Førde kyrkje, Hordaland

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk

Anne Marta Hoff

Førde kyrkje ligg på garden Myklavoll i Førde i Sveio kommune, rett aust for vegen mellom Haugesund og Valevåg. Vestre Vikebygd sokn vart skilt ut frå Vikebygd sokn frå 1.7.1935 etter kongeleg resolusjon av 13.3.1935. Det vart gjeve løyve til oppføring av kyrkja ved kongeleg resolusjon 4.3.1937. Den nye kyrkja vart teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker og vigsla 22. september 1938 av biskop Fleischer. 1. juli 1981 vart namnet på soknet endra frå Vestre Vikebygd til Førde.

Innhold

Bygningen

Førde kyrkje er ei langkyrkje av mur med firkanta tårn dels bygt inn i vestgavlen og smalare apsidalt avslutta kor i aust. Til koret er det på sørsida bygt sakristi, på nordsida venterom for dåpsborn, toalett og bårehus. Skipet har rektangulær grunnplan som omfattar våpenhus med trapperom i vest. Vestre del av koret er trekt inn i den rektangulære bygningskroppen og sidedelane her er utfylte med delar av sakristi og venterom for dåpsborn. Vestdelen av tårnet er trekt noko vest for fasaden. Tårnet er avtrappa i tre steg og dekt med pyramideforma hjelm. Skipet har saltak med svai, taket over apsiden er halvt kjegleforma. Nord-sørgåande saltak over kortilbygget i nord. Pulttak over sakristiet med fall mot aust. Grunnsteinen er murt inn i grunnmuren i nordre del av vestveggen i skipet og ber innskrifta: A.D.1937.

Vegger

Kyrkja har vegger murte opp av teglstein. Utvendes er murveggene pussa og måla i ein broten kvitfarge Gavlen i aust er utvendes kledd med liggjande bord og måla brunraud. Innvendes er veggene pussa med ujamn struktur.Langveggene i skipet har murte pilastrar mellom vindauga med framforstilte stolpar med rektangulært tverrsnitt. Stolpane er innkassa av profilerte bord med holkil og geisfus med kapitél forma av skrått pålagde bord med utskore ornament med sirklar, nokre med stjerner inni, skilde ved krossar. Stolpane ber gesims. Midt på kvar av langveggene er det ein breiare pilaster ved sida av den ordinære.

Dører

Ytterdørene er finérte i kvadermønster. Innsidene av ytterdørene og dei innvendige dørene er fyllingsdører med fem liggjande fyllingar. Fløydør vest i tårnfoten og mellom våpenhuset og den sentrale delen av skipet. Enkle dører mellom våpenhuset og nord- og sørdelen av skipet. Våpenhuset har også utgangsdører i nord og sør. Dør til det nordre kortilbygget aust i skipet. Fløydør til bårehuset på vestsida av det nordre kortilbygget. Elles enkle dører i tilbygga og på galleriet.

Inngangsdøra er inntrekt i rundboga portikus med tympanonfelt med rundt overlys med sprosser i stjerneform. Inngangstrappa er halvsirkelforma i fire steg. Stjernemotiv innlagt i skifer på øvste steget.

Korskilje

Koret opnar seg mot skipet i full breidde. Vestre del av koret har kvadratisk plan og himling med flat bogeform. Korbogen følgjer den flate bogeforma i korhimlinga, noko lægre. Han kviler på to skiferplater som dels går inn i murane, dels vert borne av flate veggstolpar på kvar side tilsvarande veggstolpane i skipet. Austre del av koret, som går utafor den rektangulære bygningskroppen, er apsideforma og opnar seg mot resten av koret ved ein rundboge. Himlinga i apsiden er kvart kuleforma. Rundbogen i apsiden saman med mindre rundbogar i murlivet i austveggen i skipet, over døra på nordsida og inngang til preikestolen på sørsida, gjev korveggen eit preg av triumfbogemur.

Vindauge

Langveggene i skipet har høge, smale rundboga vindauge, fire på kvar side. Vindauga er delte i tre ved to horisontale sprosser, kvar av delane oppdelt i ni ruter. Sakristiet har eit tilsvarande vindauge på sørsida, sameleis er hovudinngangen i vest flankert av rundboga vindauge. Over inngangane til våpenhuset i nord og i sør er det runde vindauge med ni ruter. På austveggen i kortilbygga er det høge, smale rektangulære vindauge. I apsiden fem ruter i rekkje med glasmåleri (sjå interiør) og under dette eit lite rundt vindauge over altaret. Høge, smale, rektangulære vindauge i midtdelen av tårnet. I klokkehuset rundboga opningar med doble, raudmåla luker.

Golv

Kyrkja har lakka bordgolv i skip og kor. Golvet i koret ligg to steg over golvet i skipet, trinna svakt bogeforma. Kyrkja har fundament av pussa mur.

Tak

Saltaket over skipet har bratt takvinkel. I vest sluttar takflatene mot tårnet. Taket er eit sperretak med fire sperrefag utanom gavlane. Dei fire faga har sperrer, saksesperrer og hanebjelke i form av tang av to boksar festa med gjennomgåande jarnboltar. Materialane elles er lagde på einannan på halv ved, feste med gjennomgåande jarnboltar. Kvart fag er avstiva ved loddbeine jarnstag frå møne til kryssningspunktet for saksesperrene og frå sperrer, gjennom saksesperrer til hanebjelke. Sperrene ber åsar som igjen ber bordtak i fallretning. Saltaket over skipet er tekt med lappskifer. Saltaket over kortilbygget i nord og pulttaket i sør er også tekt med lappskifer. Apsidetaket og tårnhjelmen er tekt med koparplater.

Himling

Skipet har tredelt himling som følgjer saksesperrer og hanebjelkar med skrå sidefelt og flatt midtfelt. Himlinga er av plater, og kviler på gesimsane ved langveggene og på innkledde langsgåande bjelkar som er festa i kryssningspunkta mellom hanebjelkar og saksesperrer. Det er også lagt tverrgåande innkledde bjelkar langs himlinga, ved kvar av veggstolpane og tre spinklare bjelkar i felta mellom veggstolpane. Himlinga er lys beige med mørkare beige og grøne bjelkar. Himlinga i koret er svakt boga og ved hjelp av lister inndelt i kassettar.

Tårn

Tårn med vegger i pussa teglstein i fire høgder. Tårnet er avtrappa i tre deler der første høgda utgjer den breiaste og fjerde høgda den smalaste delen. Tårnet er dels innbygd i vestdelen av skipet. Dei austre hjørna går ned vest i skipet som kraftige pilarar. Våpenhus i første høgda med trapper i nord og sør. Andre høgda har orgelgang der det er innreidd eit opphaldsrom for born. I tredje høgda er det lagerplass og dør inn til loftet. Fjerde høgda er klokkerom og her er opplegget for hjelmen. Hjelmen er ein trekonstruksjon som kviler på murkrona. Krosslagde tenger i to lag som feste for midtmasta. Kvar av dei fire sidene i hjelmen har fem sperrer som ber liggjande bordtak tekt med koparplater. Hjelmen er avslutta med spir i smijarn med kross.

Tilbygg

Bårehus tilbygt på nordsida av kyrkja i 1970 etter teikningar av ark. O. Hovstad og under leiing av murmeister A. Emmerhoff. Samstundes vart det innlagt toalett i kyrkja i tilknyting til venterommet for dåpsborn.

Interiør

Heilskapleg interiør og fargeval frå kyrkja si oppføringstid med klassisistisk preg. Døypefont nord i koropninga. Preikestol på austveggen i skipet, sør for korbogen. Tverrgalleri med orgel i vest.

Fargar

Interiøret vart måla av målarmeistrane Nordskog og Moldesæther. Veggene er måla i ein broten kvitfarge. Stolpar, benker, veggbenker, brystningar, lesepult og preikestol, galleribrystning og dører er måla i lyst og mørkt brunt med gule lister. Kryssfinérfyllingar på benkevangar og i benkeryggar og i veggpanelet. Fyllingane i dørene og på preikestolen er måla i lasert furuimitasjon. Veggstolpane er brune tona over mot brungrønt, dekoret med gule stjerner og krossar og blå og grøn staffasje. Gesimsen i koret er gråbrun, med brun og grøn staffering. Himlinga i koret har blå botn og gråbrune lister med gule kantar. Gesimsen i skipet har gråbrun botnfarge med brun og grøn staffering. På gesimsen i skipet er måla skriftsitat med store, romanske gulmåla bokstavar. På nordsida: JESUS KRISTUS ER EI SONING FOR SYNDENE VÅRE + VER TRU TIL DØDEN, SO SKAL EG GJEVA DEG LIVSENS KRUNA + OG GUD SKAL TURKA KVAR TÅRA AV AUGO DEIRA.+ På sørsida: + INGEN KJEM TIL FADEREN UTAN GJENNOM MEG.+ GÅ BURT FRÅ MEG, HERRE! EG ER EIN SYNDIG MANN.+ DEN SOM KJEM TIL MEG, SKAL EG SO VISST IKKJE VISA BURT+

Glasmåleri

Glasmåleri aust i apsiden. Fem ruter. Signert Atelié G.Rognaldsen - Bergen 1938. Motiv: Jesu fødsel, Jesus signar borna, Jesus i Getsemane, Jesus på krossen med Maria, Kristi himmelferd.

Beige løpar i midtgangen.

Lys og varme

Elektrisk lys i kyrkja frå 1948. Elektrisk oppvarming frå 1953.

Inventar

Altar

Kasseforma altar med tre finérfyllingar framme og ei på kvar side. Tre dører på baksida til skap i altaret. Utspring sentralt bak bordplata for plassering av skulptur. H. 100 cm, br. 169 cm, dj. 70 cm. Fyllingane er lys gule, listverket lys brunt og mørk brunt.

Altarring

Rektangulær med runda hjørne. Open ved altaret i nord og sør. Knefall og handlist stoppa og trekt med mørk raud skinnmønstra voksduk. Brystning av finér med greske krossar i vinkelrammer. Brystninga har gullfarga krossar og vinklar på gulkvit botn. Listverket oppe og nede i ulike brunfargar. Enkel avlang kneleskammel i altarringen med fire bein og stoppa pute.

Døypefont

Åttekanta døypefont av tre. Flat, skålforma kum, rett, høgt skaft sett saman av profilerte bord og breiare fotplate under innsnevring. Farge: Brun furuådring. H. 90 cm, br. 48 cm.

Preikestol

Stolen har fem felt og sluttar elles inn til austveggen i skipet på sørsida av koropninga. Kvart felt har tre liggande fyllingar i ramme. Flat botn kviler på bjelke med profilerte endar. Bjelken vert halden oppe av to stolpar som er innkledde med profilerte bord. Fargar: gult og brunt. Oppgang gjennom veggen via trapp frå sakristiet.

Lesepult. a) Flyttberr brystning med to felt mot skipet og eit smalt felt mot midtgangen ved koropninga på nordsida. Brystninga har finérfyllingar i rammer. Lesebrett montert oppe på brystninga. Fargar: brunt og gult. b) Enkel ny lesepult i tre.

Benker

Benkene har rette vangar og skrå ryggar. Finérfyllingar i rammer i vange og rygg. Lause puter i benkene. Langs langveggene brystningar med finérfyllingar som i benkeryggane og med lause benker framfor. To benker langs veggene i koret.

Galleri

Galleribjelken er lagd opp i nord- og sørmuren og støtta av to stolpar kledde med profilerte bord ved midtgangen. Brystning av fem felt delte opp i ruter ved lister. Himling under galleriet av plater med kasettlistverk. Beige.

Orgel

a) Vestre orgelfabrikk, 1938, plassert bak på galleriet. Piper frå det første orgelet oppbevart i tårnet. b) 1982. VEB ORGELBAU, DRESDEN 1982 OPUS 1023. Orgelet har 12 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Prospekt med rektangulære, glattkanta felt utfylte med metallpiper og spileverk. Mekanisk overføring.

Skulptur

Kopi av Thorvaldsens Kristus på altaret. Gips. H. 135 cm med sokkel.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk. a) Kvit duk med tunga kantbord i Hardangersaum sydd på aidastoff med moullinergarn. Motiv: kalkar og krossar. b) 30 cm brei Hardangersaumsbord festa rundt kanten av altaret. Detaljert saum på linlerret. Motiv: kalkar og krossar. Enkel linduk oppå altaret.

Messehakel. a) Rettsida, smal messehakel i raud korndreiel. Sennepsfarga toskafts silkefôr. Motiv på ryggsida: Kross på lysande sol og med kvit due i krossmidten. Framsida har krosslam med sigersfane i sirkel over likearma kross. b) Grøn messehakel frå Slabbinck, 1991. Vid, innsvinga messehakel i lindreiel. Fôr i mørkare grøn silke. Motiv på ryggsida: Applikerte aks med drueklase. På framsida: Applikert kristogram. Stola i same stoff med gresk kross i gull bak i nakken.

Messeskjorte i tynt bommullslerret, tett rynka i halsen og på skuldrene.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

To like klokker i ulik storleik i tårnet. a) Innskrift mellom to øvre riller: O.OLSEN & SØNS KLOKKESTØPERI, NAUEN PR.TØNSBERG. Innskrift midt på korpus: KLING NO KLOKKA! RING OG LOKKA, RING OG LOKKA FRAA HØGE TAARN! TONA UM FRELSA! KALLA OG HELSA KALLA OG HELSA MED FRED GUDS BORN og på motsett side: VESTRE VIKEBYGD KYRKJA 1936. Diam. 74 cm, h. 70 cm. b) Innskrift mellom to øvre riller: som a). Midt på korpus: KLING NO KLOKKA! RING OG LOKKA, RING OG LOKKA FRAA HØGE TAARN! og på motsett side: VESTRE VIKEBYGD KYRKJA 1936. Diam. 61 cm, h. 60 cm.

Nummertavle

Enkel ramme på austveggen i skipet nord for koropninga.

Møblar

Piano, Petrof.

Brurastolar. a) To brurastolar, no i Eikeland kapell. b) 1976.

To høge stolar i eik. Stoppa skinntrekt sete og rygg. Ryggen har toppstykke med kross og krone. Akantus treskurd. Treverket er olja, skinnet sennepsfarga.

Offerkar

Offeret vert samla i treskål med tinnbeslag på altaret. Hardanger Tredesign A/S og Hardanger Sylvplett.

Blomstervasar

To pokalforma vasar på altaret. Sølv. Inngravert på korpus: TIL GUDS ÆRA/ OG TIL MINNE UM VESLE/ LIV INGJERD LAUVÅS/ SOM GUD BRÅDT TOK HEIM TIL SEG/ 27.SEPT.1947. På foten: FRÅ BYGDEFOLK OG VENER. Stpl. B.R.LOHNE. 830 S, Lo. Krystallvase på pianoet. Inngravert: Til Førde Kyrkje 16.10.1988/ Frå Konfirmantane 16.10.1938.

Diverse

Skip. "Seieren", eik. Laga av Thor Hansen, Skien. Modell av det danske orlogskipet Seieren frå 1795. Gåve frå Klara Ulstad og Ingvard Berge 1988. H. 1 m, l. 1,10 m.

Kyrkjegard og gravminne

Før 1860 vart dei døde frå vestsida av Ålfjorden gravlagde i Vikebygd. Den eldste kyrkjegarden på vestsida ligg ved sjøen i Førde. Han vart oppretta som kolerakyrkjegard i 1857, men vart ikkje brukt til dette føremålet. Frå 1860 vart han nytta som ordinær kyrkjegard. Kyrkjegarden er no freda.

I 1916 vart Framnes kyrkjegard mellom Framnes og Oa teken ibruk for den delen av kyrkjelyden som var busett langs Ålfjorden, på vestsida. Kyrkjegarden vart utvida og vigsla på nytt 3.9.1983. Heile kyrkjegarden vart då inngjerda med tregjerde og det vart laga parkeringsplass.

Førde nye kyrkjegard ligg på nordsida av kyrkja og vart teken ibruk frå kyrkja stod ferdig. Rundt kyrkja er det lagt ein singelgang. Mot vegen i vest er det låg mur med skiferdekke og lågt nettinggjerde, inntrekt port med kraftige mura portalstolpar og smijarnsport. Portstolpane er dekte med skiferheller i tre lag. Nettinggjerde nord for porten er festa i små murpillarar på muren. Kyrkjegarden på dei tre andre sidene avgrensa ved enkelt nettinggjerde. Flaggstong og bauta ved sørvestre hjørne. På bautaen inngravert: Folkehøgskulestyrar BERNHARD HAAVARDSHOLM fødd 30 juli 1898, døydde under Englandsferd Nov. 1941. Styrmann Vilhelm Fagerland Fødd 7. okt. 1915, Døydde under kampane for fedrelandet ved Narvik 9. april 1940. Reist 1945.

Kjelde

Trykt kjelde

  1. Førde kyrkje 50 år 1938 - 1988. Førde 1988.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)