Forskjell mellom versjoner av «Tjugum kyrkje»
Fra Norges Kirker
(→Klokke) |
|||
Linje 302: | Linje 302: | ||
| style="border:none;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| ? | | style="border:none;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| ? | ||
− | Gamba 8’ | + | Gamba 8’<br\> |
− | + | Principal 8’<br\> | |
− | Principal 8’ | + | Octav 4’<br\> |
− | + | Waldfløite2’<br\> | |
− | Octav 4’ | ||
− | |||
− | Waldfløite2’ | ||
− | |||
? | ? | ||
| style="border:none;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| Geigenprincipal 8’ | | style="border:none;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| Geigenprincipal 8’ | ||
− | Salicional 8’ | + | Salicional 8’<br\> |
− | + | Liebl-Gedakt 8’<br\> | |
− | Liebl-Gedakt 8’ | + | Fløite 4’<br\> |
− | + | Subbas16’<br\> | |
− | Fløite 4’ | ||
− | |||
− | Subbas16’ | ||
− | |||
Cello 8’ | Cello 8’ | ||
Revisjonen fra 30. apr. 2013 kl. 10:45
Anne Marta Hoff
|
Bakgrunn
Det er ikkje heilt klart kor lenge Tjugum har vore kyrkjestad. Sjølve kyrkja på Tjugum er ikkje nemnd i Bergens Kalvskinn, ei kyrkjeleg jordebok frå første halvdel av 1300-talet. I innleiinga til faksimileutgåva frå 1989 skriv utgjevarane at grunnlaget for det som står om kyrkjene i Sogn er ein ferdig registrant frå 1316, og at avskrivaren kan ha hoppa over eit par kyrkjer under arbeidet. Dei finn det mistenkjeleg at Tjugum kyrkje ikkje er nemnd, medan kyrkjesoknet er nemnt heile tre gonger (p. 47a og b og p. 48).[1] I Diplomatariet (DN) er kyrkja nemnd i … Venteleg har det stått ei stavkyrkje på staden alt frå 1100-talet slik det elles har vore vanleg på kyrkjestadene frå mellomalderen.
Når kyrkja dukkar opp att i kjeldematerialet frå 1600-talet og frametter, er det ei tømmerkyrkje på Tjugum, og denne skal etter tradisjonen ha vorte bygd i 1610.
Tjugum kyrkje var ein del av Leikanger prestegjeld fram til Balestrand prestegjeld vart oppretta ved kgl. Res. 1. mars 1849.[2] Tømmerkyrkja vart riven og ei ny kyrkje oppført i 1863.
Som ved mange andre kyrkjer finst det ei segn knytt til bygginga av den første kyrkja. Ho skal ha vore tenkt oppført på Torsnes der materialane var lagde opp i flåte og festa ved stranda. Om natta vart materialane flytta av ukjende krefter og dei vart funne att ved Tjugum der kyrkja vart bygt.
Stavkyrkja
Det finst ingen opplysningar om denne kyrkja.
Kyrkja frå 1610
Over inngangsdøra til skipet i den etterreformatoriske tømmerkyrkja stod årstalet 1610, og dette har vore tolka som byggjeåret for kyrkja. Dette er truleg ei rett tolking, men det kan merkast at kyrkja i tilfelle er ein tidleg representant for den etterreformatoriske tømmerkyrkjebygginga i bispedømmet. Kring Bergen, Osterøy og Lindås kan ein finna kyrkjebygg frå denne tida, men elles vert kyrkjene gjerne bygde noko seinare på 1600-talet.
Den tidlegaste skriftlege kjelda for kyrka frå 1600-talet er synfaringa frå 1661-65, og ut frå denne er det tydeleg at kyrkja då har hatt alvorlege skader og manglar som måtte utbetrast og ein vil tru at ho ikkje er heilt ny.
Rekneskapsopplysningar med inventarlister for Tjugum kyrkje finst for åra 1667 – 1722. Desse gjev ein del haldepunkt for korleis tømmerkyrkja har vore, opplysningar som, saman med synfaringsnotata og maleri av kyrkja frå … kan gje oss eit bilete av 1600-talskyrkja på Tjugum.
Bygningen
Som for dei fleste andre kyrkjer finst det to oppgåver over måla på kyrkja, ei frå 1686 og ei frå 1721. Desse skil seg i regelen noko frå kvarandre, sjølv der det ikkje har skjedd viktige bygningsendringar i mellomtida.
Skipet i Tjugum kyrkje var i 1686 16 ½ alen langt og 13 alner breitt. Koret var 8 ½ alen langt og 10 ½ alen breitt. Tårnet, som var særskilt bygd til kyrkja, var 6 alner i kvadrat. Framfor tårnet var det bygt til eit våpenhus.
I 1721 er måla oppgitt slik: Skipet er 16 alner langt og 14 alner breitt, koret er 14 alner langt og 9 alner breitt og våpenhuset er 3 alner langt og 6 alner breitt. Dette må lesast slik at koret er vorte lengre i austleg retning, 5-6 alner, og at våpenhuset har hatt same breidda som tårnet og stukke 3 alner lengre fram mot vest. Både det opphavlege koret og tilbygget må i desse måla vera rekna som kor.
I 1661-65 laut sutaket både over skip og kor skiftast ut. På sørsida som oftast står mest utsett for været, var også tre av sperrene så rotne at dei laut skiftast. Sambandet mellom kor og skip svikta, og tårnet var så dårleg forankra i skipet at det «beweger sig hid og did naar Klochen ringes». Dette siste skulle løysast ved at to lange dragarar vart festa til tårnet og inn over lemen i skipet. Tårnet laut også «bebindes» i 1687-89. Den firkanta tårnhetta var for kort og dekte knapt dei øvre hjørna på tårnet, dette måtte det også gjerast noko med. Takbjelkane på tvers over skipet var for svake, og desse skulle understøttast med bjelkar på begge sider av midtgangen. Elles var kyrkja for lita og trong, og trengde utviding, noko som ein meinte best kunne skje ved at det vart bygt eit tilbygg på sørsida av skipet, men det vart det ikkje noko av.
Men kyrkja vart utvida. Dette skjedde heilt på slutten av århunderet, i 1696-98. Då vart det laga eit nytt utbygg til kyrkja, 10 alner breitt og 7 alner langt, av tømmer. Både ut frå rekneskapsopplysningane og maleriet til Fernley, må dette ha vore ei utviding aust for koret, noko som stemmer med måla frå 1721. Til dette arbeidet hadde kyrkja hjelp av ein snikkar frå Bergen som laga vindaugskarmar, loftgolv og skriftestol og dreia spiler mellom koret og skipet. Tilbygget i aust vart pannetekt i 1705-07.
Etter utbygginga er skriftestolen nemnd fleire gonger, men det er noko uklart kvar denne har vore. Om det ikkje var i det nye tilbygget, som er mest sannsynleg, må det ha vore i det gamle koret, eller mindre truleg på sørsida av koret. Tilbygget vart tjørebredd i 1699, og «det ny chor och schrifftestoel» vart måla innvendes. Det vart i 1702-04 kjøpt 16 alner grønt stoff, «rasch», til gardiner mellom koret og skriftestolen.[3] Gardinene vart opphengde med jarnstang og massingringar. I 1711-13 er sørsida av skipet, koret og skriftekammeret, tjørebredt. Ein ny skammel, truleg kneleskammel, vart laga kring skriftestolen i 1717-19. Seinare kan innreiinga ha vorte endra slik at det opphavlege koret kan ha blitt inkludert i skipet. Mest 200 år seinare skriv Bendixen at Sakristiet var ope mot kyrkja.[4]
I dei eldste bevarte rekneskapane, 1667-69, går det fram at ein har gjort eit stort arbeid for å få fleire og betre sitjeplassar i kyrkja. Det er då bygt nytt galleri («polpitur») med benker og 24 nye benker («stoller») nede i kyrkja, og golvet i kyrkja vart fornya samstundes. Det går seinare fram at kyrkja hadde to galleri, det eine i vest, det andre venteleg på nordsida av kyrkja.
I 1687-89 er det «lagt nyt gulf i kirchen oc choret». Materialen til kyrkja omfattar både bjelkar, golvåsar og hogne bord, like lange som kyrkja, og dei vart truleg frakta frå Vadheimsfjorden («Wadunsfiorden»).
Samstundes vart åtte opplengjer med kne festa til kyrkja. Veggene trengde venteleg å styrkast for å kunna bera det nye pannetaket som vart lagt opp i 1687-89. Det var ein mann som heitte Christen Thøgers som frakta takpannene og ein murmeister dreia hol på pannene og la dei opp. Han hadde hjelp av tre menn til arbeidet med lekter og anna. Nokre år seinare (1690-92) iukvart overskytande takpanner lagde på våpenhuset. Opphavleg hadde kyrkja bordtak som vart tjørebredd.
Før 1690-92 var det ein del mindre arbeid på vindauga i kyrkja, men i den rekneskapsperioden har det skjedd ei gjennomgripande endring i det det er laga rammer og karmar til seks vindauge som er innhogne i veggene. Dei har då truleg erstatta tidlegare mindre vindauge. I 1708-10, eit tiår etter at tilbygget til koret var på plass, vart det kosta eit nyt vindauge bak altartavla, det kan bety at altaret alt då var flytta aust i tilbygget. Det same når det i 1711-13 står at altarfoten er festa med 4 pund jarn.
I 1690-92 vart det laga to halvrunde dører til kyrkja, det kan ha vore ei fløydør til inngangen i vest.
Både skipet og det opphavlege koret fekk kvelva himling, skipet i 1687-89 og koret i 1693-95, få år før utvidinga mot aust. (R) Tilbygget hadde flat himling. Ved bispevisitasen i 1855 peikte bispen på at det loftet over altaret var så lågt at det var «generende» for presten. Medhjelparane meinte dette kunne endrast ved at ein heva himlingen eller laga ein kvelv også her.[5]
Tårnet vert omtalt som eit støpultårn, det heiter (S 1721) at det er eit «Stopel Taarn frå Grunden opbygt». På Fernley sitt maleri av kyrkja har tårnet firkanta, bordkledd hjelm, og dette stemmer også med opplysningar i kjeldene. Tårnet vart i 1691 prydd med ein gylt hane med knapp og spir, det var seks bønder som gav denne til kyrkja. Det vart då og festa to krokar i spiret, det vart kjøpt ei hampeline, og så vart tårnet tjørebredd.
Interiør
Heile kyrkja vart måla innvendes i 1690-92, det meste av kostnadene vart dekte av allmugen. I perioden etter, 1693-95 vart det opphavlege koret kvelva og kvelven vart måla.
Etter utvidinga mot aust, vart det nye koret og skriftestolen måla innvendes. I 1702-04 vart dåpshuset og foten til bekkenet, døypefonten, måla.
Bendixen beskriv den innvendige målinga slik:
Kirken var innvendig malt med vannfarver, der til dels hadde holdt sig godt. Skibet var tønnehvelvet, koret flatt. I himlingen på det første var malt sol, måne og stjerner, på veggene trær og hjort, over inngangsdøren til skibet fremstilles: Skapelsen; over inngangen til koret: Dommen; mellem skib og kor var anbragt spiler og over åpningen en tverrstokk.
I korets tak og på veggene var malt frukter og blomster og dessuten de 4 evangelister.[6]
Når han nemner tre og hjort, kan det tenkjast at malinga har hatt likskap med malinga i Flåm kyrkje.
Glasmaleri. Bendixen har følgjande opplysningar om mala innskrifter på glasrutene:
Innskrifter på glasruter etter BEBs manus:
På et vindu i koret fantes innbrent i en rute:<br\> Msr. Hans Nielsen Rue<br\> Monsr. Niels Troelsen Wiborg<br\> Og i en annen:<br\> Sign. Jens Lydersen Lind.<br\> På et vindu i skibet, nærmest prekestolen:<br\> Ærværdig, hæderlig og høilærde Mand Mag. Iver Eriksen Leganger<br\> Likeledes:<br\> Velædle Hr. Capitain Georg Fridric von Krog Hæderlig og vellærde Mand Hr. Samuel Bugge, Sogneherre til Legangers Præstegjæld 1691.<br\> På det nederste og vestlig vindu: <br\> Kongl. Maj. Stiftschriver Hermand Garmand 1691; Kongl, Maj Fouget Hans Blei 1691; Kongl. Maj. Sorenschriver Niels Hansen 1691.<br\>
Inventar
Alteret vart fornya i 1680-81 (R). Ein fekk då eit altar med skåp inni der ein kunne oppbevara kyrkja sine tekstilar.
Om altartavla skriv Bendixen:
På alteret stod, da kirken blev revet, en grønnmalt tavle uten billeder og denne gjenkjente jeg liggende på loftet som en av de gamle katekismustavler med rand og utskjæringer i trekanter [-n]; konsoler i gjennembrutt arbeide og gulmalt.
I 1690 vart det laga himling med treskjæring («billett werch») over preikestolen. Om preikestolen har Bendixen følgjande opplysning:
… hadde runde buer og synes å ha vært eldre, fra Kristian IV’s tid. Den skal være omdannet til et kråskap.
I 1690-92 vart det også laga eit nytt dåpshus («funt») til kyrkja. Kvar denne stod, er ikkje sikkert, ofte var desse plasserte bak i kyrkja på nordsida, men her kan det ha vore framme i kyrkja. «Funten» var eit eige avlukke med dør og med dreia spiler i øvre del. I 1699-1701 vart det som nemnt laga ein fot under fonten, det vi kallar døypefont, og dei fire benkene som er nemnde i same setninga, var truleg også inne i dåpshuset.
Etter Bendixen var døypefonten kun av et kar i en jernring, men skålene[?] i den eldre døpefont var av tre, og foten hadde form av en stabburstolpe(?).
Ny brudestol vart laga i 1702-04. Klokkaren har hatt ein eigen sitjeplass som vart festa til veggen i 1690-92. Bendixen fortel at De øverste stolestader viste sterke utskjæringer ved inngangen, men de nedre var simplere, til dels uten dører.[7]
Ein forgylt kalk og disk (inv. 1670). Kalken var for liten og vart utvida (R 1675-77) med sølv, soknepresten og nokre frå soknet gav forgyllinga. I inventarlista frå 1702 er det oppgitt ei vekt på 34 ¾ Lod. I døypefonten var det eit massingbekken (inv. 1670 og frametter).
Av lysstell nemner inventarlistene eit par massingstakar med tre armar (1670). I 1704 vart to massingstakar omstøypte Ao 1704 med tillegg av meir massing. Ei lysesaks vart kjøpt Ao 1706. I inventarlista frå 1723 er det oppført ei ny massing lysekrone med 8 doble armar gjeven av Nils Hansen Ruls (?) (Rud?) arvingar, for det har han fått fri begraving.
Parament
Ein ny altarduk av dreiel med frynser kring er nemnd frå 1670 og frametter. Det er også ein gammal lerrets altarduk. Kyrkja hadde, som mange andre kyrkjer i nærleiken, eit randete altarklede av skottetøy.
Inventarlista frå 1670 nemner ein ny messehakel av taft med fløyel. Det er sikkert den same som er nemnt i 1702 som ein silke messehakel med fløyels kross. Ein seinare merknad i margen fortel at denne er kommen til kyrkja i Fresvik. I den siste rekneskapsbolken før kyrkjene vart selde i 1723, er det ført inn ein merknad om 10 riksdalar, 1 pund og 14 skilling som ein ynskjer løyve til å bruka til ein ny messehakel, det er uvisst om dette vart noko av.
Ein ny messeserk er nemnt i inventarlista frå 1670. Ein ny messeserk av 18 alner lerret vart også skaffa i 1678-79.
Eit nytt karnat, ei slags talje, vart kjøpt i 1722.
Av bøker hadde kyrkja ei gammal alterbok som er nemnd i 1702. Ei salmebok in oktavo vart kjøpt i 1701. Inventarlistene har med ei lita klokke i tårnet.
Kyrkjegard og gravminne
I 1687-89 vart det laga ein ny kyrkjegardsport med oppstandarar, tak, dør og hengsler. (R) Også i 1692 vart det laga ein ny port med dør og hengsler. I 1717-19 vart det laga nye kyrkjeled (portar?) både på austsida og vestsida.
Kyrkja frå 1863
Tjugum kyrkje er teikna av Grosch.[...] Oppført av byggmeister Øvsthus og mennene hans.
Kyrkja var kvitmåla utvendes då BEB var der, ho var også den gongen tekt med raude panner. Ho vart vesentleg endra i 1940 då inngangspartiet vart fornya og den gamle, nygotiske fasaden vart fjerna, taket vart ombygd slik at den opphavlege, åttekanta forma med utbygg i aust og vest meir fekk preg av eit langhus med utbygg på sidene.
Bygningen
Vegger
Kyrkjerommet er høgreis og rommeleg. Største delen av skipet formar ein åttekant der dei skrå hjørneveggene er om lag havldelen (360 cm) så lange som langveggene og opningane i aust og vest (ca. 660 cm). Åttekanten opnar seg i full breidde og høgde mot koret i aust og ei forlenging av skipet i vest. Alle desse veggene er lafta saman med flat lafteplank i vekslande breidder. Mot aust held bygget fram i eit smalare og lægre tilbygg i bindingsverk. Det er delt i to i lengderetning, med dør mellom og med sakristi i sør og tavlerom/kjøkken i nord. På vestsida er det våpenhus med oppgang til galleriet på begge sider frå vest.
Utvendes er veggene kledde med liggjande, glattkanta bord. Hjørna er innkassa med bord med fas over hjørnekloss. Veggene er avslutta nede med eit breiare bord med fas i overkant. Oppe er dei avslutta meot ei innkassing under takskjegget.
Innvendes er veggene i skipet avslutta oppe med smal list og nede med enkel fotlist, medan veggene er avslutta mot kortaket med ei breiare, profilert list.
Veggene er brotne av høge, gavlforma vindaugsopningar, tre i kvar av langveggene og ei i kvar av hjørneveggene og i langveggen i forlengingane mot aust og vest.
[...]
Dei åtte midtromsstolpane deler skipet inn i eit midtrom og ein omgang. Stolpane har breie avfasingar på hjørna over benkenivå, avslutta oppe med ei list som nedre markering av kapitel, dette er avslutta med breiare dobbelt listverk øvst mot himlinga.
Portalar og dører
Ved oppføringa viser eldre foto at kyrkja hadde ein hovudinngang i nygotisk form dekt av eit stort vindauge som var avslutta oppe med gavlform. Vestfasaden fekk eit heilt anna uttrykk etter arbeida i 1940, då portalen fekk den klassiserande forma han har i dag. Vindauget over vart fjerna og eit rundt vindauge sett inn i gavlen. Dørene elles i kyrkja har form frå midten av attenhundretalet med tre fyllingar, den i midten høgst. Ein del av dei originale dørvridarane med nøkkelskilt er bevarte.
Det er hovudinngang i vest med fløydør inntil våpenhuset og fløydør vidare inn til skipet, i dei austre skråveggene er det enkle utgangsdører og frå koret er det to dører mot dei to romma aust for koret. Mellom desse og frå det nordre av dei ut mot kyrkjegarden er det også dører. Trappene i våpenhuset fører opp til dører inn mot galleriet.
Korskiljet
Koret opnar set i full breidde og høgde mot skipet. Skiljet er markert ved ein høgdeskildnad på to steg i golvnivå der korgolvet formar øvste steg i ei sentral, boga trapp som er flankert av to søyler frå golv til himling. Mellom søylene og veggen er høgdeskildnaden dekt av brystning med ein smal benk på vestsida, og ei låg brystning over benken som rygg.
Vindauge
Vindauga er i store trekk opphavlege. Dei er monterte inn i karmen og er inndelte ved hjelp av to postar og ni sprosser i høgderetning. Oppe formar sprossene Y og kryssar ein annan i gavlforma. Indre og ytre greikter er enkle, klassiserande. Eg er usikker på om glaset er fornya. Det er meir ruklete enn det pleier å vera, men det kan vera fordi det er noko eldre enn dei frå 1900. I skråveggene oppe er det grisaillemønstra glas i sirupsnippane.
Vindauga i koret har tre postar. Sekundært er det sett inn småruta varevindauge med farga glas i bly. Desse vindauga har fire rammer og kan skruast av.
Gavlen har eit enkelt glasmåleri med gul kross med sirke bak krossmidten og elles små, usymmetriske ruter i fargane som elles finst i blyglaset.
Golv og fundament
Fundamentet i kyrkja er murt opp av tukta stein og fuga.
Som underlag for golvet er det dels brukt materiale frå den tidlegare kyrkja, og det skal finnast bjelkar med interiørmåling i bjelkelaget. Dette bør undersøkast til sommaren. Kyrkja har eit bordgolv av bord med noko vekslande breidde lagde i lengderetning på golvbjelkar. På sidene i skipet er dei lagde i jamne fag. Golvet er måla.
Tak
Då kyrkja var hy hadde ho eit åttekanta tak som gjekk opp til lanterna med klokkestove. Dette vart endra i 1940.
Kyrkja har no saltak i aust-vestretning med telttak frå sideskipa opp mot lanternen på begge sider. Saltaket har sperrer og saksesperrer. Sperrene ber smale åsar som underlag for sutak, dels av oppattbrukte, kvitmåla, profilerte bord. Mønet går heilt inn til lanternen. Gratsperrer frå vestre del av skråveggene mår også inn til lanternen og møtest under mønet. Dei åtte midtromsstolpane og utveksla mellomstolpar på dei fire rette sidene går opp til ei øvre ramme som både støttar sperreverket og ber eit nord-sørgåande bjelkelag som ber lanternen.
[...]Oktogonen har opphavleg sperreverk med sperrer som kviler på den indre åttekanta ramma. Sperrene ber åsar som ber sutak[...]
Lanterna kviler på bjelkelaget over midtromsstolpane. Her er det laga fundament av tre langsgåande dragarar der dei fire hjørnestolpane er festa og støtta med sjølvvaksne kne og skråstøtter. Over fundamentet, der åttekanttaket er avslutta, er hjørnestolpane omgjevne av ei bjelkeramme, før dei held fram opp til ramma under hjelmen. Mellom dei to rammene er det ekstra hjørnestolpar, mellomstolpar og skråband. Losholtar mellom hjørnestolpane med opplegg for klokkestolen. Automatisert ringing.
Taket er tekt med raude panner.
Himling
Frå ytterhjørna går det bjelkar inn til midtromsstolpane og desse er underkledde med flate, profilerte himlingsbord. På bjelkar mellom stolpane. I overkant kviler breidt, profilert listverk og låge knevegger. Over kneveggene kviler ein teltforma, åttekanta himling med sentral hengebjelke.
Både i aust og i o vest er himlingen gavlforma i det han følgjer saksesperrene i takkonstruksjonen.
Tårn
[...]
Tilbygg
[...]
Interiør
Presentasjon av interiøret<br\> [...]
Oversyn over viktige endringar i interiøret <br\> [...]
Fargar<br\> [...]
Glasmåleri
[...]
Inventar
Altar
Kassealtar laga av plater festa til indre rammeverk. Truleg frå 1940.
Altartavle
Bendixen omtalar ei eldre altartavle: «Den eldre altertavlen var efter Christie arbeidet i 1636, men var forsvundet».
a) På loftet ligg ei nygotisk altartavle som truleg vart laga til kyrkja og til Brun sitt altarmåleri då kyrkja var ny. Tavla har eit midtfelt med vimperg og spissboga biletfelt og flankerande søyler som endar i fialar. På skriftfelett under biletfeltet står innskrifta «Jer er Opstandelsen og Livet» med gotisk fraktur.
Måleriet er signert nede i høgre hjørne: C Brun efter A Tidemand. Den oppstadne, iført likklede, stig frontalt ut or steinsarkofagen med senka, utrette hender og med blikket løfta mot det høge. Han er omgitt av lyset ovafrå i skyer. Til venstre ein engel med sigerens palmegrein, i framkant to romerske vaktmenn, slegne til jorda, men med blikket mot den oppstadne.
b) Maleriet er no sett inn i ei klassiserande ramme som vart laga i 1940. Ramma har ein breiare sokkel med innskrifta frå a) på nynorsk: Eg er oppstoda og livet! Joh. 1125 Tavla har eit rektangulært midtfelt der Bruns maleri fyller det meste av flata. Midtfeltet er avslutta oppe med rett gesims krona med kule med kross. Krossen ber drapert likklede. Midtfeltet er flankert av lægre, rette sidefelt med smale, horisontale striper og framforstilte, smale, kanelerte søyler, to på kvar side. Dei ber rett gesims med kule toppa av stjerne. Tavla er grå med staffering i raudt og gull.
Altarring
Altarringen er frå 1940, med kvadratisk plan med runda hjørne. Port på begge sider i ringen. Den flate handlista kviler på hjørna som har heile vegger inndelte med to horisontale render. Mot vest og på begge sider er midten av ringen open og det er sett inn eit sentralt symbol. Framme er ein sigerskrans med innskrive kristogram i form av chi og jota. Ut frå basen av kransen går to bogar til kvar side, truleg dei fire livsflodene. På sidene ei urne eller ei lykt. Kneleputa er stoppa og trekt med skinn festa med saum. Grå med staffasje i gull og raudt. Grøn handlist.
Døypefont
Åttekanta døypefont av tre. Kummen er flat med plate med hol for dåpsfat øvst og er elles markert med lister oppe og nede. Skaftet er ein åttekanta stolpe med fire sveifa konsollar i øvre tredel som støtte for kummen og fire sveifa konsollar i nedre del som går ut over den krossforma foten. Midtfeltet er avgresa ved profilert list. Grå, raud og gul.
Preikestol med oppgang
Preikestolen går ut mot midten av skipet mellom sørhjørnet og den søre stolpen i koropninga. Grunnforma er åttekanta, men noko usymmetrisk. I dei sju faga er det sett inn ei stor fylling i ramme. Utvendes er felta artikulert med storfelt og øvre og nedre smalfelt, alt markert med profilerte lister. Hjørnestolpar med fas. Handlista er stoppa og trekt med skinn og kanta med metallfrynser. Preikestolen har flat botn og står på ein åttekanta stolpe med fas og med fire sveifa konsollar under botnen.
Oppgang etter sørveggen i koret med seks steg og med heil vange med to fyllingar. Stolen er grøn med lyse storfelt og med listverk ir raudt og gull.
Lesepult
Lesebrettet er skrått på ein sarg med rett underside der det i framkant er skore inn tannsnitt. Det er bore av ein kanta stolpe. Foten har tre bein med klossar under endane. Frå stolpen går det tre sveifa konsollar ut under lesebrettet og ut over beina. Fargar som i kyrkja elles.
Benker og faste stolar
Benkene er i klassiserande stil, truleg 1940. Dei er plasserte i to hovudfelt med benker vende mot aust. Felta flankerer midtgangen og går ut i sideskipa/omgangen. Benkene har rektangulære vangar med utheva midtfelt og er dektet med handlist over tannsnitt. Ryggane er skrå og heile med liggjande fyllingar i ramme. Grøne med raudt.
Ytst mot sør og nord er det enkle veggbenker.
Galleri
Galleriet er todelt. Den austre hovuddelen er tresida og fyller dei tre vetre delane av omgangen. Som underlag er det lagt bjelkar mellom ytterveggene og midtromsstolpane, på desse kviler bjelkar som opplegg for golvbjelkar under gallerigolvet.
Fronten i galleriet er av gjennombrotne, sveifa bord sette mellom handlist og fotlist med profilar.
Den vestre delen er dels over vestre del av skipet, dels over våpenhuset. På tvers av skipet mellom dei to austre hjørna i åttekante ligg ein bjelke som støttar opp under galleriet, vidare fungerer både vestveggen i skipet og vestveggen i våpenhuset som tøtte for tettstilte golvbjelkar i lengderetning. Denne delen av galleriet har for ein del avtrappa golv. Orgelet opptek den vestre delen.
Undersida av galleriet er lyst grå, fronten og benkene er grøne.
Måleri
Kopi av frontale opphengt på sørveggen. Kopien er utført av Solrunn Nes og er for ein del ein rekonstruksjon i det originalen er sterkt skadd. I kyrkja: Solrunn Nes si frontale. Innskrift ved kopien: Tjugumfrontalen, Rekonstruksjon/kopi av altarfrontalen frå Tjugum kyrkje, ca. 1320. Utført av kunsthistorikar/ikonmålar Solrunn Nes. Gåve frå Balestrand Folkeakademi 1998.
Måleriet er tredelt og midtfeltet viser Kristus på regbogen over klode. Han er plasser i ein åttepassforma mandorla og i sviklane finst framstillingar av evangelistsymbola. Sidefelta er inndelte i ni rektangulære felt, tre høge oppe og nede og tre lægre mellom desse. I dei høge felta er framstilling av personar i gotisk arkitekturboge med fialar og krabbar. I midtrekkja finst tre musikarar på kvar side av midtfeltet. På venstre sida finst S Thadeus, S Bartimeus, S Petrus oppe og S Stephan, S Nicholaus og S Walfrid nede. På høgre sida S Andreas, S Paulus og S Iacob oppe og S Olaus, S Laurens og S mariaM’lena nede. Lyst gul botn, elles grønt, raudt og blått.
Rituelle kar
Parament
Altarduk
Bendixen registrerte «en alterduk med smukk bred rand, merket det sammenslyngete IHS». Denne finst ikkje lengre. Dukane a) og b) er sydde før 1940 til det gamle altaret og er tilpassa altartavla som ligg på loftet.
[...]<br\> a)Altarduk av lin, kanta med engelsk ornamentalt broderi. Motiv sentralt i front og på hjørna er større, i fronten 30 cm høgt, etter kanten elles er det enkle blomar med åtte kronblad. Kanten er tunga. Duken er sydd med ei tilpassing til utforminga av altartavla i bakkant. Brodert sentralt bak: TK 1926.<br\> b) Duk av kvitt aidastoff med hardangersaumbord. Duken er sydd med ei tilpassing til utforminga av altartavla i bakkant. Hjørna framme er splitta opp og utstyrt med knappar slik at duken går rettvinkla ned i hjørna.<br\> c) Duk av kvitt aida-stoff med hardangersaumbord i perlegarn. Borda er 24 cm brei i front og sju cm brei på sidene.<br\> d) Duk av linnlerret merkt 1958 bak på venstre sida. Border av kvit uttrekkssaum kanta med grå (eller svart?) austmannarenning. Broderte motiv i rutene: Krossar, livstre og PX sentralt framme. Borda i framkant er 27 cm.
Altarklede
Raudt altarklede av klede på kyrkjekontoret. Ikkje registrert. (Bendixen: På alteret ligger et rødt kort klæde.)
Messehakel
a) Messehakel av plommeraud silkedamask, truleg 1700-talet. På kyrkjekontoret, ikkje registrert. (Bendixen: en messehagl, blomstret, kirsebærrødt silketaft med et stort, helt dekkende kors av gul silke.)<br\> b) Raud fløyels messehakel av bassgeigetype kanta med og med ryggkross av gullband, ca. 1900. Fôr av tvill i lin med naturfarga renning og raudt innslag. Festa med tre hekter på venstre skulder. Høgde 90 og 98 cm, breidde ved skuldrane 66 cm. (Bendixen: Nu brukes 1 fløiels messehagl, der har et høit kors av gullbånd og kanter av samme slags.)<br\> c) Kvit messehakel. Til rens, ikkje registrert.
Ein grøn messehakel er under utarbeiding.
Andre tekstilar<br\>
a) Biletvev i skipet. [...]<br\> b) Båreteppe.
Messeskjorter<br\> Tre messeskjorter finst i kyrkja.
Gravferdskappe frå K. Stormark.<br\> Alba frå Slabbinck.<br\> Preikestolklede i biletvevteknikk, utførte av […] Døskeland, Sande i Sunnfjord.
Lysstell
Klokke
[...]<br\> Klokka har følgjande mål: Diameter 89 cm, høgde med krone: 81 cm.
Orgel og andre instrument
Orgel
Orgelet er merkt Olsen og Jørgensen, Christiania – Bergen, Gullmedalje Bergen 1898. Orgelet kom til kyrkja i 1905. Det har to manualar og pedal og følgjande disposisjon:
?
Gamba 8’<br\> Principal 8’<br\> Octav 4’<br\> Waldfløite2’<br\> ? |
Geigenprincipal 8’
Salicional 8’<br\> Liebl-Gedakt 8’<br\> Fløite 4’<br\> Subbas16’<br\> Cello 8’ |
Orgelet er måla I dei opphavlege kyrkjefargane med gulbrun ådring og raudbrune lister med gull staffasje. Spelepulten er vend mot altaret, orgelpipene står i eit oppbygg bak orgelkrakken og fyller venstre del av galleri.
[...]
Piano
Piano frå Ernst Krause, Berlin. Jugend. Svartlakkert.
Bøker
Alterbok, bokmål, Kra 1889 <br\>
Alterbok, bokmål, Kra 1889<br\>
Altarbok, nynorsk, Kra 1920<br\>
Altarbok, nynorsk, Oslo 1926<br\>
Tekstbok, bokmål, Kra 1918<br\>
Tekstbok, bokmål, Kra 1918<br\>
Tekstbok, nynorsk, Oslo 1929<br\>
Kollekter, Epistler og Evangelier, bokmål, Kra 1887<br\>
Bibel, Chr 1897<br\>
Bibel, nynorsk, Oslo 1938<br\>
Bibel, nynorsk, Oslo 1966<br\>
Det nye Testamente, nynorsk, Kra 1905<br\>
Det nye Testamente, nynorsk, Kra 1905<br\>
Nynorsk salmebok, Bjørgvin 1929
Nummertavler
To nummertavler [...] på skråveggene i aust.
Møblar
Brurestolar av eik med stoppa sete og rygg, trekt med blå fløyel. Tilnærma renessansestil. Umerkte.
Fire enkle biedermeierstolar.
Offerkar
Blekkbøsse «til de fattige».
Tre standard kollekthovar, trekte innvendes med skinn.
Blomstervasar
Ein pæreforma vase på flat, rund fot med innskrift i versalar: Minnegåve til Tjugum kyrkje 8.3.1976. Stempel D-A, 830 S, Skålvekt og nr 7511/205. Høgde 20,3 cm.
To trektforma vasar med utbretta rand og med avtrappa fot. På foten innskrift: Gåve til Tjugum Kyrkje Frå Andrine Thorsnes. Stempel 830 S, Lo. Høgde 23,3 cm, diameter oppe: 11,8 cm.
Diverse
Sølvskål i rokokkoform. Minnegåve. Innskrifter: På korpus: Til P. Rusten og med versalar: Erindring fra Balestrand Herred, Tak for Oprigtig og Trofast Tjeneste i 38 år som Lensmand. På randa med skriveskrift. Anno 1950 gir Anna Christiane Rusten f. Meidell Tjugum kirke denne skål, i minnet om lensmann i Leikanger og Balestrand Peder Christian Rusten *1852 (kross) 1921, og arkitekt Dagfinn Meidell Rusten * 1899 (kross) 1949. «Herren er min hyrde». Diameter oppe 25,5 cm, høgde 11,5 cm. Stempel: sjå foto.
Inventar utafor kyrkja
På Universitetsmuseet i Bergen er det ein altarfrontale. Denne er sterkt skadd.
Bendixen nemner eit maleri av sorenskrivar Christen Jensen og kona Gye Lauritsdatter, Måleriet er på Bergen Museum.
Kyrkjegard og gravminne
[...]
Kyrkjegard
[...]
Gravminne
[...] Bygningar knytte til kyrkjegarden [...]
Kjelder
Utrykte kjelder<br\> Visitasmeldingar, SAB, Bjørgvin Biskop, Visitasmeldinger 6: 1844-1857
Trykte kjelder<br\> Hødnebø 1989 (red.), Bergens Kalvskinn, Oslo 1989
Oppmålingsteikningar og fotografi [...]