Fortun kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.

Fortun kyrkje
FylkeSogn og Fjordane
KommuneLuster
ProstiIndre Sogn
BispedømmeBjørgvin
Foto
Videoer
Wikipedia
Webkamera
Laster kart...
Koordinater61.4932,7.6867
FellesrådLuster kyrkjelege fellesråd
Kirke-id142600801
Soknekatalognr7090503
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen

Anne Marta Hoff


Innhold

Bakgrunn

Så langt ein har kjennskap til, er dagens kyrkje den andre kyrkja i Fortun. Den første kyrkja var ei stavkyrkje som stod framme på pynten på den gamle kyrkjegarden. Kyrkjegarden ligg der framleis, med ein del gravminne, og ein kjenner murane att frå gamle fotografi av kyrkja.

Kyrkja vart kjøpt av konsul Gade og flytta til Fantoft i Bergen i 1883 der ho vart oppført under leiing av A. Lorange. Kyrkja fekk då ei noko endra form, i det ein freista å føra ho attende til den mellomalderkyrkja som ho var i utgangspunktet, samstundes som ein gjorde henne kortare. Teikningar til den nye kyrkja vart laga av J. Mathiesen, og førebiletet var stavkyrkja i Borgund i Lærdal. Kyrkja vart vigsla i 1903.

Fantoft kyrkje vart brent ned 1. pinsedag i 1992. På tomten er det oppført ein kopi. Kyrkja, slik ho stod i Bergen, er tidlegare gjennomgått av Lidén for Norges Kirker.[1]

Stavkyrkja

Første gongen kyrkja er nemnd er i 1323, men samanliknar vi henne med tilsvarande kyrkjer, må ho då ha vore over 100 år gammal.

Kyrkja er kjend frå gamle foto og frå oppmålingsteikningar av Georg Andreas Bull frå 1854 og av Kristian Bjerknes i 1940.

Teikninga til Bull viser ei kyrkje med omgang og forhøga midtrom. Koret er ikkje teikna inn, då dette var erstatta med eit tømmerkor. Bull har teikna inn runde hjørnestavar i midtrom og omgang og i midterommet to ovale mellomstavar i vest, to i aust og tre ovale stavpar på kvar av langsidene aust i kyrkjerommet, medan dei to faga i vest, som har større vidde enn dei i aust, har utveksling av den mellomliggjande stolpen i form av ein rundboge i høgd med omgangens takanfang.

Stolpane er etter teikninga avstiva med kne som dannar rundbogar under tilsluttinga frå omgangstaka, breiare i dei to vestre faga. Øvst i veggen i midtrommet er det runde lysopningar, plasserte usymmetrisk i høve til stolpane. Kyrkja er teikna med portalar i nord og i vest.[2]

På Kristian Bjerknes si rekonstruksjonsteikning frå 1940, er tømmerkoret teke med, og det er også teikna inn eit våpenhus på nordsida av koret.[3]

Om utviklinga av kyrkja i nyare tid, fortel rekneskapane for kyrkja, som er bevarte frå tidsrommet 1631-1723 og gjev detaljerte opplysningar om kva for utlegg ein hadde. I tillegg finst det generelle synfaringsnotatar frå 1661-65, 1686, ei oppgåve over ”Kirkenes Tilstand” i 1709 og ei generell synfaring frå 1721. I 1861 vart det halde ei taksasjonsforretning over kyrkja. Kjeldene, saman med foto av kyrkja før ho vart rivi, gjev grunnlag for følgjande korte gjennomgang av kyrkja.

Bygningen

I tillegg til vanleg vedlikehalsdarbeid som tjørebreing og utskifting og vøle, kan følgjande bygningsarbeid nemnast:

I 1639-42 vart det utført ein del arbeid i kyrkja, seks tylfter bord vart brukte til golv, loft og omgang, til utskorne lister og fire nye vindaugskarmar. Det vart også laga 10 dreia vindaugspostar og ”mellom werk imellom coret och kirchen” (korskilje). Det er også nemnt postar som er dreia til førmeldte ”fundatzis fornødenhed, suarffuet themmelige thyche”. Dette har truleg samanheng med dreia pillarar til funtehuset (dåpsrommet). Samstundes er det beltalt for dør og stolpar til ”fundten”.

Utvendes er det laga fire brådhus, dvs. skjul til å oppbevara tjørebreingsutstyret. Kvifor det vart bygt fire slike, kan ein berre undrast over.

I 1649-51 vart det etter rekneskapane bygt eit nytt tårn på kyrkja. Rekneskapen er spesifisert i eit framvist brev, og kostnaden er vurdert til vel 110 Rdr. Det kan vera vanskeleg å vurdera kva som ligg i ”et nytt thoren”, særleg etter som detaljert rekneskap ikkje ligg føre, men med ein så høg sum, er det rimeleg å tru at nytt tårn vart bygt frå grunnen av.

I 1658-60 var ein kyrkjebyggar i kyrkja og arbeidde vel ei veke med lemmen og benkene i kyrkja. Det vart då også sett inn to nye vindauge. To klokker fekk beslag og vart hengde opp i tårnet. Dette kan ha vore dei to store klokkene i kyrkja. I 1661-63 vart det laga seks nye vindauge i kyrkja og nokre benker.

I 1661-65 vart pulpituret flytta noko lengre ned, fem nye vindauge står i kyrkja og skal setjast inn, på desse skal det festast jarn med spikar. Nedre del av søraustre hjørnestav og grunnstokk-krysset (eller svillekrysset) under denne er rotna på grunn av lekkasje, dette må ordnast.

Tårnspiret skal tekkast med bly for å hindra lekkasje. Taket over koret og svalene kring koret skal vølast med ny material. Ein har også eit ynskje om å utvida koret som fell lite og trongt. Dette vil ein gjera ved å flytta veggene mellom kor og korsval ut til ytterveggen av svalen, leggja inn tre nye sviller, nytt tak og ny lem. Av ordbruken er det rimeleg å tenkja seg at utgangspunktet for dette ynskje var det stavbygde koret.

I 1664-66 er koret vorte utvida, men ikkje slik ein tenkte seg ved synfaringa. Det er bygt eit tømmerkor, og det stavbygde koret er nedrive. Det er brukt fem tylfter tømmer, 12 sperrer, 14 tylfter bord til sutak og bordtak, to sviller og ein kjøl. Det nye koret vart innreidd i 1667-69. Det vart då lagt kvelv over, det vart laga fire langstolar og ein skriftestol, og nytt golv. I 1670 vart koret bordtekt på alle tre sider. Til dette vart det brukt sju tylfter hogne bord og to tylfter saga bord.

Taket over skipet vart fornya i 1678-79 med 24 tylfter bord. Samstundes vart det laga karmar, rammer og postar til seks vindauge, luker (skodder) til vindauga vart også laga. To nye lemmar i tårnet, truleg etasjeskilje, vart laga i 1684. I 1887 vart det laga enno ein ny lem, i 1685-86 kom det nytt golv i fonten med golvbjelkar under.

Ei allmenn synfaring over kyrkjene vart halden i 1686. Om Fortun kyrkje gjev synfaringa følgjande bilete:

Forthuns Kirche , Eer en af de Gamble Stafue Bøgninger, Chorit tillbygt af Tømmer, paa Kirchen er eet Taarn meget Høyt, Kirchens lengde er 17 Alne bredden 11 Alne, Chorit 12 Alne lang och 9 Al. Bred.[4]

Av dei manglane som vert påpeikte er eit tiltenkt arbeid med tårnet. Den delen av tårnet som går utafor ”Kisten” eller støpulen, dette må tolkast som den delen som går utafor tårnstolpane, skal bordkles, og det skal leggjast golv på alle sider, tårnet skal også tettast der det er hol, det same skal skje inne i kyrkja.

I kyrkjerommet er det for mørkt, og det skal setjast inn to vindauge nedafor ”det underrst Tag”, altså i omgangsveggen. Lukene framfor vindauga, som viser på foto av kyrkja, skal tilpassast betre. I døypefont-huset skal det leggjast nytt golv.

Rekneskapen fortel at det i 1688-89 vart laga ein ny kvelv og ein lem i kyrkja – av 16 tylfter bord. To mann arbeidde med dette i sju veker. Det to vart sett inn to vindauge på kvar side av skipet og laga ny ark («schur») over døra og to tverrarkar, venteleg over vindauga.

I 1690-92 vart det lagt nytt tak på begge sider av koret av 22 tylfter gode bord. Porten inn til kyrkjegarden , med dør og hengsler, var nylaga, sameleis to nye dører med hengsler framfor våpenhuset, her vart det også laga to benker og det vart måla innvendes.

Men alt i 1696-98 vart det laga eit nytt våpenhus på nordsida ved koret av 4 tylfter tømmer, 8 sperrer og 10 tylfter hogne bord. Nordsida var tilkomstsida til kyrkja, og var truleg den vanlege inngangssida. På sørsida vart det laga eit nyt ”schur” (tak?) over stegane av 16 hogne bord og 11 kne.

Skipet og våpenhuset, stolane og pulpituret vart måla og stafferte i 1696-98. I 1699-1701 vart det laga to nye vindauge i koret. Arbeid med golvet og anna vedlikehaldsarbeid vart utført dei første åra etter 1700.

I 1709 vart det sendt inn ein tilstandsrapport for kyrkjene. Om kyrkja i Forthun heiter det:

Fortuns Kirche , Kirchen er Stafue-Bygning och Chorit af Tømmer med Taarn paa Kirchen tegt med Bord och Vell Ved Lige Holden, …[5]

I 1721 var det igjen ei allmenn synfaring, og då heiter det om kyrkja:

Forthuns Kirche, Er i sig self af Stave Bygning, og Coret af Tømmer, med eet fiirkanted Taarn, som fra Grunden er opbygt, og eet Waabenhuus paa Nordre Siide af Tømmer , tægt med Bord, Indvendig hvelved, mahlet og i anden maader vel holdet, undtagen Corets Nordre Tag som er foraadnet, vil af nye Bord igien oplegges, og de andre Tage hist og her med Bord forbædris, Coret er 12 al. Langt og 9 al. Bredt, Kirchen 18 al. Lang og 11 al. Breed, Waabenhuuset 6 al langt og 5 al. Bredt.

Interiøret

Det skriftlege kjeldematerialet fortel også ein del om interiøret i kyrkja. På 1600-talet vart det i mange kyrkjer laga låge benker etter midtgangen på begge sider utafor dei faste stolane «for ungdommen at sidde paa». Slike benker kom i Fortun kyrkje i 1661-65.

Plasseringa av døypefonten har også vore vekslande, og det heiter i same rekneskapsperiode at dåpen skal flyttast ”lengre ned til veggen” og to benker skal lagast der han står no. Truleg vart han flytta nærare vestveggen i skipet, på nordsida. Panelverket som var kring dåpen vart brukt opp att. Den forrige kyrkjeverja, Erich Houge, har samstundes laga eit lite rom bak fonten til reiskap, ei dør framfor ein stol og anna ”flicheri”.

Våpenhuset og koret vart måla innvendes i 1690-92, altaret vart staffert, sameleis preikestolen, alt til ein samla kostnad av 19 Rd i arbeid og 12 Rd til mat. Kvelven vart mala og «smuch ornerit” i 1709.

Inventaret

Ein messehakel i raud taft, + fløyel og silke, vart laga i 1631-32, truleg av Peder Schreder, men Lauritz Hansøns quinde er også nemnt i samanhengen, kanskje er taften kjøpt hjå henne. Samstundes vart det kjøpt eit par massingstakar og laga nytt altar og altartavle med skåp i altarfoten til å forvara messekleda i. Kanskje vart det også laga ein preikestolshimling.

I 1636-38 vart kalk og disk reparerte i Bergen. Ein ny pung til almisser og ein ny messeserk vart laga i 1661-63.

Ny messeserk og ein pung av silketøy til ”att samle Almisse udj” kom i 1661-65. I 1678-79 vart det laga ei jarnbeslått fattig-bøsse med to lås.

Kalk og disk vart i 1686 oppgitt å vera 35 Lodd, kyrkja hadde då to massingstakar og fire klokker, to av dei små. I 1667-69 vart lysestakane vølte og fekk nye lyspiper og skruar.

I det nye tømmerkoret i 1667-69, vart altartavla vølt og det vart laga ein ny altarfot med lister. 1688-89 vart det også laga ein ny preikestol og nytt rekkverk kring altarfoten.

I inventarlista frå 1690 vert vekta på kalk og disk oppgitt til 31 lodd. Kyrkja hadde den raude messehakelen av taft og eit gammalt altarklede + ein lerrets altarduk og ei messeskjorte. Det fanst to store massingstakar til vokslys og to gamle pungar. Framleis var det fire klokker i tårnet ”de 2de noget smaa». I fonten fanst eit massingbekken og kyrkja hadde eit gammalt eldkar.

I 1702-04 vølte ein golvet under benkene i skipet, og alle benkene vart panelte og fekk nye ryggar. I neste rekneskapsperiode, 1705-07, vart det også laga dører inn til alle benkene og etter det vart benkene måla.

Kyrkja frå 1879

Den nye kyrkja vart oppført på andre sida av riksvegen med koret like ved vegen. Terrenget her skrår ned mot elva i dalbotnen vest for kyrkja, og tomtenivået er heva ved ein terrasse med støttemur og avgrensa med stakitt på muren. Den gamle kyrkjestaden ligg på austsida av vegen og lengre nord enn dagens kyrkje. Den nye kyrkjegarden ligg også på austsida, vis a vis kyrkja. Kyrkja vart vigsla 6. juni 1879 og har om lag 340 sitjeplassar.[6]

Bygningen

Fortun kyrkje står framleis slik som ho vart oppført i 1879, ei hallkyrkje i lafteplank med skip og største delen av koret med siderom under eitt saltak. Sentralt i austveggen stikk austenden av koret ut som ein femkanta, lægre del under valma saltak. Kyrkja har vestgalleri og eit romleg våpenhus i tårnfoten i vest. Ho er tilnærma orientert, dreia nokre grader sør-aust/nord-vest.

Vegger

Kyrkja har vegger av lafteplank, innvendes står dei nakne og måla, utvendes er dei kledde med liggjande panel. Skipet, det meste av koret og sideromma ved koret utgjer eitt rektangel der langveggene er lafta saman med tverrveggene aust og vest i skipet, og med tverrveggen aust i korets siderom. Langveggene er på kvar side av skipet avstiva ved tre par opplengjer festa med skrue og mutter. Tre par mellomstolpar korresponderer med opplengjene og deler skipet i midtskip og sideskip. Utvendes har langveggene vertikale markeringar ved opplengjer og tverrvegg, og er slik delt i fem fag. Langveggene i koret er lafta inn i austveggen i skipet i full høgd, skøyten er dekt på vestsida av veggstolpar som går i flog med mellomstolpane. Koret stikk noko ut i forhold til hovudrektangelet og er avslutta med tre sider.

Midt på kvar langvegg står det att ei loddpipe, sameleis i innerhjørna i korets siderom.

Portalar og dører

Dørene i kyrkja ser ut til å vera dei originale. Hovudinngangen er gjennom fløydør vest i tårnfoten og vidare gjennom fløydør vest i kyrkjerommet. Ytterdøra er overbygd med eit lite saltak med snekkarornament støtta på konsollar. Kvart dørblad har fire kvadratiske fyllingar sette inn i ramme. Spegelen på fyllingane vender utover på ytterdøren og innover på dørene mellom skip og våpenhus. Alle opphavlege ytterdører har skoren fas og sirkelsegment utvendes på ramma mot fyllingane, ved dei andre fyllingane elles i kyrkja er det lagt profilerte lister i overgangen. Fyllingsdørene sør-aust i kyrkja, frå kor til sakristi og vidare ut på kyrkjegarden gjennom austveggen i sideromma, har to smale, ståande fyllingar mellom liggjande fyllingar oppe og nede. Det same har dei to dørene mellom galleri og gallerigangen i tårnet. Døra frå skipet til venterommet for dåpsfolk/kjøkkenet har tre kvadratiske fyllingar. Med unntak av døra inntil sakristiet som har ny lås og dørvridar, er det originale dørvridarar, nøkkelskilt og henglser på alle dører.

Ei dør er sekundært sett inn på nordsida i tårnfoten med tilhøyrande rullestolrampe murt opp etter nordveggen og rundt hjørnet i vest (1992). Framfor dørene elles er det trapper av heller. Døra er tilpassa dørene elles.

Korskiljet

Koret opnar seg mot skipet i full breidde, høgda er avgrensa ved ein rundboge i korets gesimshøgd. Rundbogen er avslutta med rundstav. Korgolvet ligg to steg over golvet i skipet og på kvar side av midttrappa er det ei tett brystning i to fag med fyllingar, avslutta oppe ved runda handlist og mot trappa ved åttekannta meklarar.

Vindauge

På kvar side i langhuset er det fem høge vindauge, fire i skipet og eitt i korets siderom, avslutta oppe med slak gavl. Vindauga har berre ei ramme, inndelt ved to ståande, profilerte postar og femdelte vertikalt med sprosser. I overkant er sprossene y-forma og lagar tre små gavlar og diagonale ruter. Sekundaært er det sett inn ekstraglas innvendes i skipet. Desse har lett farga glasruter lagde i bly. Vindauga i korets siderom er delte ved himlingane i romma, og øvre delen går inn til blindloft over sideromma. Desse har ikkje innerglas.

I dei tre veggflatene aust i koret er det same type vindauge som i langveggene i skipet, men utan ekstra glas innvendes. Vindauga har skodder utvendes mot riksvegen. I desse vindauga er det glasmåleri, sjå nedafor under Interiør.

Golv og fundament

Fundamentet er tørrmurt av skifrig naturstein. Golva vart fornya i 1955. Golvborda er kjøpte frå Sjåk Allmenning sag, og arbeidet vart utført av Jens Bolstad. Både i skip, kor og siderom ligg det golv av smale trebord i lengderetning. Golva er lakka. Golvet i korets siderom ligg i same plan som golvet i skipet, medan korgolvet ligg to steg høgre. Det går trapp i to steg opp frå sakristiet og frå skipet. På trappa i midtgangen ligg ein rullestolrampe.

Tak

Kyrkja har eitt saltak over skipet, det meste av koret og over korets siderom. Austdelen av koret har eit lægre saltak med tredelt valming mot aust.

Saltaket er eit sperretak med fire heile sperreband i tillegg til gavlane i aust og vest. Sperrebanda korresponderer med opplengjer og mellomstolpar (sjå ovafor under Vegger). Mellom dei heile sperrebanda er det to enkle sperrepar. Det er lagt inn langsgåande bjelkar på mellomstolpane i raftehøgd, og til desse er det festa stikkbjelkar frå raftestokkane, ein ved kvart sperreband og to mellom banda. Stikkbjelkane korresponderer med sperrene som er kløfta ned i raftestokkane. Mellomstolpane frå skipet går opp i full høgd. På desse kviler langsgåande bjelkar som ber nedre hanebjelkar over tønnekvelven. Over hanebjelkane er det ein andre langsgåande bjelke som støtte for sperrene. Ein mindre øvre hanebjelke er festa til sperrene. I hovudbanda står det hengebjelkar mellom nedre hanebjelke og mønet.

Konstruksjonen er vidare avstiva ved undersperrer frå mellomstolpane til hengebjelken under øvre hanebjelke, og ved skråstøtter i lengderetning mellom dei langsgåande bjelkane på sidene av tønnekvelven. Sperreverket ber sutak som underlag for tak av lappheller. Opphavleg var taket tekt med raud pannestein, desse vart utskifte med ruteheller i 1949-50, eit tak som alt i 1981 vart utskift mot lappheller.[7]

Himlingar

Sideskipa har flate himlingar av staffbord i lengderetning inn mot mellomstolpane. Mellomstolpane ber ein brei, flat gesims, understødd av dekorativt skorne kne mot aust og vest. Gesimsen ber tønneforma kvelv av staffpanel over midtskipet.

I koret held den tønneforma kvelven fram austetter i mest same høgd som i skipet. I aust har himlinga valma avslutting med tre stikkbogar.

Tårn

Sentralt på vestsida av skipet står eit tårn med tilnærma kvadratisk plan. Det går opp i mønehøgd der nedre del er avslutta med gavl til tre sider, øvre del med kokkerom er også avslutta med gavl til alle fire sider, og med inntrekt åttekanta hjelm.

Tårnet er i bindingsverk. Utvendes er det kledd med liggjande panel som kyrkja elles, dei nedre gavlane er dekte med ruteheller, hjelmen med metallplater.

Bindingsverkveggene har etasjerammer med ståande mellomstolpar og store diagonalkryss over to høgder. I dei tre nedre etasjane har tårnet fire inntrekte hjørnestolpar som står fritt i rommet. Over tredje høgd er dei indre hjørnestolpane utveksla mot ei vidare ramme som ber fjerde høgda og midtstolpen i tårnet. Fjerde høgda er avslutta med gavl mot tre sider av tårnet.

Hjørnestolpane frå den nye ramma går opp i klokkerommet i femte høgd der dei er avslutta med den øvre ramma som ber hjelmen. Frå etasjeramma under femte høgd går det frå kvart hjørne også gratsperrer opp i hjelmen. Ved ramma over femte høgd er det lagt eit kryss av tenger om midtstolpen frå midten av rammebjelkane. Det går også diagonale støtter frå gratsperrene inn til krysset. Dei åtte hjørnesperrene i hjelmen kviler på den øvre ramma og går saman med midtstolpen i hjelmspissen. Hjelmen har sutak under platekledninga.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkjeinteriøret gjennomgjekk eit større arbeid etter den andre verdskrigen. Grunnlaget for restaureringa vart lagt av målar Ola Sæter, Ra, og arkitekt Hansteen. Preikestol og korboge skulle senkast og det skulle lagast eit ”enkelt altarskåp” til altaret. Den gamle altartavla, som hang på nordveggen i koret, skulle setjast på altaret att og glasmåleriet flyttast til eit av vindauga i skipet. Det skulle komma farga blyglas i vindauga i skipet og kyrkja skulle få nye interiørfargar. Soknet sette seg mot å flytta glasmåleriet, og lærar Torkel Asheim laga eit ”grunt skåp” til støtte for altartavla på nordveggen.[8] Det vart langvarige diskusjonar mellom Stiftsdireksjon og sokneråd før ein kom fram til ei løysing.

Kyrkja har altar med åttekanta altarring aust i koret, døypefont og lesepult nord i koret og preikestol på sørvestre hjørne mot skipet med oppgang etter sørveggen i koret og over korskiljebrystinga. På nordveggen i koret heng altartavla frå 1692.

I skipet er det midtgang med benkeparti på begge sider og med smal gang ved langveggene. Piano i skipets søraustre hjørne. Tverrgalleriet i vest har orgel med spelepult og fasade aust på galleriet, spelepulten står dels inn i det sentrale galleriframspringet. Orgelhuset er todelt med gjennomgang nord – sør. På kvar side står jærstolar i tre rekkjer.

Fargar

Då Bendixen var i kyrkja kring 1900, var himlingane kvite med blåleg skjær. Veggene var lyst fiolette med mørkare innrammingar. Benkene var lyst gule og bjelkane mørkare med brune kantar. Galleribrystninga, døren og preikestolen hadde lyse eller kvite felt omgjevne av lyst gule band. Korveggen hadde raude sider. [9]

Interiørfargane som er i kyrkja no vart utførte av målarmeister Th. Tveit frå Os i 1957.[10] Veggene har ein gyllen kvitfarge, stolpane er lyst varmgrå, listverk og gerikter kring vindauga noko mørkare varmgrå og sideskipshimlingane er noko lysare og over mot beige.

Tønnekvelvane i kor og skip er lysblå. Inventardelar i koret, også preikestolen, er stafferte i engelskraud, grått, sølv og gull. I skipet har listverrk, dører og gallerifront grøn, raud og gul staffasje, benkene er engelsk raude og grå.

I midtgangen ligg det no ein brei gråblå melert løpar i ull frå Ledaal.

Glasmåleri

Aust i koret er det glasmåleri i dei tre gavlforma vindauga, samtidige med kyrkja. Vindauget i den sentrale austre veggflatet har eit stort midtfelt med figurativ, polykromert framstilling, og to smalare sidefelt med grisaille-framstillingar. Midtfeltet viser Kristus med krossglorie ståande frontalt med høgre handa løfta i velsigningsgest og venstre handa lagt på bringa. Han har langt hår og skjegg, lang kjortel med belte og kappe over skuldrene festa saman i halsen med brosje. Kristus er plasser med nakne føter på rutegolv i ei gotisk arkitekturnisje med krabbesett vimperg og fialar. I skriftfelt under: Ego sum via veritas et vita. Kappa er raud med grønt fôr og gylt kantlist, kjortelen lys blå. Arkitekturelementa gylte med innslag av grønt, turkis, raudt og kvitt. Grisailleframstillingane viser vinlauv symmetrisk kring sentral stamme.

Glasmåleria i dei skrå veggflatene nord og sør for det sentrale glasmåleriet har grisaille-framstillingar i tre smale, høge felt og tre små ruter mellom og over desse i gavlen. Grisaille-framstillingane vsier rankemotiv og kvart felt er innramma av ei farga, ornamental bord i ulike rosa-fiolette nyansar og grønt. Ornamenta i dei små rutene i gavlen er grøne.

Lys og varme

Det vart lagt inn elektrisk lys og varme årskiftet 1954-55.[11]

Inventar

Altar

Altaret er originalt med smale felt i front som felta på gallerifronten. Det er femkanta, i det dei tre sidene i bakkant følgjer forma på den tredelte koravsluttinga i aust. Sentralt bak er dør til skåp i altaret. Skåpet har ei hylle med halvsirkelforma utsparing i døras breidde. Altaret er 198 cm breitt, 104 cm høgt i altarringen og 125 utafor. På det djupaste er borflata 81 cm. Gråmåla.

Altartavle

Renessansetavla frå stavkyrkja vart teken vare på i privat eige, men i 1948 vart ho gjeven attende til kyrkja ved Halvard Drægni.[12] Ho er ikkje i bruk på altaret der ho ville dekka delar av glasmåleriet i austveggen. Lærar Torkel Asheim laga eit lite skåp som vart sett opp på altaret i kyrkja og eit underbygg til altartavla som vart plassert på nordveggen i koret. Skåpet vart seinare teke vekk og lagt på loftet. I 2001 vart det pussa opp og sett inn i bårehuset.[13]

Altartavla er ei enkel, tidleg renessansetavle i 1 ½ høgd og med fotstykke. Fotfeltet er inndelt med profilerte rammer i to skriftfelt. Hovudhøgda er nærast kvadratisk med to portalforma biletfelt flankerte av kanellerte joniske pilastrar og med sveifa vengjer på begge sider. Feltet ber gesims med tannsnitt under to skriftfelt flankert av konsollar, og er avslutta med tannsnittlist og eggstaff under topphøgda som er smalare og lægre. Topphøgda har portalforma biletfelt flankert av kannelerte pilastrar på rammetre. Det ber gesims tilsvarande den over hovudhøgda. På gesimsen står ein liten, broten gavl flankert av spir og med spir sentralt. Topphøgda er flankert av sveifa vengjer i hjørna mellom høgdene.

Biletfelta viser no figurmotiv med moses med tavlene til venstre og Kristus med globe med kross til høgre. I toppfeltet er ei framstilling av Krossfestinga. I skriftfelta på fotstykket står det no med versalar Moses under venstre biletfelt og Christus under høgre. På gesimsen over hovudhøgda står det anno over venstre felt og 1692 over det høgre. I feltet på gesimsen over topphøgda er det enkelt rankeornament.

Hovudfargar på tavla er raudt og grønt med innslag av gull, svart og kvitt. Målinga er utført i 1692, men tavla er etter stilen frå tidleg 1600-tal og har truleg frå først av hatt tekstar i felta.

Altarring

Åttekanta altarring der den austre sida og litt av tilliggjande sider er utfylte av altaret. Golvet i altarringen ligg eit steg høgre enn golvet i koret. Høgdeskildnaden fungerer som knefall, stoppa og trekt med skinn festa med saum. Kvar side har to fyllingar i ramme. Innafor knefallet står eit rekkverk av slanke pillarar, avslutta oppe med runda handlist og indre hylle for særkalkar.

Altarringen er varm grå med gul og gull staffasje og raudbrun handlist. På golvet i altarringen ligg eit mønstra linoleumsteppe.

Døypefont

Det er to døypefontar i kyrkja. Font b) er i bruk no, medan a) er plassert i nordaustre hjørne i skipet.

a) Døypefont av støypt, bronsefarga metall. Fonten er venteleg produsert i Tyskland (saman med altarkrossen) og er samtidig med kyrkja. Han har tradisjonell form med åttekanta, skålforma kum, rett skaft og avtrappa fot. På undersida av kummen og øvst på foten er det støypte, gotiske ornament med kløverforma masverk og spissboge-arkadar med krabbar. På oversida er følgjande innskrift støypt kring kanten i gotisk fraktur: Lasset die Kindlein zu mir kommen denn solcher ist das Reich Gottes.

b) Ein åttekanta font i tre vart laga i 1956 av lærar Torkell Asheim. Kum og fot har utvendes form som åttekanta plater, mellom desse er eit skaft med innsvinga sider ovafrå og nedafrå mot vidare nodus. Over kummen, der plata er laga av åtte trapesforma delar sette saman til ein ring og feste innvendes med kjektar til øvre del av skaftet, ligg ei ekstra, tynnare og vidare plate. Også den er sett saman av åtte deler, med opning i midten for dåpsfat. Under fotplata har fonten fire flatt kuleforma bein. Fonten er brunraud og grå med gull staffasje. Kring oversida er skore og måla: Lat småborni koma til meg hindra dei ikkje for Guds rike høyrer slike til, Luk. 18.16.

Preikestol med oppgang

Enkel, åttekanta preikestol. Kvar side har ei fylling i ramme, omgigg av profilert list og felta er skilde med tynn list. Oppe er fonten avslutta med gesims av profilert listverk og med flat handlist. Nede er ein breiare base over åttekant innsvinga botn som kviler på åttekanta stolpe med base.

Oppgang ved sørveggen i koret over korskiljebrystninga. Oppgangen har tett brystning med fyllingar i ramme og er avslutta nede med firkanta, kraftig meklar.

Preikestolen er i hovudsak brunraud. Staffasje i to varmgrå nyansar, grønt, gult og gull.

Lesepult

Standard lesepult i tre, måla i interiørfargar frå kyrkja.

Benker

Dei originale benkene var gjenstand for diskusjon på 1950-talet. Soknerådet meinte benkene minte om hagebenker, men Stiftsdireksjonen sette seg mot utskifting. I 1952 godkjende Kyrkjedepartementet teikningar av nye kyrkjebenker frå Torkel Asheim, og desse vart produserte og står i kyrkja i dag.[14]

Galleri

Galleriet er bore av veggstolpar, dei vestre mellomstolpane og eit par stolpar som flankerer midtgangen. Dei to siste har kne som støtte for langsgåande bjelkar frå vest under eit sentralt galleriframspring. Dei held fram oppover som hjørnestolpar i knekken ved galleriframspringet. Brystninga har smale, ståande felt skilde med liste på innsida. Utvendes er brystninga avslutta med tannsnitt oppe og nede. Felta har rundbogar med gjennomskoren kløverbladform (trepass) i sviklane. Galleribrystninga er dekt med runda, flat handlist. Golvet på galleriet, som er fornya, er avtrappa i tre steg. På sidene står det stolar, orgelet er sentralt plassert.

Skulptur

Altarkrusifiks

Nygotisk altarkrusifiks som høyrer saman med altarstakar og døypefont a. Truleg tysk arbeid. Krossen er av metall og bronsert, medan Jesus-figuren truleg er gylt. Jesus heng med boga armar og med hovudet hallande ned mot hans vestre side. Augene attlatne, munnen open. Kort lendeklede med livleg foldefald. Kroppen har lett kontrapostostilling med høgre hofte noko høgre enn venstre, beina er festa parallelt med to naglar. Eit skriftband med bokstavane INRI på øvre krossarm. Krossarmane har fas. Endane er markerte med enkel uttrappa profil og slak gavl (eller diamantform). Den kraftige basen er åttesida i klokkeform med avtrappande profilar. Oversida har motstilte kløverbladformer (delte firpass) på kvar side. Høgde 120 cm.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altardukar

a) Altarduk med 22,5 cm brei tunga bord i hardangersaum. Perlegarn på bomull (aida-stoff). Berre sjølve borda har gått utafor bordplata og hengt ned over altarkledet. Borda er sterkt gjennomskoren og sett saman av diagonalar med ulike former for krossmønster.

b) Altarduk med svartsaum på kvit lin, 1952. Broderi på tre sider, ytst ei dekorativ bord, innafor denne vekslar krossar og kalkar skilde med to små, like symbol sette saman av fire hjarte i krossform. Sentralt framme er motivet eit Jesus-monogram. Duken er sydd av Susanna Heltne og Magnhild Asheim Røgeberg.[15]

c) Altarduk, 1981, med 23 cm brei hardangersaumbord, perlegarn på bommull (aida-stoff). Også her er kanten tunga med diagonalstilte ruter med ulike krossmønster sentralt. Innafor denne borda er det brodert vekselvis krossar og kalkar. Sentralt framme ein større kross over to større kalkar. Duken er sydd av Ingeborg Heltne.

Altarklede eller antependium

a) Altarklede oppbevart i kyrkja, enkelt, raud tynn ull med gullfrynser.

b) Altarklede 1965. Raudt, kyrpertvove stoff, levert av Den norske Husflidsforening, Kledet har smale gullband sydd loddbeine på kledet. Kledet dekkar fronten, på sidene går det ned til altarringen.

Døypefontduk

Mellom dåpsfatet og kanna ligg ein brikke, 26 x 26 cm med tunga kant i hardangersaum, sydd med perlegarn på bommull (aida-stoff).

Messehaklar

a) Djupraud messehakel av fløyel kanta med gullband og med kross av gullband på ryggsida. Truleg tidleg 1900-tal. Fôr av raud silke, truleg sekundært. Hakelen er festa med tre hekter på venstre skulder. Forsida er 90 cm høg, ryggsida 103 cm. Hakelen er 67 cm brei over skuldrene.

b) Raud messehakel, Den Norske Husflidsforening 1964. Festa med tre hekter på venstre skulder. Hovudstoffet er damaskvove med krossar, truleg viskose. Gult fôr. Ryggsida har ein applikert y-kross av lyst beige stoff med broderte symbol i kvitt raudt og lyst blått. Over krossmidten er applikert eit lyst blått felt med brodert sigerslam. Krossarmane, som held fram over skuldrene, møtest framme i brysthøgd i v-form. Her er applikert eit diagonalstilt blått kvadrat med kristogram. Hakelen er kanta med smalt gull-band.

c) Grøn messehakel i kypertvoven ull på bomullsrenning. 2004. Fôret er av djup grøn sateng, truleg viskose. Forsida har brodert Jesus-monogram i silketråd og gulltråd, ryggsida har kross med innskrivne hjarte brodert med den same tråden. Rankeformene i krossen er henta frå altartavla på nordveggen i koret. Hakelen er merkt Marit Anny’s Vevstogo. Forsida er 108 cm høg, ryggsida 115 cm. Breidde ved skuldrene 103 cm.

Stola

Ein grøn stola laga av Marit Anny’s Vevstogo, i same stoff som den grøne messehakelen. Stolaen har tre aks på kvar side og kross i nakken.

Messeskjorter

a) Messeskjorte av bomull med rynka ermer og rygg. Første halvdel av 1900-talet.

b) Messeskjorte av lin med grovare kvarding av lin ved ermkantane. Enkle, rett isette ermer. 1950-60-tal.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

Kyrkja har to mest like klokker som vert ringde manuelt. Begge klokkene er frå mellomalderen, truleg frå 1200-talet. Dei har nye kolvar, tre eldre kolvar er oppbevarte i tårnet.

a) Mellomalderklokke, 12-1300-tal. Klokka har krone med midtboge og seks runda bøylar, flat kroneplate, ned- og utsvinga mot to smale riller over rund hue som endar mot to riller på halsen. Mellom dei to rillene er det følgjande innskrift med latinske versalar: + XPC – VINC – XPC – REGNAT – XPC – IPAT. Det siste ordet er usikkert. Andre og fjerde bokstav er vanskelege å lesa i det det er ein tverrstrek nede på p-en og ein bølja strek nedst på t-en. Korpus er smal, jamnt utskrådd og endar mot to riller over ut- og nedbøygd slagring. Undersida av slagringen skrår svakt nedover før han knekker opp innvendes. Diameter 71 cm, høgde med krone 87 cm, høgde utan krone 68 cm.

b) Mellomalderklokke, 12-1300-tal. Klokka har form som a, men utan innskrift mellom rillene på halsen. Ein del av slagringen er slått av. Diameter 78 cm, høgde med krone 90 cm, høgde utan krone 75 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

Det første orgelet kom frå Olsen og Jørgensen. Orgelet hadde ni stemmer fordelte på to manualar og pedal.[16] Delar av orgelfronten står på galleriet og eit skilt med følgjande innskrift er festa til veggen:

Orgle[t] er ei gåva frå Torbjørn S Skjolden. Arne, Johannes, Johan Yttri. Johannes, Halvard Drægni 1923.

Eit utskore felt på eit bord med årstalet 1923 er festa over skiltet.

Orgelet som står i kyrkja no er merkt G.F. Huster 1991. Det har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

1 Bordun 16’
2 Fløyte harmonique 8’
3 Gedaktfløyte 4’
4 Cromhorne 8’
5 Principal 8’
6 Oktav 4’
7 Oktav 2’
8 Mixtur

9 Subbass 16’
10 Fløyte 8’
11 Bombarde 16’

12 Bordun 8’
13 Gamba 8’
14 Vox celeste 8’
15 Obo8’
16 Trompet Harmonique 8’
17 Fløyte 4’
18 Flautino 2’
19 Kvint 2 2/3’
20 Ters 1 3/5’

Orgelhuset er todelt, den fremste delen med fasade mot aust. Ein midtgang skil det frå bakre del som står ved vestveggen på galleriet og har svellverk mot aust.

Orgelfasaden er tredelt med tre rundboga opningar dekte med slak gavl. Midtfeltet er breiare og høgre enn sidetårna. Opningane har metallpiper, i midtfeltet sølvfarga, i sidetårna bronserte/marmorerte.

Piano

Petrof, søraust i skipet, 1985.

Bøker

Diverse liturgiske bøker frå første halvdel av 1900-talet.

Nummertavler

Det er to nærast like nummertavler i kyrkja. Dei har rektangulært felt delt i to med listverk og med Før over venstre felt og Etter over høgre felt. Kvitmåla. Over rektangelet er det eit boga toppfelt det kanten har eit skore motiv med ein femdelt blom sentralt og bladranker nedetter sidene. Toppfeltet er ferskenfarga, blom og ranker i brunt og grønt. Den eine tavla er skoren av lærar Torkell Asheim på 1950-talet, den andre, som er ein kopi, er skoren av sonen hans.

Møblar

Ei kiste med jarnbeslag og ådringsmåling, og med innskrifta Fortun kreds, er bevart i kyrkja. Ho kan tidlegare ha høyrt til i skulehuset. Kista er 44 cm høg, 116 cm brei og 30 cm djup.

Stolar

a) Eit par stolar av bjørk, tidlegare brurestolar, skorne av lærar Torkell Asheim 1957 (etter innskrift på sargen). Originaltrekket er vove av dottera, Magnhild. Stolane har renessansepreg med høg, lett attoverlena rygg med skore toppfelt, stoppa og trekt rygg og sete festa med saum, sarg med skore forstykke, og krumme forbein. Beina er bundne saman med enkle sprosser på sidene.

b) Eit par mindre stolar av bjørk, også laga av lærar Torkell Asheim på 1950-talet. Stolane har tre spiler i ryggen, stoppa sete, rette bein som er avstiva med enkle sprosser under sargen. Trekk som stol a.

c) Eit par brurestolar av renessansetype frå slutten av 1900-talet, laga i Hardanger. Stolane har skore topp- og fotbrett, og bein og sider på ryggen har skiftande runde og firkanta ledd. H-kryss. Sete og ryggbrett er stoppa og trekte med gyllenlêr med blomar, ranker og duer.

Offerutstyr

Enkel fletta korg på finérbotn med pålimt cordfløyel i botnen. Merkt Fortun Kyrkje 1969.

Blomstervasar

a) To blomstervasar i plett med smal munning, innsvinga hals over vidare skålforma korpus på utsvinga fot. Stempel: PB 60 GRAM, 77. Høgde 18,5 cm.

b) To blomstervasar i plett, standard sølvsmedvare, avtrappa fot, trektforma korpus. Kant med riller. Stempel: Eaw, NS, 60. Høgde 19,5 cm, diameter fot 9,7 cm.

Diverse

I tårnet, mellom 4. og 5. høgd er det bevart ei flaggstong for varselflagg, no brukt som trappegelender.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegardar

Kyrkjegarden kring stavkyrkja vart nytta fram til 1897, då kyrkjegarden som ligg nærare kyrkja vart teken i bruk.

Den nye kyrkjegarden er sidan utvida to gonger, først i 1939 då han fekk tillagt 560 m2. Den neste utvidinga, som ligg på ”utsida og oppsida”, vart saman med parkeringsplass for kyrkja vigsla i 1972”.[17] Den siste planen for regulering av heile kyrkjegarden i Fortun er utarbeidd ved teknisk etat i kommunen og godkjend av Stiftsdireksjonen i 1996.[18]

Gravminne

Gravminna på den eldste kyrkjegarden (a) er fotograferte, sjå Bilete. På den nye kyrkjegarden (b) er det reist eit minnesmerke over dei ni som drukna i motorbåtulukka olsokafta 1928.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Bårehuset ved kyrkja stod ferdig i 1989 og inneheld bårerom, toalett og kvile- og reiskapsrom.[19]

Kjelder

Utrykte kjelder

Arkivverket, Riksarkivet
Synfaring 1661-65, Rentekammeret, Rekneskapar, A.d. Bergens stift, 46, Sogn
Synfaring 1709, Rentekammeret, Realistisk ordna avdeling, pakke 3, Sogn

Arkivverket, Statsarkivet i Bergen
Synfaring 1686, Stiftsamtmannen, Boks 1725, legg 3, Sogn
Synfaring 1721, Stiftsamtmannen, Nr 1719, legg 3, Sogn
Taksasjonsforretning over Fortuns Annexkirke med tilliggelser (7. og 8. mai 1861, fol. 129 og 132).
Rekneskapar, Kyrkjestolebok 1631 – 1683 [89], L.nr. 68.
Rekneskapar, Kyrkjestolebok 1690 – 1722, L.nr. 71.

Trykte kjelder

Jubiléumshefte
Bjerknes, K., «Fantoft kyrkje», i Årbok for Fortidsminneforeninga 1940
Kolnes, S.J., Norsk orgelregister : 1328 – 1992, Førdesfjorden 1993

Nettstader

Lidén, H.-E., Fantoft kapell, www.norgeskirker.no

Oppmålingsteikningar

Riksantikvaren, Antikvarisk Arkiv
Bull, G.A., Oppmålingsteikning, ca. 1850
Bjerknes, K., Rekonstruksjonsteikning 1940

Fotnotar

  1. Lidén i Norges Kirker, Fantoft kapell
  2. Bull, G.A., Oppmålingsteikning, ca. 1850
  3. Bjerknes, K., Rekonstruksjonsteikning 1940
  4. Synfaring 1686
  5. Synfaring 1709
  6. Jubiléumshefte, s 9
  7. Jubiléumshefte s 15
  8. Jubiléumshefte s 12
  9. Bendixens manus
  10. Jubiléumshefte s 15
  11. Jubiléumshefte s 15
  12. Jubiléumshefte s 13
  13. Jubiléumshefte s 15
  14. Jubiléumshefte s 14
  15. Jubiléumshefte s 17
  16. Kolnes 1993 s 370
  17. Jubiléumshefte s 19
  18. Jubiléumshefte s 19
  19. Jubiléumshefte s 16


Bilete