Voss kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Voss kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneVoss kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.628764,6.416828
FellesrådVoss kyrkjelege fellesråd
Kirke-id123500101
Soknekatalognr07120102
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusAutomatisk fredet (før 1650)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Vidar Trædal

Bakgrunn

Kyrkja på Voss ligg sentralt, og tettstaden er bygd opp omkring henne. Skal ein gjennom bygda, må ein svinga rundt kyrkja. Austfrå er kyrkja fokuspunkt frå Vangsgata, hovudgata i bygda. Dei som kjem vestfrå på hovudvegen på nordsida av Vangsvatnet, møter vestfasaden under det store, tunge og mørket tårnet, eit tårn som står som eit samlande punkt for dalar og fjellsider som omkransar det vide bygdelaget.

Vangskyrkja, som kyrkja også vert kalla, er ei stor steinkyrkje som vart vigsla til erkeengelen Mikael[1] då ho vart oppført på 1270-talet, om lag 250 år etter at Olav Haraldson (den heilage) skal ha vore på Voss og fått vessene til å ta ved kristendommen. Søraust for kyrkja står framleis ein kross som er sett i samband med denne vitjinga og som vert kalla Olavskrossen (sjå nedafor under kyrkjegardar).

Ein av dei som var prost på Voss, Gert Miltzow, har skrive ned ei mengd opplysningar om kyrkja, og hans Prestehistorie har vi enno.[2] Om kyrkja og presten sin status i kyrkjelandskapet skriv han som følgjer:

Endelelig […] var det i den ældre Tid her paa Voss som annetsteds saa, at de enkelte Kirker havde hver sin Prest. Men han som boede her paa Vangen ved St. Mikals Kyrkje eller Hovedkirken, kaldtes derefter Hovedprest, Sogneprest, Kirkeherre d.e. den første og fornemste Prest. For det meste beklædte han desuden et geisteligt Embede i Byen og var Biskopen til Hjælp i hans byrdefulde Embede.[3]

Det er også gjennom Milzows skriv vi kjenner til brevet frå Magnus Lagabøter til vessene – eit brev som både har gjeve oss ei datering av kyrkja og som fortel meir om den statusen kyrkja har hatt då ho vart oppført.[4] Brevet er skrive i desember i 1271, og kyrkja var då under oppføring. Om vigslingsdage skriv Miltzow:

Da Kirkens Bygning var færdig, blev den paa den nærmest følgende St. Urbans Dag d.e. den 26de Mai[5]høytideleig indviet af Bisp Askanius, om eg ikkje tager Feil,eller hans Efterfølger. Frå denne Tid af har denne Dag, den 26de Mai, været feiret hvert Aar. Den er paa deres Primstav eller Almanak paa Træ betegnet med et særskilt Mærke og kaldtes Vossa=Kyrmesso, d.e. Indvielsesfesten for Vossekirken.[6]

Det har vore halde fram at denne kyrkja, som ut frå opplysningane knapt kan ha vore ferdig før nærare 1280, ikkje kan ha vore den første kyrkja på Voss. Vossavangen har etter det ein veit vore kultstad og tingstad langt attende, og ein reknar med at tidlegare kyrkje(r) har stått på den same tomten som steinkyrkja.

Utanom dei nemnde kjeldene har vi som vanleg kyrkjerekneskapane med synfaringar og inventarlister. Når det gjeld Voss kyrkje startar desse i 1660-åra og går fram til 1722. Kyrkja vart då tilliks med andre landsens kyrkjer selde til private, og rekneskapar finst ikkje. Frå tidleg på 1800-talet finst opplysningar i

Visitasmeldingane som fortel ein del av alt det som skjedde i det hundreåret.[7]

Etter midten av 1800-talet vart dei fleste kyrkjene kjøpte opp av kommunane. Det vart etter lovvedtak i 1851 krav til storleiken i kyrkja, og dette førde mange stader til eit press på kyrkjeeigarane om nybygging eller i alle fall store og kostnadstunge tiltak, noko som dei naturleg nok kvidde seg for. I 1861 vart likevel nye vindauge sette inn i heile kyrkja og det vart bygt nytt våpenhus. Kyrkja på Voss vart vedteken kjøpt attende til kommunen frå privateiga i 1863.[8]

I samband med at kommunen overtok kyrkja vart det i perioden 1866-75 sett i verk fleire tiltak som ein lenge hadde sett på som nødvendige.

Særleg i 1875 vart det gjennomført store endringar etter plan av Chr. Christie og med arkitekt Møller som utførande arkitekt. Arbeidet førte med seg at nye og større vindauge vart brotne ut i muren og tilbygg og interiøret fekk eit nygotisk preg og vart måla lyst gult.

Desse endringane førte tidleg til missnøye og det vart sett i verk ein ny omgang med endringar i 1921 etter plan og under leiing av arkitekt Georg Greve. Dette arbeidet kom til å ta lang tid, dels på grunn av dei dårlege økonomiske tidene kring 1930, dels på grunn av krigen. Restaureringa heldt fram etter 1945, då etter plan av arkitekt Georg Fischer.

Bygningen

Voss kyrkje er ei steinkyrkje frå mellomalderen, vanlegvis datert til 1271 med bakgrunn i Magnus Lagabøtes brev til vessene der han takkar for at dei byggjer kyrkje i stein og ikkje i tre. Det går fram av brevet at far hans, Håkon IV (den gode), hadde gjeve dei det rådet at dei skulle byggja ei steinkyrkje. Bygginga har vore godt i gang då Magnus skreiv brevet, men kan ikkje har vore fullført, ettersom det også går fram at dei kan få bruk for meir hjelp til oppføringa.

Kyrkja er ei langkyrkje med ein nærast kvadratisk forhall under tårnet i vest, Raundalskyrkja, eit breiare, rektangulært skip og koret i aust som om lag tilsvarer forhallen i grunnflate. Høge, spisseboga opningar aust og vest i skipet bind bygningen saman til eitt rom i lengderetning. Murane er støtta utvendes av åtte murte støttepilarar. Skipet og koret er dekte av kvar sitt saltak, tårnet av ein stor hjelm i trekonstruksjon. Kyrkja har hovudinngang vest i forhallen, inngangar nord og sør i skipet og nord og sør i koret.

I tillegg til denne bygningen frå mellomalderen er det komme eit trapperom ved inngangen på nordsida av skipet og eit sakristi på nordsida av koret. Det har også vore ulike våpenhus framfor inngangen i vest, no står kyrkja utan våpenhus.

Ved ei synfaring i 1686 vart kyrkja omtalt slik: Utvendes var ho 63 alner lang og 25 alner brei, koret var 18 alner langt og 20 alner breitt, innvendes var kyrkja overalt om lag seks alner mindre. Ved sida var bygt eit mura sakristi, vel ti alner langt og 20 alner breitt, og kyrkja hadde to våpenhus av tre, sju og åtte alner i kvadrat. Taka var tekte med hogne bord som vart tjørebredde, også tårnet. Tårnet, den delen som var av tre, var 51 norske alner høgt. Koret var tekt med bly.[9]

Ved synfaringa i 1709 vert det notert at ”Dette er den største og Rigeste Kirche udj alt Stiffted”. Dette vert teke opp att ved synfaringa i 1721: ”Wangs Hovid Kirche … Er den skiønneste og Største Kirche her udj Stiffted”.[10]

I 1926 vart måla oppgjevne slik: Innvendes mål: total lengde: 36,85 m, koret er 8,4 m langt og 8 m breitt, skipet er 18,25 m langt og 10, 8 m breitt, tårnfoten (forhallen) 7 m lang og 7,12 m brei.[11]

Murar

Murane i kyrkja er kistemurar i vestlandsk, gotisk murverk med store steinar reiste på kant i visflata og med tette pinningar av skifrig stein. Utvendes står murane udekte, innvendes har dei eit tynt lag med puss, muren er lett leseleg også frå innsida. Både tårnfoten og koret er mura saman med skipet og dei tre delane må vera oppførte i samanheng.[12] Hjørna utvendes og ved innvendige opningar har kvadrar og annan hoggen stein av kleber.

Alle opningar i muren, med unntak av nord- og sørportal i skipet og døropninga mellom kor og sakristi, er trektforma med minste opning ved ytre murliv.

Kyrkja har opp gjennom tida gått gjennom mange endringar, og ein del av desse kan lesast ved å sjå på spor i murlivet.

I koret er austveggen noko runda mot aust. Dette skuldast siging under arbeidet. Dette er forsøkt stansa ved oppføring av utvendes støttepilarar. Det finst åtte slike pilarar ved kyrkja. To på austveggen i koret, ein sentralt og ein ved nordhjørnet, ein ved søraustre hjørne i skipet og ein eit stykke frå nordvestre hjørne i skipet. Ved vestenden av forhallen er det fire pilarar, to mot vest, ein mot nord og ein mot sør.

Kyrkja har vore kalka utvendes og innvendes. I 1711-13 Var Johannes Muurmester frå Bergen ved kyrkja for å vurdera ei sprekka i den eine støtta og for å sjå kor mykje kalk som skulle til for å kalkslå kyrkja. I 1717-19 vart arbeidet med kalkinga sett i verk, og detaljar som vert gjort greie for i rekneskapen fortel litt om dei transportmåtane som vart nytta. Det vart kjøpt inn seks dusin sekker av Bremer-lerret og betalt sylønn for desse hjå seglmakaren. Sekkene skulle nyttast til å føra kalken i frå Bergen. Ein mann fekk tre ort for at han tok i mot kalken på Bolstadøyri og ”paste paa dend, Indtil dend kunde blive opførdt”. Frå Evanger vart kalken ført vidare med kløv, 66 kløver. Når kalken vel var plassert i ein binge i ”Kalch-Huuset” vart sekkene kokte for at kalken ikkje skulle øydeleggja dei.[13]

Nordre langmur i skipet ber spor etter restaurering med attmuring av eit stort, sekundært innsett vindauge.

Nordaust i vestmuren i skipet er det opning til ein oppgang i tårnfoten til tårnet og loftet over skipet. Oppgangen har form av ei trapp mellom indre og ytre murskal i nord- og vestmuren i tårnfoten. Trappa har små lysopningar i ytre murskal.

Portalar og dører

Vestportal

Vestportalen i fleire av dei norske steinkyrkjene frå 1200-talet merkjer seg gjerne ut som den viktigaste og difor mest prydeleg gjennomførte av opningane i kyrkja. Ikkje slik på Voss. Portalen som møter oss ved inngangen til kyrkja er skeiv og usikkert murt og står ikkje fram som eit arbeid utført av profesjonelle murarar.

Portalvangane har to resessar med runde søyler som flankerer eit hundetannsornament og står utan basis og med enkle skivekapitel. Den indre bogen kviler på desse kapitela. Han er noko flat og rundboga, og viser ei hundetannsrad mellom vulstar. Utafor denne er ein flattrykt, svakt spissa boge, mest eselryggboga, med vulstar og spissa vulst i hjørnet. Dekkbogen har enkel fas. Lineføringa i bogane er usamanhengande.[14]

Sørportal i skipet

Den fine portalen på sørsida i skipet merkjer seg ut ved at han er spesielt høg og smal. Han var i lang tid ute av bruk og attmura, men vart teken opp att og dels rekonstruert ved den siste restaureringa.

Portalen har (truleg nye) kvadrar innvendes på nordvangen, medan sørvangen kan ha opphavlege kleberkvadrar. Døranslaget går ut frå vangane og tønnekvelven i opninga. Ytre boge i portalen er svakt spissboga. Ein god del av dei opphavlege profilane fanst under påstøypen fanst framleis og gav haldepunkt for restaureringa. Vangane utvendes har ein holkil innfor ein halvstav, utafor denne ein treledda halvstav og del av en holkil som vert broten med kort fas mot ytre flate. Halvstavane endar nede i snelleforma base og oppe i konisk, snelleforma kapitel med skiver over og under. Bogen har innst ein nedfelt vulst med pålagt band og med liten fas mot steinflatene, den ytre bogen og dekkbogen har enkle fasar. Nye dører utvendes og innvendes. Diagonalruta glas i øvre del av innvendig opning.

Nordportal i skipet

I trapperommet kan ein i første høgda sjå kleberkvadrar med ein liten resess over dei to-tre nedste steinane som berre har ein liten fasved opninga i ytre murliv. I andre høgda har opninga også kvadrar som ikkje går opp i full høgd ved den noverande døra. Det er ikkje spor etter tidlegare boge. Opninga er innebygd med panel ved indre murliv og ikkje tilgjengeleg.

Sørportal i koret

Sørportalen i koret er låg og brei og dekt utvendes av ein brei spissboge. Vangane er mykje øydelagde, truleg i samband med at døra vart hengsla utover etter brannen i Grue kyrkje i 1822. Det finst spor av base, og ein må også tru at det har vore ei form for kapitel over halvsøyler eller vulstar.[15] Bogen har to bogeledd med ein særeigen profil der to vulstar markerte med tre holkilar dannar bølgjemønster på sidene. Hjørnet på den inste bogen har større vulst med pålagt band, medan den ytste har nase. Utafor desse to er bogen dekt med ein enklare boge med dropenase.

Det står no eit glasmåleri i tympanonfeltet over døra (sjå under interiør). Ytter- og innerdører er nye, den ytre med liggjande panel utvendes, den indre er ei fyllingsdør med små farga ruter i øvre del.

Nordportal i koret

Det er no ei døropning i nordmuren i koret ut til sakristiet. Opninga er teken ut under eit vindauge i nordmuren. Opninga har rette, gjennomgåande sider og svakt boga himling. Nyare dører både mot kor og sakristi.

Korbogen og bogen mellom forhallen og skipet

Korbogen

Austmuren i skipet har ein uvanleg høg korboge, lett spissa. Vangane i bogen har pussa kvadrar i hjørna. Sjølve bogen kviler på profilerte motlagslister i blågrøn kleber. Listene går rundt hjørna mot aust og vest og er avslutta med små skulpturerte hovud mot aust og noko større mot vest. Lengst aust inne i bogen har listene uthogne far etter eit tverrgåande element.

Sør for korbogen har muren eit repositorium mot vest. Opninga har fire steinheller som vegger, sideveggene skrår noko mot sør oppover.

I nordre bogevange er det dører til vindeltrapp nede på innsida av vangen og oppe mot vest til nordgalleriet. Kleberinnfatninga av døropninga nede er sekundær, medan innfatninga oppe er opphavleg med indre døranslag, med skiferhelle i botnen og med ein større stein som overliggar. Steinen er grå med brune teikningar i eit hardare steinslag.

Bådet dei nemnde fara i motlagssteinane, repositoriet og trappa i nordvangen, viser at det tidlegare har vore eit oppbygg i og framfor korbogen. Oppbygget må ha gått ut til nord og sør på vestsida av muren. Ut frå det ein elles kjenner til, må det i mellomalderen ha vore eit rodeloft, kanskje kombinert med eit lektorium i andre høgda. Eit rodeloft var primært for å skaffa tilgang til roden eller krossen som stod i korbogen, medan eit lektorium primært var ein leseplass.

Over himlinga på nordsida av korbogen, er det ei rektangulær opning i muren, som for ei lita dør. Denne har no berre ei grunn opning inn i muren, denne dreier nordetter. Det er uvisst kva funksjon opninga kan ha hatt.[16]

Bogen mellom forhallen og skipet

Vestmuren i skipet har ein høg boge som omtrent tilsvarar korbogen i storleik og form, men med enklare, rettvinkla klebersteinar i hjørna. Bogen er noko smalare og høgre enn korbogen.

Vindauge

Alle vindauge i kyrkja står nær ytre murliv med utskrådde smiger, kvelv og sålbenk inn mot kyrkjerommet. Nokre av sålbenkene er avtrappa.

Det har skjedd mange endringar med vindauga etter at kyrkja vart oppført i siste halvdel av 1200-talet. Ut frå det som finst att av profilert stein og merke i murane, saman med det som skriftlege kjelder fortel, er det sannsynleg at kyrkja hadde følgjande vindauge i mellomalderen:

Over vestportalen fanst eit trekopla vindauge, sør i tårnfoten eitt vindauge. I skipet har det truleg vore to i sørmuren, det er uvisst om det har vore noko i nordmuren. I koret har det vorte mura opp tre sidestilte vindauge i austmuren, men det midtre av desse har truleg nokså snart vorte dekt med ein støttepilar utvendes. Det har truleg vore eitt vindauge nord i koret, eitt sør i koret og eitt midt i austgavlen. I tillegg har det vore opningar aust og vest i gavlane i skipet og ved trappa i tårnfoten. Vindauget nord i koret har etter Berg vorte attmura ved oppføring av sakristi i nord og samstundes har det vorte brote ei døropning mellom sakristi og kor gjennom muren.[17]

Kjeldene melder om ulike arbeid med vindauga. Såleis vart det i 1702-04 gjort ein gjennomgang av alle vindauge og dei fleste vart lagde i nytt bly. Det var Hans Glasmaker frå Bergen som utførte dette arbeidet. Det vart også laga ”ny Luger for Winduerne”.[18]

Då kyrkja vart restaurert kring 1875, var hovudpoenget å få meir lys inn i kyrkja, og det vart brote ut eit stort vindauge i nordmuren i skipet. I sør vart også vindauga utvida, både i tårnfot, skip og kor, og det trekopla vindauget over vestinngangen, som stod på det næraste attmurt, vart teke opp att.

Nordportalen har truleg ikkje vore mykje i bruk på slutten av 1800-talet, i alle høve ville ein i 1862 ta vekk ”den mod nord værende lillle smale dør” og ”det vansirende skur udenfor” og setja inn vindauge i opninga,[19] noko som vart utført som ein av dei første endringane for å få meir lys. Endringa vert stadfesta utført i visitasmeldinga året etter. I 1864 vart det i visitasen peikt på at opningane i gavlane måtte få vindauge i staden for dei lukene som då var, og som til vanleg stod opne. [20]

I 1923 vart det feira 900-årsjubileum for kristninga av Voss knytt til ”Olavskrossen” (sjå nedafor under Krossen). Det vart då sett inn glasmåleri i vindauga etter formgjeving av Bernhard Greve. Arbeidet vart utført av a/s Didrik Andersen & søn i Bergen.[21] Av desse finst glasmåleria aust i koret og vest i tårnfoten framleis, sameleis tympanonfeltet over døra i sørportalen i koret (sjå nedafor under Interiør). To av glasmåleria er på Voss Folkemuseum.

Ved den siste restaureringa, etter den andre verdskrigen, var innstillinga til restaureringsarbeidet ei anna. Ein oppfatta det som hadde skjedd på slutten av 1800-talet som eit misstak, og freista å finna haldepunkt for ei attendeføring til den opphavlege situasjonen. Vindauget nord i skipet vart mura att og vindauga på sørsida av tårnfot, skip og kor vart gjort mindre.

Kyrkja har framleis det trekopla vindauget over vestportalen og to vindauge aust i koret. (Det tredje mellom desse er framleis stengt att utvendes av støttepilar). På sørsida av forhallen er det eitt nytt vindauge, på sørsida av skipet to og på sørsida av koret eitt.

Det trekopla vindauget i vest har tre lanseforma vindaugsopningar der den i midten er høgst. Opningane er forma i kleberstein som innvendes har enkle fas-profilar og skrå sålbenk. Smigene er også strekt skrådde, sameleis kvelven. Vangane ved indre murliv har kleberhjørne medan øvre del av kvelven og eit godt stykke nedetter på sørsida er sekundært oppmurt med teglstein (1875). Nordre del av bogekvelven er mura som elles med tettstilte skiferheller på høgkant. Utvendes er kvar lanse omgitt oppe og på sidene av ein halv rundstav i hjørnet mot murlivet og alle tre kviler på ein sålbenk.

Dei to vindauga aust i koret har bevart mykje av kleberinnfatninga. Steinane ved glaset i ytre murliv er slitne, men viser restar av profilar. Skrå smiger er avslutta med kleberhjørne mot indre murliv. Kvelven er mura av skifrig stein sett på høgkant. I begge vindauga er det glasmåleri (sjå nedafor under Interiør).

Det var få haldepunkt for korleis ein rekonstruksjon av dei to vindauga sør i skipet og vindauget sør i koret skulle vera. Berre i det austre vindauget i skipet fann ein den eine vangen.[22] Ein valde å gje vindauga på sørsida av kyrkja enkel lansettform med kleberinnfatning med fas utvendes på alle sider.

Vindauget i tårnfoten har avtrappa sålbenk og skrå smiger med kleberhjørne og spissboga kvelv murt med heller på kant. Det er sett inn nytt glasmåleri i vindauget (sjå under Interiør). Vindauga elles på sørsida tilsvarar dette, men her er det sett inn diagonalruta glas.

I gavlane er det følgjande opningar: I vestgavlen finst ei smal, rektangulær opning utan kleberinnfatning. I austgavlen i skipet ei rektangulær opning med rette vangar av kleberkvadrar. Medan det tidlegare har vore trelem framfor opninga, er det no eit todelt glas. Over denne ei lita, attmura kvadratisk opning som også har kvadrar på sidene. Midt i korgavlen er eit smalt, kleberinnfatta vindauge som oppe er avslutta med kløverboge. Utvendes har innfatninga dobbel holkilprofil på sidene og oppe og fas i underkant. Vindauget er tredelt og sikra med to jarnstenger utvendes. I trappeoppgangen i tårnfoten er det små opningar med glas.

Trapper i murane

Det er oppgang til andre høgda gjennom vindeltrapp i nordre bogevange. Inngangen nede er inne i sjølve bogen og trappa sluttar mot opning mot vest i andre høgd (sjå ovafor under korboge).

I tårnfoten er det oppgang via trapp i nord- og vestmuren. Opninga nede er gjennom ei anonym dør nordvest i skipet. Trappa stig skrått opp i muren og knekker rett sør i tårnfotens nordvestre hjørne. Herfrå skrår ho vidare opp til ho sluttar i ei opning mot lemen over tårnfoten. Opninga, og golvet i opninga, ligg lågt i høve til lemen, og det kan sjå ut som ein har tenkt seg lemen lægre.[23]

Golv og fundament

Fundamentet

Fundamentet for kyrkja ligg i ei 0,5-1,5 djup grøft på sandgrunn, og det er varierande djupn ned til til naturbakke. Fundamentet går 25-30 cm utafor vegglivet på utsida. På innsida er det ikkje kontrollert. Det finst ingen hoggen sokkelprofil. Fundamentet har truleg sige somme stader under bygginga av kyrkja.[24]

Gravkjellarar og krypt

Gravkjellarar

Under koret er det funne tre mura rom, berre det eine er tilgjengeleg i dag, eit lite rom nord om altarringen. Dei to andre er gravkjellarar vest for altarringen.[25]

Krypt

Rommet under golvet nord i koret er så uvanleg at det er grunn til å gå nærare inn på det. Det er ikkje fastslått kva funksjon det har hatt, men det kan tolkast som ei form for krypt. Det er tilgang til rommet via ei luke i golvet nord for altarringen. Her går ei 58 cm brei steintrapp i åtte steg og med rettmurte vangar ned til rommet. Trappa er sekundært overbygd med ei enkel tretrapp. Sjølve rommet er om lag 235 cm langt, 165 cm breitt og 175 cm høgt. Det har murar med etter måten store steinar i visflatene. Rommet har vore kalkslege, no står fugene og restar på steinflatene att. Over eit oppbygg som har vore tolka som ei grue, men som like gjerne er eit altar, ved austveggen, ligg ei stor steinhelle som må vera rest av det opphavlege taket. Hella er dekt oppå med fleire lag never, noko som kan tyda på at det då det vart oppført var utsett frå fukt ovafrå.

Altaret er om lag 95 cm breitt, 75 cm djupt og 85 cm høgt. Det er smalare nede enn oppe. I overkant er det ei stor, runda fordjuping som har vore fint utforma med kalkmørtel. Det ligg no eit bein, truleg eit ribbebein, av eit dyr i utholinga. Dette kan ha vore eit relikviegøyme. Altaret har no ikkje noko mensa (altarplate). Golvet er eit jamt jordgolv med nokre lause skiferheller.

Golvet

I den tida ein kan følgja kyrkja gjennom kjeldetilfanget, har det jamleg vore utført arbeid med golvet. I samband med at det vart laga nye benker og murane i skipet vart panelte i 1701, vart golvet i heile skipet lagt om noko høgre enn før, og jamnare. Det vart også skift ut fleire bord.[26] Ein har tidlegare vore plaga med sopp- og roteskader i golvet. I 1866 vart det laga fire luftopningar gjennom veggmurane under golvet for å unngå dette.[27] Frå 1866-1871 vart golvet i heile kyrkja fornya.[28] Ved restaureringa i 1930-åra var det lagt nye tregolv med isolasjon i kor og skip.[29]

Det ligg no tregolv av breie bord i lengderetning festa til golvbjelkar i heile kyrkja. Golvet i koret ligg to steg høgre enn golvet i skipet. Golvet som no ligg, er truleg frå kring 1955. Det vart då lagt nålefilt i koret og sisalteppe i midtgangen. Kring 2002 vart golvet slipt ned og nålefilten fjerna.

Tak

Taket over skip og kor i skal eingong ha vore tekt med blyplater. Dette må ha skjedd tidleg, ettersom den siste katolske biskopen, Olav Torkjelson, vart skulda for å ha teke blyplatene av skipet. Blytaket over koret vart liggjande lengre. Synfaringane frå 1686 og 1721 fortel begge at koret var tekt med bly.[30] Så seint som i 1875 låg blytaket over koret, men det var då fullt av hol.[31]

Taket over skipet var tekt med sutak og tjørebredd.[32] Ved synfaringa frå 1686 heiter det til dømes at taket over skipet var tekt med hogne, tjørebredde bord. Frå 1668-åra og frametter vart større arbeid ved tak og tårn overletne til kyrkjebyggaren Magne Essen, medan Erik Rogne på Voss stod for det vanlege vedlikehaldet.

I 1687-89 vart det etter rekneskapane kjøpt inn 12 000 glaserte blåsvarte takpanner frå Holland til taket over skipet. Pannelegginga vart gjort ferdig i 1693, då var det Andreas Murmester frå Bergen som utførte arbeidet. Han la tak over støttene, sakristiet, kalkhuset, beinhuset og våpenhuset, og kyrkja vart samstundes kalkslegen utvendes.[33] Kyrkja stod då kvitkalka med mørke, glasserte takpanner og må ha gjeve eit heilt anna inntrykk enn ho gjer i dag.

Kyrkja har saltak over skipet og over koret. Over sakristiet er det saltak med valming mot nord. Trapperommet nord for skipet har pulttak. Forhallen er dekt av tårnet. Støttepilarane er dekte med pulttak.

Hovudtaka er sperrekonstruktsjonar som spenner over store loftsrom over kor og skip. Over skipet er det 23 sperreband med sperrer og knestokkar på bindbjelkar som kviler på murremmene. Knestokkane er streknummererte og sette inn på sperrene på halv ved og sikra med nagle og nakke. Andre samansettingar ser ut til å vera utførte på same måte. Eit stykke over knestokkane er det festa saksesperrer til sperrene. Under saksekrysset ligg ein hanebjelke.

Taket er no tekt med breie, sulagde bord dekte med lappheller. I søraustre hjørne av tårnet er rest av ei taksville med utskorne hakk for takbord. Taket over koret er ikkje registrert innvendes no, men etter Kindem og Berg er det av same slag som taket over skipet.

Himlingar

I den tida vi kan følgja kyrkja gjennom kjeldene, har ho hatt flate himlingar av bord på bindbjelkar både over kor og skip.

I 1673 vart himlinga i skipet og tårnfoten vølte med fem tylfter bord, borda vart pløygde og nagla.[34] I samband med omfattande arbeid i kyrkja rundt 1700 vart himlingane over kor og skip omlagde og samanpløygde med nye bord. Dette arbeidet vart utført av Axell Snedcher som truleg kom frå Bergen saman med ein dreng. Dei budde dels hjå ”Birte Sahl. Peder Joensen”, dels hjå Knud Finne. Knud Finne var også med både snikkaren og seinare målaren og hjelpte dei med stilas og anna.[35]

I skipet ligg det ei flat himling av bord i lengderetning over 23 bindbjelkar. Koret har tilsvarande flat himling som ligg noko lægre enn himlinga i skipet. I forhallen er det over orgelgalleriet, noko høgre enn i skipet, tilsvarande himling.

Tårn

Tårnet i vest er eit markant trekk ved kyrkja. Det stikk opp gjennom saltaket over tårnfoten og hevar seg i stor, jamt avtakande breidde opp mot smijarnsornamentet i tårnspissen.

Alderen på tårnet er noko uviss, men dendrokronologiske prøvar frå bjelkane i konstruksjonen viser at tårnet i alle fall er yngre enn 1609.WUBREF Storsletten 1997, rapport. 1609 var den yngste, sikre dateringa i materialet, og her var ikkje den ytre årringen som viser fellingsåret bevart.

Tårnet gjennomgjekk ein reparasjon i 1708-09.[36] Då vart tårnspiret skøytt med eit 10 alner langt eiketre og det ser ut som kledninga med alle skøytar vart fornya. I 1717-1719 vart eit større arbeid ved tårnet utført, dette er formulert slik i rekneskapen: ”Lagt Een fuldkommen Nye Soele under Taarnstaverne og befæsted bindings bielcherne med store Jern boldter og Hage Spiger, […] og indskødt 2de biælcher Til Taarnets bestyrckning”. I 1822 gjennomgjekk tårnet også ein ”hovedraparation”.[37]

Tårnet er ein bindingsverkskonstruksjon som kviler på bindbjelkar over tårnfoten / forhallen. Det er tredelt med ein innskrådd, nærast kubeforma nedre del, ein innskrådd åttekanta mellomdel og ein hjelm. Den nedre delen har ramme oppe og nede og fire hjørnestavar. Nord- og sørveggen har i tillegg seks mellomstavar, aust- og vestsida har tre mellomstavar. Ved dei midtre mellomstavane i aust og vest går det ein ekstra "vegg" i lengderetninga, med to kraftige mellomstavar. Stavane er støtta oppe og nede ved skråband og veggene er i tillegg avstiva ved dekkande kryssband. I tillegg til dette er kuben avstiva ved diagonalstilte, sentrale bjelkar innvendes (frå nede i aust til oppe i vest osb). Taket i konstruksjonen har tverrlagde bjelkar.

Utvendes er tårnet kledd med sulagde, tjørebredde bord utan hjørnekassar. Kledninga vart oppattnya i 1890.[38] Dei fire små hjørnespira har grunnflate som ein rettvinkla trekant der den rette vinkelen er framhald av hjørna i nedre del, medan langsida fell saman med ein av åttekantane i klokkestova. Øvst er dei avslutta med koparkledd spir, kule og kross med vimpel.Over klokkestova er overgangen til hjelmen markert med skorne blindbogar under eit vatnbord kledd med kopar.

Tilbygg

Våpenhus

Det har vore våpenhus ved kyrkja, både i nord og i vest, i det tidsrommet som er dekt av kyrkjerekneskapane. Ved synfaringa i 1686 hadde kyrkja to våpenhus av tre, sameleis ved synfaring i 1721, då er måla på det eine sju alner i kvadrat og på det andre åtte.[39] I 1717-19 hadde våpenhusa sige ut frå kyrkjemuren og begge vart skrudde opp og førte inn att til muren. Det vart då lagt ny mur under for att dei ikkje skulle siga meir og det vart greve veiter rundt.

Våpenhuset i vest

Ei teikning av kyrkja frå 1852 viser eit våpenhus som stikk fram mellom støttepilarane framfor vestportalen. Våpenhuset er kledd med liggjande panel og har spist saltak, truleg tekt med panner.[40] Eit våpenhus av "stolpeverk" med tak av svarte, glasserte takpanner avløyste dette i 1862-63, men dette vart nedrive alt i 1875 då eit våpenhus i nygotikk vart bygt av teglstein og tekt med skifer.[41] Dette våpenhuset hadde pulttak frå vestmuren fram til ytterkant av støttepilarane med eit innsett spisst møne over den nye ytterdøra.[42] Dette sto fram til restaureringa etter 1945.[43] Under bombinga av Voss 23.-25. april 1940 gjekk det ei brannbombe gjennom taket på våpenhuset, men elden vart sløkt.[44]

Vestportalen står no utan vindfang, forhallen fungerer både som våpenhus og som ein ekstra del av kyrkjerommet.

Våpenhuset i nord

Våpenhuset framfor nordportalen har tidlegare gått under namnet ”Utestòdøræ”.[45] Det skal ha samband med at inngangskonene sto her og venta på å verta innleidde av presten. Teikninga frå 1852 (sjå note 36) viser eit våpenhus ved nordportalen med spist saltak ut frå nordre murliv i skipet. Taket er tekt med panner og våpenhuset kledd med liggjande panel.

Våpenhuset vart utskift i samband med arbeida ved kyrkja i 1875. Det vart då oppført i teglstein i nygotisk form. Breidda vart den same som før, men høgda vart auka slik at det vart plass til oppgang til nordgalleriet i skipet. Inngangen var frå nord.[46]

Dagens tilbygg ved nordportalen i skipet fungerer framleis som våpenhus. Bygget rommar elles lagerplass og toalett og trapperom for trapp opp til nordgalleriet i kyrkja. Det er mura opp av liggjande, skiftig naturstein, der mykje av steinen, særleg i øvre del, har raudbrun visflate. Innvendes er det pussa og måla i ein broten kvitfarge. Taket er eit pulttak som også dekkar støttepilaren ved skipets nordvestre hjørne, men ved våpenhuset går det lengre ut. Huset har inngang til skipet i to høgder gjennom den mellomalderske nordportalen. Trappa ligg vest i bygget, medan det nordaustre hjørne har toalett i to høgder. Inngangen er i det søraustre hjørnet. Det er to mindre vindauge i nordmuren og to i austmuren.

Sakristi

Sakristi er nemnt i kyrkjerekneskapane og har vore der, i alle fall frå 1600-talet, kanskje tidlegare. Når det først vart oppført er ikkje slege fast. I synfaringa i 1686 er det nemnt som eit ”Sacristi murit langt Ved 10 Alen och bredden 20 Alen”, ved synfaring 1721 som ”eet stort muured Sacrastie”.

Sakristiet som sto inntil heile lengda på nordmuren hadde høgt, tverrståande saltak med gavl mot nord. Etter teikningane nådde mønet om lag halvveges opp på nordre takflate over koret. Det er truleg det same sakristiet som er nemnt i rekneskapar og synfaringar på 16- og 1700-talet. Veggene var mura og på nordsida var det mura opp ein støttepilar. Sakristiet hadde berre ei døropning, inn til koret, og eit lite vindauga mot aust. Rommet var overkvelva med gråstein med akse aust – vest. Frå koret kunne ein gjennom vindaugsopninga i nordmuren i koret komma over kvelven og vidare med stige opp til loftet over koret.[47]

Det noverande sakristiet kan i prinsippet vera det gamle så langt det gjeld dei ytre murane. Endringane skjedde i 1875, og var omfattande. Kvelven og nordgavlen med støttepilaren vart riven ned og takhøgda vart senka til under takskjegget. Saltaket står framleis med møne i retning aust-vest, men er valma mot nord. Det vart sett inn ei dør i vest og to vindauge i aust, alle spissboga og omfatta med raud teglstein slik som dei andre opningane som vart omarbeidde i 1875. Gjennomgangen i nordmuren i koret må vera den same som før. Sakristiet er no inndelt i gang og kontor i vest og møterom i aust.

Metallarbeid

I 1694-95 fekk Knud Nielsen Finne betalt for ulikt bruksjarn til kyrkja, som t.d. grev og ulike hengsler. Han hadde tilsyn med kyrkja og rekneskapane viser at han også seinare vert betalt for ulikt bruksjarn til kyrkja.[48]

I 1703 reiste Johannes Rachnes til Vangen for å ta det gamle spiret ned frå tårnet. Det vart så ”omgiort”. Den store hanen vart vølt og fekk nytt hovud og det vart laga ”4 smaa Knappe [kuler] med 4 ny fløye dertill paa de smaa spitzer”. Arbeidet vart utført av Kobberslageren Anders Schram, medan ein annan kopparslagar laga ny ”den store Knap” till ”øfverste Spidtz”. Smeden laga eit stort, nytt jarnspir og fire små. Til slutt vart spir, kuler og fløyar stafferte med gull og fargar av Lars Mahler, det meste av målinga kjøpt hjå Gabriel Ahlers.[49] Det var truleg dette spiret som bles ned i 1806. Det nye som vart laga finst enno i kopi, medan originalen er på Voss Folkemuseum. Det har stong med ei stor og ei mindre kule under spiss. Til stonga er det festa s-forma ornament. Berre stonga med ornamenta er på museet.[50] Dei fire sidetårna har stong forma som kross der krossarmane endar i små kuler. Til nedre krossarm er festa ein metall-vimpel.

Interiør

Sjølve bygningen og det som framleis finst av mellomalderinventaret kan gje informasjon om mellomalderinteriøret i kyrkja. Vidare gjev det som er att av det rike. tidlege etterreformatoriske inventaret, saman med dei skriftlege kjeldene informasjon om kyrkjeinteriøret på denne tida, god informasjon om dette tidsrommet. Som nemnt innleiingsvis vart det rundt i 1875 gjennomført store endringar etter plan av Chr. Christie under leiing av arkitekt Møller. Interiøret vart lysare både gjennom dei større vindaugsopningane, men også gjennom at det vart måla i lyst gule tonar. Mykje av det etterreformatoriske utstyret vart også fjerna frå kyrkja, men teke vare på og lagra på Finneloftet.

Alt under arbeidet vart det uttrykt missnøye med endringane og arkitekt Georg Greve la fram nye planar i 1921. Arbeidet strekte seg fram til etterkrigstida, då etter plan av arkitekt Georg Fischer. Målet med denne siste restaureringa var å føra kyrkja og interiøret attende til eit etterreformatorisk uttrykk med bruk av dei oppbevarte inventardelane, og med dei gamle fargane.

Kyrkja har no kor med altar og altartavle sentralt i aust, knefallet framfor altaret er nærast kvadratisk. På nedre del av korveggene er det sett opp panel som sidan har fått figurmåleri. Materialet til panelet vart innkjøpt i 1696-98 og panelet oppført i 1700, samstundes vart det laga benker i koret. Rundt veggene i koret er det no sitjeplassar, dels i form av enkle benker, dels som innebygde benker og dels som stolar. Dette arbeidet vart utført av Axell Snedcher med hjelp av Knud Finne og ein annan.[51] Dåpsengelen heng frå taket sentralt rett aust for korbogen. I korbogen er det sett inn eit korskilje.

I skipet står preikestolen ved det søraustre vindauget med oppgang sør for korbogen og via søraustre hjørne. Det er veggpanel også i nedre del av skipet. Dette arbeidet vart utført i 1701.[52] Benkefelta er inndelte ved ein krossforma gang og har dører mot midtgangen.

På nord- og vestsida i skipet er det galleri, vestgalleriet ber orgelet frå 2000 sør for bogeopninga. Galleriet i vest held fram vestover som andre høgd i forhallen. Her er orgelet frå 1927 plassert. Det er trapp mellom første og andre høgd i forhallen. I første høgda er det også benker og delar av rommet vert brukt som lager.

Fargar

Mykje av interiørmålinga vart utført i 1701 av Lars Jensen Mahler. Han måla både korskiljet og himlinga, den siste ”lys himmelblaa med Lyse Schyer og Engler, vidare måla han panelet på veggene i koret med ”Apostler med Bibelsche sprog” og benkene i kyrkja fekk eikefarge og marmorering. Det heiter også at han har ”forgylt paa alle Stolene, store billeder paa den hvide Mur, med Funten”, og at oppgåva hans var ”helst ofuer alt Vell at Mahle och Staffere”. Målinhga vart kjøpt av Gabriel Ahlers: 25 Bøker fint gull, 16 bøker sølv, fem pund indigo, 11 kanner olje ”samt adschillige andre Farfuer”, seinare nemnt 14 pund bleikkvitt og eitt pund spans[k?]grøn, to pund indigo, 18 pund lim og to tønner kritt. I tillegg er 12 kalveskinn brukte til lim.[53]

Panelet på veggene i koret

Panelet på veggene i koret har både figurmålingar og innskrifter. I biletgalleriet er dei nummererte frå 1-28, rekna frå vest på nordmuren og med sola.[54] Panel 20-22 under vindauget på sørmuren har ein heilt annan stil og fragebruk enn dei andre, og må ha komme hit ved eit anna høve.

Først på nordveggen ei rekkje med gamaltestamentlege kongar, 1. JOSPHAT (Josva) med ryøkelseskar, 2. IOAS som ber to lurar i eine armen (her syner ein tidlegare måla figur i bakgrunnen). 3. Amasia, 4. Asaria, og aust for sakristidøra: 5. Iotam, 6. Ezechias, 7. Mannasses, 8. Iosias, 9. Iosva, 10. Ionathan. På austveggen: 11. Gideon, 12. Aron med røykelseskar, 13. Moses med tavlene, 14 S. Johannes som peikar på sigerslammet som står på ei bok i hans venstre hand, 15. Salvator Mundi med verdskula og velsigningsgest, tidlegare bilete i hjørnet skal vera øydelagde, her er no innskrifter. 16. Tavle med innskrift: See det er Det Guds Lam som Bær Verdens Synder. Joh. 1:29. 17. Tavle med innskrift: Christi Prædicken er voris UnderVisning Till Salighed. Matt : 5. 18. Adam med bladranke og 19. Noach med spade. Dei tre neste skil seg som nemnt ut, ikkje berre i stil og innhald, men snekkarverket rundt dei er også annleis. 20. Forklåringa på Tabor berg, 21. Jesu dåp, 22. Jesu fødsel. Mellom vindauget og døra kjem så 23. Metusalem, og vest for døra 24. Henoch. På vestveggen 25. Abraham, 26. Isach og 27. Iacob. Til sist ei innskriftstavle 28. For Bandet Være den som ei fuld Kommer alle Ordene, I denne Lov, at Giøre der Efter, og alt Folcket skall Sige Amen Deut […] 27, 26.

Målinga i skipet vart også utført i 1699-1701 av Lars Jensen Mahler som nemnt over.[55] Han ådra, marmorerte og gylte benkene og måla store bilete på murane.

Himlingane

Himmelikonografien i koret er den rikaste og den som har halde seg best. Sentralt er ei framstilling av eit englehovud på vengjer omkransa av englar i heilfigur med vengjer og draperi. Dei held palmegreiner og sigerskrans. Vest for desse svevar tre englar i heilfigur som representerer tru, von og kjærleik med vona sentralt, kjærleiken i sør og trua i nord. Vest for desse att er to englar framstilte mot einannan. Dei ber eit skriftband med GLORIA IN EXCELSIS.

Smaken endrar seg, og ved restaureringa i 1875-76 vart bilete og tekstar på veggene overmåla med gul farge.

Ved den siste restaureringa ynskte ein seg attende til det varmare og rikare interiøret og dei gamle måleria, og fargane vart framkalla og dels rekonstruerte. No har kyrkja følgjande fargeutstyr: Øvre del av veggene har gulkvit puss. Nedre del har brunleg trepanel. Himlingane i kor og skip har gråkvite skyer på blå botn. I skipet, der målinga på himlinga er rekonstruert av Ola Sæter med grunnlag i måleriet i kortaket, finst dels englehovud på vengjer, dels englar med band og palmegreiner og ein som løftar ein sigerskrans.

Kyrkja har lakka furugolv. Interiøret elles er prega av brunlege nyansar med innslag av raudt, grått, grønt og gråblått med marmoreringar. Orgelprospektet over forhallen fekk også sine fargar ved restaureringa. Tidlegare hadde det stått umåla. Kyrkja har ikkje midtgangsløpar eller andre teppe på golvet.

Glasmåleri

I samband med feiringa av 900-årsjubileumet for kristninga av Voss, rekna frå Olav Haraldsons vitjing av Voss i 1023, vart det sett inn glasmåleri i Voss kyrkje. Glasmåleria var formgjevne av kunstmålar Bernhard Greve, Bergen, og utførte 1923 hjå A/S Didrik Andersen & søn, Bergen. Dei er laga i farga antikkglas som er sett inn i blyrammer og jarnarmatur.[56]

Glasmåleri a

Bernhard Greve, 1923. Måleriet som skildrar kristninga av Voss vart sett inn i det tidlegare store vindauget sør i tårnfoten. Nede i måleriet bøyger dei hjelm- og brynjekledde bøndene hovudet under bikop Sigurds signande hand. Kongen til høgre i biletet peikar oppetter mot erkeengelen Mikael som Voss kyrkje er vigsla til i det denne støyter lansen sin i gapet på dyret, og vedare til Frelsaren i lysande mandorla som kviler dei sårmerkte føtene på ein klote som vert halden av englar. I øvre del ei framstilling av dei fire livsvesena under Den heilage Ande i dueform som dalar ned frå Det himmelske Jerusalem. Glasmåleriet finst no på Voss Folkemuseum.

Glasmåleri b

Bernhard Greve, 1923. Dette måleriet vart sett inn i vindauget sør i koret vise scener frå Jesu liv. Nedst Jesu fødsel i firkanta ramme, over dette Krossfestinga og øvst Kristi Himmelfart under Guds hand øvst i spissbogen. Måleriet er på Voss Folkemuseum.

Glasmåleria i austmuren

Bernhard Greve, 1923. I dei smale, opphavlege vindauga som flankerer altartavla står glasmåleri av Moses og Elias, dei to som kom til syne ved Jesu openberring på Taborfjellet.

I det smale vindauget nord for altaret er ei framstilling av Moses. Han er vist med glorie og to lyshorn, stav i høgre hand og tavlene i venstre hand og med eit kraftult og medvite andletsuttrykk. Namnet MOSES er sett inn i nedre del, under den brennande tornebuska og vatnet som renn frå berget, øvst i biletet er den reiste krossen med koparormen vist i firpass.

Tilsvarande smale vindauge sør for altaret har ei framstilling av profeten Elias. Over namnet ELIAS er til venstre eit halvt, gulfarga hjul (eldvogna), over dette står Elias med venstre handa retta fram mot venstre biletkant medan han med høgre tek seg til det lange, grå skjegget. Fiolett glorie omgjev den glatte issen. Øvst strålar ei stjerne eller eldteiknet.

Glasmåleria vest i tårnfoten

Bernhard Greve 1923. Dei tre vindauga, der det i midten er høgst og breiast, vert gjerne kalla treeingsvindauge og framstiller også her treeininga. Vindauget i midten er firdelt med jarnsprosser, sidevindauga er tredelte, og alle tre viser dei klassiske symbola for dei tre personane i treeininga i andre felt ovafrå. Sentralt Faderens hand ned frå skya omgitt av sirkel og med lysglans, på sørsida Lammet med sigersfana i firpass, og på nordsida Den heilage Ande i form av ei kvit due, også i firpass. Over og under desse symbola finst framstilling av englar og øvst i sidevindauga er alfa (i sør) og omega (i nord) innpassa i variasjonar av firpass. Blomeornament i nedre del og lys-symbol øvst i det sentrale vindauget.

Glasmåleri over sørportalen i koret

Biletet vart laga i samband med det seinare restaureringsarbeidet.[57] Tympanonfeltet over døra i sørportalen i koret har ei framstilling av Bodskapen til Maria. Gabriel med scepter og talegest svevar i aust, Maria sit vend mot han med kryssa hender og med boka på lesebrett bak seg heilt vest i biletet. Under boka står vasen med liljene. I toppen mellom dei to er Den heilage Ande framstilt som ei kvit due. Alle tre med glorie.

Glasmåleri sør i tårnfoten

I samband med den siste restaureringa då vindauga i sørmuren vart gjort mindre, vart det sett inn eit nytt glasmåleri i vindauget sør i tårnfoten på 1970-talet. Dei gamle var tekne ut for lagring i samband med den andre verdskrigen og dei to sør i koret og i tårnfoten vart ikkje sette oppatt (sjå ovafor).[58] Vindauget som no står sør i tårnfoten har ei strammare form enn dei frå 1923, med farga felt og ramme mot bakgrunn i grisaille. I toppfeltet i spissbogen lyser krossen, i hovudfeltet står erkeengelen Mikael på sky over draken og støyter lansen i gapet hans. I feltet nedst stålar sola med sju logar. Botnen er inndelt i diagonale ruter med likearma krossar. Glasmåleriet var ei gåve frå arkitekt Georg Greve.

Lys og varme

Det vart installert elektrisk straum i kyrkja kring 1900. Det vart då montert elektrisk lys i kroner og i lampettar på veggene. I 1930-åra fekk koret elektrisk oppvarming. Kring 1950 vart dei siste vedomnane tekne ut og pipene vart rivne. Då vart det lagt inn røyromnar under benkene i skipet og på galleriet. Lysekronene er no tilbakeførde til bruk med levande lys og den elektriske lysarmaturen er fornya.[59]

Inventar

Altar

Altaret er steinmurt av liggjande, dels skifrig stein. Nokre av hjørnesteinane er i hoggen kleber. Steinplata oppå altaret er av tynn skifer og har ikkje relikviegøyme. Skiferplata er støypt fast til altaret og kan vera sekundær. På nordsida av altaret er det eit repositorium. Altaret er 117 cm høgt over golvet, inne i altarringen er høgda 99 cm. Altaret er 187 cm breitt, 121 cm djupt og altarplata er 2 cm.

23 cm under plata og 54 cm frå framhjørnet er det eit repositorium i nordsida av altaret. Repositoriet er 25-29 cm breitt, 32 cm høgt og 40 cm djupt.

På sidene, 16 og 29 cm frå framhjørna og 60 cm frå golvet i altarringen, er det to fingertjukke, bora hol 11,5 cm inn i steinen. I det bakre holet på nordsida står eit avbrote, rundt jarn.

Baksida av altaret er kledd med ståande bord innafor oppbygget for altartavla. Altarfundamentet under golvet er ikkje undersøkt.

Altartavle

Altartavla er eit tilpassa og ombygd altarskåp frå mellomalderen. Predellaen og sjølve korpus i midtfeltet er bevart, med delar av det mellomalderske dekor. Midtfeltet er tilsett vengjer og toppfelt og er utstyrt med måleri og skulpturell ornamentikk, alt frå barokken. I synfaringa frå 1686 vert det bede om at ”ofuer runden om Altertaflen, sampt Træverchet om Alterfoden” vart måla ”Eftersom och Probsten till Alteritz Zirat nogle Kiønne Billeder har forærit”.[60]

Predellaen er frå seinmellomalderen og er forma som ein avlang kasse med botn, langsider som er svinga ut som konsollar i øvre ytterkantar, og eit rett endestykke sett inn på kvar side. På sørsida er det opning i endestykket inn til eit rom i predellaen. Topp, botn og endane av langsidene er enkelt profilerte. Breidda er større enn breidda på sjølve altartavla, og handverk og profileringar skil seg frå denne.

Topp, botn og sider har enkel måling, medan den langsida som vender mot vest har figurmåling med tre variantar av Jesus i Getsemane, ein frå kvar av dei tre synoptiske evangelia. Desse har vore overmåla og er avdekte. På eldre foto kan ein sjå at predellaen har hatt frakturinnskrift med mørke bokstavar på lys botn. Innskrifta omfatta Fader vår og Johs. 3,16.[61]

Midtfeltet i altartavla er mest kvadratisk og forma som ein grunn kasse med botn av ståande bord og med rette rammestykke på kvar side. På sidestykka av ramma er det framleis restar av gangjarn for seinmellomalderske fløyar. Frå mellomalderen er også ein del av den skårne ornamentikken teken vare på, det gjeld masverk oppe og nede innafor ramma og stjernemønster på ramma.[62]

Feltet er omgjort i nyare tid, i det det er sett inn i ei ekstra ramme som er noko høgre, botnen har fått måleri av Krossfestinga omgjeve av ein sirkulær skykrans i relieff. Måleriet er gjort av Elias Fiigenschaug og er ein kopi etter Rubens.[63] I hjørna utafor skykransen er det skulpturelt forma englehovud i lyskrans. Innafor den ytre ramma over midtfeltet er eit skriftfelt med innskrift i gull på svart botn: ”1 TH.IV.14. Vi troe af [at] Jesus Christus er død for os og opstanden. 11.v.15.” Utvendes er midtfeltet tilsett barokke vengjer og toppstykke. Vengjene er i bruskbarokk med fruktklase, ranker og ein utsvinga herme med vengjer og rankeforma underkropp. Toppfeltet har eit krona jesusmonogram der krona ber den oppstadne Kristus i rundskulptur med sigersfana i si venstre hand, medan han signar kyrkjelyden med høgre. Krona vert halden av flankerande, liggjande småenglar som kviler på ranker. Ytst er toppfeltet avslutta med urnefoma spir utskorne av plate.[64]

Altartavla vart måla og truleg omgjort omkring 1684-86. I rekneskapen er dette notert slik: ”Altertaflens och Alterfodens Staffering med Bilthuggeriet derom, er af Probsten Mag: Giert Miltzow Kirchen forærit”.[65]

I tillegg til at altartavla kviler på predellaen og på altaret, er ho støtta av eit oppbygg på baksida av altar og altartavle. Delar av dette oppbygget er truleg mellomaldermateriale, det gjeld t d to stolpar i full høgde med kvadratisk snitt og med profilerte hjørne. Det har ikkje vore høve til å gå inn på ein analyse av oppbygget i denne samanhengen.[66]

Altarring

I 1672 vart det laga ein ny altarring med ”dreyede piller om”. [67] Denne var rund, medan knefallet tidlegare hadde vore firkanta.

Altarringen har no nærast kvadratisk plan. Han har dreia balustrar under flat, brei handlist. På nordsida ved altaret er det opning i altarringen. Kneleputa er stoppa og trekt med lyst skinn. Rekkverket er svartmåla med stafferingar i raudt, grønt og gull.

Døypefont

Mellomalderfont i kleber

Mellomalderfont i kleber, ca 1250-1350.[68] Halve foten av fonten finst i kyrkja og er plassert på sørsida aust i forhallen. Han har att tre delar, truleg av ein sekspass, skilde med v-forma stavar. Kvar passdel er runda og endar oppe i liten vulst omkring horisontal plate, nede i større vulst over rett standkant. Sentralt finst eit halvt uttappingshol gjennom foten. Døypefonten, som tidlegare truleg har høyrt til i kyrkja, var ei tid på garden Lekve. Fragmentet et 26 cm høgt og største diameter nede er 65 cm.[69]

Dåpshus

Før dåpsengelen kom til kyrkja var det eit avgrensa dåpshus vest i kyrkja på sørsida i forhallen. I 1684-86 vart dette fornya med unntak av spileverket, etter merknad i synfaringsforretninga frå 1686 der det vart påpeikt at han laut setjast i stand mellom anna med ny dør framfor. I 1701 vart det kjøpt inn åtte tre til store søyler i dåpshuset.[70]

Dåpsengel

Dåpsengel kom til kyrkja i 1820. Det er den som no vert nytta som døypefont. Engelen har maskulint ansikt omkransa med bølja hår og han ber flagrande draperi. Vengjene er detaljert utforma. Hendene er retta frametter og ber ein laurbærkrans med dåpsfat. Krans og draperi er flaskegrønt, karnasjon og vengjer er lyse, nærast kvite.

Preikestol med oppgang

Kyrkja har ein renessansepreikestol med stor oppgang. Stolen står på sørsida i skipet der han er plassert ved det vestsmigen i det austre vindauget. Oppgangen fyller det søraustre hjørnet. Både stolen og oppgangen har brystning oppdelt i fag.

Preikestolen vart teken vekk frå kyrkja i 1875, og det meste av han vart lagra på Finneloftet.

Preikestolen som var i kyrkja frå arbeida i 1875 og fram til midten av 1930-talet var høg og boren av seks søyler med kapitel som bar utsvinga konsollar. Kvart felt hadde ei rombe i listverk med kløverblad-kross i. Stolen hadde oppgang frå søraustre hjørne i skipet.[71]

I 1936 var renessansepreikestolen kommen på plass att i kyrkja. To skråfelt framfor trappa var då øydelagde og laut fornyast. Elles var det meste av preikestolen intakt.[72]

Preikestolen

Preikestolen er i snekkarverk i gjennomført renessansestil utan innslag av barokk, og kan knapt ha vorte laga etter 1650. Han har fire fag med storfelt og øvre og nedre smalfelt og ein løkforma botn avslutta nede med knopp i form av drueklase. Fonten er festa til veggen.

Faga er skilde med kannelerte hjørnepilastrar ved storfelta og med diamantbossar ved smalfelta. Storfelta har fylling med portalforma biletfelt på utsida. Portalen har skoren dukatrand på søyler og boge, skilde med listkapitel. I sviklane er blomar innskorne i sirklar. Portalfeltet er dekt av tannsnittslist under skriftfelt. Lister skil mellom storfelt og smalfelt, mellom nedre smalfelt og botn og mellom øvre smalfelt og handbord. Under handborda er listverket meir detaljert med dobbel tannsnittslist. Handborda er stoppa og trekte med skinn festa med metallsaum.

Det er festa eit lesebrett i nordvestre hjørne av preikestolen.

Oppgangen

Oppgangen er samtidig med preikestolen og med tilsvarande stiluttrykk. Han har dør ved sørsida i korportalen, to fag i korets golvnivå, trapp opp til sørvestre hjørne i skipet og gang vest til preikestolen.

Døra er sett inn i ein portal med pilastrar som ber gesims med tannsnittornament og inntrekt gavl flankert og toppa med spir. Portalen er avslutta med same øvre nivå som preikestolen. Nedre del av dørbladet har fylling med biletfelt, øvre del er i sprinkelverk. Ved austre del av oppgangen fyller tilsvarande sprinkelverk også nivåskildnaden mellom brystninga og det gjennomgåande øvre nivået. I dette nivået er oppgang og preikestol dekt med likt listverk med tannsnitt.

Faga i dør og brystning er utforma som faga i preikestolen (sjå ovafor).

Måling

I synfaringa frå 1686 vart det påpeikt at for denne bygningen tyktes både preikestolen og oppgangen ”slet” og burde ”med Kiön Maling Staferis og orneris”.[73] Både sjølve stolen og oppgangen vart ”stafferit och malit” med gull og måling. Namnet på målaren er ikkje kjent. Sonen hans tok del i arbeidet som tok 10 veker å fullføra.[74]

Målinga har i hovudsak eit brun-raudt preg med marmorering og staffering i ulike fargar. I dei øvre smalfelta er det innskrifter i fraktur med trusvedkjenninga fordelt over dei framstilte læresveinane i bogefelta, desse er namngjevne over bogefelta. I nedre smalfelt er følgjande innskrift fordelt over felta på sørsida og preikestolen: Hvor deylige Ere De / ns Fødder Som Bebuder / Paa Biergene. Som Lad / er Høre Fred Som Bebuder / Godt Som Lader / Høre Salighed Som / Siger Til Zion Din / Gud er Konge. (Jfr. Esaias 52,7)

Biletfelta framstiller frå venstre Peter og Andreas ved austmuren, Johannes, Jakob den eldre, Thomas og Jacob den yngre ved sørmuren og Fillip , Bartolomeus, Matteus og Mathias på sjølve preikestolen. To av læresveinane manglar her, og kan ha vorte vekke etter at preikestolen vart måla. I dei to skrå felta framfor trappa er det ikkje figurframstillingar, men marmorering.

Læresveinane er tradisjonelt framstilte med bare bein, attributt og glorie mot ein landskapsbakgrunn som inkluderer bygningar og personar og som dels kan visa til den einskildes martyrium.

Preikestolshimling

Preikestolhimlingen er i renessansestil med sekskanta form. Kvar side skrår lett utover oppover og er kanta oppe og nede med profilerte lister. Hjørna er markerte med doble kanellerte konsollar som dekkar eggstaff- og tannsnittlister på sidene. I overkant er kvar side dekt av inntrekte brotne gavlar som er artikulerte med tilsvarande lister. Gavlane er toppa med kule og spir, hjørna med eggforma kule med spir. Botnen er delt i seks trekantar ved lister som sentralt går inn i hjørna på ei sekstakka stjerne.

I trekantane på botnen er det måla skyer som sentralt opnar seg mot blå himmel og gul stjerne i midten. Her skal det tidlegare ha vore ein fugl.[75] Målinga elles er i same fargar som preikestolen.

Korskiljet

Det står eit barokt korskilje i korbogen i dag. Det har ein portal flankert med stolpar med pilastrar og små sidefelt med tette brystvern som ber tettståande pilarar. Portalen og sidefelta er dekte med gesims knekt fram ved stolpane. Dei flankerande pilastrane har skorne fruktmotiv og korintiserande kapitel. Gesimsen har skore rankeornament. Austsida har også rikt skorne ornament.

Korskiljet vart skore ferdig i Bergen i 1696-98 av snikkaren Simen Wemberg og treskjeraren Peder Hendriksen (”Peter Hendrichsen Bilthuger”) etter ein modell av Fredrik Wessel. Det var så frakta til Voss og sett opp i kyrkja. I 1701 fekk målaren Lars Jensen lønn for målararbeid som også omfatta måling av himlinga.[76]

Frå restaureringa i 1875 var korskiljet ute av kyrkja og sto truleg lagra på Finnesloftet, men det vart sett inn att ved den siste restaureringa.

På korskiljet står eit etterreformatorisk krusifiks flankert av to små figurar med lendeklede som ber Jesu torturreiskapar.

Benker og faste stolar

Stolar i skipet

På 1600-talet har det vore benker (tidlegare kalla stolar) i Vangskyrkja, men det er ikkje råd å seia når desse kom inn i kyrkja. I 1682-83 tok ein opp golvet ”imellem Stolene”, og i 1687-89 tok ein likeeins opp golvet på begge sider av stolane.

I 1701 laga Axel snikkar nye benker i skipet, og desse vart truleg ståande heilt fram til restaureringa kring 1870. ”Dei nye stolane hadde ryggar av råmeverk og fyllingar. […] Kvar stol nådde frå midtgangen og heilt til veggen, og det var dør for kvar”.[77]

Ved restaureringsarbeida i 1870-åra vart desse benkene tekne vekk. Restar dei vart funne ved arbeid i kyrkja etter andre verdskrigen, desse vart overførte til Voss Folkemuseum.[78]

Det skal har vore 26 benker på nordsida og 20 på sørsida, alle 3,55 m lange. På vangane hadde dei Frederik IVs monogram. Dei to fremste benkene på sørsida var av eik og hadde rikare ornament. Langsetter midtgangen sto det enkle benker utan ryggstø.[79]

Ved arbeidet kring 1870 vart alle benkene tekne ut og erstatta med dei populære, lettare, nygotisk prega benkene med opne ryggar og svungne vangar.[80] Det var 20 slike benker på nordsida, 3,81 m lange, og 19 på sørsida, dei fire fremste 3,85 m lange. Dei 15 andre var kortare og her var det ein smal gang mellom benkene og veggen.[81]

Etter 1945 vart benkene i skipet erstatta med benker som skulle likna dei som vart uttekne på slutten av 1800-talet. Ein valde no å ha gang på sidene av benkepartia i tillegg til midtgangen. Vangane er rette med eit kontur- og relieffskore toppstykke, ryggane er heile, og mellom vangane er det sett inn att dører på sida inn mot midtgangen. I tårnfoten (eller ”Raundalskyrkja”) er benkene enklare utan dører og utan toppstykke på vangen. Benkene er måla i ulike bruntonar.

Stolar i koret

Stolane i koret vart fornya i 1700 av Axel snikkar med hjelp av Knut Finne.[82] Kindem beskriv fordelinga av sitjeplassane i koret slik i 1926:

Dei gamle stolane i nordvestre hyrna i koret var aat fadrane og var kalla ”Fadra-stola”. Klokkaren hadde plassen sin i ”Klokkarestolen”. Medhjelparane skulle sitja i ”Medhjelparstolen”. […] I sudaustre hyrna var ”Tollarstolen” som var meir forseg-gjord enn dei andre og gesimsen her var mest som eit tak. Det var eit troppesteg upp til han. Og han hadde plass berre for ein person. Ovanfor ryggstøet var maala bilete av tollaren og derunder var skrive: ”Gud være mig synder naadig”. Millom Tollarstolen og kordøri var 2 stolar framfor einannan. Ved brudevigjing sat brudfolki i fremste stolen og hestesveinane i stolen attanfyre og breidde brurateppet paa stolen, der brudfolki sat.[83]

Det går fram av planskisse hjå Kindem at klokkarstolen sto på nordveggen og medhjelparstolen i nordaustre hjørnet. Dei to stolane mellom korbogen og tollarstolen var to lange benker.

Ein ny skriftestol vart laga til kyrkja i 1672.[84] Det er ikkje opplyst kvar denne sto.

I koret i dag er det veggbenker på alle tilgjengelege flater. Veggpanelet dannar bakgrunn og rygg for desse benkene.

I det søraustre hjørnet frå altaret fram til sørportalen er det enkel veggbenk.

I det sørvestre hjørnet er det ein innebygd benk. Benken har brystning med tre fag mot aust og dør og eitt fag mor nord, i hjørnet er ein vange med konturskore toppstykke.

Nordaust i koret er det veggbenk på nordsida fram til sakristidøra og på austsida til altaret. Ved døra er benken avslutta med brystning med ei fylling og med høgre, konturerte toppfelt på vangane. Framfor veggbenken i nord er det (sekundært?) sett inn ein laus benk med konturert toppstykke på austvangen og med breiare vange utan toppstykke på vestvangen.

Stolen i nordvestre hjørnet i koret vert framleis kalla ”fadrastolen” og er ein veggbenk som fyller hjørnet mellom korbogen og sakristidøra der han er avslutta med brystning med eitt fag og høgre, konturert toppstykke. Veggpanelet dannar også her rygg, men stolen skil seg ut ved at det over biletfelta er sett inn knektar som ber ein baldakin over benkene. Baldakinen er avslutta med gesims med profilert listverk oppe og nede.

Alle benkeflater, med unntak av den lause benken i nordaust, er ådra og marmorerte i ulike raudbrune og gulbrune fargar. Sjølve benkefjølene er brune.

Galleri

Kva tid det første galleriet vart sett opp i kyrkja, er ikkje råd å vita, men i den perioden vi kjenner henne gjennom rekneskapar, finst eitt eller fleire oppbygg.

I 1672 vart galleriet vølt, det var då etter rekneskapen forfalle. Det går fram av kjelda at brystvernet då var av dreia pilarar. Kjelda kallar galleriet for ”det store pulpetur”, noko som kan tyda på at det også då fanst mindre oppbygg.

I 1684-86 er det igjen arbeidd med galleriet. Dette har då fått støtter av ”Store Vredne pillarer”. [85]

I 1722 vart det laga eit nytt galleri i kyrkja ”formedelst Almuens Tiltagelse”, og det eksisterande galleriet vart vølt. Galleriet hadde tre ”Store Dreiede Pillere frem til gulvet” og tre veggstolpar, resten av materialane også kjende.[86] Dette galleriet har truleg vore ”nyegalleriet” på nordsida av skipet til skildnad frå ”gamlegalleriet” i vest.[87]

I vest har det vore ein privat innebygd stol som gjekk under nemninga Lekvestolen og var prydd mellom anna med kongemonogram.[88] Orgelet har dels vore plassert på eit galleri midt på sørmuren, dels i noraustre hjørne.

Ved restaureringsarbeida, både i 1870-åra og etter krigen, vart galleria fornya. Kyrkja har no eit samanhengande galleri som dekkar nord- og vestmuren i skipet og held fram vestover i forhallen (tårnfoten) som eit orgel og songargalleri. Vestgalleriet i det sørvestre hjørnet er utvida mot vest i samband med installeringa av orgelet i 2000. Her har gallerifronten felt med portalbogar, elles har gallerifronten rektangulære, liggjande fyllingar med fris, og rammeverket er avslutta oppe og nede med profilert listverk. Galleribjelkane som ber fronten er understødde av snodde, barokke søyler og frå bjelkane ligg det tverrbjelkar inn mot murane.

Gallerifronten og søylene er måla i raudbrune fargar med innslag av lyst grått og blågrått. Fyllingar og søyler er marmorerte.

Skulptur

Krossfestingsgruppe. (Sjå under Korskilje.)

Måleri og tavler

Portrett

a) Olje på lerret. Truleg 1633. Kvinne i trekvart figur mot mørk bakgrunn, trekvart vend mot eit bord til venstre. På bakgrunnen oppe til høgre er innskrive: Ætatis 38, dvs at ho var 38 år gammal då biletet vart måla. Kvinna held venstre arm opp framfor seg med ei rose mellom tommel og peikefinger. Høgre handa kviler på ei lita bok med metallspenner og –hjørne på bordet. Kvinna ber ei tett, svart hue kanta med kvitt, som svingar lett ned over panna og skjer seg inn i bogar før ho svingar fram over øyro. Ho har ein svart jakke med rett, tett liv, isette ermer som er vide ved skulder og overarm og smale ved underarm, og frå livet svingar jakken ut over det krinolinedekte hoftepartiet. Kanten på jakka og ermesaumane er markerte med svart band. Halsopninga er runda og utskrådd og fôra med kvitt og ein kvit krage kjem til syne i halsen. Frå livet opnar jakka seg framme og viser ein kvit kjole som er dekt på sidene og bak av eit svart overskjørt. Bordet er dekt av ein raudbrun duk med kantbord og frynser. Kvinna er identifisert som Christensia, ektefellen til Henrik Miltzow (sjå portrett b). Portrettet er usignert, men har vore tileigna Elias Fiigenschoug.[89] Lysmål 107,7 x 90 cm.[90]

b) Olje på lerret. Truleg 1633. Mann i trekvart figur vend trekvart mot eit bord til høgre. På den mørke bakgrunnen oppe til venstre er innskrive: Ætatis 34, dvs at han var 34 år gammal då portrettet vart måla. Mannen held den høgre armen opp framfor midja, medan den venstre handa kviler på eit kranium på bordet. Han har halvlangt mørk brunt hår som er greidd bakover, kort skjegg på sidene og bart og fullskjegg framme. Mannen ber pipekrage og ein svart frakk som er kanta rundt hals og front med brosjert blomemønster i svart. Bordet er grønt. Mannen er identifisert som presten Henrik Miltzow.[91] Portrettet er usignert, men har vore tileigna Elias Fiigenschoug.[92] Lysmål 107,5x 90 cm.[93]

Epitafium

Det har vore fleire ulike tavler i kyrkja, mellom anna ei stor tavle med namna til dei etterreformatoriske prestane.[94] Minnetavler for prestane Haar, Meldal og Ruus heng no i oppgangen i tilbygget ved nordportalen i skipet.[95]

a) Epitafium over Buck, Henrik Miltzow og Christientze Matzdatter. Snekkarverk frå renessansen på nordveggen i koret. Epitafiet har eit hovudfelt der sylinderforma pillarar over glatt grunn flankerer midtfeltet som har tre skriftfelt avgrensa horisontalt ved lister. Låge treningkapitel ber gesims med to ulike tannsnittlister. Tilsvarande basar kviler på basar med diamantbossar som flanker eit fotfelt. Over hovudfeltet er eit lågt, lite biletfelt med gesims som ber broten gavl der ein naken figur kviler seg på kvar side av gavlen. På kvar side av hovudfeltet er det tilsett vengjer med beslagornament og med små biletfelt, sameleis er det i underkant tilsett eit hengjefelt med beslagornament med biletfelt. Med dei tilsette felta over, på sidene og under, får epitafiet ei tilnærma rombeform. Epitafiet er reist 1633 over Anders Buck som har si minneskrift i øvre tredel av midtfeltet. På fotfeltet står namna til Henrik og Kristense Miltzow og årstalet 1633, og portertett i biletfeltet i toppstykket framstiller truleg Henrik Milzow. (Sjå portrett b ovafor.) Ekteparet sine våpenskjold er framstilte på biletfeltet under hovudfeltet. I ettertid har Milzow og kona fått sinne minneskrifter innskrivne på hovudfeltet. I biletfelta i sidefelta er framstillingar av ein naken figur i rundboge på kvar side. Figuren til venstre held ein kross, den til høgre held eit ris. Diverse minnetavler med innskrifter er omskrivne i litteraturen.

b) Epitafium a over Johan Christopher Haar. Minnetavla har svart botn med innskrift i gullfarga fraktur og med small, runda gullfarga ramme. Haar vart fødd i Viborg i 1705, var prest på Voss frå 1744 til1751 då han døydde i prestegarden.

c) Epitafiumover Even Augustinusen Meldal. Tavla har svart botn med gulkvit innskrift i skriveskrift. Ramma er rokokkoprega med karnissprofil og øvre avslutting med dobbelsvungen, broten gavl. Ramma er kvitmåla. Meldal vart fødd i Borgund på Sunnmøre i 1728. Han kom til Voss som res.kap. i 1759, var sokneprest på Voss frå 1770 til han ”ved en Sagte Død gikk du af Verden i 1786. Han let etter seeg kona, Maren Carsensdatter Diurhus ”med Fiire Sønner og En Datter”.

d) Epitafium over Morten Ruus. Tavla har svart botn med svak, tungt lesbar innskift. Form som b. 1700-talet.

Rituelle kar

En «sølf Kalch och disch V-forgylt veiger 20 loed» (besikt. 1675).[96] Kalken har kupa med lav, vid form. Den er supplert med ny innsats. Skaftet er rundt med rillemønster. Nodus har riller rundt midtpartiet. Foten er rund og svakt hvelvet med rett standkant og fotplate hvorpå gravert: «Soli deo gloria. NIES [!] ANDERSSØN SPIUDEBERG CITSEL EVERTSDAATTER HJORT». (Hans første hustru.) Ustpl. H. uten innsats ca. 17,5 cm. Diam. fot 12,5 cm. Disk, bred kant. Diam. 12,7 cm.

32 særkalker, fire i sølv, de øvrige i plett, hvorav fem gitt av Marit L. Hegge. En eske til 20 særkalker, fôret med grønn plysj, har innskrift: «Gåve frå Volbu Husmorlag 1950.»

Oblateske, plett, rund med hvelvet lokk. Vinkanne, plett. Svunget nebb og høyt profilert lokk-grep.

Dåpsfat. «1 lite messingbechenn† i Fundten» (besikt. 1675).[97] Dåpsfat, tinn, stpl. to ganger med KA/S og to ganger med løve med hellebard (Knud Andersen, Christiania).[98] Under bunnen risset: 1827, 1894, Olsenn.(!) Diam. 36 cm, h. 4,9 cm.

Tinnmugge med støpt kors på korpus. Stpl. fugl mellom B og M (Mylius). Tinn, Norge. H. 20 cm.

Røkelseskar, omtalt som «et lidet gl. Malm fyr Kaar» (besikt. 1675).[99] Rundt kar på firkantet, kraftig fot. Lokket hvelvet og forsynt med korskirke med høyt tårn og tårnknapp. Både lokket og kirken har røkhull. Tre kroker for oppheng, samlet i trearmet krok. H. med oppheng: 30 cm.

Parament

Altardukar

Tidlegare altardukar

Fint linlerret vart kjøpt inn til altarduk i 1680-81. I 1684-86 var det laga ein ny altarduk med ”bindWerk”, i 1705-07 vart det igjen laga ein ny altarduk av åtte alner lerret. [100]

Altardukar

a) Altarduk av kvitt, fint linlerret med 21 cm brei bord i engelsk saum etter tre sider. Borda har firpassfelt som går ned som tunger og i desse er det vekselvis blomar og latinske krossar. I firpasset midt framme er brodert ei framstilling av sigerslammet.

b) Altarduk i form av ei 31 cm brei bord i sterk gjennombroten engelsksaum. Borda er rynka og sydd fast til eit 52 cm breitt bomullsstoff som har lege oppå altarbordet.[101]

c) Altarduk av kvitt linlerret med ei 25 cm brei bord i svartsaum på ei side. Borda har ulike kross- og stjerneformer. Sentralt framme er eit 35 cm høgt tremotiv, truleg livsens tre, med ein påfugl i toppen. Dette motivet er flankert av sjuarma lysestakar innafor kalkar mellom stjernemotiva. Initialane A.T.H. er broderte i bakkant av duken, i nedre høgre hjørne årstalet 1953.

d) Altarduk av kvitt linlerret med ei 23 cm brei bord i hardangersaum sydd med lin. Borda har vekslande krossar og kalkar. Duken er fasongsydd i hjørna.

Altarklede

Tidlegare altarklede

Dei skriftlege kjeldene nemner klede som ikkje lengre finst. Det fanst eit klede frå mellomalderen med Lammet med sigersfana omgitt av evangelistsymbola, dei fire livsvesena hjå Esekiel og i Apokalypsen, med namna på evangelistane, to på kvar side og med innskrift: Angelorum esca nutristi populum tuum et paratum panem de caelo præstïtïsti ïllïs (du nærede dit folk med englenes spise og du skjænkede dem det brød, som var beredt frå himmelen).[102]

Altarklede

a) Altaret er no kledd med eit grønt kledde i kypertvev. Innafor kanten oppå bordplata er det grøne kledet utveksla med ein sauekvit filt. Kledet er merkt på vranga i eine hjørnet: Gåve til Voss Kyrkje 700årsjubileet 1977. Frå Voss Kvinnelag. Design: Voss Husflidskule v. Durdei Voll. Vove av Margareta Haug.

b) Under dette heng eit varmraudt eldre klede med frynser av lin eller silke. Kledet er sekundært skøytt og den eldste delen dekkar bordplata.

c) Til undersida av b er festa ein del av eit tidlegare, men ikkje svært gammalt raudt antependium. Dette er av høgraud filt med applikerte gullband i form av tre vertikale band og ein kross i kvart felt mellom banda.

d) Raudt antependium til tre sider av altaret. Antependiet er vove i ei kypertbinding i lin(?) med diagonalt innvovne mønster med vekslande latinske krossar og jesusmonogram. På ranga nedst i høgre kanten er påsydd eit band med innskrift brodert i krossting: TIL VOSS KYRKJE 1956 FRÅ VOSS HUSFLIDSKULE.

e) Fiolett antependium til tre sider. Antependiet er i ull vove i taqueté-binding med striper i ulike fiolette fargar, annankvar stripe ikatfarga, og opp-plukka mønster sentralt framme som viser vinranke med drueklase i ulike grønfargar. Delar av ranken er trykt på stoffet.

Andre antependier

Kyrkja har teke vare på eldre tekstilar av vinraud fløyel med tunge metallfrynser. Dette omfattar eit plagg, 72 x 49 cm med frynser på tre sider, som har truleg har lege over lesebrettet på preikestolen. Eit lengre med same frynsene kan ha lege over handlista på preikestolen. Eit tredje har same storleik og har truleg hatt same funksjon som det første.

Messehaklar

Tidlegare messehaklar

På 1600-talet nemner inventarlistene ein gammal ”Kaffes” messehakel og ein gammal ”noget ringere”. I 1705-07 vart det laga ein ny messehakel til ”Kirchens tieniste”. Av innkjøpt materiale til denne er nemnt åtte alner raudt fløyel, seks alner raud dreiel, fem alner lerret til mellomfôr, eit lodd silke og sju lodd og ein ørten gullpossemang. Madam Giertrud Badenhaupt vart betalt for ”et Bordyret Crucifix med tvende andre Billeder derhos paa same Messehagel, samden elles fuldkommen at forferdige”.[103] Denne messehakelen og er nemnt i seinare inventarlister og må vera identisk med messehakel a nedafor.

Messehaklar

a) Messehakel, 1705-7. Raud fløyels rettsida messehakel kanta med gullband og med applikert stoppa og brodert kalvarieguppe på ryggsida. Jesus heng med armane retta beint ut mot sidene, med parallelle bein og krosslagde føter. Hovudet heng ned mot hans høgre side, augo er attlatne, og han ber tornekrone. Under krossen er framstilt eit kranium over kryssande bein og med ein slange som snor seg gjennom augnehola i kraniet. Til venstre for krossen står Maria, Jesu mor med sørjegest, og til høgre Johannes som rettar blikket og høgre handa opp mot Jesus, medan den venstre er utoverretta med talegest. Krossarmane er av eit breitt metallband med kvilta rankemotiv. Mykje av broderiet er i leggsaum med metallsurra tarm eller også tvinna (silke?)tråd som leggtråd. Golgatahaugen er i eit grønt stoff påbrodert konturar og små blomar. Fargane er falma mykje. Johannes har hatt gul kjortel og raud eller rosa kappe med grønt fôr, Maria har truleg hatt raud kjortel og blå kappe med gyllent fôr, Jesus gyllent lendeklede og sølvfarga lys karnasjon. Tornekrona er av gule metallspenner surra med grøn trå. Hakelen er fornya i det fløyel og fôr er nytt. Fôret er i lyst gulbrunt linlerret. Hakelen er festa med fire hekter på høgre skulder. Ryggstykket er sidare enn forstykket, høgde 122 cm, breidde 98 cm, medan forstykket er 82 cm høgt opp til halsen.

b) Raud, skjoldforma messehakel i fløyel kanta med gullband. Det er truleg denne Bendixen nemner som ny i 1904-14.[104] Fôr av raud, kypertvoven bomull. Festa med tre hekter på venstre skulder. Kross på ryggsida av breitt gullband. Høgde 110 cm, vidde 60 cm.

c) Fiolett, rettsida messehakel i ull- eller viskose-damask kanta med smalt gullband og festa med tre hekter på ei skulder. Fôra med ubleika kvitt lerret i kunststoff. Forsida noko kortare enn ryggsida. På forsida er brodert eit kristogram med ring og fire krossar ut frå ringen. På ryggsida ein latinsk kross over sol og med fleire likearma krossar på krossarmane og i krossmidten. Høgde106 cm, vidde 65 cm.

d) Grøn messehakel i smal, innsvinga form. Hakelen har applikert stolpe på forsida og gaffelkross på ryggsida av beige lerretsstoff med brodert motiv som viser vekselvis kross i ring og blom samansett av fire hjarte. I krossmidten applikert mandorlaform i gult lerret med brodert jesusmonogram. Det er brodert gule strålar ut frå mandorlaen. Broderiet elles er i raudt, blått og grått. Bandet er kanta med gullband og flankert av ei kvit stripe i stilkesting. Merkt DNH og GÅVA FRÅ KYRKJEFOREININGI VOSS KVINNELAG. Høgde 107, vidde 72 cm.

e) Kvit messehakel i utskrådd form med størst vidde nede. Messehakelen er i sauekvit ull med botn i lerret og ruter i myggtjeld og med små, lyst blå, innplukka greske krossar mellom rutene. Både forsida og ryggsida har stolpe der renninga er lys blå og mønsteret innplukka og kvitt. På forsida er Guds auge i trekant framstilt øvst, nedetter er det bøljeformer. På ryggsida krone, jesusmonogram, tre aks, vindruer og latinsk kross. Fôr av lyst blått bomullslerret. Fôret er merkt med DNH og GÅVA FRÅ KYRKJEFOREININGI VOSS KVINNELAG. Høgde 105 cm, vidde nede 95 cm.

Messeskjorter

Tidlegare messeskjorter

Ein ny messeserk av 10 ½ alen lerret vart laga i 1705-07. Sameleis vart det i 1714-16 laga ei ny messeskjorte, då av 13 alner tysk lerret.[105]

Messeskjorter og andre tekstilar

Seks messeskjorter, to albaer og gravferdskappe.

Lysstell

En messingstake† til vokslys anskaffet 1618-20 for 1 rd.[106] Alterstaker, messing, renessanse. Forsynt med holk i senere tid. Skålformet krave, slankt, balusterformet skaft. Skrått utladet, profilert fot. H. 20,5 cm, diam. 12,2 cm. Ant. identisk med to alterstaker av messing til vokslys som omtales i besikt. 1675.[107] To alterstaker til talglys, messing. Barokk type, balusterformet skaft, lavtsittende krave over utbuket, profilert fot. Utydelig stpl. på fotranden. H. 25 cm, fot diam. 18,7 cm. Ant. har disse vært blant fire messingstaker til talglys som omtales i besikt. 1675.[108] Invl. 1732 nevner seks lysestaker uten å spesifisere dem, mens invl. 1790 bare omtaler fire messing lysestaker uten spesifikasjon.

To lysesakser av messing. a) Defekt, ant. identisk med en saks som omtales i kallsbok 1732.[109] Den har slanke, rilleprydete armer med svunget bøyleform ytterst. Den ene bøylen er avbrukket. L. 16 cm. b) Bredt skaft med svunget arm som holder fingerring. Skaftet og vekeskuffen har gravert ranke. På vekeskuffens side er gravert en pelikan. L. 14 cm.

Tre lysekroner, messing, 1700-talls type, men muligens nyere. a) Seksarmet, for levende lys. b-c) 12-armede, montert for elektrisk lys.

Klokker

a) Klokke frå 1808. "Vetlaklokka" har flat kronplate og oppheng med seks firkanta bøylar og midtstong. Hua er svagt konveks, endar i markant knekk mot utskrådd hals og korpus. Korpus svingar ut nede ved tre riller og bøyger så ned mot vid slagring med band. Øvre halve del av hals/korpus har symmetrisk plante-ornament i to band med innskrift mellom: STØBT AF JOHANNES NORDGREN I BERGEN ANNO 1808. Under ornamenta tre liner med innskrift mellom: DEUS PRO NOBIS [,] QVIS CONTRA NOS. Diameter 93 cm, høgde 60 cm, med oppheng 76.

b) Klokke frå 1828. (Quarme og Berge?) "Storaklokka" har flat kronplate med oppheng av seks firkanta bøylar og midtstong. Hua skrår ned og ut med to riller, halsen er rett med lauvverksornament med putti i to rade og med innskrift mellom: STØBT I BERGEN: EFTER.HER.PROPRIETAIR.OG.KIRKKEEIER.I.S.FLEISCHER. Rett korpus som nede skrår ut mot vid, nedbøygd slagring via tre riller og band. Innskrift på korpus: [?] : AF H.N.QUARME OG N.D.BERGE, DEN : : 22.IULI.1828. Diameter 90 cm, høgde 66, med opphenget 81 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

a) 1827. Orgelet var laga av orgelbyggjar Peter Nielsen Quarme frå Voss. Instrumentet hadde eitt manual, seks register og anhengspedal.

b) Neste orgel frå 1889 vart bygd av orgelbyggjar Niels Peterson Kvarme frå Voss (sonen til Peter). Orgelet hadde eitt manual, ni stemmer i diskanten og fire i bassen. Dette instrumentet var i bruk fram til 1923 då det vart flytta til Bru i Flora kommune. Det brente i 1924.[110] Frå først av stod det på eit stort orgelgalleri på sørsida i skipet. Orgelet var oppført i ”gotisk stil, med lavt midtparti og høie, wimpergformede sidestykker, omgivet af fialer”.[111]

c) Orgelet frå 1923 frå Olsen & Jørgensen hadde 26 stemmer fordelte på to manualar og pedal, pneumatisk traktur. Orgelet vart plassert på ein ny lem over Raundalskyrkja, inne i tårnet. Fasaden står der framleis og er rikt dekorert. Pedalstemmene er plasserte i to tårn som flankerer galleritrappa i sør, manualstemmene er plasserte ved nordsida. Orgelet har ein rik fasade med mange felt fylte med stumme piper i nyrenessanse-arkitektur med barokke element. I 1986 fekk orgelet ny spelepult.[112]

d) Kyrkja fekk nytt orgel i 2000. Orgelet er bygt av Ryde & Berg Orgelbyggeri AS, Fredrikstad, etter teikningar av arkitekt Olvæus (Sv.). Det står på galleriet i sørvestre hjørne av skipet og det opne prospektet med synelge metallpiper er vendt mot aust med eit gavldekt midtfelt prydd med lyre og med smale, doble sidetårn med spir i øvre hjørna. Orgelet har ei stram utforming som er tilpassa element i kyrkja som t d panelfelta på veggene. Det er måla i ein raudbrun farge som går inn i interiøret og detaljar er stafferte med gull. Orgelet har to manualar og pedal og følgjande disposisjon:[113]

Piano, Grøndahl, i sakristiet.

Flygel i søraustre hjørne i skipet.

Bøker

Tidlegare bøker

Kyrkja hadde etter Miltzow eit rikt bibliotek i mellomalderen. Miltzow fortel mellom anna at i alle banda i samlinga var det trykt med gullbokstavar: Liber Ecclesiæ Vossensis (Boka tilhøyrer Voss kyrkje). Etter reformasjonen kravde superintendenten i Bergen at bøkene skulle flyttast dit, der dei vart øydelagde i brann palmesundag 1623. [114]

Bibel

Bibel, ”Prentet i Københaffn aff Matz Vingaardt Anno 1588”. Illustrert.

Møblar

Brurestolar

Kyrkja har brurestolar i barokkform. Stolane har stoppa og skinntrekt rygg og sete festa med saum. Ryggen har boga og skore toppstykke med blomekorg og ranker over protalforma fyllingsfelt og med skorne ranker også på ryggstolpane. Seta er låge og breie i front, kviler på ein smal sarg, på dreia bakbein og skårne, boga forbein med skore bindingsbrett med ranker og blomekorg. H-kryss. Stolane er lyst brunbeisa, skinnet er mellombrunt naturfarga. Innskore på baksida av toppstykket: BRURASTOL FRÅ KYRKJELYDEN TIL VOSSAKYRKJA, ANNO 1932.

Skåp med monter til bibelen

Den gamle bibelen (sjå under bøker) er plassert i skåp med glasmonter i overkant. Sjølve skåpet har to dører med portalornament og kviler på fire kuleforma føter. Det er rikt ornamentert med samansette stildrag.

Stol

Ein eldre karmstol er plassert i sakristiet. Stolen har ryggbrett som endar i toppstykke med skoren skjellform. Ryggstolpane endar oppe i bogar inn mot toppstykket. Armlena er svungne og kviler på snodde bein på sargen som har forstykke med skore ornament. Forbeina er dreia. H-kryss og baksprosse.

Offerutstyr

Almissebøsse. Ei bøsse av blekk er bevart. Ho er svartmåla med ei kvit innskrift i skriveskrift: Voss frivillige Fattigpleie. Høgde ca 9 cm.

Offerskål. Offerskål i einer, lagga og med graverte dekorasjonar som viser kalk, kross og bibel, evangelistsymbola, stjerna over Betlehem og tre framstillingar av Jesus-barnet. Innskrift med bibelord og Voss kyrkje. Under botnen: Gåve frå Bjørgum Bondekvinnelag 1976. Høgde 13,3 cm, diameter 25,3 cm.

Offerkorg. Tegerkorg to krossar innfletta på korpus. Under korga er svidd inn: VANGSKYRKJA 1987 og initialane JA, AA og IH. På ein fastsydd lapp i botnen står denne innskrifta: Offerkorg i bjørketeger til VANGSKYRKJA. Gåve frå Inngjerd Hårklau og Anna Almenningen Joledagen 1987. Dei har saman med Jon Almenningen laga denne korgi som han tok til med i 1980. Korga er 26 cm høg.

Kollekthovar i form av skinnposar med sirkulær botn festa til ring med metallsaum og med to beine handtak av tre.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv, 1929 eller tidlegare. Stempel: (?), K. Hestnes, 830S. Innskrift på foten, A: Synneva Glimme 1929, B: Anna Dagestad 1929.

Diverse

Pilegrimsmerke. Under restaureringsarbeidet i 1936 vart det funne fem lause pilegrimsmerke i predellaen under altartavla.[115]

Tinnskål. Lita, eldre tinnskål, ca. 9 cm høg.

Kårde. Draktkårde i sakristiet. Kården har bevart delar av skjeftet og skal vera ein av dei best bevarte frå første halvdel av 1700-talet. Han kan ha tilhøyrt kaptein Jens Nordahl.[116]

Fragment. Tre fragment av tre er funne under utgravingar i kyrkjegrunnen. Fragmenta er oppbevarte i kyrkja. På den eine er festa ein lapp med følgjande innskrift: ”3 stk deler av døypefont funne under kyrkjegolvet”. Det går ikkje klårt fram av fragmenta at det dreiar seg om ein døypefont, og Berg gjev ikkje noko klår tolking av fragmenta i 1977.[117]

Kyrkjegardar og gravminne

Kyrkjegardar

Voss kyrkjegard

Det har rimelegvis vore kyrkjegard ved kyrkja så lenge det har vore kyrkje på Vangen. Dette var den einaste kyrkjegarden på staden fram til 1834. På eit trykk frå før 1840 kan ein sjå at nordgrensa for kyrkjegarden har gått lengre nord, medan grensa mot sør låg nær kyrkja. Trykket viser portar i steingarden mot aust og nord, eit anna trykk frå ca 1860 viser tilsvarande port mot vest.[118] Det er få og låge bygningar omkring kyrkja.

Kyrkjegarden skal ha vore inndelt i åtte bolkar, ein for kvar åttung, og i tillegg ein bolk for framande som døydde i bygda.[119] På dei nemnde skissene står kyrkja utan tre rundt, etter prostevisitasen i 1829 vert det sagt at prost Munster hadde planta tre omkring kyrkja.[120]

I dag er kyrkja omgjeven av høge almetre innafor steinmuren som avgrensar kyrkjegarden mot Vangsgata i nord, mot parkområde i aust og sør og mot parkeringsplass i vest. Graver finst på alle sider av kyrkja, mest på sørsida. Unntaksvis vert det sett ned nye graver. Gangfelt rundt kyrkja og frå inngangane er dekte med skiferheller. Inngangane gjennom nord- og vestmuren har portar av smijarn festa i portstolpar av steinheller ved inngangane. Portstolpane ber lykter med elektrisk lys.

Assistentkyrkjegard nr 1

Voss kyrkjegard synte seg etter kvart for liten for folkemengda i bygda, og i 1933 vart det planlagt ein hjelpekyrkjegard på Tunshovden på Lekvemoen under garden Lekve. Plassen, som ligg ved skulane på Voss, vert også kalla Skulehaugen. Arealet vart gjeve av proprietær Fleischer. Plassen vart rydda og hegna, og den 10. juli 1834 vart han vigsla av prost Munster samstundes med at det første liket vart sett ned der. Vel 20 år seinare viste det seg at heller ikkje denne gravplassen gav nok rom, og det vart avgjort at arealet skulle doblast mot sør. Ved prostevisitasen i 1857 var utvidinga skjedd, og gravplassen var inngjerda med steingard.[121] Den nye plassen vart vigsla i 1860.[122]

Rundt den nærast kvadratiske gravplassen er det i dag steingard av heller med jarnport mot vest. Det er lite høgvaksen vegetasjon innafor murane, men det finst nokre unge bjørker og ein del busker spreidde omkring. På utsida av steingarden, mot nord og sør, avgrensar høge tre mot skuleområda.

Gravplassen har i lang tid lege unytta, men det ligg føre planar om å ta han i bruk att med det første, då under namnet Tunshovden.

Assistentkyrkjegard nr 2

Den største gravplassen på Voss ligg sør og sørvest for Assistentkyrkjegard nr 1 på Lekve og Prestegardens grunn. Plassen vart grunnlagt i 1883 og har sida vore utvida i fleire omgangar. No dekkar han skråninga mot vest ned frå Lekvemoen og flata nedafor mellom det kommunale vegnettet. Felta er inndelte med grusgangar mellom. Det er avgrensa plantering på plassen, ein del lauvtre ved muren i vest og sør, og hekkar av dvergfure inne på plassen. Mot aust er plassen avgrensa av naturleg blandingsskog.

Gravminne

Gravminne i kyrkja

Det har vore sett ned ei mengd graver inne i kyrkja og tidlegare undersøkingar har resultert i dokumentasjon av det som finst att av desse gravminna. Under koret er det såleis tre kjellarrom. No er det berre den nemnde ”krypten” som er tilgjengeleg.

I 1922 og 1923 vart kjellarane undersøkte av Voss folkemuseum og styret for Voss sogelag. Dei opna golvet i altarringen og nord og vest for altarringen og fann eit lite rom under altarringen, eit større på nordsida (”krypten”) og det største vest for altarringen. I rommet vest for altarringen fann dei 10 kister for vaksne og tre barnekister. På nokre av kistene var det innskrifter på massingplater. I rommet under altarringen ligg to kister.[123]

Gravminne og minnesmerke på Voss kyrkjegard

Det er graver på alle fire sider av kyrkja, dei fleste på sørsida. I nordvestre hjørne på kyrkjegarden er det samla ein del eldre gravminne, mellom anna fleire støypejarnskrossar frå kring 1900. Det er elles teke vare på ein del eldre graver av personalhistorisk interesse. Truleg er dei prestane som har døydd i teneste på Voss gravlagde på denne kyrkjegarden eller tidlegare (før 1804) inne i kyrkja

Gravminne over skodespelarLars Tvinde. Bronseprtrett på høg marmorstein.

Gravminne over sokneprest G B Jersin. Steinplate lagt i marka med innskrift i latinske versalar.

Gravminne over sokneprest J Chr Jersin. Steinplate lagt i marka med innskrift i skriveskrift.

Minnesmerke

På austsida av kyrkjegarden er eit lite parkområde med benker og eit minnesmerke med tre bautaer over (frå venstre) Bilæthoggar Brynjulf Bergslien, 1830-1898, Kunstmålar Nils Bergslien, 1853-1928, og Kunstmålar Knut Bergslien, 1827-1908. Minnesmerket er i granitt med base av to steg som ber dei tre bautaene. Desse skilde nede med smale, tverrstilte granittplater over basen. Kvar av kunstnarane er viste i eit rundt portrett i bronserelieff. Relieffa er laga av Nils Bergslien. Odd Hereid, Eidfjord har hogge steinane.

Gravminne på Assistentkyrkjegard nr 1

Gravplassen har eit fåtal graver spreidde over heile flata, men med ein svak konsentrasjon på sørsida.

Av bevarte gravminne er det skiferhellene som er dei mest markante, både av di dei dominerer i tal, og av di dei representerer ein lokal skikk i Vosse-bygdene. Det må ha vore ein lokal produksjon av desse steinane, etter som mange av dei har ei felles nygotisk, spissboga form med same dekorelementa.

Det er også bevart eit typisk døme på nygotisk, gjennombroten støypejarnskross, med innskriftsplate og karm med del av gitterverk.

Det er sett opp to minnesteinar på gravplassen, begge i 1912.

Bauta over Ola Mosefinn 1828-1912. Høg, tukta stein med kvadratisk snitt. Innskrift på den eine sida: Ola Mosefinn 1828-1912, innskrift på motsett side: Reist av Sambygdingar.

Bauta på grav over Svein D Gjerdåker 1848-1912. Høg stein med rektangulært snitt. Innskriftsfelt under kross på austsida med versalar med runepreg: 1848 SVEIN D GJERDÅKER 1912. VOSS HERAD SETTE STEINEN MED TAKK FOR DEN GILDE GÅVA.

Gravminne over handelsmann og hotelleigar H K Dykesten 1912. Støpejarnsplate med putti som ber symbol for tru, von og kjærleik over innskrifta og krans av blad og blomar under innskrifta.

Gravminne på Assistentkyrkjegard nr 2

Moderne gravminneproduksjon dominerer felta, men det finst også døme på eldre steinar. I den grad det framleis vert nytta skifer som gravminne, kan desse vera i tradisjonell nygotisk form, men det finst også døme på nye skifersteinar i eit moderne formspråk.

Bygningar knytte til gravplassane

Bygningar ved Voss kyrkjegard

Det ligg i dag ingen ekstra bygningar på sjølve kyrkjegarden, men nærleiken til prestegarden på sørvestsida av kyrkja er enno tydeleg, sjølv om hovudvegen skil dei to anlegga frå einannan.

Skisser frå 1800-talet og skriftlege kjelder viser at det i tidlegare tider har vore eit heilt bygningsmiljø knytt til kyrkjestaden på Vangen.


Bygninar på Assistentkyrkjegard II

Det er to bygningar på gravplassen, eit reiskaps- og opphaldsrom nord for vestporten og eit bårehus i nord. Ungdomsforbundet sitt hus Vonheim ligg rett vest for gravplassen, og dei fleste gravleggingar skjer frå eit møterom her. Minnesamver etter gravlegginga vert også ofte arrangert på Vonheim.

Bårehuset er teikna av arkitetk Olav Tvilde.

Steinkrossen

Ein kross er bevart på ein liten haug på prestegardsmarka om lag 230 m søraust for kyrkja. Han er tilhoggen av ei helle av fyllitisk skifer, frå 7 til 13 cm tjukk, 89 cm på det breiaste og 165 cm høg over jorda.[124] Krossen vert kalla Olavskrossen etter ei segn om at han vart reist i samband med at Olav Haraldsson (den heilage) var på Voss i 1023. Ut frå det ein elles tenkjer om slike steinkrossar vil ein tru at krossen har vore ein kultisk samlingsstad før det kom kyrkje på Vangen og at han kan ha vorte brukt i samband med prosesjonar etter at kyrka kom.

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Rekneskapar, inventarlister, synfaringar og visitasmeldingar, Statsarkivet i Bergen
  2. Storsletten 1997, rapport i Antikvarisk arkiv, Riksantikvaren, A-280 Voss kirke – Voss kommune. Dendrokronologiske prøver
  3. Opplysningar frå kyrkjeverja
Trykte kjelder
  1. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904 – 1913
  2. Berg, A., Voss kyrkje : Vangskyrkjo på Voss, Oslo 1977
  3. Diplomatarium Norvegicum
  4. Kielland, T., Norsk gullsmedkunst i middelalderen, 1927
  5. Kindem, L., Vossakyrkja, Vossa-Vangen 1926
  6. Kolnes, S.J., Norsk orgelregister 1328 – 1992, Førdesfjorden 1993
  7. Orgelbrosjyre
  8. Solhaug, M. B., Middelalderens døpefonter i Norge, Vol I – II, doktoravhandling, Oslo 2001
  9. Voss Kyrkje, Kyrkje og kristenliv : Vangskyrkjo 700 års høgtid, Voss kommune, Voss 1977
oppmålingar og fotografi
  1. Berg 1977. Arne Berg har i samband med jubileumsboka gjort eit stort arbeid med oppmålingsteikningar både av bygninga og av mykje av inventaret. Han har også samla eit rikt biletmateriale som omfattar både måleri og skisser og fotografi.

Bilete

Fotnotar

  1. DN 1, s 712
  2. Kindem 1926 har med omsetting av heile skrivet, s 6-17. Omsettinga av sokneprest Olafsen, er tidlegare publisert i ”Vossebygdene” 1912.
  3. Same staden s 17
  4. Same staden s 7f, attgjeve på latin og i omsetting
  5. Fleire forfattarar, m.a. Bendixen 1904-13, s 566, skriv at 25. mai er rettare
  6. Kindem 1926, s 8
  7. Det har, grunna tidspress, ikkje vore mogeleg å gå inn i eit grundig kjeldestudium. Artikkelen byggjer i tillegg til eigne undersøkingar og dei nemnde kjeldene på sekundærlitteraturen, og då primært Kindem 1926 og Berg 1977.
  8. Kindem 1926, s 23
  9. Synfaring 1686
  10. Synfaring 1721
  11. Kindem 1929 s 28
  12. Berg 1977, s 16
  13. Rekneskap
  14. Berg 1977, plansje X. Oppriss av portalen med to loddsnitt og horisontalsnitt
  15. Berg, 1977 s 25. Forsøk på rekonstruksjon på grunnlag av restane. Skisse.
  16. Berg 1977 s 38. Framlegg til rekonstruksjon av eit lektorium i tre høgder der opninga i tredje høgd er tenkt som opning for eit framhald av trappa oppover i bogevangen. Dette er lite sannsynleg. Kindem 1926 s 42 konstaterer også at opninga vender mot nord.
  17. Berg 1977, s 61
  18. Rekneskap
  19. Visitasmelding
  20. Visitasmeldingar
  21. Kindem 1926, s 37
  22. Berg 1977, s 25f har nærare detaljar
  23. Sjå Berg 1977, s 22f.
  24. Berg 1977, s.18-19
  25. Kindem 1926, s 70ff gjer nærare greie for undersøkinga av romma
  26. Rekneskapar
  27. Kindem 1929 s 27
  28. Kindem 1929 s 42
  29. Berg 1977, s 151
  30. Synfaring 1686 og synfaring 1721
  31. Kindem 1926, s 30f
  32. Rekneskap 1687-89
  33. Rekneskapar
  34. Rekneskapar
  35. Rekneskap
  36. Rekneskap
  37. Bispevisitas 7. juli 1822
  38. Kindem, 1926, s 32
  39. Synfaring 1686 og Synfaring 1721
  40. Berg 1977 s 115 viser teikninga som er utført av Geo Atkinson
  41. Kindem 1926 s 33
  42. Berg 1977, s 144
  43. Berg 1977, s 152
  44. Berg 1977, s 133
  45. Berg 1977, s 29
  46. Berg 1977, s 144 med foto
  47. Berg 1977, s 61, illustasjonar s 115 og 119 og Kindem 1926 s. 35
  48. Rekneskap
  49. Rekneskap
  50. Berg 1977, s 111, med teikning
  51. Rekneskap
  52. Rekneskap
  53. Rekneskap
  54. Berg 1977, s 91-98 gjer nærare greie for måleria og gjev att alle innskriftene
  55. Rekneskap
  56. Kindem 1926, s 40
  57. Berg 1977, s 153
  58. Berg 1977, s 152f
  59. Berg 1977, s 147 og 154
  60. Synfaring 1686
  61. Berg 1977 s. 77
  62. Berg 1977 s. 42: rekonstruert mellomaldertilstand
  63. Kindem 1929 s. 48
  64. Berg 1977 plansje IX: oppmålingsteikningar av tavla og altaret
  65. Kyrkjerekneskap 1684-86
  66. Berg 1977 går nærare inn på dette oppbygget.
  67. Rekneskap
  68. Solhaug, del III, s. 105
  69. Same staden
  70. Synfaring 1686 og rekneskapar
  71. Bendixen 1904-13, s 577
  72. Berg 1977, s 150
  73. Synfaring 1686
  74. Rekneskap 1684-86
  75. Berg 1977 s 150 viser til Kindem.
  76. Rekneskapar
  77. Kindem 1926, s 43
  78. Berg 1977, s 89: teikningar av delar av benkene frå tida før 1870
  79. Kindem 1926, s 43
  80. Foto hjå Berg 1977, s 146-7
  81. Kindem 1926, s 43
  82. Rekneskapar 1699-1701
  83. Kindem 1926, s 43
  84. Rekneskap
  85. Rekneskapar
  86. Rekneskap
  87. For tidlegare galleri, sjå t d Kindem s. 54.
  88. Berg 1977, s 85f
  89. Berg 1977, s 73f
  90. Berg 1977, s 160, note 9. Berg gjer også greie for restaurering av begge portretta ved Riksantikvarens Vestlandsatelier 1965.
  91. Same staden, note 10, der Berg viser til Ludvig Daa, Hist. Tidsskr. Anden række 5. bd., Kra 1886, s.161f.
  92. Berg 1977, s 73f
  93. Same staden, note 9
  94. Kindem 1926 s 61 har avskrift av namna på tavla
  95. Same staden. Kindem har med innskriftene på tavlene. Han beskriv i tillegg tavler over Jacob Jersin og Georg B. Jersin. Desse er ikkje opphengde i kyrkja no.
  96. Chra. stiftsdir., kirker, vedlikeh., synsprot. 1.
  97. Chra. stiftsdir., kirker, vedlikeh., synsprot. 1.
  98. Bugge 1923, s. 96, H. Hals II, Tinn, kat. ms.
  99. Chra. stiftsdir., kirker, vedlikeh., synsprot. 1.
  100. Rekneskap
  101. Kindem 1926, s 46, fig. 19. Her er duken I bruk på altaret
  102. Bendixen 1904-13, s 574
  103. Rekneskap
  104. Bendixen 1904-13, s 578
  105. Rekneskapar
  106. Rentek., kirkeregnskap, Akershus stift, pk. 1b.
  107. Chra. stiftsdir., kirker, vedlikeh., synsprot. 1, (besikt. 4.8.1675).
  108. Chra. stiftsdir., kirker, vedlikeh., synsprot. 1, (besikt. 4.8.1675).
  109. Dok. innbundet i kallsbok fra 1882.
  110. Kolnes 1993, s 369 og 380
  111. Bendixen 1904-13, s 578
  112. Kolnes 1993, s 369
  113. Orgelbrosjyre
  114. Kindem 1926, s. 16. Kindem har ei omsetting av Miltzow s 8-17
  115. Berg 1977, s 39 med note 15. Foto og opplysningar om merka
  116. Berg 1977, s 101 og note 94
  117. Berg 1977
  118. Kindem 1926, s 20 og 22
  119. Kindem 1626, s 115
  120. Kindem 1626, s 115
  121. Kindem 1626, s 116
  122. Berg 1977, s 121
  123. Kindem 1926, s 70ff gjer nærare greie for undersøkinga, for kistematerialet og gjev også att dei lange innskriftene på minneplatene.
  124. Berg 1977, s 10. Berg omtalar krossen s 9 og 10.