<script type="text/javascript">
var _gaq = _gaq || [];
_gaq.push(['_setAccount', 'UA-36277021-1']);
_gaq.push(['_trackPageview']);
(function() {
var ga = document.createElement('script'); ga.type = 'text/javascript'; ga.async = true;
ga.src = ('https:' == document.location.protocol ? 'https://ssl' : 'http://www') + '.google-analytics.com/ga.js';
var s = document.getElementsByTagName('script')[0]; s.parentNode.insertBefore(ga, s);
})();
</script>
|
|
Farnes kyrkje
Farnes kyrkje er den første kyrkja i tettstaden Øvre Årdal. Ho vart teken i bruk i 1970 og er ei arbeidskyrkje teikna av Arnstein Arnebergs arkitektkontor. Den første kyrkjegarden på staden vart teken i bruk i 1898. Øvre Årdal sokna tidlegare til Årdal kyrkje, men på grunn av den store auken i folketalet, vart det oppretta ei interimskyrkje på Ungdomsheimen før det var bygt kyrkje. Kyrkja er orientert med altaret i aust og bryt med retningane i den kringliggjande bygningsmassen.
|
|
Årdal kyrkje
Stavkyrkja var av den mangesøyla, treskipa typen ein finn i Sogn og Valdres. Ho hadde seks søyler på kvar side og to mellom hjørnesøylene på kvar kortside, i alt 16. Det var same avstanden mellom søylene, med unntak av på austre kortside der mellomsøylene var trekte ut mot hjørna. Ei ekstra søyle kvilte på tverrbjelke over koropninga.
|