Ålvik kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Ålvik kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneKvam kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Laster kart...
Koordinater60.434755,6.430769
FellesrådKvam kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123800401
Soknekatalognr09090302
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen

Anne Marta Hoff

Ålvik kyrkje ligg aust i Kvam kommune, på nordsida av Hardangerfjorden. Ålvik har frå tidleg på 1900-talet vore grunna på den industrielle verksemda som utbygginga av Bjølvo-elva førte med seg, og AS Bjølvefossen har gjeve arbeid til folk i Hardanger langt utafor bygdegrensene. Medan fabrikkanlegget ligg ved fjorden, er kyrkja plassert i det skrånande terrenget attafor, med kyrkjegarden i terrassert terreng sør for kyrkja.

Kyrkja vart vigsla 15. april 1962, midt i den beste tida for industrianlegget. Espen Poulsson, Oslo, var arkitekt for Ålvik kyrkje. Han var ein av dei arkitektane som a/s Bjølvefossen brukte til sine bygg-

Bygningen

Kyrkja er ei ”naustkyrkje” der eit stort saltak dekkar eit rektangel med inngangsdel og orgelgalleri i vest og kyrkjerom med kor i aust. Bårerom er bygt i kjellaren under altarpartiet, med inngang frå sørsida. I tillegg er det ein mindre byggningsdel, også dekt med saltak, i aust, forskjøve mot nord. Her er det gang i vest, våtrom og to kontor i nord og eit møterom eller sakristi i sør.

Murar

Kyrkja er reist i skalmur med to murvangar. Langmurane er inndelte i seks fag ved glattpussa, armerte betongpostar som bryt murlivet både utvendes og innvendes. Overkanten er markert med ein kraftig støypt og pussa gesims. Under gesimsen og mellom postane har murane, med unntak for vindauge i øvre del av dei tre vestlege faga i kyrkjerommet, raud murstein som står bar med sementfuger. Utvendes er muren kvitmåla. Postane og gesimsen er kvitmåla. Langmurane er om lag 280 cm høge innvendes. Sørmuren og austmuren følgjer terrenget som skrår nedover mot bygningens søraustre hjørne. Her er det kjellar med bårerom og kjølerom.

Gavlmurane er murte heilt opp. I nedre del utvendes, og i indre murskal, har dei raud murstein som er kvitmåla utvendes. Indre murskal i austgavlen er delt opp i ti fag ved ståande, kvitmåla postar. Vestmuren er trekt om lag ein meter inn i nedre del og understøtta med fire søyler som dannar ein attika framfor inngangen. Gavltrekantane er kledde utvendes med sulagde, tjørebredde bord.

Det vestre faget inneheld inngangsparti i første høgd og orgelgalleri i andre. Inngangspartiet er avgrensa mot kyrkjerommet med ein mur av murstein som er gjennombroten av tre døropningar. Muren ber gallerifronten i andre høgd, der det elles er oppe mellom kyrkjerommet og gavlmuren i vest.

Murane i kontordelen er mursteinsvegger, kvitmåla utvendes.

Portalar og dører

Dørene i kyrkja er fyllingsdører i furu med to fyllingar, lakka i ein varm, mellombrun farge. Alle inngangsdører er kledde utvendes med ståande, profilerte bord festa med pyramide- eller stjerneforma naglar. Hovudinngangen i vest har fløydører til inngangspartiet. Herifrå er det fløydør inn til kyrkjerommet, flankert av ei enkel dør på kvar side ved langmurane. Dører til birom i inngangspartiet har same utforming som dørene elles. Nord i austmuren i kyrkjerommet er det dør til kontordelen, og dørene her er av same slag, med unntak av ei dør i veggen mellom to små kontor på nordsida. Oppdelinga er truleg sekundær. Mellom dei to kontora og møterommet/sakristiet er det faldevegg.

Korskiljet

Kyrkjerommet er eit einskapleg rom med same breidde og høgde. Koret skil seg likevel ut som eit rom i rommet ved at golvet i den austre delen av kyrkjerommet er heva to låge steg opp frå golvet i skipet, og at det har ein annan kledning. Preikestolen er også med på å markera skiljet.

Vindauge

Kyrkja har smale, høge, einrams vindauge, dei fleste med 2 x 5 kvadratiske ruter i bly. Vindauga er sette saman fleire i ein karm, skilde med vertikale postar. I kvart av dei tre vestlege faga i skipet og i inngangspartiet, både på nord- og sørsida, er det sju rammer i ein karm. Sør for altaret er det ein ark i taket med trekanta vindauge delt i fire ved tre postar.

Det mest særeigne vindauget er eit rosevindauge i vestgavlen over inngangsdøra. Utvendes er det laga ei sekskanta ramme om det sirkulære vindauget, innvendes er det murt ein ring med kortsida av mursteinane inn mot rommet. Vindauget har klårt glas og er inndelt ved ”masverk” av brunlakka eik. Det er delt konsentrisk i tre, inst ein prestekrageliknande blom med korg og 13 (!) kronblad. Utafor denne ein kompakt ring med 13 sirkulære gjennombrot og ytst igjen kronbladformer (26) i sirkel. Diameteren på vindauget er om lag 240 cm.

Kontordelen har eit vindauge med 4 x 4 ruter mot vest frå gangen. Det vestlege kontoret i nord har tre rammer i ein karm på nordsida. Det austlege kontoret i nord har to rammer i ein karm mot aust, møterommet/sakristiet har to karmar med tre vindauge i kvar i sør. Vindauga i kontordelen har innerglas i eiga ramme hengsa innover.

Golv og fundament

Golvet er ein støypt såle. I inngangspartiet og utafor, på kyrkjebakken, er golvet skiferkledd. Inne i kyrkjerommet er det dekt med langsgåande, brunlakka bord, golvet i koret er av plater dekte med blå-grønt teppe som også er brukt som midtgangsløpar. Golva i kontordelen er brunlakka bordgolv som i skipet.

Tak

Kyrkja er dominert av saltaket som er oppatt-teke i mindre skala i taket over kontorbygget.

Det store taket er eit sperretak der sperrene er murte framhald av postane i veggene. I overgangen formar dei ein slak boge inn mot rommet. Det er såleis fem sperreband i tillegg til gavlane. På kvar side ber sperrene 13 åsar av tre. Åsane ber ståande skuggepanel som underlag for taktekkinga. Taket er tekt med raudbrune lappheller med rektangulær nedkant.

Taket over kontordelen er også eit sperretak. Her er det støypt ein midtdragar i lengderetning over murkrona. Ved kvar gavl er denne samanbunden med støypte sperrer ved ei T-form. Resten av takstolen er av tre og kviler dels på midtdragaren, dels på sidemurane. Det er seks sperreband med sperrer, midtstolpe mellom dragar og møne, hanebjelke og skråstøtter frå feste for hanebjelken ned til midtdragaren. Skøytane er sikra ved jarnboltar. Taket er tekt som taket over kyrkjedelen.

Himlingar

I kyrkjerommet er det undertaket som fungerer som himling. Spelepulten står på orgelgalleriet. Resten av orgelet er plassert i ei tredje høgd over galleriet. Golvet her fungerer som himling over galleriet. Det er eit støypt platå med symmetrisk plasserte kvadratiske lydopningar ned til galleriet. Kontordelen har himling av perforerte plater.

Takryttar

Over vestre møne står ein liten takryttar. Oppgangen er i ei innkassa trapp som følgjer takvinkelen på sørsida av orgelgalleriet. Takryttaren er kvadratisk med støypte vegger i to høgder. I første høgda er det stige til luke i etasjeskiljet. I andre høgda er det klokkerom dekt av høg, pyramideforma hjelm. Murveggene i klokkerommet går opp i brysthøgd der dei er dekte med kopar i overkant. Utvendes er dei kledde med lappheller som taket. Over muren er det lydopningar til alle fire sider mellom hjørnestolpar, mellomstolpar og skråstøtter mellom desse, alt er i overkant av opningane samla med ei ramme som ber hjelmen og klokkestolen. Hjelmen har doble hjørnestolpar som er avstiva ved rammer og horisontale og vertikale kryss, kledd med bord og lappheller og avslutta med spir med vimpel med årstal 1961.

Interiør

Interiøret er prega av det høge og breie saltaket. Fondveggen er markant, og her dominerer den store altartavla mot den vertikalt inndelte murveggen. Altaret er dels løynt av breitt og tett knefall. Koret og kortrappa har same breidde som skipet og korgolvet framstår som eit podium. Døypefonten og ein lysglobe er plasserte på sørsida av knefallet, lesepult og preikestol på nordsida.

Ved langmurane i skipet er det veggfaste benker mellom postane i dei tre vestlege faga. På golvet er det to parti med benker, avgrensa av midtgang og sidegangar. Benkene går heilt bak til muren under gallerifronten. Orgelgalleriet i andre høgda har oppgang på sørsida og spelepult på nordsida. Rosevindauget i vestmuren gjev lys inn på galleriet. Over galleriet er det ei tredje høgd med opning med orgelpiper mot skipet.

Fargar

Kyrkjerommet har raudbrune mursteinsvegger med kvite postar som held fram som sperrer under luta tretak. Golvet i skipet er brunlakka, inventardelane er i hovudsak luta, sameleis gallerifronten. Golvet i koret og midtgangen har blå-grønt teppe.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og varme. I kyrkjerommet er det varmeomnar festa under benkene. På vestmuren på galleriet er det panelomnar.

Inventar

Altar

Kassealtar av kryssfinér på rammer og spikarslag. Dør til altaret på baksida. Profilert fotlist. Breidde 200 cm, høgde 110 cm, djupn 82 cm.

Altartavle

Altartavle i skåpform med predella. Fløyane er ikkje hengsla til midtfeltet. Kvar fløy har tre biletfelt over einannan, midtpartiet har eitt biletfelt. Kvart av biletfelta er innramma og sette inn i eit rammeverk og alt er så samla ved ei ytre ramme. Predellaen er ein sjølvstendig del med tre sidestilte biletfelt.

I dei tre felta på predella er Jesus stiller stormen framstilt i tre scener med olje på plate: Til venstre søv Jesus i båten, til høgre trugar han stormen, i midten talar han til læresveinane i båt på stille sjø.

I hovuddelen er bileta måla med olje på lerret. Nordfløyen viser ovafrå: Jesu fødsel, Jesu dåp og Bergpreika. På sørfløyen: Nattverden, Getsemane og Krossfestinga. Hovudbiletet i midten viser den oppstadne i ein mandorla, ei framstilling som minner om Henrik Sørensens framstillingar av motivet. Tavla er signert nede til høgre: Terje Grøstad 1961-62.

Altarring

Knefallett har tre sider av eit rektangel og er konstruert som eit lågt brystvern med liggjande fyllingar i rammeverk. Fyllingane er skorne og rammeverket profilert. Innafor den flate handlista er det hylle for særkalkar. Kneleputa er lægre og breiare enn vanleg og konstruert av sponplate med profilert fotlist utvendes. På plata ligg langputer trekte med brunsvart ullstoff. Treverket er umåla.

Teppegolvet innafor knefallet er grønt, men elles av same kvalitet som teppet i koret. Golvet ligg i same høgde som golvet i koret.

Døypefont

Åttekanta døypefont med høg kum, nodus og fot. Kummen har øvst rette vegger med profil oppe og nede (holrenne med v-snitt). Botnen skrår åttekanta ned mot nodus som går ut som ein spissa ring. Den åttekanta foten har vulst og utskrådd parti over høg standkant. Fonten har åttekanta lok med knopp. Døypefonten er umåla, men har staffering i blått, raudt og gull.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er åttekanta med ei fylling på kvar av sju sider og liggjande bord som øvre og nedre smalfelt. Flat botn og åttekanta stolpe med fotlist. Materialane er til dels profilerte. Oppgange med to steg frå koret. Preikestolen er umåla og staffert med raudt, blått og gull.

Lesepult

Enkel lesepult i tre med front av fylling i ramme. Skrått lesebrett, fire føter.

Benker og faste stolar

Benkene har rektangulære vangar på begge sider med to fyllingar i kvar. Setefjøla er formskoren og lagd inn i vangane. Benkene har heile ryggar med fire liggjande fyllingar i ramme og med salmebokhylle oppe i bakkant. Baksida av ryggane er kledde med plater. Ved golvet er det fotstøtter av smale plankar. Kvar benk, sete og rygg, er understøtta på midten. Benkene er umåla, truleg luta. Platene bak ryggane er måla bleikt gulgrøne. Dei faste benkene ved langveggene er av horisontale spiler festa til svungen sarg.

Galleri

Galleriet fyller det vestre faget i kyrkjerommet og gallerifronten strekkjer seg i full breidde mellom nedre del av sperrene. Han kviler på muren som skil mellom kyrkjerommet og inngangspartiet. Himlingen under galleriet har perforerte plater. Gallerigolvet er støypt og kledd oppå med svarte vinylfliser med kvite innslag. Sentralt på golvet er det bygt opp eit amfi i fire nivå med plass til lause stolar. Oppgangen til galleriet via trapp på søndre sida av inngangspartiet, sikra oppe med rekkverk. Spelepulten står på nordsida vend mot sør.

Salmenummer

Kvite siffer vert hengde på stiftar på murveggen.

Rituelle kar

eksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

a) Altarduk med svartsaum.

b) Eldre, sleten altarduk i kvit lin med stilisert broderi med krossar og kroner sydd med kross-sting i svart.

c) Altarduk med hardangersaum.

d) Altarduk i kvit lin med tunga, brodert kant. Borda er 18,5 cm brei og viser vekslande krossar og kalkar.

Antependium

Antependium til altar. Antependium som dekkar tre sider av altaret. Biletvevteknikk med ull på renning av lin eller bomull. Fronten har kristogram på ein botn med innvovne, stiliserte treeiningssymbol (trekløver og trekant). Fargar: Blått, grønt og brunt i ulike nyansar. Kristogrammet gult.

Antependium til preikestol. Blågrønt av same produsent som a og med same motiv som altar-antependiet, men med alfa og omega med gult i dei øvre hjørna.

I tillegg har kyrkja preikestolantependier i kyrkjeårets fire fargar frå Slabbinck. Det fiolette har to sider og gudslam på ei side og lys på den andre. Det andre er kvitt med krone på ei side og grønt med samansett symbol for tru, von og kjærleik på den andre.

Messehaklar

a) Tradisjonell raud messehakel i fløyel med kross av gullband på ryggsida og kanta med gullband. 1900-talet. Fôr av rosa, kreppa silke(?)lerret. Festa med tre hekter på venstre skulder. Høgde 102 cm, breidde 60 cm.

b) Kvit messehakel. Messehakelen har botnstoff av naturkvit ulldamask med stjerner og krossar i sirklar. Fôr av brandgul silke. Truleg 1970 eller 80-talet. Forsida har applikert stolpe av gråblå viskose(?) med brodert kristogram (chi – jota). Ryggsida har tilsvarande applikert gråblå stolpe. På denne er det brodert eit aks, og aksstråa går opp til skuldrene som armane i ein y-kross. Plattsaum i ulike gultonar som dels går mot grønt, dels mot brunt. Innslag av raudt. Festa med seks hekter på venstre skulder. Hakelen er merkt Den Norske Husflidsforening. Høgde 117 cm, vidde 117 cm.

c) Grøn messehakel i vid og sid form med oppståande krage. Stoffet er i kunstfiber med lysare fôr. Motiv på forsida: Kristogram appliker i gullfarga stoff kanta med gullfarga tråd. Ryggsida har kross, aks og logar(?). Slabbinck. Høgde 124 cm, vidde 124 cm.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to klokker frå Nauen, Tønsberg.

a) Den minste klokka har krone av seks firkanta bøylar og med flat kroneplate. Halsen er rett med tre riller, ein bladkrans mellom dei to øvste og firmanamnet over den nedste. Korpus svingar sterkt ut mot nedbøygd slagring med knekk og med oppskrådd underside. På korpus Håkon 7.s monogram med krone. Diameter 72 cm, høgde med krone 66 cm, høgde utan krone 55 cm.

b) Den største klokka har krone med seks firkanta bøylar på flat kroneplate, runda hue, firmanamnet mellom to riller på halsen Korpus svingar ut mot slagringen som via ein vulst skrår rett ned. Innvendes skrår slagringen opp. På korpus oppslått bok med kros og BIBELEN og innskrift: ÅLVIK KYRKJE 1961. Diameter 78 cm, høgde med krone 71,5 cm, høgde utan krone 60 cm.

Orgel

Orgel er produsert av Norsk Orgel-harmoniumfabrikk A/S og ber nummeret 208. Byggeår 1962. Orgelverket er montert i ei tredje høgd, sambandet går gjennom innkassing ved gavlsida i nord, tilsvarande trapperommet på sørsida. I tredje høgd er det opning med metallpiper mot aust.

Orgelet har følgjande disposisjon, fordelt på to manualar og pedal:

Møblar

Brurastolar med sete og rygg stoppa og trekt med gyllenlêr.

Offerutstyr

a) Offerskål i sølv. Skåla er etter måten låg og jamnt runda mot inntrekt standkant. Latinsk kross siselert på korpus. Stempel: DAVID-ANDERSEN, 830 S, 6865 A. Diameter 23 cm, høgde 8,5 cm.

b) Bøsse av tre med beslag, kristogram og spalte i massing. Bøssa heng på veggen ved utgangen.

Blomstervasar

To kjegleforma blomstervasar i sølv. Merkte David-Andersen, stempel 830 S, skålvekt og 7557/200. Høgde 20 cm, diameter ca 8 cm.

Diverse

Altarkross

Altarkross (plett?) med splitta krossendar med lysstrålar. I krossmidten er fastnagla ei mandelform med gylt kristogram på blå botn av emalje. Krossen har vid fot med innskrift i versalar:

This cross is given to mark the 40 years association between the people of Ålvik and William Tennant, Ernest Tennant, Julian Tennant. Ustempla. Høgde 75 cm, breidde 33,2 cm, diameter fot 24 cm.

Rørosrye med krossmotiv i sakristiet.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Området på nord-, aust- og vestsida og nærast kyrkja på sørsida har parkliknande form og planteval med roser, låge hekkar og tre som t d hagtorn. Her er også ein kvadratisk dam ved bårehuset, der pårørande finn vatn til gravene. Mot vegen nord for kyrkja har kyrkja tørrmur. Elles er kyrkjegarden dels omgjeven av nettinggjerde, dels av planter i terrenget. Gjennom muren i nord er det opning til vestinngangen gjennom smijarnsport fest i postar. Det er også opning til kontorinngangen. Frå sørvest ved reiskapshuset (sjå nedafor) er det enno ein inngang til kyrkjegarden. Sørafor kyrkja skrår den delen av kyrkjegarden som vert nytta til gravplass ned mot skogsterreng ovafor riksvegen. Kyrkjegarden her er terrasert i tre nivå.

Gravminne

Gravminna på kyrkjegarden går attende til oppføringsåret for kyrkja.

Bygning knytte til kyrkjegarden

Reiskapsbu

Ved inngangen sørvest for kyrkja ligg ei lita reiskapsbu i gul murstein og med flatt tak med gesims av liggjande bord. Inngang frå vest. Teikningane til bua vart godkjende i Ålvik Bygningsråd 20.10.64.[1]

Kjelder

Utrykte kjelder

Diverse sakspapir og opplysningar, Kyrkjeverja i Kvam

Oppmålingsteikningar og fotografi

Diverse sakspapir, Kyrkjeverja i Kvam

Bilete


Fil:Ålvik, Rauma-rye i sakristiet, AMH 2007.jpg|Ålvik, Rauma-rye i sakristiet, AMH 2007 Fil:Ålvik, altarduk a, AMH 2007.jpg|Ålvik, altarduk a, AMH 2007 Fil:Ålvik, altarduk b, AMH 2007.jpg|Ålvik, altarduk b, AMH 2007 Fil:Ålvik, altarkross, AMH 2007.jpg|Ålvik, altarkross, AMH 2007 Fil:Ålvik, altarparti, AMH 2007.jpg|Ålvik, altarparti, AMH 2007

Fil:Ålvik, antependium, AMH 2007.jpg|Ålvik, antependium, AMH 2007 Fil:Ålvik, antependium, detalj, AMH 2007.jpg|Ålvik, antependium, detalj, AMH 2007

Fil:Ålvik, blomstervase, ein av to, AMH 2007.jpg|Ålvik, blomstervase, ein av to, AMH 2007 Fil:Ålvik, brurastol, AMH 2007.jpg|Ålvik, brurastol, AMH 2007 Fil:Ålvik, bøsse ved utgangen, AMH 2007.jpg|Ålvik, bøsse ved utgangen, AMH 2007


Fil:Ålvik, galleriet, interiør mot nord, AMH 2007.jpg|Ålvik, galleriet, interiør mot nord, AMH 2007 Fil:Ålvik, inngang til bårerom, AMH 2007.jpg|Ålvik, inngang til bårerom, AMH 2007


Fil:Ålvik, kontordelen, nordfasade. AMH 2007.jpg|Ålvik, kontordelen, nordfasade. AMH 2007 Fil:Ålvik, kontordelen, takkonstruksjon 1, AMH 2007.jpg|Ålvik, kontordelen, takkonstruksjon 1, AMH 2007 Fil:Ålvik, kontordelen, takkonstruksjon 2, AMH 2007.jpg|Ålvik, kontordelen, takkonstruksjon 2, AMH 2007


Fil:Ålvik, lesepult, AMH 2007.jpg|Ålvik, lesepult, AMH 2007

Fil:Ålvik, offerskål (dårleg foto), AMH 2007.jpg|Ålvik, offerskål (dårleg foto), AMH 2007





</gallery>

Fotnotar

  1. Teikning i arkivet hjå Kyrkjeverja