Granvin kyrkje

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk

Anne Marta Hoff

Innhold

Bakgrunn

Granvinfjorden er ein av dei fjordarmane som skjær seg nordaustetter frå indre delen av Hardangerfjorden. Som mange andre stader på Vestlandet har det danna seg ein morene i fjordbotnen som skil fjorden frå eit vatn innafor, og på denne morenen har bygda Granvin vakse fram. Kyrkja i Granvin ligg på eit nes som stikk ut på austsida av Granvinvatnet. Første gongen kjeldene nemner Granvin sokn er i 1306.[1] Mellomalderkyrkja i Granvin var ei stavkyrkje som etterkvart fekk tømra utvidingar. Etter at kyrkja vart seld til private eigarar i 1723, vart ho rivi, og dei nye eigarane, Kristoffer Aamundsen Ødven og Sivert Gundersen, bygde ny tømmerkyrkje på same staden i 1726. Denne kyrkja vart ombygd i 1853. Kyrkja var i privat eige til ho vart kjøpt attende av kyrkjelyden 23.5.1857.[2]

Stavkyrkja

Det finst opplysningar om stavkyrkja i dei vanlege skriftlege kjeldene, rekneskapar og synfaringar frå 1600-talet og fram til 1722. På bakgrunn av desse veit vi at kyrkja var spontekt og var omgjeven av svalgang. Ved synfaringa i 1661-65 vart det notert at kyrkja var lita og trong og i 1690-92 er det utgiftsført materialar til og arbeid med eit tilbygg vest for skipet. Samstundes vart det bygt nytt tårn til kyrkja. Kyrkja hadde også eit våpenhus i vest. I 1702-04 vart koret forlengd med åtte alner. Synfaringa i 1721 omtalar bygningen som ei kyrkje ”halvt af stave, halvt af tømmer med et taarn, et vaabenhus for vestre ende og et lidet do. for kordøren, paa søndre side”, begge våpenhusa av stavverk.

Bygningen

Granvin kyrkje vart ved synfaringa i 1686 omtalt som ”en Staffue bøgning med thaarn og svaler wed siden er wed 30 Alen lang”. Diverre er det ikkje her, som ved dei fleste kyrkjer elles, gitt nærare opplysningar om lengde og breidde på dei ulike bygningsdelane, og rekneskapane vert såleis hovudkjelda for eit bilete av kyrkja før utvidinga av skipet i 1690-92.

Ved synfaringa frå 1641, som finst for ein del kyrkjer i Hardanger, vert ”hoffuedKirchen” nemnt, i 1661-65-synfaringa finn vi nemninga ”forKirchen”. Samstundes er det opplyst at det er lagt tre nye kjølar, 15,11 og 7 alner lange, over ”Chorit, Kirchen og taarnit. Elles i rekneskapane før 1690 er våpenhus nemnt. Svalar er nemnde på nordsida, sørsida og austsida av kyrkja.

Det nemnde tilbygget frå 1690-92 vest for skipet var av tømmer. Det hadde same høgde som det gamle skipet, og rekneskapen fortel at det var ti alner langt og ti alner breitt. Ein må rekna med at dette er dei rette måla. Til tilbygget vart det mellom anna brukt 69 ti alner lange tømmerstokkar, fire tårnstavar som var 18 alner høge, to stavlegjer på 11 alner og eit spir, og elles mindre bjelkar, bord og jarn og bly til spiret. Det var Ole Sundre som stod for nybygget. Innvendes la han nytt golv og ny himling. Samstundes kan det sjå ut som ein har flytta det gamle våpenhuset lengre vest og nytta det opp att. Ein har ”Afschaaren alle stolpene under Waabenhuset og fløt det til dem igjen och forbedrit med en Liden ny Kiøhl och et nyt bord under huer side … ”.[3]

Koret vart oppfatta som trongt og lite, og utvida austetter i 1702-04. I rekneskapen heiter det at tilbygget var åtte alner langt. I 1705-07 fekk ein snekkar betalt for å leggja golv og lem i kortilbygget, for nye ”stole”, truleg fast benker, og trapp til preikestolen. Utvendes bordkledde han tilbygget og laga dør med lås og hengsler og med eit ”schur”, ein liten ark, over.

I oversynet over ”Kirchernes Tilstand udj Bergens Stift Anno 1709” vart Granvin kyrkje omtalt slik: ”Er een deel bygt af Stafve, mens Chorit saavelsom et Nyt tilbygg af Tømmer”. Dette kan lesast slik at heile koret no var lafta, men det går fram av andre kjelder, t.d. taksasjonsforretning frå 1725, at det gamle koret framleis stod og hadde fått eit tilbygg av tømmer.

Synfaringa i 1722 gjev nærare opplysningar. Det er då notert at Granvin kyrkje ”Er en Bygning, halv af Stave, og half af Tømmer, med eet Taarn paa, eet Vaabenhuus for Vestre ende, og eet lidet dito for Coer-Dørren paa søre Siide og af Stave, over alt tægt med Bord, Indvendig mahlet, og ellers saavit veldholdet”. Etter dei måla som er gjevne her var koret 18 alner langt og 9 alner breitt, skipet var 23 alner langt og 11 alner breitt, våpenhuset var fire alner langt og fem alner breitt, medan våpenhuset sør for koret var tre alner i kvadrat. Kyrkja hadde såleis ei total lengde på 45 alner. Ettersom det ikkje er gjeve noko mål for tårnet, må dette ha vore integrert i (vestre del av) skipet.

I 1725 vart det i samband med vurdering av kyrkja for eventuell riving, halde taksasjonsforreting ved Granvin kyrkje.[4] I denne kjelda vert måla oppgjevne i sjellandske alner og våpenhuset er ikkje teke med. Likevel stemmer ikkje måla heilt med måla frå 1722. Tilsaman var kyrkja no 33 ¾ sjellandske alner. Tilbygget til koret i aust var av tynt og smalt tømmer og seks alner langt, det gamle koret åtte alner. Breidda på koret var 7 ½ alner, sjølve kyrkjerommet var 11 ¼ alner langt, og ni alner breitt, i tillegg kom det tilbygde tømmertilbygget i vest som her vart målt til 8 ½ alner. Høgda under himlinga var 5 ¾ alner.

Retten fann at ”All Kirchen (uden fornefnt) zacherstj dessen bygning er af 8te Staver af hvilke de 6 som af første Tid da Kirken er Bygd ere gansche forraadned og til nedfalds, de andre 2de udj Indgangen ere tilsatt for at Støtte over Bøgningen.” Det er rimeleg å tolka dei seks opphavlege stavane som fire hjørnestavar i skipet og to i koret. Dei to nyare stavane i inngangen som er sette til for å støtta overbygningen, har truleg hatt samband med tårnkonstruksjonen. Det kan vera tilbygget til koret som har fungert som sakristi. I den samanhengen det står, kan det ikkje godt gjevast ei anna tolking.

Portalar og dører

Hoveddøra inn til kyrkja var i vest gjennom våpenhuset, 1678-79 vart det kjøpt ei ny dør framfor våpenhuset. I 1687-89 vart det opna opp for ei ny dør på nordsida av kyrkja ut gjennom svalen, og bygt tak over denne.[5]

Vindauge

Medan stavkyrkjene etter det vi veit hadde få og små lysopningar ved oppføringa, vart det i tida etter reformasjonen, særleg frå 1600-talet, sett inn vindauge. I Granvin er det tyspisk nok lys til preikestolen som først vert nemt i rekneskapanekjeldene. Kyrkja hadde i 1619-20 utlegg for ”It nyt Vinduehull at hugge ved Prediestolen …”. Ved synfaringa i 1661-65 vart det påpeikt at kyrkja skulle skaffa ”5 Luger for alle Winduerne omkring Kirken”. Det er då rimeleg å gå ut frå at dette også var dei vindauga som var i kyrkja. Like etter, i 1666, vart det kjøpt eit nytt vindauge som vart sett inn på sørsida i kyrkja, og i 1680-81 vart det innsett eit vindauge på ”Pulpetuet”, med ny ramme for innhogging. Etter at skipet vart utvida mot vest i 1690-92, vart det sett inn fire nye vindauge i tilbygget i 1693-95.

Golv og fundament

Det går fram av rekneskapane at kyrkja hadde bordgolv som kvilte på steinfundament. Under golvborda er det nemnt ”en Stoch” framfor kordøra i 1633-35, og tre ”tillAaser” (golvbjelkar) under kyrkjegolvet i 1680-81. Nye ”tillaasser” vart lagde under korgolvet i 1690-92. I 1705-07 vart det lagt golv i det nye tilbygget til koret.

Tak

Taka over skip og kor har truleg vore to doble sutak. Det er uvisst i kor stor grad dei har vore spontekte. Taket over skipet har hatt ei høgde på takflata på om lag 6,8 m (11 alner). Taka vart forlengde mot vest og aust i samband med tilbygga til kyrkja i 1690-90 og 1702-04.

Ved synfaringa i Hardanger i 1641 vart det nemnt spontak på kyrkja i samband med at taket på sørsida av kyrkja var rote og laut skiftast. Spøner er elles ikkje nemnde, bortsett frå i samband med tårnet i 1682 – sjå nedafor. Det nye taket skulle leggjast av gode albord. Det vart også rekna opp materialar som skulle brukast til arbeidet, mellom anna sperrer som var 11 alner lange. På nordsida skulle det leggjast eit nytt sutak over det gamle. Rekneskapane har fleire opplysningar om fornying av sutaka utetter på 1600-talet. Kyrkjetaka var merkte med kross over gavlane i kor og skip, nye krossar er nemnde i rekneskapane i 1682, 1687-89 og 1696-98.

Himlingar

Loft i kyrkja er nemnt i rekneskapen for 1687-89, men elles ikkje. Loftsborda vart då ”Tillhobe drefuen” og det vart lagt ei stor lekt under.

Tårn

Før utvidinga av kyrkja i 1690 hadde ho truleg eit vesttårn bygd frå grunnen, avslutta firkanta med pyramideforma hjelm, og med eit våpenhus mot vest.

Den første rekneskapsopplysninga vi har er frå 1627-29 då sørsida på tårnet er ”forbedrit fra Jorden och op under Thagett” med ny bordkledninga av sju alner lange hogne bord. I 1636-38 fekk tårnet nytt sutak på sørsida. Sju alners lengde, ca 4,3 m, er ei lengde som vert nemnt fleire gonger i samband med tårnet. Det skjedde eit større arbeid ved tårnet før synfaringa i 1661-1665. Det var lagt kjølar på koret og skipet og samstundes på tårnet. Tårnet hadde fått nytt bordtak og sutak, og fire hjørnesviller. I 1682 vart tårnet og ”forbrøstet” tjørebredde, og på same bryst vart det sett opp 150 spøner. Ved synfaringa i 1686 er kyrkja omtalt som ”en Stafue bøgning med thaarn ...”.

I 1690-92 vart det i samband med utvidinga av skipet bygt nytt tårn til kyrkja. Dette tårnet var sannsynlegvis ein stopultårn som stakk opp over vestre ende av tømmertilbygget. Dei fire nye tårnstavane var 18 alner høge, vel 11 m. I synfaringa frå 1721 vart kyrkja omtalt som ”een Bygning Half av Stave og half af Tømmer, med eet Taarn paa, med eet Waabenhuus for Væstre Ende ...”.

Tilbygg og svalar

Skipet vart som nemnt tilbygt med ein tømra del i vest på 10 x 10 alner i 1690-92. Samstundes vart det bygt tårn til kyrkja og alt i 1702-04 vart koret forlenga med med åtte alner.

Før det tømra tilbygget til skipet vart reist, nemner rekneskapne fleire staden svalar, både på nord-, sør- og austsida av kyrkja. I 1661-65 vart det sett lås for nordsvalen der tjøra var lagra. Like etter (1665-67) er det nemnt eit ”Braadhus” som må vølast etter at vinden har teke det, dette er då truleg ein sval. Når rekneskapane fortel om ”braadhusene”, er dette sannsynlegvis hus for utstyr til breing av kyrkja, det er såleis snakk om første og andre ”braad” om tjørestrok på kyrkja. I 1696-98 vart det kjøpt tre nye dører til ”braadhusene”. Svalen på sørsida vart fornya i 1627-29.

Inventar

Altaret var ”Siunchet” og vart oppretta i 1684-86.

Altarring. I 1653-55 vart det betalt for ”en Ny Alter foed”.

Preikestolen vart truleg laga så tidleg som i 1619-20. Då har ”Hans Snedikker Paa Vos” fått betalt ”for PredickeStolen at forfly vdj Kirchen och Andet Atschilligt der At Arbede”. I samband med korutvidinga i 1705-07, vart ein snekkar betalt for ”een trappe till Predichestoelen”.

Benker og stolar i kyrkja vart vølte og endra i heile den perioden vi kan følgja kyrkja gjennom rekneskapar og synfaringar.

Seks stolar (benker) og ein skammel som gjekk i heile kyrkjelengda var ”slet Nehrfaldenn” og vart vølte i 1627-29. I 1662-64 vart stolane på mannfolksida vølte, og i 1665-67 vølte ein kyrkjestolar som ”alleveigne vare noget Brøstfeldige”. Tre stokkar vart lagde til feste for ”Quindestolerne” i 1680-81, og i 1684-86 laga ein fire nye stolar i ”Fordøren” i tillegg til vanleg vedlikehald av benkene. I neste rekneskapsbolk vart ”Stolene i Kirchen samt Benchene paa Gulfuit frammenfor” styrkte med nye kne og bord med meir. Også i 1693-95 og 1696-98 vart det utgiftsført arbeid med stolane, i den siste rekneskapen er det nemnt stolar på galleriet. Då koret hadde fått nytt tilbygg, vart det i 1705-07 også sett opp stolar der.

En ny skriftestol vart laga i 1645-47. I 1680-81 vart det igjen laga ein ny skriftestol.

Galleri. Ved synfaringa i 1661-65 vart det påpeikt at ein trengde eit galleri i kyrkja på grunn av plassmangel. Det er også rekna opp kva slags materiale som trengst. Arbeidet med ”It nytt polpitur udj Kirchen med Ald tilbehør” er utført alt i 1662-64, og galleriet vart måla med det same.

Klokker. I inventarlistene er det nemnt to ”Gode Klocher”, i tillegg har kyrkja ei ei lita klokke. I 1696 vert det nemnt at ei klokke som vog fire våger var sund.

Skulptur. Om krusifikset vart det ved synfaringa i 1661-65gjort følgjande merknad: ”ellers vil Crucifixet noget forbedris som och er forslit”.

Måleri. Presteportrettet av Thomes Samuelsen Uro som no heng i Ulvik kyrkje, høyrde tidlegare til i Granvin. Det vart etter rekneskapen i 1662-64 av ”Sorenschrifueren och Mend, udlagt j stort contrafei med forgylte Rammer omkring som udi kirken til Zirat och prydelse schal vere indhengt, efftersom ded schal haffue Wered ded beste som war at bekome effter ad Ko. Mai. Resterende Schatter var betaldt”. Presten Uro døydde i 1667. Sjå Ulvik kyrkje.

Rituelle kar
Teksten under dette avsnittet er berre synleg for innlogga brukarar.


Parament

  • Ein altarduk vart kjøpt i 1648-1649. I inventarlista i 1696 er det rekna opp ein god og ein gammal duk, medan det i 1707 berre var ein gammal. Seinare er det sett til lista ei opplysning om ein ny altarduk med kniplingar rundt som var gjeven av ”Sl. Mandrup funches Kieriste” i 1710.
  • Kyrkja hadde eit altarklede i 1696. I inventarlista frå 1707 er det i tillegg teke med eit nytt raudt altarklede ”giort af Sl. Mandrup Funhes Enche”. Det siste finst i kyrkja enno, sjå nedafor under kyrkja frå 1726.
  • Messehaklar. Det vart innkjøpt silke til messehakelen i 1633-35. Den messehakelen kyrkja hadde etter inventarlista frå 1656-58 var av raud ”Markej”. Ved synfaringa i 1661-65 vart det etterlyst ein ny messehakel, men ein har kanskje i staden valt å fornya den gamle, ettersom det i 1668-70 vart kjøpt fem kvarter løkkefløyel til kross framme og bak på messehakelen og 14 alner skruesnorer rundt kantane og noko silke, det er i alle høve ikkje gjort greie for resten av materialane dersom dei fekk laga ein ny. I inventarlista frå 1696 er også messehakelen omtalt som ein gammal toskafts messehakel med svart fløyelskross, seinare er det sett til lista ein ny fløyels messehakel gjeven av sorenskrivar ”Sr. Mandrup Funch”. I listene frå 1707 og 1720 vert begge desse messehaklane rekna opp og det kjem fram at den nye hadde krusifiks. Denne finst framleis i kyrkja, sjå nedafor under kyrkja frå 1726.
  • Messeserkar. Rekneskapane fortel om omsying og vøling av messeserkane. I 1650-51 vart det kjøpt ein ny, i 1673 er det laga ein ny att, av 10,5 alner lerret, sameleis i 1687-89, då av 14 alner. Også i 1720 har kyrkja ei ny ”Messe Skiorte”. Denne er innført som ei gåve frå sorenskrivar Jesper Svartkop, anno 1719, i eit notat i rekneskapen.

Lysstell. Det vart kjøpt inn ein massing lysestake til kyrkja i 1627-29. Det kan vera den same som er nemnd i inventarlista ca 1656 som ein stor massing lysestake med to piper. I tillegg var det då ein enkel stake og ei lyssaks. I 1661-65 vart det ved synfaringa gjort merknad om at det måtte kjøpast inn ein ny stake, ettersom det berre fanst ein, og seinare inventarlister (1696,1707 og 1720) reknar opp to store massingstakar med to armar, ei lyssaks og ei lykt. I dei to første listene er dette sannsynlegvis sett til seinare, for dei to stakane vart laga i 1711, truleg med dei gamle som ein del av metallet. Dei to stakane finst framleis i kyrkja, sjå nedafor under kyrkja frå 1726.

Bøker. Inventarlista for 1656-58 nemner ein bibel i oktavo, ei altarbok og ei gammal salmebok. I 1668 vart det innkjøpt ”En ny fuldkommen Psalmbog”. I 1683 går det fram av notat i margen i rekneskapen at det er innkjøpt ein ny bibel. Inventarlista frå 1696 gjev eit rikare bilde av bøker i Granvin kyrkje. Kyrkja har då ein bibel i oktavo, ei ny altarbok, ei gammal altarbok, eit nytt kyrkjeritual (i klamme står det at ”Disse Bøger er hos Sognepresten”), ei gamal utsliten salmebok, ei gammal salmebok med notar og ei ny salmebok. I tillegg kjem ein ny gradual i folio som var kjøpt i 1700.

Offerkar. I inventarlistene på 16- og 1700-talet er det nemnt ”2 Fattigpunge”.

Kyrkjegard

Det går fram av kyrkjerekneskapane at det alt i 1619-20 var to inngangar til kyrkjegarden, i 1636-38 er det laga to portar med ”tag offer Och hengsler”. Ved synfaringa i 1661-65 var taka over portane mogne for utskifting att, og ”det 3die, østre leed [...] giøris af nye”. Når desse arbeida er utgiftsførde i den neste rekneskapsbolken, er den vestre, den nordre og den austre kyrkjegardsporten nemnde. Dette vil truleg tilsvara dei inngangane som finst til kyrkjegarden framleis. Til bruk utafor kyrkja vart det i 1627-29 og i 1693-95 kjøpt gapestokkar.

Kyrkja frå 1726

Bygningen

Granvin kyrkje er ei tømra langkyrkje med takryttar over vestgavlen i skipet og våpenhus framfor gavlen. Koret i aust er smalare og lægre enn skipet og aust for koret er eit sakristitilbygg med to rom. Våpenhus, skip og kor har kvar sitt saltak, saltaket over sakristitilbygget er valma i aust. Den vesle, firkanta takryttaren har pyramideforma hjelm. Kyrkja er panelt og kvitmåla utvendes.

I 1853 vart det utført omfattande arbeid ved kyrkja. Ho vart måla kvit utvendes og innvendes, galleriet vest og nord i skipet vart oppført og truleg vart dagens takryttar oppsett samstundes.[6]

Vegger

Veggtømmeret i skipet og i koret har kraftige dimensjonar. I skipet er det 18 synlege omfar innvendes.[7] Stokkane er lagde i skiftande retning og grovt tiløksa. Nokre av dei er skøytte med skråskøyt. Langveggene er avstiva med fem opplengjer kvar, sikra med boltar. Opplengjene endar oppe i kne som understøttar raftestokkane og er festa til takbjelkane. Sørvest i skipet har det vore eit lite, firkanta vindauge som no er attbygd.

Veggene i koret har same preg som veggene i skipet, og dei er lafta inn i austveggen i skipet. I nordveggen i koret har det tidlegare vore ei dør med eit kvadratisk vindauge over, desse er no attbygde.

Veggene i våpenhuset er kledde med liggjande faspanel innvendes og er ikkje tilgjengelege. Gjennom vestveggen i skipet er det synlege laftehovud, men dette må vera laftehovuda frå det første våpenhuset som er omtalt i den nemnde synfaringa frå 1732. Sakristiet er truleg i bindingsverk frå kring 1926. Innvendes har sakristiet ståande faspanel.

Utvendes ber kyrkja preg av restaureringane i 1853 og 1911, med klassiserande listverk, inngangsparti og vindauge. Veggene er kledde utvendes med liggjande bord, dels breie, eldre, dels nyare, særleg i nedre del. Nede er veggene avslutta med vatnbord med staff, fas og rett side over pussa grunnmur. Indre og ytre hjørne er markerte med innkassingar av glatte bord.

Hamre viser til Visitasmelding frå 1867. Kyrkja er då vorten bordkledd for eitt år sida, ved visitasen i 1871 er ho kvitmåla ”overalt” utvendes og til dels innvendes.

Portalar og dører

Dørene i kyrkja er fyllingsdører, høge og smale med små, nærast kvadratiske fyllingar over einannan. Fløydøra vest i våpenhuset har glatt ramme med tre fyllingar i kvart blad, fyllinga i midten mindre enn dei andre. Utvendes er døra kledd med ståande faspanel over fyllingane og med ramme som i fyllingsdøra med tillegg av ein boge over dei midtre fyllingane. Geriktene utvendes er rifla med hjørneklossar med bladornament. Døra er overdekt med skrått vatnbord på konsollar og med profilert listverk. Ei tresida, skiferlagd trapp fører opp til døra, vestre delen av trappa går vidare ned til port ved riksvegen.

Fløydøra mellom våpenhus og skip er eldre, med opphavlege beitskier, men med nyare gerikter. Kvart dørblad har fire små fyllingar over einannan, utvendes har fyllingane høg fris, innvendes flatare. Rammekantane er fasa.

Ei fylling frå tidlegare dør er opphengd i ramme på austveggen i våpenhuset, sjå under Interiør. Ei eldre dør er plassert i våpenhuset i lagerrommet under trappa til galleriet.

I våpenhuset er det ei nyare dør i sveitserstil i sørveggen. Døra er sett inn i samband med rullestols-rampen som går opp frå sørsida av skipet og rundt hjørnet til sørsida av våpenhuset. Sakristiet har nyare fyllingsdører med rifla gerikter.Døra nord i koret vart kommentert ved visitasen i 1834. Ho var då så ”smal og trang, at kun et menneske kan trænge sig igiennem ad gangen”, og prosten gjorde framlegg om at ho burde utvidast med ein fjerdedel på kvar side.

Også ved Bendixens registrering rundet 1900 hadde kyrkja dør på nordsida i koret. Den gamle kyrkjedøra låg då på loftet og hadde eit vanleg jarnbeslag og gangjarn. Han registrerte også ei dørinnfatning med årstalet 1646, rundboga og med kanellerte pilastrar.[8]

Korskiljet

Johannes Kinsarvik leverte teikningar til ein korboge med treskurd, men det vart valt å utføra arbeidet enklare med måla dekor.[9]

Korskiljet har brystning av veggstokkar frå den austre veggen i skipet som går frå samanlaftinga med koret inn til innkassa stolpar som flankerer midtgangen. Desse stolpane, (og stolpane under vestgalleriet som flankerer midtgangen der) har holkil med geissfuss i hjørna. Innkassingane er nye. Over eit rutedelt sprinkelverk er opninga enda i overkant med tre omfar veggstokkar. I midtgangen mellom dei innkassa stolpane er det skore ein slak boge opp i veggstokkane, fôra med bord.

Vindauge

Då Bendixen registrerte kyrkja rundt 1900, hadde langveggene fire vindauge kvar, to og to plasserte over einannan. Lys til galleriet kom gjennom eit lite vindauge oppunder takskjegget. På nordsida av koret var det eit vindauge i vest og eit mindre over norddøra, sør i koret var det to vindauge, ”Det hele saa underlig smaat”. Biletet som viser nordveggen hjå Bendixen, viser den no attbygde døra og vindauget på nordveggen i koret.[10] Vindauga i kyrkja vart utskifte i 1911.[11]

Kyrkja har i dag to store vindauge på sørveggen og to på nordveggen i skipet. Desse har krysspost med fire rammer, oppdelte ved sprosser med seks ruter i øvre ramme og åtte i nedre. På sørveggen er dei to vindauga flankerte av to mindre og eldre vindauge, eitt på galleriet i vest, og eitt ved preikestolen. På nordveggen er det eit lite vindauge på galleriet.

Skipet har også to vindauge i vest som flankerer våpenhuset, desse er ei-rams med åtte ruter.

I langveggene sør og nord i koret er det eit stort vindauge som dei i skipet, utvendes ser det ut som eit tilsvarande lengre aust i sørveggen er attblenda.

Sakristiet har fem vindauge, to i aust, eitt i kvar av skråflatene og eitt i sør. Vindauga er ei-rams med åtte ruter.

Våpenhuset har eitt vindauge i gavlen over vestportalen og eitt i sør attmed døra, det i sør er ei-rams med åtte ruter. Vindauga på galleriet er torams med fire ruter og med ekstra indre rammer utan inndeling. Vindauget ved preikestolen har ei ramme med seks ruter, og er truleg det eldste vindauget i kyrkja, det einaste der sprossene er profilerte.

Golv og fundament

Det vart lagt nytt golv i kyrkja i 1907, golvet vart då lakka.[12] Golvet i midtgangen i skipet og i koret er av breie bord, som for det meste er lagde i jamne skift og feste til golvbjelkar med store trenaglar med kvadratisk snitt. Borda ligg i lengderetning og er gråmåla. Under benkeområda er det i seinare tid lagt nytt golv, truleg over det gamle. Dette er av smalare bord feste med spikar. Borda ligg på tvers og er brunlakka. Golvet i koret ligg to låge steg over golvet i skipet. Golvet i sakristiet ligg enno to steg høgre, det er kledd med rosa/lilla boucléteppe. Golvet i våpenhuset ser ut til å vera av plater dekte med nålefilt. Det kan liggja bordgolv under platene.

Grunnmuren er tørrmura, til dels med kalkbruk, utvendes pussa med sement. Visitasen i 1834 stadfester dette: ”Imidlertid befandtes muren under kirken, som for det meste bestod af løse stene, der til dels vare udfalden af deres leie, at tiltrænge reparation, at opmures og kalkes”.[13]

Tak

Kyrkja har eitt saltak over våpenhuset, eitt over skipet (brote av firkanta takryttar med pyramideforma hjelm i vest), eitt over koret og valma saltak over sakristiet. Taka er tekte med lappheller, hjelmen med små rektangulære ruter.

Taket over våpenhuset er ein sperrekonstruksjon. Saltaket over skipet har enkle sperrer i vest ved takryttaren. Aust for takryttaren har taket 11 sperreband i tillegg til austgavlen, og kvart sperreband er sett saman av sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Nokre av sperrebanda har også midtstolpe på sentral dragar på takbjelkane. Saksesperrene er skråskorne i nedre ende og festa med trenagle til sperrene over raftestokken. Hanebjelkane er lagde på halv ved inn på sperrene og sikra med trenagle, sameleis i møtet mellom saksesperre og hanebjelke, i saksa, der saksesperrene går opp i sperrene, og i mønet. I mønet er sperrene lagde i skiftande retning. Takverket over koret er av same slag med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Annakvart sperreband har midtstolpe. Treverket i takkonstruksjonen er einsarta og truleg nytt til kyrkja. Det er eit vindauge i taket på sørsida av skipet. Taka er kledde med sulagde bord som ber rekter, lekter og ruteheller. Delar av sutaket kan vera av oppattbrukte bord. Taket over sakristiet har sperrer, gratsperrer og spinkle hanebjelkar.

Taka var tidlegare tekte med raude takpanner, i 1914 vart det lagt lappskifer på kyrkja ved N. Kirketeigen. Tårnet vart ikkje skifertekt før i 1936.[14]

Himlingar

Koret har flat himling av smale, pløygde bord på ni takbjelkar. I skipet ligg det også smale bord over 16 takbjelkar. Midt i himlinga over skipet er eit felt med gitter av spiler, ei opning for lyden frå orgelpipene som er plasserte på loftet. I våpenhuset er det også himling av bord over takbjelkar. Takbjelkane i våpenhuset ligg i aust-vestleg retning. Gallerigangen i andre høgd har skråtak på sidene og himling underkledd med faspanel.

Tårn

Kyrkja har ein firkanta, låg takryttar med pyramideforma hjelm over vestre del av skipet. Denne kan ha vore ein del av det arbeidet som vart utført ved kyrkja i 1853.[15] Takryttaren kviler på ei ramme over dei vestre bindbjelkane og på tømmerveggen i vest. På rammehjørna står fire hjørnestolpar stødde med skråband til ramma. Delar av konstruksjonen er sekundært utskift (søraustre hjørne og ein del av ramma sør i austdelen). Over skråbanda er takryttaren stødd med andreaskrossar på alle fire sider. Over andreaskrossane er det mellomstolpar på tre sider, ikkje i aust. Under golvet i klokkestova er det lagt inn ei ramme, her kviler ein aust-vest-gåande dragar sentralt der kongen er festa. Frå ramma har veggene i klokkestova to mellomstavar som flankerer lydluker i nord, vest og sør. I aust er det ei lita opning utan stengsle. Over klokkestova er veggene avslutta med ei ramme stødd opp av skråband frå hjørnestolpane. Kongen er støtta av ei aust-vest-gåande tang frå ramma og to bjelkekryss i hjelmen. Hjelmen har fire hjørnesperrer og tre mellomsperrer på kvar av dei fire sidene. Det er sett inn nytt, elektrisk ringjeapparat og samstundes vart det skaffa to nye klokker. Apparatet styrer også lydlukene i nord og sør.

Det går trapp opp til gallerigangen nord i våpenhuset og vidare opp i takryttaren frå sørvest, der den lange trappa kryssar eit halvgolv og går opp i klokkestova. Trappa er etter måten ny, men på begge sider er ho festa til tjørebredde bjelkar med regelbundne hol i ei side, desse er truleg frå ein eldre stige.

Tilbygg

Oppgangen til galleriet var tidlegare på nordsida i skipet. I samband med at ein ville flytta oppgangen ut i våpenhuset, vart det i åra 1910-12 laga eit nytt og større våpenhus.[16]

Sakristiet aust ved koret vart oppført i samband med 200-årjubileet i 1926. Det vart teikna av arkitekt Halding, Bergen.[17] Tilbygget er kledd innvendes med ståande faspanel og har faspanel i himlinga. Gerikter er rifla. Opphavleg var det berre eit rom, no er det delt i to rom etter midtaksen med ein liten gang i nord-rommet og dør ut. Nyare fyllingsdører.

Interiør

Kyrkja er relativt låg under loftet. Koret er langt og rommeleg i forhold til skipet, opninga mellom dei to hovuddelane av kyrkja er vid og høg. Sentralt aust i koret står altaret med altartavle og altarring. Nord- og sørveggene har veggbenker. Oppgangen til preikestolen er frå sørsida over korskiljebrystninga. Døypefonten står på nordsida i koret ved korskiljet. På nordveggen heng ei katekismetavle, på sørveggen ei altartavle frå 16-1700-talet.

Skipet har midtgang med benkeparti på begge sider, benkepartia går heilt bak til vestveggen. Vestre og nordre side i skipet har galleri med ekstra benker. På sørveggen i skipet heng eit krusifiks frå seinmellomalderen. Spelepulten til orgelet stå lengst aust på nordgalleriet, medan sjølve orgelverket er plassert på kyrkjeloftet med lydopningar i himlinga over skipet.

Fargar

Fargesettinga i dagens kyrkje er ved Lars Osa som i samband med kyrkja sitt 200-årsjubileeum i 1926 måla ranker på fondveggen i koret, under himlingane i kyrkjerommet, på opplengjene i koret, på korskiljet og på galleribrystningane i nord og vest.[18]

På fondveggen i koret har han måla figurmåleri på lerret av Peter og Paulus, dei to måleria er integrerte som ein del av veggmålinga. Innimellom rankene på galleribrystningane er også ulike symbolske figurmålingar, men enklare. På vestgalleriet høne med kjuklingar, hjort og einhjørning og pelikan som pikkar seg i brystet. På nordgalleriet er det framstillingar i fem firpass: ei kalvariegruppe sentralt flankert av to evangelistsymbol på kvar side. Lars Osa har også måla preikestolen med evangelistframstillingar i felta.

Hovudfargane i koret er bleik gul-beige på øvre del og ei gråkvitt, låg draperimåling på brunraud botn i nedre del. Himlinga er blå med gråkvite bindbjelkar, raudbrune på undersida. Koret har grått golv og kvite vindauge.

I skipet er hovudfargen lys gulgrøn med olivengrøn brystning. Golvet er grått i gangfelta, under dei raudbrune benkene er det brunlakka. Opplengjene i skipet er marmorerte med blått på den gulgrøne veggfargen. Himlinga er blå med raudbrune bjelkar. Bjelkane under galleriet er måla som bjelkane i koret.

Tidlegare fargar

Kring 1900 opplyser Bendixen at ”alle indre vegge er malet lyseblaat”, men at det er restar av ”billeder og de sedvanlige slyngede bladornamenter” ved inngangen.[19] Det finst enno svake restar av den tidlegare målinga på vestveggen på vestgalleriet og i eit lite felt som er avdekt aust for krusifikset på sørveggen i skipet. Her finst delar av namnet PHILIPUS, noko som tydar på at læresveinane har vore framstilte på kyrkjeveggene.

Bendixen beskriv vidare ei måla fylling på vestdøra i skipet med innskrift. Fyllinga er no sett inn i ei ramme, er opphengd på austveggen i våpenhuset, og ber følgjande innskrift i rosemåla blomekrans i Os-stil: Naar du oplukker denne Dør, da hos dig den Betænkning gjør at Jesus, vores Frælser kjer den rette Dør til Livet er.- Malet i 1853.

I våpenhuset var vestinngangen til skipet omgjeven av måla brett frå slutten av 1600-talet. Bretta hadde

store slyngninger af delte, profilert blade, gule med rødt, og paa de svære bjelker udenom, paa selve veggen og over døren er malet en bord af halvkredse, gule, hvide, saa igjen gule, røde og ytterst en smal blaa kant med rudet felt eller spidser og med hvid grund mellem alle halvkredsene. Nederst er disse kredse større og har 3 røde indfatningslinger.[20]

Lys og varme

Kyrkja har no elektrisk lys og varme. Det vart murt opp to loddpiper og montert to omnar i kyrkja i 1904. Pipene står framleis, men kyrkja er no oppvarma med røyromnar under benkene. Desse vart ikkje installerte før i 1970.[21]

Inventar

Altar

Det tidlegare altaret var ”underligt dannet, idet der paa hvert af de forreste hjørner er et skablignende bredt fremspring (som 3 sider af en ottekant)”.[22]

Dagens altar er laga av Johannes Kinsarvik 1909. På framsida har det pålagd blindbogearkade avgrensa med pilastrar i tre felt med tre bogar i sentralfeltet og to på kvar side. Sentralt i midtfeltet er ein likearma kløverblad-kross. Altarsidene har eitt felt med tre bogar. Altaret er 125 cm høgt frå golvet og 100 cm frå golvet i altarringen. Breidde på plata er 214 cm.

Altartavle

Kyrkja har tre altartavler, ei katekismetavle, ei frå slutten av 1600-talet eller tidleg på 1700-talet og den som står på altaret og som vart laga saman med det nye altaret og altarringen i 1909.

a) Katekismetavle. Tavla er sett saman av eit rundboga midtfelt og ei lægre sidefløy på venstre side. Ev tilsvarande fløy på høgre side manglar. Midtfeltet er ved hjelp av listverk inndelt i eit toppfelt, eit nedre skriftfelt og to sidestilte rektangulære skriftfelt i midten. Det er far etter ei runda list ved øvre kant, men denne manglar. På sidefløya skrår overkanten i boge opp mot midtfeltet. Sidefeltet har list nede og i ytterkant, men manglar lista oppe. Toppfeltet og det nedre feltet har vore måla, men det meste av denne målinga er borte, Bendixen registrerte restar av Fadervår på det nedre.[23] På toppfeltet står det att eit skjold. Skjoldet er truleg toppa av ei krone og delt i fire ved ein kross. I tillegg er det eit sentralt, skjoldforma felt og eit nedre frådelt felt. Øvst til venstre truleg tre gule løver på gul botn, øvst til høgre den norske løva med hellebard, nede til venstre tre kroner, no grå på gråblå botn. Nede til venstre kan det vera ein hest i ein hage og nedst kan der vera ein falk, blå på raud botn. Det vestre av dei to parallelle felta i midtfeltet har raud botn og gulkvite bokstavar med dei ti bodorda som innskrift, feltet det til høgre har den apostoliske trusvedkjenninga på svart botn. På sidefløya er botnen svart, innskrifta med ”Daabens sacramente” er måla i gulkvite bokstavar.

b) Tavle frå 16-1700-talet. Provinsielt snekkararbeid i to høgder med vengjer og toppfelt. Den første høgda er noko breiare og høgre enn den andre, liggjande, rektangulær og sett saman av tre liggjande bord med list rundt på framsida Eit sirkelrundt biletfelt er avgrensa med ein utskoren bladkrans med fire englehovud. Feltet er flankert av snodde søyler på firkanta postament og med enkle kapitel som ber utskorne, lauvomkransa ansikt. Ein gesims av listverk ber andre høgda som også er sett saman av liggjande bord og omgitt av list. Biletfeltet her er liggjande rektangulært og flankert av tilsvarande søyler med ansikt, og feltet har også gesims som første høgd. Toppfeltet er eit utskore motiv, truleg ei krone med flankerande ranker. Vengjene i første og andre høgd er like og forma som utbøygde rutenett. Måleria i biletfelta er ein kvit kross på svart botn i første høgd og ei gul sol med ansikt på svart botn i andre høgd. Under svartmålinga kan skimtast tidlegare motiv, ei krossfesting med Maria og Johannes og fleire personar i første høgd og eit sigerslam med fane i andre høgd. Botnfargen på tavla er brun, bladkransar grøne, søyler lyse og marmorerte. Vengjene er raude og krona gul. Ved visitasen 11.10.1840 vart det frå prosten gjort merknad om at ”de indfame og vanskabte billeder der findes tegnede paa altertavlen, ere til forargilse og anmodede kirkeeierne om, ”at overstryge det hele med en lys farve og i midten at fremstille et kors”. Ved visitasen året etter var tavla ”overmalet med lys farve og faar et kors i midten”, ved visitasen i 1847 hadde tavla svart botnfarge, men mangla enno krossen.

c) Tavle frå 1909. Snekkarverket er utført av Johannes Kinsarvik 1909. Det dominerande biletfeltet er ståande og avslutta oppe med flat rundboge. Det er flankert av to pilastrar, står på eit uttrappa fotstykke med skriftfelt og har eit avtrappa gavlfelt mellom pilastrane i overkant. Gavlfeltet er avslutta oppe med ein latinsk kløverbladkross som ligg høgre enn fialane som avsluttar pilastrane. Pilastrane er dekorerte med utskorne spissbogar og botaniske former, gavlfeltet har knelande englar på trappestega og tre stjerner på botnen. Snekkarverket er måla som altaret i blågrå tonar med ein snev av grønt. Ornamentikk er i gull og ulike nyansar av gråkvitt. Måleriet i biletfeltet er signert N. Bergslien. Det syner ei framstilling av Jesus i templet som 12-åring. Guten står sentralt i kvite, lysande klede med høgre handa peikande med tale-/velsigningsgest mot himmelen, medan venstre handa kviler på brystet. Rundt han sit og står eldre, tankefulle menn i arabiske klede. I bakgrunnen, til venstre i bilete og sentralt i ein rundboge, står to undrande foreldre. På skriftfeltet under biletet: ”Alle dei som høyrde honom undra seg storleg. Lukas 2.47”. Ungdomslaget i Granvin samla inn midlar til altartavla.[24]

Altarring

Utført av Johannes Kinsarvik 1909. Rund altarring med glatt fot med skore ornament i framkant. Stoppa knelepute med baluster-rekkverk festa oppe og nede i glatt ring. Handlista er utsvinga mot flat overside. Gråblå med grå balustrar og raudbrun handlist.

Døypefont

a) Døypefont av stein frå mellomalderen.[25] Fonten har to delar, i det kum og skaft er hogne i same steinen. Rund, enkel tønneforma kum med rett overside, profilerte hjørne og med skrå indre botn mot utsleppshol. Profilet er som ein smal holkil med geissfuss og er trekt langs begge kantar oppe og på sida, men ikkje på underkant nede. Utvendes svingar botnen inn mot skaftet. Kummen er av ein mørk og jamn kleberstein. Skaftet er rundt med profil oppe under kummen. Det kviler på ein firkanta, utskrådd klebersteinsfot med avfasa hjørne, truleg sekundært tilsett. Total høgde 71 cm, diameter kum 63 cm, høgde fot 21 cm, høgde kum + skaft 50 cm. Veggen i kummen er 30 cm høg og 6,5 cm i overkanten.

b) Dåpsengel. I eit lagerrom under galleritrappa heng ein stor dåpsengel (ca 1700). Engelen skal vera kommen frå Mariakyrkja i Bergen som gåve frå Rasmus Wallendahl.[26]

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fem sider av ein åttekant. Kvar side har ei fylling med djup fris mot innsida. Utvendes har sidene storfelt og smale smalfelt oppe og nede. I storfelta er måla framstillingar av dei fire evangelistane utførte av Lars Osa. Flat handlist stoppa og trekt med skinn.Hovudfargar er gråblått, raudt og gyllent. Stolen er boren av eit kraftig kne festa med naglar til tømmerveggen. Oppgang i vinkel frå koret med enkelt rekkverk.

Preikestolshimling

Sekssida himling der den breiaste sida er festa til tømmerveggen. Sjølve himlingen er flat med ei utskoren due hengjande i midten, omgjeven av ein skoren krans. Himlingen har profilerte sidebord som heng ned frå ytterkant og over desse ei krone av utskorne ornament, omvendte kringleformer med ei krone sentralt på kvar side.

Himlinga har blå botn og gylt due og krans. Borda rundt er lyse innvendes, marmorerte med blått og kanta med raudt utvendes. Krona er i hovudsak i raude og gyldne fargetonar. Ved Bendixens registrering ca 1900 var dua måla på blå grunn.[27]

Benker og faste stolar

Benkene i kyrkja er truleg frå dei første åra av 1900-talet, ”de nye Kirkebenke” vart lakka i 1907, og i 1911 vart det i tillegg laga 14 nye kyrkjebenker.[28]

Benkevangane har rette ryggsider. Under setehøgd har vangen framskoten stolpe mellom to tverrstykke, i tillegg er det sett inn ei tverrsprosse. Dei ståande elementa i vangane har nygotisk fas. Setefjølene er formskorne. Benkene har heile, skråstilte ryggar med liggjande fyllingar og salmebokylle øvst på baksida av ryggane. Dei er måla i ulike raud-brune nyansar.

Ved Bendixens registrering ca 1900 var det stolestader med dører i kyrkja. Han skriv: ”Dørene til stolestaderne har simpelt udskaarne opstandere. Præstestolen underlige tapper eller urner paa de to høie sidestandere, forøvrigt meget simpelt.”[29]

Rundt 1900 var det også ein innebygd stol med forheng på nordsida, denne fungerte som eit slags sakristi.[30]

Galleri

Kyrkja har galleri langs nordsida og vestsida i skipet understøtta av bjelkeverk og av stolpar under gallerifronten. Dette har vore situasjonen langt attende i tid, men oppgangen var tidlegare inne i skipet i det nordvestre hjørnet. Hamre siterer Torbjørn Røynstrand 1853 som har oppført ”Frontgalleri og galleri langs skibets hele nordside; opgangen dertil er inde i kirken.”[31] I 1908 vedtok formannskapet ”Forslag til Udvidelse – Nybygning – af Kirkens Indgang med Trappeoppgang derfra til Galleriet, delvis Nye Vinduer samt Anbringelse af nye Bænke paa Gallerierne”. Arbeidet var truleg utført i 1910 eller 1911.[32]

Skulptur

Krusifiks. Kring 1500.[33] Utskore krusifiks i tre frå seinmellomalderen. Jesus, med tornekrans og krossglorie heng med attlatne auge og halvopen munn og eit fredleg uttrykk i ansiktet. Hovudet er lett bøygd ned mot hans høgre skulder. Armane er rett utstrekte og svakt hengjande. Kroppen er også roleg og symetrisk framstilt med parallelle bein, men fotblada er lagde over einannan og feste med ein nagle. Det korte lendekledet er knytt på hans venstre side. Krossen er ei enkel framstilling av livsens tre med greinfeste på tverrarmen. I krossmidten, bak Jesu hovud er det festa ei rund plate med måla krossglorie. På enden av krossarmane er det festa plater med firpass-form og med måla framstilling av evangelistsymbola med skriftband.

Jesu karnasjon er bleik, tornekrona og krossen er mørkt grøne, krossglorien gylt og raud, gylte og raude er også firpassa. Lendekledet er gylt og grønt. Lange, parallelle måla blodstriper renn frå såra. Høgde 1,85 m, breidde 1,56 m.[34]

Prosesjonsstav. I Granvin kyrkje er det oppbevart ein prosesjonsstav frå mellomalderen. Staven har snodd øvre del med tre kordelar, ein knopp og ein sylinderforma nedre del. Den snodde delen er om lag 2 ½ gong så lang som den sylinderforma. I enden av den sylinderforma delen er det ein gjennomgåande trenagle. Den øvre enden går opp i ein spikka spiss over snoinga. Knoppen er dreia med ei rille midt på. Staven er laga av senterveden i eit tre, knoppen er truleg tredd inn på staven. Opphavleg måling på krittgrunn og dels på lerret. Nedre del har truleg vore raud, knoppen gullfarga og dei tre kausane i den snodde delen svart, raud og lys.

Måleri

a) Bispeportrett. Det skal tidlegare ha hengt eit portrett av biskop dr. theol. Nils Paaske i koret i Granvin. Dette vart sendt til Bergen i 1777, ”men kjendes nu ikke”.[35]

b) Familieportrett av presten Uro, måla av Elias Fiigenschoug, (sjå Ulvik kyrkje), skal tidlegare ha hengt i Granvin kyrkje.[36]

Tavler

Det heng ei tavle med oversyn over etterreformatoriske prestar i våpenhuset. Ei anna, tilsvarande tavle der skrifta mest er utviska, heng i lagerrommet under galleritrappa.

Ei svart måla plate inndelt med enkel kross og med stiftar for oppheng av salmenummer heng i skipets nordaustre hjørne.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduk

Det vert brukt ein ekstra ”dekkeduk” som dekkar sjølve bordplata. Elles har kyrkja desse dukane:

a) Tynn kvit linduk med 18,5 cm brei bord sydd på aidastoff og montert inn i linstoffet. Motiv: åttebladroser og krossar i diaagonale ruter.

b) Linduk med 18, 2 cm brei bord i hardangersaum med krossar i diagonale ruter og med mykje bruk av stavar. Arbeidet er utført av Brita Spildo.

Altarklede

Altarklede av raudt klede. Jaren bevart på sida mot altartavla, her er det svarte trådar både i renning og innslag i 5,3 cm breidde. Kledet er omgitt av gullknipling på tre sider, ikkje heilt bak på kortsidene. Sentralt framme er ein brodert bladkrans med monogram. Kledet er dels defekt, med ein del holer (møll?). Fôret er vekke, bortsett frå på baksida av broderiet. Monogram i bladkransen: Sal. M.N.S.T. / E.H.D.A., under bladkransen: ANNO. .1710.. Mål: 184 x 140 cm.

Messehaklar

Tidlegare messehakel. Bendixen nemner ”En gammel slidt messehagel med hætte[!], aaben baktil. Den har en bred, kostbar bord af guldgalloner, bølgeformet og inde i bugtningerne vifteformede figurer.”[37] Hakelen finst ikkje lenger.

a) Raud fløyels messehakel frå ca 1700. Denne messehakel som framleis finst i kyrkja er også nemnt av Bendixen. Hakelen er truleg identisk med den som vart gjeven av sorenskrivar Mandrup Funch og kona som takk for at ho vart redda då ho heldt på å drukna i Granvinsvatnet.[38]

En rød noget slidt fløiels messehagel med guldgaloner og hvidt altalskes kors, hvorpaa et crucifix; korset i dette er af guldtraad, legemet af sølvtraad; indskrifttavle øverst paa korset og under det hjerneskal og knogler; paa den anden side af messehagelen gaar et hvidt bredt silkebaand.[39]

Fløyelen er sett saman av fleire delar. Fôr av glatta bomullslerret, lyst gråraudt. Forsida har ein stolpe i kvitt silkestoff, kanta med smale metallkniplingar, ryggsida har ein latinsk kross i same materiale. Krossen går ut til sidene og halsen, men er rett avslutta nede over brodert hovudskalle med knoklar. På krossen eit brodert krusifiks med INRI i band på øvre krossdel. Heile hakelen, skuldrene og halsen, er kanta med gullband. Tre hekter på høgre skulder. Den kvite silken i stolpe og kross, sameleis kantbandet og kniplingen, kan vera sekundære. Hakelen skal ha vorte restaurert to gonger. Ryggside 116 x 78, forside 97 x 73.

b) Fiolett fløyels messehakel frå 1926. Messehakelen er kanta med gull-lister og med treeiningsmotiv på forsida og med kross med kalk og alfa og omega i krossmidten og vinranker på armane på ryggsida. Forside 97 x 64 cm, ryggside 108 x 66 cm. Fôr av lys fiolett bomullsateng. Lukking med fem hekter på venstre skulder.

c) Kvit messehakel frå 1976. Messehakelen er ei gåve frå bygdefolket. Ullsateng med applikasjon, stilkesting og gullband. Forsida har blågrøn stolpe avbroten av ein sirkel med kristogram i brysthøgd, ryggsida har gaffel-kross med brodert kjede på sidearmane. Lerretfôr i gult. Hakelen har opning med fire hekter på høgre skulder. Hakelen er merkt DNH og har innbrodert: Bygdegåve i høve jubileet for Granvin Kyrkja 1976. Forside 100 x 72 cm, ryggside 103 x 72 cm.

Messeskjorter

a) Eldre skjorte av tynn bomullslerret med holfald på ermene. Stor arm- og kroppsvidde. Kilar i hals og under armar.

b) Eldre lin skjorte. Stor vidde med kilar i hals og under ermer. Holfald på ermer.

c) Enkel skjorte av lin. Relativt ny, med slitekant i lin på armane Forholdsvis grov.

d) Nyare i tynn bomull med kappeform (bærestykke) og med fin knipling på ermene.

e) Ny med berestykke. Syntetisk.

Preikestolklede

a) Eldre preikestolklede. Det bevart eit avlangt stykke kledde, truleg kant til handlista på preikestolen. Kledet er raudt og sydt saman av fleire delar. Det har ei takka bord etter eine langsida. Fôr av linlerret, også det i fleire stykke av ulike kvalitetar. Monogram og border av gullband, festa med gul silketråd. 10 metallhekter til oppheng i overkant. Monogram: SOL.H.H.S.W - E H D A / ANNO 1716. Renningen i bandet er i naturfarga silke, innslaget i naturfarga silke surra med metalltråd. Den sida som eventuelt har vendt mot sør er falma. Lengde 158, breidde 34 cm. Tilhøyrande antipendium til bokbrettet på preikestolen, tidleg 1700-tal, av same materialar som kledet ovafor. Tungeklipt kant utafor bandet på tre sider. Mål: 43 x 36 cm.

b-e) Nyare preikestolsklede. Fire preikestolklede i dei liturgiske fargane, alle med gresk kross. Truleg DNH, ikkje merkte.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokker

a) Tidleg mellomalderklokke, bikubeforma med krone av seks små, runde bogar og midtboge, rund kroneplate, rille, nedbøygd hue, rett korpus, to riller, ut- og nedbøygd slagring. Ny, balusterforma kolv festa med skruar og mutrar. Klokka er lappa og slipt. Slagringen er oppskrådd innvendes. Trekanta hakk på kvar side av krona, truleg det Bendixen kallar ”Munkemerke”, sjå nedafor. Diameter ca 39 cm, høgde 53 cm med krone, 38 cm utan krone.

b) Klokke frå seinmellomalderen. Klokka har krone med seks kraftige runda bogar og midtboge, flat kroneplate, ned og utsvinga hue, rett hals med to riller over og under innskrift, rett og utsvinga korpus over tre riller. Slagringen skrår sterkt ut og ned, innvendes er han svakt oppsvinga. Innskrift på halsen med gotiske minusklar mellom to riller: [...] Got und Marie. Det første ordet har fire bokstavar og er vanskeleg å lesa. Bendixen nemner ’help’ som ei mogeleg tolking.[40] Mellom Got og Maria er det ein georgskross. Diameter 52,5 cm, ca 62 cm høg med krone, ca 48 utan.

c) Mellomalderklokke med oppheng av tre av seks runde bøylar og halvparten av midtbogen. Dei tre manglande bøylane er erstatta av avlange ringar avv jarn. Flat kroneplate, ned-, ut- og nedsvinga hue, to riller på halsen. Ned- og utskrådd korpus. To riller over sterkt ut- og nedbøygd slagring. Diameter 45 cm, høgde med krone 54 cm, høgde utan krone 39 cm.

d) Klokke frå Olsen Nauen, 2001. Innskrift: ”LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD” under kristogram, alfa og omega. Diameter 51 cm, høgde 49 og 40 cm.

e) Klokke frå Olsen Nauen, 2001. Innskrift: Fabrikkmerket, kristogram med alfa og omega og innskrift: ”ÆRE VÆRE GUD I DET HØGSTE”. (145 kg) Diameter 61,5 cm, høgde 47 og 58 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgel frå 1907

Det første orgelet i Granvin kyrkje kom i 1907. Det var eit Harmonium frå Einar Kalands Orgelfabrikk i Bergen og var ei gåve frå ungdomslaga i Granvin og Øvre Granvin.[41]

Orgel frå 1960

Dagens orgel kom i 1960 og er laga av Jørgensens orgelfabrikk.[42] Spelepulten til orgelet står aust på nordgalleriet. Han har 39 stemmer fordelte på to manualar og pedal.

Disposisjon:

Piano

Kyrkja har eit Schimmel piano under preikestolen.

Bøker

Nokre eldre bøker som høyrer til kyrkja skal finnast oppbevarte.

Offerkar

Ein klingpung vart registrert omkring 1900. Denne er ikkje i kyrkja no.

Blokk festa til austveggen i koret, nord for altaret.

Treskåler

a) Treskål frå 1978. Offeret vert no samla inn i dreia treskål med lok som vert teke av ved bruk. Loket har knopp forma som latinsk kross, Skåla har svidd, skoren og måla dekor med fargane gull, raudbrunt og svart. Begge delar er stempla JL (Jens Lillegraven), under skåla er innsvidd 1978. Diameter lok: 27 cm, høgde ca 21 cm med kross.

b) Treskål frå 2003. Dreia skål med lok av bjørk limtre til innsamling av minnegåver. Spalte i loket. Skåla er laga av Johannes Linga som også har gjeve henne. Innbrent under botnen: Granvin kyrkja, J.L. 2003. Høgde ca. 13,4, diameter 23,5 cm.

Skrin, tinn. Innskrift på loket: Granvin Kyrkje 1963, under loket: Gud elskar ein glad givar, under botnen: Frå 4 Systre. Stempel: PEWTER HAUGSRUD NORWAY 352. Høgde 5,3 cm, loket er 13,5 x 19,8 cm.

Blomstervasar

a) Sølv blomstervase. Tikanta blomstervase i sølv, med svungen korpus med vid munning og tikanta, rund fot. Høgde ca 23 cm, diameter munning 14,1 cm. Stempel 830 S, kalk i oval og B.

b) Sølv blomstervase. Traktforma blomstervase i sølv med nedbøygd kant og utskrådd fot. Innskrift på korpus: GRANVIN KYRKJE. Høgde 22,8 cm, diameter 9,3 cm. Stempel: 830 S og trearma stake.

c) Krystallvase, flat oval med sandblåst innskrift på eine sida: Latinsk kross over GRANVIN KYRKJE 250 ÅR – 1976, olivenblad, FRÅ ULVIK HERAD. Høgde 25 cm.

Diverse

Krigsflagg. Kyrkja har eit raudt krigsflagg, 3 x 5 m.

Spyttebakkar i støypejarn.. To ulike spyttebakkar av malm finst i kyrkja.

Inventar på museum

Inventar frå Granvin på Bergen Museum er ikkje registrert. Her er teke med Bendixens beskriving av viktige inventarstykke på museet. [43]

Altarskåp

Alterskabet (fig. 9 a og b) er 1,15 m. høit, 0,84 m. bredt og er vakkert malet med sjælden klare farver. Midtfiguren, der vistnok har været Maria med Kristusbarnet, mangler, og kun den store forgyldte glorie i skabets bund viser figurens høide. Fløidørene er dobbelt ledede. Paa deres indre side staar paa hvert led en helgenfigur paa forgyldt grund, tilvenstre inderst St Georg, med røde sko. I forsølvet pladerustning og forgyldte knæskinner, rød, hermelinforet kappe, barhodet og langlokket, stikkende sin lanse i dragen; ytterst en biskop, sandsynligvis St. Augustinus, i fuldt ornat. Tilhøire inderst St Katharina, med hjul og langt sverd, tagget bladkrone, rød kaabe med grønt for, gulmønstret kjole og røde sko. Paa ydersiden, men kun paa yderste led, er malet norske helgener; tilvenstre St. Olav med rigsæble og langøxen, i kongedragt (ikke i rustning), med grønne benklæder, skindbræmmet rød kjortel, og grøn hermelinforet kappe, og røde sko trædende paa det kronede uhyre med menneskehoved (hedenskabet); begge har kløverbladskroner, på øxen en svastica; tilhøire St. Sunniva, pegende paa helleren, som hun holder i haanden, i lysrød kaabe, blomstret kjole i gult og grønt med hvid rand nedentil, liljekrone og stor kappespænde som St. Barbara. Alterskabet er sandsynligvis fra sidste halvdel af 15. aarhundrede.

Johannes døyparen og Johannes Evangelisten

– og til samme tid [slutten av 1400-talet eller omkring 1500] hører 2 udskaarne figurer, Johannes Døberen, (fig. 189) 0,90 m. høi og maadelig arbeidet, og Johannes Evangelist, (fig. 190) 0,81 m. høi og af ulige bedre arbeide, maaske lidt senere end den første. Døberen har forgyldt skjæg og haar, bærer kappe og kjortel, der ved særegne krøller betegnes som feld (kamelhaarskappen). Han holder en bog i haanden, hvorpaa hviler et lam. – Evangelisten holder i haanden en forgyldt kalk, bærer grøn kjortel med forgyldte figurer og rød kappe med malede sorte minuskler, ihs.

Prosesjonsstavar

De to processionsstave er sandsynligvis de samme, som jeg har beskrevet i Musæets ordbog for 1901 (Tragleuchter s. 12. no. 10 og 11); den første er 2 m. lang, konsolen har den sædvanlige form af rund kalkkapitæl, besat med ribber og krabber (se f. 43), rødt og grønt malet. Saavel figur som kroning mangler. De ender ogsaa nedentil i en kalkkapitælformet konsol, som sikkert hører til et andet par processionsstave, men som er skudt ind paa disse stave. De sidstnævnte konsoler har ingen ribber. Maaske hører disse sidste til noget tidligere tid, medens stængerne selv er fra 15. aarhundrede.

Etter munnleg opplysning skal Granvin Museum ha gjenstandar frå kyrkja som halsjarn, gapestokk, altarljos, våpenskjold frå Møllerup-slekta, fire kisteplater i massing frå kister frå Møllerup-slekta og ein korde. Desse er ikkje registrerte.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Kyrkja i Granvin ligg på eit nes som stikk ut i Granvin-vatnet frå aust. Riksvegen går mellom kyrkjegarden og vatnet. Sør for kyrkja renn ei elv og det er lite rom for graver på denne sida. Kyrkjegarden har difor utvida seg austetter og mot nordaust i eit etter måten bratt terreng der einskilde graver ligg med stigning 1:1.

På sørsida er kyrkjegarden avgrensa med tørrmur med smijarnsport sør for koret. Porten har ståande spiler og ein stor kross sentralt. Mellom muren og elva er det ein veg for tilkøyrsle og eit båre- og reiskapshus.

Muren held fram oppette langs elva og knekker nordetter. På austsida avgrensar han kyrkjegarden mot terreng med blandingsskog. På nordsida er kyrkjegarden avgrensa med gjerde av bord og stolpar. Nordsida av kyrkjegarden grensar mot den gamle prestegarden.

Mot nordvest er kyrkjegarden avgrensa med tørrmur mot riksvegen med to portar i smijarn, hovudporten framfor trappa til vestportalen i kyrkja og ein port inn til nordre del av kyrkjegarden. Hovudporten av smijarn går ned i ein slak boge og har ståande spiler som endar oppe i pilformer. Porten i nord er av også av smijarn og har den ned- eller oppgåande sola som motiv.

Kyrkjegarden fekk ei større utviding midt på 1830-talet. I samband med utvidinga vart det også oppført ein ”skjøn og vel opsat muur”.[44] Dette gjeld den muren som strekkjer seg nordvestetter ved riksvegen. Her vart det i samband med arbeidet sett inn ein stein i muren med følgjande innskrift: ”Gid Zions Mure Byges maa Thi Herrens ord de lyder saa den ej fra Gud vil vige Han faar vist Himmerige. – ombyget af almuen anordnet af Joseph Jons. L. Graven Iver Pauls. Traae 1836”.

Hus i samband med kyrkjegarden

I 1924 vart det bygt uthus ved kyrkja. Arbeidet vart utført av Sjur S. Nesheim.[45] Bårehus og toalett var under bygging i samband med 250-årsjubileet i 1976.[46] Ein gapestokk framfor kyrkja vart reist omkring 1690.

Gravminne

Det er bevart eit fragment av eit gravminne i stein frå mellomalderen. På kvar side av steinen er det ein krossfot og i tillegg er det til ulike tider rissa inn sirklar, bokstavar og tal. På den eine sida er det ei rekke teikn som truleg er runer. Steinen har tilnærma trekanta form og mæler: 20 x 26 x 9 cm. Det er uvisst om det kan vera denne steinen Bendixen registrerte kring 1900:

Paa kirkegaarden ligger en hjulformet sten af samme form, som de under Øistesø omtalte endestene. Men sandsynligvis er denne fra senere tid. Et kors er udhugget paa hver side, paa den høie fod er indrisset en dobbelt og tredobbelt kreds med punkt i midten. Der er ridset flere bumærker, tildes runelignende, i stenen, der kaldes Nesheimstenen og skal eies af denne gaard.[47]

Gravminne på kyrkjegarden[48]

Kyrkjesongarar

Gravminne over kyrkjesongar Morten Furuberg (1864 – 1934).

Bauta over kyrkjesongar Svend Nesheim (1830 – 1901)

Kjende personar

Gravminne (naturstein) over Johan J. Havaas (1864 – 1956). Innskrift på baksida: Steinen vart våren 2006 sett av slektningar og sambygdingar til minne om botanikaren Johan J. Havaas.

Bauta med relieff av H. Saakvitne (1839 – 1910), stortingsmann.

Gravminne over den første ordføraren i bygda etter at formannskapslova vart vedteken, Jørgen Norbye (1790 – 1843).

Gravminne over bygdebokforfattar Th. S. Haukenes (1840 – 1922). Innskrift: GRANVIN HERAD SETTE STEINEN I 1981.

Bauta over forfattar som fullførte ætte- og bygdebøkene Henrik Meyer Kvalem (1906 – 1999).

Gravminne over Knut Eilifson Bergh (1838 – 1875). Innskrift fortel at Bergh, som utvandra til Amerika, vart professor ved det Norske Luther College Decora, Iowa. Innskrift på baksida: Taknemmelige Venner i den Norske Synode i America satte ham dette Minde.

Gravminne over felespelaren Anders Kjerland (1900 – 1989).

Gravminne over felemakaren Håvard Kvandal (1910 – 2005).

Krigsminne

Gravminne over Alf Fornæs (1919 – 1940). Innskrift: Trofast ofret du dig : falt for ditt fedreland. Fornæs døydde i trefningar i Skjervet i april 1940. Krigsbauta av granitt ved vestportalen i kyrkja. Sidene og hjørna på steinen er ornamenterte med streker og krossar. Øvst ei hand som viser sigersteiknet. Innskrift: NOREG. FRIVILJUGE: TORSTEIN KJÆRLAND, F.2.4.1921 – D. PÅ YSTÅS 29.3.45. ALF FORNÆS, F. 28.12.1919 – D. I SKJERVET 25.4.- 40. FALL FOR RETTFERD FRED OG FRIDOM. På baksida innskrift: BYGDEFOLKET SETTE DENNE STEINEN.

Særleg utforma gravminne

Gjennombroten jarnkross med innskriftsplate over Haaver Nilsen Espeland (1844 – 1876).

Gravplate i støypejarn over Urik Fredrik Beichmann, sjef for hardangerske kompani (1815 – 1864). Plata har solmotiv i hjørna og engel som ber kross og krans. Eføykrans som ramme i ytterkant.

Gravplate i støypejarn over Landhandlar Peder Helgesen Pihle (1819 - 1872) og Petra Mariane PihleHandeland (1857 – 1935). Plata har dekorativ kantbord, ei stjerne i kvart hjørne, to englar med kross, anker og hjarte og ein engel som ber plate med innskrift: ÆRE VÆRE GUD I DET HØIE. – SAA HVIL I FRED I DØDEN HJEMME; VI BRAGTE DERE ET RØRT FARVEL, HVAD GUD SAA GJØR, VI MAA EI GLEMME, DET ER VORT ALLES FÆLLEDS VEL. VI SAMLESS ATTER HOS VOR GUD, SAASANDT VI TROR PAA HERRENS BUD. JA HVIL I FRED! FARVEL DA KJÆRE, FARVEL, HVIL SØDT I FREDENS HJEM! O, BED FOR OS, AT CHRISTI LÆRE MAA FØRE OS TIL MAALET FREM. I JESU NAVN, HVIL DA I FRED VI SAMLES HIST I EVIGHED. FRED MED EDERS STØV.

Gravplate i støypejarn over Absalon Iversen Folkedahl (1779 – 1857). Plata har ein blom i kvart hjørne, strålande sky med auge og laurbærkrans med sløyfe. Innskrifta fortel at Absalon frå 1799 til 1805 TIENTE […] VED DEN KONGELIGE DANSKE LIVGARDE TIL FODS HVOREFTER HAN BEGAV SIG TILBAGE TIL SIN FØDEEGN HVOR HAN HENSOV ROLIG OG GUD HENGIVEN […] FRED MED HANS STØV.

Gravplate i støypejarn med dekorativ ytterkant og lysande sol i hjørna, latinsk kors og engel med kross og krans. Innskrift: LANDHANDLER RICOLD KONGSTUENS ENKE CHRISTI IVERSDATTER FØD 9DE IANUAR 1783, DØD 25DE FEBRUAR 1863.

Gravplate i støypejarn med engleansikt med vengjer under strålande stjerne i hjørna. Engel over innskrift: HERUNDER HVILER LANDHANDLER R. KONGSTHUN FØD D. 12 AUGUST 1772 DØD D. […] NOVB 1850 FRED MED HANS STØV.

Støypejarnskross over Ingeborg Mekkelsdatter Folkedahl (1827 – 1884).

To mindre marmorsteinar over Gurik Folkedal (1863 – 1828) og Håvard E. Folkedal (1864 – 1938). Steinane har hoggen kvaderimitasjon. Begge har rundboga nisjer med kopi av Thorvaldsens Kristus i front. Innskriftene på glasplate under nisjen. Tidlegare krossar på steinens overkant er borte.

Kjelder

Utrykte kjelder

Visitasmeldingar 1834 og 1838 – 1844, Statsarkivet i Bergen, Bispearkivet Opplysningar frå ulike notat i NKs redaksjon Synfaring 1721, Riksarkivet, Rentekammeret Synfaring 1709, Riksarkivet, Rentekammeret Synfaring 1725, Statsarkivet i Bergen, Sorenskrivaren i Hardanger og Voss Synfaring 1732, Statsarkivet i Bergen, Sorenskrivaren i Hardanger og Voss

Trykte kjelder

Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-13 Blindheim, M., ”Triumfkrusifiks fra middelalderen i Bjørgvin bispedømme”, i Juvkam 1970 Bratlie, Eivind: NIKU, Oppdragsmelding 037, Krusifiks fra ca 1500 i Granvin kirke, Hordaland. Undersøkelse, konservering og restaurering Hamre, A., Granvin kyrkje : Festskrift utgjeve i høve 250-års høgtida 1726 - 1976, Granvin sokneråd 1976 Juvkam, P. (red.), Bjørgvin bispestol : Byen og bispedømmet, Bergen-Oslo-Trondheim 1970 Kolnes, S.J.: Norsk orgelregister1328 – 1992, Førdesfjorden 1993 Olafsen, O., Stavkirken i Ganvin, Bergens historiske forenings skrifter nr. 9, 1903 Solhaug, M. B., Middelalderens døpefonter i Norge, vol. I – II, Oslo 2001

SMNF = Sorenskriver Mandrup Funck, EHAD = sorenskrivarens kone Elsa Hansdatter Alstrup – notat i NKs redaksjon

Bilder


Fotnoter

  1. DN II 82 – brevet gjeld ei semje mellom bispen Arne og fru Katarina Ivarsdotter av Logalo
  2. Hamre 1976, s. 40
  3. Rekneskap 1690-92
  4. Tingbok Iad10, Fol. 363b, 1725, Sorenskrivaren i Hard. og Voss, Statsarkivet i Bergen
  5. Rekneskapane
  6. Hamre 1976, s. 40
  7. I synfaring av kyrkja 28.mai 1732 (fol 62 b)vert den nye kyrkja gjennomgått og det er opplyst at skipet har 19 omfar tømmer, koret 18, og våpenhuset 11.
  8. Bendixen s. 467
  9. Hamre 1976, s. 46
  10. Bendixen s. 464 f
  11. Hamre 1976 s. 43
  12. Hamre 1976, s. 42
  13. Visitas 26. juli 1834
  14. Hamre 1976, s. 47
  15. Hamre 1976, s. 40
  16. Hamre 1976, s. 46
  17. Hamre 1976, s. 48, som siterer frå avisa ’Hordaland’
  18. Hamre 1976, s. 48
  19. Bendixen s. 465
  20. Bendixen, s. 465
  21. Hamre 1976, s. 52
  22. Bendixen, s. 466
  23. Bendixen s. 467
  24. Hamre 1976, s. 43
  25. Jf. Solhaug 2001, vol II, s. 47
  26. Bendixen s. 467
  27. Bendixen, s. 466
  28. Hamre 1976, s. 43. Sitatet er frå ”anvisningsprotokoll for Gravens Formadskab”
  29. Bendixen, s. 466
  30. Bendixen, s. 466
  31. Hamre 1976, s. 40
  32. Hamre 1976, s. 46, med sitat frå Forhandlingsprotokoll for formannskapet
  33. Jf Blindheim 1970, s. 163
  34. Mål etter Bendixen, s. 470
  35. Bendixen s. 472 som siterer Schnabel
  36. Hamre 1976 s. 26)
  37. Bendixen s. 472
  38. Hamre s. 121
  39. Bendixen s. 472
  40. Bendixen s. 470
  41. Hamre 1976, s. 42
  42. Kolnes 1993, s. 277
  43. Bendixen, 1904 – 13, s. 467f.
  44. Visitas 30. juni 1836
  45. Hamre 1976, s. 47
  46. Hamre 1976, s. 53
  47. Bendixen s. 473
  48. Grunnlag for registreringa utført av kyrkjetenaren hausten 2006