i kyrkja elles tidlegare.

b) Toarma massinglampettar i barokk form frå Høvik lys i kyrkjerommet.


Klokke

Kyrkjaklokke av stål med innskrift mellom riller på halsen: Geg. V. Bochum – Verein Bochum 1893, og på korpus: Ære være Gud i det høieste. Diameter 89 cm, høgde med krone: 81 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgelet er merkt Olsen og Jørgensen, Christiania – Bergen, Gullmedalje Bergen 1898. Det kom til kyrkja i 1905. Orgelet har to manualar og pedal og følgjande disposisjon:

[?]

Gamba 8’
Principal 8’
Octav 4’
Waldfløite2’
[?]

Geigenprincipal 8’

Salicional 8’
Liebl-Gedakt 8’
Fløite 4’
Subbas16’
Cello 8’

Orgelet er måla i dei opphavlege kyrkjefargane med gulbrun ådring og raudbrune lister med gull staffasje. Spelepulten er vend mot altaret, orgelpipene står i eit oppbygg bak orgelkrakken og fyller venstre del av galleriet.


Piano

Piano frå Ernst Krause, Berlin. Jugend. Svartlakkert.

Bøker

Alterbok, bokmål, Kra 1889
Alterbok, bokmål, Kra 1889
Altarbok, nynorsk, Kra 1920
Altarbok, nynorsk, Oslo 1926
Tekstbok, bokmål, Kra 1918
Tekstbok, bokmål, Kra 1918
Tekstbok, nynorsk, Oslo 1929
Kollekter, Epistler og Evangelier, bokmål, Kra 1887

Bibel, Chr 1897
Bibel, nynorsk, Oslo 1938
Bibel, nynorsk, Oslo 1966
Det nye Testamente, nynorsk, Kra 1905
Det nye Testamente, nynorsk, Kra 1905

Nynorsk salmebok, Bjørgvin 1929

Nummertavler

To nummertavler, på skråveggene i aust. Tavlene har enkel ramme med runda dekklist. Dei er delte i to med list og felta har stiftar for oppheng av metallsiffer. Tavla er i to gråfargar med raudbrune lister. Svarte siffer.

Møblar

Brurestolar av eik med stoppa sete og rygg, trekt med blå fløyel. Tilnærma renessansestil. Umerkte.

Fire enkle biedermeierstolar.

Offerkar

Blekkbøsse «til de fattige».
Tre standard kollekthovar, trekte innvendes med skinn.

Blomstervasar

Ein pæreforma vase på flat, rund fot med innskrift i versalar: Minnegåve til Tjugum kyrkje 8.3.1976. Stempel D-A, 830 S, Skålvekt og nr 7511/205. Høgde 20,3 cm.

To trektforma vasar med utbretta rand og med avtrappa fot. På foten innskrift: Gåve til Tjugum Kyrkje Frå Andrine Thorsnes. Stempel 830 S, Lo. Høgde 23,3 cm, diameter oppe: 11,8 cm.

Diverse

Sølvskål i rokokkoform. Minnegåve. Innskrifter: På korpus: Til P. Rusten og med versalar: Erindring fra Balestrand Herred, Tak for Oprigtig og Trofast Tjeneste i 38 år som Lensmand. På randa med skriveskrift. Anno 1950 gir Anna Christiane Rusten f. Meidell Tjugum kirke denne skål, i minnet om lensmann i Leikanger og Balestrand Peder Christian Rusten *1852 (kross) 1921, og arkitekt Dagfinn Meidell Rusten * 1899 (kross) 1949. «Herren er min hyrde». Diameter oppe 25,5 cm, høgde 11,5 cm. Stempel: sjå foto.

Inventar utafor kyrkja

På Universitetsmuseet i Bergen er det ein altarfrontale. Denne er sterkt skadd.

Bendixen nemner eit maleri av sorenskrivar Christen Jensen og kona Gye Lauritsdatter, Måleriet er på Bergen Museum.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

[...] Den gamle gravplassen var i 1993 full og det var mykje vatn i grunnen. Kyrkjegardskonsulent Helge Klingberg tilrådde å laga heilt ny gravplass attmed den gamle kyrkjegarden. Kyrkjegarden vart utbygd med nye gravfelt med plass til i alt 450 nye graver.På dei nye gravfelta vart det planta rododendron som omkransa heile den nye gravplassen.

Gravminne

[...]

Bygningar knytte til kyrkjegarden

[...]

Reiskapshuset vart bygt som ei utviding av det tidlegare oppførte bårehuset i 1993 då kyrkjegarden vart utvida. Samstundes vart bårehuset utstyrt med kjøleaggregat. Parkeringsplassen vart utvida med fleire parkeringsplassar.

Kjelder

Utrykte kjelder
Visitasmeldingar, SAB, Bjørgvin Biskop, Visitasmeldinger 6: 1844-1857

Trykte kjelder
Hødnebø 1989 (red.), Bergens Kalvskinn, Oslo 1989

Oppmålingsteikningar og fotografi

  1. Hødnebø 1989, s 13
  2. Bendixens manus
  3. «Rasch», ullstoff av kamgarn. I Historiebogen, Vævning ( www.aksp.dk/index ) forklart som «Uldent, ret tarveligt tøj, der er appreteret og presset blankt.»
  4. Bendixens manus
  5. Visitasmelding
  6. Bendixens manus
  7. Bendixens manus
  8. Bendixens manus

[...]


Bilete