Helgatun leirstad og kapell: Forskjell mellom sideversjoner
Fra Norges Kirker
m (robot: automatisk teksterstatning: (-{{TOC\ right}} +)) |
|||
Linje 1: | Linje 1: | ||
''Anne Marta Hoff'' | ''Anne Marta Hoff'' |
Sideversjonen fra 4. mai 2012 kl. 14:12
Anne Marta Hoff
På den privateigde leirstaden Helgatun i Myrkdalen i Voss kommune er det eit rom vigsla til kyrkjeleg bruk. Bygningen vart oppført i 1968.
Bygning
Rommet har vegger med låge vindauge i belte etter langsidene. Endveggen mot vest har faldevegger mot resten av bygningen, endeveggen i aust har gavl mot aust med overlys i gavlfeltet. Slakt saltak kviler på dragarar over sideveggene og dragarar over tverrgåande bjelkar i aust og vest. Aust for den austre av bjelkane er altarrom med opphøgd golv og frådelte siderom. Altarrommet kan skiljast frå ved portierer.
Interiør
Kapellet har overlys over altardelen. Altar i form av eit bord står mot austveggen. Framfor det opphøgde steget står eit mindre bord. Kasseforma preikestol på nordsida framfor steget. Piano på sørsida. Sitjeplassar i form av enkle, stoppa karmstolar. Klokke i mønet på austsida av kapellrommet.