Norges Kirker - historikk

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk

Norges Kirker er eit dokumentasjonsprosjekt for kyrkjer knytte til Den norske kyrkja. Målet er å kunna gje forskingsbasert informasjon om alle kyrkjene i landet, for allmenta og for forsking og forvalting.

Frå starten vart materialet publisert i bokserien Norske Minnesmerker. Den siste boka vart publisert i 2003. Etter dette har materialet vore publisert på nettet. Omlegginga av publiseringsmåten, saman med føringar frå departementet, har ført til ein del endringar, i det ein no i langt større grad har høve til å gje ein god fotodokumentasjon enn tidlegare. Det er også lagt meir vekt på det eksisterande materialet enn på dei tidlegare kyrkjene. Likevel er det framleis fokus på det som har kulturhistorisk verdi.

Norges Kirker vart sett i verk i 1949 etter initiativ frå dåverande riksantikvar Arne Nygård-Nilsen. Prosjektet vart finansiert gjennom Norges allmennvitskaplege forskingsråd fram til 1970 då Kyrkje- og undervisningsdepartementet tok over finansieringa. Då Riksantikvaren vart overført til Miljøverndepartementet i 1973, følgde Norges Kirker med. Arbeidsstaden for Norges Kirker var hjå Riksantikvaren frå starten og fram til opprettinga av Norsk institutt for kulturminneforsking i 1994. Prosjektet var ei av dei arbeidsfelta som vart overførte frå Riksantikvaren til NIKU. Støtta til prosjektet frå Miljøverndepartementet fall vekk i 2005, men frå 2006 har Kyrkjedepartementet løyvt 1 million årleg til Norges Kirker. To medarbeidarar vart knytte til Norges Kirker på heiltid ved starten i 1949. På det meste var staben i 1980-åra oppe i 4 ½ stilling. No er medarbeidararane knytte til prosjektet på timebasis.

Kyrkjeverket var i si tid ein del av ei nordisk satsing der Sveriges Kyrkor vart sett i verk i 1912 og Danmarks Kirker i 1933. Den første publikasjonen i Noreg kom i 1958, medan Finland Kyrkor publiserte sitt første band i 1959. På Island er det starta eit kyrkjeverk i seinare tid. Av desse kyrkjeverka er det no Danmarks Kirker som no har størst aktivitet og best finansiering.