|
Farnes kyrkje
Farnes kyrkje er orientert med altaret i aust. Ho er plassert i eit område med skule, barnehage, den gamle kyrkjegarden og bustadhus som nære naboar, og skil seg ved orienteringa ut frå retningane i den eldre bygningsmassen.
|
|
Årdal kyrkje
Stavkyrkja var av den mangesøyla, treskipa typen ein finn i Sogn og Valdres. Ho hadde seks søyler på kvar side og to mellom hjørnesøylene på kvar kortside, i alt 16. Det var same avstanden mellom søylene, med unntak av på austre kortside der mellomsøylene var trekte ut mot hjørna. Ei ekstra søyle kvilte på tverrbjelke over koropninga.
|