Eidfjord kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Anne Marta Hoff


Den nye kyrkja i Eidfjord er teikna av arkitekt Sigurd Sekse. Arbeidet med oppføringa av kyrkja tok til i 1979, og ho vart vigsla i 1981. Kyrkja med ein barnehagedel i søraust vart planlagt samstundes. Barnehagedelen utgjorde det første byggjesteget, og denne var ferdig i 1979.

Ein del av grunnlaget for at det vart bygd ny kyrkje i Eidfjord var at det vart vedteke å verna den gamle slik ho sto, og at ein med tidas krav til komfort og lokale ikkje fann henne teneleg for kyrkjelyden. Den nye kyrkja vart oppført kort frå den gamle, noko lengre nordvest på Lægreid, på den andre sida av vegen.

Rundt kyrkja er det eit parkliknande område og parkeringsplass, avgrensa av ein låg steingard av tørrmur. Delar av muren er gammal skiljemur mellom eigedommar. Det veks bjørker i plenen rundt kyrkja og det er lagt gangstiar av skiferheller. Parkeringsplassen vest for kyrkja ligg skrått i nordvestleg retning i forhold til kyrkja. Både ved parkeringsplassen og ved kyrkja er det blomebed og ulike busker. Det er ikkje graver på kyrkjegarden. Gravplassane i Eidfjord ligg på andre sida av vegen i forlenging av den gamle kyrkjegarden rundt mellomalderkyrkja.

Innhold

Bygningen

Sjølve kyrkjebygningen har tilnærma kvadratisk grunnplan med skeivt pyramideforma tak der toppen ligg framfor altaret, i søraust ligg barnehagedelen som var det første byggjesteget.

Kyrkjerommet ligg sentralt i kvadratet og dannar ein lengdeakse med tilleggsfunksjonar som sakristi, rom for dåpsfylgje, toalett, kontor, kjøkken og garderobar lagde til nord- og sørsida. Sentralt i vestre del ligg kyrkjelydssalen, denne kan integrerast i kyrkjerommet når det er bruk for det, sameleis kan eit konfirmantrom midt på sørsida integrerast i kyrkjerommet.

Inndelinga av funksjonar i bygningen er synleg utvendes både ved at taket over kvardagsromma er flatare enn over gudstenesterommet, og at kor, kyrkjerom og kvardagsrom eller siderom er markerte i ytterveggene i vest og aust. Hovudinngangen er gjennom eit våpenhus på nordsida inn til vestre del av kyrkjerommet. I vestmuren er det inngang til bårerommet i nord og til kjøkkendelen i sør, frå aust er det inngang til sakristi- og barnehagedelen og til organistens arbeidsplass.

Vegger

Veggene i kyrkja er oppmurte i raudbrun teglstein med grå sementfuger. Yttervegger er doble, ein del av skiljeveggene innvendes er lettvegger, medan veggene rundt kyrkjerommet er berande og murte med teglstein. Veggene er låge utvendes, oppe er dei avslutta ved ein uttrekt, underkledd gesims av limtredragarar. Murveggene er artikulerte utvendes ved at dei er oppdelte i reine veggflater og flater med glasruter, ved nisjer ved dørane og ved at dei er avtrappa i ulike nivå i aust og vest. I aust har veggen tre ulike nivå der altarpartiet i midten er lengst aust, kyrkjerommet er trekt noko lengre vest og sideromma enno lengre vest. Vestveggen er oppdelt i to nivå der kyrkjelydsdelen er trekt lengre mot vest enn sideromma. Veggen aust i altarpartiet skil seg også ut ved at han er høgre enn veggene elles og går opp over gesimsen og skjuler takanfanget. Utvendes har han eit mønster i murlivet, sentralt ein gresk kross flankert av to andreasskrossar. I andreaskrossane ligg steinane noko utafor murlivet, i den greske krossen er dei i tillegg lagde i eit anna mønster enn i veggen elles. Berande vegger rundt kyrkjerommet innvendes er også murte og ber ein samanhengande, støypt gesims. Mot kyrkjeslydssalen der spranget mellom dei murte veggflatene er stort, er det mura opp to runde søyler som støtte for gesimsen.

Portalar og dører

Alle dører inn til kyrkja er sette inn i nisjer i murlivet. Hovudportalen i nord er ei fløydør med fire liggjande fyllingar av klårt glas i treramme i kvar fløy og med sidelys med fem større ruter i ramme på kvar side. Inngangen er overdekt av den underkledde gesimsen. Døra er lyst brunbeisa utvendes, innvendes lakka. Frå våpenhuset er det tilsvarande fløydør inn til kyrkjerommet, men her med matt glas. Det er inngangar til sidedelane frå vest, ei enkel dør med sidelys i sør, og ei fløydør nord i veggen. Enkle dører inne i bygningen og faldeveggene til kyrkjelydssalen og peisestova er glatte, kledde med furufiner og lakka.

Korskiljet

Det er ikkje noko tydleg skilje mellom kor og skip. Altarpartiet er skilt ut ved at det er heva eit steg oppfrå golvflata på alle fire sider. Sør for altarpartiet, i sidedelen, er det ein nisje for songkor som også er heva.

Vindauge

I sjølve kyrkjerommet kjem hovudlyset ovafrå gjennom toppen av pyramiden som er av glas i stålrammer. Det ligg også matt glas over ei horisontal ramme av limtredragarar som utgjer golv i denne toppen, og som avsluttar himlinga oppover. Kyrkjerommet har også vindauge i austveggen i form av lysspalter sør og nord i altarnisjen. Kvar spalte har fem liggjande ruter av matt glas i ein karm. I nisjen for songkor aust på sørsida i kyrkja er det ei tilsvarande, men breiare lysspalte i aust.

Sideromma har vindauge i ytterveggene i bygningen. Desse vindauga er markerte i muren ved at teglsteinane over opningane er sette på høgkant, medan dei under vindauget skrår ut og dannar drypplist. Der vindauga dannar felt er karmane skilde med ei rad med horisontalt lagde teglsteinar.

Vest for barnehagedelen har sørmuren eit felt med sju karmar med tre liggjande ruter i kvar, fire av desse vindauga går inn til konfirmantrommet, tre til kjøkkenet. Sentralt i vestmuren er det eit felt med åtte karmar med fire liggjande ruter i kvar, desse vingauga går inn til kyrkjelydssalen. I kontordelen på nordsida, aust for hovudinngangen, er det seks vindauge med tre liggjande ruter i kvart, to går inn til opphaldsrommet for dåpsfolk, og fire i eitt felt til sakristi og kontor.

Golv og fundament

Golva i bygningen er støypte. I kyrkjerom og inngangsparti er det lagt skifer i eit rutemønster der to rektangulære plater tilsaman utgjer kvadrat og der kvadrata ligg i vekslande retning. I siderom er golva dekte med vinyl.

Golvet i songkornisjen ligg eitt og to steg over golvet i kyrkjerommet, og altaret og altarringen er lagde på eit podium eitt steg over golvet elles. Begge er dekte med boucléteppe (lyst grå-beige).

Støypt fundament. I nordvestre hjørne under bårerommet er det kjellar med lufteanlegg og tavlerom.

Tak

Taket er forma som ein skeiv pyramide der toppen er trekt mot aust. Mot vest og sør og nord flatar pyramiden ut over kyrkjelydssalen og sideromma i bygningen, slik at sjølve kyrkjerommet vert markert med høgre tak. Taket er tekt med koparplater utvendes, med unntak av pyramidespissen som er av glas. Dragarar frå ytre til indre gesims bind saman fundamentet i takkonstruksjonen. Frå murte, glattpussa gesimsar øvst på veggene i kyrkjerommet går det limtredragarar som gratsperrer på skrå opp mot pyramidespissen, ein i kvart hjørne og fire i kvar sideflate. Øvst endar dei mot ei kvadratisk, lafta ramme av limtreelement som formar eit rutenett under den glastekte pyramidespissen. Denne ramma ligg over dei fremste benkene og området framfor altarringen. Rundt pyramidespissen er det utvendes sett ei lita krone av fire takka metallplater. På sjølve spissen er det festa ein kross med sol/ring og ornament i metall.

Himlingar

Himlingen i kyrkjerommet følgjer pyramideforma. Mellom dei berande dragarane er det lagt plater kledde med strie. Horisontalt er himlinga delt i åtte nivå skilde med to bord mellom kvart nivå. Også i kyrkjelydssalen følgjer himlinga takforma og skrår svakt opp mot aust. Dei andre romma har flat himling.

Tårn

Klokkene heng i ein frittståande, open støpul lengst vest på nordsida av kyrkjebygningen. Det er bunde saman med kyrkja ved ein pergola. Støpulen har kvadratisk grunnplan og er bygd opp av limtreelement i kvadratiske og rektangulære former, og avstiva ved ein andreaskross til kvar side. I øvre del er ei opi klokkestove med spalter i golv og vegger og med dekkande tak. Klokkestolen er av stål og det er elektrisk ringjeapparat.

Tilbygg

Barnehagefløyen aust på sørsida av kyrkjebygningen kan oppfattast som eit tilbygg, men utgjer det første byggjesteget i anlegget. Barnehagen er nedlagd og avdelinga fungerer no i hovudsak som kyrkjekontor for Eidfjord. Fløyen er oppført i bindingsverk og panelt utvendes og innvendes, men har elles same formspråk som kyrkjebygningen. Taket er eit etter måten flatt saltak, valma mot nord og sør, den vestlege takflata skrår opp forbi mønet og dannar ein ark med overlys inn til garderoben/gangen i bygningsdelen. Taket er tekt med sjingel.

Lengre vest og parallelt med barnehagefløyen er ein tilbygd lager- og reiskapsfløy. Her var frå først av planlagt og oppført eit lite lager og leskur for barnehagens leikeplass. Dette vart rive i 2005 og erstatta med den nye lagerfløyen som er oppført i bindingsverk med ståande utvendes panel og med flatt tak.

Interiør

Altar med knefall er plassert på eit frittståande podium aust i kyrkjerommet. Eit relieff festa til austmuren i altarnisjen fungerer som altartavle, preikestolen står i nordaustre hjørne, i søraustre hjørne orgelet med songkornisjen inn i sørdelen. Kyrkja har to benkeparti med midtgang, ein tverrgang i vest og passasje på sidene. Mot faldeveggene i vest og sør står det stolar. Dei to fremste benkene på kvar side er avkorta i ytterkant. På nordsida gjev det rom for døypefont. Dåpsstaden er også markert ved nisje i muren. På sørsida gjev det rom for ”barnekrok” (sjå nedafor).

Fargar

Rommet er prega av lyskjelda ovafrå som, understreka av dragarane i takkonstruksjonen, strålar nedover. Himling med treverk og strie gjev ein varm tone til lyset. Den murte gesimsen er lys beige, interiørelementa er trekvite og golvet i varmgrå skifer. På benkene ligg grøne seteputer, stolane har raudt setetrekk, midt- og tverrgangsløpar er grå (Ledaal).

Barnekrok

Inne i songkornisjen er det laga eit sidealtar for born. Altaret er eit bord med altarduk og to lys. Duken er måla av born. Nisjen er også elles utstyrt med barnekunst. Dette kan lett flyttast vekk ved behov. Fremst på sørsida i kyrkjerommet, med barnealtaret i sør og orgelet i aust, er det laga ein ”barnekrok”, der eit lågt bord med bøker og teiknesaker står på eit lyddempande golvteppe. Det vanlege elles er å plassera barnekrokar bak i kyrkja.

Inventar

Altar

Altaret er forma som eit bord med to inndregne bein. Bord og bein er av tre om lag 15 cm tjukke limtreplater. Inne ved framkant på beinplatene er det spor der det er sett inn fem plankar med rett profil i hjørna. Desse utgjer front i altarfoten. Oppe på baksida er det sett inn ein tilsvarande planke til støtte.

Altartavle

Kyrkja har ikkje altartavle, men eit relieff av brend, engelsk steigodsleire i fleire delar feste til teglveggen aust for altaret. Relieffet er laga av Dagfinn Instanes og viser ein kross omgjeven av ein ring der dua, kalken, lammet og auget er sette inn. Til venstre er det motiv som viser til Jesu fødsel og dåp og til høgre den tomme grava og den oppstadne Kristus.[1]

Knefall

Altarplatået er tilnærma kvadratisk, og knefallet dekkar framsida og mest heile sidedelane av platået. Det er lagt kneleputer i lyst skinn på platåkanten, og rekkverket står innafor putene. Rekkverket er bygd opp av rette treelement der smale, parvis stilte plankar på fotlist ber handlist med særkalkhylle. Midtdelen av knefallet på framsida kan takast vekk.

Døypefont

Døypefont av granitt, åttekanta eller firkanta med fasa hjørne. Fordjuping for dåpsfatet i overkant, rette sider som skrår innover ved golvet. Dåpsstaden er markert i golvet ved at skiferflisene her er erstatta med fire kvadratiske fliser i granitt.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er ein trekonstruksjon med kvadratisk grunnform der sida mot aust er opa. Stolen har fire hjørneelement med feste for liggjande plankar med rett profil. Øvst er han avslutta med flat handlist og med lesebrett på sida mot vest. Botnen i stolen ligg to steg over kyrkjegolvet.

Preikestolhimling

Kasseforma himling opphengd i taket ved jarnstong og festa til veggene i hjørna med innkassa plankar. Tre kvadratiske rammer over einannan er samla med eit kryss av plankar. Nedst ligg eit rutenett med integrert lysarmatur.

Lesepulten

Enkel trekonstruksjon, høgda kan regulerast. Truleg sekundær, i det han skil seg i form og materiale frå inventarelementa elles.

Benker og faste stolar

Benkene i kyrkja er bygde etter same prinsippet som inventardelane elles, med rette gavlar der korte plankar er sette inn i ramtre på sidene. I tillegg til gavlane på begge sider vert benkeplater og ryggplater haldne oppe av tre beinpar. Nedst på ryggplatene, som stoppar eit stykke frå benkeplatene, er det festa hylle for salmebøker. Både benkeplater og ryggplater er svakt skråstilte og dekte med lause puter.


Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament og tekstilar

Altardukar

a) Løpar i ull. På altaret ligg til vanleg ein liten lys blågrøn ull-løpar med mønster i biletvev. På midten IHS, på kvar side ein gresk kross med sol, over desse eit ornament som også er brukt i bord rundt kanten (skip?). Duken er voven av Åslaug Aarhus, Lofthus.

b) Duk i lin. Ved nattverd vert altaret dekt med ein kvit altarduk i lin i stipa tavlebragd. Duken er teikna av Grete Møllendal Hereid og voven på dugnad av Bondekvinnelaget i Eidfjord.

Antependium Framfor altaret heng eit antependium i biletvev. Motivet er aks, vinranke og kristogram. Rigmor Bové, Kirkelig Kulturverksted.

Messehaklar

a) Raud messehakel av fløyel frå Eidfjord gamle kyrkje. Seint 18- eller tidleg 1900-tal. Kanting og kross på ryggsida av gullband. Fôret er av lys raud silkesateng. Tre hekter på ei skulder. Høgde 101, breidde ved skulder 54 cm.

b) Kvit messehakel frå 1998. Bleikt gulbrunt bomull satengfôr. Handvove linstoff med innslag av biletvev og broderi. Innslag med sølv og gulltrådar. Messehakelen har sparekant i halsen og glidelås på ei skulder. Forsida har brun-rosa stolpe med kvite latinske krossar, flankert av gråkvit botn med broderte aks, og ytst med ulike stiper i grått, kvitt og gull. På hjartesida av stolpen er det vove ei kvit diagonal rute med ein gresk, gullfarga kross. Ryggsida er tilsvarande, med unntak av den diagonale ruta og stolpen som her har ein kvit (menneske)figur med kristogram på brystdelen og ei mangefarga krone på hovudet. Merkt i fôret: GL (Gerd Lofthus, utføring), DI (Dagfinn Instanes, design), 1998. Høgde 115 cm, breidde 102 cm.

c) Grøn messehakel. Kypertvoven hakel i lin og med olivengrønt lerrets linfôr. Forsida har stolpe i usymetrisk farga striper Gulkvitt, gulbrunt og blått. Stoffet elles er grønt, men med felt av ulike grøne nyansar ytst mot sidene. Ryggsida har breiare stolpe med blått sentralt. I brysthøgd går ein blå tverrarm ut til sidene på stolpen, denne har djup sikksakk oppe og nede og motivet kan lesast som tornekrone, krone, og saman med det blå i stolpen som ein latinsk kross. Stoff elles som på framsida. Design Rigmor Bové. Høgde 111 cm, breidde 135 cm.

d) Fiolett messehakel i grov lerretsvoven ull med stripeeffekt. Ei mørkare stipe er lagt inn i renningen som krossarm til stolpane på begge sider. Solpane er vovne i ulike kvite og fiolette nyansar. På ryggsida er krossmidten markert med liknande sikksakkmotiv som på den grøne messehakelen, her kvitt. Fiolett lerrets silkefôr. Merkt Kirkelig kulturverksted A/S. Design Rigmor Bové. Høgde 111 cm, breidde 91 cm.

Preikestolklede Biletvev, ull på lin. Kledet er vove i ulike grønfargar, kvitt og ulike grå-brune fargar. Motiv: aks, treeining og kristogram son chi og jota. Rigmor Bové, Kirkelig Kulturverksted.

Andre tekstilar

To gravferdskapper.

To messeskjorter.

Teppe ved døypefonten. Biletvev, ull på lin. Teppet heng på veggen i døypefontnisjen. Det er blågrått med innslag av kvitt, brunt og grønt. Sentralt er Den heilage anden framstilt som ei nedovervend due. Ikonografien er samansett. Design Dagfinn Instanes.

Kyrkjeteppe ved inngangen. Biletvev, ull på lin. Design Dagfinn Instadnes. Teppet heng på vestveggen i kyrkjerommet nær hovudinngangen. Det er i hovudsak blått, men med innslag i grått, kvitt, fiolett og andre fargar. Biletet har gravsteinen over Ragna Asolfsdotter, Rike-Ragna som motiv (sjå Eidfjord gamle kyrkje), og viser Ragna som knelande gjev kyrkjemodellen til Jakob den eldre. Andre motiv frå den gamle kyrkja er også integrerte i motivet. Nede på teppe innskrift på massingskilt: GÅVA FRÅ ELISABET GARATHUN TIL EIDFJORD KYRKJE MAI 2004.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to klokker i bronse frå Olsen Nauen.

a) Klokke frå 1980. På korpus ANNO DOMINI 1980, alfa, chi-rho og omega, og HØYR EIT KALL FRÅ GUD EG BÆR / FOLK I EIDFJORD, SAMLAST HER / GUDS ORD Å HØYRA, KRAFT Å FÅ / TIL TRU OG GLEDA, SÆLA NÅ. På den andre sida: Due med kross og SÆLE ER DEI SOM HØYRER GUDS ORD / OG TEK VARE PÅ DET. / LUK. 11.28. Diameter 74 cm, høgde med krone 69 cm.

b) Klokke frå 1980. På korpus på eine sida ANNO DOMINI 1980, Guds auga i trekant med tre strålar til kvar side, og GLORIA IN EXELSIS DEO. På andre sida keltisk kross i ring og EG ER VEGEN, SANNINGA OG LIVET. / INGEN KJEM TIL FADEREN UTAN GJENNOM MEG. Joh. 14,6. Diameter 62 cm, høgde med krone 58,5 cm.

Orgel

Orgel frå Hammarberg 1981 med mekanisk overføring og 15 stemmer.[2] Orgelet er plassert framme i kyrkjerommet på sørsida av altaret. Spelepulten er på vestsida av orgelet og kantor sit vend mot kyrkjelyden. Bak spelepulten står brystverk med spalter i nedre del og to rektangulære, tårnliknande felt i øvre del. Nord for spelepult og brystverk står eit større tårn som skyt fram frå brystverket, også dette med rektangulært felt i øvre del. Dei tre rektangulære felta har stigande storleik mot nord. I kvart felt er det metallpiper med stigande storleik mot sør. I det nordlege feltet er pipene koparfarga, elles sølvfarga.

Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

1. Principal 8’, 2. Oktava 4’, 3. Sesquialt. II, 4. Mixtur IV, 5. Gedakt 8’, 6. Koppelfl. 4’, 7. Waldflöjt 2’, 8. Scharf II, 9. Principal 2’, 10. Tvärflöjt 4’, 11. Rorflöjt 8’, 12. Skalmeja 8’, 13. Flöjtbas 4’, 14. Borduna 8’, 15. Ged. Pommer 16’.

Måleri

I kyrkjelydssalen heng eit måleri som var ei gåve frå Ulvik kyrkjelyd, kjøpt på auksjon i Oslo i 1986. Måleriet er signert N. Bergslien og er ein variant av Bergslien sitt måleri i altartavla i Granvin kyrkje. Motivet er Jesus som 12-åring i templet i Jerusalem. Biletet er vesentleg mørkare og brunare enn varianten i Granvin (foto).

Nummertavler

Metallsiffer med salmenummera vert hengde direkte på veggen i kyrkjerommet.

Møblar

Kyrkja har seks stolar med treskurd.

a) Fire enkle stolar. Stolane har fire bein utan sprosser, sete og rygg er stoppa og trekt med mørkt olivengrønt skinn, treskurd på toppstykket. Umerkte. Truleg laga av Brødr. Bjotveit.

b) Brurestolar. Stolane har boga, utskorne frambein og sargen er utskoren framme. Stolane har dreia bakbein og H-sprosse. Sete og rygg er stoppa og trekt med gyllenlér. Framsida av ryggsprossene og toppstykket har utskjeringar. Umerkte (Brødr. Bjotveit ?), gyllenlêr Gunnvall Bu.

Offerkar

Kollektbøsse frå Eidfjord gamle kyrkje. Bøsse i eik med jarnbeslag og lås. Sinka hjørne. Botn festa med trenaglar. Loket festa med jarnhengsler. Innskore i fronten 1762 C H.

Klingpung frå Eidfjord gamle kyrkje. Dreia og skore skaft av tre. Klinge og ring av metall, der klinga er festa om staven er det skore ut parallelle ringar. Dombjølle festa til klinga. Posen er sydd saman av trekantar av skinn, og med skinndusk i botnen.

Offer i dag vert samla inn i treskål på altaret eller kollekthovar i benkene.

Blomstervasar

a) Vase i sølv med konisk korpus med rund, uttrappa fot. Innskrift på foten: OLAF L. LÆGREID, 1899 – 1970, TIL MINNE. Stempel 830, Lo. Høgde 20 cm, diameter 10,5 cm.

b) Vase i sølv med konisk korpus, randa og foten har tre riller. Mellom fot og korpus er det sett inn tre dekorert bogar. Innskrift: TIL EIDFJORD KYRKJA TIL MINNE FRÅ TORGILS HÆREID * 1834 - † 1907. Stempel 830, (?). Høgde 20,5 cm, diameter 10,7 cm.

c) To sølv vasar med kalkforma nedre del og høg traktforma øvre del. Oppe på kanten: EIDFJORD KYRKJE 31 – 5 – 1981. Stempel 830 S, Lo, 61. Høgde 20,5 cm, diameter 9,5 cm.

d) To nærast sylindriske vasar av keramikk som smalnar av oppe, steingods, Ole Lislerud. Mørk olivengrøn glassur med innslag av brunt. Defekte. Høgde 22,5 cm, diameter 10 cm. (Sjå også lysestakar, c).

Kyrkjegard og gravminne

Gravkapell i kyrkja

I nordvestre hjørne av kyrkjebygningen er eit lite gravkapell, med liggjande panel på veggene, plater i himlingen og vinyl på golvet. Fløydør i vest. På nordveggen ei hylle med lysestakar og patchworkteppe (Merkt Syskrinet, Eidfjord 2005) over. På sørveggen eit måleri med kvite liljer og eit brennande lys (Merkt S.N. Sæd 2005). Flyttberr trekross. Katafalk. Stolar.

Kyrkjegard

På kyrkjegarden rundt den nye kyrkja er det ikkje graver, gravene er knytte til kyrkjegarden rundt mellomalderkyrkja og utvidingar av denne med gravplassar på den andre sida av vegen.

Gravminne

I kyrkja: Kisteskjold frå Eidfjord gamle kyrkje, 39,5 cm høgt og 32,5 cm breidt.

Gravminne på kyrkjegarden er registrerte i Bevaringsplan for kyrkjegardane i Eidfjord.

Kjelder

Utrykte kjelder

Bevaringsplan for kyrkjegardane i Eidfjord. Godkjend av Eidfjord sokneråd 16.6.2005. Kyrkjekontoret i Eidfjord

Opplysningar frå kyrkjekontoret i Eidfjord

Trykte kjelder

Kolnes, S. J., Norsk Orgelregister 1328 – 1992, Førdesfjorden 1993

Fotnotar

  1. Etter brev frå Instadnes til kyrkjelyden i Eidfjord 28.8.1987.
  2. Kolnes 1993, s. 367

Bilete