Forskjell mellom versjoner av «Jordalen kapell»
Fra Norges Kirker
(bot: Automatisk import) |
|||
(12 mellomliggende revisjoner av 4 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
− | {{ | + | {{historisk_artikkel}} |
+ | |||
''Anne Marta Hoff'' | ''Anne Marta Hoff'' | ||
− | |||
===Bakgrunn=== | ===Bakgrunn=== | ||
Linje 63: | Linje 63: | ||
Bilete med motivet Jesus for Pilatus på nordveggen i koret. | Bilete med motivet Jesus for Pilatus på nordveggen i koret. | ||
− | ==== | + | ====Rituelle kar==== |
+ | |||
+ | |||
+ | '''Kalk''' | ||
+ | |||
+ | Kalk i sølv. Halvrund kupa med nebb, innvendes gylt, kort skaft med nodus med midtring og tverrriller, utsvinga fot avslutta med knekk over runda standkant. Latinsk kross på kupa. Høgde 18, 1 cm, diameter13,2 cm. Stempel 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN. | ||
+ | |||
+ | '''Særkalkar''' | ||
+ | |||
+ | Flat kupa, innvendes gylt, høgtstilt nodus og høg utsvinga fot med latinsk kross. Stempel 830 S og kalk i oval. Høgde 7,1 cm. | ||
+ | |||
+ | '''Disk''' | ||
+ | |||
+ | Tallerkforma disk i sølv med lett konveks rand. Diameter 16,7 cm. Stempel 830 S, kalk i oval, TH: MARTHINSEN. | ||
+ | |||
+ | '''Dåpsfat''' | ||
+ | |||
+ | Dåpsfat i massing med skrå, forsterka rand og runda, hamra botn. Diameter 39 cm, høgde 6,4 cm. Umerkt. | ||
+ | |||
+ | '''Kanne''' | ||
+ | |||
+ | Kanne i massing med pæreforma korpus med vid hellekant, svungen hank og ut- og nedsvinga fot. På korpus latinsk kross, på foten JORDALEN KAPELL 1999. Stempel TH. MARTHINSEN. Høgde 27,5 cm ved hanken, vidde 20,2 cm ved hanken. | ||
+ | |||
====Parament==== | ====Parament==== | ||
Det er ingen liturgiske klede tilstades i kapellet. | Det er ingen liturgiske klede tilstades i kapellet. | ||
Linje 77: | Linje 99: | ||
''Veggteppe''. Rye teikna av tekstilkunstnar Else Poulsson, Oslo, og knytta av kvinner i Jordalen.<ref> Kallsbok fol. 13</ref> Motiv: kristogram i trekant på y-kross med strålar og stjerner. Teppet hang tidlegare over altaret. | ''Veggteppe''. Rye teikna av tekstilkunstnar Else Poulsson, Oslo, og knytta av kvinner i Jordalen.<ref> Kallsbok fol. 13</ref> Motiv: kristogram i trekant på y-kross med strålar og stjerner. Teppet hang tidlegare over altaret. | ||
− | ==== | + | ====Lysstell==== |
+ | |||
+ | a) To ''massingstakar'' for eitt lys. Høgde 18,5 cm, diameter 13,5 cm. | ||
+ | |||
+ | b) To ''massingstakar'' for tre lys. Høgde 19,7 cm, vidde 23,3 cm. | ||
+ | |||
+ | Det er fire toarma, barokkforma og antikkfarga ''lampettar'' i skipet. Rommet er elles opplyst av fire enkle taklampar og to punktlys mot altaret. | ||
+ | |||
====Klokker==== | ====Klokker==== | ||
Lita klokke ute i taket over inngangsdøra. Kokka er festa direkte til ein svingbom i jarn, og har runda hue, rett hals over utsvinga korpus som via riller går over i rett, skrådd slagring. Diameter 31,5 cm, høgde til svingbommen 25 cm. | Lita klokke ute i taket over inngangsdøra. Kokka er festa direkte til ein svingbom i jarn, og har runda hue, rett hals over utsvinga korpus som via riller går over i rett, skrådd slagring. Diameter 31,5 cm, høgde til svingbommen 25 cm. | ||
Linje 105: | Linje 134: | ||
# Kallsbok, Oppheim prestegard | # Kallsbok, Oppheim prestegard | ||
− | == | + | ==Bilete== |
− | <gallery widths="100px" heights="100px" perrow="6"> | + | <gallery widths="100px" heights="100px" perrow="6" Caption="Eksteriør"> |
+ | |||
Fil:Jordalen skule med kapell nede til høgre, AMH 2007.jpg|Jordalen skule med kapell nede til høgre, AMH 2007 | Fil:Jordalen skule med kapell nede til høgre, AMH 2007.jpg|Jordalen skule med kapell nede til høgre, AMH 2007 | ||
− | Fil:Jordalen, | + | Fil:Jordalen, gravkapellet, eksteriør, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravkapellet, eksteriør, AMH 2007 |
+ | </gallery> | ||
+ | |||
+ | <gallery widths="100px" heights="100px" perrow="6" Caption="Interiør"> | ||
+ | Fil:Jordalen, interiør mot altaret, AMH 2007.jpg|Jordalen, interiør mot altaret, AMH 2007 | ||
+ | Fil:Jordalen, interiør mot bakveggen, AMH 2007.jpg|Jordalen, interiør mot bakveggen, AMH 2007 | ||
+ | |||
+ | Fil:Jordalen, korpartiet, AMH 2007.jpg|Jordalen, korpartiet, AMH 2007 | ||
+ | |||
+ | Fil:Jordalen, gravkapellet, interiør mot forndveggen, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravkapellet, interiør mot forndveggen, AMH 2007 | ||
+ | Fil:Jordalen, gravkapell, interiør mot inngangen, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravkapell, interiør mot inngangen, AMH 2007 | ||
+ | |||
+ | </gallery> | ||
+ | |||
+ | <gallery widths="100px" heights="100px" perrow="6" Caption="Inventar"> | ||
Fil:Jordalen, altar, AMH 2007.jpg|Jordalen, altar, AMH 2007 | Fil:Jordalen, altar, AMH 2007.jpg|Jordalen, altar, AMH 2007 | ||
− | |||
− | |||
Fil:Jordalen, altarskåp ope, AMH 2007.jpg|Jordalen, altarskåp ope, AMH 2007 | Fil:Jordalen, altarskåp ope, AMH 2007.jpg|Jordalen, altarskåp ope, AMH 2007 | ||
Fil:Jordalen, altarskåp, detalj, AMH 2007.jpg|Jordalen, altarskåp, detalj, AMH 2007 | Fil:Jordalen, altarskåp, detalj, AMH 2007.jpg|Jordalen, altarskåp, detalj, AMH 2007 | ||
+ | Fil:Jordalen, altarskåp attlate, AMH 2007.jpg|Jordalen, altarskåp attlate, AMH 2007 | ||
+ | Fil:Jordalen, døypefont, AMH 2007.jpg|Jordalen, døypefont, AMH 2007 | ||
+ | Fil:Jordalen, altarduk, AMH 2007.jpg|Jordalen, altarduk, AMH 2007 | ||
+ | Fil:Jordalen, klokke, AMH 2007.jpg|Jordalen, klokke, AMH 2007 | ||
Fil:Jordalen, bilete nord i koret, AMH 2007.jpg|Jordalen, bilete nord i koret, AMH 2007 | Fil:Jordalen, bilete nord i koret, AMH 2007.jpg|Jordalen, bilete nord i koret, AMH 2007 | ||
− | Fil:Jordalen, | + | |
− | Fil:Jordalen, | + | Fil:Jordalen, teppe framfor altaret, AMH 2007.jpg|Jordalen, teppe framfor altaret, AMH 2007 |
− | Fil:Jordalen, | + | Fil:Jordalen, veggteppe, AMH 2007.jpg|Jordalen, veggteppe, AMH 2007 |
− | Fil:Jordalen, | + | Fil:Jordalen, kollekthov, AMH 2007.jpg|Jordalen, kollekthov, AMH 2007 |
− | Fil:Jordalen, | + | Fil:Jordalen, Bibel, AMH 2007.jpg|Jordalen, Bibel, AMH 2007 |
− | + | Fil:Jordalen, pidestall, ein av to, AMH 2007.jpg|Jordalen, pidestall, ein av to, AMH 2007 | |
+ | </gallery> | ||
+ | |||
+ | |||
+ | |||
+ | <gallery widths="100px" heights="100px" perrow="6" Caption="Kyrkjegard og gravminne"> | ||
Fil:Jordalen, gravplassen sett mot Nærøydalen 1, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravplassen sett mot Nærøydalen 1, AMH 2007 | Fil:Jordalen, gravplassen sett mot Nærøydalen 1, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravplassen sett mot Nærøydalen 1, AMH 2007 | ||
Fil:Jordalen, gravplassen sett mot Nærøydalen, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravplassen sett mot Nærøydalen, AMH 2007 | Fil:Jordalen, gravplassen sett mot Nærøydalen, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravplassen sett mot Nærøydalen, AMH 2007 | ||
Linje 126: | Linje 177: | ||
Fil:Jordalen, gravplassen sett mott Nærøydalen 2, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravplassen sett mott Nærøydalen 2, AMH 2007 | Fil:Jordalen, gravplassen sett mott Nærøydalen 2, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravplassen sett mott Nærøydalen 2, AMH 2007 | ||
Fil:Jordalen, gravplassen, klokke, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravplassen, klokke, AMH 2007 | Fil:Jordalen, gravplassen, klokke, AMH 2007.jpg|Jordalen, gravplassen, klokke, AMH 2007 | ||
− | + | ||
− | + | ||
− | |||
− | |||
− | |||
− | |||
− | |||
− | |||
− | |||
− | |||
− | |||
− | |||
− | |||
</gallery> | </gallery> | ||
− | == | + | ==Fotnotar== |
<references /> | <references /> | ||
[[Kategori:Kyrkjer/kirker]] | [[Kategori:Kyrkjer/kirker]] | ||
[[Kategori:Mangler metadata]] | [[Kategori:Mangler metadata]] |
Nåværende revisjon fra 27. okt. 2020 kl. 15:43
Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.
Anne Marta Hoff
Bakgrunn
Jordalen er ein høgtliggjande sidedal til Nærøyfjorden og kapellsokn under Oppheim. I dalen er det om lag 40 fastbuande, og vegen er så vanskeleg framkommeleg vinterstid at det framleis er skule i dalen, trass i det låge folketalet. Den gamle skulen var vigsla til kyrkjeleg bruk, og då denne vart sanert ved oppføringa av ny skule i 1977, vart eit rom i sokkeletasjen vigsla til kapell av prosten på Voss, Augun Østtveit, 4.6.1977, med heimel i kgl. res. av 17.1.1975.[1] Drifta av kapellet er privat og inventaret er gåver frå folk i bygda.
På den andre sida av elva ligg gravplassen som ligg under Voss kyrkjelege fellesråd sitt ansvarsområde. Her er det oppført eit lite gravkapell som berre vert nytta til båreandaktar.
Bygningen
Jordalen kapell er eit rektangulært rom med korparti ved fondveggen, avgrensa i breidda ved eit innkledd hjørne i nordaust. Tre av veggene er yttervegger, den fjerde vender inn mot inngangspartiet i skulen.
Vegger
Skulehuset er oppført i bindingsverk med murt sokkeletasje. Veggene i kapellrommet i sokkeletasjen er panelte innvendes.
Dører
Kapellet har felles inngangsdør med resten av sokkeletasjen og ei glatt, finert dør inn til rommet frå gangen.
Korskiljet
Kordelen ligg i same golvnivå som resten av rommet, men er markert med ulik golvfarge, ved ei faldedør som kan latast att på tvers av rommet og ved knefallet.
Vindauge
To todelte vindauge lyser opp rommet gjennom veggen mot skulegarden, den eine delen av vindauga er hengsla.
Golv og fundament
Golvet er kledd med nålefilt.
Himlingar
Himlinga er sett saman av betongelement i breidderetning med fasa skøytar.
Interiør
Altaret står ved fondveggen, preikestolen er plassert i korskiljet mellom det innkassa hjørnet og knefallet. Framfor hjørnet heng faldedøra som er i kunstskinn. Døypefonten står i hjørnet på den andre sida av altaret og framfor denne er det ei opning mellom veggen og knefallet. I skipet er det to felt med stolar og gang mellom felta. Inngangsdøra er bak frå gangen inn til skulen. På denne sida er det tre stolar i fire rekker, ved sørveggen er det seks stolar i fem rekker.
Fargar
Veggene er trekvite, himlinga kvit. Golvet i kordelen har fiolett og golvet i skipet grå nålefilt. Faldedøra er djupt raud. Liturgisk inventar og stolar er trekvite.
Lys og varme
Elektrisk lys og varme montert frå oppføringa av, rommet vert oppvarma med panelomnar.
Inventar
Altar
Altaret er laga av Erik Hæve, Bulken.[2] Det er eit kassealtar med sokkel der tre av sidene er dekte med liggjande skuggepanel sett intil kvadratiske hjørnestolpar i framhjørnene. Breidde 172 cm, høgde 90 cm, djupn 62 cm. Umåla.
Altarskåp
Frå først av hang eit knytt teppe på veggen bak altaret (sjå nedafor under Parament.
Kyrkja har no eit altarskåp i form av eit triptyk med hengsla fløyar og med høgt boga midtparti toppa med skoren kross. Det er eit skuleprosjekt og er laga av elevar ved Jordalen skule saman med treskjærar Sjur Mørkeve. Det vart teke i bruk i 2002. Utvendes er skåpet lyst brunbeisa. På venstre fløy er det rissa inn eit sigerslam på boka med sju segl, på høgre fløy symbol for von, tru og kjærleik, anker, kross og hjarte. Innvendes er det skorne og måla motiv. Til venstre Jesus stiller stormen, sentralt: Kristus med stråleglans i overkant. Frå han går det ut ei elv gjennom en dal, elva endar i ein foss nedst der det står ein person vend mot Kristus. (”straumar av levande vatn”?) I motivet til høgre sit ein kvitkledd person bedande i framgrunnen med ei bok framfor seg. Over den grøne bakgrunnen svevar ein lysande, kvitkledd engel.
Altarring
Kneleputa er kledd med svart sauepels. Handlista er av ein tredragar med indre hylle for særkalkar, boren av fire stolpar feste til knefallet. Lakka. Laga av Erik Hæve. Kneleskammelen ved altaret har same form og utstyr som knefallet.
Døypefont
Døypefonten er frå omkring 1900 og har åttekanta grunnform. Skaftet, ei sentral plate i kummen og fotplata er av heil ved. Plata i kummen er åttekanta med runda sider. Over plata har kummen ei innskrådd forhøging i form av ei kraftig list med holkil. Lista held dåpsfatet. Under plata er det også list med innskrådd holkil avslutta med gjennomskoren hengebord. Skaftet har profilert list som nodus. Overgangen mellom skaft og fotplate er formidla ved listverk med holkil og vulst. Fotplata er runda i overkant og har rett standkant. Døypefonten har vore måla og er sida luta.
Preikestol med oppgang
Preikestolen er laga av Erik Hæve. Han er kasseforma på sokkel og tre sider er kledde utvendes med ståande skuggepanel. Oppe er han avslutta med eit formskore handbrett. Innvendes er det lesebrett, hylle og rom for oppbevaring av salmebøker, salmenummer etc. Den som preikar står på golvet bak stolen.
Stolar
Kapellet har jærstolar i naturfargar, nokre med salmebokhylle festa bak i sprosseverket.
Måleri
Bilete med motivet Jesus for Pilatus på nordveggen i koret.
Rituelle kar
Kalk
Kalk i sølv. Halvrund kupa med nebb, innvendes gylt, kort skaft med nodus med midtring og tverrriller, utsvinga fot avslutta med knekk over runda standkant. Latinsk kross på kupa. Høgde 18, 1 cm, diameter13,2 cm. Stempel 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN.
Særkalkar
Flat kupa, innvendes gylt, høgtstilt nodus og høg utsvinga fot med latinsk kross. Stempel 830 S og kalk i oval. Høgde 7,1 cm.
Disk
Tallerkforma disk i sølv med lett konveks rand. Diameter 16,7 cm. Stempel 830 S, kalk i oval, TH: MARTHINSEN.
Dåpsfat
Dåpsfat i massing med skrå, forsterka rand og runda, hamra botn. Diameter 39 cm, høgde 6,4 cm. Umerkt.
Kanne
Kanne i massing med pæreforma korpus med vid hellekant, svungen hank og ut- og nedsvinga fot. På korpus latinsk kross, på foten JORDALEN KAPELL 1999. Stempel TH. MARTHINSEN. Høgde 27,5 cm ved hanken, vidde 20,2 cm ved hanken.
Parament
Det er ingen liturgiske klede tilstades i kapellet.
Altarduk
Kvit duk i lin med svart, 4,5 cm brei krosstingsbord med krossmotiv på tre sider.
Andre tekstilar
Teppe framfor altaret. Vove, åkleliknande teppe med ulike teknikkar og med krossmotiv. Ull på renning i bomull eller lin.
Veggteppe. Rye teikna av tekstilkunstnar Else Poulsson, Oslo, og knytta av kvinner i Jordalen.[3] Motiv: kristogram i trekant på y-kross med strålar og stjerner. Teppet hang tidlegare over altaret.
Lysstell
a) To massingstakar for eitt lys. Høgde 18,5 cm, diameter 13,5 cm.
b) To massingstakar for tre lys. Høgde 19,7 cm, vidde 23,3 cm.
Det er fire toarma, barokkforma og antikkfarga lampettar i skipet. Rommet er elles opplyst av fire enkle taklampar og to punktlys mot altaret.
Klokker
Lita klokke ute i taket over inngangsdøra. Kokka er festa direkte til ein svingbom i jarn, og har runda hue, rett hals over utsvinga korpus som via riller går over i rett, skrådd slagring. Diameter 31,5 cm, høgde til svingbommen 25 cm.
Bøker
Bibel, Chra 1885, med innskrift: Tilhører Jordalens skolekreds. Modtagen 4de marts 1887 af J. Borge.
Offerkar
Standard kollekthov.
Diverse
To pidestallar.
Kyrkjegard og gravminne
Kyrkjegard
Gravplassen i Jordalen ligg litt lengre sør i på den vestre sida av elva. Han ligg i natur-terreng i beitemark og har eit kraftig gjerde av ståande bord festa til firetoms boks som igjen er festa til runde gjerdestolpar, alt impregnert materiale og umåla. Porten er markert ved at borda og portstolpane er spissa i overkant.
Plassen er oppbygd, men har naturleg bakkeform. Det veks rognetre ved gjerdet og tre bjørker inne på plassen.
Gravminne
No er det 31 graver på gravplassen. Det eldste gravminnet som kan lesast er frå 1925.
Gravkapell
Kapellet har høgt saltak på ein halv meter høg sokkel over støypt plate. Utvendes er taket kledd med lappheller, innvendes panelt med ståande skuggepanel. I den eine takflata er det sett inn eit rektangulært, ståande vindauge. Gavlveggene er innvendes kledde med plater, utvendes med ståande over- og underliggjarar. Døra er utvendes kledd med panel og med metallbeslag i sokkelhøgd. Murgolvet og sokkelen er måla innvendes. Huset er innreidd med voven midtgangsløpar av sisal frå gavlvegg til gavlvegg og midt imot inngangsdøra står ein talarstol under ein kross av massing som heng sentralt på fondveggen. Det er også laga korte kyrkjebenker til kapellet. Desse står no stapla. Rommet er opplyst ved fire kuppelforma lamper, to på kvar takflate. Ei klokke heng over inngangsdøra utvendes. Klokka har ein diameter nede på 42 cm, høgda utan oppheng er 33 cm, med oppheng 41 cm.[4]
Utrykt kjelde
- Kallsbok, Oppheim prestegard
Bilete