Bjoa kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Bjoa kyrkje
FylkeRogaland fylke
KommuneVindafjord kommune
ProstiNordre Ryfylke
BispedømmeStavanger bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater59.664970,5.644381
FellesrådVindafjord kyrkjelege fellesråd
Kirke-id121400201
Soknekatalognr04030202
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Anne Marta Hoff


I Munch si utgåve av Bergen Kalvskinn frå1843 er namnet Bjode tolka som Bjoa. Dette er det einaste skriftlege grunnlaget for at det tidlegare skal ha stått eit kapell på Bjoa. Rygh går god for denne tolkinga (Rygg, s. 99). I den nyaste utgåva av av Bergens Kalvskinn (Hødnebø, 1989) finst ikkje namnet Bjode i registeret. Det tykkjest såleis å vera lite skriftleg grunnlag for å seia noko om eit tidlegare kapell i Bjoa. Det har vore forsøkt å påvisa staden der ei tidlegare kyrkje skal ha lege, Rygh plasserer kapellet på gnr. 54 bnr. 45 der Bjoa kyrkje ligg no, medan andre har forsøkt å påvisa kyrkjetufta på garden Eikjehaugen, gnr. 55 bnr. 4. Ein har ikkje kunna visa til overtydande spor etter tidlegare kyrkje på Bjoa.

Bjoa kyrkje vart oppført i 1895 på garden Innbjoa på nedsida av riksvegen ned mot sjøen. Den gamle hovudvegen gjekk på austsida av kyrkja, ny veg vart laga vest for kyrkja på 1950-talet. Kyrkja har 284 sittjeplassar.

Innhold

Bygningen

Bjoa kyrkje er ei langkyrkje tømra opp i lafteplank med skip med rektangulær grunnplan, smalare rettavslutta kor og tilbygg til koret i aust. Saltak over skip og kor. Valma tak over kortilbygget. Inntil vestgavlen eit rett firkanta tårn dekt med inntrekt firkanta hjelm og spir. Langveggene i skipet har fire høge vindauge med trekantdekking, i koret eitt, breiare. Alle vegger er utvendes kledde med liggjande staffpanel avslutta nede ved vatnbord over pussa grunnmur. Takskjegget er underpanelt og har svakt profilerte stikksperrer. Trapp til dør aust i kortilbygget, trapp til inngangsdør med salforma overbygg vest i tårnet. Tidlegare var kyrkja måla lys grøn utvendes (Bendixen 1904, s. 263). No er ho kvit.

Vegger

Innvendes er tømmerveggene udekte både i skip og kor. Langveggene i skipet er oppdelte ved tre opplengjer mellom vindauga. Opplengjene korresponderer med tre par midtskipsstolpar. Veggene i koret har ikkje opplengjer.

Dører

Vestinngangen har tofløya fyllingsdører i tårn og skip. I kvar dør er det ei liggjande fylling oppe og ei nede med to ståande fyllingar mellom. Avfasa rammekantar. Dør i nord-austveggen i skipet. Kortilbygget har sentral gang med dør ut i aust og inn bak altaret i vest, til venterom for dåpsborn i nord og sakristi i sør.

Korskilje

Koret opnar seg i full breidde mot skipet. Opninga har nygotisk form frå kyrkja si oppføring med eit høgre og breiare midtfelt og smalare sidefelt skilde åt ved stolpar. Felta er rektangulære og utfylte med spissbogar. Sidefelta er utfylte nede med brystningar med to enkle fyllingar og med tannsnittfrise under handlista.

Vindauge

Skipet har torams vindauge med midtpost. Vindauga i skip og kor er overdekte med trekant. Horisontalt er det ytre vindauget delt ved tre liggjande sprosser. Vindauga har indre, sekundære rammer med katedralglas i blyinnfatta ruter, nokre av rutene svakt farga. Vindauga på nord- og sørsida i koret er større, vertikalt tredelte og dekte med trekant med sprosseinndeling. I midtfeltet er det felt inn farga småruter i bly som utgjer eit krossmotiv i orange og raudt på blålilla botn. I tårnet er det vindauge på vestsida i andre høgda og mot nord i tårnfoten og i tredje høgda. Lydgluggar i fjerde høgda. Mindre vindauge i austveggen i kortilbygget.

Tak

Kyrkja har sperretak over skip og kor. Taket over skipet har tre sperrefag i tillegg til gavlane. Sperrefaga har sperrer, saksesperrer, hanebjelkar og hengebjelkar forma som tenger av bord. Sperrene er lagde ned på toppen av midtskipsstolpane og kløfta ihop i mønet. Dei ber mønsås og fire-fem åsar på kvar side med over- og underliggjande bordtak i fallretning som underlag for ruteheller. I koret har takkonstruksjonen to tilsvarande sperrefag i tillegg til gavlane. Saltaka og taket over kortilbygget er kledde med ruteheller, tårnavdekking med hjelm kledd med lappheller.

Himling

Skipet har himling av tverrgåande staffpanel. Sideskipa har flat himling. Himlinga i midtskipet er opphøgd med rette knevegger som følgjer midtstolpane og gavlform som følgjer saksesperrene til krysset. Konstruktive takelement er dels synlege under himlinga. Himlinga i koret følgjer også takkonstruksjonen med nokre av konstruksjonselementa synlege under himlinga.

Tårn

Tårnet er i reisverk med fire kraftige gjennomgåande hjørnestolpar. På utsida av desse er det festa ei ramme for kvar av dei fire høgdene. Mellom rammene er konstruksjonen avstiva ved fire stolpar og to skråstivarar til kvar av dei tre frittståande sidene. To av stolpane bak hjørnestolpane og to i midten. Konstruksjonen i dei to nedre høgdene er innpanelt med ståande staffpanel og ikkje synleg. Det går trapper på nordsida i tårnet opp til tredje høgd.

Hjelmen har fire gratsperrer og to mellomsperrer på kvar av dei fire sidene. Hjelmen kviler på fire bindbjelkar på øvre ramme, festa med jarnband. Det firkanta skjørtet kviler på skråstøtter mellom ramma og hjelmkonstruksjonen. Midtmasta kviler på bindbjelke i nest øvste ramme, avstiva med tang med tverrstøtter over øvste ramma.

Golv

Golv av lakka bord i lengderetning. Golvet i koret ligg to steg over golvet i skipet og er kledd med teppe.

Interiør

Flyttberr døypefont sentralt i koret. Preikestol sørvest i koropninga, benkerekker på begge sider av midtgangen med passasje på sidene. Tverrgalleri med orgel og benker vest i skipet. Piano nord-aust i skipet. Kyrkja vart restaurert i 1967 etter forslag av arkitekt Sigurd Lie Olsen.

Fargar

Hovudfarge i interiøret var tidlegare "en egen lysrød farve" (Bendixen, 1904-1913, s. 263). Søylene var gulbrune med svarte kantar og stolane hadde "en slags chamois-farve". Ved restaureringa på sekstitalet fekk interiøret dei fargane det har idag med blått, grått, varmgrått og kvitt staffert med gull og brunraudt. Veggene er varmgrå. Synlege konstruksjonselement grå, vindaugsrammer kvite. Benkene i hovudsak blå, sameleis preikestol, lesepult, botn på altartavle m.m. Fyllingar er grå med brunraud fris. Glasmåleri i koret, sjå vindauge. Himlinga i midtskipet og i koret er kvit, i sideskipa og under galleriet gul. To parallelle løparar i grå-brun bouclé i midtgangen.

Inventar

Altar

Stort kasseforma altar kledd med ståande staffpanel. H. 108 og 127 cm, br. 246 cm, dj. 90 cm. Altaret er måla gråkvitt.

Altartavle

Nygotisk altartavle i ein etasje med fotstykke. Fotstykket har skriftfelt med flankerande søylepostament, hovudhøgda har spissboga biletfelt toppa av vimperg med kross og er flankert av pilastrar med nisjeforma midtstykke flankert av to slanke, framforstilte søyler. Pilastrane vert avslutta oppe som fialar. Fotstykket og hovudfelta har smale sidefelt utafor postament/pilastrar. Oppsatsen har fått same fargeutstyr som interiøret elles ved siste restaurering. Botnfargen er blå, postament og pilastrar grå. Staffasje i gull og blått.

I skriftfeltet er innskrifta fornya. Den gamle innskrifta kan sjåast gjennom målinga og har vore den same som den noverande: "Syndens Sold er Døden, men Guds Naadegave/ er et evigt Liv i Jesus Kristus vor Herre/ Rom. 6, 23." Skriftfeltet er grått med kvit skrift.

Måleriet i hovudfeltet er opphavleg, usignert, og framstiller Peter og Jesus på Genesaret sjø etter G. Richter. Nedst har det innskrifta "Herre, frels mig! Mat. 14,30". Jesus står på vatnet sentralt i biletet og fyller det meste av biletflata. Han har stråleglans om hovudet, kjortel og kappe som bak høgre skulder flagrar i vinden. Peter i det nedre venstre hjørnet står til livet i vatn og strekkjer seg opp mot Jesus. Båten med dei andre læresveinane kan skimtast i bakgrunnen. Jesus ser på Peter med mildt blikk og løfter venstre handa til signing medan han med høgre handa grip han om venstre underarmen til Peter. Peter grip rundt handleden til Jesus med venstrehanda, og strekkjer høgrehanda oppover. Hovudet i profil er bøygd rett bakover, det spisse skjegget rett framover. Jesus har raud kjole og kvit kappe. Peter har brun kjole og kappe halden saman av beltesnor. Bakgrunnen er mørk brunleg. Innskrift i kvitt på svart botn.

Altarring

Sirkelforma altarring som går inn til altaret framme på sidene. Port mot sør. Knefall stoppa og trekt med naturfarga skinn. Balusterrekverk med tette, tynne balustrar og handlist med hylle for særkalkar. Balusterrekkverk og hylle er grå, handlista blåmåla. Kasseforma kneleskammel med listverk nede. Skammelen er stoppa og trekt med rustraudt ullstoff. Krakken er blå med raudbrun staffasje. Golvet i altarringen ligg eitt steg høgre enn golvet i koret og er kledd med raudt knytteteppe med stjernemønster i ubleika kvitt og blått.

Døypefont

Enkel, åttekanta font i tre. Åttekanta gjennomgåande skaft og utbygd kum og fot i to avtrappingar og med profilert listverk. Kummen litt vidare enn foten. H. 78 cm, br. kum 41 cm.

Preikestolen

Preikestolen har åttekanta grunnform med fem heile og to halve sidefag med enkle fyllingar i rammer. Lesebrett og handlist trekte med naturfarga skinn. Åttekanta fot med utbygging av lister nede og fire konsollar under korga. Oppgang ved rett trapp over korskiljebrystninga sør i koret. Oppgangen har rekkverk av smale, konturskorne bord.

Lesepult. Lesepult i tre. Nyare. Blå med gull staffasje.

Benker

Opphavlege benker på galleriet. Vangane er rette med framspring ved setet og er avslutta nede ved fotlist og oppe ved spiss gavl med profilert listverk. Det vart laga nye benker til kyrkja i 1966 av Berge, Ølensvåg. Rette vanger avslutta ved gavl. Breie uthøvla benkefjøler, open rygg med påsett utfylling. Benkene er blå med grå utfylling med brunraude lister. Faste benkefjøler langs langveggene og vestveggen i skipet og i alle hjørna i koret unnateke ved preikestolen. Veggbenkene er grå. I nord-vestre hjørne i koret er det brystning med tre fyllingar i ramme framfor benken.

Galleri

Tverrgalleri i vest med framspring over midtgangen. Galleribjelken er lagd opp i vestre opplengje- og midtskipsstolpepar og i to tynnare stolpar ved midtgangen som har opne kne til framspringet. Brystninga har ramverk med enkle, rektangulære fyllingar. Tannsnittfrise under handlista. Bærande element er gråkvite. Ramverket blått, fyllingar grå, avfasing brunraud, handlist blå, tannsnitt gull. Himlinga under galleri er staffpanelt. På galleriet er det lakka bordgolv i to steg.

Orgel

Pipeorgel, 1969, Norsk Orgel-harmoniumfabrikk A/S, Nr. 311. Orgelet har ni stemmer fordelte på to manualar og pedal. Prospektet er femdelt med rektangulære sidetårn og midttårn, midttårnet høgst. Mellomfelta stig i høgde mot midten. Sidetårna har trepiper medan mellomfelt og midttårn har metallpiper stigande mot midten. Synleg ramverk av glattkanta bord. Blåmåla.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk. a) Bendixen nemner ein "hvid dug med fint sømmet bord." b) Toskafts kvit bomullsduk med 52 cm brei hekla bord med tunga kant og vekslande kross- og blomemotiv. c) Toskafts kvit linduk med svartsaum. Brei bord framme og på sidene med grupper av sju aks vekslande med kalkar. Sentralt framme er brodert ein gresk kross på strålekrans. Linduk med svartsaum til døypefonten, under dåpsfatet.

Altarklede. a) Bendixen nemner eit grønt altarklede †. b) Altaret er kledd framme og på sidene med rustraudt toskafts ullstoff med tjelda stjerner.

Messehaklar. a) Skjoldforma messehakel i raud fløyel. Fôr av rosa satin. Sentral saum framme og bak. Kanta med gullband, på baksida er ein kross spretta av. b) Nyare messehakel som a, men med fôr i fløyel. c) Smal messehakel med innskrådde sider. Nyare. Djup blågrøn thai-silke, også som fôr. Halsopning med krage og opning framme. Motiv i lappeteknikk inspirert av korvindauget. Ryggsida har kross i gult og raudt mot bakgrunn i turkis, lilla og grått, framsida har gult brodert aks på raud botn mot brei stolpe av turkis, lilla, grått og blått. Tre messeskjorter, ei av dei nyare.

Lesebrettklede på preikestolen: Orange krosskypert ullstoff med kristogram brodert med kjedesting i blått og grønt.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokke

Klokke med stjerneforma, firdelt oppheng. Klokka har flat kronplate, høg, smal hals, skrånande korpus avslutta med to riller over nedbøygd rett slagring. Konisk kolv med kule over nedre del. Innskrift nede på korpus: LAXEVAAGS VÆRK, BERGEN 1895. Diam. 54 cm, h. 54 cm.

Bøker

Bibel, Det norske Bibelselskap, Chra 1891.

Nummertavler

To nummertavler på austveggen i skipet. Rette sider, dekte med trekantgavl.

Møblar

Brurastolar i eik. Renessansetype. H-kryss. Svungne, utskorne forbein. Akantus med blomeurne på bindingsbrett og på toppstykket på ryggen. Rett, bakoverlent rygg. Stoppa sete og rygg trekt med gyllenlêr festa med saum.

Piano. Petrof.

Offerkar

Vest i skipet ved døra ei trebøsse festa til veggen.

Blomstervasar

To sølvvasar. Th. Marthinsen. Konisk form på flat fot. H. 19,5 cm, diam. 10,3 cm. Stpl. 830S, kalk i oval, B. Ein tinnvase, nyare. Stpl. Fugl, BM, TINN, NORGE, Made in Norway 616/1. To tinnstakar, nyare. Innskrift på korpus: BJOA KIRKE 1970.

Diverse

Stikk av Martin Luther etter L. Cranach.

Kyrkjegard og gravminne

Vedvika kyrkjegard

Kjend som kolerakyrkjegard, men brukt som ordinær kyrkjegard for Bjoa fram til kyrkjegarden ved kyrkja vart teken ibruk i 1912. Det er uvisst kva tid kyrkjegarden vart teken ibruk, døde har også vorte førte over til Fjelberg. Kyrkjegarden er omgjeven av ca 80 cm høg, brei steingard med høge granar innafor og smijarnsport til sti mot sjøen. På nordsida er det kort veg til landingsplass for båtar. Det kan tidlegare ha vore hol i muren her. Båtoppdrag i stranda. Det skal vera lagt ned koleraoffer på utsida av murane ved sør-vestre hjørne. Kyrkjegarden har tre gravminne, støypejarnskrossar, frå rundt år 1900.

Kyrkjegarden som vert nytta no vart først anlagt på nordsida av kyrkja og teken ibruk i 1912. Seinare vart kyrkjegarden utvida mot sør og sør-vest i 1938. Neste utviding i 1960 var nord-vest for kyrkja, og den siste utvidinga i 1973 var sør-aust for kyrkja.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Synfaringsrapport, H.-E. Lidén 25.7.1977.
  2. Munnlege informantar, Arne Sjo og Helge Gjerde.
Trykte kjelder
  1. Munch, P.A. (red.), Bergen kalvskind, Chra. 1843.
  2. Rygh, O., Norske Gaardenavne XI, Kra. 1910.
  3. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-1913.
  4. Hødnebø, F. m.fl. (red.) Bergens kalvskinn, Oslo 1989.