Vaksdal kyrkje

Fra Norges Kirker

Revisjon per 4. mai 2012 kl. 14:26 av FCBot (diskusjon | bidrag) (robot: automatisk teksterstatning: (-{{TOC\ right}} +))
Hopp til: navigasjon, søk
Vaksdal kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneVaksdal kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Laster kart...
Koordinater60.474703,5.744001
FellesrådVaksdal kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125100501
Soknekatalognr05010101
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Anne Marta Hoff


Vaksdal kyrkje ligg opp mot skogbrynet søraust for Vaksdal sentrum med vidt utsyn utover fjorden og mot Osterøy i vest og med koret mot aust. Den høge plasseringa vert understreka ved ei lang, terrassert trapp framfor vestinngangen. Trappa fører opp til port i steingarden som innrammar det platået som kyrkja ligg på. Bygningen er oppført etter teikningar av Ole Landmark og vart vigsla 7. april 1933. Vaksdal vart då skilt ut frå Bruvik som eige sokn.

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje av stein med takryttar i vest og smalare og lægre kor med apside i aust. Sør for koret er det eit utbygg med tverrstilt saltak avslutta med valming i sør. Her finst sakristi og ulike rom som no er i bruk som barnehage. Nord for koret er eit sekundært tilbygt bårerom som no er i bruk som lager. Kyrkjerommet er eit einskipa, ope rom med open takstol. Koret er smalare og lægre og endar i apside i aust. Vestdelen av kyrkja har våpenhus i første høgda med utgangar mot sør og nord i tillegg til hovudportalen mot vest. Her er mindre birom og oppgang på sørsida til orgelgangen og vidare til takryttaren.

Murar

Murane i kyrkja er utvendes kledde med småfallen, tukta stein og fuga med sement. Steinflatene er ikkje dekte. Sokkelen er ikkje markert, medan gesimsen har ei uttrapping i to steg. Rundt vindaugs- og døropningar og i hjørna er steinane finare tilhogne. Dei store vindaugsopningane har ressess, vestportalen og lydlukene i takryttaren to ressessar, medan mindre vindauge og døropningar har skrå smiger inn i murlivet. Innvendes er murane glattpussa og kalka, ved golvet er det fotlist av mørke skiferfliser.

Portalar og dører

Hovedportalen ligg i vest med vidare inngang via fløydør til kyrkjerommet. Orgelgangen har dører til sideromma, koret til gang til sakristiet. Frå sakristiet er det dør til gang i utbygget i sør og vidare ut på kyrkjegarden nord i vestmuren i utbygget. I tillegg er det fleire innvendige dører, mellom anna bak preikestolen.

Vestportalen er prega av 1930-talet med streng oppbygging med klassiserande element. Portalen er mura i hoggen granitt. Han har rektangulær ramme som skyt ut frå murlivet og er understøtta av tannsnitt. Innafor denne ramma har døropninga rundboga form med tre ressessar. Sentralt oppe erstattar bogens sluttstein ei tann i tannsnittet og går ut som konsoll. Over dørnivå held øvre karm fram som rettvinkla kapitelband ut over alle ledd i portalen. I feltet over karmen har opninga halvsirkulært overlys med fem ruter inndelte med sprosser i form av strålar frå oppgåande sol. Fløydøra, som er ei fyllingsdør, er kledd med fiskebeinsmønster utvendes. Innsida av dørblada viser ramme og fyllingar. Eit høgt, rektangulært felt er delt i fire ved latinsk kross med sol i form av sirkel bak krossmidten. Også innvendes har hovudinngangen ressess i muren. Denne går i boge over overlyset og trappar ut til sidene i tre steg over døra.

Over, og i samanheng med portalen, er det eit høgt, smalt vindauge med granittinnfatting. Granitten over vindauget er forma i rundboge med sluttstein.

Fleire dører i kyrkja er fyllingsdører med krysspost i form av latinsk kross. Som døme gjeld dette sør- og nordportalen i våpenhuset.

Vestdøra i skipet har eitt dørblad sett inn mellom smale, hengsla sidefelt. Denne døra har også krossform, og innvendes er det forma ei strålande sol bak krossen. Døra står i ytre murliv og muren dannar ein nisje som er kledd med panel tilsvarande sidefelta.

I ei visitasmelding frå 1963 heiter det at kyrkja har fått teakdører.[1]

Korskiljet

Koret skil seg frå skipet gjennom ein golvnivåskildnad på tre steg og ved den støypte, runde korbogen som er noko smalare og lægre enn vegger og himling i koret. Bogen har ein ressess og innafor denne er støypt ein pilaster på kvar side med konkavt hjørne mot skipet. Pilasteren svingar ut under plate som ber boge med stilisert meanderbord mot vest.

Rundbogen mellom kor og apside har glatte, rettvinkla hjørne.

Vindauge

Alle vindaugsopningar ligg eit stykke innafor ytre murliv. Kyrkjerommet har tre høge, rundboga vindauge på kvar langside i skipet. Utvendes har desse to ressessar i rundbogen og skråstilte skiferheller som sålbenk. Innvendes har dei skrå smiger i rundbogen og bratt sålbenk, alt glattpussa. Vindauga har ei ramme med små blyinnfatta ruter i ein roleg fargeskala. (Glasmåleri / sjå nedafor under interiør.)

Det er smale høge vindauge sør i koret, over portalane og i nokre birom. Sørutbygget har torams firkanta vindauge. Dei rektangulære vindauga har skrå smiger. Rektangulært vindauge over vestportalen, sjå ovafor under portalar og dører.

Klokkestova har store, rundboga lydluker mot nord, sør og vest. Lukene er sidehengsla, torams og skilde med midtpost. Oppe er dei avslutta med halvsirkulært felt med sirkel rundt innskriven kross.

Golv og fundament

Kyrkja har mura golv. I inngangspartiet, midtgangen, framfor stolane og i koret ligg det store skiferheller, i apsiden lagt i stjerneforma mønster. Under benkene ligg det lakka bordgolv. Fundamentet er støypt. Det er ikkje kryperom under golvet.

Tak

Det er saltak over skipet, brote av takryttar vest over inngangspartiet. Koret har også saltak og over apsiden er det telttak. Sørutbygget har tverrstilt saltak valma mot sør, medan bårehuset nord for koret har pulttak.

Taket har bindbjelkar og sperrer. Bindbjelkane går inn i murane og er dekte av raftestokkar som kviler på murkronene. Sperrene er ned i raftestokkane. Mellom bindbjelkane og sperrene har kvart sperreband ein bukk av knestokkar og hanebjelke i form av tenger. Frå tengene til mønet går også ein hengebjelke sentralt. Mellom sperrene er det lagt himling av ståande bord. Takkonstruksjonen elles er ikkje tilgjengeleg.

Taka er tekte med ruteheller. Hjelmen over takryttaren og taket over apsiden er kledd med koparplater.

Himlingar

Skipet har open takstol (sjå ovafor under Tak). I koret er det flat himling av kasettverk med markerte, profilerte skilje.

Tårn

Vegger og etasjeskilje i vestre del av kyrkja er mura. Takryttaren stikk opp frå vestre del av taket med vestmuren i flog med vestmuren i kyrkja. Oppgang til tårnet via trapp frå søndre del av våpenhuset og vidare via dør og trapp på sørsida under takflata opp til ein halvetasje som fungerer som lagerrom, over dette er det klokkestove under låg pyramideform avslutta med vulst under åttekanta spir med kule og kross. Hjelm og spir er tekte med koparplater.

Våpenhus

Våpenhus i vestre del av kyrkja i full breidde. Midtre delen av våpenhuset, under tårnet, strekkjer seg vest til inngangsportalen, medan dei to vestre hjørna har tavlerom og toalett i nord og trappehus i sør. Aust for hjørneromma er det gjennomgåande gang mellom utgangsdører nord og sør i bygningen. I austmuren vis a vis opningane til hjørneromma er det rundboga nisjer, og det er også rundboga opningar mellom sidegangane og midtrommet i våpenhuset.

I andre høgda over våpenhuset er kyrkjerommet forlenga frå galleriet og vestover under tårnet til vestmuren, skiljet er markert med høg rundboge. Her er også sideromma brukte til trappehus i sør og (sekundært) lagerrom for kantor i nord.

Sakristi

Eit større sakristiutbygg i ein etasje strekkjer seg sørover frå koret. Bygget har inngang frå vest nær sørmuren i kyrkja. Her er gang til sakristi i aust og konfirmantrom (no brukt som barnehage) i full breidde i sør. Frå sakristiet er det gang til koret med oppgang til preikestol og dør til eit lite lagerrom, begge i vest.

Tilbygg

I visitasprotokoll 1887-1966 heiter det frå visitasen i 24.3.1957 at konfirmantrommet vart brukt til likhus og at denne praksisen må ta slutt. Frå visitasen 28.4.1963 ynskjer ein å få bygt eit gravkapell ved kyrkja.

Bårehuset er plassert under pulttak frå nordmuren i koret og har fløydør mot nord. Muren skil seg noko frå kyrkjemuren elles, og fugene står tydlegare fram. Tilbygget vert no brukt som reiskapsbu.

Interiør

Altaret står sentralt aust i koret med ryggen i skiljet mellom kor og apside og med altarring i vest. Det står nokre stolar ved langveggene i koret og på nordsida i korbogen står lesepulten. Preikestol og døypefont er begge plasserte aust i skipet, døypefonten i nord framfor ei rundboga nisje, og preikestolen i sør med oppgang frå sakristiet gjennom austmuren. Tverrgalleri i vest ber orgelet. På kvar side av midtgangen i skipet er det benkeparti som er brotne i krossform ved kortare benker vest i skipet.

Det har tidlegare vore brystvern framfor dei fremste benkene. Desse, og ein benk på sørsida, er tekne vekk. Heilt vest ved inngangen er det også teke ut benker for å gje rom.

Fargar

Murane er pussa og kalka innvendes. Golvet under benkene er lakka og framstår som brunt. I våpenhuset, midtgangen, aust i skipet og i koret har kyrkja mørke skiferheller. Inventaret er i hovudsak brunbeisa, men med innslag av kvitt og gult. Midtgangsløparen er beige med raude border og mønster.

Dåpsnisjen nord for korbogen har ei måla scene som viser Jesu dåp.

Mellom vindauga henge det fire store bilete måla på lerret med klåre fargar skilde med konturar av svart sikksakksaum, to på nordsida og to på sørsida. Dei to i nord viser Jesu fødsel og Oppstoda, dei to i sør Nattverden og Den gode gjetaren. Bileta er signerte RA nede i høgre hjørna.

Glasmåleri

I kvart av dei seks vindauga i skipet er det i midtre del eit glasmåleri som truleg viser to av læresveinane, alle med rørsler i retning av altaret. Figurane er sette inn i tavleforma rammer i blyglaset. Sjølve figurane er i ulike grå-grøne nyansar, medan blygasrutene elles i vindauga er måla i grøne, brune og fiolette fargetonar.

Inventar

Altar

Altaret har kasseform, er mura, glattpussa og kvitkalka. Det er dekt av ei altarplate av mørk, slipt skifer. Bak og på sidene har altaret fotlist av skifer. Altaret er 182 cm breitt og 81djupt. Høgda er 101 cm over golvet i altarringen og 109 cm over korgolvet. Mensa er 4,5 cm tjukk.

Altartavle

Altartavla er forma som eit altarskåp med faste fløyer. Skåpet har to rundboga biletfelt i korpus, og eitt på kvar fløy. Skåpet står på eit fotstykke i rennesanseform og over korpus er eit toppfelt med frise med fire englefigurar, gesims og halvsirkulær krone flankert av stjerner på ranke og toppa med kross.

Måleria i biletfelta er utførte med olje på plate og viser frå venstre Jesus i Getsemane, Krossfestinga, Nedtakinga og Oppstoda. På fotstykket innskrift: DET ER FULDBRAGT. Treverket i tavla er gylt.

Altarring

Altarringen har sirkulær grunnform og opning på begge sider av altaret. Knefallet har glatt side kanta med profilerte lister og oversida er stoppa og trekt med skinn festa med saum. Sprettstilte pilarar med smalt fyllingsfelt i ramme ber profilert handlist med stoppa midtfelt og indre hylle for særkalkar. Lakka treverk Golvet i altarringen ligg eit lite steg høgre enn golvet i koret.

Døypefont

Åttekanta døypefont av tre med inntrappa ledd. Kummen har rundt hol for dåpsfat, sider med tilsette stjerner/krossar og inntrekt nedre del. Skaftet noko smalare over toledda fot der det nedste leddet er inntrekt. Fonten er måla i mørke, skiferimiterande fargar.

Preikestol med oppgang og preikestolhimling

Preikestolen heng på søndre del av austmuren i skipet og har tre sider av ein åttekant. Midtre del av handlista er stoppa og trekt med skinn. Kvar av dei tre sidene har storfelt avslutta med kannelerte hjørnelister og profilerte lister oppe og nede. Felta har ei fylling med broten øvre avslutting og med ein ståande figur (?) i relieff. Stolen er avslutta nede med enkelt smalfelt og med hengebord med frise. Botnen kviler på tre innsvinga sider som kviler på kanta fot ved muren. Ei døropning med skrådde smiger og dør mot trapp ned til gangen mellom kor og sakristi knyter preikestolen saman med preikestolhimlingen som også har tre sider. Kvar side har eit klassisk motiv med metopar og triglyffar og tannsnittlist under gesims som ber gavl. Stolen er i lakka tre med lyst måla fyllingsfelt.

Lesepult

Standard lesepult med rett side i front og på kvar side og lesebrett og hylle for bøker etc. Sidestykka er skrådde i overkant og innsvinga oppe og nede, oppe under lesebrett, nede over sokkel. I front er festa ein kross i eit mørkare treslag.

Benker og faste stolar

Benkene har rette vangar mot midtgangen og er festa i brystpanel ved langmurane. Vangane har sokkel og fylling i ramme. Sentralt i fyllinga er det eit måla motiv med ei strålande sol kombinert med kross. Skrådde ryggar med fyllingar i ramme og med salmebokhylle i overkant. Formskorne setefjøler stødde med to ekstra beinpar. Beisa og lakka treverk.

Galleri

Galleribjelken kviler på konsollar på langmurane og på stolpar som flankerer midtgangen. Bjelken er støtta med sveifa kne både over konsollane og stolpane. Over galleribjelken går det stikkbjelkar i lengderetning frå muren i vest. Bjelkehovuda er sveifa og stikk fram under brystvernet på galleriet. Dette er inndelt i kvadratiske felt skilde med pilastrar med kapitel under handlist. Kvart felt har sjablongmåling med andreaskross. Golvet på galleriet ligg i to steg sentralt ved orgelet, og i fire steg på sidene. Det er eit lakka tregolv. Ein stor rundboge opnar mellom gallerigangen og galleriet og golvet her ligg noko høgre.

Salmenummertavle

Kyrkja har ei tavle for salmenummer. Tavla er original og i klassiserande form og heng som pendent til preikestolen på nordsida av korbogen og over dåpsnisjen. Tavla er inndelt i to rundboga felt med lister, flankerte av kanellerte lister med flat base og kapitel i form av diamantbosse. Kapitela ber tresida baldakin med gesims med englehovud med vengjer og tannsnittlist. Strålande sol over gesimsen.

Ved golvet sentralt i dåpsnisjen er det ein original smijarnskrok, og denne kan ha hatt samband med tavla og dåpshandlinga originalt.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Altarduken er sydd med lin på lin og har ei 20 cm brei enkel hardangersaumbord med krossmotiv på tre sider.

Altarklede

Altaret er kledd oppå og på tre sider med raud fløyel kanta med gullfarga metallfrynser. Fronten er inndelt i felt med gullfarga metallsnorer. Kneleskammel og handlista på preikestolen har tilsvarande utstyr.

Messehaklar

a) Raud messehakel, 1932. Skjoldforma forside og rettsida rygg. Hovudstoffet er ein djup raud fløyel, fôret er raud silkerips (eller rayon). Hakelen har påsydde gullfarga metallsnorer etter kantane og over skuldrene, doble i ytterkant. Halsen er også kanta med gullbandmed eikelauvsmønster og dette bandet kantar også kross på ryggsida og stolpe på forsida. Stolpe og kross av fôrstoffet med gult broderi med ranker og likearma krossar. I krossmidten ring med INRI, i brysthøgd på forsida kross med chi-rho. Festa med seks hekter på venstre skulder. Innskrift på fôret: Gave fra Prost Brekke og frue 1932. Høgde 110 cm , breidde ved skulrene 60 cm.

b) Grøn messehakel, ca 1960, med spissa, innskrådd form. Stoffet er krosskypert i ull og lin med stripeeffekt, fôret grov bomullslerret, hakelen er kanta med linlerret, alt grønt. Forsida har applikasjon med kvit due på blå bakgrunn (trekant på sky), ryggsida har applikert, kvit Y-kross med brodert chi-rho i ring i krossmidten, aks på sidearmane og vinlauv med druer på stolpen. Hakelen er merkt HUSFLIDEN I BERGEN. Høgde 98cm, breidde ved skuldrene 70 cm.

c) Kvit messehakel, seint 1900-tal, i vid, utskrådd og runda form. Hovudstoffet er naturfarga lerret av råsilke og med fôr av silkesateng. Hakelen er også kanta med sateng med brodert kontur. Stolpe på forsida og latinsk kross på ryggsida er applikert med gyllen råsilke. Kring krossmidten er vidare applikert ein strålekrans, i brysthøgd på forsida eit treeiningssymbol i form av tre ringar fletta inn i einannan. Alt er konturert med broderte liner. Hakelen er merkt RA Design og søm Ragnhild Arneberg, Elverum NORSK KUNSTHÅNDVERK. Høgde 123 cm, vidde 131 cm.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Vaksdal kyrkje har to klokker som heng i frittståande klokkestol i femte høgd i tårnet. Klokkene vert ringde manuelt. Begge er produserte av o. Olsen & Søns Klokkestøperi og produsentnamnet er innstøypt oppe på halsen.

a) Den minste klokka har ei due med olivenkvist i nebbet på side 1 over innskrifta LAND! LAND! LAND! / HØR HERREN’S ORD. På side 2 innskrifta ”VAKSDAL KIRKE / 1932. / DENNE KLOKKE ER FORÆRT / AV LENSMANN R. W. KVALVAAG / FØDT 6/9 1864.” Diameter 85 cm, høgde med oppheng 85 cm, utan oppheng ca 70 cm.

b) Innskrift på side 1: RINGER JEG TIL KIRKEMØTE / KALLER JEG TIL RO DE DØDE / ALTID ER JEG HERRENS TOLK / NAAR HAN SAMLE VIL SITT FOLK. På side 2: Håkon 7.’s krona monogram over innskrift: ”VAKSDAL KIRKE / 1932. / DENNE KLOKKE ER FORÆRT / AV LENSMANN R. W. KVALVAAG / Født 6/9 1864.” Diameter 100 cm, Høgde 92 cm med oppheng, ca 80 cm utan.

Orgel

Orgelfasade og spelepult er bygt i eitt sentralt på galleriet Over spelepulten er det svellverk og brystverk med tre tårn med gavlavslutting, tårnet i midten høgst og breiast. Sidetårna med pedalverk har same form og flankerer svellverk og brystverk. Tårna har synlege metallpiper.

Orgelet er levert av Jehmlich Orgelbau, Dresden 1991, og er merkt Opus 1102. Det har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

Bøker

  1. Alterbok for Den norske kirke, andet opplag 1922, Kra 1922
  2. Tekstbok for Den norske kirke, 1918, Kra 1918
  3. Tekstbok for Den norske kyrkja 1929, Oslo 1929
  4. Bibelen eller Den hellige Skrift, Kra 1919. Skinnband med massingbeslag. Gullsnitt.
  5. Graduale for Den norske kyrkja ved O. M. Sandvik, Oslo (1925)
  6. Graduale for Den norske kyrkja ved O. M. Sandvik, Oslo (1925)

Møblar

Brurestolar

To nybarokke karmstolar med snodde h-sprosser og bakbein og med treskurd rundt ovalt ryggfelt, på bindingsbrett, og på armlene og rundt setet. Midtfeltet av setet og ryggfeltet er stoppa og trekt med naturfarga skinn festa med saum. Treverket er beisa og lakka.

Offerkar

To bøsser i kasseform av tre med lok med pengespalte, lås og metallhank og med skoren blomedekor i front. 1998. Desse vert brukte til minnegåver ved gravferder. To metallbøsser ved utgangen. Ved offer på altaret vert brukt ei skål.

Kollekthovar eller andre ting?

Blomstervasar

To standard sølv blomstervasar med konisk korpus, kvelva fot og rand og standkant i form av tre steg. Korpus er støtta med tre ornamenterte bogar til foten. Innskrift på foten på den eine VAKSDAL KYRKJE 1954, stempel 830 S, og på den andre VAKSDAL KYRKJE 7 – 4 – 1958. Stempel 830 S. Begge har same meisterstempel (?). Høgde 20 cm, diameter fot 9,3 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Området kring kyrkja er ikkje nytta som gravplass, men kyrkja er likevel omgjeven av støypt steingard med port i vest og i nord og vest for bårehuset i nordaust. Porten mot nord ligg ved parkeringsplassen, ei lang trapp fører opp i det bratte terrenget til porten i vest medan porten ved bårehuset har hatt sin funksjon ved tilkøyring til dette. Det flate, inngjerda området har tidlegare vore dekt med singel, no vert det lagt gang av skifer, og det er planlagt å ha plen rundt skifergangen.

Kyrkjegard

Vaksdal kyrkjegard på Tveitane vart teken i bruk alt i 1911. Den eldste delen av kyrkjegarden er omgitt av steingard i tørrmur med inngang gjennom porthus/klokketårn i vestmuren. Kyrkjegarden er først blitt utvida eit stykke nordover og steingarden på nordsida er fjerna. Seinare utvidingar har skjedd mot aust, innover ei større flate i terrenget. Den gamle austmuren står framleis, med gjennomgang, og det er murt opp ny steingard etter vegen på sørsida. Her er det også ein brei port med inngang mot grusveg. Mot nord og aust er det nettinggjerde. Kyrkjegarden er inndelt i felt ved hjelp av grusgangar.

Klokketårn

Portbygningen med klokketårn i vestmuren har tilnærma kvadratisk grunnflate og er oppbygd i bindingsverk kledd utvendes med liggjande panel. Første høgda har flatt rundboga gjennomgang med port av spiler i ytteropninga og med dør inn i bygningen på begge sider. Det har fallande takflater mot nord, aust og sør. Andre høgda, der klokka heng, står sentralt vest i huset og har lydopningar i form av vindauge med ei ramme til alle fire sider. Klokkerommet er dekka av pyramideforma hjelm avslutta med ein sveifa trekross. Taka er tekte med shingel i form av lappheller. Huset er kvitmåla utvendes. Klokka er ikkje registrert.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Trædal, V.: ”Vaksdal kyrkje”, førebels manus for Norges Kirker
  2. Visitasprotokoll 1887-1966, Prostearkivet, Osterøy
  3. Opplysningar frå kyrkjeverja

Bilete


Fotnotar

  1. Visitasprotokoll 1887-1966, Prostearkivet, Osterøy