Veitastrond kapell

Fra Norges Kirker

Gå til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Anne Marta Hoff


Kyrkjegard er kjend på Veitastrond attende til [...]. I 1891vart det reist eit gravkapell på kyrkjegarden, dette er vekke. Dagens kapell vart bygt i 1928 som bedehus, men vart alt i 1935 vigsla til kyrkjeleg bruk.

Innhold

Bygningen

Kapellet ligg med koret mot søraust, mest sør. Det vil nedafor verta omtalt som om det er orientert med lengderetning nord-sør, med koret i sør. Huset har i utgangspunktet rektangulær form, men har, truleg på 1960-talet, fått tilsett eit nytt inngangsparti å langveggen i vest. Den opphavlege inngangen var truleg også her. Kyrkja er også utvida mot aust i nordre del av bygningen for å gje rom for kjøkken. Sentralt på nordenden av bygningen står eit firkanta tårn.

Vegger

Veggene er bygde opp av lafteplank. Dei er måla innvendes, utvendes er dei kledde med liggjande panel og kvitmåla. Ein tverrvegg skiljer mellom kyrkjerommet, ”storsalen” og ei utviding på nordvestsida i bygningen, ”vetlesalen”. I nordaust er det kjøkken med utviding mot aust. Nedre del av denne tverrveggen har faldedør til vetlesalen og fløydør til kjøkkenet. Mellom dørene er det loddpipe og brannmur. Veggen mellom vetlesalen og kjøkkenet har lafteplank i øvre del. I nedre del er det brannmur i sør og plata vegg i nord. Veggene på kjøkkenet og i inngangspartiet er kledde innvendes med plater. Ytterveggene i desse romma er truleg i bindingsverk.

Portalar og dører

Inngangsdørene har også tidlegare vore midt på vestveggen ut mot vegen og det har vore ei enkel dør inn til koret som no er stengd. Inngangsdørene til salane, fløydøra mellom storsalen og kjøkkenet og døra mellom kjøkkenet og vetlesalen er nyare dører, truleg samtidige med det nye inngangspartiet. Det står ei eldre dør i kyrkja, inngangsdøra til kjøkkenet utafrå, men dette må vera gjenbruk.

Korskiljet

Den einaste forma for skilje mellom kor og skip er eit nivåskilje i to steg på tvers av bygningen.

Vindauge

Kapellet har opphavlege, rektangulære eiramsvindauge inndelte med to vertikale postar og med fire horisontale sprosser. Gerikter med profilar kan også vera frå oppføringstida. I storsalen har det vore tre slike vindauge på kvar langside. Vindauget nærast inngangsdøra på vestveggen er attstengd, truleg i samband med det nye inngangspartiet. Det same gjeld vindauget nærast inngangsdøra i vetlesalen.

Golv og fundament

Huset har venteleg bordgolv. I begge salane er det kledd med vinyl i korkmønster, kjøkkengolvet har ein sandfarga vinyl. Inngangspartiet har smale golvbord. Fundamentet er mura.

Tak

Taket over heile bygningen er nytt. Det er eit enkelt sperretak og sperrene er av rundtømmer festa saman på halv ved i mønet. Sperrene ber enkelte plankar som underlag for bøljeblekktak dekt med takplater forma som taksteinstak. I taket finst det oppattbrukt ein sveifa åsende, kanskje rest av det gamle taket.

Himlingar

Over Storsalen er det flate himlingar på sidene, feste saman med to jarnstag på tvers av rommet. Mellom sidehimlingane er det ein brei og høg kvelv. Som taket er også denne kvelven ny og lagt av umåla skuggepanel. Gesimsen ved skilje mellom sidehimlingar og kvelv er profilert, måla i to gråfargar og har ei list med gullfarga nailheads, dette er truleg del av ei eldre inndeling av himlingen og den noverande himlingen er framhald av ei eldre ordning. Taket i veslesalen, på kjøkkenet og i inngangspartiet er kledd med plater.

Tårn

Tårnet er firkanta med ny dør inn frå vest. Opp til raftehøgd på kapellet har det tre bindingsverkvegger og halv lengde sør-nord, over dette nivået er søre halvdel av tårnet fundamentert på kapellbygningen som ein takryttar. Tårnet har tre høgder med klokkerom i den øvste, like under hjelmen som er firkanta og inntrekt via svai på alle fire sider. Tårnet har fire hjørnestavar og er avstiva med kryssband og losholtar. Det er kledd utvendes som kyrkja elles. Hjelmen er kledd med skingel.

Tilbygg

Som nemnt ovafor er det eit tilbygg på vestsida i det kyrkja har fått nytt inngangsparti, truleg på 1960-talet. Tilbygget har rund trapp i fleire steg og dør med eit ekstra sidestykke som kan opnast når det trengst. På sørsida er det toalett, på nordsida enkel garderobe. I austveggen er det dører til dei to salane.

Huset er som nemnt også utvida mot aust i nordre del, truleg for å laga eit rommeleg kjøkken. Denne utvidinga kan ha skjedd samstundes eller noko før inngangspartiet vart utvida.

Interiør

Presentasjon av interiøret

Storsalen har altar sentralt ved sørveggen, talarstol på opphøgd podium i sørvestre hjørne og lesepult mellom denne og altaret, søraustre hjørne står eit flyttbart orgelpositiv, døypefont, dåpslysestake og prosesjonskross.

Rommet vert opplyst med nye lysekroner på og lampettar i barokk form. I storsalen vert det oppvarma med oljekamin, i vetlesalen med vedomn.

Fargar

Tidlegare har interiøret truleg vore meir prega av dei fargane som enno finst på ein del av inventaret, ulike gråfargar, bleikt gult og gull saman med raudfarge på tidlegare benker. Det er ikkje klart kva for ein farge himlingen hadde. Veggene er no bleikt gule, det kan vera opphavleg. Himlingen står umåla, golvet er brunleg korkmønstra. På fondveggen er skrive med svarte gotiske versalar: Lyft augo dykkar og skoda aakrane korleis dei alt gulnar mot hausten. Joh. 4.35.

Inventar

Altar

Altaret er eit enkelt gråmåla bord med brei sarg og sprosser mellom beina.

Altartavle

Altartavla er ein kombinasjon av biletet: Jesus i Getsemane, i utskoren treramme, og over dette eit bilete, teksten direkte måla på korveggen: Jesus underviser læresveinane, og innskrifta ”Lyft augo dykkar og skoda aakrane korleis dei alt gulnar mot hausten, Joh. 4,35”

Altartavla har rektangulær ramme med treskurd. Ramma har utvida hjørneklossar med skorne strålar og overramma har eit bogefelt med skoren oppgåande sol. Biletet er ein kopi av ei framstilling av Jesus i Getsemane, men Jesus er her, motsett det tradisjonelle, vend mot høgre i biletet. Signert nede i venstre hjørne: J. Mathauser.

I gavlfeltet over altarbiletet er det mellom innskrifta på veggen (sjå under Interiør) sett inn eit bilete med rektangulær, liggjande ramme. Biletet er eit trykk som viser Jesus sentralt i ein gul åker, med ein av læresveinane til høgre og fleire i rekke bakover til venstre.

Altarring

Altarringen er femsida og går bak til fondveggen med opning på vestsida ved veggen. Han er oppdelt i tre element og kan flyttast ved behov. Truleg ein del av det opphavlege utstyret.

Døypefont

Liten, åttekanta tradisjonell døypefont av tre med marmormåling i grått og med staffasje i gull. Truleg frå 1935.

Talarstol

Talarstolen er ei enkel femsida brystning med handlist og sentralt lesebrett. 1960-talet? Han står på eit oppbygt podium. Gråmåla med gullfarga staffasje.

Lesepult

Lesepult utforma med døypefonten som modell og farga i grått og gull.

Benker og faste stolar

Kapellet har tidlegare hatt ordinære kyrkjebenker, setefjøler frå desse ligg på loftet og er raudmåla. No er det brukt stålrøyrsstolar med formpressa rygg- og seteplater i finer og med hylle bak ryggen.

Skulptur

Enkel trekross på altaret

Nummertavler

To nyare tavler heng på fondveggen og flankerer altaret. På den eine FØR, på den andre ETTER. Feltet der salmenummera vert hengde opp er gråmåla og omgitt av gullfarga list. Ramma utafor er lyst gråmåla.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.

Parament

Altarduken har eit rektangulært felt som dekkjer altarbordet. Frå tre sider heng det ned ei hekla bord (med same mønster som altarduken i Solvorn) med krossmotiv og vekstornament. Borda er 28 cm brei.

Messehakel. Skjoldforma messehakel i burgunder fløyel kanta med gylt band. Forsida har påsydd massingtrekant i bringehøgd med hebraisk innskrift JHVH. Trekanten står i stråleglans av gylt snor i leggsaum. Ryggsida har kross i gylt band. Fôr av raud bomullssateng. Udatert, truleg før 1935. Høgde 98 og 103 cm, breidde 63 cm.

Altarklede i form av raud fløyel dekkjer tre sider av altaret.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokke

Kyrkjeklokka er frå mellomalderen og vart reparert og teken i bruk i gravkapellet frå 1891 på den gamle kyrkjegarden. Det fekk då prikka inn følgjande innskrift på korpus: WEITESTRANDENS GRAVKAPEL 1891. Rundt halsen er det ei måla innskrift, også den truleg frå 1800-talet. Innskrifta er ikkje fullgodt tolka, men inneheld følgjande: Gid hver siel hvorfor Jeg døde … Himmerike … Klokka kom på plass kapellet i 1947.[1] Klokka er 54,5 cm i diameter, 48 cm høg utan krone og 56, 5 med.

Orgel og andre instrument

Orgelpositiv 1997. Merkt G. et. H. Klop fecerunt (har laga). Hollandsk. Trepiper.

Offerutstyr

To kollekthovar av standard type. Kollektbøsse av plast med to hankar.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Dagens kyrkjegard ligg nord for kyrkja på austsida av riksvegen og med inngang frå sør. Han vart truleg oppbygd kring 1890 og vart utvida mot nord og nordaust kring 1970. Kyrkjegarden er organisert kring ein sentral nord-sørgåande tilkomstveg med open bjørkeallé. Han er heva frå området rundt med støttemurar og på desse er det nettinggjerde og busker. Smijarnsport.

Bygningar knytte til kyrkjegarden
Det er eit bårehus i samband med gravplassen. Dette ligg ikkje direkte til kyrkjegarden, men på sørsida av kapellet.

Kjelde

Utrykt kjelder
Perm med opplysningar om Veitastrond kapell på kyrkjeverja sitt kontor

Bilete


  1. Opplysningar frå kyrkjeverja sin perm