Årdal kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Årdal kyrkje
FylkeSogn og Fjordane fylke
KommuneNedre Årdal kommune
ProstiIndre Sogn
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
FellesrådÅrdal kyrkjelege fellesråd
Kirke-id142400101
Soknekatalognr07090401
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført


Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Årdals-samfunnet ligg i enden av den forgreininga av Sognefjorden som skjer seg lengst aust i landet. Det har to hovudsentra, Årdalstangen og Øvre Årdal, og desse er skilde av Årdalsvatnet. I tillegg høyrer tre mindre bygdelag, Seimsdalen, Naddvik og Offerdalen som ligg i sidene i Årdalsfjorden, til Årdal.

Elva frå Årdalsvatnet deler Årdalstangen i to eid, Hæreid og Lægreid, og den gamle kyrkjestaden ligg på det lægste av desse, på sørsida. Denne kyrkjestaden kan følgjast attende til 1323 då presten i Årdal, sira Dagfinn, er nemnd.[1] Kyrkja er venteleg eldre enn det, og kan vera oppført så tidleg som kring 1200. Myntar og brakteatar som vart funne i altaret og under kyrkjegolvet, var i hovudsak frå tidsrommet 1205 – 1263. [2]

Kyrkja er også nemnd i Bjørgvin Kalvskinn. Kor gammal kyrkja då var, er uvisst, men det har vore peikt på likskap i portalornamentikken med Stedje kyrkje, og kyrkja kan etter dette ha vore oppført sist på 1100-talet eller kring 1200. Før stavkyrkja kan det ha stått ei enklare kyrkje av dei såkalla førstegenerasjonskyrkjene.

Årdal vart skilt ut frå Lærdal som eige prestegjeld ved kgl. res. 4/10 1862. Stavkyrkja vart riven i 1867 og dagens kyrkje vart reist like vest for stavkyrkja same året.

På 1940-talet vart det sett i gang utbygging av vasskraftresursane i kommunen, krafta vart i hovudsak brukt i aluminiumsproduksjon med det meste av produksjonen i Øvre Årdal og med administrasjonen på Årdalstangen. Dette førte til stor vekst i folketalet med tilflytting frå andre kommunar i Sogn og også frå andre stader. På det meste var folketalet i 1972 oppe i 5572. Skriftleg kjeldemateriale viser berre til kyrkje på Årdalstangen fram til 1970. Men lenge før dette var folketalet høgst i Øvre Årdal, der det i ein periode vart halde gudstenester i eit rom i Ungdomsheimen som var vigsla til kyrkjeleg bruk.

Stavkyrkja

Bygningen

Stavkyrkja var av den mangesøyla, treskipa typen ein finn i Sogn og Valdres. Ho hadde seks søyler på kvar side og to mellom hjørnesøylene på kvar kortside, i alt 16. Det var same avstanden mellom søylene, med unntak av på austre kortside der mellomsøylene var trekte ut mot hjørna. Ei ekstra søyle kvilte på tverrbjelke over koropninga. Koret i kyrkja var også treskipa. Koret var lægre og smalare enn skipet og rett avslutta. Det skal ha vorte utvida mot aust, men altaret vart ståande på sin gamle plass.[3]

Kyrkja vart utvida mot vest ein gong i mellomalderen i det vestveggen vart fjerna og eit tårn, med kvadratisk plan og i same breidde, vart bygt opp i forlenginga. Tårnfoten var open mot kyrkja og fungerte såleis som ei utviding av kyrkjerommet.[4] (Sjå Rinde kyrkje.)

Portalen frå kyrkja er oppbevart på Universitetsmuseet i Bergen og er eit godt arbeid i tradisjonen frå Sogn og Valdres.[5]

Etter Bendixen skal det ha vore eit sakristi som skal ha vore stavbygt, men som ikkje er teke med i Bull si oppteikning av kyrkja.[6]

Kyrkja hadde fleire etterreformatoriske vindauge. I 1661-65 skulle det setjast inn eit nytt vindauge på sørsida i kyrkja med ark over, slik det var over dei andre vindauga.

I synfaringa frå 1686 er kyrkja summert opp som følgjer:

Aardals Kirche, Gammel Stafue bygning, lang 27 Alen breed 12 Alen, Chorit 9 Alen lang 8 Alen breed, med Sualer om och eet Gamel dags Thaarn, tagt med Spoen.

I det etterfølgjande oversynet over nødvendige utbetringa går det fram at tårnet var avslutta oppe med spir, og det er snakk om «Den Øfuerst Spitz» som over koparbeslaget skal utstyrast med jarnkross og hane slik det hadde vore før.[7]

Etter den siste felles synfaringa, i 1721, står dette om kyrkja:

Aardahls Kircke, Er een Stave Bøgning med Svaler Runden om og eet Taarn frå Grunden opbygt, tægt med Bord, Indvendig mahlet, og ellers Velholden, Coret er 9 allen i Kandt, Kirchens Lengde foruden Svalerne er 27 al. Lang og Breden 12 allen.

Interiør

Bendixen skriv følgjande om interiørmålinga:

Den dekorative bemaling av den halvrunde himling må ha vært av adskillig virkning. I midten av hvelvingen snoet sig slangen med eplet i munnen og rundt om grupperte sig en rekke, vesentlig kvinnelige figurer, En, som var klædd i fiolette og matt røde klær, bøiet sig over slangen og stirret ned på eplet. Alt er holdt i lyse, blålige farvetoner. [8]

Inventar

Stavkyrkja tykkjest å ha vore rik på inventar.

Det går fram av synfaringa i 1661-65 at kyrkja hadde ein «funt» eller fontehus for dåpshandlinga. Det skulle då leggjast nytt golv i fonten.[9]

I 1686 hadde kyrkja følgjande inventar:

Kalk og disk av sølv på 40 Lod, 2 gode, drevne massingstakar, enno ein massingstake med tre piper, eit tørkle over kalk og disk, god messehakel og messeserk, ny salmebok og altarbok, nytt bekken i fundten med ein linhandduk, ein fattigpung med klokke, ei måteleg klokke i tårnet og i handklokke i kyrkja, ei lyssaks.[10]

Samstundes laut det byggjast nokre nye stolar eller benker nede i kyrkja « i det Rumb Vnder taarnit som nu staar leddig», tre stolar på kvar side, men først måtte det leggjast eit nytt golv under.

Ein del av inventaret er oppbevart på Universitetsmuseet i Bergen. Det gjeld tre frontaler, daterte til 1300, 1325 og 1340, ein baldakin frå omkring 1250, og kyrkjedør og skåp frå 1200-talet. Museet har også to runnepinnar frå Årdal kyrkje.

Baldakinen har framstillingar av Kristus på krossen, Maria med barnet, St. Georg i kamp med draken, St. Peter med nøkkelen og Paulus med sverd. Bendixen skriv at baldakinen hang over altaret og var om lag 2 m brei og 1,62 m lang med maleri i limfarge på krittgrunn frå sein mellomalder. Bendixen nemner også ein annan baldakin: «I korets nordvestre hjørne stod den såkalte bispestol med armlener, dør og et baldakinartet tak.»

I altaret, som var mura av stein, var det eit holrom med fem gjenstandar, Ein frontale var festa til framsida av altaret, og liknande tavler på kortsidene av altaret. Bendixen tenkjer seg at dei to på sidene tidlegare har høyrt til sidealtar og tidlegare er blitt flytta til hovudaltaret. Hovudfrontalet framstiller St. Botolf, og dette skulle bety at kyrkja har vore vigsla til han.[11]

På museet finst også ei etterreformatorisk altartavle og ein preikestol frå Årdal.

Bendixen nemner ein fast konestol rett innafor hovuddøra. Her sat konene, skriv han, før dei gjekk rundt altaret. Dette kan ha vore det gamle fontehuset.

Mellom koret og skipet var det ein vegg av søyler og sprinkelverk og i midten ei dobbeldør. Som først vart opna når gudstenesta tok til.[12]

Graver

Under kyrkjegolvet stod det etter Bendixen ei rekkje likkister samla i ein kjellar som gjekk frå inngangen til koret og der botnen og sidene var kledde med bord.[13] Bendixen fortel eit segn om ei brur som døydde framfor altaret og som vart gravlagt under golvet. Ved utgravinga fann dei liket til ei ung brur i full drakt under altarringen. Sameleis gjev han att ei segn om at arbeidarane ved kopargruvene i Årdal hadde teke på seg å flytta tårnet frå Støpulhaugen og inntil vestenden av kyrkja mot at dei skulle verta gravlagde under tårnet. Dette tyktest stadfest ved at det vart funne graver under tårnet ved nedtakinga.[14]

Kyrkja frå 1867

Bygningen

Årdal kyrkje er ei langkyrkje i bindingsverk teikna av arkitekt Chr. Christie etter inspirasjon frå stavkyrkjearkitekturen og tysk arkitekt-literatur (Vis til JCE, Borgund). Kyrkja vart, tilliks med andre Christie-kyrkjer i Sogn, prefabrikert hjå bygningsmeistar i Christiania og frakta rundt kysten til Sogn. Ho er oppsett like ved tomten til den gamle stavkyrkja, og vart oppført av tømmermeistrane Agte og Gade.[15] Kyrkja har 535 sitjeplassar.

Bendixen går inn på det romanske skåpet som er på Museet og beskriv fargar som no er mindre tydlege.[16]

Kyrkja er ei langkyrkje med smalare kor, eit smalt firkanta tårn i vest og apside i aust. Både kor og skip har omgang og opphøgde midtrom med store vindauge i midtromsveggene.

Sidetilbygg til koret ligg inntil omgangen i koret og apsiden stikk ut frå omgangsveggen mot aust.

Vegger

Bindingsverket i veggene er kledd innvendes med ståande panel med staff på begge sider og med varierande breidde på panelborda. Panelen er måla engelsk raud med raudbrunt listverk utvendes.

Kyrkja har ubrotne omgangsvegger medan midtromsveggene både i skip og kor har store vindauge. Skipet er inndelt i fem fag i lengderetning, i tillegg til omgangane i aust og vest. I omgangsveggene er faga markerte utvendes med flate bord, i midtromsnivå med midtromsstolpar frå golv til tak. Midtromsstolpane korresponderer med innkledde stolpar i omgangsveggene og er samanbundne med desse med skråband eller strebeband som er feste med overliggjande, sjølvvaksne kne til midtromsstolpane og vidare med sperrer under omgangstaket. I lengderetning er det sett inn to skråstøtter i kvart fag frå midtromsstolpane opp mot bjelken under midtromsveggen. Støttene er fasa og konturerte og dannar ein slak kløverbladboge i kvart fag.

Veggene i kyrkja er avstiva på tvers av fire strekkfiskar av jarn. Midtromsveggene i skip og kor kviler på langsgåande bjelke felt inn i dei doble mellomstolpane og har ei gjennomgåande låg brystning under eitt vindauge i kvart fag. I aust går også midtromsveggen ned i eit felt mellom hjørnestolpane for midtrommet og den høge, gavlforma opninga for apsiden. Desse felta markerer skilje mellom midtrom og omgang. Omgangen vert m.a. brukt ved ofring på altaret. Veggen i apsiden er femkanta.

Sentralt vest i kyrkja skjer tårnet med underbygg seg dels inn i omgangen og dannar våpenhus med trapperom på kvar side. Korets siderom har trekanta avslutting ut mot nord / sør.

Dører

Kyrkja har hovudinngang i vest med fløydør inn til våpenhuset og fløydør mellom våpenhuset og skipet. Aust i kyrkja er det inngangar frå nord og sør til ein liten gang med dører til sideomgangane og til siderom til koret. I samband med rullestolrampe som er lagt opp etter nordveggen, vart det teke ut ei dør lengst aust i skipet. Mellom orgelgangen og galleriet er det ei sekundær faldedør.

Inngangsdøra vest i tårnet har fire fyllingar i ramme, ei oppe, ei nede og to ståande mellom desse. Over døra er det overlys med fire ruter vertikalt samanstilte og med kløverboga avdekking. Inngangen er dekt av eit lite saltak. Dørene elles i kyrkja har 2x2 høge fyllingar i ramme. Geriktene i overkant har ¾ staff etter nedsida. Dei breiare sidegeriktene har fas i mest full høgd og er avslutta over toppgerikten med sveifa kløverform. Ved dei tre inngangane er det trapper av hoggen granitt, ved hovudinngangen med smijarns rekkverk.

Korskiljet

Korgolvet ligg tre steg over golvet i skipet og strekkjer seg fram til dei austre midtromsstolpane i skipet med trapp til midtrommet i skipet og ned til omgangen på kvar side.

Mellom dei austre midtromsstolpane i skipet og dei vestre midtromsstolpane i koret som alle fire ligg i korskiljenivå, er det ei kort, låg brystning på begge sider av trappa. På sørsida går oppgangen til preikestolen over brystninga.

Midtrommet i koret opnar seg i full breidde mot skipet, berre brote av konstruktive element, eit sperrepar med kryssande undersperrer og ein bindbjelke, i tillegg til ein strekkfiskav jarn.

Vindauge

Dei store vindauga i kyrkja ligg i midtromsveggene og kyrkjerommet vert såleis opplyst ovafrå. I skipet er det fem trerams vindauge på kvar side, eitt i kvart fag, i koret to.

Kvar ramme er delt med sprosser i tre x to ruter som vert dekte oppe av ei sjuande rute der midtsprossa endar i trepassform.

Sekundært er det sett inn ekstrarammer innvendes, todelte med horisontal sprosse.

Geriktene er som på dørene med staff i underkant på overliggjaren og med fas og oppstikkande ornament på sidegeriktene. Postane mellom rammene har sveifa kontur innvendes.

I begge gavlane i skipet er det sett inn mindre, rektangulære vindauge. Dei sju vindauga i aust har glasmåleri. Gavlen i koret har eit firpassforma glasmåleri i rombeforma ramme (sjå nedafor under interiør). I vest er glasa delte i to med horosontal sprosse. Vest i omgangane i skipet er det små vindauge, tre på kvar side, med trekløverforma lysopning med v-forma sprosse i firkanta ramme. Korets siderom har vindauge i endevegene mot nord og sør.

På gallerigangen er det ei firpassforma rute i kvadratisk ramme i vestveggen, over dette er det i tårnet eit høgt, smalt vindauge inndelt med sprosser. Trapperomma har små spissboga, todelte vindauge, eitt på kvar side.

Golv og fundament

Heile kyrkja har bordgolv. I koret er borda lagde på tvers av lengderetninga, elles på langs. Golvet i koret ligg tre steg høgre enn golvet i skipet, med same høgd i altarringen. Borda er lyse og lakka og golvet er venteleg av nyare dato.

Kyrkja har fundament av tukta granitt med sementfuger og med eit påstøypt topplag av sement. Muren har ventilar til kryperom under golvet.

Tak

Det er saltak over dei opphøgde midtromma, eitt over skipet og eit mindre over koret. Over omgangane er det pulttak og sideromma ved koret og apsiden har har korte saltak avslutta med tredelt valming. Over trapperomma er det telttak med to flater.

Saltaka over skip, kor og apsis har gjennombroten mønekam og møna i aust er merkte med krossar på dei to hovudtaka og med spir på apsidetaket. Alle tak er tekte med rektangulære lappheller.

Takkonstruksjonen er open ned i kyrkjerommet og går saman med stolpekonstruksjonen i kyrkja elles (sjå under vegger) i det den same inndelinga i fag også er gjennomført i taket. Som nemnt går sperrer for omgangens pulttak opp mot motleggsbjelken for midtromsveggen. Dei doble midtromsstolpane går opp til raftehøgd der dei saman med langsgåande raftestokkar utgjer fundament for sperrene. Mellom vindauge er det festa doble undersperrer som går parallelt med sperrene som tang om bindbjelke og hanebjelke. Bjelkane er dels laska saman på halv ved, dels sikra med skrue og mutter.

Takstolane i koret, to i tillegg til gavlen, er enklare. I korskiljet har sperrebandet enkle, saksa undersperrer og bindbjelke. Sperrebandet mellom dei to faga har sperrer, bindbjelke og hanebjelke. Bjelkane har fasa hjørne med unntak av i endane.

Himlingar

Skip og kor med omgangar har himlingar av ståande staffpanel som følgjer takflatene.

Tårn

Arkitekt Chr. Christie skal ha hatt ynskje om å byggja ein separat tårnstøpul på grunn av dei sterke vindane på staden, men kyrkja fekk i staden eit smalt tårn som er godt intergrert i bygningen. Tårnet er kvadratisk i flata med trapperom i to høgder på sidene. Desse trappene fører opp til orgelgang i andre høgd. Oppgangen vidare går via bratte trapper opp til klokkestova i fjerde høgd. Bindingsverket i tårnet har ytre og indre kledning av staffpanel i våpenhus og på gallerigang, i dei to øvste nivåa står veggene utan indre kledning. Veggene har mellomstolpar i sør og nord, elles høge skråkrossar. Utvendes er veggene i øvre del prydde med sveifa hjørnekonsollar, eit horisontalt band og ein bogefrise med kløverbladforma bogar og små bakanforliggjande lydluker i klokkerommet. Det er også lagt eit horisontalt band om tårnet over trappehustaka.

Tårnet har dobbel konstruksjon i dei to øvste høgdene i det det her er sett inn ein indre konstruksjon med eigne hjørnestolpar avstiva ved høge andreaskrossar og sjølvvaksne kne ved bjelkerammene, festa med skrue og mutter. Denne indre konstruksjonen ber klokkene. Hjørnestolpane i konstruksjonen kviler på tjukke, tverrgåande bjelkar på ramme over andre høgd.

Over den øvste ramma i tårnet ligg eit kryssband som ber kongen i hjelmen og der dei fire små arkane øvst på tårnet møtest. Hjørna mellom arkane har sperrer som kviler ytst på kryssbandet. I annakvar takflate er det eit lite vindauge med fire ruter.

Taka over dei fire arkane har mønekammar og gavlkrossar og er dekte med lappheller som taka elles. Sentralt på taket er festa eit firkanta spir med høg pyramideforma hjelm avslutta med kule og kross. Tårnet har to vindauge mot vest over våpenhuset, eitt lite kvadratisk vindauge på gallerigangen, og eit høgt, smalt med kløverboge over dette. Over vindauget har kyrkja eit ur.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Altaret står i skiljet mellom korets midtrom og omgang framfor apsiden, med altartavle over bakre del og med vid altarring framfor. Ved veggene i koromgangen står to benker og to stolar. Døypefonten er plassert nord i koret og lesepulten i sør. Preikestolen er i søraustre hjørne av skipets midtrom med oppgang frå koret. Skipet har midtgang, smale sidegangar og benker på begge sider. Benkene går heilt bak i rommet men ved andre midtromsstolpe frå aust er det truleg teke bort ein benk på kvar side. Piano ved korskiljebrystninga på nordsida (i skipet) Orgelgalleri vest i midtrommet i skipet har orgel sentralt.

Kyrkja har elektrisk lys og vert oppvarma med røyromnar under benkene.

Interiøret er i store trekk bevart slik det vart forma då kyrkja var ny.

Fargar

Då Bendixen var i kyrkja kring 1900, var veggene gule med brunlege stolpar og anna bjelkeverk.

Veggene er no bleikgule og dei konstruktive elementa lyst grå med mørkare grå fasar. Himlingane er kvitmåla. Benkene er lyst grågrøne, dei har tidlegare hatt ein djupare grønfarge. Golvet er lys furu, lakka.

Glasmåleri

Vindauga i austgavlen i skipet har sju lansettforma glasmåleri. To av dei, nedst på kvar side, har vekstornament, dei to neste på begge sider viser evangelistsymbola med evangelistens namn på skriftband, i vindauget øvst i gavlen er ei framstilling av Jesus med kvit kjortel og nimbus og med krossen over venstre skulder. Vindauga vart innsette i 1937-38.[17]

Glasmåleriet i austgavlen i koret er firpassforma med vekstmotiv, fire knoppar som går ut frå eit diagonalstilt kryss.

Inventar

Altar

Det første altaret hadde felt med spisse kløverbladsbogar.[18] Altaret er teikna av Dagfinn Werenskjold og vart montert i kyrkja i samband med 80-årshøgtida i 1947.[19] Det er kasseforma og har rammekonstruksjon med utskorne og måla fyllingar og medaljongar. På framsida i ein mandorla står den unge Kristus i stråleglans i ein blomebukett. To gule fuglar (duer?) står på strålane. I to felt på kvar side framme og på begge kortsider er det skore ut runde medaljongar med blomemotiv. Altaret har hjørnestolpar på soklar. Hjørnestolpane har liljeornament forma som gotisk masverk. Altaret er 109 cm høgt, 252 cm breitt og 105 cm djupt.

Altarkrusifiks

Frå kyrkja var ny, var eit altarkrusifiks festa til baksida av altaret. (Sjå nedafor under skulptur)

Altarskåp

Altarskåpet er også utført av Dagfin Werenskiold og vart vigsla i 1935, 11. oktober. Arbeidet vart betalt av pengar frå eit fond oppretta av sorenskrivar Henrik Spangelo 9. august 1926.[20]

Skåpet kviler på ein uttrappa sokkel og er forma som dei seinmellomalderske altarskåpa med korpus og to hengsla fløyer. I korpus er ei framstilling av Krossfestinga med Maria og Johannes og med måla englar i sviklane over den spissboga ramma. Korpus er krona med eselryggboge og på denne tronar Kristus med armane opna mot kyrkjelyden og med stråleglans om hovudet.

Fløyene er på seingotisk vis delte inn i mindre scener, tre på kvar side, alle krynte med gotiserande masverk. Scenene følgjer lidingssoga frå Getsemane og frametter, medan dei to nedste på høgre side viser Gravlegginga og Oppstoda.

Altarring

Altarringen er, som apsiden, femkanta i det hjørna er brotne. Han fyller breidda i korets midtrom og har opning gjennom midtromsveggen på kvar side av altaret. Ringen har flat handlist, rundboga rekkverk med kanelerte pilarar og flat, stoppa og skinntrekt kneleskammel. Måla i grått og kvitt med staffering i gull.

Døypefont

Døypefonten har flat, profilert kum og står på tre kanelerte pilarar med rundboge til kvar av dei tre siden. Tredelt profilert fot som går radiært ut frå sentrum. Grå med kvite pilarar og gull staffasje.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fem sider og er open i korskiljenivå mot aust. Stolen har handlist med profilerte lister i underkant og med eit smalt hengebord med kløverbladformer. I storfelta har dei tre fremste faga spissboga fyllingar med kløverbladform, dei to austre faga har enkel staffpanel. Hjørna mellom faga er markerte med sveifa, tverrstilte bord. Nede er faga avslutta med skrå bord og hengeplate med gjennombroten dekor med gotiserande krossformer. Skaft og fot går i eitt og er forma av radiert stilte sveifa bord. Stolen er måla grå i to nyansar og kvit med raud staffasje og fyllingane har jesusmonogram med i-en som kross.

Lesepult

Lesepulten vart laga og gjeven av Gunnar Hæreid 1982.[21] Han er tilpassa det liturgiske inventaret i kyrkja med kannelert skaft, tredelt, profilert fot og er måla i grått og kvitt med gull staffasje.

Benker

Kyrkja har opne benker med rette vangar som går opp i kløverform ved ryggstøtta og fram som armlene ved setet. Nede på vangen gjennombroten firpass. Benkene har berre ei ryggstøtte og denne har hylle for salmebøker på ryggsida. Setefjøla er lagt opp i vangar på begge sider og kviler på ekstra støtte under midten. Fotstøtte bak ved golvet. Gråmåla.

Galleri

Vestgalleriet fyller vestre del av skipets midtrom og har eit sentralt framspring over midtgangen. Det er støtta av fire stolpar under galleribjelken. Frå toppen av desse går det bjelkar på skrå opp til vestveggen og golvbjelkane for gallerigolvet kviler på desse bjelkane. Framspringet kviler på kne frå dei to sentrale stolpane. Gallerifronten er enkel med ståande staffpanel med listverk i over- og underkant. Galleriet har avtrappa golv, himlinga under galleriet er også avtrappa. Måla i to gråfargar.

Skulptur

Som altartavle hadde kyrkja tidlegare eit krusifiks skore av Brynjulf Bergslien.[22] Det var ein høg kross med tilspissa armar og måla stenglar på tre sider kring Kristi hovud på rund plate.[23] Krusifikset heng no på sørsida av austveggen i skipet. Krusifikset er eitt av tre som vart skorne til kyrkjene i Borgund i Lærdal, på Stedje i Sogndal og til Årdal kyrkje. Dei er alle av gotiserande form og i store trekk like. Jesus er framstilt med tornekrone og hovudet bøygd mot hans høgre side. Armane er lett boga og kroppen heng i lett kontraposto-stilling der høgre fotblad er lagt over det venstre og festa med ein nagle. Høgre handa viser signingsgest.

På altaret står no ein liten altarkross i massing. Krossen vart gjeven av Anna Hæreid Midtun i 1964.[24]

Måleri

Portrett av prestefrua Elise Martine Østvold, fødd Bjuverød. På skilt på ramma står det at måleriet er Bekostet af Aardals Menighed 1872. Fru Østvold er framstilt sitjande vend i ¾ stilling mot høgre i biletet. Ho er kledd i svart kjole med vidt skjørt og tett tilknappa overdel med todelt knipling i halsen. Gråbrun bakgrunn. Blikket er vendt rett fram og håret er sett opp med fletter lagde rundt hovudet, og ligg i naturleg fald over øyrene og i panna. Bleik karnasjon. Usignert. Lysmål: høgde 48,5 cm, breidde 37,7 cm.

Tavler

Nummertavlene er enkle med eit skore toppfelt med eselryggboge fylt med spissbogar og ornament. Kvitt, grått og gull.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altardukar

Om altardukane står følgjande i oversynet over gåver til kyrkja:

Den fyrste altarduken vi kjenner til vart laga like etter århundreskiftet. Budeiene på stølane (Kletta) sydde denne. Duken gjekk på omgang og alle sydde litt kvar. Okt. 1935 gav Olina Hamre ein altarduk som ho sjølv hadde sydd (Til innviiinga [av altarskåpet]). Til hundreårsjubileet i 1967 gav Husmorlaget ny altarduk. Denne er av lin, sydd i Hardangersaum av Kristine Grøteig. Til konfirmasjonen i 1982 fekk kyrkja endå ein ny duk i Hardangersaum. Denne er laga og gjeven av Ragnhild Hansen. 01.01.2000. Ny altarduk sydd av Ingfrid Clausen etter mønster av den gamle som Olina Hamre gav i 1935.[25]

Etter 1935 har altardukane vore forma etter altartavlas sokkel, dei har eit 47 cm djupt og 150 cm breitt hakk inn sentralt i bakkant. På grunn av altarets kunstverdi har dei fleste dukane også berre dekt bordplata og ikkje hange ned frå bordkanten.

a) Ein eldre slitt duk i lin har tagga kant og krossar og kalkar vekselvis i ei 17 cm brei hardangersaums-bord.

b) Ein duk i aidastoff har ei 27 cm brei bord i hardangersaum med latinske krossar i romber og blomemotiv i nedre sviklar.

c) Duken som vert brukt i dag er i aidastoff og har ei 26 cm brei hardangersaumsbord sydd med perlegarn. Motivet er latinske krossar i romber.

Messehaklar

a) Messehakel av lyst vinraud fløyel. 1846. Hakelen har vid, rett form, mest kvadratisk og er kanta med smalt gullband. Det same bandet dannar kant rundt ein applikert, kvit kross på ryggsida. Bandet formar også skriftband med bokstavane INRI på krossen. Under krossen er årstalet 1846 skrive, også med gullband. Ryggsida har små falder mot halsen og forsida. Festa med tre små hekter på høgre skulder. Fôr av blågrå silkelerret. Høgde 121 og 95, vidde 97 og 83 cm.

b) Djupraud fløyels messehakel. Tidleg 1900-tal. Nyare fôr av gult lerret, stoffet på skuldrene er også fornya. Hakelen har smal rettsida form, har tre hekter på venstre skulder og er kanta med gullband. Ryggsida har kross av dobbellagt band. Høgde 101 cm, vidde 60 cm.

c) Grøn og kvit messehakel, Den Norske Husflidsforening, 1958, gåve frå Årdal kommune.[26] Rettsida form. Hakelen er voven i dobbelvev i grøn ull og halvbleika lin og kan vendast. Tre hekter på venstre skulder. I botnen utafor kross på ryggsida og stolpe på forsida er det vove inn heraldisk liljemotiv. Krossen har ein likearma kross i krossmidten og evangelistsymbol og vekstmotiv på krossarmane. Stolpen har treeiningssymbol (tre ringar), sigerslam, korg med brød og fisk og vekstmotiv. 105/100 cm høg og 63 cm vid.

d) Fiolett, rettsida messehakel, merkt Den Norske Husflidsforening, Oslo. Hovudstoff i grovt linstoff i ulikt filolettfarga trådar. Fôr av grått lerret. Festa med tre hekter på venstre skulder. Ryggsida har applikert og brodert kross med strålekrans i grått og raudt. Forsida har alfa og omega i leggsaum med gulltråd omgitt av sigerskrans med flammande hjarte. Høgde 100 cm og 106 cm, vidde ved skuldrene 64 cm.

Fiolett stola, merkt Rigmor Bové, Kirkelig kulturverksted AS. Fiolett fløyel med applikasjon av andre stoff i brysthøgd og nede. Fôr av lysare fiolett bomullslerret. Symbol på begge sider i brysthøgd: likearma kross. Brodert kross i nakken. 9-12 cm brei.

e) Kvit messehakel. Tone Moe 1995. Hakelen er i vid, runda form. Hovudstoffet er i villsilke, fôret er også i villsilke i ein tynnare kvalitet. Motivet på forsida er ein todelt stolpe som vidar seg ut mot sidene av halsopninga. Mellom stolpane i brysthøgd er applikert eit gullfarga treeiningssymbol. Dette og stolpen er kanta av smal gullsnor. Stolpen og rommet mellom er måla direkte på silken. Ryggsida har tilsvarande todelt stolpe med likearma kross og drueklase i midtfeltet og bladranke på stolpane. Høgde: 116 cm, vidde 115 cm.

Tilhøyrande stola i same stoff, med avgrensa felt som skrår ned innover på kvar side Symbol i brysthøgd: Kristogram som Chi og jota til venstre og likearma kross til høgre, begge omkransa av bladverk. Likearma kross i nakken.12 cm brei.

f) Grøn messehakel, Tone Moe 1995. Hakelen har vid, runda form. Hovudstoff i klar grøn toskafts silke. Fôr av tynnare, lyst grøn silke. Stolpe som på kvit messehakel med ein avgrensa stolpe på kvar side som går opp på sida av halsen og eit midtfelt. Stolpen er på kvit og lyst grøn silke med grøne og gule måla motiv og med gullfarga (eller lyst brunt) treeiningssymbol på forida og to fiskar og ei korg med fem brød på ryggsida. 117 cm høg, 113 cm vid.

Tilhøyrande stola. Motiv på venstre stolpe: Kristogram som chi og rho til venstre og drueklase til høgre, begge i bladranker. Likearma kross i nakken . 11,5 cm brei.

g) Raud messehakel, Tone Moe 1995. Vid, runda form. Glidelås på venstre skulder. Hovudstoffet er i klar raud toskafts silke med eit tynnare og mørkare fôr. Stolpe som på dei andre Sidestolpane er i gul silke som dels er måla med bleikraudt i palmebladformer. Sentralt er det brukt ein bleikraud silke med måla, avgrensa flammar og med treeiningssymbol (trekant) applikert på forsida. Ryggsida har ei nedovervend due i kvit silke avgrensa med gulltråd. 114 cm høg, 116 cm vid. Tilhøyrande raud stola, Tone Moe. Raudt toskafts silkestoff med inn og nedskrådde innfelte felt av gulmåla kvit silke. Fôr av mørkare raud silke. På venstre sida treeiningssymbol (tre sirkelsegment) på høgre sida krone og måla palmegrein. Likearma kross i nakken. Breidde 12 cm.

Antependier til preikestol og lesepult

Tone Moe har også levert antependier til preikestol og lesepult i fargane raudt, kvitt og grønt.[27]

Gravferdskappe frå Nordvind.

Lysstell

Teksten under lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

a) Klokke med oppheng med midtboge og seks kanta hankar, svakt runda kroneplate som svingar ned mot runda hue over rett hals, utskrådd korpus og nedskrådd slagring som knekker skrått opp innvendes. Klokka har tre horisontale, ujamne skøytar, over og under halsen og midt på korpus. På halsen innskrift med versalar: KLOKEN KALDER KOM! KOM! KOM! OG HØR GUDS ORD UDEN DETTE ORD ER VERDEN EN JAMMERDAL, HVOR KUN UFREDEN BOR MAI 1894. Diameter 79 cm. Høgde 78 cm med krone, 62 utan.

b) Klokke med oppheng med midtboge og seks kanta bogar, runda kroneplate knekker ned mot skrå hue som endar i staff over rett hals avslutta med staff. Korpus er rett i øvre del, men svingar ut nede mot staff over nedbøygd slagring. Innskrift på ei side: LAXEVAAGS VÆRK BERGEN, på den andre: LYDT TIL MIN KLANG! / JEG KALDER DIG / FRA LIVETS KAMP TIL HIMMERIG, / GUD TIL ÆRE LOV OG PRIS. / AAR 1871. Diameter 67 cm, høgde 68 cm med krone, 56 utan.

Orgel og andre instrument

Orgel

Det fyrste orgelet var i bruk frå 1914 – 1978. Det var frå Olsen & Jørgensen og hadde 7 stemmer og to transmisjonar fordelte på eitt manual og pedal.[28]

Orgelet som no står i kyrkja er produsert av Vestlandske Orgelfabrikk Det har 16 stemmer.[29] Orgelet vart teke i bruk i juni 1978, og innvigd 18. mars 1979.[30] Fasaden er tredelt med sidetårn og brystverk over svellverk. Formene er enkle og glatte i ei symetrisk oppbygging med skrådde avsluttingar utan ekstra dekorelement. Fasaden er måla i to grå nyansar. Tårn og brystverk har synlege metallpiper i heile opninga. Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:


Hovudverk Brystverk Pedal
Prestant 4’

Sesquialter 2 fag

Trompet 8’

Spillfløyte 4’

Spisskvint 1 1/3’

Krummhorn 8’

Principal 8’

Dulcian 16’

Rørfløyte 8’

Valdfløyte 2’

Mixtur 3 fag

Gedacht 8’

Principal 2’

Cymbel 2-3 fag

Subbass 16’

Suavial 4’



Piano, F. Hellstrøm, 1987.

Bøker

Kyrkjeritulal. Dannemarkes og Norges Kyrkje-Ritual, Chr. 1825.
Salmebok. M. B. Landstads Kirkesalmebog og ”Nokre Salmar” ved Professor Dr. E. Blix. Kra. 1896.

Møblar

Stolar

Kyrkja har åtte stolar, to av dei karmstolar, som er plasserte i korområdet. Stolane har H-kryss, kanelerte forbein, svungen framsarg og kanelerte ryggstolpar. Toppfeltet i ryggen er boga og det er skore inn eit solmotiv over ryggbrettet som kviler på svungen sprosse. Sete og ryggbrett er stoppa og trekt med skinn. Stolane er tilpassa interiøret i kyrkja også i fargane. Dei er kvite og grå med gull staffering.

Offerutstyr

Offerskål laga og gjeven av Gunnar Hæreid, 1982. Lagga kar i tre med rankeskurd og bølja standkant.

Kyrkjebøsse laga i 1986 av Gunnar Hæreid etter oppdrag frå soknerådet. Måla av Flæte.[31] Bøssa er ikkje registrert i samband med dokumentasjonsarbeidet.

Blomstervasar

a) To store sølv blomstervasar med vid konisk korpus på kort rilla skaft over utsvinga fot. Stempel 830 S og kalk i oval. Høgde 28 cm, diameter oppe 14,5 cm.

b) Liten blomstervase i sølv med høg, traktforma hals, kalkforma korpus og utsvinga fot. Innskrift på foten: TIL MINNE OM MARIE MASTREHAUG F. 24 – 6 – 1869 + 12 – 1 – 1963 FRÅ BORNI I AMERIKA. Stempel 830 S, Lo, nr. 50. Høgde 18,8 cm diameter fot 8,2 cm.

Diverse

Tårnur 1966, gåve frå Erik Brekken til minne om sonen Tomas. Brurestolar. Blomstersøyler.

Prosesjonskross 2000 av epletre og bjørk, laga og gjeven av Einar Ellingsen. Veggteppe 2004, gåve frå Unni Ståstad. To teppe, eitt med julemotiv og eitt med påskemotiv.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden er gjennom åra blitt utvida mykje mot aust og nord. Den eldste delen ligg på vestsida av kyrkja, og på begge langsidene. Det er to portar inn til kyrkjegarden, begge frå vegen og parkeringsplassen sør for kyrkja. Inngangen i vest er den eldste og den som fører inn til hovudinngangen i kyrkja, medan den austre fører inn til kyrkjegardsutvidinga. Hovudporten er av smijarn med kannelerte, koniske portstolpar avslutta med spir. Porten svingar ned i boge mot midten og har ulike dekorelement som stjerner, blad og andreaskrossar.

Gravminne

Ei mellomaldersk gravplate, Dagfinnsteinen, er reist innafor hovudporten til kyrkjegarden. Steinen vart funnen i samband med at stavkyrkja vart revi. Innskrifta på steinen er tolka slik:
Her kviler presten Dagfinn som her heldt messe. Han døydde Botolvsefta. Bed eit Fadervår for sjeli hans.
Dagfinn er nemnd som prest i Årdal i 1323 og 1324.[32]

Frå nyare tid er berre ein prest gravlagd på kyrkjegarden, sogneprest Samuel Sandved (1852 – 1908). Minnesteinen står i sørvestre hjørne av kyrkjegarden og er ein høg granittstein avslutta oppe med kross i marmor. På bogen over innskriftsplata Thorvaldsens ”Natten”.

Ein høg, smal stein har følgjande innskrift:
Minne um den gjæve løytnant H.S. Lem. Fyrste mann paa skansen. Riddar av Dannebrog.

På sørsida like utafor porten er det laga ein liten park med bauta i granitt. Bautaen er i tukta stein i rektangulær form og har ei slipt innskriftsplate på forsida. Her er følgjande innskrift med versalar:
Minne um dei aardøler som stridde for Noreg 1807 – 1814. reist 17 mai 1914. Og gjev det aldri maa verta sagt at landet ligg utan vardevakt.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Sør for kyrkja, i grensa med kyrkjegarden, ligg eit større reiskapshus. Dette er i kommunen si eige, men kyrkja nyttar sanitæranlegget i huset som ligg vend mot kyrkjegarden.

Kjelder

Utrykte kjelder

Synfaring 1661-65, Riksarkivet, Rentekammeret, Rekneskapar, A.d. Bergens stift, 46. Synfaring 1661-1665, Sogn
Synfaring 1686, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, boks 1725, legg 3, Synfaring 1686, Sogn
Synfaring 1709, Riksarkivet, Rentekammeret, Realistisk ordna avdeling, pk. 3, Synfaring 1709, Sogn
Synfaring 1721, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, nr. 1719, legg 3, Sogn
Bendixen, B.E., Manuskript: Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, avskrift
Gåver til Årdal kyrkje, katalog i kyrkja
Kyrkjebyggdatabasen, KA

Trykte kjelder

Heiberg, G. F., Sogns Kirker i Fortid og Nutid, serprent av Tidsskrift for Historielaget for Sogn 1970 nr. 23, Leikanger 1970
Krossen, D. (red.), Bygdebok for Årdal, Årdal 1978
Hæreid, T., ”Kristenliv”, i Krossen 1978, s. 829-846

Oppmålingsteikningar og foto

G.A. Bull: Oppmålingsteikning, Antikvarisk Arkiv, Riksantikvaren

Bilete


  1. DN 12, nr. 98
  2. Bendixens manus
  3. Bendixens manus
  4. Bendixens manus
  5. E.B. Hohler har dokumentert portalen, Referanse.
  6. Bendixens manus
  7. Synfaring 1661-65
  8. Bendixens manus
  9. Synfaring 1661-65
  10. Synfaring 1686
  11. Nærare beskriving av frontalene av Bendixen finst i Bergens museums årbok1889, nr 2 og 1892, nr 9 og fleire stader
  12. Bendixens manus.
  13. Bendixens manus
  14. Bendixens manus
  15. Tomas Hæreid i Krossen 1978, s. 833
  16. Bendixens manus. Hanviser til Bergens Museums Årb. 1890, nr. 4
  17. Gåver …
  18. Bendixens manus
  19. Gåver til Årdal kyrkje
  20. Gåver til Årdal kyrkje
  21. Gåver til Årdal kyrkje
  22. Heiberg, Kirkene i Sogn
  23. Bendixens manus
  24. Gåver til Årdal kyrkje
  25. Gåver til Årdal kyrkje
  26. Gåver til Årdal kyrkje
  27. Gåver til Årdal kyrkje
  28. Kolnes 1993, s. 372
  29. Kolnes 1993, s. 372
  30. Gåvr til Årdal kyrkje
  31. Gåver til Årdal kyrkje
  32. Opplysningane er tekne frå eit informasjonsskilt ved steinen.