Eikeland kapell

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Anne Marta Hoff


Eikeland kapell ligg ved Auklandshamn i Sveio kommune. Kapellet vart oppført i 1960 etter teikning av arkitekt J. Staveland. Det vart vigsla 13.11.1960. Kapellet er orientert vest aust med inngangen i aust og koret i vest. Kapellet har 110 sitjeplassar.

Innhold

Bygningen

Kapellet er ei langkyrkje i mur bygd opp av pussa betongblokker. Det har rektangulær grunnplan som omfattar koret og våpenhuset. Vest for koret er det eit smalare og lægre tilbygg med sakristi, venterom for dåpsborn og toalett. I kjellaren i tilbygget er det bårerom og reiskapsbu. Frå våpenhuset går det trapper på kvar side til galleri over våpenhuset. Kapellet er dekt med saltak. Tilbygget i vest er også dekt med saltak, men med slakare vinkel. Over austgavlen ein liten firkanta takryttar av tre med pyramideforma hjelm dekt med plater og avslutta med kross. Kapellet er kvitmåla.

Vegger

Murveggene i kapellet er glattpussa innvendes. Mellom skipet og våpenhuset i aust er det sett opp ein vegg i bindingsverk kledd med ståande panel. Veggen har opning til galleri i andre høgda.

Dører

Fløydør i hovudinngangen. Inngangspartiet i aust har murt trapp med vangar med smijarnsrekkverk, inngangen har framspringande vindfang i mur med skifertekt saltak og med ståande panel i gavlen. Elles enkle dører.

Vindauge

Smale, rektangelforma vindauge i ulik høgde, plasserte i seriar. Kvar av langveggene har fem vindauge sentralt plasserte på veggen. I langveggene er det brukt glasbyggestein i vindauga. Vindauga i austveggen er inndelte i rombeforma ruter. Tre vindauge på kvar side av inngangen, tre over og eitt øvst i mønet. I fondveggen er det eit vindauge av glasbyggestein i form av ein latinsk kross. I tilbygget i vest er det fire vindauge på kvar langvegg med ruter av farga glas i bly.

Golv

Lakka bordgolv.

Tak

Kapellet har sperretak med fem enkle sperrefag som ber åsar og bordtak i fallretning tekt med ruteheller.

Himling

Panelt tredelt himling med flatt midtparti og skrå sider. Synlege konstruksjonselement.

Tårn

Takryttar av bindingsverk med fire hjørnestolpar på bjelkar over gallerihøgd. Festa ved skråband til bjelkane. Hjelmen kviler på ei øvre ramme. Utvendes har takryttaren ståande, kvitmåla bordkledning. Lydopningane er dekte av brunmåla lemmer med sjalusiopningar.

Interiør

Kor og skip er i eitt rektangulært rom utan markering av korskiljet. Preikestolaltar og altarring sentralt plassert i koret. Flyttbar døypefont på sørdsida av altaret. Orgel på nordsida. Elektrisk lys og oppvarming. Raud midtgangsløpar frå inngangsdør til altarring. Det krossforma vindauget i fondveggen er blenda att og framfor det er det no montert lysrøyr i krossform dekte av ein kross i tre.

Langveggene er kvitmåla, fondveggen lys blå. Himlingen er lasert gråkvit. Sperrer og gesims lasert raudbrune. Vestveggen grå, veggene inne på galleriet rosa.

Inventar

Preikestolaltar

Preikestolen har kateterform med lesebrett plassert sentralt og altarbord i form av hylle på framsida. H. 136 cm, br. 165 cm, dj. 39 cm. Altarbord: H. 80 cm, br. 161 cm, dj. 39 cm.

Altarring

Tre sider, dei ytste skråstilte. Sidene er kledde med finér. Kvar side delt inn i to felt ved hjelp av lister. Felta har pålimt motiv, gresk kross av finér.

Døypefont

Åttekanta font av finérte sponplater. H. 90 cm, br. 35,5 cm.

Stolar

Jærstolar.

Galleri

Austgalleriet over våpenhuset sentralt plassert med trapper og dør inn frå sør- og nordsida.

Orgel

a) Harmonium på galleriet.

b) Orgel i bruk i kapellet i 1987, kjøpt brukt frå Holland. Gebr. van Vulpen, Utrecht. Orgelet har seks stemmer fordelte på to manualar og pedal. Prospekt og orgelkrakk i eik. Prospektet har to dører med fyllingar med gjennombrotne, figurative utskjeringar. Dørene dekkar metallpiper. Motivet i lukene er ein halvt knelande person, vend innover. Han er plassert i ein oval forma av greinene i eit tre. Personen på døra til venstre skriv på eit skriftband. Personen til høgre spelar på eit strengeinstrument. Under ovalane på kvar side av trestammen er framstilt firbeinte dyr med vengjer og med hovudet vent utover. Over ovalane to fuglar.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk. Kvit toskafts lin. Svartsaumbord med krossar, kalkar og kristusmonogram. Kvit linløpar oppå. Lespultklede på preikestolen av toskafts ubleika ullstoff. Brodert tornekrune med innskreven gresk kross og alfa og omega på sidene. Broderi i kjedesting og stilkesting i raudt, orange og gult.

Messehakel. Raud messehakel i dobbelvev. Ytterlag i raudt, tynt ullgarn, innerlag i ubleika lin. Begge lag toskafts. Ryggsida og framsida har lyse kantborder og raud botn med stjerner og krossar. Ryggsida har gaffelkross med kalkmotiv i krysset. Framsida har lys stolpe med ranke og IHS. Messeskjorte. Ei bomulls messeskjorte.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for inlogga brukarar.

Klokke

Nyare. Olausens Metallstøperi, 1960. Innskrift: Lova Herren gamle, unge. Diam. 54,5 cm, h. 46 cm.

Nummertavle

Enkel svart nummertavle med gavl nord på fondveggen.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv. Inngravert: 1919-1969. Stpl. 830 S, Lo. H. 20,5 cm, diam. 10 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Gravplass på nordsida av kyrkja. Gravplassen er omgitt av nettinggjerde på støypt sokkel med støypte hjørnestolpar og gjerdestolpar. Inngang frå parkeringsplass langs vegen i aust.

Kjelde

Trykt kjelde

  1. Rasmussen, A.H. (red.), Våre Kirker, Vanebo forlag 1993.