Hentet fra «https://norgeskirker.no/w/index.php?title=Fjærland_kyrkje&oldid=37002»

Fjærland kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.


Fjærland kyrkje

Anne Marta Hoff


Bakgrunn

Fjærlandsfjorden skjer seg nordetter om lag halvveges inn i Sognefjorden. I enden av fjordarmen ligg bygdelaget Fjærland og kyrkjestaden ligg no på grunnen til garden Mundal, like ved fjorden på vestsida av fjordarmen. I den perioden som er dekt av synfaringar og rekneskapar, 1670 – 1722, høyrde kyrkja inn under Leikanger prestegjeld. Fjorden var lenge den viktigaste ferdslevegen for bygda, og den næraste tettstaden var Balestrand. Fjærland var då også ein del av Balestrand kommune fram til år 2000. Då hadde ho fått vegutløysing søraust til Sogndal og nordvest til Jølster, og ved folkeavrøysting vart bygda liggjande til Sogndal kommune.

Det har vore diskusjon omkring alderen på den første kyrkja i Fjærland. Kyrkja låg på garden Bøyum lengre nord i bygda. Bendixen, som kallar kyrkja Bøiums kirke, stiller seg tvilande til om kyrkja har gått heilt attende til mellomalderen og er heller ikkje viss på att det har vore ei stavkyrkje. Kyrkjegarden er påvist.[1] Kyrkja skal ha blese ned kring 1610-talet[2] og den nye kyrkja vart oppført på den nye kyrkjestaden på Mundal. Det var ei tømmerkyrkje av vanleg 1600-talstype som vart erstatta av ei typekyrkje [...] i 1861. Kyrkja vart utvida i 1931. Både arkitekt Jens Z. Kielland og arkitekt Johan Lindstrøm la fram teikningar til ombygginga. Det vart Lindstrøm sitt framlegg som kom til utføring.[3] Kyrkja rommar no 300-350 menneskje, fleire enn det bur i bygda.

Mundal kyrkje frå ca. 1610

Den kyrkja som vart oppført på Mundal tidleg på 1600-talet var ei tømmerkyrkje. Ei oval tavle i kyrkja fortalde at kyrkja var måla i 1610. Innvendes skal kyrkja ha vore måla med ranker, brunt med svart, og i himlinga i skipet sol, måne og stjerner. Mellom skip og kor var det ein høg tralevegg.[4] I kyrkja skal det ha vore glasruter med innskrifter og med eitt kvinneportrett og eitt mannsportrett.[5]


I synfaringa i 1661-65 vart det påpeikt at preikestolen berre var slegen saman av nokre bord, sameleis vart det etterlyst eit galleri på nordsida i kyrkja, der ungdommen kunne stå. Vidare skulle det lagast ein skriftestol på nordsida i koret og det vart sagt at det skulle lagast to dører framfor koret med traleverk. I rekneskapane frå 1720-22 er skriftestolen vølt og det er laga eit knefall kring han. Det var berre eit enkelt tak over kyrkja på dette tidspunktet, og ein meinte det trengdes eit ekstra sutak og nødvendig styrking av sperreverket under taket. I rekneskapen for 1667-69 er kostnaden til det nye taket over kor og skip utgiftsført. I 1675-77 er det laga to nye portar med overdekking og dører til kyrkjegarden. I 1680-81 skaffa kyrkja seg ny preikestol av tre tylfter ”sidebord”, og i samband med det, vart vindauget ved preikestolen flytta høgre opp på veggen. Kalken var skadd og vart reparert og forgylt i 1683-86. Interiøret i kyrkja vart også måla i denne perioden, både koret, preikestolen og galleriet. Dette arbeidet tok sju veker.


I 1686 gav synfaringa ei beskriving av kyrkja som då var ”een Kiøn liden Tømmer bygning lang 16 Alen breed 12 Alen”. Koret var åtte alner i kvadrat. Kyrkja hadde galleri i vest og i nord. Ho hadde tre vindauge. I same kjelde vert det fortalt at ein målar har vore der i seks veker og måla koret innvendes. Kyrkja hadde på dette tidspunktet sige, etter som grunnen var fuktig. Ho vart vogen opp i perioden 1687-89 og det vart mellom anna lagt inn tjukke tre som solar under tårnet. ”Christopher Glasmager” fekk samtidig betalt for reparasjon av vindauga. I 1696-98 vart det laga ein kvelv over skipet og nede ved døra vart det bygt ein ny ”fundt”, det vil seia eit avgrensa rom for døypefonten. Kvelvingen og fundten vart så måla.


I inventarlista frå 1693 er kalken og disken av sølv og forgylte, og veg 28 lodd. Av parament i kyrkja kan nemnast ein raud messehakel av silke, ein gammal lerrets altarduk med kniplingar kring og eit stripete altarklede av ull. Kyrkja hadde eit par små massingstakar og ein som var mykje større. Desse vart etter rekneskapane omgjorde i 1699-1701. Inventarlista frå 1711 fortel at kyrkja har eitt par store altarstakar (sjå nedafor under lysstell). Det fans eit funtebekken av massing, ei lita klokke og ei handklokke pluss ei klokke som hang i prestegarden.


I den korte omtalen som finst frå 1709, vart det igjen påpeikt at kyrkja var ei ”Kiøn liden Tømmerkirche”. Ho hadde tårn som var bygt opp frå grunnen, var tekt med bord og vel halden. Innvendes var kyrkja overkvelva og måla.


Synfaringa i 1721 gjev måla på kyrkja, som som vanleg skil seg noko frå måla frå 1686. Koret varr åtte alner langt og ni alner breitt, skipet 15 alner langt og 11 alner breitt, våpenhuset nede i tårnfoten var fire alner langt og fem alner breitt. Det vart tilrådt at ein tok vekk det øvste taket, som dels var roteskadd, og la opp takpanner.


Det har ikkje vore høve til å gå inn på kjeldematerialet i samband med nybygget i 1861.

Kyrkja frå 1861

Bygningen

Fjærland kyrkje er tilnærma orientert med koret mot aust-nordaust, i gjennomgangen vidare vil ho bli omtalt som om koret låg i aust. Kyrkja vart oppført i 1861 med rektangulært, einskipa skip og smalare, noko lægre kor. Aust for koret var eit sakristitilbygg i same breidde som koret, men under eit lægre tak. Kyrkja vart oppført med enkle, nygotiske trekk, som vindauge overdekte med gavl og fasa innvendige stolpar. Ved den omfattande ombygginga i 1930-åra vart ho gjort om til ei nyklassisistisk kyrkje med trekk frå 30-talet. Våpenhuset fekk gresk gavl i vest som kviler på voluttforma konsollar, dørfyllingane vart utstyrte med gylte stjerne. Også innvendes vart kyrkja prega av nyklassiske detaljar. (Sjå nedafor.)

Vegger

Kyrkja vart oppført av lafteplank og kledd utvendes med sulagde bord. Innvendes stod kyrkja utan kledning og med umåla tømmer på foto frå kring 1900.


Ombygginga i 1931 førte til at nedre del av veggene vart erstatta med stolpar og flytta ut slik at kyrkja vart treskipa med basilikalt overlys. Vestveggene i sideskipa fluktar med vestveggen i kyrkja elles, i aust er sideskipsveggene trekte omkring hjørnet i skipet og det nye hjørnet rommar gangar inn til korets siderom som ligg i dei nye sideskipa til koret. Sakristitilbygget i aust vart utvida og har same breidde som koret med siderom.


Vestfasaden fekk eit nytt preg. Før ombygginga hadde fasaden lisener frå sidene av våpenhuset og opp som markerte dei vestre tårnstavane. Lisenene braut gavlen og tårnet vart understreka. Ved ombygginga vart vestgavlen på kyrkja markert vest for tårnet, og våpenhuset vart også markert med gavl.


Våpenhuset vart opphavleg oppført framfor vestveggen i kyrkja som eit lite hus med saltak. Dette vart endra i 1931. Den framskytande delen av våpenhuset er no grunnare, og austdelen av det er trekt inn gjennom vestveggen i kyrkja. På kvar side av våpenhuset er det gangar med hjørne ut aust i våpenhuset og med dør ut til kyrkjegarden i vest. I gangen på nordsida er det opphavlege veggtømmeret synleg i vest ut til sideskipa, sameleis er dei opphavlege himlingsborda synlege ut til sideskipsnivå.


Midtskipsveggene vart ved ombygginga understøtta med tre par mellomstolpar. Stolpane er kvadratiske i snitt, men på aust- og vestsida av stolpane er det sett til smalare, halvsirkulære stolpar som er avslutta under midtskipsbjelken med joniserande kapitel. Koret vart også utbygt og fekk siderom i same golvnivå som skipet. Veggene mellom koret og sideromma har brystning med fire kryssfinerfyllingar i ramme. Over desse er det slanke dreia pillarar. Ytterveggene frå 1931 er ikkje tilgjengelege, dei kan vera oppførte i bindingsverk eller tømmeret frå nedre del av veggene kan ha vorte brukt om att. [...]


Dei nye veggene vart også kledde utvendes med liggjande bord, innvendes er alle vegger i kor og skip kledde med kryssfinérplater med lister over skøytane.


Tilbygget aust for koret rommar sakristi på sørsida og kjøkken/venterom for dåpsfølgje på nordsida. Mellom romma er det gang og dør ut. Veggene i sakristitilbygget er kledde innvendes med ståande faspanel.

Portalar og dører

Dørene i kyrkja er enkle fyllingsdører med tre kvadratiske fyllingar i kvart dørbald. Det er hovudinngang vest i våpenhuset og vest i skipet. Då sideskipa vart oppførte i 1931, vart det også sett inn inngangsdører i vest til gangar (sjå ovafor) og dører vidare inn til sideskipa. På nordsida i våpenhuset er det dør til gangen, på sørsida er det dør til toalett under trappa som går opp frå gangen der. Opningar frå sideskipa til sideromma ved koret er rundboga, og står utan dører. Frå sideromma er det dør ut til ein gang på kvar side som vidare har dør ut aust i sideskipa. Til sakristitilbygget aust for koret er det ei dør på kvar side av altaret, til kjøkken / opphaldsrom for dåpsfølgje i nord og sakristi i sør. Frå begge romma er det dør til ein sentral gang som fører ut i aust.


Inngangsdøra i vest var opphavleg ei fyllingsdør med tre fyllingar i kvart dørblad og truleg med overlys over døra under eit framstikkande saltak. Ved ombygginga vart døra skifta ut med ei meir klassiserande dør med fire kvadratiske fyllingar i kvart dørblad, sentralt på kvar fylling er ei gylt stjerne i sirkel. Døra er kvit. Konsollane som ber eit lite framspring av gesimsen over døra er voluttforma og kvite med gull-staffasje. Gesimsen ber ein klassisk gavl.

Korskiljet

Korskiljet var lite markert i kyrkja opphavleg. Korgolvet var heva tre steg og på kvar side var det enkle brystningar med pilarar. Elles følgde opniga breidden på koret, medan den gavlforma overdekkinga var noko lægre enn korhimlinga.


Koret er framleis skilt frå skipet gjennom golvnivået som ligg tre steg høgre i koret, men vart bygt om i klassiserande formspråk og meir markert enn før. I korgolvets nivå er det tre søyler på kvar side av midtgangen. Dei ytste er hjørnestolpane mellom midtskip og sideskip, dei mellomste markerer veggen mellom sjølve koret (den gamle korveggen) og sideromma og dei inste markerer korbogen. I sideskipa utafor dei ytste søylene er det rundboga opningar inn til sideromma, også korbogen er rundboga og samla gjev dei tre bogane eit triumfbogemotiv. Felta mellom dei to ytste søylene har heil vegg, medan felta mellom dei to indre søylene på kvar side er opne. Opninga i nord har plass til døypefonten, medan den i sør har oppgang til preikestolen. Søylene har runde søyleskaft og korintiske kapitel som ber profilert gesims (som framhald av søylerekkjer/gesimsar mellom midtskip og sideskip).

Vindauge

Kyrkja hadde frå først av tre høge vindauge på kvar side av skipet og eitt på kvar side av koret. Vindauga ser frå foto ut til å ha hatt fire rammer med 2 x 4 ruter i kvar ramme, dekte med gavl med to farga ruter og midtsprosse. Over våpenhuset i vest var det eit parti med trekopla vindage dekte med tre gavlar. Desse vindauga lyste opp galleriet og vestre del av kyrkja. I klokkerommet var det også gavldekte opningar, ei til kvar side, desse hadde liggjande lamellar.


Ved endringane i 1931 brukte dei opp att den nedre delen av vindauga i langveggene. Desse har no torams rektangulære vindauge med åtte ruter i kvar ramme, og det er sett inn ekstra vindauge på innsida. Vindauga i veggene oppe i midtskipet er nye. Dei har svakt boga overkant og er todelt.[6] Glasflata er også inndelt med bly i små ruter avslutta oppe i overgripande bogar.


Den vestre gavlen i kyrkja vart i 1931 markert med trekantgavl. Vindauget i veggen kviler på gavlens base og er halvsirkelforma med eiker mellom glasa.


Romma aust for koret har to torams-vindauge kvart mot aust. Vindauga har midtpost og kvar ramme har 2 x 3 ruter. Innvendes er det sett inn ekstra, udelte glas i rammer.


Tilsvarande glas på sidene i våpenhuset.

Golv og fundament

Golvet i koret kan vera opphavleg. Det er eit golv av breide bord lagde i to skift i lengderetning og gråmåla. Golvet i skipet er nyare, truleg frå 1931. Det har smalare golvbord lagde i lengderetning. Same typen golv er også lagt i korets siderom og i sakristidelen i aust.

Kyrkja står på ein mur av tukta stein med noko støyp. I aust er det trappenedgang og dør inn til kjellar under sakristidelen. Kjellaren er ikkje registrert.

Tak

Kyrkja hadde opphavleg eit saltak over skipet, dette hadde form av pulttak på sidene av tårnet i vest. Over koret var det eit lægre og smalare saltak, saltaket over sakristitilbygget i aust var lægre enn kortaket. Våpenhuset i vest var også dekka av saltak.


I 1931 vart dei gamle taka liggjande, med unntak av taka over sakristitilbygget og over våpenhuset. Taket over skipet vart trekt framfor tårnet i vest og har no heil gavl i vest. Sidetilbygga og kor- og sakristitilbygg fekk pultak som i aust vart valma rundt hjørna. I vest vart dei også knekte, men i det sideskipsveggen i vest fluktar med midtskipsveggen, vart pultaka valma inn mot langveggene i midtskipet. Det nye våpenhuset fekk saltak utforma som gavl over hovudinngangen.


Hovudtaket over skipet har tre sperrepar i tillegg til gavlane. Sperrene er av rundtømmer og er i møne kløfta ned i hengebjelkar. Ved kvart sperrepar er det saksesperrer som i den synlege delen under himlinga har gotiserande fas. I raftehøgd, under saksesperrene, er det sett inn bindbjelkar med fas. Sperrepar og gavlar ber åsar som underlag for over- og underliggjande bord. Taka er tekte med lappskifer.


Taket over koret er ikkje undersøkt, men har venteleg ei tilsvarande utforming.

Himlingar

Over skipet følgjer himlinga saksesperrene til kryssingspunktet. Himlingane er kledde med

kryssfinerplater med lister over skøytane. Koret har tilsvarande himling.


Sideromma til koret har svakt skrådde himlingar av kryssfinerplater. Romma i sakristitilbygget har heva himlingar i kryssfiner med skrå sideflater av liggjande panel. I våpenhuset har kryssfinerhimlinga ei sentralt plassert stor, skoren og gylt stjerne som fungerer som oppheng for lysekrone.

Tårn

Vesttårnet i kyrkja er eit støpultårn med fire hjørnestolpar som går frå grunnen opp til klokkerommet som er smalare og dekt med hjelm.


Dei vestre hjørnestolpane fluktar med vestveggen i skipet. Dei var tidlegare eksponerte i fasaden (sjå ovafor under vegger), men er no trekte inn og tårnet framstår i eksteriøret som ein takryttar. Dei austre hjørnestolpane flankerer midtgangen i skipet, i gallerinivå flankerer dei orgelet og er på kvar side bundne saman med veststolpane med losholtar og kryssband. Avstiving gjennom losholtar og kryssband held fram oppover til klokkeromshøgd der stolpane er utveksla via ramme til eit smalare rom. Frå først av var dette spranget markert utvendes ved eit smalt pulttak kring tårnet og tårnet var avslutta med skjørt og inntrekt åttekanta hjelm tekt med plater og med kule og kross som avslutting. Ved endringane i 1931 fekk tårnet 1930-talsform med rett avslutting under klokkehuset, veggene under avsluttinga vart markert med horisontale striper. Også klokkehuset vart rettvinkla med vertikale, rektangulære lydluker. Den øvre avsluttinga er markert med gesims og slak hjelm toppa med åttekanta stolpe med profil nede og gesims oppe. Stolpen ber avsmalnande spir med profil nede og kule oppe og øvst ein kross med kuler i endane.

Interiør

Kyrkja har tradisjonell innreiing med altar og altarring sentralt aust i koret, døypefont på nordsida i koret og preikestol i midtskipets søraustre hjørne med oppgang frå koret. I skipet er det to benkeparti skilde med midtgang og flankerte av sidegangar. Tverrgalleri med orgel vest i midtskipet.


På foto frå kring 1900 står det ein støypejarnsomn på nordsida i skipet. Kyrkja har no elektrisk lys og er oppvarma med røyromnar under benkene og panelomnar.

Endringar i interiøret

Ombygginga av kyrkja i 1931 etter teikningar av Johann Lindstøm fekk store konsekvensar for interiøret, ikkje berre ved at skip og kor vart utvida i breidda og vart treskipa, men også ved at ombygginga innebar mykje nytt inventar og at interiøret vart endra ved at vegger, golv og himlingar vart kledde med nye materialar og fekk eit nytt fargeval. Endringane er tekne med i gjennomgangen av bygningen (sjå ovafor) og inventar (sjå nedafor).

Fargar

Fargane i kyrkja i dag er dominert av dei olja kryssfinerplatene som dekkar veggene og det lakka golvet i skipet. Himlingane er kvitmåla. Måla deler av interiøret har ein engelsk raud farge med innslag av brunt, beige, grønt, svart og gull. Fyllingane i gallerifront, dører, brystningar mot korets siderom og meir har ein varm gulfarge med raud marmorering.

Som midtgangsløpar ligg eitt nytt, blågrått bouclèteppe som går heilt fram til altarringen. Golvet i våpenhuset er kledd med grått boucléteppe. I benkene ligg det rustraude benkeputer.

Inventar

Altar

Kassealtar av liggjande bord feste til ramme, truleg frå 1931. Bordplata har avrunda kantar Ei dør på baksida av altaret med lås, nøkkel og hengsler, er eldre enn altaret. Altaret er 162 cm breitt, 66 cm djupt og kun 85 cm høgt i altarringen, medan høgda til korgolvet bak er 106 cm.

Altartavle

a) Den opphavlege altartavla var ein latinsk kross festa inn i ei ramme. Krossen kviler på fotlist i ramma og når opp til gesimsen, men tverrarmen når ikkje ut til ramma på sidene. Bakgrunnen for krossen er flat, bygd opp av ståande bord med tverrtre oppe og nede. Ramma har smal fotlist og pilastrar på sidene. Pilastrane ber ein enkel gesims som igjen ber eit lågt toppfelt. Sentralt er feltet forma som ein slak gavl med eit skore englehovud, på sidene hevar det seg over pilastrane og ber skorne spir. Krossen er gylt, bakgrunnen måla blågrøn, ramma er kvit med rosa og gull staffasje. Tavla er no i bruk i korets siderom i sør.

b) Dagens altartavle er eit snekkararbeid [...] frå 1931. Det har form som eit altarskåp med hensla fløyar og korpusfelt på fotstykke og krona med bogefelt og gesims der midtfeltet er framskote og bore av konsoll over bogen. På midtfeltet av gesimsen kviler sigerslammet. Over øvre ytterkant av fløyene står ei kvart sol med vifteforma strålar. Fløyene har måla innskrifter under ei strålande Davidsstjerne på venstre og ein strålande likearma kross på høgre side. Innskrifta er frå Lukas 24, 28-29, på venstre side skrive på gresk, på høgre side på nynorsk., og er måla med gull på svart botn. Elles har tavla lys grå marmorering gult bogefelt og staffasje i raudt og grønt.

c) Måleriet viser den oppstadne Kristus på veg til Emmaus med to av læresveinane. Biletet er signert Bernt Tunold 1931 nede til høgre og har innskrift Lukas 24.29 nede til venstre.

Altarring

Altarringen frå 1931 er stor og nærast kvadratisk med port på begge sider av altarets bakkant. Knefallet har rett vegg og smal, litt skrådd knelepute som er stoppa og trekt med skinn. Rekkverket har veggfelt ved kvart hjørne, markerte med horisontale striper, mellom hjørnefelta er det balustrar i vaseform som ber flat handlist med indre hylle for særkalkar. Golvet i altarringen er heva. Kneleskammel med to sveifa sider, sarg og stoppa og trekt knelepute.

Døypefont

Døypefonten høyrer til det opphavlege utstyret i kyrkja. Han har åttekanta form med kum som via karniss og vulstar skrår inn mot skaftet som er brote med ei listr som nodus. Foten er større enn kummen, og svingar tilsvarand ut via karnisforma plater og er avslutta med standkant på plate. Beige med Raud, svart grøn og gråbrun staffasje.

Preikestol med oppgang

a) På foto av interiøret frå omkring 1900 har kyrkja ein preikestol av tradisjonell type med rektangulære fyllingar i felta og med sterkt profilert nedre listverk. Øvre kant er dekt med rynka stoffkappe og mellom hjørna heng bladgirlanderar.

b) Preikestolen frå 1931 har fag med rammer med ei fylling i kryssfinér som i underkant skjer seg ned i ein rektangulær knekk. Fyllingane har profilerte lister mot ramma både utvendes og innvendes. Handlista i overkant er runda. Botnen er flat og kviler på åttekanta stolpe med fotlist. Oppgangen frå koret går via ei trapp i fire steg som startar mellom dei to stolpane sør for koropninga og svingar mot sør. Utsida av oppgangen har fylingar som preikestolen.

c) Utvendes er preikestolen og oppgangen måla brunrosa i ein stripeteknikk, fyllingane har engelsk raud marmorering mot beige botn. Fotstolpen og lister oppe og nede er brungrøne. Listverket er staffert med engelsk raudt og svart.

Lesepult

Tidlegare standard lesepult er i bruk som bokstøtte i våpenhuset.


Ny lesepult er laga av Leif Hellandsjø. Han er tilpassa trettitalsinteriøret med ei åttekanta søyle med kapitel med voluttar som ber lesebrettet. Framme på søyla er festa ein latinsk kross. Nede har han ein fot av profilert listverk. Lesebrettet er blått, søyla raud med gylt kapitel og foten grå.

Benker

a) På foto frå omkring 1900 (i kyrkja) har kyrkja truleg dei opphavlege benkene. Desse var opne med ei enkel ryggfjøl og ei toppfjøl med salmebokhylle på den skrå baksida. Enkle flate setefjøler. Benkevangene var også ei fjøl, noko bakoverlent og breiast oppe under salmebokhylla. Det står att døme på desse benkene på galleriet. På fotoet er det også sett opp ekstra enkle benker etter midtgangen.

b) Dagens benker er ein del av inventaret frå 1931. Dei har rette vangar med ei fylling i ramme, heile ryggar med kvadratiske fyllingar i ramme og forma setefjøl. Salmebokhylle oppe på baksida av ryggen. Fyllingar i vangar og ryggar er av kryssfiner, i vangane har fyllingane ein knekk ut i øvre del. Benkene har tre par bein som ekstra støtte. Lause seteputer. Handlistene i overkant er raudmåla, vangane er engelsk raude med lysare fyllingar med marmorering, ryggane er olja.

Galleri

Galleriet er av det opphavlege inventaret i kyrkja. Det har eit framskote midtparti som er støtta av dei to austre tårnstolpane. Galleribjelken er lagd inn i det vestre paret av mellomstolpar. Gallerifronten har ståande rektangulære fyllingar av ståande bord, sette inn i eit rammeverk. Mellom fyllingane står pilastrar med base og kapitel over rammene. Basane kviler på profilert fotlist og ber profilert gesims. Himlinga under galleriet er flat, medan golvet på galleriet er avtrappa. Fronten har gule, marmorerte fyllingar med grå rammrer pilastrar og hjørner er i mørk engelsk raud, elles staffert med svart, lysare raudt og grønt.

Måleri

a) Nattverden. Arbeidet er utført med oljefarge på trykk som er festa til lerret. Trykket og lerretet er bretta kring ei ramme. På nedsida (bak ramma) står den trykte tittelen på motivet: La Cene de N.S. Jesus-Crist. På utsida av ramma er notert med svart skriveskrift: Lithocromeret og foræret Fjærlands Kirke af J. A. Lindemann, 1845. På den andre langsida er skreve for hand: Restaurert av Edmund Ree 1950.Lysmål 56,5 x 41 cm.

b) Rundboga bilete, sekundært sett inn i glas og ramme. På veggen under heng ei ramme med kopi av ei innskrift, truleg frå biletets bakside. Her står at det er ei altartavle, utan kunstnerisk verdi, måla av Lucie Marie Ingemann, kona til diktaren Bernhaard Severin Ingemann. Biletet er komme frå Kjøbenhavn til Bergen og vart gjeve til kyrkja i Fjærland i mai 1909. Under står tittelen på biletet: Tager mit Aag paa Eder og lærer af mig – saa skulle I finde Hvile for Eders Siele. Mål på det innramma biletfeltet: 71 x 52 cm.

Rituelle kar

Parament og tekstilar

Altardukar
  1. Altarduk i aida-stoff med 20 cm brei hardangersaumsbord brodert med perlegarn på tre sider av duken. Duken er sydd på dugnad.
  1. Altarduk av lin, brodert med lin. Duken har ei indre og ytre ca 2 cm brei bord i utdragssaum. Mellom desse er det i fronten brodert tre felt i utdragssaum med motiv.
  1. Duk av lin med bord av innskrift av versalar etter kanten og over denne broderte scener frå oppstoda og vidareføring av trua i kyrkja. Bokstavane og motiva er brodert med ulike kvite sting og har kontur i svart. Duken er sydd av Randi Mundal.

Innskrift:

Og med Jesus sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøn, braut det og gav dei. Då vart augo deira opna so dei kjende han att. I det same blei han + JESUS + usynleg for dei. Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen og let opp skriftene for oss i frå Moses og alle profetane, sa dei seg imellom.


Antependium
  1. Tidlegare antependium av kraftig, vinraud fløyel utan dekor er oppbevart. Saman med dette også rynka kant til preikestolen og stoff til kneleskammelen.
  1. Antependium av grøn ulldamask levert av Husfliden.

Preikestolsantependier. Antependier i dei fire liturgiske fargane, ca 45 cm høge og 35 cm vide Utførte i biletvevteknikk med renning i lin og innslag i ull. Kanta med salgjordsband oppe på baksida. På banda er skrive namnet på tilverkaren, Maren Erland og produksjonsåret 1991. Motivet er også oppgitt her: den fiolette Alfa og Omega, den raude Treenigheten, den grøne Aks og liljer og den kvite Kristogram.


Døypefontduk

Til dei to siste altardukane er det også laga døypefontdukar.


  1. Duk av linbrodert med lin. To omfar med ca to cm brei utdragssaum. Mellom omfara er det midt på kvar side eit motiv i utdragssaum due og åttebladrose vekselvis på annakvar side. Til desse tekstilane er det også brodert tre små brikker med den to cm breie borda rundt kanten.
  1. Duk av lin med bord av innskrift etter kanten og over denne broderte bibelske scener. Bokstavane og motiva er brodert med ulike sting i kvitt og har kontur i svart. Innskrift:

Dei bar småborn til Jesus, så han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då sa Jesus: Lat småborna koma til mg og hindra dei ikkje for Guds rike høyrer slike til! Det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, kan aldri koma inn i det. Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei.


Messehaklar
  1. Blå messehakel med breid skjoldform. Hakelen var i kyrkja ved visitas i 1854, men er truleg eldre. Tidleg 1800-tal? Hovudstoffet er i silke, fôret i gulbrunt (bomulls)lerret. Heile hakelen er kanta med eit smalt, gulbrunt vove band med tunger i sida. I halsen er det festa eit gullband med sikksakkmønster innafor bandet og sjølve kanten innst er av mønstra silkestoff. Ryggsida har ein stor latinsk kross av raud silkesateng (stoffet kan vera sekundært). Krossen går ned til nedre kant av hakelen, medan dei tre øvre endane har runda avslutting. Han er kanta med det gulbrune, vovne bandet og innafor dette eit gullband der berre korte stykke er intakte i det innslagstråden er oppløyst. Bandet ser ut til å vera vove i toskaft med tre flate gulltrådar og elles silke surra med gull i renninga, og med smale, spreidde metalltrådar i innslaget. Forsida har ein smal stolpe som løyner skøyten i stoffet. Stolpen har same gullband som halsopninga kanta med det gulbrune vovne silkebandet. Opning ved ein 15 cm djup splitt over stolpen og med mørkeraude silkeband som feste. (Hakelen er slitt og skulle vore konservert.)Høgda er 91 cm framme og 103 cm bak. Breidda ved skuldrene er 81 cm.
  1. Raud messehakel, bleika, i breid skjoldform, 1800-talet. Hovudstoffet er kortlugga fløyel, fôret er av glatta lerret. Hakelen er kanta med eit smalt gullband og har latinsk kross av eit breiare gullband på ryggsida. Halsopninga er vid og båtformaog er snurpa saman sentralt både framme og bak. Forsida har skøyt i stoffet på begge sider av eit midtfelt. Ryggsida er skøytt sentralt under den vertikale krossarmen. Feste med tre enkle hekter på venstre skulder. Høgde 90 cm framme, 96 cm bak. Breidde ved skuldrene 70 cm.
  1. Djupt raud fløyels messehakel i skioldform, ca 1940-50. Fôr i klart raudt bomullslerret. Hakelen er kanta med smalt gullband og har latinsk kross av eit breiare gullband på ryggsida. Høgde 87 og 106 cm, breidde ved skuldrene 57 cm.
  1. Grøn (og kvit) messehakel med rette sider, truleg Den Norske Husflidsforening, ca 1960. Hakelen er i dobbelvev med grøn lerretsbinding i ull i det eine laget og gulkvit lerretsbinding i halvlin i det andre. Den grøne sida framstår som hovudside, hakelen kan også vendast og brukast som kvit, men dei innvovne motiva vert då spegelvende. Botnstoffet har innvovne små stjerner. Forsida har stolpe med kalk i brysthøgd, ryggsida har stolpe med fleire motiv i heile lengda. Høgde 100/95 cm, breidde ved skuldrene 62 cm.
Andre parament og tekstilar

To messeskjorter og ein alba er oppbevarte i kyrkja. Ein svart talar er minne om gudstenestene som den anglikanske kyrkja held tidlegare for engelske turistar. Gravferdskappe frå K. Stormark.


Teppe i altarringen i biletvevteknikk med beige midtfelt og grå kantar. I midtfeltet er det vove inn blå og kvite rombeformer, i den grå kanten kvite sirklar med raude symbol på lys blå botn, i hjørna chi-rho og AO, elles likearma krossar. Signatur og årstal, BD og 1933 er vove inn i nordausthjørnet.

Lysstell

Klokker

Kyrkja har to klokker som heng over einannan i klokkerommet. Opphengsvoggene er av eikeådra treverk med nygotisk fas i hjørna. Kronene er forma som kryss feste til ei plate og ei tilsvarande plate finst over vogga. Fire skruar går gjennom vogga og er festa med mutrar oppe og nede. Kolvane i klokkene tykkjest opphavlege.


  1. Klokka har runda hue, rett hals med skriftband mellom to riller, ned- og utsvinga korpus. Tre riller i overgangen til ut- og nedbøygd slagring som skrår opp innvendes. Innskrift mellom rillene på halsen: GEG. VOM BOCHUMER VEREIN. IN BOCHUM 1894. Under kløverbladkross på korpus: MIN SJÆL LOV HERREN OG GLEM IKKE / ALLE HANS VELGJERNINGER. Diameter 75 cm, høgde til undersida av vogga 81 cm.
  1. Form og innskrift mellom riller på halsen, som klokke a. Under kløverkross på korpus: KOMMER TIL MIG, ALLE SOM ARBEIDE OG ERE BESVÆREDE, OG JEG VIL GIVE EDER HVILE, Diameter 89 cm, høgde til voggas underside: 81 cm.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgelet er levert av J. H. Jørgensen, Oslo. Orgelfronten er enkel og bygd i høgda med sidetårn som skrår ned innover, eit høgre midttårn og lægre, rett avslutta felt mellom tårna. I alle felta er det metallpiper som skrår ned mot midten på begge sider, medan midttårnet har høgre piper. Opningane over pipene er utfylte med små krossar. Orgelet har 14 stemmer og dølgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:


Principal 8’

Gedacht 8’

Oktav 4’

Rørfløyte 4’

Waldfløyte 2’

Mixture 3 f

Subbass 16’

Quintadena 4’

Rørfløyte

Spissgamba 8’

Koppelfløyte 4’

Principal2’

Kvint 1 1/3’

Trompet 8’

Tremolo

Piano

Petrof.

Bøker

Ein del eldre bøker finst i kyrkja, desse er ikkje dokumenterte.

Nummertavler

To høge, enkle tavler sett saman av ståande bord som oppe er forma som gavl. Tavlene er delt i to med ein sentral strek. Botnen har mørk måling, metallsiffer.

Møblar

Stolar

  1. Karmstolar til bruk i koret. Stolane har rett toppstykke og open rygg med ryggbrett, svungne armlene og rette bein samla med h-kryss nede. Dei er gråmåla med svartmåla sete.
  1. Brurestolar. To stolar med sete og rygg trekt med raudt ullstoff. Stolane har rette bein og sarg. Sentralt på ryggen er festa ei skoren, gullfarga krone med raud staffasje.

Offerkar

To tægerkorger laga av Torgeir Romøyri.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv med nedbøygd kant, trektforma korpus og utsvinga, prosilert fot. Inngravert på korpus: DONATED BY BRITISH CONGREGATIONS AT FJÆRLAND OVER A SPAN OF EIGHTY YEARS. AUGUST 1973. Stempel 830 S, Hestenes. Vasane er 21,8 cm høge og diameteren oppe er 10,6 cm.

Diverse

Raudt varselsflagg. Flaggstonga er bevart i tårnet.

To tægerkorger til oppbevaring av særkalkane, laga av Konrad Romøyri.

Kyrkjegard pg gravminne

Kyrkjegard

Kyrkjegarden omgir kyrkja på alle sider, men med hovudtyngda av gravplassane på nord- og sørsida av kyrkja. Det går kyrkjegardsmur kring kyrkjegarden i aust, nord og vest, i aust og dels i nord som bakkemur mot vegen utafor, og denne markerer den eldste delen av kyrkjegarden. Det er inngang gjennom muren via fløyport i smijarn i nord vest med svinga singelgang inn til hovudinngangen i kyrkja. Også i aust er det inngang gjennom muren via fløyport i smijarn og steintrapp opp til kyrkjegardsnivå. I vest er det laga opning i muren til reiskapshus/bårerom. Kyrkjegarden på sørsida er omgitt dels av busker, dels av plankegjerde med ståande plankar mellom gjerdestolpar som er overdekte med bord i saltakform. Gjerdet er raudmåla som kyrkja.

Minnesmerke

  1. Minnesmerke framfor vestinngangen over fylkesmann Helge Seip (1881 – 1945). Kommunen har reist steinen.
  1. Minnesmerke over tysk offiser som miste livet i Fjærlandsfjella i 1910. Bautaforma.

Bygning knytt til kyrkjegarden

Vest for kyrkja er det etter år 2000 (?) oppført eit lite båre- og reiskapshus utafor kyrkjemuren.

KJELDER

Utrykte kjelder

Trykte kjelder

Oppmålingsteikningar og fotografi

Bilete


  1. Bendixen, manus.
  2. Bendixen viser her til ”opptegnelser og meddelelser” frå prost H. Sverdrup
  3. Teikningar oppbevarte i kyrkja.
  4. Bendixen, manus
  5. Bendixens, manus har nærare gjennomgang av glasmåleria
  6. Det finst detaljteikningar til desse vindauga i kyrkja