Eidsland kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Anne Marta Hoff


Eidsland kyrkje er den første kyrkja på kyrkjestaden som ligg i enden av Eidsfjorden, ein kort fjordarm som skjer seg nordetter frå Indre Osterfjorden. Elva frå dalen ovafor gjer ein sving bak Eidslandet og rundt ein bratt bergnabb før ho renn ut i fjorden. På nordsida av elveosen har det danna seg eit eid og her ligg kyrkja med kyrkjegard på nordsida og med vegen som skilje mot elva.

Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1892, medan kyrkja, som vart oppført som eit bedehuskapell, vart reist etter kgl. Res. Av 22. juni 1923 der det vart godkjent at bedehuset, som var under oppføring, kunne vigslast til kyrkjeleg bruk. Ein føresetnad var at altarrommet kunne skiljast frå. Det første møtet i huset vart halde i november 1924, første gudstenesta i april 1925. Kyrkja vart teikna av heradsagronom R. Njerve og byggmeister Sigurd Olsen, Salhus, bygde huset.[1]

Innhold

Bygningen

Eidsland kyrkje er ei langkyrkje i tre der kor og skip har same breidde og høgde. Ho er orientert med koret i aust og inngangen i vest. Framfor vestinngangen står eit firkanta tårn i tre høgder. Eit tilbygg med sakristi og andre rom aust for koret vart oppført i 1979.

Vegger

Veggene i kor og skip er av lafteplank som på kvar av langveggene er avstiva med tre opplengjer festa med bolt og mutter. Opplengjene deler veggene i fire fag, og i dei tre austre faga er det sett inn høge vindauge. Ved dei austre opplengjene ligg ein bindbjelke på tvers av rommet, ved dei midtre eit jarnstag.

Utvendes er veggene kledde med liggjande, glattkanta panel utan markeringar av opplengjene, oppe er veggen avslutta mot ei innkassing av sperreendane, nede er han avslutta med vatnbord over grunnmuren.

Dører

Opphavlege dører finst vest og aust i kyrkjerommet. Dei har tre enkle fyllingar over einannan i ramme med karnissprofil mot fyllinga. Geriktene har ein flat vulst ytst og er glatt inst. I vest står ei slik fløydør mellom skip og tårnfot og ei enkel dør mellom galleri og gallerigang. I aust er det ei enkel dør mellom kor og austtilbygg.

Fløydøra vest i tårnet er fornya, men tek opp element frå dei opphavlege dørene. Dørene i tilbygget er enkle.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip korresponderer med det austre opplengjeparet der det går ein bindbjelke på tvers av rommet under den kvelva midtskipshimlingen. Rommet mellom bindbjelke og himling er fylt ut med liggjande bord. I golvnivå er skiljet markert ved at golvet i koret ligg eit steg høgre enn i skipet. Sekundært er det høgste golvnivået utvida vestover på nordsida som sokkel for orgelet, og på sørsida som sokkel for preikestoloppgang og som plass for lesepult.

Opphavleg var kor og skip skilde med ein heil vegg som kunne opnast når huset var i bruk som kyrkje. Midtpartiet vart då falda tilsides slik at det på kvar side av midtgangen var veggstykke i full høgde.

Korpartiet vart endra i 2002 i samband med at nytt orgel vart installert i kyrkja. Faldeveggene vart tekne vekk og korgolvet utvida mot vest slik at det gav plass til orgelet. Også ved preikestolen vart golvet utvida.

Vindauge

Kyrkjerommet har tre høge, rektangulære vindauge i kvar av langveggene. Vindauga har fire sidehengsla rammer, og kvar rammer er inndelt med sprosser i to x fire ruter, mange av dei opphavlege. Geriktene innvendes er som på dørene, utvendes er dei glattkanta.

Golv og fundament

Kyrkja har fundament av tørrmur som er pussa utvendes. I tillegg er det i austre halvdel frittståande tørmursfundament for langsgåande dragarar på kvar side av midtgangen. Dragarane ber tverrgåande bjelkar som i koret igjen ber langsgåande feste for golvborda. Under vestre del av kyrkjebygningen og under tårnet er det sekundært støypt bårerom med utgang via fløydør og trapp på sørsida av kyrkja. Nord i kjellaren er det reiskapsrom med utgang via trapp opp til kyrkjegarden i nord.

Golvet er av smale, totoms, pløygde golvbord som ligg i lengderetning i skipet og på tvers i korområdet med framspring. På sørsida i koret er det luke til kjellar.

Tak

Sjølve kyrkja med kor og skip er dekt av eit saltak. I tillegg har bygningen saltak over austtilbygget og over inngangane i aust og vest. Tårnet har skjørt og hjelm.

Taket er i prinsippet ein sperrekonstruksjon med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Men i tillegg støttar ein ås opp under mønet. Denne er understøtta ved omvende t-ar som er feste med bolt i dei øvre krysningspunkta mellom sperrer og saksesperrer.

I raftehøgd går det stikkbjelkar innetter i rommet som feste for himling.

Sperreverket er tekt med liggjande bord som underlag for lappheller.

Himling

Ein samanhengande himling med smale horisontale sidefelt og slakt boga midtfelt dekkjer over skip og kor. Himlingen er festa til stikkbjelkar, sperrer og hanebjelke i takkonstruksjonen. I knekken mellom sidefelta og midtfeltet ligg ein løynd bjelke som er understøtta av bindbjelken i korskiljet (sjå ovafor under korskilje), av jarnstag på tvers av rommet og av skråstøtter frå dei midtre opplengjene.

Tårn

Vesttårnet har tre høgder i tillegg til kjellaren og er dekt av hjelm. Det har nærast kvadratisk grunnplan og likt flatemål i alle høgder. Første høgda fungerer som våpenhus, andre som gallerigang og tredje som klokkerom. Trappene ligg på nordsida i tårnet.

Veggene er av reisverk med unntak av austveggen i dei to nedre høgdene som er vestveggen i skipet. Utvendes er veggene kledde med glattkanta panel. Innvendes i våpenhuset er veggene kledde med liggjande faspanel.

Fløydøra i vest er sekundær og av eik. Kvart dørblad har fire enkle fyllingar over einannan i ramme. Utvendes er døra dekt av saltak med bordkledd ytre gavl. Det går trapp av skiferplater med rekkverk av smijarn frå nord og sør opp til inngangen

Tårnet har eit liggjande vindauge med 2 x 3 ruter i sørveggen i våpenhuset. På gallerigangen er det eit vindauge med to x fire ruter i vest over inngangen og i klokkerommet i tredje høgd er det mindre vindauge mot sør, vest og nord. Etasjeskilja er av golvbord på bjelkar.

Hjelmen er inntrekt og spist pyramideforma. Tre bjelkar ligg på tvers av klokkerommet som fundament for hjelmen. Desse ber midtstolpe, hjørnestolpar og ein mellomstolpe til kvar side. Stikkbjelkar frå øvre ramme i tårnet er festa til hjørne- og mellomstolpar som underlag for skjørtet. Hjelmen er bordkledd og dekt med lappheller og er avslutta oppe med kule og kross.

Tilbygg

Tilbygget i aust vart oppført etter teikningar av kommuneingeniøren i Vaksdal og stod ferdig i 1979. Det har same breidde som resten av kyrkja, men er noko lægre. Tilbygget er innreidd med møterom med kjøkkenfasilitetar på sørsida, eit sakristi i nordvest som kan frådelast frå møterommet ved faldevegg, og toalett og bøttekott i nordaust. Ein romleg gang har dør til alle rom og luke til loftet. Veggene er av reisverk, panelte utvendes med bord som på kyrkja elles, innvendes i gangen og i møterommet har veggene ståande skuggepanel, i sakristiet og elles er det plater. Loftet er isolert og panelt.

Inngangsdøra i aust har tre x fire glasruter i øvre del, innvendes er dørene glatte og finerte.

Møterommet har tre vindauge mot sør, på nordsida er det eitt vindauge i sakristiet og eitt på toalettet. Loftet har eit vindauge mot aust. Vindauga har isolerglas, utvendes er tilsett lause, småruta sprosser.

Golvet i møterom og sakristi er av smale golvbord og lakka, i gangen er golvet dekt med vinyl. Luke til kjellar.

Taket er eit saltak i same vinkel som kyrkjetaket og tekt med lappheller. Det er truleg eit sperretak med ein høgtstilt hanebjelke. Himlinga i møterom og gang er panelt, elles plater i første høgd. Loftet har panelt, tredelt himling.

Interiør

Kyrkja er i hovudsak tradisjonelt innreidd med altar, altartavle og altarring sentralt aust i koret, preikestol på sørsida mellom kor og skip, døypefont nord for midtgangen i koret og to benkefelt i skipet skilde ved midtgang.

Korpartiet vart ombygt i 2002. (Sjå ovafor under Korskilje.) Golvnivået i koret vart då utvida vestover og veggen i skiljet fjerna.

Fargar

Vegger og himling i kyrkja er kvitmåla, golvet er grått. Altartavla og altarringen er dominerte av ein lys rustraud fargetone, saman med grått. Preikestolen har blå innslag saman med det grå, medan benkene har grøne vangar, grå ryggar og sete og rustraude setepute. Gallerifronten er kvit som resten av kyrkja. Dørene er kvitmåla. I midtgangen ligg ein grå løpar med rustraudt mønster. Lesepult og orgel er trefarga.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og varme. Oppvarminga skjer ved røyromnar under benkene i skipet og ved panelomnar i koret. Elektrisk straum vart, grunna møbelfabrikken på staden, installert etter måten tidleg i kyrkja, kan henda i 1935.

Inventar

Altar

Kassealtar med ramme med tre fyllingar av kryssfiner i front, to på kvar side og tre bak, den midtre som dør til skåp i altaret. Bordplate av limtre. Enkel fotlist. Altar og altarring står på eit eitt steg høgt podium. Altaret er kvitmåla, sokkel og fotlist er grå. Breidde 161 cm, djupn 75 cm, høgde 100/114 cm. Altaret er truleg sekundært.

Framfor altaret står ein rettsida kneleskammel med skrå overside stoppa og trekt med skinn festa med saum.

Altartavle

Altartavla har ei enkel, klassiserande ramme med fotstykke med skriftfelt mellom postamenta, og biletfelt flankert av flate pilastrar som smalnar inn mot skivekapitel. Kapitela ber arkitrav og profilert gesims under gavlfelt. Biletfeltet er sett inn i ei ramme med blomar i stukkarbeid i hjørna og med flatt rundboga biletfelt. Tavla er halden i lyst rustraudt og lys grått med gull staffering, ramma er gylt. På fotstykket innskrift: ”DET ER FULLFØRT” JOH. 19 KAP. 30. V. I biletfeltet står eit måleri som framstiller Krossfestinga. Biletet er signert Olga Schult.08. (frit efter E. Deger), og nede i venstre hjørne er følgjande innskrift måla på biletet: Han gav sit Liv for dig! Dette måleriet frå 1908 må vera sekundært plassert i altartavla. Det kan ha stått på altaret frå kyrkja var ny i 1925 til det kom inn nytt måleri i 1935 (sjå nedafor), og må ha vorte sett inn att på eit seinare tidspunkt.

På gallerigangen står eit bilete som venteleg har stått i den same ramma på altaret. Motivet er også her Krossfestinga men med dei to røvarane og med Maria, Jesu mor, Johannes og Maria Magdalena ved krossfoten. Biletet er måla med olje på kryssfiner, og skal vera utført av Sigurd Lunde 1935. Lunde var fagonsulent for oppussing av kyrkja dette året.

Altarring

Altarringen er halvsirkelforma og open på begge sider av altaret. Golvet i altarringen er eit steg høgre enn korgolvet. Veggen er rett, kneleputa er stoppa og trekt med skinn festa med saum. Dreia balustrar ber runda handlist med indre hylle for særkalkar. Golvet er raudt, veggen og handlista raud, balustrane er stafferte med lyst grått og gull. Grønt teppe på golvet i altarringen.

Døypefont

Døypefonten er symmetrisk forma med kum med brei ring over rett vegg og innsvinga botn. Skaftet er sylindrisk med rund nodus og er avslutta oppe og nede med vulst. Foten er profilert og svingar ned og ut mot rett standkant. Fonten står på tre kuler. Han er måla i lyst rustraudt, kvitt og gull.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er sekundær i forhold til kyrkja og står på det framskotne korgolvet i sør. Han har fire sider med storfelt og øvre smalfelt og er boren av fire skråpanelte felt samla mot golvet med golvlist. Oppgangen er via trapp frå nord som svingar mot aust ved opplengja i korskiljet. På storfelt og smalfelt er det figurmåleri på fyllingar med utbrotne kortendar. Storfelta viser evangelistane og smalfelta over evangelistsymbola.

Benker og faste stolar

Kyrkja har originale benker på begge sider heilt bak til vestveggen, men framme er det teke vekk benker i samband med endringane i interiøret. Ein benk står på nordsida i koret.

Benkene har nygotiske gavlar med kløverblad over vimpergform med dryppnase. I vimpergen er det skore inn ein signingskross. Bakkanten er rett, medan framkanten svingar fram som armlene og støtte for setefjøla. Nede er vangen todelt og svingar fram i framkant. Ryggen har to bord med ståane panel mellom, og salmebokhylle oppe i bakkant. Eit ekstra beinpar støttar opp under setet. Gavlane er grøne, sete og rygg grå.

Galleri

Kyrkja har eit tverrgalleri i vest som kviler på ein galleribjelke som er lagt opp i det vestre opplengjeparet og elles er understøtta av to enkle stolpar ved midtgangen. Gallerifronten er enkel med ståande faspanel mellom bor under handlista og over galleribjelken. Himlinga under galleriet er panelt. Gallerigolvet er inndelt i tredelt amfi. Himlinga og brysvernet er kvitmåla, golvet grått.

Nummertavler

Tre enkle nummertavler med gavlforma øvre ramme finst i kyrkja, ei med inndelt midtfelt står på orgelgangen, to flankerer altartavla.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk og brun

Altaret er uvanleg kledd med ein enkel, falda duk i ubleika lin som dekkar bordplata og ein brun i same stoffet som heng ned framme og på sidene av altaret. Brunen har eit tjukt mellomfôr og er fôra med linstoffet. Han har fem tungeforma felt i front og to på kvar side. I midten ein gresk kross flankert av alfa og omega og ytst signingskrossar. To signingskrossar på kvar side. Felta er inndelte med gullband, symbola er broderte med rustraudt moullinegarn og gulltråd. Design Anne Landsverk. Brunen er 26 cm høg.

Kyrkja har også ein eldre duk av linlerret med blonde som kant og mellomverk på tre sider.

Messehaklar

a) Raud messehakel av standard, skjoldforma type med djupraud fløyel med kross og kanting av gullband, fôra med lys raud sateng. Umerkt. 1900-talet, truleg frå kyrkja var ny. 100 cm høg og 53 cm brei ved skuldrene.

b) Grøn messehakel i innsmalnande form. Umerkt. 1980-talet? På forsida alfa og omegai kvitt broderi, på ryggsida applikert y-kross med sirkel i krossmidten. På sirkelen brodert sigerslam, på krossarmane broderte vinranker på krossarmane. Umerkt, truleg husfliden. 114 cm høg og 83 cm brei ved skuldrene.

Messeskjorter

Ei messeskjorte er bevart i kyrkja.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokke

Klokke frå Olsen og Nauen. Klokka har krone med midtboge og fir firskorne bøylar, flat kroneplate, ned- og utsvinga hue som bøyger ned mot rett hals over utskrådd korpus og nedbøygd slagring. Riller i overgangen mellom korpus og slagring. Skriftband mellom to ornamentale band og riller på halsen viser produsentnamnet, medan korpus har innskrifta LAND! LAND! LAND! HØR HERRENS ORD. Diameter 72 cm, høgde 55/67 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel nord i koret

Orgelet er merkt G. F. Husted 2001. Det har følgjande disposisjon fordelt på eitt manual og pedal:

Orgelet har høg, rektangulær kasse med ope svellverk med metallfløyter og trefløyter bak orgelkassen.

Orgel på galleriet

Elektronisk orgel med to manualar og pedal, merkt Eminet 650 Classique.

Bøker

Bibel, Oslo 1921, utgjeven av bibelnemndi aat studentmaallaget i Oslo.

Altarbok, Kra 1920.

Tekstbok, Kra 1922

Altarbok, Oslo 1926. Innskrift: Høyrer til Eidsland korbedehus (kyrkjesongaren). År 1947.

Graduale, messebok, Oslo 1925.

Liturgisk musikk, bilag til Alterboken av 1920, u.å., innskrift: Høyrer til orgelet i Eidsland korbedehus.

Koralbog (Lindeman), Kra 1922, Innskrift: Høyrer til Eidsland kyrkja.

Møblar

To eldre pidestallar.

Offerkar

Offer på altaret vert teke opp i ei dreia skål av rognetre med følgjande innskrift under botenen: Eidsland kapell 75 år, Frå Kyrkjelydane i Vaksdal. Rogn. K.S 2000. Høgde 11,5 cm, diameter 18,5 cm.

Blomstervase

Blomstervase i sølv med vid, rund munning som svingar traktforma ned mot åttekanta innsvinga botn på utsvinga fotplate. På foten innskrift: GÅVA FRÅ EIDSLAND HUSMORLAG 1952. Stempel: 830 S, kalk i oval og A. Høgde 21 cm, diameter oppe: 14,1 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden på Eidslandet er eldre enn kyrkja og vart oppretta som ein hjelpekyrkjegard for Stamnes i 1892. Han skulle då ha eit areal på 625 m2. Gravstaden vart gjeven høiest resolusjon 2. april 1889. Den 3. oktober 1891 vart det kjøpt 978 kavdratalner jord frå garden Eide og kyrkjegarden vart vigsla 18. juni 1892. [2]

Kyrkjegarden ligg på eit lett kvelva terreng på nordsida av kyrkja. Kyrkja har låg, men varierande steingard på vest- og nordsida. I aust er kyrkjegarden avgrensa med bøkehekk. Sørsida har portar inn til kyrkjegarden. Det går dobbelløpa trapper med smijarnsrekkverk opp til kyrkjeinngangane i aust og vest og på sørsida utafor trappene er det i kvar ende port inn til kyrkjegarden. Porten i vest er enkel, porten i aust dobbel. I vest er porten festa i ytterkant ytst i ein meklar som går inn som del av steinmuren. På nordsida av kyrkja er det singelgang ved kyrkja, på sørsida ein smal, gruslagd parkeringsplass etter bilvegen.

Gravminne og minnesmerke

Den vestre rekkja av gravminne vender mot aust, elles er alle gravminne vende mot vest. Gravminna går attende til 1920- og 30-talet.

Ei minnesmerke er reist over Ivar Eide (1883 – 1904) av venner og slektningar. Gravminnet av granitt har fundament og høg, avsmalnande minnestein. På framsida av steinen over innskrifta er det festa eit ovalt relieff i marmor med brystbilete av Eide med fele under armen.

Kjelder

Trykte kjelder

Soga om Stamneskyrkja 1861 – 1986, Voss u.å.

Oppmålingsteikningar

Teikning av austtilbygget oppbevart i kyrkja

Bilete

Fotnotar

  1. Soga om Stamneskyrkja, s. 217
  2. Soga om Stamneskyrkja 1861-1986, s. 103f