Undredal kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Undredal kyrkje

Anne Marta Hoff

Elisabeth Andersen


Undredal kyrkje er den minste stavkyrkja i landet som framleis er i bruk som soknekyrkje. Ytre sett står ho no fram som ei kvitkledd 1600-talskyrkje som ligg med høg grunnmur under koret i aust i vestskråninga eit stykke opp frå sjøen i den vesle fjordbygda i Aurland kommune. Dalen strekkjer seg oppetter, og vegen i dalbotnen møter riksvegen der han opnar seg mellom tunnellar til Flåm på den eine sida og Gudvangen på den andre.


Det er bevart rekneskapar for Undredal kyrkje for tidsrommet 1667 – 1723. I denne perioden skjedde ein del viktige endringar med kyrkja. Magne Essen, som arbeidde med mange av kyrkjene i Sogn og i Hordaland, var i Undredal i 1667 -1669 saman med sine eigne folk. Dei skifte ut svillene under tømmerkoret. Koret vart skrudd opp og nye sviller lagt under og koret og skipet vart bundne saman med to lange «hessier», det same ordet som hesjer. Det vart då også lagt ein «døgtig» steinmur under både skip og kor.


Bygningen

Hovuddelen av skipet, det som no utgjer austre delen, er den opphavlege stavkyrkja. Vest for denne er det på eit tidspunkt oppført eit støpultårn med fire hjørnestavar. Dette er sekundært bygt inn i skipet som ei vestre forlenging i bindingsverk. I aust er det sekundært sett til eit tømra kor som er litt lægre enn skipet. Utafor forlenginga av skipet mot vest er det sett til eit våpenhus i bindingsverk. Heile kyrkja er bordkledd og kvitmåla utvendes.

Vegger

[...]

I stavkyrkjedelen er hjørnestolpane og nord- og sørveggen med stavlegjer, sviller og veggplankar bevarte. Stavlegjene og svillene i aust og vest er også for det meste bevarte og oppe i alle fire hjørne er det horisontale kne med nedfelt, rettvinkla og sverta profil. Ved vestveggen er det sett inn eit nytt kne på nordsida. Øvre stavlegje, over dei horisontale hjørneknea, er breiare enn nedre og har rettvinkla profil på innsida, denne ligg som takanfang. Øvre og nedre stavlegje har nedsenkt, rettvinkla og sverta profil innvendes. Utvendes er dei ikkje undersøkte. Svillene har dette profilet mot overkant både innvendes og utvendes. I svillene er det trekanta drypphol utvendes.


Veggplankane i nord- og sørveggen sette inn på vanleg måte Det er 11 breie veggplankar på nordsida og 11 breie og eit smalt på sørsida. Innvendes er dei glatte, utvendes er dei runda med eit breitt, flatt profil mot notkanten. Austveggen har att litt av sideborda ved stolpane som feste for korbogen. I gavlane er veggplankane dels bevarte og tilgjengelege frå utsida. Veggborda her er også krumma utvendes og endar mot notdelen med brei, flat profil. Fjørdelen har fjør og sprang inn mot den flate innsida. Veggene er bordkledde utvendes, men nedre del var tilgjengelege ved ein reparasjon i samband med Stavkyrkjeprogrammet vinteren 2011/12. Nota i hjørnestavane for vestveggen er dekte med innsette lister i sør og står open i nord.


Veggene har somme stader merke etter bygningsendringar og tidlegare inventar. Både sør og nordveggen har spor etter benkefjøler og ryggar som har stått før draperimålinga er påført. På sørsida er det merke etter benker som ligg høgre og med større avstand enn resten, og er litt amfiskrådde. Dette er truleg den eldste benkesituasjonen.


I første planke frå aust i nordveggen er det mange gjennomgåande festemerke etter midten i full høgd, frå ulike situasjonar. Det er også skuggespor i målinga frå ting som har vore festa. Planken har eit djupt, avskava loddbeint spor i nedre del.


Andre planke har to attspunsa hol i vel 1 m høgde, ca. 5-6 cm i diameter og fleire attspunsa hol høgre oppe.


Det sjette bordet har eit spor i overkant av vindauga. Sporet er om lag 3,5 x 10. Det er attspunsa med utsparing frå nedkanten og nedetter. Tilsvarande spor finst også på det første bordet og på tilsvarande stad på sørveggen.


Det finst nagleendar om lag 20 cm over syllstokken. Desse er 1,5 x 1,5 cm.

Bak i stavkyrkja, på 8.-9. veggplanke og ved vestre hjørnestolpe, er det attspunsing av bjelkehol i veggen, om lag 15 x 15 cm, og 180 cm over syllstokken. Tilsvarande bjelkehol finst i sørveggen. Bjelkane har truleg bore eit vestgalleri.


Under det som kan ha vore galleriet, er det på nordsida ei attspunsa vindaugsopning, 51 cm brei og 57 cm høg, venteleg lys inn til eit dåpshus.


I sørveggen er det også ein del merke. I sjuande bordet frå vest er det skore eit hol midt i bordet, 74 x 17 cm, med underkant 66 cm over syllstokken. Attspunsinga er festa med nagle i underkant og kan løysast frå, den har vore tolka som eit relikviegøyme.


Det nemnde sporet etter stolestader er eit skuggespor som går skrår noko ned frametter mot vindauget og som har fire attspunsa hol inn i veggen, rektangulære, ståande, om lag 3 x 10 cm. Spora kan vera eldre enn utvidinga av kyrkja mot vest. Tilsvarande merke, men utan skuggespor, finst også på nordveggen framfor der dåpshuset kan ha stått og fram til vindauget.


Vestgavlen av stavkyrkja er tilgjengeleg oppe under mønet. Han er ført heilt opp med ståande stavkyrkjeplank som venteleg er sette ned i not i øvre stavlegje. Veggborda går opp i ei not i skråstilte gavlsperrer. Borda er runda på utsida og endar med brei, rett profil ved notenden. Fjørenden har fjør og knekk ut mot den glatte innsida. Gavlsperrene har tilsvarande brei, flat profil ned mot notkanten.


Mellom øvre og nedre stavlegje i vest er det restar av tverrgåande, liggjande plankar to stader, om lag ein meter frå hjørnestolpen på kvar side. Desse kan ha samband med det tidlegare galleriet eller dei kan ha gått mot vest.


I aust ser det ut som det har vore bygningselement sette inn i høgderetning mellom øvre og nedre stavlegje, like innafor hjørneknea. Nedre stavlegje i aust er ikkje gjennomgåande no. Eit lite stykke på midten, om lag 20 cm langt, er teke vekk og sett inn att på eit tidspunkt før måling av svart frakturskrift på kvit botn er utført. Dette kan vera attspunsing for eit hol for del av korskilje. Det er to flate hakk opp i nedre del av øvre stavlegje mot skipet. Desse kan vera merkje etter sidestolpar i eit tidlegare korskilje.


Koret er lafta med tre vegger og sett inn til hjørnestolpane i stavkyrkja frå aust. Det ser ut som eit arbeid frå 1600-talet. Stokkane er flate innvendes med profil med holrenne og v-forma snitt til kvar side både oppe og nede. Både i austhjørna og ved hjørnestolpane i vest er skøyten dekt av ei holrenneforma list med sprang og vulst på begge sider. Lista er festa med handsmidd spikar.


Veggene i koret har åtte synlege omfar. Den øvre stokken i aust er utskift og går tvers over ei tidlegare opning for vindauge i austveggen. Same slag stokkar ser ut til å vera brukte i gavlveggen i aust som elles i tømmerveggene. Oppmålingsteikning av Jørgen Jensenius viser opplengjer på austveggen under kledninga.[1]


Den vestre delen av skipet, som er bygd kring støpultårnet, er bygt i bindingsverk der den indre kledninga dels er oppattbrukte bord frå fotpanel som har stått kring heile kyrkja og som vart teke ned kring 1860. Veggene kviler på ei grunnramme. I vestveggen er borda monterte ståande, i sideveggen liggjande. Utvendes er vestdelen kledd som kyrkja elles.


På vestsida av dei austre tårnstolpane er det trekanta utsparingar med spissen ned, truleg feste for opphavlege, vestgåande ledd, om lag 220-240 cm over noverande golv.


Våpenhuset har vegger av bindingsverk med ståande bordkledning innvendes, liggjande utvendes. Nedst på langveggene er det liggjande bord. I hjørna er det sett inn holrenneforma lister med vulst ved kantane, som i koret, men mindre. Også her feste med handsmidd spikar. Dei øvre stokkane i sideveggene er førde gjennom vestveggen av vestre del av skipet og festa til dei vestre tårnstolpane. Dette kan også gjelda dei nedre stokkane.


Den utvendige kledinga av kyrkja er dels av gamle, dels nye, glattkanta, sulagde bord av fleire ulike breidder, og veggene er avslutta nede med vatnbord.

Portalar og dører

Kyrkja har inngang i vestveggen og vest i våpenhuset. Begge dørene er nyare, truleg frå kring 1900. Ytterdøra i våpenhuset er ei sveitserstildør med 2 x 4 fyllingar i ramme. Døra vest i skipet er ei fyllingsdør med tre kvadratiske fyllingar. Utvendes er ho kledd med plate.

Korskiljet

Dagens korskilje er ein boge i full høgde og breidde i opninga mellom kor og skip. Bogen er markert med profilert listverk festa til hjørnestolpane og i overkant svingar dette inn mot nedre stavlegje i austveggenveggen der det sluttar og berre kantbordet er vidareført under stavlegjen. Golvet i koret ligg i same høgd som under benkene, medan midtgangen er eit grundt steg lægre og endar ved korskiljet.

Vindauge

I 1684-86 vart det, etter at stiftsskrivaren hadde vore på synfaring, sett inn fem nye vindauge med rammer og jarnbeslag. I 1702-04, samstundes som «det ny tillbygg», kanskje utvidinga av skipet mot vest, vart kvelva og bordkledd, vart det sett inn eit lite nytt vindauge med ramme. I 1705-1707 vart det laga ei ny luke framfor holet i vestre bryst, og ei luke for vindauga på nordsida av kyrkja vart vølt.


Det er merke i veggene etter tidlegare vindauge. Eit vindauge i austveggen i koret er attspunsa, og sameleis eit vindauge på nordsida ved inngangen i den gamle stavkyrkja, truleg ved eit dåpsrom. Det er også merke etter tidlegare vindauge ved nokre av dei vindauga som finst i kyrkja i dag.


Kyrkja har i dag tre vindauge på kvar side, alle i same form og frå same tid og symmetrisk plasserte med to i koret, to i stavkyrkjeskipet og to i tårndelen. Desse vindauga har to rammer og er avslutta oppe med at den øvre delen av kvar ramme er forma som ein halv gavl inn mot midtposten, og delt i to med stråleforma sprosse. Det nedre rektangelet i ramma er inndelt i småruter med sprosser, åtte ruter på vindauga i skipet og seks i koret.


Midtposten skrår inn mot midten der han er avslutta med sprang og vulst. Sprossene har også vulstformer og eit sprang. Vindauget ligg i ytre veggliv. Innafor dette er det sett inn heile varevindauge som er enkle ruter festa til karmen med lister på begge sider. Innvendes har vindauga profilerte gerikter som følgjer vindaugsforma. Undergerikten går litt ut til sida og er skrått avslutta.

Golv og fundament

Kyrkja står på eit steinfundament og mot vest på ein høg grunnmur av skifrig stein med utvendig puss, dels.


Golvet i kyrkja i dag er eit bordgolv med ujamnt breie bord, der alle golvborda ligg i lengderetning og er feste til golvbjelkar med handsmidd spikar. Golvet er ikkje handsama eller kan vera luta. Golvet i midtgangen ligg eit lågt steg under golvet under benkene og i koret. Våpenhuset har tilsvarande golv, men dette ligg høgre. Golvet har ikkje merke etter tidlegare benkefeste eller anna inventar.

Tak

Kyrkja har saltak over stavkyrkjedelen og dette går fram på sidene av tårnet i vestre del av skipet. Over koret i aust og våpenhuset i vest ligg det også saltak, alle tekte med raud pannestein. Vindskiene på kyrkja er feste nede til innkassingar av nedre og ytre del av takverket. Borda har karnissprofil.


Stavkyrkja har sperretak med fire sperreband i tillegg til gavlsperrene. Sperrebanda er vanlege stavkyrkjeband med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Dei ulike delane i øvre del er lagde på einannan på halv ved og sikra med trenaglar. Under hanebjelken mellom saksesperrene er det i hjørna laska på sviklar som saman med dei faste elementa utgjer ein boge som har fått eit ekstra sprang nede mot saksesperrene. Denne bogen er understreka ved at det er trekt eit nedsenkt, rettvinkla og sverta profil etter bogekanten. Takstolen har truleg frå først av stått open. I overkant av sperrene er det skore ned hakk for to smale åsar på kvar side av taket. Åsane har smale, nedsenkte rettvinkla profilar mot kantane. Sperrene ber sulagt tak som underlag for raud pannestein. Taket over koret er ikkje undersøkt, heller ikkje taket over våpenhuset.

Himlingar

Rekneskapane har følgjande opplysningar: I 1687-89 vart det betalt for fem tylfter bord til kvelv i koret. I 1693-95 vart det laga kvelv i skipet av seks tylfter bord. I 1699-1701 vart det laga ny kvelving i «den yderste part af kierchen». Det kan bety utvidinga kring tårnet. Det er ikkje rekneskapsopplysningar som fortel om denne utvidinga, men det er likevel rimeleg å tolka det slik. Det vart brukt åtte tylfter bord til denne kvelvinga. Men også i 1702-04 er det opplysningar om kvelving som kan knytast til utvidinga av skipet mot vest. Det er då brukt 6 tylfter bord til paneling og kvelving og gjeve to riksdalar i arbeidsløn for «det ny tillbygg at hwelfwe och inden till at panele». To «krumme træer» er brukte til å festa kvelvinga på.


Det ligg framleis tønnekvelvar i kor og skip. Det er rimeleg å tru at stavkyrkja hadde open takstol frå først av, og at himlinga over skipet vart sett opp i samband med utvidinga mot vest.


Himlinga har same snitt i heile det rommet som no utgjer skipet. Ho skrår opp på begge sider og rundar av mot eit flatt midtparti. I skipet er himlinga tredelt i lengderetning. To delar over stavkyrkjerommet, og ein over tårnedelen i vest. Delane er markerte ved ei list med karnissprofil som lig på tvers under himlinga. Bordlengdene er avgrensa av inndelinga. Nærast gavlveggen aust i skipet er det list med eit anna profil på begge sider. Lengst i vest er det ei luke til loftet sentralt i himlinga.


Kvelven over koret har eit anna snitt, rundare. Taklista i aust er skoren ut i bogar feste til veggen, og det er trekt eit karnissprofil etter kanten. Borda er lagde i to skift, men utan dekkande list over skøyten. Ved oppgangen til preikestolen er det eit lite felt med fire ca. 40 cm lange bord. Himlinga er festa ved skøyten og to stader elles til bogar i overkant. Under vestre ende av himlinga er det lagt eit breitt bord med karnissprofil mot aust.

Våpenhuset har flat himling, men med eit skråstilt bord på kvar side, truleg lagt slik for å vinna meir takhøgde. Under heile himlinga er det festa ei taklist medkarnissprofil.


Tårn

Rekneskapane fortel at tårnet hadde blese ned og vart bygt oppatt på nytt i 1693-95, men det var då truleg berre snakk om spiret, ettersom materialutgiftene berre omfattar eit 10 alner langt spir, fire sviller (hjørnesperrer?) på 8 alner og tre tylfter sidebord.


Frå himlingshøgd går det skråstøtter frå tårnstolpane opp til ei kraftig ramme over bindingsverkvegger nedst i klokkehuset, Over dette er veggene lafta. Det er lagt inn tre aust-vestgåande bjelkar over toppramma som ber dei to klokkene i tårnet. I tre vegger er det lydluker, Tømmerveggene startar over desse. I dei øvre tømmerstokkane er det kløfta ned to kraftige bjelkar som ligg som tang om kongen som kviler på midtbjelken i det bjelkelaget som ber klokkene. Hjelmen har inntrekt skjørt og åtte gratsperrer som er feste i skrålagde, kraftige fornya bjelkar over øvre ramme. Hjelmen er kledd med liggjande bord di øvre del.


Det kan tenkjast at tårnet i ein fase har vore eit frittståande støpultårn vest for stavkyrkja. Dei austre tårnstolpane er sekundært utveksla i nedre del, om lag 50 cm over golvet står dei på ei samanspikra firkanta blokk med noko vidare snitt enn stolpen. Utsida av veststolpaneer ikkje tilgjegeleg. Utsida av auststolpane har restar av naglar med jamne mellomrom oppetter, truleg som feste for veggbord. Tårnstolpane har vore farga rosa og kvitt etter at dei vart ståande berre. Begge auststolpane har trekanta hakk inn på vestsida. Hakka har truleg samband med reisinga av stolpane. Alle fire stolpane har eit om lag 5 cm djupt, litt skrådd opp innover, og 10-15 cm breitt hakk med naglehol , i rafteøgd innover mot langsidene. I ein situasjon der tårnfoten kan ha fungert som våpenhus framfor stavkyrkja, kan desse ha vore feste for avstiving i tårnet, ev også for himling over våpenhuset. Dei austre tårnstolpane er festa med jarnstag til nedre, vestre stavlegje i stavkyrkjeveggen og gjennom det horisontale hjørnekneet der det er festa med mutter og kiled.


Dei vestre hjørnestolpane i stavkyrkja er i den utvendige, synlege delen avskava slik at snitte ligg 1-2 cm lengre inne enn på stolpen over. Det er ikkje tjørespor på denne nedre delen. Og det er naglehol i veden. Her har det truleg vore festa skalkar i forma av ein klokkebase nede på hjørnestolpane. Gavlveggen i vest er teken vekk over øvre stavlegje og opp til himlinga. Over denne står mykje av gavlveggen framleis att.

Tilbygg

Kanskje ein kronologisk gjennomgang av bygningshistoria, heilt kort.

Dei gamle svalane vart nedrevne i 1684-86, og veggen vart så bordkledd (rekneskap). Same åra vart det laga ny dør for våpenhuset.


Interiør

Fyrste inntrykk av interiøret i Undredal kyrkje minner lite om eit mellomaldersk stavkyrkjerom. Veggar og kvelv er dekorerte med maleri frå 1600-og 1700-tallet og kyrkjerommet har eit tradisjonelt interiør med alter og altertavle sentralt plassert aust i koret og med ein liten firkanta alterring framfor alteret. Sørvest i koret er det oppgang til preikestolen. Eit lite flyttbart orgel er plassert nord i koret. Ved langveggene i koret er det plassert ein benk på kvar side, og ein klokkar- og medhjelparbenk i sør-austre hjørne. I det vesle skipet står preikestolen i søraust og rommet har benkeparti på begge sider av ein midtgang. Kyrkja har no elektrisk lys og oppvarming, men det vert nytta stearinlys i den eine krona i midtgangen.


Fargar

Frå rekneskapane veit vi at interiøret, skip og kor, vart måla i 1696-98. I 1702-04 vart «det ny tillbyg», truleg utvidinga av skipet mot vest, måla.


Målinga på veggene i skipet frå 1600-talet har brystning og akantusrankar i gult, raudt, grønt og svart på lys gråkvit botn og er måla i limfargar. Himlingen er dekorert med stjerner, englar og andre figurar.


Denne målinga har vore overmåla fleire gonger, først med beingult med malt dekor. Dette vart igjen overmåla med ein noko kraftig raudfarge med blå lister. Den siste dekkande overmålinga var i bleikraudt og kvitt.


I 1962 vart overmålinga teken vekk og den opphavlege målinga restaurert av Ola Seter.[2] Benkene var måla lyst grå.


Av mellomalderdekor var det lite att. Men små spor finst framleis, til dømes seks utskårne vigselkrossar eller konsekrasjonskrossar, 7-9 cm høge: ein på kvar av dei fire hjørnestolpane og midt på kvar langvegg. Opphavleg har det vore 12 krossar, som symbol på dei tolv apostlane. Det er også spor etter grafitti frå mellomalderen. Det er ikkje uvaneleg å finne slike spor i kyrkjer.[3]


Kor

Koret har tønnekvelv dekorert med stjerner og englar: 11 basunblåsande englar og ni englehovud med vengjer. Desse er sterkt restaurerte av Seter. Detaljane er måla med svart, kvitt, raudt og gul oker. Himlingen er dekt av mange okerfarga stjerner på blå botn. Dei fleste stjernene i taket er rekonstruerte i sjablongteknikk. Under avdekkinga kom det fram måla skyer som låg over stjernehimmelen og englefigurane.


Rundt veggene i koret er det måla draperi i brystninga ca. 115 cm opp frå golvet. Dette er for det meste måla av Seter. På nordveggen i koret er det synlege spor etter eldre dekor over brystninga. Det er ranker og tulipanar i raudt og gråblått med svart kontur mot gråkvit botnfarge. Over dette laget kan det vera spor etter gul måling. Over den gule målinga er det spor etter lerret/lerretstapet. Alt dette er dekt med tynn rosa lasur av Seter. [...]


Dekoren på austveggen er utydeleg, men rik. Rankene over brystninga minner ikkje om rankane på nordveggen i koret. Over det eldste dekorlaget verkar det som det ligg restar etter papirtapet med spor etter svart skrift. Over dette er det raud måling. I bogefeltet oppe kan det sjå ut som om det er svarte rankar i botn, over desse er det restar etter papirtapet med skrift og dekor. Det er tre skriftfelt, det i midten kan ha ‘Fadervår’ under englehovud med vengjer. Feltet kan ha fungert som altertavle med papir som underlag, limt til veggen for å gje eit jamt underlag.

[...]


Over brystninga på sørveggen er dekoren utydeleg, men minner om eldste dekorlaget over brystninga på austveggen. Det heile er dekt med eit tynt, rosa målingslag.

I korbogen mot skipet er det svart skrift på kvit bakgrunn, med spor av dekor.

Skip

Midt på sørveggen er det to små felt med grafitti, markerte av Seter med svart måla ramme. Figurane er rissa inn i treverket.


På planke nummer tre frå sørvestre hjørnestolpe, ca. 92-108 cm over svillene, er det rissa inn nokre figurar. Øvst er det to avlange ringsett, eit vertikalt og eit horisontalt, som er fletta i kvarandre fleire gonger slik at det ser ut som ein knute, eit internasjonalt symbol brukt frå romartida. Rett under denne er det rissa inn ein dyrefigur, ca. 7 cm brei, med hovudet vendt bakover og halen opp mellom beina. Under framlabbane til dyret er det skissa inn overkroppen til eit menneske. Mindre synleg er dei samansette valknutane, ein vertikal og ein horisontal som samen utgjer ein kross.


På planke nummer seks ca. ein meter frå svillen er ein mannsfigur, ca. 9 cm høg. Han er kledd i knebukser og har hue på hovudet. Han held ei øks mellom hendene, heva til hoggs, kan henda ein handtverkar.


På skipets nord- og sørvegg er det måla drapert brystningsdekor som er ca. 1,3 m høg, med svart og raud strek på lys botn. På brystningsdekoren er det spor etter fleire dekorlag, som er synlege i feste for dei eldre benkeradene som er fjerna. Men her kan det også sjå ut som Seter har måla over spora med ein raud farge. Ein raud delestrek, ca. 3 cm, med svarte konturar på kvar side, avsluttar brystningsfeltet oppe. Over brystninga er det blomsterrankar som spring ut frå ein 40 cm høg vase med tulipanar, fantasiblomar og akantus som breier seg ut mot hjørnestolpane. Rankene er måla med svart kontur fylt med raudt og grønt på lys grunn. Det er for det meste lik dekor på nord- og sørveggen, med nokre unntak. På sørveggen ved preikestolen er det måla eksotiske tre som dekor. På den vestre delen av nordveggen, der det tidligare sto eit dåpshus, er det i tillegg til blad og blomar, måla fleire runde frukter, kan henda eple.


I den nyare vestre delen av skipet, vest for vestveggen i stavkyrkjedelen, er det måla rankemotiv og brystningsdraperi i svart, raudt og kvitt. Desse er annleis enn det som er måla i skipet. Plankane er her brukte opp att, men er for tynne til å vera frå det gamle koret. Motiva er no vilkårleg sette saman, slik at dei vert brotne fleire gonger. Det er berre på vestveggen mot våpenhuset, frå døropninga til hjørnet i nord, at mønsteret i måleria heng saman.


Himlingen i skipet har stjernehimmel måla over figurane. Det er også ei sol midt i austre himlingsdel og ein måne midt i vestre del. Figurane i himlingen er ikkje like lette å tyda, då dei er øydelagde og dårleg tekne vare på. Det kan sjå ut som englar og fabeldyr i kamp. Englar og figurar held våpen i hendene og ein av figurane er krossfesta. Kan henda motivet er frå Johannes openberring.


På lista mellom himling og vegg går det eit skriftfelt. Det har svart skrift på grå botn, som er flekkvis avdekka og retusjert. Det er ikkje lett å tyda kva som har stått der, men over korbogen står det “bestandighet til Dig er eit Lys paa vaar Sandhed”. I gavlfeltet over korbogen er ei måla framstilling av den krossfeste. Toppen av krossen manglar. Hovudskallen er måla ved sida av krossen, ikkje ved krossfoten, som er det vanlege. Det er måla kvite skykrinsar på begge sider av krossen på svart bakgrunn.


Himlinga i den vestre, nyare delen av skipet er kvitmåla, og Seter fann ikkje noko spor etter dekor under målinga.

Våpenhus

Nord- og sørveggen i våpenhuset har også rankedekor. Midt på nordveggen er det ein vase med tulipan, blad og eple som brer seg mot kvar side, medan det på sørsida er gjenbrukte plankar som er sett opp tilfeldig, med blad, rankar og epler. Veggen mot vest er også satt saman av plankar frå ulike stader, slik at rankemotiv med eple og druer ikkje heng saman.

Inventar

Av det opphavlege mellomalderinventaret er det berre klokka som er bevart. I Bendixens manus står det at av inventar fans det i 1902 berre «en tarvelig kalk og muligens en klokke».[4] Klokka er frå mellomalderen og heng i nordvestre hjørnet i skipet. Kalken er frå 1600-tallet og inventaret elles er også etterreformatorisk. I den eldste inventarlista frå 1686 er det sparsamt med utstyr i kyrkja. Det som er att i kyrkja frå denne lista er kalken, disken og dåpsfatet i tillegg til mellomalderklokka.

Altar

Altaret er eit kassealtar av tre. Høgde 92 cm, breidde 123 cm, djupn 60 cm. På baksida av alteret er det festa ei treplate som endar i ein kross som altertavla er festa til. Altaret er dekt med eit grønt vove teppe festa med stiftar etter bakkanten på altaret.

Altertavle

Kyrkja har ikkje alltid har hatt altertavle. I synfaringa frå 1686 står det: « Vindue i Kirchen och i Chorit Eet istedenfor Altertafle».[5] Vidare står det at det skal gjerast ein «liden Altertaffle efter som ingen er».[6] Men om denne vart laga, veit vi ikkje, for tavla er ikkje er nemnd i rekneskapen. Kan henda har austveggen hatt ein dekor som har fungert som altartavle.


Ein kross fungerte som altertavle før Ole Ohnstads (1861-1943) store Lasarus-bilete kom til kyrkja omkring 1900. Ohnstad vart prest og kom sjølv frå Undredal. Han måla to tavler til Undredal kyrkje. Den største, Jesus som vekkjer opp Lasarus, var altertavle fram til 1962, då vart ho flytta til Aurland bedehus. Den minste, som no er altertavle, viser Kristus på krossen, der Kristusfiguren dekkjer heile biletet slik at krossendane forsvinn bak ramma. Motivet er måla på papp med ei bronsert omramming. Høgde 110 cm, breidde 86 cm med ramme.

Alterring

Alterringen er firkanta med brotne hjørne, altaret er på austre side, og ringen har port framme i vestre side. Knefallet er stoppa og trekt med brunt skinn, festa med stiftar til veggen i knefallet. Handlista er flat og profilert og boren av eit rekkverk av gråmåla, balusterforma bord. Golvet i altarringen ligg eit steg høgre enn golvet i koret.

Døypefont

Dåpshus, «funtt», vart laga nede i skipet i 1684-86 (rekneskap). I 1699-1701 vart det laga nye hengsler til lukene og døra i funten.


Den opphavlege døypefonten vart erstatta av eit dåpsfat i 1680, "Kiøbt itt bechen till daaben for 1 Rdr. 3 ",[7] som var til å setja ned i ein jarnring. Ringen vert i dag festa til vangen på den fremste kyrkjebenken. I 1902 skriv Bedixen at det ikkje finst døypefont i kyrkja, men berre eit «tarveligt, hvidmalet og bronceret fad, der legges i en jernring paa den øverste bænk».[8] Sjå Rituelle kar.


Preikestol med oppgang

Det vart laga ny preikestol av «snedcherwerch» til kyrkja i 1696-98 (rekneskap).


I synfaring frå 1661-1665 vart det gjort merknad om at preikestolen skulle flyttast noko høgre opp[9] og i 1686 at han skulle forandrast «noget schicheligere».[10] Rekneskapen fortel etterpå at preikestolen er blitt forandra «effter ordre».[11] Men i 1696-98 fekk kyrkja ein ny preikestol: “For en ny predichestoel af snedcherwerch, med opsettelse”. [12]


Preikestolen har tre sider ut mot kyrkjerommet. Kvart storfelt har ei større fylling med måla englehovud med vengjer og blomsterdekor i ein portalforma ramme over ein mindre oval fylling med måla blomsterdekor. Felta er skilde på utsida med runde hjørnesøyler som kviler på hjørnepostament med måla dekorfelt. Søylene har korintiske kapitel og er toppa av englehovud med vengjer, som er festa i hjørna på det øvre smalfeltet. Dekkplata svingar ut i firkantar over englehovuda. Preikestolen er boren av ein enkel baluster.


Det øvre smalfeltet på norsida av preikestolen har innskrift “Anno", som på midtfelten held fram i "1696”; utskore i tre og limt på. Den siste o-en i Anno manglar. På nordre storfelt står det vidare at preikestolen vart «Bekostet af Peder Hansen og Karel Olsen 1696». Peder Hansen var lensmann i Undredal og Karel Olsen var son til lensmannen i Flåm.[13]


Preikestolen vart sett i stand ein gong mot slutten av 1700-tallet. På det midtre storfeltet står det «reParreret af Lensmanden Halsten Nielsen, Hans Ellingsen, Johans Hansen». Desse tre eigde kyrkja frå 1788.


Det tredje og siste feltet, inn mot sørveggen, har inga påmåla innskrift.


Frå koret er det oppgang til preikestolen i form av to trappesteg med rekkverk av to enkle, vertikalstilte profilerte panelbord og ein smal, åttekanta meklar.


Målinga på preikestolen er overmåla med hovudfarge i brunraudt, dekor i raudt, kvit, brunleg, og gult med svarte konturar, og det er spor etter skrift under noverande skriftfelt.(undersøkes av konservatorer). Søylene er marmorerte i grått og brunt.

Benker og faste stolar

Det vart laga to lange benker, «stooler» i koret og ein til presten i 1684-86. I 1696-98 vart det laga ein brudestol. Han som la kvelving ytst i skipet i 1699-1701 laga også nye benker nedst i kyrkja.(Rekneskapar.)


På kvar side av midtgangen i skipet står det åtte nyare kyrkjebenker av ubehandla furu. Dei er frå 1987, då vart dei gamle bytt ut. Det er spor i veggene etter feste av rygg og sete frå dei gamle benkeradene, men det er ikkje spor i det nyare golvet. Det er like mange benkerader som tidlegare. Setefjølene er breie med innsvinga kant mot den enkle bua benkevangen, og to parallelle bord til ryggstøtte. Benkene ved tårnstolpane er halvparten så lange som resten. Det står også ein ekstra kyrkjebenk på nordsida av koret. Benkene er laga ved Kaupanger snikkarverkstad A/S ved Ole Fredskil.


Fast stol i koret. I søraustre hjørne av koret er det ein liten veggfast klokkar- og medhjelparbenk. Denne er lukka med brystning mot nord og ei hengsla dør mot vest. Begge har profilert ramme med enkel fylling.


Brudebenk. På sørsida av koret står ein brudebenk frå 1696/98.[14] Brudebenken er ein umåla trebenk med utskjæringar og eit utskåre hjarte i ryggbrettet. Tilsvarande benker finst i kyrkjene i Flåm og Aurland.


Kneleskammel. Den eine kneleskammelen er i ubehandla tre frå 1647 og har innskoren dekor og årstall, bumerke, jesusmonogrammet IHS, og namnet Andres er innskore. Det må vera Anders Underdal som i 1647 var den største skattebetalaren i bygda.

Den andre kneleskammelen er nyare og i ubehandla tre, oversida er trekt med skai som er festa med kraftig saum rundt øvre kant. Begge langsider har innrissa doble X-ar frå topp til botn.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

I dei første Inventarlistene har kyrkja ein kvitt altarduk av lerret, eit raudt, lite kledes altarklede, ein gammal messehakel og ein gammal messeserk.

Altarklede

Kyrkja har grønt, fiolett og raudt altarklede i nyare grov ullkypert. Under desse heng restar av eit ullklede frå 16- eller 1700-talet. Kledet dekkjer fronten og framdelen av sidene på alteret. Det er kypertvove i ei breidde på 60 cm etter valking og er sydd saman i to breidder i høgderetning. Jaretrådane er tjukkare enn renningstrådane elles.

Messehakel

I 1709 fekk kyrkja ein ny messehakel av raud fløyel med kross av gullgaluner. Ei opplysning om mellomfôr, lese som «teel» eller «trel», er usikker. Det kan vera denne messehakelen som framleis finst i kyrkja. Messehakelen har hovudstoff i glest voven raud plysj på lys botn og ein kross av smal, applikert metallknipling. Mangelfullt dokumentert.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Etter rekneskapane hadde kyrkja to små klokker i 1690 og frametter. Den eine er truleg identisk med klokke a.

a) Mellomalderklokke i nordvestre hjørne i skipet, truleg frå 1300-talet. Klokka har etter måten flat kroneplate der det er festa ei krone av midtboge og seks runda bøylar. Frå kroneplata svingar hua ned og ut, og rundar jamt over mot smal, skrådd korpus som nede er markert med to riller over ut- og nedbøygd slagring med flat underkant. Gammal kolv. Klokka vert nytta til avsluttingsslaga ved gudstenester. Diameter 44 cm, høgde med krone 48 cm, utan 40 cm.

b) Klokke med innskrift på korpus: STÖBT I BERGEN AF M.K. SKIÖBERG [1]824. Diameter 42,5 cm, høgde utan krone 30 cm, med krone 28 cm.

c) Ny klokke. På ring oppe på halsen: OLSEN NAUEN KLOKKESTØPERI, TØNSBERG. På korpus: latinsk kross over innskrift: HERRE GJER MEG TIL REISKAP FOR DIN FRED. Diameter 49 cm, høgde utan krone 38 cm, med 47 cm.

Orgel

Harmonium i koret, 1991, laga av Gerrot C. Klop, Nederland. Orgelet har 200 piper og fire og ei halv stemme. Ryggen av instrumentet fungerer som front med tre gjennombrotne felt med dekor av skore rankeverk. Sentralt i feltet i midten G C K.

Kyrkjegard

Kyrkjeport og gjerde er nemnde i rekneskapane i 1711-1713. Gravene har vorte førte til gravplass i Aurland over fjorden.


Bygningar knytte til kyrkja

[...]

Kjelder

Utrykte kjelder

[...]

Trykte kjelder

[...]

Oppmålingsteikningar og fotografi

Jensenius, J., Undredal kyrkje, oppmålingsteikning, Riksantikvaren


Bilete



  1. Jensenius, oppmålingsteikning
  2. Seters dagbok 1962. Ra arkivA-288
  3. [#_ENREF_2 Blindheim (1985]): 11-16
  4. Bendixen FNFB 1902: 179
  5. Statsarkivet Bergen, stiftsamtmannen, Boks 1725, legg 3
  6. Ein altertavle er ikkje nevt i inventarliste frå 1702, 1711, 1714.
  7. SAB stiftsamtmannens arkiv L. Nr. : 1725. Undredal nr. 1.
  8. Bendixen FNFB 1902: 179
  9. Riksarkivet, Rentek., reknesk., A.d. Bergen stift 56. Synfaring 1661-1665, Sogn. Undredal 2
  10. Statsarkivet Bergen, stiftsamtmannen, Boks 1725, legg 3
  11. SAB Stiftsamtmannens arkiv. L. nr. (boks nr 1725. Utgifter 1696, 1697 og 1698. Undredal nr. 3
  12. SAB Stiftsamtmannens arkiv. L. nr. (boks nr 1725. Utgifter 1696, 1697 og 1698. Undredal nr. 8
  13. Djupedal: Undredal, kyrkja og bygda, 1997: 136
  14. SAB stiftsamntmannens arikiv: “En brudestoel” 5£.