Feios kyrkje
Fra Norges Kirker
Anne Marta Hoff
Bakgrunn
Rinde stavkyrkje
Bygningen
Kyrkja er nemnd i Bergen Kalvskinn s 49 som «Kirkjan à Rindinn i Fedjadal» omkring 1350. Ho er også nemnt to gonger i Diplomatariet, DN 7, brevnummer 98 og 99 (1322-23) og DN 10, brevnummer 255 (1470-80).
Rinde er garden der kyrkja stod, og er også kyrkjestad for dagens kyrkje. Dei fleste husa på garden vart rivne i samband med at vegen vart vidareført til Fresvik, men hovudhuset på garden står framleis.
Stavkyrkja var ein avlang stavbygning med eit tårn i vest. Ho hadde inngangar gjennom vestveggen i tårnet og på nordsida like innafor tårnet. Begge inngangane hadde i periodar våpenhus. Koret hadde inngang i sør.[1]
Ved synfaringa i 1686 er det oppgitt at både skip og kor er stavbygde og kyrkja er 36 alner lang og 11 alner brei. På nordsida var det då sval, og det var eit tårn i vest. På nordsida var det eit våpenhus, 9 alner langt og 5 alner breitt. Kyrkja er omtalt som «temmelig», med måling inne i koret, men likevel «Vanseelig».[2]
I 1709 er kyrkja nemnt som ein gammal stavbygning med tårn og to våpenhus. Ho er tekt med bord og vel halden ved like.[3]
Rinde kyrkje er etter synfaringa i 1721 ein gammal stavbygning i ei lengd og under eitt tak. Det er tårn på kyrkja og to våpenhus, eitt på nordsida og eitt på vestsida. Kyrkja er tekt med bord. Innvendes er ho fint måla og elles velhalden. Kyrkja er 33 alner lang og 11 alner brei. Våpenhuset på nordsida er 5 alner langt og 8 alner breitt, medan våpenhuset på vestsida er 4 alner i kvadrat.[4] Det er vanleg at måla i 1721 skil seg noko frå måla i 1686.(ta ev med differansen eller stryk)
Vegger. Kyrkja hadde åtte stavar, ein i kvart hjørne av skipet, og ein i kvart hjørne aust for koret og vest for tårnet.[5] Stavane hadde eit tverrmål på 38 cm.[6] Mellom dei to øvste stolpane i koret, bak altaret, skulle det etter synfaringa i 1661-65 lagast eit kryssband og over dette ein bindbjelke («Samholdsstock») for å binda saman stolpane og bindingsbanda.
Kyrkja kan frå først av ha vore eit enkelt rektangel med fire hjørnestavar, koret og den vestre delen kring tårnet har eventuelt vore sekundære byggjefasar.
Roar Hauglid viser foto av ein utskoren planke frå Sogn Folkemuseum, De Heibergske Samlinger. Utskjeringa viser dyreornamentikk med liknande former som på nordportalen i Urnes. Hauglid set planken saman med ei eldre kyrkje på Rinde og ikkje ein ev vestportal før tårnet kom på plass.[7] (Denne opplysinga vert ståande litt i lause lufta)
Etter arbeid med ny svill under sørveggen i 1680-81 vart kyrkja bordtekt på sørsida med 12 tylfter bord på 13 opplengjer. Vestgavlen vart bordtekt med 6 tylfter bord på 9 opplengjer i 1683-86 (sjå under Tårn). Det austre brystet vart bordkledd i 1711-13. Før det hadde brystet vore kledd med spøner.
Golv og fundament. Synfaringa i 1661-65 peikar på manglar ved golv og fundament ved kyrkja. Under sørsida av koret må det leggjast ned ein ny svill, 8 alner lang. På nordsida av koret må det leggjast nytt steinlag under hovudstolpane. I 1680-81 vart det lagt inn ein stor svill («sole») under sørveggen i kyrkja. Under arbeidet med svillen tok ein ned bordkledninga og preikestolen vart flytta vekk.
Tak. Etter Bull si teikning har kyrkja hatt eit vanleg stavkyrkjetak med sperrer, og med saksesperrer og hanebjelke ved annakvart sperreband. Over sperrene låg det smale åsar. Sperrene stod tett og var avstiva nede med runda kne. Undersida av skøytane mellom hanebjelke og saksesperre hadde også runda kne på kvar side.
Etter synfaringa i 1661-65 skulle det lagast dobbelt sutak på sørsida, både over kor og skip. I 1692 vart det laga nytt sutak av 20 tylfter kjøpmannsbord, spikarfeste og spikar på nordsida av kyrkja. Fem bygningsmenn arbeidde i seks dagar med taket.
Døra i nord hadde halvsøyler med terningkapitel og arkivolt med enkel profil.[8] Nye nattlåsar til dørene i kyrkja vart skaffa i 1671.
Vindauge. Frå først av var det berre dei runde lyshola øvst på veggene som gav lys til kyrkja. På nordsida av kyrkja var det fire lyshol på veggen i skipet og to i koret, truleg var det like mange på sørsida.[9] Når det kom vindauge, veit ein ikkje heilt, men ved synfaringa i 1661-65 var det bruk for tre nye luker framfor vindauga i kyrkja, og det har då vore minst tre vindauge. Nede i skipet skulle det lagast to små, nye vindauge for å få meir lys.
I 1675-77 er det betalt for eit nytt vindauge og vøle av dei andre vindauga i kyrkja. To vindauge vart sette inn ved preikestolen i 1680-81, og i 1683-86 vart det sett inn eit nytt vindauge i skipet. I 1687-89 vart det betalt for tre vindauge, men det er berre nemnt ei ny vindaugsopning med uthogging i veggen og karm og rammer, så dei andre vindauga kan ha vore ei fornying av eldre vindauge. I 1699-1701 er det igjen betalt for eit nytt vindauge, nokre andre er lagde i bly. Eit nytt vindauge i koret med jarnbeslag kom i 1708-10. I 1711-13 vart alle trekklukene utafor vindauga sette i stand. I same rekneskapen er det ei opplysning om at ein har saga ut bordkledinga som «betog lyset i kirken». Truleg har borkledinga dekt over dei gamle, runde lysgluggene øvst på langveggene.
Korskilje. Utfrå Bulls teikning har det vore ein vegg mellom kor og skip, opninga i veggen er ikkje innteikna. Bendixen skriv om korskiljeveggen at «Efter reformasjonen er den smale buete åpning mellem kor og skib utvidet på den måte at hele den nedre del i tidens løp forsvant.»[10] Det var då berre gavlveggen som stod att.
Dåpshus. Ein ny «fundt» med traleverk kring, vart laga i 1667-69. I 1687-89 vart det laga ein «foed under bechenet i funten», truleg det som no vert kalla døypefont.
Himlingar. Ein ny kvelv i skipet vart laga i 1667-69 etter at det ved synfaringa i 1661 – 65 vart peikt på at lemmen over skipet var laus og måtte leggjast betre til rette.
Tårn. Tårnet var truleg sekundært i forhold til sjølve kyrkjebygningen. Roar Hauglid meiner det kan ha vorte reist omkring 1300.[11] Bendixen skriv følgjande om tårnet:
Tårnet foran vestre gavl var vel allerede bygget i den katolske tid, i det man fjernet plankene i vestre vegg, så at tårnfoten blev åpen mot kirken og utvidet denne. Tårnfoten dannet som i Årdals kirke et kvadrat hvis sviller hadde same lengde som kirkens bredde og støttet sig umiddelbart til de 2 tidligere vestre hjørnestaver, bærende på den annen ende (vestre) 2 nye staver av same høide, de nye vesthjørner. Umiddelbart innenfor disse sviller sattes 4 andre og de på disse stående stolper bøiet sig innover mot hverandre, og hevet sig til tårnets fulle høide. For å støtte tårnet reistes mellem de 4 hovedstaver 1 likeledes hellende stolpe i nord, øst og syd, to i vest, som innesluttet inngangsdøren. Det hele kvadrat avstivedes ved to kryssende grunnsviller, den ene fra øst mot vest, den annen fra nord mot syd. Avstivningen av stolpene foregikk både nedentil og oventil ved rundbuete knær.[12]
Vidare skriv han at ein ikkje veit korleis tårnet var avslutta oppe. Truleg gjev framlegget i synfaringa frå 1661-65 svar på dette, i det det står at tårnhjelmen er for snau, tårnet har då mest sannsynleg vore avslutta oppe med hjelm, i alle fall i denne perioden.
I 1661-65 vart det peikt på at kyrkja var for lita og at dette kunne betrast ved at det vart laga eit tverrgalleri i full breidde nede i tårnet, tårnet var då truleg ope mot skipet. Også i golvhøgd meinte ein å finna plass til fire nye stolar på kvinnesida og to på mannssida, etter at golvet var ordna. Vidare skulle tårnet få eit nytt golv under klokkene.
I 1683-86 vart kyrkja skrudd opp og det vart lagt to 14 alner lange sviller under tårnet. Samstundes vart vestgavlen bordkledd med 6 tylfter bord og med 9 opplengjer under borda.
I 1693-95 vart det, etter stiftsskrivarens ordre, sett inn to kne for å binda saman kyrkja og tårnet, kvar arm to alner lang. Knea vart festa med store jarnboltar.
I 1702-04 vart det utført eit stort arbeid ved tårnet. I rekneskapen står at det er betalt for «taarnetz opbyggelse af ny», men utfrå materiallista og den arbeidsmengda som er oppført, kan det ikkje vera heile tårnet som er fornya. Bull si teikning har svakare streker i den øvre delen av tårnet, truleg fordi han ikkje ville teikna heilt ut det som han såg ikkje var frå mellomalderen. Det vert ved denne og andre kyrkjer skilt mellom «taarnet» og «stopelen» i samband med tjørebreing, og tårnet kan då oppfattast som den delen som stikk opp over taket på kyrkja. Materiallista nemner mellom anna 18 tjukke bjelkar, eit 20 alner langt tårnspir og åtte sperrer, truleg til hjelmen. Tårnstavar og kne er ikkje nemnde. Det var seks menn som arbeidde med tårnet. Dei tok det ned og bygde det opp att, tok ned svalene, bygde nytt våpenhus og meir på 11 dagar. Til sist vart det sett ein ny koparhane med knapp til tårnspiret og dette vart forgylt og måla.
Tilbygg. Ulike svalar, bordhus og stegehus har vore sett inn til veggene i kyrkja, særleg på nordsida der det var opnast ned mot fjorden. I 1672 er det nemnt eit «bordhus» på nordsida, 5 alner langt. I samband med tjørebreing er svalene i fleirtal nemnde i 1675-77.
Fordøra eller våpenhuset, det står ikkje kvar, skulle forbetrast noko i 1661-65. Det var forfalle og vart vølt i 1680-81. Til dette arbeidet vart det brukt ein stolpe, ein raftestokk («aalest.») og 2 renner og 1 tylft sperrer. Neste utgiftspost i rekneskapen gjeld mest sannsynleg også våpenhuset: Det er brukt 4 tylfter bord til sutak og golv.
I 1686 ved synfaringa vert det nemnt at dei siste åra (1683-85) er det laga ny sval framfor vestre bryst av to 12 alner lange stavlegjer, 3 ½ tylft bord og to kjølar til skur over døra. Det er brukt ei tylft 2 alner lange sperrer.[13] Våpenhuset er så tjørebredt. Samstundes med fornyinga av tårnet i 1702-04, vart svalene tekne ned att, og det vart oppført eit nytt våpenhus framfor kyrkjedøra. Våpenhuset fekk også ny dør med klinke og hengsler.
I synfaringa frå 1661-65 var svalen på nordsida i dårleg stand. Både stavlegjer, svill og fire av stolpane var rotne og måtte skiftast ut med nytt. Våpenhuset på nordsida fekk nytt tak i 1705-07.
Interiør
I 1683-86 vart koret, altarfoten, pulpituret, preikestolshimlingen og kvelven i skipet måla. Målaren arbeidde med dette i sju veker, og kyrkjelyden betalte vel halvdelen av avbeidet. Nedre del av fontehuset og skipet vart måla i 1699-1701. Koret vart måla i 1708-10.
Ein del av målinga frå denne perioden er bevart i oppattbrukte materialar på bygningar i bygda. Sjå foto.
Inventar
Altar og altarring. Det vart laga ein ny «altarfod» med to tylfter dreia pillarar kring i 1683-86.
Eit altar frå Rinde kyrkje er oppbevart på gardsmuseet til familien Rumohr i Frøningen. Sjå foto.
Preikestol med himling. Kyrkja fekk ny himling over preikestolen i 1683-86.
Sitjeplassar. Oppussingsarbeid på stolane i kyrkja kom i 1670 etter at det var etterlyst ved synfaringa i 1661-65. Ein 14 alner lang benk vart langt langs etter stolane i 1675-77. Denne var truleg på sørsida. I 1683-86 vart det laga tilsvarande sete utafor kvinnestolane. Stolane på lemmen og i kyrkja vart vølte att i 1680-81, med 2 tylfter bord og 5 bjelkar. I 1696-98 vart det brukt seks tylfter bord til å setja i stand tre mannfolkstolar og to kvinnestolar med panel og dører, dei fem dørene vart forsynte med hengsler. Ein snekkar laga ti nye stolar nedst i kyrkja i 1705-07 av ti tylfter bord. 26 dagsverk vart brukte på arbeidet. I 1717-19 vart det sett opp ein ny stol ved kyrkjedøra, med nye benkar og hengsler.
Skriftestol. Ein ny skriftestol vart laga i kyrkja i 1720-22. Stolen hadde skammel og knefall.
Galleri. Eit nytt pulpitur vart oppført i 1667-69.
Skulptur. Kyrkja skal ha hatt eit krusifiks som var fint forgylt.[14] Vidare skal kyrkja ha hatt 12 store trefigurar. Då prosten Dahl skreiv sine notat, var seks av figurane alt brukte til brensel under tjørekjelane, medan seks framleis var ved kyrkja. Dei seks var:
St. Peter i kolossal størrelse, «et rett smukt stykke», 78’’ høyt (1,93 m h.) med forgylt hår og skjegg, det antas at Peter var kirkens skytshelgen – 3-4 madonnabilleder, et 48’’ høit, et 28’’, et 32’’, det siste i sittende stilling. – Et Michals billede 27’’ høit. Alle var sterkt mutilerede, men til dels af smukt arbeide. Disse billeder var forresten den gang flyttet fra Rinde til Leikanger […] Nu er disse ting forsvunnet.[15]
Rituelle kar. I den eldste inventarlista frå 1670 står det at kyrkja har ein forgylt kalk og disk og ei massingbekken i fonten. Kalken og disken vart forgylt i 1680-81. Inventaret i kyrkja er omtalt i synfaringa frå 1686, Kyrkja har kalk og disk av forgylt sølv. Inventarlistene frå 1693 og 1711 fortel at dei veg 22 lodd.
Parament. Ved synfaringa i 1686 er det nemnt eit randete altarklede og ein gammal kvit altarduk. Ein ny messeserk og ein blomstra messehakel av atlaskstoff er skaffa til kyrkja. Kyrkja hadde i 1670 ein ny messehakel som var betalt av Leikanger kyrkje, då hadde ho også ein ny messeserk. Messeserken kan vera ført inn i lista i etterkant. I alle fall er det i rekneskapen for 1675 – 77 notert at det er laga ein ny messeserk av 15 alner lerret. Messehakelen er i listene frå 1693 og 1711 nemnt som ein ny «blomet adlasches messehagell». Det er då også teke med ein lerrets altarduk , ein gammal ditto og eit stripete altarklede. Rekneskapen viser at den nye altarduken vart sydd av åtte alner lerret.
Lysstell. I synfaringa frå 1686 er det omtalt to massingstakar til voks og talg. Eit par store massingstakar (inventarlister 1670 og 1693).
Bøker. I synfaringsnotatet frå 1686 er det nemnt ei altarbok og ei salmebok. Inventarlista frå 1711 nemner ei gammal altarbok i oktavo, ei ny salmebok i oktavo og ei «fuldkommen» salmebok.
Klokker. Ei klokke i tårnet er nemnt i 1670. Ved synfaringa i 1686 er det nemnt to gode klokker. Ei klokke vart støypt av metallet frå ei bresta klokke og tillagt metall i 1692. I inventarlista frå 1693 er det nemnt to klokker, det er det også i 1723, men då er den eine av dei brosten.
Diverse. Ein ny fattigpung vart innkjøpt i 1701. I 1706 vart ei lysesaks gjeven av Niels Berdahl. I 1717-19 vart det kjøpt ei ny blokk til karnatet.
Kyrkja frå 1866
(innleiing?)
Bygningen
Den nye kyrkja i Feios vart teikna av arkitekt Nordan i 1864. Det er ei einskipa langkyrkje, ei hallkyrkje, med tårn framfor vestinngangen og smalare, lægre kor. Aust for koret er det eit sentrert lite sakristi med dør inn til kyrkjerommet bak altartavla. Ein del mindre deltaljar vart annleis enn på teikningane. Nordan har teikna sakristiet med vindauge på begge sider og dør ut i aust, medan det har vindauge i nord og dør i sør. Han hadde teikna ein altarring eller eit knefall som gjekk tvers over koret i slak boge, medan byggjenemnda valde ein meir tradisjonell altarring. Vidare har arkitekten teikna inn preikestolen på nordhjørnet mellom kor og skip, medan preikestolen vart oppført på sørhjørnet. Byggjenemnda gjekk også inn for ein lægre himling enn den Nordan hadde gjort framlegg om. I store trekk står kyrkja framleis slik ho vart oppført i 1866.
Vegger
Veggene er tømra både i skip og kor, tårnet og sakristiet er i bindingsverk. I sakristiet er det nyare ståande kledning.
I kyrkjerommet står tømmeret bert utan måling, slik det har stått frå kyrkja vart oppført. Det er tetta med ein svart masse i fugene mellom stokkane. Kvar av langveggene i skipet har fire par opplengjer som avstiving og desse deler veggene inn i fem fag. I dei tre faga mellom opplengjene er det vindaugsopningar på begge sider. Opplengjene korresponderer med bindbjelkar på tvers av rommet i raftehøgd. Bindbjelkane er støtta opp på kvar side av kne mot opplengjene. Veggene er avslutta med ei profilert taklist oppe og med enkle, sekundære fotlister nede.
Veggene i sakristiet er kledde innvendig med nyare ståande skuggepanel.
Portalar og dører
Dei fleste døropningane i kyrkja har opphavlege dører med tilhøyrande dørvridarar. Dørene har tre fyllingar. Ei av dei gamle dørene er lagra i tårnet. Sør i sakristiet er det ei ny dør med tre fyllingar. Døropninga innvendes har opphavlege lister.
Korskiljet
Koret opnar seg i full breidde og høgde mot skipet. Opninga er markert med gjennombrotne kne i dei øvre hjørna og med låge brystningar nede på kvar side av to boga steg som tek opp høgdeskildnaden mellom kor og skip. Brystningane har dreia spiler og endar i enkle, etter måten høge, meklarar.
Vindauge
Vindauga i kyrkjerommet, tre på kvar side i skipet, og eitt på kvar side i koret, er enkle, med tre profilerte postar festa direkte i karmen og Y-forma oppe i den gavlforma avdekkinga. I høgderetning er vindauga inndelte med sprosser som saman med postane dannar mest kvadratiske ruter, (ruklete glas. Opphavleg?)
Golv og fundament
Både skip og kor har bordgolv med bord lagde i lengderetning. Golvet i koret har breie, truleg opphavlege golvbord festa til golvbjelkane med grov spikar, medan skipet og det nedste trappesteget mellom kor og skip har eit nyare golv med smale bord utan synleg spikar. Golvet i sakristiet er kledd med vinyl og på denne eit heildekkande boucléteppe.
Fundament av tukta, dels skifrig stein med pinningar. Høgst i aust og nord.
Tak
Kyrkja har tre saltak, hovudtaket over skipet, eit kortare, smalare og lægre over koret og eit lite over sakristiet. Taka er ei blanding av sperre- og åstak. Med gavlane er det seks sperreband over skipet, desse har sperrer, hanebjelke og undersperrer frå raftet opp til hanebjelken. Sperrene ber kraftige åsar som opplegg for over- og underliggjande bord. Utvendes er taka tekte med ruteheller.
Himlingar
Himlingen i skipet er av profilerte, langsgåande bord. Han er flat i midtpartiet der han er festa opp under bindbjelkane, og skrå på sidene der han er festa til undersperrene.
Koret har flat himling av profilerte langsgåande bord. Borda ligg på oversida av bindbjelkane.
Tårn
Tårnet framfor vestenden av kyrkja har nærast kvadratisk grunnflate som er like stor i alle dei fire høgdene. Over desse er det dekt med saltak i lengderetning brote av ein diagonalstilt lanternin avslutta med firkanta hjelm og spir avslutta med kule, kross og hane.
Det er våpenhus i første, orgelgang i andre, lagerrom i tredje og klokkerom i fjerde høgd. Dei to nedste høgdene er kledde med breie profilerte bord innvendes.
Tårnet har fire hjørnestolpar og to mellomstolpar på kvar side, desse er stiva opp med høge skråstøtter og med horisontale rammer i etasjeskilja.
Øvste ramma har oppleg for saltaket og for lanterninen. Ho ber tre bjelkar i nord-sørleg retning som igjen ber ein kraftig bjelke i aust-vestleg retning. Inntil den siste er det laga ei diagonal, firkanta ramme med hjørnestolpar for lanterninen, og midtstolpen i hjelmen kviler på midtkrysset.
Hjørnestolpane er stiva opp med høge skråstivarar og det er lagt ei ny ramme med kryss under sjølve hjelmen. Det er oppattbrukt materiale frå stavkyrkja i hjelmen.
Tårnet har vindauge mot vest over inngangen i andre høgd og mot nord i 1.-2. høgd.
Interiør
Presentasjon av interiøret
(med plassering av fast inventar, lyssetting og oppvarming. Døme: ”Døypefont på nordsida i koret, preikestol i søraustre hjørne i skipet, galleri etter nord- og sørmurane i skipet. Orgel på vestgalleriet. Elektrisk lys og oppvarming.”)
Oversyn over viktige endringar i interiøret
(Døme: ”Interiøret gjennomgjekk store endrinar i 1850-åra etter framlegg av arkitekt ... Restaurer 1950 etter framlegg av arkitekt ...”.)
Nye benker, årstal?
Fargar
Bendixen om fargar: Himlingane er kvitmåla, likeså slinder og benk. Den gulmalte prekestol har sju hvite, avlange felter. Døpefonten er av tre, ottesidet, med stivere. Alteropsatsen har gavl… og er malt lysere og mørkere brunt med forgylte faser og lister.
Bendixens manus: Lemmen er dekket med veggfjeler fra den gamle kirke, bemalt med røde slyngninger av den almindelige art, figurer, rammemaling, almindelig i rødt, en halv englefigur og rester av innskrifter, gule på sort, som til dels synes å være tatt fra epitafier. En av disse innskrifter bærer årstallet 1618.
Himlingen i skipet er måla sterkt blå, som benkene. I koret er himlinga gul. Veggene er umåla, medan opplengjer, lister dører etc er ådra som furuådring. Nyare golv er beisa og lakka.
Glasmåleri
Bendixen: i Bergens Museum finnes frå Rinde ikkje mindre enn 19 glassruter med figurer og navn (opprekna, med motiv).
Inventar
Altar
Opphavleg altar bygd opp av ramme med fas og med ei fylling i kvar side. Ryggsida er panelt og har dør til skåp i altaret. Ramma er ådra som interiøret elles. Breidde 208 cm, høgde 124 og 96 cm.
Altartavle
Bendixen: Det store altermaleri der står under lav rundbue med slyngninger op mot gavlen. Fremstiller Kristus med engelen i Getsemane, og de sovende disipler i bakgrunnen og er signert: C. Brun; efter Mengelberg, nedenunder står: Vaager og beder. – Tidligere hadde alteret kun et kors på grønt klæde.
Altarring
Sjå foto
Døypefont
Sjå foto (som Tjugum?)
Preikestol med oppgang
ok
Lesepult og evt. korstolar (for kor)
Sjå foto
Benker og faste stolar
Ordinære kyrkjebenker, skriftestol, prestebenk/stol, klokkar- og medhjelparbenk/stol, private benker/stolar.
Sjå foto
Galleri
Kyrkja har vestgalleri med framskote, femkanta midtparti. Sjølve galleribjelken kviler på veggstolpar og to stolpar der midtpartiet startar. Midtpartiet er elles støtta opp av fire stolpar, ein i kvart hjørne. Golvet er understøtta av tettstilte golvbjelkar. Fronten har ramme prydd med profilerte lister oppe og nede, nede er det lagt inn eit breidt bord over bjelken. Elles er fronten utfylt med ståande bord med lett sveifa sider.
Golvet på galleriet er flatt og borda ligg på tvers av lengderetninga i kyrkja. Orgelet er plassert midt på galleriet med ein del ut i framspringet. På sidene er det benker.
Skulptur
Bendixen: Likeledes er til Bergens Museum innsendt frå kirken et krusifiks som nu ikkje kan identifiseres.
Rituelle kar
Parament
Altarduk, altarklede eller antependium, kalkduk, døypefontduk, messehaklar, messeskjorter
Bendixens manus: Hos presten finnes bevart den gamle messehagl, der er mørk fiolett og av mønstret atlask med store og med små gule blomster, bredt kors, et smalt gult bånd over armene, og nedre rand og de to lange sider er kantet med en bred rand av lys fiolett tøi, dessuten har presten 1 gammel alterduk med fint kniplet rand.
Altarduk
Sjå foto. Borda er 20 cm brei
Messehaklar
- Raud, skjoldforma messehakel av fløyel med ryggkross og kanting av gullband. 1900-talet. Fôret er fornya, det er av klårt, raudt lerretsstoff i kunstfiber. Festa med tre hekter på venstre skulder. Høgde 91 og 99 cm, breidde ved skuldrene 66 cm.
- Grøn messehakel med smal, spissa form. 1960-talet? Hovudstoffet er grovt, med ull og lin i ulike nyansar i innslaget. Fôr i grønt bomullslerret, kantar i grønt, skråstilt bomullslerret. I brysthøgd på framsida er det applikert eit rundt kvitt felt med tre broderte aks i ulike grøntonar. På ryggsida er det applikert ein y-kross med rundt felt tilsett i krossmidten. På krossarmane er det brodert vinranker, det runde feltet har alfa og omega, alt brodert i ulike grøne nyansar. Festa med seks hekter på venstre skulder. Høgde 98 cm, breidde ved skuldrene 71 cm.
- Kvit messehakel av same form og truleg same produsent som b. Fôret er i grovt, kvitt bomullslerret, kanting av gyllenbrunt grovt linlerret. På framsida er det i brysthøgd brodert ein gyllen sirkel med ei krone i midten, krona er i to gylne tonar og svakt grønt. På ryggsida har hakelen ein smal applikert y-kross i same stoff som kantinga. Krossen er omslynga av grøn, brodert ranke og kanta ytst med broderte striper i same farge som krossen. Festa med seks hekter på venstre skulder. Høgde 98 cm, breidde ved skuldrene 69 cm.
Messeskjorte
Kyrkja har ei messeskjorte i bomull
Lysstell
Klokker
Kyrkja har tre klokker, alle frå Olsen Nauen, to i tårnet, a og b, og ei i klokkestøpul på kyrkjegarden.
- Diameter 58 cm, høgde 56 cm. Innskrift: Gjeve av Harald og Valborg Tjønn 1988 (skjekk foto) Innskrift under latinsk kross: skjekk foto
- Diameter 69 cm, høgde 65 cm. Chi-rho med alfa og omega. Innskrift, sjå foto
Orgel og andre instrument
Orgel
Orgelet har eit manual og pedal. Disposisjon: Principal 8’, Gamba 8’, Gedeckt 8’, Fløite 4’. Det har Superoktavkoppel, Suboktavkoppel og Tutti. Umerkt.
Piano, Schimmel
Bøker
Altarbok, bibel, postille, salmebok
Nummertavler
Sjå foto
Offerkar
Skrin av tre med jarnbeslag og slisse til myntar i loket. Loket er 32,7 x 20,3 cm, høgda er 14 cm.
Offeret i dag vert lagt i ei lagga treskål.
Blomstervasar
To blomstervasar av sølv med traktforma hals, runda korpus med avtrappa overside og låg, utsvinga fot. På foten innskrift med versalar: Brynhild Tveit-Notsund til minne 1966. Stempel: 830 S, Lo NR. 63. Høgde 26,6 cm, diameter fot: 11,3 cm.
Diverse
Diverse
Lykt.
Kyrkjegard og gravminne
Kyrkjegard
Kyrkjegarden ligg i hovudsak på nordsida av kyrkja i hallinga ned mot vegen der det fylt på jord mot ein bakkemur. Vidare strekkjer kyrkjegarden seg eit stykke austetter frå kyrka. Inngangsportane, ein til tilkomsveg og ein til bårehuset, står begge i muren mot vest. Det er også eit stykke mot aust.
Gravminne
Bygningar knytte til kyrkjegarden
Vest for kyrkja er det oppført eit bårehus (årstal, arkitekt) med toalett og reiskapsbu. Sjå foto.
Kjelder
Utrykte kjelder
Synfaring 1661-65, Riksarkivet, Rentekammeret, Rekneskapar, A.d. Bergens Stift 46, Sogn
Synfaring 1686, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, boks 1725, legg 3, Sogn
Synfaring 1709, Riksarkivet, Rentekammeret, Realistisk ordna avdeling, pk. 3, Sogn
Synfaring 1721, Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, nr 1719, legg 3, Sogn
Bendixens manus, Bendixen, B.E., Kirkerne i Nordre Bergenhus Amt, avskrift i Antikvarisk Arkiv, Riksantikvaren
Rekneskapar og inventarlister, Statsarkivet i Bergen, Kirkestolebok 1667-1722, l.nr. 66
Trykte kjelder
Hauglid, R., Norske stavkirker : Bygningshistorisk bakgrunn og utvikling, Oslo 1976
Oppmålingsteikningar og fotografi
G. Bull, oppmålingsteikning av Rinde stavkyrkje, Antikvarisk Arkiv, Riksantikvaren
- ↑ Bendixens manus og Bulls teikning
- ↑ Synfaring 1686
- ↑ Synfaring 1709
- ↑ Synfaring 1721
- ↑ Bulls teikning
- ↑ Bendixens manus og Bulls teikning
- ↑ Hauglid s 238 og fig. 196
- ↑ Bulls teikning
- ↑ Bendixens manus
- ↑ Bendixens manus
- ↑ Hauglid 1976 s 396
- ↑ Bendixens manus etter Dietrichson
- ↑ Synfaring 1686
- ↑ Bendixen etter G.P. Blom
- ↑ Bendixen etter Dahls opptegnelser
Sogn og Fjordane
Vik
Feios
Bjørgvin
Indre Sogn eller Sogn
Tre
2013