Eidfjord gamle kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk
Eidfjord gamle kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneEidfjord kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater60.463172,7.069784
FellesrådEidfjord sokneråd
Kirke-id123200101
Soknekatalognr09120101
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk fredet (før 1650)


Anne Marta Hoff


Eidfjord er danna av ein sandmorene mellom høge fjell i sør og nord og Eidfjordvatnet og austre del av Hardangerfjorden i aust og vest. Ei elv deler bygda i to eid, Hæreid og Lægreid, og kyrkja ligg på det søre, lægre eidet med prestegarden vest for kyrkja og den gamle og dei nye kyrkjegardane i hovudsak nord for kyrkja.

Kyrkja er oppført omkring 1300. Dateringa byggjer på stildrag ved bygningen, ei gravplate over Ragna Asolvsdotter i kyrkja, og testamentarisk opplysning frå 1310 om at Thorgeir Peterson på Sponheim gav midlar til ”vppgerdar” (bygging, oppføring) av kyrkja i Eidfjord.[1]

”Æida” sokn og kyrkja i Eidfjord er nemnde fleire gonger i mellomalderen. Sokneprest i Eidfjord er første gongen nemnd i 1309.[2] Soknet skal ved eit makeskifte ha komme inn under Stavanger stift ved at Bergens biskop fekk Sveio mot å gje Stavanger biskop Eidfjord som Stavanger-bispen måtte reisa gjennom på vegen til Hallingdal og Valdres. Soknet vart liggjande under Stavanger fram til 1630.[3]

På den nemnde gravsteinen er innrissa ei strekteikning der Ragna gjev ein kyrkjemodell til Jakob den eldre, og kyrkja er truleg vigsla til han.[4] Prest i Eidfjord er nemnd i DN II 86 – DN IV 474 – jfr Årsb 1891 s. 40 ff. Soknet er nemnt i Bjørgvin Kalvskinn, 78b – DN IV 436 (1390).

Innhold

Bygningen

Eidfjord kyrkje er ein steinbygning med rektangulær grunnplan der lengda (22,5 m) er den doble av breidda (11,25 m). Koret og skipet har same breidde og høgde og er dekte av eit felles saltak. Koret utgjer ein tredjepart av den totale lengda. Kyrkja har hovudinngang i vest og inngang til koret i sør.

I vest over gavlen er de no ein liten takryttar, framfor vestportalen står eit lite våpenhus.

Ved oversynet over ”Kirchenes Tilstand udj Bergens Stift Anno 1709” er kyrkja omtalt som ”een Steen Kirche med bord tegt och et Lidet Tømmer Waabenhuus, temmelig Well Holden inden som udentill”.

Ved synfaringa i 1721 heiter det om kyrkja at ho ”Er een Smuch muuredt Kirche, udj een Bygning, lige Høy og Breed udj begge Ender, foruden Taarn, tægt med Bord, som endnu nogenleedes er godt, og er Kirchen ellers i Goed Stand undtagen at der paa Søre og eet lidet Støcke paa Nordre Siide vil berappes, Kirchen er 42 al. Lang og 21 al. Breed, Waabenhuuset – 5 al. Langt og 6 al. Bredt.”

Vegger

Kyrkja har vegger mura opp av kistemur med naturstein i kalk. Murane er gjennomsnittleg 1,67 m tjukke, ved vestportalen 2,17 m, ved sørportalen i koret 1,40.[5] Portalar og vindauge er innfatta med kleberstein, men ikkje hjørna på bygningen.

Midt på 1600-talet vart delar av murane kalka.[6] Då kyrkja vart ettersett i 1661-65, var begge brystmurane i dårleg stand. I 1674 er det så bokført utgifter i rekneskapen til utbetring av astmuren. Muraren hadde med seg fire handlangarar som arbeidde med kalken og skaffa fram sand og stein. I 1682 vart det så arbeidd med nordsida av vestmuren der tre skader vart oppretta og muren vart kalkslegen utvendes og innvendes. I andre halvdel av 1800-talet er det ved visitasmeldingane særleg ei sprekke i vestmuren som vert påpeikt.[7]

Portalar og dører

Kyrkja har to inngangar, hovudinngangen gjennom våpenhuset og vestportalen og ein inngang sør i koret.

Vestportalen er spissboga og har kleberstein i hjørna i ytre murliv. Steinane har døranslag innvendes og fas utvendes. Basen ligg under golvet og er ikkje registrert. I indre murliv er det no montert ei dør i karm. Over karmen er den indre, rundboga opninga i muren fylt ut med panel. Døra og døropninga er spissboga. I 1633-35 vart det laga ei ny kyrkjedør.[8] Døra som står i portalen no er ei omforma labankdør av to breie og ein smal ståande plankar. Dei to labankane ligg på utsida av døra. Begge er avslutta mellom dei to breie plankane, og dei har såleis ingen funksjon. Døra har truleg vore fløydør opphavleg.[9] Innvendes har dørbladet to dekkande gangjarn. Døra har dørring, lås og nøkkelbeslag av smijarn. I tillegg er det montert moderne lås og dørvridar.

Sørportalen er liten og smal med plass til ein person. I ytre murliv er han spissboga og kanta med kleberstein med rundstav i hjørnet, innvendes har steinane døranslag. Eit bomhol går inn i muren i austre vange. Sokkelen er ikkje særleg markert. Døra står no i indre murliv. Her er det sett inn ein karm for den rundboga døra, og det rundboga tympanonfeltet er panelt. Døra er gammal (opphavleg?) og laga av ein planke som utvendes har to dekkande gangjarn, truleg frå mellomalderen. Det er sett moderne lås og vridar i døra.

Korskiljet

Korskiljet i Eidfjord er ein knapt tre meter høg vegg av tre som markerer skiljet mellom kor og skip i kyrkja. Det går attende til mellomalderen, men har vorte avkorta i høgda og elles mykje omforma på 16- og 1700-talet. Veggen har gjennomgåande svill mellom nord- og sørmuren. Midtopninga er flankert av to opphavlege åttekanta stolpar med vidare, profilert base og er sekundært dekt med ein kløverboge som er avrunda i overkant. Ein meter nærare langmurane rir firkanta stolpar med mellomalderprofil over svillen. Ved murane går korte sidevegger fram mot vest (utan hjørnestolpe). Nedre del av korskiljet har veggplankar, øvre del har firkanta spiler som er avslutta oppe ved ei innkassing. Sideveggene har veggplankar og er delte med losholt i to felt. I vest er sideveggene avslutta med åttekanta stolpar. På sørsida av midtgangen står det også ein stolpe rett vest for den firkanta stolpen i skiljeveggen og rett nord for den åttekanta stolpen i sørveggen. Denne har tidlegare utgjort hjørne i eit ciborium over sidealtar i sør. Fundament for ein tilsvarande hjørnestolpe kan påvisast nord for midtgangen. Delar av korskiljet kan vera eldre enn steinkyrkja i Eidfjord (Hoff 1991). Den eldste dendrokornologiske dateringa frå korskiljet er 1250 (rapport Storsletten i AA). Eit repositorium i sørmuren ved preikestolen må ha hatt samband med sidealtar i ciboriet sør i korskiljet.[10]

Vindauge og andre opningar i muren

Vindauga ligg alle i ytre murliv. Innvendes skrår lysopningane i muren ut i sålbenk og smiger. Kyrkja har to vindauge over einannan i austmuren og tre vindauge i sørmuren. I vestmuren er det ei firkanta opning over vestportalen. Midt i nordmuren er det eit vindauge frå 1600-talet. Rundt 1870 vart det laga to vindauge på kvar side i takflatene, frå desse går det lystrekter ned til kyrkjerommet gjennom himlinga. Vindauga i aust- og sørmuren er kanta med kleberstein.

Bak altaret er eit lansettforma vindauge i austmuren, spissboga med fas utvendes. Det har fire firkanta ruter og eit øvre gavlforma, alt i ei ramme. Sjølve vindauget med ramme og karm er utskift i 1693-95.[11] Vindauget i austgavlen på loftet er av same slag, men ikkje så stort. Det har to ruter pluss gavlrute i ei ramme. Innvendes har dette vindauge skrå smiger og sålbenk og er kalkslege.

Det har vore tre tilsvarande lansettforma vindauge i sørmuren, eitt i koret og to i skipet. Desse er sekundært noko utvida og ein har sett inn trykt rundboga einrams vindauge med 2x3 ruter i koret og 2x4 ruter i dei to vindauga i skipet. Ein har då dels murt att den øvre, spissboga avsluttinga (denne er heilt vekke på vindauget i koret) og hogge seg litt inn i begge vangane på kvar side.

Ved synfaringa i kyrkja i 1686 var det ikkje lysopning i nordmuren. Dette vart då etterlyst ettersom kyrkja var svært mørk innvendes.[12] Arbeidet med vindauget er utgiftsført i 1690-92 då ein murmeister er betalt for å bryta hol i muren og laga eit ”VindueRom” til ”4 Vinduer”. I samband med dette er det kjøpt inn 600 murstein, to lester kalk, rammer og post til eit nytt vindauge, og diverse jarn. Vindauget har no 2x3 ruter i ei ramme og er avslutta oppe med gavlform.

Sjølv om ein hadde fått eit lite vindauge i nordmuren, var kyrkja framleis uvanleg mørk. Dette vart teke opp ved visitasen 19. september 1847. Kyrkjeeigaren hadde tidlegare lovt bispen at han skulle undersøka om det fanst noko løysing som kunne gjennomførast utan at det var til skade for bygningen, men ”Intet verken af dette eller hiint er skeet, og dyrker man sin gud hersteds i samme yder mørke som forhen”.[13] Ved visitasen i 1873 er fire ”lysvinduer” komne på plass i taket.

Bendixen har følgjande opplysning: ”Et gammelt vindu, 3-kantet med smaa ruder, staar i koret; paa et af disse er en indskrift: Ingeborg Jonsdatter Rosen 1593.”[14]

Opninga i vestgavlen er rektangulær og utan kleberinnfatning. Botnen og overdekkinga er nærast flat, medan sidesmigane skrår utover innvendes. Det er restar av puss på alle fire sidene i muropninga. Ein karm i ytterlivet har dør som slær innover. Det er sannsynleg at opninga også opphavleg har vore ein inngang til kyrkjeloftet. Ho må i tillegg ha fungert som lydopning for klokkene før det kom takryttar på kyrkja. I 1699-1701 vart det laga ei luke framfor ”hullet i Vestre Brøst”.[15]

Golv og fundament

Kyrkja har bordgolv på golvbjelkar. Rekneskapar og andre kjelder gjev opplysningar om vedlikehaldsarbeid, mellom anna har ”Jacob Snidker” i 1659-61 arbeidd med golvet og gangen til preikestolen (rekneskap). Mellom visitasane i 1830 og 33 har eit lenge etterspurt arbeid på golvet vorte utført. I 1833 heiter det i visitasmeldinga at ”gulvet […] er nu nedlagt”. Likevel vert det i 1836 klaga over manglar ved golvet, særleg på søraustsida i skipet, både under benkene og ved oppgangen til preikestolen og også rundt ”gravkjælderen ved alteret”.

Fundamentet er ikkje undersøkt, men i austre delen av sørmuren er delar av eit steinfundament synleg utvendes over bakkenivå. Fundamentet er venteleg av tørrmurt stein.

Tak

Takverket har sperrer med to hanebjelkar, dei nedre støtta med knestokkar og langsgåande dragarar og den øvre lagd inn under krysningspunktet for saksesperrer som startar ved nedre hanebjelke. I tillegg er det sentral understøtting av midtbjelkar frå ein dragar ved loftsgolvet og opp til mønet. Taket er tekt med bord og ruteheller. Takverket i Eidfjord kyrkje tilsvarar takverket i kyrkja i Kinsarvik.

Eldre kyrkjerekneskapar og synfaringsforretningar har opplysningar om taket. I 1636-38 var det ein hovudreparasjon på taket. Mykje av sutaket vart teke ned og felt tettare saman og festa med nye naglar. Ved synfaringa i 1661-1665 var det lagt eit nytt sutak på nordsida av kyrkja, truleg som eit dobbelt tak, ettersom det heiter at det også er naudsynt med eit tilsvarande på sørsida der det berre finst eit enkelt tak. Sutaket på sørsida vart lagt i 1668. Samstundes vart ei sperre på 18 alner utskift på sørsida av taket, og det vart lagt ”2 træer” på tvers over kyrkjetaka på begge sider ”til at fastbinde taget med, formedelst den gruelige sterche Weyr, som falder derpaa Steden”.[16] I 1684-86 var det lagt ny kjøl over heile kyrkjelengda, 39 alner lang. Tre sperrer vart utskifte i 1693-95. I 1699-1701 vart sutaket på sørsida utskift, undertaket vart forbetra, medan det ytre taket vart lagt med nye bord. I 1707-07 vart overtaket på nordsida lagt nytt, også her har ein vølt undertaket og skift ut nokre bord. På begge sider er det lagt ”sømdreyler” (rekter) mellom dei to taklaga.

I visitasmeldinga frå 1836 vart det klaga over rotne sperrer, dei har falle ut av ”falsene” og hang berre fast ved hjelp av klammer eller naglar. Dei ytste ”murlægere” (remstokkar) var også rotne. I det store og heile var taket ”i en høist skrøbeleig og farlig tilstand”. Ved visitasen 10. september 1837 var det ”erholdt et aldeles nyt tag”.

Himlingar

Det ligg flat himling av bord på takbjelkar over kor og skip. Dette ser ut til å ha vore situasjonen også i mellomalderen. Opninga i vestmuren (sjå ovafor) har mest sannsynleg vore brukt som inngang til dette loftet.

I 1687-89 vart det som følgje av synfaringa i 1686, der det hadde vorte påpeikt at loftet låg laust og skulle ”sammen drifuis, tettis och befestis”, utført eit meir omfattende arbeid ved himlinga: ”Indlagt tverss over Kirchen under Lemmen 8te Bielker 24 alen Lang, samt [...] Lemmen at oprive og igiennem skiere, samt med stocher igiennem Bielkerne paa Begge Sider Langs Kirchen, og alt samme arbed efter Besigtelsen at forbedre ”.[17]

Oppgangen til loftet er no ved trapp frå nordvestre hjørne i skipet opp etter vestmuren. I 1678-79 vart det laga ei ”Nye Windes trappe Wed Funten og til Lemmen”. Mest sannsynleg stod funtehuset, ei innhegning for døypefonten, i nordvestre hjørne i skipet slik det var vanleg på denne tida, og vindeltrappa gjekk opp på same staden som noverande trapp.

Gjennom himlingane er det laga fire store trekter, to på kvar side, som fører lys frå vindauge i takflatene ned over kyrkja. Desse overlysopningane vart laga seint på 1800-talet (sjå Vindauge ovafor).

Tårn

Kyrkja har ein takryttar med klokkestove og pyramideforma hjelm over vestgavlen. Takryttaren vart oppført seint på 1800-talet.[18] Tidlegare var kyrkja utan tårn (t d ved synfaringa i 1686).

Hjelmen er pyramideforma med fire gratsperrer og fire mellomsperrer, ei på kvar side. Klokkestova har hjørnestolpar og to mellomstolpar i kvar vegg. I sør, vest og nord flankerer mellomstolpane lydluker. Innafor stolpane er det eit kryssband over kvar vegg, feste med svalehale til hjørnestolpane. To klokker er hengde opp i tre vertikale stolpar i klokkestova, den midterste, kongen, har ein eldre stokk festa til seg. Dei tre stokkane er sikra ved tverrgåande tang over øvre ramme i takryttaren. Det meste av materialane, som kongen og alt i hjelmen, er nye, noko er oppattbrukt. Det vestre mønet i skipet stikk opp i austre vegg i klokkehuset. Stolpane i klokkestova kviler på ei ramme. Takryttaren er dels fundamentert på eit steg i vestmuren i høgd med murkronene, dels på bjelkar på murkronene.

Tilbygg

I dag står det eit våpenhus av bindingsverk framfor vestportalen. Våpenhuset er kledd med liggjande sulagde bord. Det har fløydør i vest, enkel dør i nord, flatt loft og sperretak tekt med ruteheller.

Våpenhuset er fornya fleire gonger. Eit nytt tømra våpenhus med sperrer og sutak, golv og benker, vart etter rekneskapen oppført i 1668-70. Ved synfaringa i 1686 hadde kyrkja eit våpenhus av tre, sikkert det nye tømmerbygget frå 1668-70. Når det i rekneskapen for 1699-1701 står at det er laga to dører i ”Vaabenhuusene”, er dette vanskeleg å forstå utfrå opplysningar elles. Det måtte i tilfelle vera at det kan ha stått eit lite våpenhus framfor sørportalen. Dette er det ikkje fleire opplysningar om.

Etter visitasmeldinga frå 1836 er ”forhuset ”aldeles upassende, deels forraadnet, og saa lavt, at man der ikke kan gaae opreist”, det ”ansees for at være aldeles casabelt”, og ved visitasen 24. august 1875 manglar kyrkja våpenhus.

Kyrkja har ikkje sakristi. I 1642-44 vart det laga ein kleve inne i kyrkja der ein skulle ha det kyrkja trengde av reiskapar. Det er elles opplysningar om to ”Braadhus” (hus til tjøreutstyret) i det skriftlege kjeldematerialet.

Interiør

Interiøret er særmerkt. I det bygningen ikkje er nytta som kyrkje i dag, har mykje av det eldre inventaret fått stå, og dette pregar interiøret.

Kor og skip er skilde ved ein korskiljevegg av tre (sjå ovafor under Korskilje). Koret har altar med altartavle og firkanta knefall sentralt aust i koret. Det er faste stolar og benker i koret, og ein stor, sylinderforma jarnomn på nordsida. Døypefonten er også plassert på nordsida i koret, sameleis eit harmonium.

I skipet står preikestolen i søraustre hjørne med oppgang etter vestsida av korskiljeveggen. På kvar side av midtgangen er det benkeområde. Sørvest i kyrkja står ein sylinderforma jarnomn og frå sørvestre hjørne går det trapp ved vestmuren opp til loftet. På sørsida i kyrkja er det teke vare på ein del hatteknaggar som er med på å gje interiøret karakter.

Som Kinsarvik kyrkje er Eidfjord prega av eit trekvitt interiør (golv og benker) med innslag av 1600-talsmåleri på fleire inventardelar. Midtgangsløparen er av same slag som løparen i Kinsarvik med nøytrale fargar tilpassa det trekvite interiøret.

Restar av kalkmåleri er avdekte i kyrkja (sjå nedafor under epitaf). I kyrkja finst fleire måla treflater, særleg på korskiljeveggen der ein finn rankemåleri og framstilling av hjort og einhjørning frå 1600-talet og ei framstilling av Moses med tavlene. I dei sekundært brukte materialane i midtbogen er det også restar av ei framstilling av ein folkehop med renessansedrakter.


Inventar

Altar

Kassealtar av tre. Fronten har seks kvadratiske fyllingar i profilert rammeverk. Etter rekneskapane vart det i 1630-32 betalt 4 riksdalarar for å få altaret måla. I 1642-44 la ombudsmannen ut 1 riksdalar ”til hielp til et alter”.

Altartavle

a) Katekismetavle frå tidleg 1600-tal

Katekismetavle frå tidleg 1600-tal med kvadratisk hovudfelt og mindre, kvadratisk toppfelt i enkelt renessanse-snekkarverk. I rekneskapen for 1634 står det at det er utført arbeid ”som var med […] altertavlen”, utan at arbeidet er nærare presisert.

Hovudfeltet kviler på fotstykke og er ved tre kanellerte, flate pilastrar på diamantformer delt i to, kvar del er delt i to att, slik at feltet inneheld fire felt som er fylte med tekst: truvedkjenninga og Fader vår. Feltet er avslutta oppe med gesims med diamantformer og tannsnitt.

Toppfeltet har tilsvarande utforming, her er det måla eit skriftord som ikkje høyrer til i det vanlege programmet for katekismetavlene: ”Lader CHRISTI ord boe rigelig iblant eder, i all visdom, Lærer oc formaner eder sielff met salmer, oc loffsanger, oc andelig vise oc siunger for Herren i eders Hierter: Cor […] 3”.

På kvar side av hovudfeltet og over toppfeltet er det enkle, sveifa renessanseornament, defekte. Tavla står no på nordsida i våpenhuset.

b) Altartavle frå 1765

Altartavla på altaret er frå 1765, årstalet er innskrive på tavla. Tavla er i ei høgd, enkel og klassiserande. Fotstykke med skriftfelt er flankert av firkanta pilasterbasar, kvadratisk biletfelt av firkanta pilastrar avslutta med enkle listkapitel under gesims. Toppstykket har broten gavl.

Biletfeltet har ei måla framstilling av Krossfestinga. I skriftfeltet under står med versalar: "Denne altertavle er aar 1765 givet til Guds huuses prydelse her i Eidfjord af kirke-ejeren velagte Christopher Sjursen Hjeltnes de 3/4, og 1/4 af en dannemand her i sognet agtbare F.N.S.L.".

På baksida av tavla er det måla ei innskrift med runer og tal. Bendixen les det slik: "Ordineret og malet af M. Schnabel, studios ...”.[19] Vidare Anno og 3x3 ruter med tal som truleg viser Marcus Schnabels interesse for matematikk. (I øvste rekkje frå venstre: 586, 589, 590, i midtrekkja: 587, 593, 585 og i nedste rekkje: 592, 583, 590.)

Kneleskammel

Kyrkja har kneleskammel.

Altarring

Firkanta knefall med port i front. Skinntrekt knelepute, slanke, dreia balustrar og profilert handlist.

Døypefont

Døypefont av kleberstein i uvanleg form. Usikker datering, men ein har rekna med at han er etterreformatorisk.[20] Kummen er åttekanta og utskrådd, skaft og fot er også åttekanta, skaftet vidar seg ut oppe og smalnar mot foten, foten er avtrappa og har fas over standkant. Skjold med bokstavar og merke på skaftet.[21]

På 1600-talet hadde døypefonten eit eige rom i kyrkjerommet. Det vart då brukt fem tylfter bord til ”Eet huus omkring funten med tille [golv] i”.[22] Huset hadde dør med hengsle. I 1678-79 er det laga ei vindeltrapp til lemmen (sjå ovafor under Himling) ”ved Funten”, i neste rekneskapsbolk (1680-81) er det ”Giort Een Nye funt udj Kirchen, hvor tilforne ingen var”, noko som tydar på at ein har flytta funtehuset til ein ny stad i kyrkja. Bendixen viser til denne opplysninga og tolkar det som at sjølve steinfonten skulle vera frå 1680-81,[23] men det som er utgiftsført er bord, spikar, stolpar og løn og kost til snekkaren som brukte 14 dagar på arbeidet. Det er ikkje dåpshus i kyrkja no.

Preikestol med oppgang

Enkelt snekkararbeid frå renessansen. Preikestol med fire felt der kvart felt er delt horisontalt i to like store delar og avslutta oppe med gesims. Løkforma bot. Nedre felt har ein kannelert pilaster i ramme og hjørna har profilerte lister. Øvre felt har portalform, hjørna har også her profilerte lister. Flat gesims med listverk over og under.

Portalfelta og gesimsen har måla innskrifter. Portalfelta har skriftord som representerer dei fire evangelistane. Johannes-feltet mot sør er øydelagd av lyset. På gesimsen står: BEAT QVI AUDIVNT VERBUM DEI ET CVSTODIVNT [...]. Saman med dette skal Tybring etter BEB også ha funne årstalet 1613.[24]

Nedre felt har måla sikksakk-ornament på sidene, øvre felt har måla blomeornament i sviklane, botnen på preikestolen har rankemåling og er truleg måla på eit anna tidspunkt enn resten av stolen. ”For prædichestolen at Lade male” vart det i 1630-32 betalt 1 Rdr.[25]

Oppgangen til preikestolen er på vestsida av korskiljet bak eit sekundært brukt panel, truleg også frå 1600-talet, med måla framstilling av Moses med tavlene.

Benker og faste stolar

Kyrkja i Eidfjord har særmerkte og eineståande benker, truleg av dei eldste i landet. Benkene har enkle setefjøler og ein profilert boks oppe som ryggstød. Ved murane er benkene lagde opp i langsgåande element, ved midtgangen i ulikt utskorne og dekorerte benkevangar. Mange av dei har opphøgd avslutting forma som ein krins med fem knuppar og med parallelle, horisontale sikksakkborder ut mot midtgangen. Mellom benkevangene er det enkle, hengsla dører inn til benkene. Delar av materialet, setefjøler og delar av benkefundamentet ved sørmuren, er oppattbrukt.

I rekneskapen for 1634 er det gjort greie for utgifter til mellom anna ”Stoelerne i Kircken”, men det er uråd å seia kor mykje dette gjeld. I 1642 er det laga ein stol i kyrkja, og i 1650-52 ein ny skriftestol (rekneskap). I visitasmeldinga frå 1661-65 vert det etterlyst ein ny ”stoel” på sørsida i koret som bispen eller prosten skal ”staae udi” når dei er på visitas. Etter rekneskapane i 1662-64 er det då ”giort Een Stoel paa Mandfolk Side, som pleyer at vere bispens Stol”, og ein smed har fått betalt for jarn til bispestolen. Det skal også lagast to ”bencker” langs med ”stoelene” på begge sider i kyrkja som ungdommen kan sitja på. I samband med synfaringa i 1686 vart det enno ein gong bestemt at det skulle lagast to benker langs med stolane i skipet ”for Vngdommen at sidde paa”. I rekneskapen for 1684-86 er det utgiftsført to slike benker.

Bendixen har følgjande opplysningar om benkene rundt år 1900 (s. 486f.): ”langs begge sider i skibet gaar lave mold- (jord)bænke og langs stolestaderne ved midtgangen svære bjelker, der tjener til sæder for børnene. Stolestadernes døre har udskaarne rundinger øverst med en slags konsoler og de almindelige skjølpedannede halvkredse, forresten i mange afvigende former, en enkelt nærmest lignende en stor rund paddehat med 3 smaa knuder øverst og to smaa der under; en med Olafsrosen, flere har rester af malede blomster, almindelig paa hver dør en tulipan. Paa nogen er malet en slags bølgelinjer; paa en mindre udsiret staar: M.D. Anno 1638. – I koret staar en simpel brugdestol, hvis ryg paa bagsiden har et indskaaret JHS – LHS.”[26] Benkevangane er dei same som no, dørene på nordsida er tekne vekk.

Galleri

Det er ikkje galleri i kyrkja, men det har truleg vore eit lite galleri eller ”lem” tidlegare. Ved synfaringa i 1661-65 er det nemnt at ”Den Lem ved Chorit vil med noget nye Panillewerch forbedris”, i rekneskapar for 1662-64 er det bokført utloger til ”3 smaa Bielcher til Bestyrchelse under den Liden Lemb i Kirchen”.

Måleri - Epitaf

Det har vore måla epitafier på murane i kyrkja, det tydlegaste no er sør for altaret på austmuren. Bendixen beskriv dette slik:

Efter senere meddelelse af arkitekt J.Z.M. Kielland og maleren Lars Osa er der i kirkens kor næsten overalt fundet kalkmalerier. Paa graastenen ligger der et tyndt lag kalk, hvorpaa der er malet, og derover igjen et tykt og grovt, der har ældt sig ind i malingen, saaat den falder ud med selve den indre kalk, naar den ydre skal fjærnes. Kirketilsynet har ladet Lars Osa foretage en rensning, og derved fremkom et malet epitafiumi almindelig sen renaissance eller barok, med brudt gavl og dreiede vaser paa midten og siden. Paa nedre felt er læst Laurent Zan - , øverst i midtfeltet staar epitafie og nedover er læst enkelte ord af en lang indskrift, som ingen sammenhæng giver. – Epitafiet er 1.25 m. høit, - 0.85 m. br.[27]

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Inventarlista i rekneskapane frå 1659-61 har med ein gammal og ein ny altarduk. I 1696 er det også nemnt ein gammal og ein ny duk, den nye har kyrkja fått av Torfind Sæ. Ved Bendixens registrering hadde kyrkja ein gammal altarduk med fin bord av hardangersaum. Duken var då svært gammal, han var sydd og gjeven til kyrkja i 1776 av Herborg Garatun.[28] Duken som ligg på altaret er ein linduk med innfelt bord i hardangersaum. Motivet er andreaskrossar som dannar diagonalruter med skiftesvis latinske krossar og åttebladroser.

Altarklede

Inventarlistene i rekneskapane frå 1696 og 1720-22 nemner eit raudt kledes altarklede, tre alner langt. Ved Bendixens registrering hadde kyrkja eit raudt altarklede med ”sølvbord og triangelfigurer nederst”.[29]

Messehaklar

Inventarlistene i rekneskapane har i 1659-61 med ein messehakel, i 1696 er det ein ”ubrugelig” messehakel, i 1711-13 er det innført ein ny messehakel som var laga i 1714. Hakelen var av høgraudt ”Atlask” med ein svart fløyelskross og var kanta med sølv ”Galuner”. Denne vert også nemnt i 1720-22 saman med ein gammal ubrukeleg hakel. Bendixen beskreiv følgjande messehaklar i kyrkja ved hans registrering kring 1900: ”I kirken findes en sort fløiels messehagel, paa den ene side med et kors af sølvbaand, paa den anden med to sølvbaands striber. – En gammel messehagel af falmet rødt silketaft eller atlask med bredt sort fløiels kors, den i 1714 indkjøbte”.[30] Ein messehakel er overført til Eidfjord kyrkje (sjå Eidfjord kyrkje, Parament, Messehaklar, a).

Messeskjorte

I 1648-49 vart det kjøpt lerret til ein messeserk. Messeserken er også nemnt i seinare inventarlister.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to klokker som begge er nemnde i inventarlistene i rekneskapane frå 1659-61 og frå 1696.

a) Klokke frå 1200-talet. Klokke frå 1200-talet med oppheng av seks runda bøylar og midtboge, flat kroneplate som knekker ned og ut mot jamnt avrunda hue og hals med to riller. Etter måten rett korpus som skrår litt ut og er avslutta med to riller over ut- og nedbøygd slagring. Slagringen er flat i underkant. Gammal kolv. Klokka er 43 cm i diameter og 38 cm høg.

b) Klokke frå 1500. Lita klokke frå 1500 festa med ein boge opp i slyngebommen og sikra med jarnbolt. Flat kroneplate som knekker ned, litt nedrunda hue med to riller, hals med to riller over og to under skriftband. Korpus er utskrådd nede over tre riller, ut og nedbøygd slagring med to riller, slagringen skrår opp innvendes. Gammal kolv. På skriftbandet: Maria vocor anno dm (med forkortingsstrek over den siste m-en) MCCCCC. (Eg vert kalla Maria Herrens år 1500.) Etter siste c-en er det eit teikn som Bendixen les som II (2), dette er usikkert. Klokka er 27 cm i diameter og 24 cm høg.[31]

Orgel

Harmonium på nordsida i koret.

Bøker

Eventuelle bøker i kyrkja er ikkje registrerte. I inventarlistene i rekneskapane er det i 1659-61 rekna opp ein gammal bibel, ei altarbok, ei gammal salmebok, seinare er innført eit eksemplar av ”Den augsburgske Confession”. I 1680-81 vart det kjøpt ei ny altarbok og ei gammal salmebok. I 1687-89 er det igjen utgiftsført ei ny altarbok. Etter inventarlista frå 1696 hadde kyrkja då ei gammal salmebok, ei gammal alterbok, ein Frederik IIs bibel ”in folio”, ei ny altarbok ”in quarto”, ei ny salmebok ”in 8vo”, den siste vart kjøpt i 1700 og så innført. I tillegg er ”Tilkommen 1651 Den norske Kirkes symboliske Bøger”.

Møblar

Inventarlista for 1696 nemner to kister til lys, og i rekneskapen for 1711-13 er det utgiftsført ei ny kiste ”med Laass for til Ornamenternis forvaring”.[32]

Offerkar

Bendixen nemner at stengene til to almissepungar fanst då han registrerte, dei to pungane, ”2 fattig Punge”, er med i inventarlista for 1696. I Eidfjord kyrkje finst ein pung og ei bøsse frå Eidfjord gamle kyrkje.

Omnar

To sylinderforma jarnomnar, ein i skipet og ein i koret.

Gjenstandar på museum[33]og anna inventar

Bendixen nemner ei jarnlykt med tårnforma overdel, restar av bøylen av ein gapestokk og eit røykelseskar som vart funne i jorda på Hæreid og som no er på Bergen Museum. Han beskriv røykelseskaret som følgjer:

”et røgelsekar af kobber, med stænger og ring af jern, der blev funnet i jorden paa Hæreid, omtrent ½ m. dybt, omgivet af kul. [...] Kobberet er stærkt irret og karret paa enkelte steder beskadiget, dog ikke mere, end at formen er tydelig. Laaget er forholdsvis høit, 11 cm., nærmest dannet i lighed med et taarn; men underdelen af dette ser du som en omvendt skaal og har beholdt den ældre, romanske form, medens den øvre gaar i afsatser, smalnende opover, og endende i en knop med hempe. Paa laagets nedre del gaar en bred bord med 4 kors, omgivet af dobbelte ringe (signacula) og adskilte ved bladverk, en kort stengel med to bøide stilker eller blade paa hver side; paa den øvre er de sædvanlige aabninger for røgen, i 2 rækker. – Underskaalens øverste rand er prydet med en bord af dobbeltlinjede slyngninger. Foden mangler. Jernstængerne bestaar som sædvanlig af flere led. Formen er nærmest gotisk eller snarere en overgang mellem romansk og gotisk, ornamenterne derimod væsentlig romanske. Formodentlig er røgelseskarret arbeidet omkring 1300. Figurerne er dybt indgravede og har maaske været fyldt med emalje, hvoraf der dog nu ikke findes spor.[34]

På Bergen Museum finst også ein nøkkel av jarn. Bendixen beskriv denne slik:

”T-formet, brugt i en saakaldt bjørnelaas (af træ), der endnu almindelig anvendes i nøstbygninger; det blev opgivet, at den skulde have været kirkenøgel.”[35]

I inventarlistene i rekneskapane er det nemnt eit timeglas (1687-89 og 1696). To eikeflasker ”til at føre Wiin udj til Kirchen” vart utgiftsførte i 1705-07.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden ligg i dag hovudsakleg nord for kyrkja. Her har det vore fleire utvidingar. Det er kyrkjegard på alle sider av kyrkja, men færrast graver i vest og sør. Den opphavlege kyrkjegarden er markert med mur mot vegane i vest og sør. Over inngangen til kyrkjegarden i sør ved koret er det framleis bevart eit portoverbygg, i vest er det opning i muren med smijarnsport.

Det er nivåforskjell mellom denne delen og den første utvidinga mot nord, markert ved bakkemur. (Sjå elles oversynsfoto teke frå tårnet og beskriving av kyrkjegarden under Eidfjord kyrkje.) Nordaust for kyrkja ligg eit kombinert bårerom og reiskapshus.

Inngangane til kyrkjegarden har i lang tid attende hatt same utforminga som inngangen ved sørportalen i koret, med ein treportal overdekt med tverrstilt saltak. I 1639-41 vart det laga ein ny kyrkjeport med tretak over og jarnhengsle. Sameleis vart det i 1642-44 ”giort paa østre Side af Kirchegaarden Eet Nyt KircheLeed, med 4re stolper”. Overbygget vert også kalla ”schur” i kjeldene. Ved synfaringa i 1661-1665 var det naudsynt med nye ”schur” i begge kyrkjeportane. I 1672 er det igjen laga to kyrkjeportar, kvar med fire stolpar, krossband, tak, dør og jarn. I 1630-32 vart det betalt for ein gapestokk til kyrkja.[36]

Gravminne

Gravminne på kyrkjegarden er ikkje registrerte.[37]

Gravminne i kyrkja

Bendixen fortel følgjande om graver under golvet i koret:

”Under koret findes flere kister med messingplader. En af kisterne indeslutter præsten Anders Anderssøn Riebers lig. Han døde 1688 og efterlod et talrigt afkom. Ved hans død blev Eidfjord ophævet som eget kald og lagt under Ulvik. I en anden kiste hviler fru Nicoll, født von Hatten. Paa kirsterne skal have staaet flere smaa, malte og udskaarne æsker”.[38]

Han skriv vidare om eit gravminne på kyrkjegarden: ”Paa kirkegaarden ligger en ligsten af klæbersten og middelaldersk form, bredest ved hovedenden, smalnende nedover, og med skraakant ...”.

Kisteplate over Ragna Asolvsdotter. Rundt kanten har plata innskrift over Ragna og ei strekframstilling av ei lita, knelande kvinne som gjev ein kyrkjemodell til ein ruvande Jacob den eldre.[39] Bendixen skriv følgjande om steinen:

”Den er omtalt af Sandvig, Miltzow, Schnabel, Nicolaysen og mig [...]. En afbildning fides hos Sandvig og i Universitetets haandskrift 256 (a.h.460: Hardangerske monumenter i Eidfjords, Ullensvangs og Østensjøs kirker). Stenen er flad, 4-sidet, bredeste ved hovedenden, 1,80 m. lg., indtil 0,83 m. bred og 11 à 12 cm tyk. Den skal have ligget over Ragna Aasolfsdatters gravsted i koret, og her stod ogsaa en i hjørnerne afrundet kiste, hvor man i hovedpuden skal have fundet humle. Men denne kiste kan ikke have været saa gammelt som ment. – Steenens midte optages af en stor, indhugget figur, apostelen Jakob den ældre, iført en fodsid kjortel, med pilgrimsstaven i høire haand, bogen til venstre, og, efter apostelvis, med bare fødder. Over høire skulder bærer han reisetasken i en lang rem, paa hovedet en høibremmet har; paa begge staar hans emblem, muslingskallen. Foran ham knæler en kvinde med hovedlin; hun rækker apostelen modellen til en kirke med taarn. Som sædvanlig er giveren, donator, fremstillet i betydelig mindre maalestok end helgenen. Langs kanten løber paa alle sider en indskrift i gotiske majuskler, fra omkring 1300, mellem to fordybede linjer og begyndende ved fodenden: HER: HVILIR: RAG-NA: ASOLFS: DOTTER: ER: P[PT]ESSA: - KIRKIV: LETT: GA’ – ER: HENAR: ARTID: A: IOLA: APTA – N (det sidste bogstav har ikke faaet plads i randen og er sat indenfor) d.e. Her hviler Ragna Aasolfs dotter som denne kirke lott gera – er hendes aartid (dødsag) paa joleaften. – Paa begge sider af apostelens hoved staar, lige ved det indenfor lingerne satte n: SCS – IACOB [med forkortingsstrek over c-en] og i en linje nedenfor B’: APLS, d.e. med opløsning av forkortinger: Sanctus Jacobbus apostolus. – Bogstaverne er 8 cm. høie.” Vidare fortel Bendixen om segnet om Ragna Aasolfsdotter, ”Rike-Ragna”.[40]

Kjelder

Utrykte kjelder

  1. Bevaringsplan for gravminne, Eidfjord kommune, kyrkjeverja
  2. Hoff, A.M. Korskillet i Eidfjord, ms. 1991, hovudoppgåve
  3. Storsletten, rapport i Antikvarisk arkiv, Riksantikvaren
  4. Synfaringsforretningar, Statsarkivet i Bergen

Trykte kjelder

  1. Hardanger, Årbok for Hardanger historielag
  2. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904 – 13
  3. Bergens kalvskinn : AM 329 fol. I Norsk riksarkiv. Hødnebø, Finn (red.) 1919 – 2007
  4. DN, Diplomatarium Norvegicum
  5. Ekroll, Ø., Med kleber og kalk, Oslo 1997
  6. Milzow, G.H./Olafsen O., Voss og Hardangers Prestehistorie, 1679/1911
  7. Peder Clausen Friis, Norriges og omliggende Øers Sandfærdige Beskrivelse…, 1727
  8. Rygh, O., Norske Gaardnavne, Oslo 1999
  9. Skonvig, J./Steinnes A., … /1972
  10. Solhaug, M.B., Middelalderens døpefonter i Norge, 2001, doktoravhandling
  11. Tybring, Årbok for Fortidsminneforeningen 1903 s. 239 f.
  12. Årsb., Årberetning for Fortidsminneforeningen

Oppmålingsteikningar og fotografi

Hoff, A.M. og Ola Storsletten, Korskiljet i Eidfjord kyrkje, AA.

Bilete

Fotnoter

  1. DN II 99
  2. Bendixen s. 485
  3. Etter Peder Claussen Friis i Norriges og omliggende Øers Sandfærdige Beskrivelse …, 1726
  4. Miltzow, Prestehistorie
  5. Bendixen s. 485
  6. Rekneskap 1650-52
  7. Alt i rekneskapane
  8. Rekneskapane
  9. Bendixen s. 489
  10. Korskiljet slik det står no er oppmålt av Storsletten og Hoff (AA). Rekonstruksjon av ma situasjonen ved Hoff ms. 1991.
  11. Rekneskap
  12. Synfaring 1686
  13. Visitasprotokoll 1847
  14. Bendixen s. 490
  15. Rekneskap
  16. Rekneskap 1668-70
  17. Rekneskap
  18. Bendixen s. 485
  19. Bendixen s. 490
  20. I Mona Brahmer Solhaugs katalog over døypefontar frå mellomalderen er Eidfjordfonten ikkje teken med.
  21. Sjå ”Hardanger” 1954, s. 232
  22. Rekneskap 1648-49
  23. Bendixen s. 492
  24. Bendixen s. 490
  25. Rekneskap
  26. Bendixen s. 486 f
  27. Bendixen s. 495
  28. Bendixen s. 493
  29. Bendixen s. 494
  30. Bendixen s. 493 f
  31. Bendixen s. 493
  32. Mindre møblar som står i kyrkja no er ikkje registrerte, det same gjeld ev. blomstervasar
  33. Gjenstandar på museum er ikkje registrerte
  34. Bendixen s. 493 f
  35. Bendixen s. 495, sjå òg ”Hardanger” 1964, s. 292
  36. Rekneskapane
  37. Oversyn over gravene finst i Bevaringsplan for gravminne, Eidfjord kommune, kyrkjeverja
  38. Bendixen s. 492
  39. Om gravsteinen, sjå Jonas Skonvigs historiske utgåve av A. Steinnes 1972 (eller nyare utgåve).
  40. Bendixen s. 490